18. juni 2018

Bokomtale: Stormfugl av Conn Iggulden

Gyldendal 2015
467 sider, lånt ebok eBokBib

Dette er fyrste bok i ein serie (4 bøker) som omhandlar dei såkalla Rosekrigane; konfliktar og krigsstilstandar som fann stad i England på 1400-talet. Mange av karakterane er historiske og er "kjende" i den forstand at William Shakespeare brukte mange frå det same persongalleriet i nokre av sine historiske drama.

Forfattaren George R.R. Martin skal óg ha henta inspirasjon frå denne tidsepoken og denne borgarkrigen til fantasyserien Game of Thrones (som i sin tur vart til ein kjend TV-serie - og eg er vel den einaste som ikkje har sett den). Philippa Gregory har også skrive fleire romanar basert på hendingar og personar frå perioden (og eg har lest fleire av dei).

I den grad det er snakk om hovudpersonar i denne boka, må nemnast Margaret av Anjou som me fyrst møter som ungjente heime på slottet i Frankrike. Ho er niese av den franske kongen og vert bortgifta til den unge engelske kongen Henrik VI. Far hans, den sterke Henrik V, døydde tidleg og vart erstatta av sonen på ni månader og som altså måtte ha regentar til å styra for seg i lang tid.

Ekteskap og barnefødslar var i høgste grad politiske hendingar den gongen, og Margaret vart som så mange kongelege brudar ei brikke i spelet/maktkampen som gjekk føre seg. Iggulden framstiller Margaret som ei sterk og intelligent jente/kvinne. Ektemaken hennar, Henrik VI, vert framstilt som talentlaus, svakleg og psykisk sjuk, og altså fullstendig avhengig av hjelp og rådgjevarar med ymse motiv. Ein annan sentral person er William de la Pole, ein rettskaffen mann som må bøta med livet i samband med konfliktane. Sentralt finn me også ein fiktiv person; spionsjef Derry Brewer, dronninga sin rådgjevar og dessutan arkitekten bak forhandlingane framføre giftarmålet mellom den franske prinsessa og den engelske kongen.

I tillegg til dei kongelege og adelege fortel Iggulden om "vanlege folk" gjennom forteljinga om opprørsleiaren Jack Cade. Opprøret han sto i spissen for var høgst forståeleg og rettferdig, men svært så blodig. Det var mange av dei som deltok som mista hovudet, også i bokstaveleg forstand. Skildringane av dei mange brutale og blodige slaga er (ubehageleg) nærgåande og detaljerte. Det same gjeld dei middelalderske tortur- og avrettingsmetodane. Ein forstår at forfattaren har gjort grundig research.

I prologen får me vita at både adelshuset Lancaster og huset York nedstammar frå Edvard III og at det var mange som hadde kongeleg blod i årane. Namnet Rosekrigene kjem av at huset Lancaster hadde ei raud rose som symbol og York ei kvit rose. (Etter tre tiår med krig og strid foreina sigerherren kong Henrik VII dei to symbola til Tudorrosa - og huset Tudor vart etablert. Men det er ei anna historie..)

Stormfugl omhandlar bakgrunnen og den aller fyrste fasen av Rosekrigene. At maktkamp, arvestrid og intrigar utvikla seg til blodig borgarkrig hadde mange årsaker. Det handla om personleg fiendskap, maktbegjær og hevnlyst, men den viktigaste faktoren var vel at Hundreårskrigen hadde tappa England for ressursar, både menneskeleg, økonomisk og militært. Den svake kongen av huset Lancaster vart difor utfordra av sterke krefter innan huset York.

Som de skjønnar er eg svært interessert i britisk historie, så ja - likte eg boka ganske godt. I byrjinga var eg ikkje særleg nøgd; uklare trådar, forvirrande overgangar og mange karakterar, samt ein del irriterande dameromanaktige skildringar gjorde meg skeptisk, - men så "gjekk det seg til" etter kvart som spenninga steig og intrigane utvikla seg.
Det er heller ikkje til å unngå at ein samanliknar med andre forfattarar av historiske romanar. Conn Iggulden skriv betre enn Philippa Gregory, men er ikkje på same nivå som t.d. Hilary Mantel og C.J. Sansom. På mange måtar kan han samanliknast med Ken Follett og hans skrivestil.

Eg har ikkje lest noko av Conn Iggulden tidlegare, men eg kjem nok til å lesa meir. Han har skrive ein bokserie som omhandlar Julius Cæsar og ein serie om Djengis Khan i tillegg til denne serien.

12. juni 2018

Favorittforfattarar: S

To totalt ulike forfattarar - men eg set pris på begge.

Stieg Larsson

Svensk journalist og forfattar 1954 - 2004.

Stieg Larsson fekk aldri oppleva sin eigen suksess. Dessverre. Den fyrste boka i Millennium-triologien Menn som hater kvinner kom ikkje ut før i 2005, og då var forfattaren død. Seinare utkom Jenta som lekte med ilden og Luftslottet som sprengtes og med desse bøkene vart svensk (og nordisk) kriminallitteratur løfta til nye høgder. Millennium-trilogien har alt, rett og slett. For meg er desse tre bøkene soleklare terningkast 6.

Millennium-suksessen har ei trist bakside sidan arverett og arvestrid har vore så i fokus i tida etter at Larsson døydde. Konflikten mellom far og bror på den eine sida og sambuar på den andre sida har vore djup og bitter i mange år. Larsson skreiv aldri noko testamente og rettane til litteraturen hans vart tilkjent faren og broren. Sambuaren Eva Gabrielsson, som hevdar at ho hadde fleire av idéane til Larsson sine bøker - fekk ingenting.


Sigrid Undset

Norsk forfattar 1882 - 1949.

