20. oktober 2018

Norsk krim 2018 del 4

Bokhausten 2018 byr på mykje bra krim. Her kjem tre kjappe omtalar av tre gode kriminalromanar frå tre dyktige damer.


Dronen av Unni Lindell

Aschehoug 2018
375 sider, lånt papirbok privat

Lindell har levert nok ei knallbra bok med høg sidevendarfaktor. Det er imponerande at ho held koken og at ho stadig fornyar serien om Cato Isaksen og Marian Dahle. Frå eit lesarsynspunkt er det positivt at fokus i dei to siste bøkene har skifta frå Cato til Marian. Sistnemnde er ein langt meir interessant karakter.

Lindell er særleg dyktig når det gjeld spenningsoppbygging, perspektivskift og timing. Persongalleriet er truverdig og sjølve historia framstår som realistisk. Ein del av handlinga har då også visse likskapar med ei verkeleg kriminalsak. Tittelen Dronen er heilt konkret - men også symbolsk.

Etter dei fyrste femti bittelitt trege og ein smule forvirrande sidene, er det - om ikkje "full gass" - så i alle fall eit voldsomt driv, samt nervepirrande spenning og uklar uhygge resten av boka. Eg gir Dronen terningkast 5.

For meg er det Unni Lindell som er Krimdronninga her i landet, med Karin Fossum som ein klar nummer to:


Formørkelsen av Karin Fossum

Cappelen Damm 2018
332 sider, lånt 
papirbok privat

Konrad Sejer får ei tragisk og vanskeleg sak på bordet denne gongen. Ein liten gut er død; han har falle eller blitt kasta utfor eit hotellrom i 7. etasje. Dei einaste som opphaldt seg i det aktuelle rommet var foreldra til guten - og dei skuldar på kvarandre. Kva kan få menneske til å begå ei slik uhyrleg handling? Kven snakkar sant? Kven er skuldig? Kven er uskuldig? Er det muleg at ein tredjeperson kan vera med i biletet? Korleis er det muleg å gå vidare i livet etter ei slik tragisk hending? Korleis er det muleg at to som ein gong elska kvarandre blir bitre fiendar?

Desse spørsmåla stiller lesaren seg når ho les Formørkelsen; ei bok som er meir psykologisk thriller enn ein vanleg kriminalroman. Både lesaren og Sejer ser historia og forhistoriar frå begge kantar. Etter kvart vert det avslørt at mor har og har hatt eit alkoholproblem og at far har og har hatt psykiske vanskar. Klarar forhøyrseksperten og menneskekjennaren Konrad Sejer å finna ut av saka?

Eg hadde høge forventningar til Formørkelsen og dei vart stort sett innfridde. Det er ein velskriven thriller som eg gir terningkast 5-. 


Det de døde vet av Marit Reiersgård

Gyldendal 2018
342 sider, lånt ebok eBokBib


Som Lindell og Fossum leverer Reiersgård kvardagsleg uhygge og godt oppkonstruerte plott. Dette er fjerde bok i serien om politietterforskarane Verner Jacobsen og Bitte Røed. Det er sistnemnde som innleiingsvis er i fokus i det dramaet som utspelar seg her. 

I Bitte Røed sitt nabolag har ein familie opplevd ein ufatteleg tragedie; sonen på 18 er død i samband med russefeiring. Under eit ferieopphald i Spania ei tid seinare vert mora meldt sakna. Kva kan ha hendt? Har ho rømt eller er ho utsett for ei kriminell handling? Det kjem fram at ho har vore deprimert og at ho muligens er suicidal. Politiet er halvlunkne til saka medan faren i familien er uklar og oppfører seg merkeleg. Er det sorg og fortviling eller er det ugler i mosen? Bitte Røed granskar saka frå nært hald med hjelp frå Verner Jacobsen som oppheld seg i Spania. Verner gjennomlever her eit anna og heilt personleg drama.

