28. november 2014

Bokomtale: Levende og døde i Winsford av Håkan Nesser

Lydbokforlaget 2014
(Papirutgåve: Gyldendal 2014)
Oversetjar: Elisabeth Bjørnson
Speletid: 11:59
Opplesar: Kirsti Grundvig

Kjelde: Lånt på biblioteket

Håkan Nesser har skrive ein ny fengslande roman. Den forrige frittståande boka hans, Himmel over London, var noko utilgjengeleg med alle sine alternative forteljargrep og kronologiske krimspring, men Levende og døde i Windsor er ei meir lese- og lesarvenleg bok.
Her får ein ei smart oppbygd, spennande og velskriven historie, - ein original roman med visse thriller-/krim-effektar. Sakte og sikkert, lag på lag, vert det avdekka stadig nye element. Og når ein trur at ein har innsett korleis det heile heng saman, gjer handlinga ei heilt ny vending.

Boka er ein pageturner utan action og (nesten) utan drap og vald. Forfattaren rullar ut historia - stille og roleg. "Jeg"-forteljaren er Maria, ei middelaldrande svensk kvinne, tidlegare TV-vertinne og med eit kjent fjes, i alle fall i Sverige. Ho har vore gift med Martin i over 30 år og saman har dei to vaksne born. Når me møter ho i starten av boka oppheld ho seg inkognito berre saman med hunden sin i eit leigt husvære i utkant-England; i landsbyen Winsford i Exmoor. Maria brukar ikkje det riktige namnet sitt og me skjønnar at ho på flukt - frå noko eller nokon - det er uklart og uvisst i starten. Men ein skjønnar at her er det ugler i mosen og ymse grums i nær og fjern fortid. Kvar er mannen hennar? Kva har han gjort? Kven er han egentleg? Kva har Maria gjort? Kvifor?

Langsamt vert brikkene i puslespelet lagt, både for lesaren og for hovudpersonen sjølv. Det som hende i fortida vert naturleg og elegant fletta inn i notidsforteljinga. Maria nyttar dagane til å gå tur med hunden på heden og å lesa dagboknotata til mannen som ho har vore gift med så lenge og som har halde vesentlege saker og ting skjult for henne. Etter ei tid skjer det fleire mystiske og underlege ting som gjer at Maria byrjar å kjenna seg utrygg. Er ho i ferd med å bli innhenta av fortida? Av kva? Av kven?

Språket er sirleg og stødig og personskildringane presise - som alltid frå Håkan Nesser si side. Han lagar stemningsfulle bilete av naturen; av mørket, regnet og kulden. Det er som om ein kjenner vinden ruska i håret og ein ser dei mange villhestane - medan tåka legg seg over landskapet. Dei fine miljøskildringane gir lesaren ei kjensle av melankoli, - og samstundes vert det heile litt uhyggeleg. Hovudpersonen framstår som truverdig, levande og ekte. Maria er full av så mange kjensler; einsemd, sorg, fortviling, forvirring, hat, frykt - men også pågangsmot, håp og tru. Som lesar fekk eg sympati og medkjensle, men også undring - og avsky - for henne.

Levende og døde i Windsor er noko heilt anna og noko langt meir enn ein tradisjonell spenningsroman. Boka har fleire bihistoriar og eit ganske oversiktleg persongalleri. Spenninga stoppar litt opp av og til, men stig langsamt og sikkert - og gjer det vanskeleg å leggja frå seg boka. På eit vis handlar det om kor vanskeleg det er å flykta frå fortida og frå sitt gamle liv og om problem med å finna løysingar og avklaringar når ein skal byrja på nytt i godt vaksen alder.
Leseopplevinga var bra på alle måtar; språket, spenninga og stemninga fortener eit terningkast 5. Avslutninga er svært overraskande og litt brå, - men historia kunne knapt ha enda på nokon annan måte, ser eg no, i ettertid.

Eg var litt skeptisk til lydbokversjonen sidan eg har hatt "problem" med denne opplesaren tidlegare - fordi ho les så seint. Men - denne gongen tykte eg at Kirsti Grundvig si stemme og lesetempo passa godt. Ein kan faktisk merka at opplesaren likar boka; ho les med innleving utan å overdriva på nokon måte. (Enkelte andre opplesarar "spelar radioteater" når dei les lydbøker, det likar eg ikkje) Så ja - eg kan absolutt anbefala å høyra på Levende og døde i Windsor.
Bokbloggar Tine har også nettopp høyrt boka. Ho skriv i omtalen sin at "Håkan Nesser har en helt egen evne til å forene tankevekkende tekster med creepy stemning, og få meg som leser til å sukke i vellyst samtidig som jeg grøsser fornøyd". Det var godt sagt!

