31. mars 2019

Oppsummering mars 2019

Påbyrja i februar, fullført i mars:
S.J. Bolton - Livredd - Britisk krim - Lydbok Storytel
Hans Olav Lahlum - Isbjørngåten - Norsk krim - Lånt ebok eBokBib

Lest i mars:
Ken André Ottesen - Ja, vi elsker - Norsk humor - Lånt papirbok biblioteket
Arne Dahl - Åpen sjø - Svensk krim - Kjøpt papirbok
Roar Sørensen - Paradisets hjerte - Norsk krim - Lånt ebok eBokBib
Michael Hjorth og Hans Rosenfeldt - En høyere rettferdighet - Svensk krim - Kjøpt lydfil
Anders de la Motte - Høstdåd - Svensk krim - Lånt papirbok privat

Påbyrja i mars, fullførast i april:
Peter May - Ualminnelige mennesker - Britisk krim - Lånt ebok eBokBib
Ken Follett - Den evige ilden - Britisk historisk roman - Kjøpt papirbok og lydbok Storytel


3 papir, 2 lyd, 2 ebøker
4 lånt, 2 kjøpt, 1 abonnement
6 krim, 1 humor
3 norske, 3 svenske, 1 britisk
1 kvinne, 7 menn ('En høyere rettferdighet' har to forfattarar)
"Nye" forfattarar: Ottesen

Mars vart ein jamnt god lesemånad, med Arne Dahl som høgdepunkt og der ingen var nedturar/skuffelsar. Det slår meg kvar einaste månadsoppsummering; eg les innmari mykje krim, i alle fall i forhold til andre sjangrar eg les. Likevel held eg fram i den same tralten, for det er no eingong dette eg likar å lesa. Og difor har eg heller ingen umiddelbare planar om å endra leseåtferd - og slett ikkje neste månad, for då kjem påsken og tilhøyrande påskekrimlesing.
Ha ein kriminelt god lesemånad i april!

26. mars 2019

Kort om: En høyere rettferdighet av Hjorth og Rosenfeldt

Lydbokforlaget 2019
Speletid 10:31
Kjøpt lydfil

Etter ein lengre pause var det endeleg klart for eit nytt møte med kriminalpsykologen Sebastian Bergman og dei andre i Riksmord. I denne serien vert det lagt stor vekt på privatlivet og relasjonane dei enkelte personane har til kvarandre: Meir enn normalt innan krimlitteratur, og meir enn sjølve kriminalsakene denne gruppa arbeider med. Før ein startar på lesinga av serien kan det vera greit å vera merksam på dette. Det ligg også i korta at det er viktig å lesa bøkene kronoligisk.

Sidan En høyere rettferdighet er bok nummer seks er me no blitt verkeleg godt kjende med Sebastian, Vanja, Torkel, Ursula og Billy og forholda dei har og har hatt til kvarandre. Me har følgd dei gjennom krevjande saker, personlege kriser, kjenslemessige nedturar og alvorlege traumer. Me kjenner til kompliserte familieforhold og mørke hemmelegheiter. Psykologen og profileraren Sebastian Bergman er den mest sentrale og mest fascinerande karakteren - trass i at han framleis er både kynisk, egoistisk og usympatisk der han stadig vekk trakkar omkring i salaten.

Sjølve kriminalgåta denne gongen er lagt til Uppsala og det handlar om serievaldtekter. Rikskrim vert kobla på når ein av valdtektene endar i drap og det viser seg at minst to av ofra kjende kvarandre. Dei byrjar difor å leita i fortida etter det som kan vera ein samanheng. Etterforskarane opplever press frå alle kantar - frå sjefar, styresmakter, media og publikum - og det virkar som om gjerningspersonen vert meir brutal og meir dristig for kvart nytt overgrep. Etter ymse villspor og tabbar klarar etterforskarane å finna ut kven som står bak dei stygge brotsverka.