Det de døde vet er ei realistisk og truverdig forteljing. Reiersgård skriv godt og med innleving og brukar både humor og alvor i skildringane sine. Ho er ikkje "så psykologisk" som Fossum, men også her finn ein gjenkjennelege miljø og "normale" menneske. Terningkast 4+

15. oktober 2018

Biografiar: Mikael Persbrandt og Samuel Massie

Moshonistas biolesesirkel held fram som vanleg, men denne gongen er eg ikkje deltakar. Oktoberrunden har tema Genderbender Realness - så det handlar om transkjønna og andre former for uklar kjønnsidentitet. For meg vart dette temaet for smalt og spesielt; eg fann rett og slett ikkje nokon biografi som passa inn.

Eg nyttar heller høvet til å skriva om to andre biografiar som eg har lest i det siste. Dei biograferte, Mikael Persbrandt og Samuel Massie, har lite til felles - og bøkene er svært ulike både i stil og form. Persbrandt sin sjølvbiografi er ført i pennen av den dyktige forfattaren Carl-Johan Vallgren, medan Samuel Messie har stått for skrivinga sjølv. Persbrandt er ein berømt 55 år gammal skodespelar, Massie er ein ung eventyrar og TV-personlegheit på 25. Men begge hadde dei ei utfordrande ungdomstid der dei tøygde grenser. Begge er noko høge på seg sjølve, men framstår óg som reflekterte og sympatiske i desse bøkene.


Mikael Persbrandt - Sånn jeg husker det av Carl-Johan Vallgren
Gyldendal 2018
430 sider
Lånt papirbok biblioteket


Han bjudar på, Mikael Persbrandt. Her er det ikkje snakk om å rosemåla verken seg sjølv eller andre.

Det handlar mykje om rusmisbruk i forteljinga om Mikael Persbrandt sitt liv. Alt frå ung alder brukte han alkohol, men etter kvart vart det kokain som vart rusmiddelet han tydde til. At det var psykisk sjukdom som førte til dei voldsomme opp- og nedturane hans vart ikkje klarlagt før det nesten var for seint. Idag er Persbrandt edru og frisk - og kan fortelja - usminka, ope og ærleg - om korleis det var. Tidvis tykkjer eg at det er too much information, men det er litt fascinerande óg, at han byr på seg sjølv på denne måten.

Eg likte boka, men skumma raskt gjennom ein del. Oppramsing av skodespel, skodespelarar og filmar har minimal interesse for meg. Men Beck kjenner eg til - og Persbrandt fekk sitt store gjennombrot som skodespelar som Gunvald Larsson i serien som er basert på Maj Sjöwall og Per Wahlöö sine kriminalromanar. Sjølv om Persbrandt sin Gunvald ikkje ser ut som forfattarane har beskrive han, er det ikkje tvil om at han er ein glimrande Gunvald. Ifølge denne boka var han høg under store deler av innspelinga av Beck-filmane. Til slutt var det ikkje anna råd enn å kvitta seg med "stjerna". I mange mange år heldt Persbrandt ut det harde livet med for mykje og hard jobbing og stort forbruk av rusmidlar, men til sist sa det altså stopp. Han takkar si noverande kone Sanna Lundell for at det trass alt gjekk bra.

Dame- og utruskapshistoriane er mange og detaljerte - og er vel kjende gjennom media. Det er jo slikt stoff som skapar store overskrifter og som får mange klikk på ymse nettstader. At Sanna vart gravid medan han samstundes var sambuar og forlova med Maria Bonnevie og at han var dritfull og ynkeleg då han oppsøkte Maria og Fredrik Skavlan har me vel alle lest/høyrt/sett før.

Min konklusjon på denne leseopplevinga er at Carl-Johan Vallgren har skrive ei leseverdig bok om ein dyktig skodespelar og eit spennande menneske som har levd livet på godt og vondt. I tillegg til papirboka har eg nytta lydbok på Storytel, lest av Mikael Persbrandt sjølv - og dersom du er fortruleg med det svenske språket vil eg absolutt anbefala den varianten. Ein får eit nærare og klårare inntrykk av det som blir fortalt når ein lyttar til den det handlar om.