25. november 2014

Snart påske

Omslagsbiletet fann eg på
Kroken & Kolden si Facebookside
Javisst! Berre ein månad til jul, og den varer som kjent til påske!
Og eg har alt funne ei påskekrimbok!

Forfattarduoen Kroken & Kolden fortel nemleg på Facebooksida si at deira bok nummer tre truleg vert klar i løpet av februar neste år. Vigdis Kroken og Ragnhild Kolden er frå Lom og har gitt ut to kriminalromanar tidlegare; Evig skal døden vera i 2011 og Døden kjem med bussen i 2013. Dette er fin, lettlest, nynorsk "bygdekrim".

Kroken & Kolden viser jamnleg glimt frå skriveprosessen på FacebookOm den kommande boka kan forfattarane fortelja:
"Da er lik, likkister, kjellarar, drapsvåpen, kyrkjegardar, graver, prestar, åstader og mordarar flikka og mekka på, teksta er stramma inn og vida ut alt etter som redaktøren vil ha det, og i siste avsnitt vart mordaren arrestert, så nå kan Seljestad og Vold og Kroken&Kolden puste ut. Og jammen har vi alt ein god idé til neste bok - men først er det språkvask og korrektur, og så er det jul!"
Boken på vent er fast tema på bloggen Beathes bokhylle.
Der finn ein varierte og gode boktips!

23. november 2014

Bokomtale: En sjøens helt - Skogsmatrosen av Jon Michelet

Lydbokforlaget 2013
(Papirutgåve: Oktober forlag 2012)
Speletid: 42:59

Opplesar: Erich Kruse Nielsen
Kjøpt lydfil

Jon Michelet har hatt utruleg stor suksess med romanserien En sjøens helt. Forfattaren har tydeleg treft publikum med denne blandinga av historisk faktabok, reisebiografi, guttebok og krigsdrama. I skrivande stund ligg bok nummer tre, Gullgutten, på topp på bestseljarlistene. Eg tykkjer det er veldig fint at forfattaren skriv om krigsseglarane og hyllar deira innsats under 2. verdskrig. Det har dei verkeleg fortent.

Eg har akkurat fullført den fyrste boka, Skogsmatrosen. Dessverre vart ikkje leseopplevinga mi heilt på topp. Boka er ein murstein; omstendeleg, omfattande og omfangsrik - og utmattande detaljrik. Ein treng ikkje slå opp i atlas og leksikon eller ty til google-søk når ein les denne boka. Nei, her vert alt fortalt og forklart ned i minste detalj.
Papirutgåva er på nesten 800 sider, lydbokversjonen - som eg har "lest" no - er på godt over 40 timar. Og for ein gongs skuld kan eg dessverre ikkje anbefala lydboka. Opplesaren les altfor sakte og med ei veldig låg og monoton stemme. Men - eg har altså likevel fullført lyttinga, trass i det som irriterte meg; det låge tempoet og alle (unødvendige) faktaopplysningar. Eg har latt lydboka "surra og gå" og må innrømma at eg ikkje har følgd like godt med heile tida.
Michelet er egentleg ein god forteljar, og hovudhistoria som vert fortalt er viktig og dramatisk. Ein skjønnar at forfattaren skriv "med hjartet" og med respekt for dei boka handlar om; sjøfolka og krigsseglarane.

Me skal tilbake til tida då Noreg var ein stor og mektig sjøfartsnasjon. 18 år gammal får Halvor Skramstad frå Rena hyre ombord på Wilhelmsenskipet M/S Tomar. Halvor har bakgrunn som tømmerhoggar og ombord får han då raskt kallenamnet Skogsmatrosen. Året er 1939, og det er uro i Europa. Medan Halvor og dei på M/S Tomar oppheld seg i aust-Asia, får dei beskjed om at Noreg er i krig - og situasjonen for alle på skipet vert heilt annleis enn tidlegare. Intensiteten og dramatikken stig gradvis utover i forteljinga, og historia er etter mitt syn realistisk og truverdig. Me får følgja hovudpersonen Halvor tett; kronologisk og dag for dag, både gjennom ei allvitande forteljarstemme og gjennom dagboksnotat. Verda omkring Halvor vert dramatisk endra i løpet av den fyrste tida hans som sjømann - og Halvor forandrar seg også, naturleg nok.

Nesten 4500 norske sjøfolk omkom under 2. verdskrig. Krigsseglarane befann seg ute på havet, med kontinuerleg frykt for å bli torpedert av tyske ubåtar, fly eller skip. Ikkje så rart at mange av dei var mentalt sjuke då dei vende heim etter krigen.