Terningkast 4 er litt strengt, men så har då forfattarparet Hjorth & Rosenfeldt lagt lista høgt i og med at dei fyrste bøkene i serien var så knallgode. En høyere rettferdighet er ein velskriven kriminalroman og forfattarane er dyktige som skildrar både folk og hendingar med innsikt og engasjement. Den underliggjande spenninga ligg som alltid meir på korleis og kva måte denne gjengen skal finna ut av sakene dei vert involverte i - og ikkje om dei klarar det. Forfattarane dreg det kanskje vel langt mot slutten med tanke på cliffhanger'ane som gjeld Sebastian, Vanja og spesielt Billy. Dei skapar i alle fall forventningar om ufatteleg spenning og stor dramatikk i neste bok!

Eg har lest alle bøkene i serien som lydbok, og det kan anbefalast. Med Ivar Nergaard som opplesar er ein garantert høg kvalitet også i lydbokversjonen.

Andre bloggmeiningar: Tine sin blogg

19. mars 2019

Vinterlesing: Norsk krim 2018

Nok eit krimsamleinnlegg: Tre kjappe omtalar av fjorårets norske.

Nullpunkt av Jørn Lier Horst og Thomas Enger

Lydbokforlaget 2018
Speletid 11.10
Lånt lydbok biblioteket


Verken Jørn Lier Horst eller Thomas Enger er mellom mine krimfavorittar. På ingen måte; Lier Horst sin krimhelt William Wisting er eg lei av for lenge sidan og Enger sin Henning Juul-serie, som byrja så lovande, enda for meg på ein utilfredsstillande måte. I utgangspunktet var eg såleis skeptisk til dette samarbeidet og til denne boka, men eg ville gjerne gi forfattarane ein ny sjanse. Nullpunkt er fyrste i ein planlagd serie.

Det opnar ganske friskt. Språket er enkelt og boka er greit komponert. Ein skjønnar at dette er ein slags seriemorder-thriller; ein sjanger som eg ofte likar. Etter kvart oppdagar ein likevel at plottet er så oppkonstruert, uverkeleg og lite truverdig at det går ut over den spenninga som forfattarane har prøvd å opparbeida. Hovudpersonane er (stereotypisk nok) ein middelaldrande politimann med ei fortid og ein ung kvinneleg journalist med private utfordringar. Etter kvart som eg nærmar meg slutten av boka merkar eg at det er verken spennande eller nifst, berre dumt. Helge Winther-Larsen gjer på si side ein god jobb som opplesar av lydboka.

Nullpunkt er enno ei av desse lettleste og lettgløymde krimbøkene. Jørn Lier Horst og Thomas Enger tilfører ingenting nytt med denne boka; eg hadde heile tida ei kjensle av at eg hadde lest alt saman før. Terningkast 3-.



Isbjørngåten av Hans Olav Lahlum

Cappelen Damm 2018
349 sider
Lånt ebok eBokBib


Så over til noko heilt anna - og til ein forfattar som faktisk har tilført noko nytt innan norsk krimlitteratur. Med serien om K2 og Patricia har Lahlum laga eit eige og "nytt" univers, med ein heilt eigen skrivestil og med røter i den klassiske kriminallitteraturen. Eg tykkjer han har lukkast godt. At han er litt "ufrivillig morosam" av og til er berre sjarmerande.

Isbjørngåten handlar om to ulike forsvinningar/ kidnappingar med omlag 40 års mellomrom. I 1973, i romanen si notid, vert ein tenåring meldt sakna. Det viser seg at guten sin biologiske far er ein rik og mektig mann - og at han har opplevd å mista ein son tidlegare. Er det ein samanheng mellom hendingane eller er det to ulike saker? Det er berre eitt av dei spørsmåla som Kolbjørn K2 Kristiansen må finna svar på. Saka vert lenge halden hemmeleg, men etter kvart må K2 ty til både media og til hjelparen Patricia.

Dette er bok nummer åtte i serien, men alle bøkene er frittståande og ein treng ikkje nødvendigvis lesa dei kronologisk. Isbjørngåten er ikkje superspennande, men anbefalast til alle som har sans for eit skikkeleg gammaldags kriminalmysterium. Terningkast 4.