Hold fast! av Samuel Massie
Spartacus 2014
Speletid 10:21
Storytel


Då Samuel gjekk på vidaregåande fekk han ymse diagnosar som dysleksi og konsentrasjonsvanskar, men etter det eg forstår var han nok heller ein heilt "vanleg" giddalaus og motivasjonslaus ungdom. Eit opphald på folkehøgskule vart vendepunktet. Endeleg fekk han noko til - han opplevde meistring og fekk ei ny innstilling til livet. Og her møtte han Jarle Andhøy, som truleg såg noko ekstra - nokon som likna på han sjølv? - i Samuel. Etter kvart fekk han nemleg tilbod om å bli med "Berserk" til Sørpolen.

Samuel fortel levande om livet ombord, om godt kameratskap, om ansvar og arbeid. Me får vita kor stolt og glad han blir når Jarle bestemmer at nettopp Samuel skal få bli med til polpunktet. På ferda innover dit skjer det som blir enno eit nytt vendepunkt for Samuel. Via satelittelefon frå Noreg får dei vita at "Berserk" er sakna og at det ikkje er meldt om livsteikn frå mannskapet. Å få ein slik sjokkerande beskjed medan ein er utslitt og befinn seg på den mest aude plassen på jorda må ha vore utruleg tøft for ein 17-åring. Samuel er ærleg og beint fram når han fortel om si eiga skuldkjensle og tunge tankar etter Berserk-forliset. Verken båten eller dei tre ombord er blitt funne. (Året etter var Samuel og Jarle attende i Arktarktis for å leita, men det er ei anna og kontroversiell historie)

Hold fast! er overraskande bra. Massie syner vilje og pågangsmot og er engasjert og ivrig når han fortel. Det er fascinerande å lesa om korleis innstillinga hans til livet vart endra. Å få konkrete og praktiske arbeidsoppgåver var akkurat det han trengde. Han tok eit oppgjer med seg sjølv, sette seg nye mål og gjennomførte det.

Har du av og til lurt på korleis det er å gå på do når det er piskande storm og mangfoldige minusgrader? Slike ting vert jo ikkje nemnt i andre polarbiografiar. Men Samuel fortel; detaljert, kleint og morosamt - om korleis det opplevast.

Det er tydeleg at boka ikkje er språkvaska og redigert på i stor grad, noko som i dette tilfellet berre er positivt. Hold fast! er rett og slett Samuel som fortel om Samuel sitt liv så langt.

I samband med lesinga har eg googla Samuel Massie - boka er frå 2014 og eg var ikkje oppdatert på kva han har drive med dei siste åra. Til mi store overrasking har han vore deltekar i TV-programmet "Skal vi danse"; han utfordrar altså seg sjølv på høgst ulike vis. Han har vore gift og blitt skilt og vore programleiar for TV-serien Samuel og bestefar. Han jobbar elles som foredragshaldar, motivator og inspirator.

13. oktober 2018

Haustlesing - Svensk seriekrim

Ein bokbloggar ikkje skriva om alle bøkene ho les, men for meg er det blitt slik at leseopplevinga ikkje er heilt ferdig før eg har skrive nokre ord om boka. Difor ein ny samleomtale; denne gongen to svenske kvinnelege forfattarar av seriekrim. Det er nokre veker sidan eg las desse bøkene, så dette er kortfatta og noko overfladisk.

Det handlar om forsvunne barn i begge desse bøkene, eit tema som er velbrukt i krimromansamanheng. Og det er vel slik at me alle kan leva oss inn i dei kjenslene som dei involverte i slike saker går gjennom.


Pappas gutt av Emelie Schepp

Lydbokforlaget 2018
Speletid 10:31, lånt lyd
bok biblioteket

Schepp kom som eit friskt pust med Merket for livet der me vart presentert for ein særdeles interessant hovudperson; Jana Berzelius - profilert jurist og statsadvokat - med ein heilt spesiell bakgrunn.

Pappas gutt er bok nummer fire i serien, og Jana vert stadig påminna om fortida si. Sjølv om barndomsvenen/fienden hennar Danilo sit bak lås og slå er han i stand til å gjera livet surt for andre - og særleg for Jana. Sidan det er så viktig for Jana å halda bakgrunnen sin hemmeleg, vert hennar kamp for å skjula kven ho egentleg er, eit ekstra spenningsmoment i serien. I tillegg til Jana vert me godt kjent med kriminalbetjenten Mia Bolander. Ho er truverdig, har personlegheit og er ein skarp kontrast til Jana. Sjølve kriminalgåta i Pappas gutt er så spennande at det er nesten umuleg å leggja frå seg boka. Lydboka er glimrande lest av Anne Ryg. Terningkast 5.