Boka Skogsmatrosen er forholdsvis interessant og ganske lærerik. Ho har enkelte glimt av spenning og nerve, men er altså for lang og for treg.
Boka er verd å lesa fordi det historiske stoffet er lite skrive om tidlegare. Ho er ei påminning til oss alle om den heltemodige innsatsen dei mange sjøfolka gjorde i løpet av krigsåra, og om korleis krigsseglarane vart svikta av det offentlege Noreg etter krigen. Samfunnet tok dessverre ikkje like godt vare på alle krigsheltane sine.


Om eg kjem til å lesa dei neste bøkene i serien En sjøens helt? Neppe - men eg er bittelitt nysgjerrig på korleis det går med Halvor og dei andre..

22. november 2014

Mord og mysterier

er den norske tittelen på den populære britiske TV-serien Midsomer Murders. Serien er basert på novellene til forfattaren Caroline Graham og handlar om mord, hemmelegheiter og skandalar i ein liten søvnig engelsk by. Tidlegare likte eg godt å sjå slike kosekrim-seriar, men interessen har dabba av etter kvart.

Dette innlegget skal imidlertid handla om svenske Mord og mysterier og ei skikkeleg godteripose av ei bok! John-Henri Holmberg er redaktør for ei samling svenske krimnoveller berekna på den anglo-amerikanske marknaden; A Darker Shade of Sweden. Svensk (og anna nordisk) krim har i tida etter suksessen med Stieg Larssons Millenniums-trilogi fått eit voldsomt oppsving internasjonalt, og har fått sitt eige begrep; Nordic Noir. Samlinga er også utkommen på norsk no - men den norske utgåva er delt i to. Del 1 har fått tittelen Mord og mysterier, del 2 heiter Kalde skygger og skal etter planen komma ut i mars 2015.

Ni noveller er med i denne fyrste delen av samlinga. Dei er i ulike stilartar og frå både kjende og ukjende krimforfattarar. Den mest overraskande er kan hende ei novelle av Stieg Larsson som ikkje er blitt publisert tidlegare; ei slags science fiction/krim-novelle han skal ha skrive som 17-åring.
Redaktør Holmberg har skrive ei svært grundig og interessant innleiing der han fortel om historia og utviklinga av svensk krim. Han presenterer mange spennande forfattarar og deira inspirasjonskjelder, samt at han gjer greie for dei ulike undersjangrane som finst innan kriminallitteraturen.

Samlinga inneheld elles noveller av Cilla og Rolf Börjlind, Maj Sjöwall og Per Wahlöö, Inger Frimansson, Johan Theorin, Magnus Montelius, Sara Stridsberg,Veronica von Schenck og Katarina Wennstam. Dei fire siste var heilt nye og ukjende for meg, men i boka har kvar novelle eit forord der redaktøren presenterer forfattaren og plasserer den enkelte novella inn i den krimtradisjonen ho høyrer til. Veldig bra.

Eg likte novellesamlinga svært godt. Dette er ei fin blanding av stemningsfulle, mørke og gode historiar. Eg anbefalar boka til alle som har sans for kvalitets-grøss - og eg gledar meg alt til del 2 av denne samlinga. Den inneheld noveller m.a. frå Henning Mankell, Håkan Nesser og Åsa Larsson.

Tom Egeland har anmeldt novellesamlinga i VG og konkluderer slik: «I mylderet av krimantologier kan du trygt velge denne. Ikke bare fordi historiene i seg selv er medrivende, men fordi hver og en er så velskrevet at den fortjener en dedikert lesers oppmerksomhet.»
Eg er heilt enig med Egeland.


Gyldendal forlag 2014
John-Henri Holmberg (red.): «Mord og mysterier»
Ni svenske krimnoveller
Oversetjar: Elisabeth Bjørnson
256 sider


18. november 2014

Norgeshistorie på vent

Eg var heldig då eg var innom biblioteket ein snartur i dag og fann at Frank Aarebrot si bok 200 år på 200 sider var ledig. Sidan eg så og sei aldri ser på TV, gjekk eg glipp av det mykje omsnakka og omtykte TV-foredraget 200 år på 200 minutter. Difor ser eg fram til å ta fatt på denne boka. Historie er interessant, og når det vert formidla av ein kapasitet som Aarebrot, vert det underhaldande i tillegg. Reknar eg med.
Hadde lydbokversjonen vore tilgjengeleg, hadde eg skaffa meg den òg - men papirutgåva har den fordelen at ho inneheld mange illustrasjonar og bilete. Forlaget presenterer boka slik:
"Vi tas med fra grunnlovens tilblivelse på Eidsvold, via parlamentarismens feider, til verdenskriger, frem mot EF-strid, olje og vår egen tid. Her er hele den fantastiske utviklingen fra Norge var et fattig bonde- og fiskersamfunn, til at landet ble en rik og moderne demokratisk velferdsstat."
Andre bloggarar:
Rose-Marie seier at boka er Årets beste gaveidé og at ein treng både papir- og lydbokutgåvene for å få fullt utbytte av boka.
"Den andre" Berit har høyrt lydboka og likte ho veldig godt.