Paradisets hjerte av Roar Sørensen

Asiaforlaget 2018
Lånt ebok eBokBib

Bokserien om Stingo er skikkeleg bra. Både Magellans korsSmertens aveny og Mørkets blod ga meg gode leseopplevingar - så dette er bøker som fortener meir merksemd og fleire lesarar. Den forrige boka var mørk, dyster og voldsom. Denne nye er heilt annleis - noko som også kjem tydeleg fram av coverbileta. Med Paradisets hjerte har forfattaren "leika seg"; dette er ei sprudlande og lettlest forteljing, meir som ein krimkomedie. Boka står seg fint åleine og ein må ikkje lesa dei føregåande før denne. Ho er velskriven og velkomponert og byr på opptil fleire overraskingar undervegs.

Handlinga er lagt til eit norsk miljø på Filippinene, og forteljinga startar med at Stingo er vitne til eit tilsynelatande naturleg dødsfall. Det skal imidlertid visa seg at det er enkelte uklare omstendigheiter - og ekspolitietterforskar Stingo får i oppdrag å finna ut kva som egentleg har skjedd. Oppdraget vert farefullt og utfordrande på mange måtar.

Paradisets hjerte er ein underhaldande og befriande "unorsk" actionkrim. Sørensen skriv med engasjement og krydrar historia med vittige metaforar og gode person- og miljøskildringar. Men bak den tøffe humoren og sarkasmen kan ein finna alvor, realisme og aktuell tematikk. Eg gir terningkast 4+. 

14. mars 2019

Bokomtale: Åpen sjø av Arne Dahl

Cappelen Damm 2019
334 sider
Kjøpt papirbok


Åpen sjø er den tredje og (truleg) siste boka i serien om Sam Berger, Molly Blom og Desiree Rosenkvist. Dei to fyrste er Utmarker og Innland. Å lesa denne boka utan å ha lest dei føregåande gir ingen meining. Ideelt sett bør bøkene strekklesast etter kvarandre, for det går gjerne litt tid før ein kjem inn att i handlinga. Forteljinga er såpass kompleks at det er litt problematisk å halda styr på trådar, hendingar og karakterar.

Handlinga i denne boka tek til omlag der Innland sluttar - med at Molly ligg i koma på eit sjukehus, Sam er mistenkt og etterlyst for mord og Deer sit i harde avhøyr. Men få ting er slik som det ser ut til å vera i denne trilogien - og me får ganske snart følgja dei tre hovudpersonane gjennom nye utfordringar. Enkelte hendingar frå dei tidlegare bøkene får si forklaring medan nye spørsmål melder seg. Kidnappingsakene frå Utmarker får ei oppklaring og moldvarpane i politietaten vert etter kvart avslørte.

Åpen sjø er ein blanding av politikrim og psykologisk thriller og byr på innfløkt handling, jamn og stigande spenning og ei avklara avslutning. Samt ein del litterære referansar som eg ærleg talt ikkje skjønte så mykje av. Det vert vist til både Macbeth av Shakespeare og Ulysses av James Joyce - to litterære verk eg ikkje har særleg kjennskap til.

Eg er vanlegvis ikkje så glad i å lesa om romantikk og erotikk, men det Salander/Blomkvist-liknande forholdet mellom Sam og Molly er mystisk og nervepirrande og tilfører boka ein annan stemning og eit ekstra spenningsmoment. Forholdet deira har gradvis og over tid blitt endra og kjenslene dei har for kvarandre er djupare. Kva kan bli konsekvensane? Dei er avhengige av kvarandre, men kan dei stola på kvarandre? Det har jo vist seg at dei har halde vesentlege opplysningar skjult for andre - og kvarandre - i lang tid.

Eg likar den mørke stemninga og alt det uventa som skjer i boka. Plottet er finurleg, originalt og vel gjennomtenkt - om enn ikkje særleg realistisk eller truverdig. At handlinga er noko oppkonstruert har elles lite å bety for leseopplevinga, for bøkene til Arne Dahl inneheld ein slags "logisk urealisme". Dette kjem til uttrykk på ulike måtar, t.d. ved at gamle kjenningar frå  A-gruppen (og Opcop) dukkar opp i handlinga i denne boka. For oss som kjenner og likar den bokserien er dette eit høgst overraskande og gledeleg grep.

Arne Dahl er ein god forteljar; han er god på timing og er treffsikker når det gjeld karakteristikkar og skildringar. Forteljarstemmene tilhøyrer vekselvis Sam, Molly, Deer og ei meir allvitande forteljarstemme. Språket er stilsikkert og velformulert, som alltid hos Dahl.