Heksen av Camilla Läckberg

Gyldendal 2017
649 sider, lånt 
papirbok privat

I den 10. boka i Fjällbackaserien brukar Läckberg same oppskrift som ho har nytta før. Det er greit nok, for denne oppskrifta har jo gitt henne superstjernestatus og millioninntekter. Det handlar stort sett om at den prektige politimannen Patrick og den nysgjerrige forfattaren Erica løyser meir eller mindre kompliserte saker frå ulike kantar og innfallsvinklar, - samt trivialitetar, småbarnsliv og kvardagspludring.

Slik er det også i denne boka, og for oss som har følgd serien heile vegen vert handlinga i Heksen forutsigbar og kjedeleg. Eg vart aldri skikkeleg engasjert sjølv om dei to ulike sakene (som sjølvsagt heng saman på finurleg vis) egentleg er tragiske og opprørande.

Läckberg er ingen dårleg krimforfattar, og det er klart boka har kvalitetar - men for meg er det negativt at ho gjentek seg sjølv i kvar einaste bok. Denne boka er dessutan altfor lang. Bihistoria frå fortida kunne godt ha vore kutta ut, den har uansett ingen samanheng med sjølve hovudhistoria. Overtydelege spor og hint undervegs er også irritasjonsmoment for meg. Men det som irriterer aller mest er Patrick og Erica og deira kosemoseliv.

Smaken er som baken - og smaken utviklar seg etter kvart og over tid. For nokre år sidan var eg svært begeistra for Camilla Läckberg og Fjällbacka. No er eg lei. Heksen får terningkast 3.

4. oktober 2018

Bokomtale: Zoo Europa av Gert Nygårdshaug

Cappelen Damm 2018
506 sider
Lånt ebok eBokBib


Dette er ei bok som set i gang både positive og negative kjensler - og eg har sett at det finst høgst ulike meiningar om den: Zoo Europa vart regelrett slakta av anmeldaren i Dagens Næringsliv, men fekk ros av NRK og terningkast 5 i VG. Eg er mest enig med sistnemnde som meiner at dette er "en spennende, underholdende og verdig avrunding" av Mino-serien.

Eg trur det er heilt avgjerande at ein har lest dei føregåande bøkene i serien, for i denne boka møter me på nytt "gamle kjende": Mino frå Mengele Zoo, Jens Oder frå Himmelblomsttreet, Jonar frå Afrodites basseng og Karl Iver og Zoe frå Chimera. Eg meiner at dersom ein som lesar er i stand til å leva seg inn i handlinga - og dersom ein er opptatt av klima- og miljøspørsmål, er Zoo Europa ei mektig leseoppleving. Ein vert engasjert i handlinga sjølv om det er ei slags eventyrforteljing - for ein forstår jo at det ligg eit djupt alvor bak. Nygårdshaug er ein forfattar som har eit sterkt politisk engasjement: Han har ein bodskap og han tek stilling. Han bryr seg om samfunn, menneske og natur og han brukar skrivekunsten sin for å formidla det.

Åtvaring: Enkelte spoilers følgjer.

Zoo Europa er ein dystopisk og postapokalyptisk fabel - og lesinga set i gang engasjement og refleksjon. Me befinn oss i året 2053 - og verda slik me kjenner den er totalt forandra. Klima og natur i krise. Olje, gass og bensin finst ikkje meir. Internett og anna informasjonsteknologi fungerer ikkje. Klimaflyktnningar og politiske flyktningar. Det meste er øydelagt: samfunnsstrukturar, økosystem, infrastruktur. Parallelt og som følgje av alt dette: Ekstremisme, anarki og borgarkrigar.
Så skjer katastrofen: Ein vilt- og hurtigveksande skog, tildels menneskeskapt, sprer seg overalt, brutalt og fullstendig øydeleggjande. Skogen forgiftar vatnet og har dermed fatale konsekvensar for menneske. Men den fører også til ein ny start - for nokre få.

