Det er klart for femte (eller er det sjette?) omgang av Bokbloggerprisen. Eg har aldri engasjert meg så veldig i dette og har slutta å vera med på samlesingane, men eg pleier å nominera og stemma. Såpass kan ein gjera når ein er bokbloggar, har eg tenkt. Sidan sist har det funne stad visse justeringar i reglementet, utviding av klassar samt endring i nominasjonsfrist. No er det eit utvida bokbloggarbegrep som gjeld og "mikrobokbloggarar" på Instagram, Snapchat, Twitter og Youtube har nominasjons- og stemmerett på linje med oss tradisjonelle bokbloggarar. Som du sikkert forstår er eg lunken til endringane, men eg innrettar meg til det som er blitt bestemt. Endringane er i alle fall såpass store at namnet på prisen bør endrast ved neste høve - til SoMe-prisen eller noko slikt.
Nok om det og over til fjorårets norske bøker. Innan fristen for nominering i går las eg i alt 27 som kunne vera aktuelle for nominasjon til Bokbloggerprisen 2018; 21 i klassen for skjønnlitteratur og 6 i sakprosaklassen. Eg les ikkje bøker innan kategorien barne- og ungdomslitteratur; den nye prisklassen.

Eg nominerte følgjande bøker:
Edvard Hoem - Jordmor på jorda - huset under Blåhammaren (Roman)
Levi Henriksen - Jern & Metall (Novellesamling)
Unni Lindell - Dronen (Kriminalroman)
Karin Fossum - Formørkelsen (Kriminalroman)
Det er høve til å nominera sju i kvar klasse. Eg vurderte å nominera fleire, men valde å ta med kun seks skjønnlitterære bøker og ei innan sakprosa. Det vil sei at eg nominerte terningkast 5-bøkene mine.
Bøkene med flest stemmer samanlagt skal presenterast iei langliste og deretter ei kortliste. Vidare skal kortlistebøkene samlesast fram til avstemminga i august. Prisutdelinga skal finna stad i september.
Eg skulle gjerne ha nominert Rød mann sort mann av Kim Leine til Bokbloggerprisen 2018, for det var den aller beste leseopplevinga mi for fjoråret. Men - sidan Leine er dansk-norsk og sidan boka kom ut på dansk (litt) før ho kom ut på norsk - var forteljinga frå Grønland uaktuell. Dessverre.
Nok om det og over til fjorårets norske bøker. Innan fristen for nominering i går las eg i alt 27 som kunne vera aktuelle for nominasjon til Bokbloggerprisen 2018; 21 i klassen for skjønnlitteratur og 6 i sakprosaklassen. Eg les ikkje bøker innan kategorien barne- og ungdomslitteratur; den nye prisklassen.
Eg nominerte følgjande bøker:
Skjønnlitteratur
Gert Nygårdshaug - Zoo Europa (Roman)Edvard Hoem - Jordmor på jorda - huset under Blåhammaren (Roman)
Levi Henriksen - Jern & Metall (Novellesamling)
Unni Lindell - Dronen (Kriminalroman)
Karin Fossum - Formørkelsen (Kriminalroman)
Ingar Johnsrud - Korset (Kriminalroman)
Sakprosa
Lars Lillo-Stenberg - Nini (Biografi)Det er høve til å nominera sju i kvar klasse. Eg vurderte å nominera fleire, men valde å ta med kun seks skjønnlitterære bøker og ei innan sakprosa. Det vil sei at eg nominerte terningkast 5-bøkene mine.
Bøkene med flest stemmer samanlagt skal presenterast i