27. mars 2015

Påskekrimtips!

Palmehelga er her - og påsken nærmar seg. Eg håpar på klisjépåske, liknande den me hadde for to år sidan - med strålande vêr og hyttekos med tilhøyrande kvikklunsj, appelsiner, kakao - og kanskje litt vin? - og sjølvsagt lesing. I samband med påsken er krimlesing ekstra aktuelt - og her kjem mine anbefalingar for denne påsken.

Eit glimt frå klisjépåsken 2013

To av våre mest folkekjære nordiske krimforfattarar er nyleg utkomne med nye bøker i dei populære seriane sine - i "strategisk" passande tid i høve påsken. Ein treng ikkje vera spesielt synsk for å "sjå" at både bok nummer 6 i Avdeling Q-serien, Den grenseløse (Jussi Adler-Olsen) og bok nummer 9 i Fjällbacka-serien, Løvetemmeren (Camilla Läckberg) kjem til å bli lest av svært mange denne påsken. Eg har alt lest Den grenseløse - og anbefalar den gjerne. Läckberg-boka skal også lesast ein gong, men eg er egentleg litt lei av Patrik, Erica og heile Fjällbacka.

Av nye norske krimbøker kjem garantert Blod på snø av Jo Nesbø og Wienerbrorskapet av debutanten Ingar Johnsrud til å bli pakka ned i mange påskesekker i år.
Blod på snø fordi det er ei Nesbø-bok og Wienerbrorskapet fordi boka fekk terningkast 6 i VG. Sjølv tykkjer eg at desse bøkene har fått litt ufortent mykje merksemd. Eg har lest begge og tykkjer dei er greie nok, men vil faktisk heller rå til å ta med nokre andre nye og spennande stemmer: Timberlid, Kroken og Kolden.

Nynorsk krim frå Timberlid, Kroken og Kolden.
For kort tid sidan las eg ei knakande god krimbok; Satans mor av Rune Timberlid - og i skrivande stund er eg ganske så oppslukt av Død manns kiste av Kroken og Kolden. Handlinga i desse to bøkene er lagt til hhv Indre Sogn og Bøverdalen, så her er det altså snakk om skikkeleg bygdekrim. Forfattarane er lite kjende, men eg anbefalar begge desse bøkene. Dette er krimbøker utan altfor innfløkte handlingstrådar og med begrensa persongalleri - og dei egnar seg for både verandalesing og framfor hyttepeisen - eller som kafélektyre.

Elles er Rivertonprisen og nominasjonane til denne ein bra peikepinn på kva som kan vera verdt å lesa. Karin Fossum vart som kjent nyleg tildelt prisen for andre gong for Konrad Sejer-bok nummer 12, Helvetesilden - og det var vel fortent.
Eg anbefalar både den boka og Gunnar Staalesen si riverton-nominerte Varg Veum-bok Ingen er så trygg i fareDersom du ikkje har lest fjorårets prisvinnar, Den siste pilegrimen av Gard Sveen, kan den boka vera eit bra påskekrimtips. Eg tykte det var ei sjelden bra bok - lærerik, til ettertanke og dessutan svært spennande. Broren av Olav William Rokseth og Dødspakten av Tom Kristensen kan vera eit bra val dersom du har sans for krimbøker av typen action/spion/thriller. Dersom du heller likar å lesa stemningsfull psykologi/psykiatri-krim kan eg anbefala Sikre tegn på din død av Torkil Damhaug.

Som eg har sagt (utallige gonger) før: Eg er veldig glad i svensk seriekrim - dette er noko eg alltid vender tilbake til. For stadig vekk, og gledeleg nok, finn eg noko nytt og spennande. Ta for eksempel Carl-Johan Vallgren og boka Skyggegutten og Joakim Zander si debutbok Svømmeren. Andre svenskar eg kan anbefala er Den stumme jenta av forfattarparet Hjorth og Rosenfeldt og Stalker av Kepler-forfattarparet, men her er det absolutt ein fordel om du har lest dei tidlegare bøkene i hhv Sebastian Bergmann-serien og Joona Linna-serien. Dersom du heller har lyst til å lesa svenske krimnoveller, anbefalar eg dei spennande antologiane Mord og mysterier og Kalde skygger.

Av andre nyare krimutgjevingar kan anbefalast Robert Galbraith (J.K. Rowling) og bøkene Når gjøken galer og Silkeormen, der ein får møta den slitne antihelten og privatdetektiven Cormoran Strike. Eg likar desse bøkene veldig godt; dette er underhaldande klassiske kriminalforteljiingar, men i ei moderne innpakning, fylt av artige karakterar og som inneheld humor, snert og spenning.
Har du sans for det meir makabre og blodige, anbefalar eg M.J. Arlidge og bøkene hans med dei heller misvisande barnslege titlane Elle melle og Bro bro brille.
Og har du ikkje lest Sannheten om Harry Quebert-saken av Joël Dicker (ei bok som mellom anna er ei krimforteljing men som vanskeleg kan plasserast i "rett" sjanger/kategori) så bør du absolutt få med deg den før eller seinare.