Boka har fått blanda mottaking. Somme er begeistra, andre er kritiske til at forfattaren dreg det litt langt når det gjeld (mangel på) truverdigheit og (for mykje) oppkonstruert handling. Eg skjønnar innvendingane, men for meg vart Åpen sjø ei god og spennande leseoppleving.

Andre bloggmeiningar: Bjørnebok

7. mars 2019

Bokomtale: 1793 av Niklas Natt och Dag

Cappelen Damm 2018
380 sider
Oversetjar Henning J. Gundersen
Lånt papirbok biblioteket


1793 er ein historisk kriminalroman som er blitt kalla Bellman noir og Stockholm noir - og begge deler er dekkande begrep. Me befinn oss i Stockholm i året 1793, dvs. i seingustaviansk og Carl Michael Bellmann si tid. Men her er det sanneleg lite som minner om Bellmann sine muntre viser - og det er heller ikkje mykje påkosta gustaviansk stil med pastellfargar og sirleg gulldekor. Nei, her handlar det om fyll og fattigdom, om armod og naud. Me skal halda oss i den absolutte botnen av samfunnet - og stemninga er dyster, mørk og kald.

Her, i skitten og avfallet, møter me innleiingsvis den eine av hovudpersonane i boka; separasjonsvakten ("palten") Mickel Cardell. Han vert kalla til den stinkande innsjøen Fatburen på Södermalm der det er funne ein død person - nærare bestemt ein torso. Liket er grovt lemlesta; det manglar begge armane, begge beina og både tunge og auger er vekkskorne. Det verste er at han er påført skadane og amputasjonane over tid. Vedkommande har nyleg døydd - og det er ikkje tvil om at døden må ha vore etterlengta i dette høvet. Kven kan stå bak ei slik grusom og makaber handling?

Saka vert etterforska av den rettskafne juristen Cecil Winge som engasjerer Cardell som ein slags etterforskarassistent. Winge er alvorleg sjuk av lungesjukdom og Cardell er krigsveteran, alkoholisert og skada på både kropp og sinn. Men lagnaden til den arm- og beinlause har rysta dei inderleg - og etterforskinga blir på fleire måtar eit meiningsfullt arbeid for dei begge: Cardell må halda seg edru og Winge må halda seg i live til saka er oppklart. I ein annan handlingstråd fortel den unge lykkejegeren Kristofer Blix si historie og seinare får me møta fattigjenta Anna Stina Knapp og hennar harde lagnad. Skildringane av Anna Stina og Kristofer sine opplevingar er det absolutt sterkaste i boka; så levande fortalt at det tidvis sette meg heilt ut. Det er uhyre sjeldan at eg reagerer reint fysisk på det eg les i ei bok, men det gjorde eg denne gongen. Det er grotesk og ekkelt, men i tillegg fascinerande og framfor alt; utruleg spennande, på fleire plan.

Elles møter me her mange andre bipersonar; både tiggarar, horer, heimlause og fyllikar, samt krovertar, fangevoktarar, prestar og adelsmenn. Skildringane er detaljerte og gir lesaren eit levande tidsbilete; eit innblikk i eit djupt klassedelt samfunn prega av sosialt, moralsk, økonomisk og politisk forfall.

Boka inneheld ekstreme skildringar - men er også ekstremt velskriven. Det er makabert, men også håpefullt - for midt inne i all fortvilinga og elendigheita kan ein ana ei tru og eit håp om ei betre framtid; om demokrati og menneskerettar. Idéane frå den franske revolusjonen er i ferd med å spre seg.

Som du skjønnar vart eg sterkt gripen av denne forteljinga. 1793 er ein imponerande debut - og eg ser verkeleg fram til ein eventuell oppfølgjar. Planen er visstnok ein trilogi og rykta fortel at dei kommande titlane vert '1794' og '1795'. Boka kan minna om Shardlake-serien til C.J. Sansom med omsyn til historiske fakta og skildring av folkeliv. Når det gjeld forteljarstil og råskap får eg assosiasjonar til Kim Leine sine bøker Profetene i Evighetsfjorden og Rød mann sort mann.