200 år på 200 sider er altså mitt bidrag til Boken på vent hos Beathe i dag. Klikk deg inn hos henne om du vil sjå andre ventebøker og få litt leseinspirasjon.

16. november 2014

Vurdering av årets norske krim

Me som er krimentusiastar kan no finna nye norske bøker innan sjangeren krim og spenning - året rundt. Utan at eg har tal og statistikk å visa til, virkar det som om det kjem ut fleire og fleire krimbøker her i landet - så krimbokåret 2014 inneheld svært mange titlar. Debutantar dukkar opp som paddehattar. Eg er alltid nysgjerrig på krimdebutantane, men er som oftast enno meir spent på kva "gamle" og røynde krimforfattarar kjem med. Sidan eg har såpass lang og brei erfaring når det gjeld lesing av kriminalromanar, er eg kresen. Og kritisk. Og ofte: skeptisk.

På nattbordet ligg her tre av haustens krimbøker
Eg skulle ønska at forlaga jobba meir med forfattarane og produktet før bøkene går i trykken. Det virkar ofte som om bøkene berre vert pøst ut, som om det hastar med å få bøkene ut i hyllene og salsborda. Eg meiner at forlaga burde ta seg betre tid og spandera fleire ressursar til skikkeleg konsulenthjelp, språkvask og korrekturlesing. Dette gjeld sjølvsagt alle bøker i alle sjangrar, men etter mi meining er det påfallande mange bøker innan krimsjangeren som har feil og manglar når det gjeld rettskriving og språk.
Svært mange av dei nyare norske krimbøkene er dessutan altfor lange. Redaktør/konsulent /forfattar bør jobba meir med ei strammare redigering; dvs. å kutta i stoffet. "Det enkle er det beste", heiter det i eit slagord for ei kjend daglegvarekjede - og det gjeld ofte også kriminalromanar. Ved å kutta ut alt pjattet om uvesentlege ting trur eg sluttresultatet vert betre.

Dei svenske kriminalforfattarane Håkan Nesser og Arne Dahl er i stand til å skriva elegant, djupt og originalt om det meste, også om uvesentlege og kvardagslege ting og hendingar. Men det finst ingen norske krimforfattar som kan samanliknast med desse to.

Kriminallitteraturen dominerer alle sals- og utlånsstatistikkar. Enkelte vil hevda at kvantiteten øydelegg for kvaliteten; at det rett og slett vert gitt ut for mange krimbøker. Eg ser poenget, men er likevel ikkje heilt enig i det. For eg kan ikkje sjå at det er krimsjangeren det er noko gale med, men heller talentet på det enkelte forfattarskapet. Eg les innimellom dårlege og middelmådige krimbøker, men jammen kjem det ut svake/dårlege/mislykka bøker i andre sjangrar også!

Kva er så viktig for meg som krimlesar?

Jo, eg legg vekt på truverdige karakterar, gode miljøskildringar, samfunnsaktuelle tema og gjerne ein snedig komposisjon. Eg vil ha (ein viss grad av) realisme. Eg vil ha spenning. Eg vil ha eit godt og funksjonellt språk utan (for mange) klisjéar og språkblomstrar. Eg vil gjerne læra noko om historie, geografi og samfunnsforhold. Eg vil ha ei drivande handling, men ikkje nødvendigvis så høgt tempo. Eg vil ha ein hovudperson, ein krimhelt, som eg er (eller kan bli) godt kjend med. Eg set pris på kriminalromanar som utfordrar dei uskrivne reglane (også kalla "litterære formlar") som finst innan sjangeren. Eg likar humor, ironi og satire. Eg vil helst bli utfordra og overraska intellektuellt og kjenslemessig - og helst litt utmatta etter at eg har avslutta boka. I tillegg vil eg, som nemnd over, bli spart for uvesentlegheiter og pjatt. Eg er ute etter ei heilskapleg og god leseoppleving.

Gunnar Staalesen "leverer varene" denne gongen også.
Er eg kravstor?
Javisst!

Og det trur eg at eg har til felles med dei fleste lesarar av norsk krim. Me vil ha krimlitteratur - med strek under litteratur, samt underhaldning og spenning.