Dersom du brukar biblioteket, kjem du sikkert til å oppdaga at dei aller nyaste krimbøkene er utlånte, men som regel har biblioteka mengder med litt eldre spenningsbøker som du kan låna. Heldigvis er ikkje bøker ferskvare!
Sjølv skal eg lesa frå hylla mi i påsken; eg har ein ganske stor stabel med halvgamle og halvnye bøker som har blitt nedstøva og nedprioriterte ei tid, sjå biletet nedanfor. I tillegg har eg nokre lydbøker og ebøker liggjande på lur - så eg fryktar ikkje at påskeferien skal bli kjedeleg på nokon måte..!
(Eg må dessutan tilstå at eg har blitt påvirka av nye trendar og har skaffa meg Den hemmelige hagen og nye fargeblyantar. Faren er stor for at eg kan bli hekta på desse fargeleggingsgreiene. Men fargelegging kan kombinerast med lydbok, har eg høyrt..)

Ein liten del av ventebøkene

Likar du gammaldags klassisk krim? Agatha Christie, for eksempel - eller Stein Riverton?
Les blogginnlegget frå i fjor og i forfjor: Klassiske påskekrimtips

Fleire andre bokbloggarar har laga sine eigne påskelesetipsinnlegg. For som kjent er smaken som baken og det er blitt meg fortalt at det faktisk finst folk som ikkje les krim i påsken(!!)
Så ta gjerne ein tur innom bloggane til Ingalill, Anita, Hedda, Karete og Linn for alternative/ytterlegare boktips (Har eg gløymt/oversett nokon? Gje beskjed i kommentarfeltet, så skal eg laga lenke til blogginnlegget)

God påske til alle blogglesarar!

26. mars 2015

Bokomtale: Den grenseløse av Jussi Adler-Olsen

Lydbokforlaget 2015
Speletid: 17:39
Opplesar: Helge Winther-Larsen
Kjelde: Lytteeksemplar


Som den ivrige Avdeling Q-lesaren eg er, har eg venta lenge på at bok nummer 6 i serien skulle komma ut. Eg har lest alle seks som lydbok; eg er overtydd om at akkurat lyttinga til desse bøkene har gjort dei til ekstra gode leseopplevingar.

Dette er altså eit kjærkomment og nytt kapittel i historia om den gretne og pessimistiske (men sjarmerande) kriminalkomissæren Carl Mørck og teamet hans; den godmodige og hemmelegheitsfulle Assad, den merkverdige og sylskarpe Rose og det nye medlemmet, unge Gordon.

Jussi Adler-Olsen leverer varene (som det heiter) denne gongen også. Det er ikkje rart at Adler-Olsen er mellom dei mestseljande og aller mest popuære forfattarane, både i Danmark, Noreg og mange andre land. I den forrige boka i serien, Marco-effekten, var tempoet forholdsvis høgt, - der kunne lesaren følgja denne Marco som var i konstant rørsle, gjennom heile boka. I Den grenseløse er det eit meir langsamt tempo, dramatikken meir nedtona undervegs - men spenninga byggjer seg opp utover i boka. Eg oppfattar likevel ikkje denne boka som så intens og spennande som t.d. Kvinnen i buret og Flaskepost fra P - eller så engasjerande som Journal 64 - på langt nær - men ho har andre kvalitetar. 

Her startar historia med at Carl Mørck vert oppringt av ein kollega frå Bornholm som ynskjer at Avdeling Q skal sjå på ei gammal uoppklart sak, men Carl avviser både mannen og saka. Få timar seinare tek denne bornholmaren sitt eige liv - og ein angrande Carl, ei rasande Rose og ein nysgjerrig Assad reiser til Rønne for å sjå på den 17 år gamle saka om ei bilulukke som kanskje ikkje var ei ulukke - men eit drap.
Saka vert rulla opp og historia går sin gang, ganske langsamt og detaljert. Parallellt får me stifta bekjentskap med ei svært så altarnativ rørsle; ei kvasireligiøs gruppe med ein karismatisk leiar - og alltid i nærleiken av denne leiaren: Ein person utan grenser - ei kvinne som ikkje skyr noko og som brukar absolutt alle midlar for å verna om seg og sitt.

Lesaren trur at han/ho skjønnar samanhengen etter kvart som dei to historiane nærmar seg kvarandre - men nei; Adler-Olsen har sjølvsagt overraskingar på lur. Forteljinga får opptil fleire tvistar mot slutten. Trådane som var i ferd med å bli nøsta opp viser seg å ikkje passa inn i samanhengen likevel - og handlinga får ein ny og uventa vri. Eg likar å bli overraska på den måten medan eg les.

Å lesa/lytta til Den grenseløse er glimrande tidtrøyte. Eg har kosa meg gjennom alle timane med lytting. Helge Winther-Larsen si levande og engasjerande opplesing har på mange måtar vore prikken over i'en. Kan hende kunne boka vore kortare eller meir "oppstramma", men eg trur det då ville ha gått utover den spesielle forteljarstilen som Adler-Olsen nyttar.