Det dokumentariske i boka vert fletta fint inn i det øvrige. Språket er sirleg og gammaldags og høver til innhaldet. Enkelte ord og begrep som vert nytta har nok gått ut av både det svenske og norske språket - dei var i alle fall totalt ukjende for meg. Nokre av orda har eg googla og i andre tilfelle kjem tydinga fram av samanhengen. Det må ha vore ein utfordrande jobb å oversetja boka, men etter det eg kan forstå er det utført på upåklageleg vis.

Forfattaren heiter altså Natt och Dag - det er ikkje noko tullenamn. Natt och Dag er faktisk den eldste adelsslekta i Sverige. Eg vil tippa at han har "møtt" enkelte av sine forfedre i resarcharbeidet til denne boka.

Andre bloggmeiningar: Tine sin blogg

Her kan du lesa dei fyrste sidene av boka:





3. mars 2019

Vinterlesing: Sakprosa

Sakprosasjangeren omfattar mangt og mykje. Her er noko av det som har blitt lest i det siste.

Summen av små ting av Hege Duckert

Kagge 2018
286 sider
Lånt ebok eBokBib


Dette er ein dokumentar om kulturhistorie; om ting, gjenstandar, haldningar, endringar og hendingar. Hege Duckert har teke utgangspunkt i forskjellige konkrete ting og ulike konkrete personar og knytta dette til sentrale hendingar i nær fortid. Summen av små ting har blitt ei interessant og artig bok.

Undertittelen er Fra symaskin til selfiestang. 25 ting som har forandret Norge - og det slår meg kor fort endringane skjer i dagens samfunn: No i dag er me fullstendig avhengige av smarttelefonane våre, men det er berre nokre få år sidan dei kom på marknaden. Fleire av tinga i denne boka er knytta til nettopp telefon- og datateknologi; frå Kjetil Stokkans kjempe-mobiltelefon frå 1985 til Erna Solbergs selfiestang frå valkampen i 2015. Andre ting/tema som det vert fortalt om er symboltunge; Gro Harlem Bruntland sine rosa sko frå regjeringsutnemninga i 1986 (sjå omslaget) og Kim Friele sin brudekjole frå då ho og Wenche Lowsow gifta seg i 1993. Vidare kan ein lesa om såpass ulike ting som Vegard Ulvangs sokk, Jo Nesbøs kaffebar, Bjørn Kjos' trillekoffert og Trine Sandberg sin pizza.
Terningkast 4.

Oddvar Brå - et skiløperliv av Thor Gotaas

Gyldendal 2018
399 sider
Lånt papirbok biblioteket


Dette var perfekt opplading til det nyleg avslutta ski-VM i Seefeld. Her handlar det også om kulturhistorie - om skihistorie frå 1960, -70, -80 og 90-talet. Gjennom store deler av denne perioden var Oddvar Brå eit sentralt namn. Dersom du ikkje har sans for gamle resultat, gamle skiheltar og gamle skirenn og ikkje hugsar kvar du var då Brå brakk staven - då bør du styra unna denne boka. For oss som er interesserte i vinteridrett og som hugsar tilbake til noko av det, er det imidlertid interessant og nostalgisk lesing. 

Forfattaren Thor Gotaas er folkeminnegranskar og biografien om Oddvar Brå er skriven med "folkloristiske briller". Her får ein vita mykje nytt om oppvekst, bakgrunn og familie som ikkje har vore kjent tidlegare - i tillegg til ein grundig gjennomgang av skikarrieren til denne folkekjære langrennsløparen. Det som gjorde sterkast inntrykk på meg var skildringa av sorga over venen og konkurrenten Ivar Formo - samt forteljinga om farmora. Vanskelege familietilhøve gjorde at Oddvar aldri traff bestemora si sjølv om dei budde forholdsvis nær kvarandre. Gotaas fortel at farmora var svært stolt av barnebarnet sitt og at ho hadde eit bilete av han over senga si.