Når det gjeld årets krimbøker, viser det seg nok ein gong at dei gamle er eldst. Eg har lest 20 av årets norske kriminalromanar til no, og det er bøkene til dei etablerte forfattarane Nesbø, Staalesen, Lindell, Fossum og Egeland eg rangerer høgast. Det er ein grunn til at nettopp desse forfattarane er kjende og populære.
I tillegg vil eg gjerne framheva ei bok av ein forfattar som inntil nyleg var fullstendig ukjend for meg: Broren av Olav W. Rokseth var ei verkeleg god leseoppleving. Det er flott at det dukkar opp slike nye dyktige spenningsforfattarar.

Nedanfor er mi personlege og subjektive vurdering av "mine" årets bøker innan krim og spenning, så langt. Klikk på boktitlane om du vil lesa omtalane mine.

Dette er mine favoritt kriminalromanar for 2014. Dei er svært bra (eg gav alle terningkast 5) og eg kan gi dei spesielle anbefalingar:
Egeland, Tom: Den 13. disippel
Fossum, Karin: Helvetesilden
Lindell, Unni: Brudekisten
Nesbø, Jo: Sønnen
Rokseth, Olav W.: Broren 
Staalesen, Gunnar: Ingen er så trygg i fare

Følgjande krimbøker er så "lesbare" at eg har gitt dei terningkast 4:
Brekke, Jørgen: Doktor Fredrikis kabinett
Granhus, Frode: Djevelanger
Larsen, Frode Eie: Du skal lide
Mehlum, Jan: Ren samvittighet
Mæhle, Lars: Linnés dystre lærdom
Nore, Aslak: Oslo Noir
Tørring, Jorun: Mørketid
Yndestad, Monika: Gapestokk

Bøkene nedanfor fall ikkje heilt i smak hos meg. Dei har fått terningkast 3 og eg vil karakterisera dei som middelmådige
Enger, Ragnar: Krypet
Enger, Thomas: Våpenskjold
Holterman, Sonja: Frostgraven
Jæger, Jørgen: Ridderkorset
Rohde, Hanne Kristin: Mørke hjerter
Teige, Trude: Jenta som sluttet å snakke

Eg er elles ganske "mett" av ny norsk krim akkurat no, men har ei bibliotekbok liggjande på vent som skal lesast med det fyrste: Maurtuemordene av Hans Olav Lahlum. Eg skal også lesa dei nyaste bøkene til Chris Tvedt, Anne og Even Holt, Jan-Erik Fjell, Monica Kristensen og Marit Reiersgård - men eg kjem ikkje til å prioritera desse.
Resten av krimbokåret skal eg konsentrera meg meir om ymse utanlandsk krim.

10. november 2014

Samleinnlegg: Haustlesing

Eg har rett og slett ikkje tid til å skriva gjennomtenkte og (meir eller mindre) velformulerte omtalar av absolutt alle bøkene eg les. Her kjem difor eit nytt samleinnlegg med "mikroomtalar i kulepunktformat" over ein del av bøkene eg har lest og lytta til i det siste.

Oppløsning av C.J. Sansom 

  • Britisk historisk krim, handling frå den fascinerande Tudortida
  • Glimrande miljøskildringar
  • Gode tidsbilete
  • Særprega karakterar, særleg forteljarstemme og hovudperson, - ein advokat med pukkelrygg
  • Snirklete og omstendeleg språk - men det står i stil til denne historiske tidsepoken
  • Munkar, kloster, smugling, halshogging, lukka rom-mysterium 
  • Overraskande og god avslutning


Det levende kjød av Lene Kaaberbøl

  • Dansk historisk krim
  • Handling frå Frankrike på 1890-talet
  • Bok nummer 2 i serie
  • Mykje svakare enn den fyrste (Kadaverdoktoren)
  • Nokså makabert, ein Jack the Ripper-liknande mordar
  • Ikkje så veldig spennande, men overraskande avslutning
  • Terningkast 4

 



Knokkelsamleren av Jeffery Deaver

  • Amerikansk krim
  • Bok nummer 1 i ein serie på 11
  • Svært spesiell etterforskar - og etter kvart etterforskarpar
  • Særdeles utspekulert og djevelsk copycat
  • Får assosiasjonar til dei amerikanske TV-seriane Ironside, CSI og Criminal Minds. Og litt Hercule Poirot.
  • Mykje ekkelt, mykje blod, mykje råskap
  • Men lite truverdig og difor likevel OK
  • Gruusomt spennande

Alvdalstrilogien av Kjell Aukrust

  • Simen, 
  • Bonden og
  • Bror min
  • Genialt og lunt
  • Humoristisk og usentimentalt
  • Klassikarar
  • Profft opplest av Toralv Maurstad
  • Soleklar terningkast 6

Popsongar av Frode Grytten

  • 24 noveller
  • 24 stader
  • 24 songar
  • Folkeleg
  • Humoristisk 
  • Melankolsk
  • OK å lesa ei slik bok mellom andre bøker