Eg merka meg at denne boka fekk nokså surmaga kritikk og terningkast 3 i VG, og at anmeldar Hovdenakk grunngav dette med "overdivelser" og "grove virkemidler". Den mannen skjønnar nok ikkje humor og ironi. Eg har i motsetnad til Hovdenakk humra over skildringane av skrullete alternativ-personar og Carl sine håplause slektningar og - faktisk! - ledd høgt av Assad sine kamelvitsar.
Men når det er sagt; til og med ein Jussi-fan som meg skjønnar/innser at dette (muligens saman med Fasandreperne) er den svakaste boka i Avdeling Q-serien hittil. Eg håpar Adler-Olsen konstruerer ei meir truverdig historie med meir truverdige karakterar neste gong - så eg gir terningkast 5 (men med ein minus i parentes) til Den grenseløse.

Eg har altså visse bittesmå innvendingar med omsyn til truverdigheit, men eg meiner at Den grenseløse byr på mange av dei ingrediensane som ein underhaldande kriminalroman skal innehalda: Interessante og originale karakterar, kjappe replikkar, skiftande og aukande spenning, fengande cliffhangers, spesielle geografiske stader og miljø, samt uventa vendingar og god og lun humor.
Kort sagt: Ei god historie.

23. mars 2015

Samleinnlegg: Vårlesing

Her kjem nokre korte og kjappe omtalar av bøker eg har lest og lytta til i det siste.

Dans med en engel av Åke Edwardson
Lydbokforlaget 2008
Speletid 13:07


Ein god svensk kriminalroman og eit vellukka fyrste møte med etterforskar Erik Winter. Originalt og utspekulert plott, glimrande skildringar, godt språk og interessante karakterar. Svært spesiell opningsscene: Ei skildring av eit drap, bloddryppande, rystande, intenst - og poetisk. Handlinga går føre seg i Göteborg og i London.
Stemma til opplesar Helge Winther-Larsen passar fint til boka. Terningkast 4+.


Mamma forsøkte av Jens Lapidus
Cappelen Damm 2013
215 sider


Ein samling tøffe og urbane krimforteljingar. Det er ein fordel om ein har lest Stockholm Noir-bøkene tidlegare, - i fleire av desse novellene finn ein dei same karakterane og det same miljøet som ein vart kjent med i den trilogien. Det vil sei at ein møter att vrangsida/underverda av storbyen Stockholm.

Lapidus sin knappe skrivestil passar bra i novelleformatet. Han får fortalt mykje mellom linjene - og overlet ein del til lesaren sjølv.
Forfattaren er ekstremt nær personane han fortel om; det gjer forteljingane truverdige. Her får ein møta mange ulike skjebner - på begge sider av lova.
Om samvittigheit, moral og umoral. Om good guys og bad guys - og mødrene deira. Terningkast 4.


Kalde skygger
Gyldendal 2015
272 sider


Fleire svenske krimnoveller; her frå til saman ti ulike forfattarar. Del 2 i ei samling scandic noir som John-Henri Holmberg er redaktør for.
Eg likte best forteljingane til Åke Edwardson og Åsa Larsson, samt rosina i pølsa "Et usannsynlig møte" - ei novelle som Henning Mankell og Håkan Nesser har skrive saman og som handlar om eit møte mellom to av mine absolutt favoritt krimheltar; Kurt Wallander og Van Veeteren.

Kvar einaste novelle har eit forord der redaktøren presenterer forfattaren og plasserer den enkelte forteljinga inn i den krimtradisjonen ho høyrer til. Terningkast 4+.
(Del 1 av samlinga utkom i fjor haust og har tittelen Mord og mysterier. Begge desse bøkene er super påskelektyre)


Portrett av en morder av Patricia Cornwell
Jack the Ripper - saken avsluttes
Gyldendal 2003
374 sider


Denne seriemordaren frå Victoria-tida fengar/sjokkerer/ fascinerer framleis. Eg er glad eg ikkje er åleine som har interesse for Jack the Ripper; Cornwell har brukt ein formue og lang tid på å forska i dette mysteriet. No hevdar ho at saka er løyst - og kan avsluttast.
Mannen Cornwell peikar ut som seriemordar er kunstnaren Walther Sickert. Ho presenterer "den mistenkte" alt på fyrste side og går deretter svært grundig til verks ved at ho legg fram mengder av indisiar og bevis og går gjennom den tekniske og taktiske etterforskinga frå den gongen. Boka er rikt illustrert.

Sickert er forlengst død og gravlagd og ingen kan lenger bekrefte eller avkrefte teoriane til Cornwell. Boka passar for oss som har sære morbide interesser, men eg tykkjer ho er i overkant omstendeleg og detaljert. Terningkast 4-.


Reykjaviknetter av Arnaldur Indridason
Cappelen Damm 2014
Lydbok, speletid 7:54


Langsam og stemningsfull islandsk krim, i typisk Indridason-stil. Me møter att politietterforskar Erlendur Sveinsson, velkjend frå tidlegare bøker frå denne forfattaren. Denne gong skal me tilbake i tid; til 1970-talet og Erlendur si fyrste drapssak. Handlinga går føre seg i og rundt eit spesielt belasta miljø i Reykjavik.

Her er lite action, innhaldet er heller litt trist og ettertenksamt.
Godt opplest av Lasse Lindtner. Terningkast 4.