Når me møter våre vener (som tilfeldigvis ikkje er råka av hendinga) er det uhyggeleg og umenneskeleg stille:
Karl Iver befinn seg i eit folketomt London. Han sler seg i lag med den rappkjefta baronessa Lillith på vandring i den nesten ugjennomtrengelege skogen mot Eurotunnellen der Jens Oder og Mino oppheld seg. Her har fascistane hatt sin tilhaldsstad og den einaste overlevande av dei er ein annan kjenning (frå Himmelblomsttreet). Denne personen gir seg ikkje til kjenne, - han opererer åleine og er forteljarstemma i kursiv.

I ein tredje handlingstråd møter me Lillith sine søner som befinn seg i eit kloster ved Gardasjøen. Dette er den same staden der Jonar Snefang og sonen oppheldt seg ei tid før dei flaug vidare til Afrika og Sahara (i Afrodites basseng). I Sahara befinn også Karl Iver sin kjæreste Zoe seg, saman med ei lita gruppe frå forskingsstasjonen i Kongo (som me las om i Chimera).

Dette er kort om den ytre handlinga i Zoo Europa. Boka byr på mange vandringar og fleire forteljarstemmer. Det vert fortalt om draumar og telepati, filosofi og vitenskap, samt liksomfilosofi og liksomvitenskap. Ein del fæle og groteske hendingar oppstår undervegs, men stemninga er gjennomgåande munter-melankolsk - merkeleg nok. At folk som opplever at verda har gått til grunne oppfører seg tilnærma normalt er også litt merkeleg - men på den andre sida skal ein ta omsyn til at dette er dikting og fantasi. Dette med den magiske skogen er også fantasifullt, men passar forsåvidt inn i ei forteljing som dette.

Forfattaren viser alltid hjertevarme og omtanke for karakterane sine. Det gjer han også denne gongen. Språket og måten å fortelja på skiftar alt etter kven det er som har forteljarstemme. Nygårdshaug sparkar litt i alle retningar; han er ein samfunnsrefsar som set ting på spissen. Av og til vert det noko overtydeleg medan det andre stader er heller uklart kva han vil fram til. Boka byr på mengder med litterære, kulturelle, filosofiske og politiske referansar. Eg forstår nok ikkje alt av dette, men eg forstår i alle fall sjølve hovudbodskapen som kan oppsummerast slik:
1. at jorda kan stå ovanfor eit fullstendig økologisk, teknologisk og samfunnsmessig samanbrot dersom ikkje noko blir gjort - og 2. at ekstremistisk tankegods og fundamentalistiske haldningar er farlege og må motarbeidast.

Eg har med vilje brukt lang tid på lesinga. Litt fordi eg verkeleg ville nyta språket og stemninga, men også litt fordi dette med kloden si framtid er eit ubehageleg og skremmande tema. Eg er imponert over måten trådar frå dei tidlegare fire bøkene vert samla. Dei slutta alle saman på ein uavklart måte; forfattaren har forklart dette med at han ville trigga lesarane sin fantasi slik at dei kunne dikta vidare på det som var fortalt. Zoo Europa er litt annleis; den sluttar på ein overraskande håpefull og nesten-romantisk måte.
Denne romanen får eit sterkt terningkast 5. For heile serien samla gir eg toppkarakter og terningkast 6.

Alle dei fem bøkene anbefalast varmt. Start med Mengele Zoo og la det gjerne gå litt tid mellom kvar bok slik at du får tid til å fordøya dei. I Zoo Europa finn ein både eksistensielle spørsmål, magi og mystikk, tørr humor og blodig alvor. Det er ein god roman - og ei viktig bok. Miljøvern, klimakrise, overforbruk og sosial urett er noko me alle bør vera opptekne av. Ingen kan sei heilt sikkert kva som skjer i framtida, men eg er ganske så sikker på at Gert Nygårdshaug sin Mino-serie kjem til å bli ståande som eit litterært storverk.

Andre bloggmeiningar:
Skrivehula