Sanger til Willow Frost av Jamie Ford 

  • Amerikansk roman
  • Handling frå Seattle, 1920- og 30-talet
  • Kinesisk-amerikansk miljø
  • Interessant, men berre til ein viss grad
  • Om ein stakkars barneheimsgut som leitar etter mor si
  • Oppskrytt bok
  • Kjedeleg og altfor lang
  • Manglar nerve
  • Godt opplest av Duc Mai-The, men likevel terningkast 3


Skråninga av Carl Frode Tiller

  • Godt komponert
  • Ubehageleg velskriven
  • Mørk stemning
  • Skremmande realistisk
  • Dystert og destruktivt
  • Brutalt og rått om familievald, rus og psykisk sjukdom
  • Repeterande og insisterande stil, ganske masete
  • Difor vart leseopplevinga slitsam og litt tung



Fargeløse Tsukuru Tazaki og hans pilegrimsår av Haruki Murakami

  • Om ein einsam og framandgjort ung mann i storbyen 
  • Han er på leiting etter venene sine frå fortida - og seg sjølv
  • Fine og originale språklege bilete
  • Lite handling, mykje filosofi
  • Ikkje så god som forventa
  • Ikkje så overraskande som forventa
  • Ikkje så magisk som forventa
  • Terningkast 3


Jeg er Malala av Malala Yousafzai

  • Biografi og faktabok
  • Imponerande av ein 17-åring
  • Årets fredspris-vinnar
  • Barnsleg og veslevaksen
  • Men samstundes veldig moden
  • Oppramsande stil
  • Interessant, sterkt, leseverdig
  • Ei viktig stemme

6. november 2014

Bokomtale: Innsirkling 3 av Carl Frode Tiller

Lydbokforlaget 2014
Speletid: 16:20
Opplesarar: Ola G. Furuseth, Charlotte Frogner og Niklas Gundersen

Fyrst av alt: Eg tilhøyrer ikkje "fanklubben" eller "menigheten" til Carl-Frode Tiller. Eg har på ingen måte venta med lengsel og smerte på at denne avsluttande boka i trilogien skulle komma ut. Egentleg tykkjer eg vel at forfattaren har fått i overkant mykje skryt for bøkene sine. Eg er litt kjend med forfattarskapet til Tiller frå tidlegare i og med at eg har lest både Skråninga og Innsirkling 1 og Innsirkling 2. Eg vart ikkje overbegeistra for nokon av dei, men dei fenga meg såpass at eg tok med meg Innsirkling 3 som lydbok då denne var ledig på biblioteket.

Eg tykkjer at Tiller skriv ubehageleg godt og tett innpå karakterane, - det skal han ha. Men elles finn eg desse Innsirkling-bøkene noko kjedelege og langdryge og med altfor mykje fokus på det negative og på vanskelege samspel og relasjonar. Eg klarar ikkje å tru på alle desse dysfunksjonelle familiane og dei destruktive forholda deira. Det vert rett og slett for mykje.

Utgangspunktet for historia er spennande: David som har mista hukommelsen og ei avis oppfordrar folk som han ein gong kjende om å skriva brev for å få han til å hugsa. Slik vert lesaren kjend med ulike menneske som opp gjennom åra har hatt eit eller anna forhold til David. Dei kjem til orde gjennom brevskriving og gjennom deira eigne - delvis kryssande - forteljingar.

Desse forteljingane er prega av gjentakingar og håplause og endelause dialogar. Ein får liksom ei kjensle av å aldri komma vidare. Daglegdagse alminnelege utfordringar vert sett på som katastrofale. Meiningslause kranglar. Unødvendige løgner. Handlingar og utsegner vert tolka, feiltolka eller overtolka. Alt er liksom så vanskeleg, så bedrøveleg, så audmjukande. Det heile er merkeleg og patetisk. Personane er oftast usympatiske, ynkelege og ikkje heilt i balanse.
Men folk ler, flirer og smiler. Smiler med "harde smil". Flirer med "kalde flir" og "stramme flir". "Ler ein liten latter." Forfattaren legg inn stadige (og for meg uskjønelege) pausar: "Det går eit lite sekund."  "Det går eit par-tre sekund." Alle desse sekunda som går er slitsame å lesa om, men slik er altså Carl Frode Tiller sin skrivestil.

Obs! Obs! Spoileradvarsel! Nedanfor vert det avslørt vesentlege deler av handlinga.

David er passiv hovudperson gjennom to og to tredjedels bok, men til slutt i denne boka, etter at åtte andre personar har fortalt om sine liv og sitt forhold til David, får lesaren "treffa" sjølve hovudpersonen. Innsirklinga er i ferd med å bli fullført. Og - omsider! - tek det til å bli litt interessant. Møtet med David er overraskande og ganske ubehageleg. Han er ingen sjarmerande karakter, for å sei det slik.