Tilgi meg av Harlan Coben
Cappelen Damm 2012
361 sider


Amerikansk kvalitetskrim. Elegant og med snert og aktualitet, som alltid frå Coben si side - med eit interessant, men ikkje så veldig spennande plott.
Ei frittståande forteljing med handling frå eit tilsynelatande velfungerande og idyllisk forstadsmiljø - som har sine mørke sider. Ein popuær miljøarbeidar vert "avslørt" som pedofil på direktesendt TV. Når ei ung jente vert meldt sakna vert vedkommande mistenkt for å stå bak dette - men alt tyder etter kvart på at det er nokon andre som står bak; nokon som manipulerer både media, politi og nærmiljø.

Persongalleriet er unødig stort, men gledeleg nok dukkar det opp "kjentfolk"; ein biperson frå Myron Bolitar-serien. Forfattaren legg ut mange spor som både forvirrar og engasjerer, så historia får fleire vendingar. Avslutninga er svært overraskande. Terningkast 4+.


Kaldere av Torbjørn Grindheim
Stinte forlag 2014
312 sider


Ei sjølvpublisert bok som kun finst i ebok-format. Eg vart kontakta direkte frå forfattaren med førespurnad om å lesa og vurdera ho - noko eg altså takka ja til.
Ein politikrim som m.a. handlar om miljøkriminalitet og ny hemmeleg klimaforskning og -teknologi, og ei mystisk drapssak.
Boka er ikkje dårleg, men ho har manglar når det gjeld spenning og nerve.
Her er tendensar til noko svært bra, - det gjeld særleg sjølve oppbygginga av plottet og konstruksjonen av forteljinga. Her er fine miljøskildringar og truverdige (men litt kjedelege) karakterar. Personane vart liksom utan særpreg, og dermed vanskeleg å skilja frå kvarandre. Eg vil likevel hevda at Kaldere er ei brukbar debutbok. Terningkast 3.


Det som ble Norge av Reidar Müller
Aschehoug 2014
303 sider


"Om fjell, is og liv gjennom 2902 millioner år" - altså ei bok om isbrear, istider, fjordar, forkastningar, fossilar, mineralar og steinar.

Ei i utgangspunktet interessant sakprosabok som ikkje vart så bra likevel. Forfattaren sitt forsøk på å skriva seg sjølv og andre forskarar inn i ei slags reiseskildring (eller "dannelsesreise") fann eg besynderleg og irriterande.

Men elles lærte eg ein del nytt; for eksempel at det ein gong i ei fjern, fjern fortid fantest fjell som var høgare enn Himalaya på nordvestlandet, at det i Osloområdet var supervulkanar som hadde enorme utbrot og at det som i dag er Noreg ein gong for nokre hundre millionar år sidan befann seg sør for ekvator. 
Terningkast 3.

18. mars 2015

Bokomtale: Satans mor av Rune Timberlid

Samlaget 2015
350 sider 
Kjelde: Meldareksemplar

Fleire kjende stader i Luster og andre plassar i Indre Sogn er kulissar for Rune Timberlid si 7. bok om politimannen Rolf Randen. Hendingane er m.a. lagde til turiststadane Nigardsbreen, Urnes stavkyrkje og Flåmsbana. I tillegg vitjar me det nedlagde sanatoriet Harastølen, den gamle adelsgarden Kroken, småbygdene Solvorn og Skjolden og bygdebyen Sogndal. Gjest Baardsen - meistertjuven og utbrytarkongen - og Sogndal sin største kjendis gjennom tidene (sorry Tone Damli, Olav Stedje og Eirik Bakke, - de kan ikkje samanliknast med denne karen!) - har også ei viss rolle i boka.
Rune Timberlid er sjølv frå Sogndal, men bur i Førde der han arbeider i Lotteritilsynet. Kriminalromanane hans kan karakteriserast som kvardagsleg bygdekrim  - men det er slett ikkje enkel kosekrim han byr på. Eg tykkjer bøkene hans er truverdige, levande og underhaldande.

Eg har fryda meg med Satans mor. Det skuldast dels at eg likar Rune Timberlid sin stødige måte å skriva på og at Rolf Randen er ein figur eg etter kvart er blitt godt "kjend med" - men eg har fyrst og fremst hatt moro av - og nikka gjenkjennande til - miljøet og landskapet som vert skildra.

I alle bøkene kombinerer forfattaren historiske hendingar med aktuelle krimmysterium - rundt omkring i Sogn og Fjordane. "Sidan sist" har Rolf Randen etablert seg i Sogndal med ny sambuar. Randen er ein sympatisk og sindig politimann som ikkje har problem verken med alkohol eller autoritetar - i motsetnad til andre fiktive norske etterforskarar. Litt uryddig har det tidvis vore i privatlivet hans, og me anar mot slutten av denne boka at det ikkje er heilt slutt på "rotet"...