Oddvar Brå var forut si tid når det gjaldt treningsmengde og -intensitet og var som regel positiv til endringar. Medan mange andre var skeptiske til glasfiberski og skøyteteknikk, var Oddvar frå fyrste stund. I løpet av dei 25 åra han konkurrerte på toppnivå skjedde det ei formidabel utvikling i langrennssporten, både utstyrsmessig og elles. Også personen Oddvar Brå forandra seg; frå ein mutt og fåmælt mann til ein meir mediavenleg type. Då Oddvar Brå endeleg tok det etterlengta individuelle gullet under Oslo-VM i 1982, jubla heile folket. Skiinteresserte nordmenn elskar slike slitarar som aldri gir opp og som lukkast til slutt, jf. Martin Johnsrud Sundby sin siger for nokre dagar sidan.

Biografien om Oddvar er veldig omfattande, men er såpass lettlest og velskriven at det ikkje er vanskeleg å fordøya stoffet. Dei mange flotte bileta gjer boka ekstra interessant medan visse gjentakingar og unødvendige detaljar trekker ned heilskapsinntrykket. Terningkast 4+.


Ja, vi elsker av Ken André Ottesen

Kagge 2018
145 sider
Lånt papirbok biblioteket


Frå forlaget sin omtale: "Denne boka er det aller morsomste beviset på at Norge er verdens beste land. Det er bare i Norge lokalavisen skriver om at noen har glemt en ost på torget og at Justin Bieber fløy over Sunnmøre."

Dersom du er følgjar av BadesKen på Instagram er du kjend med konseptet og humoren: "Gullkorn" frå lokalaviser og riksaviser, t.d. om nyhende med ekstremt lokale vriar, sære saker, uheldige overskrifter, merkelege ingressar og misvisande bilete. I Ja, vi elsker gir Ottesen eksempel frå slike rare saker frå aviser over heile landet, saman med litt funfacts om dei same avisene.

For ordens skuld; alle eksempla er verkelege - det er ikkje noko BadesKen har funne på. Han har berre sortert ut dei "beste" innlegga for oss. Det er ikkje akkurat stor litteratur, og det er det heller ikkje meint å vera. Dette er enkel humor med høg humrefaktor. Terningkast 4.

1. mars 2019

Oppsummering februar 2019

Påbyrja i januar, fullført i februar:
Stefan Ahnhem - Atten grader minus - Svensk krim - Papirbok fått i gåve (OTS)
Håkan Nesser - De venstrehendtes forening - Svensk krim - Lånt papirbok biblioteket
Hege Duckert - Summen av små ting - Norsk dokumentar - Lånt ebok eBokBib

Lest i februar:
Thor Gotaas - Oddvar Brå - Norsk biografi - Lånt papirbok biblioteket
Anders Heger - Egner - Norsk biografi - Lydbok Storytel
Jørn Lier Horst og Thomas Enger - Nullpunkt - Norsk krim - Lånt lydbok biblioteket
Niklas Natt och Dag - 1793 - Svensk krim - Lånt papirbok biblioteket

Påbyrja i februar, fullførast i mars:
S.J. Bolton - Livredd - Britisk krim - Lydbok Storytel
Hans Olav Lahlum - Isbjørngåten - Norsk krim - Lånt ebok eBokBib



4 papir, 2 lyd, 1 ebok
5 lånt, 1 fått, 1 abonnement
4 krim, 2 biografiar, 1 dokumentar
4 norske, 3 svenske
6 menn, 1 kvinne
"Nye" forfattarar: Gotaas, Heger, Natt och Dag

Det går framleis litt tregt med lesinga, men februar vart ein meir normal lesemånad enn det januar var. Det går i lystlesing; det einaste eg les no for tida er krim og biografiar.
To svenskar må haldast fram som månadens høgdepunkt; den røynde Håkan Nesser og debutanten Niklas Natt och Dag. Boka av mannen med det pussige namnet og med tittelen 1793 slo nesten pusten ut av meg. Omtale kjem.
I mars skal eg halda fram med å lesa svensk kvalitetskrim. Eg har både Arne Dahl, Anders de la Motte og Hjorth & Rosenfeldt på vent.

Lesemål 2019 - status etter to månader

  1. 12/100 bøker totalt
  2. 1/10 mursteinar (600+)
  3. 3/10 biografiar
  4. 2/10 annan sakprosa
  5. 6/30 bokomtalar
  6. 6/30 nye forfattarar