Innsirkling 3 har, som dei to føregåande bøkene, gode skildringar av sosiale og kulturelle motsetnader. Forfattaren har psykologisk innsikt og imponerande mykje menneskekunnskap, men for meg er ikkje dette spesielt fascinerande litteratur. Eg tykkjer dette på den eine sida er tung og trasig lesnad, deprimerande og repeterande, - men - på den andre sida får lesaren ei vanvittig kjenslemessig "reise" på vegen til å finna sanninga om David, - så eg må likevel ta av meg den hatten som eg ikkje har. Eg vart - litt motvillig, for eg hadde irritert meg over så mange ting medan eg las - gradvis meir og meir engasjert i historia.

Eg hadde forventa ein heilt annan (kanskje ein meir uavklart?) avslutning av trilogien enn det me fekk, og er litt usikker på kva eg tykkjer om lukkelege, nesten romantiske, avrundinga av denne romanen. Då eg hadde lytta ferdig hadde eg ei kjensle av at slutten var eit antiklimaks, men etter å ha tenkt meg om, kom eg fram til at det ikkje er så viktig; det er uansett forfattaren som bestemmer. Og Carl Frode Tiller har altså bestemt at historia om David skal avsluttast slik som ho blir.

Lydbokversjonane av Innsirkling-trilogien er snedig laga ved at det er ulike opplesarar til dei forskjellige forteljarstemmene, slik som i Helga Flatland sin trilogi. Eg skulle likevel ønska meg enkelte andre opplesarar. Nynorsk med austlandstonefall er kræsj i mine (vestlandske) øyre. Men Niklas Gundersen, som framfører David si "rolle", er veldig flink.

Eg forstår at boka er velskriven og skjønnar at Carl Frode Tiller er ein dyktig forfattar, men mi leseoppleving var ikkje heilt på topp. Er eg det einaste mennesket i universet som ikkje fann heilt ut av det med denne boka?

3. november 2014

Trilogien Vargskinnet - ei flott leseoppleving

I sommar las eg den prisbelønte kriminalromanen Hendelser ved vann av Kerstin Ekman. Boka gav "meirsmak" og eg fekk lyst til å lesa meir av denne forfattaren. Så innimellom all krimlesinga no i det siste har eg lest trilogien Vargskinnet - ei frodig, levande og gripande forteljing som eg anbefalar på det varmaste. Bøkene plukka eg med meg frå mor mi sine hyller.

Trilogien består av bøkene Guds barmhjertighet, Morgen kommer og Skrapelodd. Handlinga er lagt til den same fiktive staden som i Hendelser ved vann; til den vesle bygda Svartvattnet i Jämtland, i grensetraktene mellom Noreg og Sverige. Me får følgja tre generasjonar, fleire ulike personar og deira liv og opplevingar, gjennom nesten hundre år. Historiane til dei ulike personane flettar seg fint inn i kvarandre.

Den nyutdanna og idealistiske jordmora Hillevi Klarin er den personen me får følgja nærast i den fyrste boka. Ho tek med seg ny kunnskap om hygiene og obstetrikk til den avsidesliggjande fjellbygda for å utføra yrket sitt som jordmor. Året er 1916, og møtet med fattigdommen, armoda og overtrua er brutalt. Tittelen på den fyrste boka er "Guds barmhjertighet", men samfunnet og livet er alt anna enn barmhjertig for mange av innbyggjarane i Svartvattnet. Etter ei mislykka forloving med ein konservativ prest, vert Hillevi gift med kjøpmannen Trond Halvarsson. Dei får mange år saman i det som må kallast eit lukkeleg ekteskap.

I det fyrste dramatiske jordmoroppdraget sitt møter Hillevi ungguten Elis; eit møte og ei hending som skal komma til å bety mykje for dei begge. Elis er ein fattig og sjukleg gut som utviklar seg til ein stor og berømt kunstnar, og er ein av forteljarstemmene som ein kan høyra gjennom heile trilogien. Den andre stemma som er med frå byrjing til slutt er samejenta Risten - eller Kristin, som er det svenske namnet hennar. Kristin er Hillevi si fosterdotter og veks opp saman med Hillevi sine biologiske barn. Kristin vender tilbake til samane gjennom ekteskap, men har mista mykje av "seg sjølv" og samekulturen i oppveksten.
I bind to er handlinga lagt til åra rundt 2. verdskrig og det er Hillevi si dotter Myrten som er hovudperson. I bok nummer tre er me komne fram til vår eiga tid og her handlar det mykje om barnebarnet Ingefrid. Dei to som på ein måte bind det heile saman er likevel dei før nemnde Kristin og Elis. Desse to - og eit ulveskinn.