Inst inne i Lustrafjorden, i Skjolden, den stillaste plassen på jorda, smell bomba. Bokstaveleg talt. Seint ein kveld sprengjer einkvan den nye cruisekaien, finansiert av den lokale rike onkelen Konrad Munthe, til himmels. Og saman med kaien; ordførarane i Sogndal og Luster! Kven i alle dagar kan ha motiv for ei slik ugjerning? Har terroren nådd Indre Sogn? Lustraordføraren og Sogndalsordføraren er kjende for at dei ofte er uenige - kan dei verkeleg ha felles fiendar av noko slag? Eller har bomba gått av på feil tidspunkt - var bomba egentleg var meint for nokon andre? Bomba som gjekk av er av typen TATP - ein type sprengstoff som kan lagast enkelt av forholdsvis vanlege ingrediensar - men som er så ustabilt at det har fått namnet Satans mor.

Det syner seg at fleire kan ha motiv for å øydeleggja sjølve cruisekaien. Mange kjem i politiet sitt søkjelys, også Konrad Munthe sjølv og familien hans. Ei miljøverngruppe beståande av studentar frå Høgskulen i Sogn og Fjordane og leia av ein karismatisk miljøvernekstremist vert også mistenkt, sidan denne gruppa ikkje skyr nokon midlar når det kjem til å berga kloden - og Sognefjorden. Den daglege leiaren av Flåm Framtid - som viser seg å vera bror til lustraordføraren - er også inne i biletet fordi han for einkvar pris vil berga cruisetrafikken i sin eigen fjordarm. Randen og kollegaene hans finn både spor og blindspor i jakta på den ansvarlege for sprenginga og dobbeldrapet.

Parallellt med etterforskinga og dramatikken i samband med bombeåtaket på Skjolden, jobbar journalist Karianne Grinde i Sogn Avis med to andre interessante saker: Funnet av ei gammal dagbok på Harastølen som kan tyda på at ei ung jente vart utsett for grove overgrep då bygget var tuberkulose-sanatorium, samt funnet av eit par hundre år gammalt lik under Nigardsbreen i Jostedalen. Overraskande nok heng begge desse sakene saman med bombesaka. Og som sagt i innleiinga: Gjest Baardsen har ei birolle i historia.

Rune Timberlid har skrive ei drivande historie som heng godt saman og der dei ulike trådane vert nøsta opp på overraskande, men forklarleg vis. Ikkje alt er like sannsynleg verken når det gjeld hendingar eller menneskelege reaksjonar, men det er ikkje så nøye. Timberlid har som sitt fremste føremål å underhalda, og det har han lukkast med i Satans mor. Eg er ein kresen krimlesar og vurderer boka til karakteren 4 +, og då har eg i liten grad teke omsyn til at hendingane i boka føregår på kjende trakter. Av bøkene i Rolf Randen-serien tykkjer eg nok framleis at den gripande og spennande Operasjon Siskin frå 2008 er best.

Eg er oppteken av at nynorsk skal vera eit levande bruksspråk; at nynorsk skal kunna brukast, skrivast og lesast - til det meste, ikkje berre lyrikk og høgprosa. Difor tykkjer eg det er svært bra at det kjem ut nynorske kriminalromanar av og til.

Dette biletet tok eg i fjor sommar: Eit cruiseskip på Lustrafjorden. 

15. mars 2015

Bokomtale: Wienerbrorskapet av Ingar Johnsrud

Lydbokforlaget 2015
Speletid 11:33
Opplesar: Ivar Nergaard

Tittelen på boka syner til ei gruppe vitenskapsmenn og -kvinner som dreiv med hemmeleg rasebiologisk forskning i mellomkrigstida. Denne forskinga vart vidareført under andre verdenskrig, med uhyggelege konsekvensar for dei som vart utsett for desse eksperimenta. Arven etter denne gruppa - brorskapet - kastar mørke skuggar, heilt fram til vår eiga tid.

Wienerbrorskapet har svært mange handlingstrådar, og det gjeld å vera konsentrert og å ha tunga beint i munnen når ein les eller lyttar - for elles mistar ein lett ein tråd eller to.

Johnsrud presenterer lesaren tidleg for protagonisten og antagonisten. Alt i opningsscenen får me møta sjølve skrekk-skurken; ein uhyggeleg person, ei drapsmaskin like stygg utanpå som inni. Vedkommande skyr ingen midlar - og me får følgja dei blodige, valdelege spora han let etter seg jamnleg, gjennom heile boka.
Hovudkarakteren er Fredrik Beier, og i starten vert det gjort eit poeng av at Beier muligens er psykisk ustabil; han slit med angst etter ei tragisk hending. Det syner seg likevel at han er ein politietterforskar som tåler å bli utsett for mange og store prøvelsar, som leiar av ei svært komplisert etterforsking. Den kvinnelege PST-etterforskaren Kafa Iqbal er ein annan viktig karakter i boka.

Ei lukka og ekstrem kristen sekt vert utsett for eit blodig angrep. Fleire medlemmer vert funne drepte på eigedommen der dei held til, - og resten av menigheiten er vekke. Kvar er dei? Har dei flykta? Vert dei halde skjult - mot sin vilje? Lever dei? Ein av dei sakna er dotter til ein topp-politikar. Er det eit politisk attentat? Terrorisme? Politiet oppdagar eit hemmeleg underjordisk laboratorium på staden - og spora fører til hendingar i fortida.

Eg er ambivalent til denne boka. Det er tydeleg at forfattaren har hatt store ambisjonar og visjonar når det gjeld Wienerbrorskapet. Eg meiner at han berre delvis har lukkast. Boka er uhyggeleg spennande, bevares, og inneheld mykje interressant historisk stoff - men likevel; det manglar noko. Eg hadde ønska meg enno meir nerve og framfor alt: Meir truverdige karakterar. Dei fleste er nemleg så klisjeaktige at ein kjenner dei att frå mengder av krimbøker ein har lest før.

Handlinga i Wienerbrorskapet er mangfaldig og nokså komplisert. Det er liksom ikkje måte på kor mange tema ein skal innom: Krigshistorie, konspirasjonsteoriar, religiøs fanatisme, hemmelege brorskap, blodige attentat og internasjonal politikk. For eksempel. Alt vert fortalt i mange korte kapitlar og via raske sceneskift, og eg er kanskje litt treg av meg, men; ofte skjønte eg ikkje heilt kvar handlinga foregikk og kven det handla om. Det hadde vorte enklare for lesaren dersom kvart kapittel hadde hatt ei overskrift der det vert forklart kvar og når.

Eg pleier å lika bøker med intrikate plott og masse action, men i Wienerbrorskapet føler eg at mykje er "over the top". Dei mange actionscenene er skildra godt; nesten filmatisk, men eg tykkjer det er for mykje av det. For mykje blod, for mykje smerte, for mange detaljar. Eg har heller ikkje noko imot tøff språkbruk i ein actionthriller som dette, men eg tykkjer språket her tidvis er vulgært og unødvendig frekt. Forfattaren er altfor tøff i trynet - og då blir det berre dumt og rart.

Å "lesa" boka som lydbok går heilt fint - om ein brukar tid og er konsentrert nok. Ivar Nergaard gjer nok ein gong ein fabelaktig jobb og gjer at leseopplevinga mi - trass alt - landar på eit terningkast 4.
Takk til Lydbokforlaget for lytteeksemplar.

8. mars 2015

Smakebit på søndag: Falcheblikk

Dagens smakebit er frå verdas fyrste instagram-bok og er (naturlegvis) delt på Instagram. Mannen bak boka er Sigmund Falch, som tidlegare har gitt ut humorbøkene Ho peika på Caylon og viste ein pupp, Redlight Setesdal, Dei likar ikkje grovisar i Rotary, Dei tek ikkje tran i Texas, Ingen fridde i Jølster og Levande varde i Lom. I alle desse bøkene vert gamle bilete kopla saman med meir eller mindre passande tekstar. 

I Falcheblikk er bileta nyare; dei er alle henta frå bildedelingstenesta Instagram - og med underfundige tekstar til. Boka er absurd og morosam.

Andre - og sikkert meir seriøse - smakebitar finn du om du klikkar deg inn på bloggen Flukten fra virkeligheten.

7. mars 2015

Bokomtale: Blod på snø av Jo Nesbø

Aschehoug 2015
172 sider
Kjelde: Lånt privat

Eg fekk litt hakeslepp då eg fekk denne boka i hendene. Ei tynn lita flis av ei bok; heilt ulikt Jo Nesbø - som vanlegvis skriv omfangsrike bøker med omfattande handling, stort persongalleri og utallige perspektivskift.

Blod på snø er heilt annleis; her er det berre ei forteljarstemme, handlinga er avgrensa og lagt til ein svært kort tidsperiode.

Bakgrunnen for utgjevinga er litt spesiell: I Harry Hole-bøkene vert det av og til referert til kultkrim-klassikaren "Blod på snø" av ein forfattar som heiter Tom Johansen. Det er ein oppdikta forfattar og ei fiktiv bok - som Nesbø no har skrive.
Planen var at Nesbø skulle gje ut Blod på snø under pseudonymet Tom Johansen, men reglar og jus stoppa akkurat dette stuntet.

Me skal tilbake til 1975. Det er desember og kulden har sett seg - i bokstaveleg og overført betydning - i det narkokriminelle miljøet i hovudstaden. Her møter me yrkesdrapsmannen Olav Johansen som nettopp har utført ein ny "ekspedisjon" for oppdragsgjevaren sin.
Når neste oppdrag skal utførast går det galt. Han skal ta livet av kona til sjefen, men det vert for vanskeleg: Olav Johansen forelskar seg i offeret og tek i staden livet av ein annan person. Det vert fatalt og farleg. Hovudpersonen minner meg i denne situasjonen om Roger Brown i Hodejegerne - eg såg difor for meg skikkelsen til Aksel Henie då eg las om leigemordar Johansen og alle strabasane hans.

Det skjer ein del ufyslege drap i denne boka, men valden er så overdriven og så karikert at ein nesten må le. Litt slik som i boka/filmen Hodejegerne - eller i Pulp Fiction.

Blod på snø er lettlest og uhyre fortlest. Eg la alle andre påbyrja bøker til side og las heile boka på ein kveld. Eg tykkjer boka er bra, men ikkje kjempebra. Fiffig, men ikkje genial. Uvanleg, men ikkje sensasjonell. Historia er godt samanskrudd og er velskriven - det skulle berre mangla - forfattaren har jo selt millionvis med bøker verda over dei siste åra.