Bøkene fortel om korleis livet i ein liten "avkrok" av verda har utvikla seg. Gradvis vart samfunnet modernisert og industrialisert, det vart betre kommunikasjonar og befolkningen vart ein del av storsamfunnet. Men alt har sin pris, det har ikkje minst den samiske befolkningen fått merka.

Kerstin Ekman har eit vakkert språk som spesielt kjem til uttrykk gjennom naturskildringane. Samstundes har ho også ein heilt spesielt rå skrivestil. Eg veit ikkje om andre forfattarar som kan fortelja naturleg og sjølvsagt om morkake og fødselsrifter, - eller mensblod og bind! Ho skriv også om lidenskap og begjær på ein beint fram og fin måte.
Det er heilt tydeleg at forfattaren har stor innsikt i litteratur, kunst, historie og "naturfag" som botanikk og biologi. Ho har òg djup innsikt i psykologi og mellommenneskelege relasjonar og får fortalt mykje om sosiale og kulturelle skilnader på folk.

Fleire av dialogane er ganske utfordrande lesing; samtalane mellom innbyggjarane i Svartvattnet er skrive på dialekt - og i den norske omsetjinga  er dette ei slags trønderdialekt, naturleg nok. Dette var uvant og litt vanskeleg, men om ein les sakte går det an å skjønna kva dei seier.

Kvinneperspektivet står sentralt i denne trilogien. Me møter dei sterke kvinnene Hillevi, Myrten, Kristin og Ingefrid, - men dei er ikkje "overmenneskelege". Mange av opplevingane til desse kvinnene er strevsame, dystre og triste, medan andre er varme og nesten humoristiske. Alt det dei opplever gjer at dei veks som menneske - og medmenneske.

Trilogien Vargskinnet er eit storslagent verk som gav meg ei mektig leseoppleving. Ein får liksom lyst til å bli verande i bøkene. Ein blir så godt kjend med hovudpersonane og deira liv og i tillegg møter ein mange interessante bipersonar i fleire fascinerande miljø i ei omskifteleg tid. Det er imponerande korleis forfattaren formidlar jordnære og kvardagslege ting samstundes som det handlar om det allmenngyldige og eksistensielle. Eg har gitt alle bøkene - kvar for seg - terningkast 5 på bokelskere.no. Men leseopplevinga samla sett - heile trilogien - gir eg toppkarakter.

Kerstin Ekman skal eg lesa mykje meir av. Ho har eit stort og variert forfattarskap bak seg, så her reknar eg med at eg har mange fine leseopplevingar å sjå fram til.

1. november 2014

Oppsummering oktober

Påbyrja i september, fullført i oktober:
Aslak Nore - Oslo Noir - Norsk krim - Lytteeksemplar frå Lydbokforlaget
Gert Nygårdshaug - Nøkkelmakeren - Norsk roman - Kjøpt ebok http://gertnyg.com/ebok/

Lest i oktober:
Kerstin Ekmann - Guds barmhjertighet - Svensk roman - Papirbok lånt av mor
Trude Teige - Jenta som sluttet å snakke - Norsk krim - Lytteeksemplar frå Lydbokforlaget
Lars Mæhle - Linnés dystre lærdom - Norsk krim - Leseeksemplar frå Samlaget
Kerstin Ekman - Morgen kommer - Svensk roman - Papirbok lånt av mor
Thomas Enger - Våpenskjold - Norsk krim - Lytteeksemplar frå Lydbokforlaget
Romain Puértolas - Den fantastiske reisen til fakiren som gjemte seg i et Ikea-skap - lånt ebok (avbraut)
Lene Kaaberbøl - Det levende kjød - Dansk historisk krim - Lydbok lånt på biblioteket
Gunnar Staalesen - Ingen er så trygg i fare - Norsk krim - Papirbok lånt av mor
Haruki Murakami - Fargeløse Tsukuru Tazaki og hans pilegrimsår - Japansk roman - Lydbok lånt på biblioteket
Olav W. Rokseth - Broren - Norsk krim - Lytteeksemplar frå Lydbokforlaget
Malala Yousafzai - Jeg er Malala - biografi/dokumentar - Lånt ebok

Påbyrja i oktober, fullførast i november:
Kerstin Ekman - Skrapelodd - Svensk roman - Papirbok lånt av mor
Carl Frode Tiller - Innsirkling 3 - Norsk roman - Lydbok lånt på biblioteket


Månadens beste leseoppleving:
Vargskinnet-trilogien av Kerstin Ekman (Ikkje heilt fullført i skrivande stund, omtale kjem seinare)

Månadens nedtur:
Murakami. Ikkje så magisk som forventa.