Eg har lest absolutt alle bøkene Jo Nesbø har skrive etter kvart som dei har komme ut. Nesbø er blitt ein verdskjend, kritikarrost og høgt elska rockestjerne-forfattar. Difor forventa eg noko meir enn det eg fekk i denne boka. Eg vil helst ha meir utfordrande lesing enn dette og kan ikkje gje toppkarakter for leseopplevinga mi. Men - Jo Nesbø er ein luring, og med denne vesle boka kjem han sikkert til å nå ut til enno fleire og nye lesargrupper.

Fortenesta frå denne boka (og den neste, "Blod på snø 2") skal gå rett til Harry Hole-stiftelsen. Denne stiftinga donerer store pengebeløp til arbeidet med å gi barn i u-land grunnleggjande lese- og skriveferdigheiter. Så løp og kjøp folkens!

6. mars 2015

Bokomtale: Mors og fars historie av Edvard Hoem

Cappelen Damm 2008
Speletid: 6:25
Opplesar: Edvard Hoem
Lånt på biblioteket
(Papirutgåve Oktober forlag 2005)

Denne kjende og kritikarroste boka er ein av dei mestseljande romanane på nynorsk - nokon gong. Det er ei bok som eg lenge hadde tenkt at eg burde lesa, men kom liksom aldri så langt.
Før no.
Og dette vart ei stor leseoppleving! Eg er så glad for at eg "gjenoppdaga" Edvard Hoem tidlegare i år. Fyrst las eg den finfine Slåttekar i himmelen som handlar om Hoem sin oldefar, dernest den like gripande Jordmor på jorda der han fortel om tippoldemora - og no sist:
Mors og fars historie som handlar om foreldra hans - og til ein viss grad - hans eiga oppvekst.

Alle tre bøkene er romanar, men altså basert på verkelege personar og hendingar. Når det gjeld Mors og fars historie forventa eg ei god bok, og forventningane mine vart i høgste grad innfridde. Boka er skriven med kjærleik, innleving, medkjensle og kanskje aller viktigast; respekt.
Forfattaren startar med eit erindringsbilete frå då han sjølv var i 5-6 års-alderen:

"Mamma, elskar du han pappa? spurde eg mor mi ein gong i min fjerne barndom. Vi sat i kjøkenet heime på garden i ei lita bygd på vestkysten av Norge, det var vinterkveld." 
Til dette spørsmålet frå sonen svarar mora:
"Eg var ikkje så glad i far din da eg kom saman med han, men eg vart glad i han, for han var trufast, og truskap er like viktig som kjærleik”
og Hoem fortel vidare:
"Det var ei dør til det ukjende som opna seg den kvelden. Det var noko i mors og fars liv som det ikkje skulle snakkast om, men no hadde ho innvigd meg i at det fanst."

Det skal gå mange år før forfattaren tek tak i dette usagte i livet til foreldra sine. Boka vart ikkje skriven før dei begge var døde.

Den omreisande predikanten Knut Hoem og kokka Kristine Nylund møttest fyrste gong på Lillehammer i 1945. Det var ikkje kjærleik ved fyrste blikk, men frå hans side vart nok interessa kveikt ganske tidleg. Begge var på denne tida merka av ei problematisk fortid og tidlegare kjærleiksforhold; Knut hadde ei avbroten forloving bak seg medan Kristine var gravid med ein tysk soldat. Sjølv om Kristine og tyskaren sitt forhold var alvorleg meint, vart det mot slutten av krigen heilt umuleg å satsa på eit liv saman for dei to. Truleg hadde den tyske soldaten familie heime i Tyskland òg - så Kristine vart åleinemor som 20-åring, like etter at krigen var slutt.

"Men eg kan ta henne, eg" seier Knut når han får vita om lagnaden til Kristine. Etter kvart finn Knut og Kristine kvarandre - i noko som i starten kan kallast eit fornuftsekteskap, men i løpet av eit langt liv saman utviklar det seg til å bli verkeleg ekte kjærleik. Dei valde kvarandre og forsona seg med det livet som dei fekk i lag. Sonen deira, Edvard Hoem, skildrar det heile - nøkternt, men også vart og sårt.

I tillegg til å fortelja foreldra si historie, gir boka eit godt tidsbilete av ei svunnen tid. Det vert fortalt om forventningar og plikter som fantest i det gamle bondesamfunnet, om unge begava menneske som ikkje fekk den utdanninga dei ynskte fordi familien ikkje hadde råd, om indremisjonsrørsla og den jobben Knut Hoem gjorde som reisande predikant. I 40 år reiste han land og strand og forkynna evangeliet medan ektefellen jobba på garden, oppdro ungar og pleia aldrande svigerforeldre.

Edvard Hoem er ein allsidig, folkekjær og markant forfattar - og han er ein framifrå opplesar av sine eigne bøker. Faktisk vil eg heller rå til å høyra Mors og fars historie enn å lesa boka sjølv. Å lytta til Hoem si stemme gir boka ein ekstra dimensjon; historia vert enno nærare og meir kjenslefyllt. Du kan høyra eit lite utdrag av lydboka på youtube.

Andre bloggmeiningar:
Tones bokmerke
Rose-Maries film- og litteraturblogg
Den andre Berit - Bøker og bokhyller
Hedda - Boktanker

3. mars 2015

Bokomtale: Finne ly av Aina Basso

Samlaget 2014
251 sider
Lånt på biblioteket

Finne ly er meir som ei lang novelle enn ein roman. 250 sider, stor skrift, mykje luft og fleire blanke sider innimellom gjer boka rask å lesa. Truleg er desse blanke sidene meint å vera ein "pause" frå sjølve lesinga - ei tid til ettertanke for lesaren.

Boka inneheld fleire fine naturskildringar, i eit nærast poetisk språk. Ho kan samanliknast med Britt Karin Larsen sine bøker om skogfinnane, men eg tykkjer ikkje Basso får fortalt like mykje som Larsen - verken eller mellom linjene.

Historia vert fortalt på ein stillferdig måte, men ein skjønnar raskt at det kjem til å bli ein dramatisk og tragisk utgang. Handlinga går føre seg i Finnskogen rundt 1850. Romanen har to eg-forteljarar; taterjenta Hanna og bondesonen Johannes.

Gjennom desse to personane sine tankar og handlingar får Basso fortalt korleis livet for romanifolket var og om dei fastbuande si frykt for det framande. Skildringa av Johannes si angst og uro er ganske sterk, men kjærleikshistoria og trekantdramaet det vert fortalt om klarar eg ikkje heilt å tru på.

Forfattaren set altså fokus på framandfrykt og fortel om undertrykking av romanifolket i tidlegare tider. Dessverre er temaet høgst aktuelt framleis.

Finne ly er slett inga dårleg bok, men mi leseoppleving var ikkje av det heilt store. Eg likar betre bøker som har meir innhald, som har meir varierte og konkrete handlingar og fleire innfallsvinklar. Eg oppfatta det lyriske i språket som kunstig og svulstig. Dei mange skildringane av skog og natur er greie nok, men blir nokså kjedeleg etter kvart. Det blir for mykje av det, rett og slett. Lesinga blir òg trasig av den mørke og dystre stemninga.

Finne ly er på kortlista til Bokbloggerprisen 2014, og no i mars vert boka "samlest" av mange bokbloggarar. Absolutt alle omtalane eg har lest av denne boka hittil har vore kjempepositive. Difor føler eg meg kynisk, dum, slem og sær som ikkje likte boka meir enn berre sånn passe. Men slik er det; dette er mi ærlege meining.
Har du lyst til å lesa kva andre (overbegeistra) bokbloggarar meiner om boka kan du klikka deg inn på nettsida til Bokbloggerprisen.

1. mars 2015

Oppsummering februar

Påbyrja i januar, fullført i februar:
Jens Lapidus - Livet de luxe - Svensk krim - Kjøpt pocketbok
Jeffrey Archer - Bare tiden vil vise - Britisk historisk roman - Lånt ebok
Richard Herrmann - Med kniv om natten og andre mord - Kjøpt lydfil

Lest i februar:
Michael Hjorth og Hans Rosenfeldt - Den stumme jenta - Svensk krim - Lytteeksemplar
Aina Basso - Finne ly - Norsk roman - Papirbok lånt på biblioteket
A.J. Kazinski - En hellig allianse - Dansk roman - Papirbok lånt på biblioteket
Joakim Zander - Svømmeren - Svensk thriller - Lytteeksemplar frå Lydbokforlaget
Jeffrey Archer - Fedrenes synder - Britisk historisk roman - Lånt ebok
Monica Kristensen - Ekspedisjonen - Norsk krim - Papirbok lånt på biblioteket
M.J. Arlidge - Bro bro brille - Britisk krim - Papirbok fått i gåve
Tom Kristensen - Dødspakten - Norsk krim - Lydbok lånt på biblioteket
Edvard Hoem - Mors og fars historie - Norsk roman - Lydbok lånt på biblioteket
Jens Lapidus - Mamma forsøkte - Svensk krim/noveller - Kjøpt ebok
Sigmund Falch - Falcheblikk - Humor - Papirbok lånt på biblioteket

Påbyrja i februar, fullførast i mars:
Harlan Coben - Tilgi meg - Amerikansk krim - Kjøpt pocketbok
Reidar Müller - Det som ble Norge - fakta/populærvitenskap - Lånt ebok
Arnaldur Indridason - Reykjaviknetter - Islandsk krim - Lydbok lånt på biblioteket



Ein ny fin lesemånad: Eg las 5 lydbøker, 6 papirbøker og 3 ebøker i februar.

Månadens desidert største høgdepunkt vart den utruleg fine boka Mors og fars historie. 
Ingen av bøkene eg las var direkte dårlege, men Fedrenes synder, bok nummer to i Clifton-krøniken, vart berre ei middels leseoppleving. Det same vart Finne ly (omtale av denne kjem seinare) og En hellig allianse, som hadde så merkeleg/dårleg avslutning.