Denne dama er nobelprisvinnar i litteratur, er vel kjend og treng ingen grundig presentasjon. Enkelte er kanskje overraska over at eg som er krimelskar har Undset som favoritt - men denne forfattaren kan eg berre ikkje hoppa over med tanke på favorittforfattarar.

No er det lenge sidan eg las bøkene om Kristin Lavransdatter og Olav Audunssøn. Det har vel faktisk gått over 30 år (!) og det er kan hende på tide å lesa dei på nytt - med meir erfarne auge. Så sjølv om gjenlesing ikkje alltid er vellukka, har eg så smått byrja å planlegga eit "prosjekt" som gjeld gjenlesing av Sigrid Undset. Eg kjem til å prioritera Olav Audunssøn-bøkene - det var dei som engasjerte/berørte meg mest den gongen. (Bøkene finst som lydbøker - til pocketpris)

- - - - - - - - - - - - - - - - - -

Fleire forfattarar etter alfabetet

7. juni 2018

Bokhyllelesing: Hvem var Jason Bourne? av Robert Ludlum

Cappelen Damm 2009
576 sider
Kjøpt pocketbok + lydbok Storytel


Tema for bokhyllelesinga i mai var adaptasjon eller sagt på ein annan måte; "les boka bak filmen". Eg har lest Hvem var Jason Bourne? (The Bourne identity) - ei bok som kom ut fyrste gong i 1980 og som seinare vart TV-film i 1988 (med Richard Chamberlain i tittelrolla) og kinofilm i 2002 (med Matt Damon). Sistnemnde film vart ein suksess, så det har blitt ein heil filmserie ut av bokserien.

Robert Ludlum (1927 - 2001) skreiv tre bøker om Jason Bourne. Ein annan forfattar, Eric Van Lustbader, har halde fram med serien etter at Ludlum døydde, slik at det no finst åtte bøker i alt. Denne boka plukka eg tilfeldigvis med meg for lenge sidan, og ho har berre lege der, ulest. For å komma i gang brukte eg lydbok (Storytel), men så fann eg ikkje heilt ut av det med opplesaren heller - så eg har for det meste brukt papirboka.

Sjølv om eg tykte at Hvem var Jason Bourne var ein ganske underhaldande spenningsroman, kjem eg neppe til å lesa fleire av bøkene i serien. Eg vart ganske "mett" av heile fyren, av utfordringane hans og av at stadig nye kompliserte element vart lagt inn i forteljinga.

Ludlum handterer hendingar, bihistoriar og trådar på ein stødig måte, men eg tykkjer at personskildringane er ganske håplause og at kvinnesynet er utdatert. Sjølv om bøker egentleg ikkje går ut på dato, er det ganske merkbart at verdssamfunnet har endra seg sidan 1980. Det gjeld særleg teknologi og kommunikasjonsmåtar, men også menneskesyn og ideologiar. Tidsbileta er likevel interessante; dette var ei tid der ein kunne kalla ein mørkhuda person for neger og der ein stoppa ved telefonkioskar for å ringja til fasttelefonar. I dag er det snålt at det var slik.

Filmen frå 2002 har modernisert Jason Bourne sine omgjevnader. I filmen har Bourne erfaring som soldat i Afghanistan, i boka er han Vietnam-veteran. Filmen er annleis og er mykje enklare enn boka og er meir prega av tempo og action. Eg vil difor påstå at boka er betre enn filmen, men eg ser jo at filmen også har ein viss underhaldningsverdi. Dessutan skal ein sjølvsagt ta omsyn til at bok og film er to heilt ulike medium. Eg gir boka terningkast 4 minus og filmen terningkast 3 pluss.

Det hender at eg får spørsmål om eg har sett ein eller annan film. "Nei, men eg har lest boka", svarar eg ofte. Eg vil gjerne skapa mine eigne bilete og scener inne i mitt eige hovud heller enn å sjå dei på eit filmlerret.




Meir om filmen

Meir om boka 

5. juni 2018

Norsk krim 2018 del 1

Det gjekk nesten fem månader før eg las mi fyrste norske 2018-bok, men no er eg omsider i gang. Her kjem fyrste samleomtale.

Møt meg i paradis av Heine Bakkeid

Aschehoug 2018
460 sider, lånt papirbok biblioteket

Dette er ein oppfølgjar, men eg hoppa rett på bok nummer to om antihelten Thorkild Aske. At ein ikkje kjenner til heile bakgrunnshistoria til hovudpersonen har ikkje noko å bety for leseopplevinga.

Møt meg i paradis er spennande, velskriven og velkomponert. Korte kapittel og eit avgrensa persongalleri gjer ho i tillegg nokså lettlest. Og for ei samling med skakkøyrde individ og dysfunksjonelle familieforhold!
I tillegg til den pillemisbrukande Aske møter me fleire besyndarlege personar - og eg tykkjer nok at forfattaren dreg det vel langt. Det vert til tider nokså overdrive og karikert - og dermed lite truverdig. Samstundes er det desse overdrivingane som gjer boka så fascinerande som ho faktisk er.

Eg likar bøker der ein finn grotesk fantasi og svart humor og kan av den grunn konkludere med ei bra leseoppleving. Når eg likevel ikkje gir toppkarakter skuldast det mest at eg tidleg skjønte kven av dei involverte som sto bak fleire av ugjerningane. Eg likar helst å bli overraska når saker skal oppklarast. Det vart eg berre delvis i dette høvet. Terningkast 4+.

For meir om handlinga og andre meiningar; les gjerne omtalane til Tine, Anita og Bjørn.


Barføtt over isen av Ingebjørg Berg Holm

Vigmostad Bjørke 2018
248 sider, lånt ebok eBokBib

Dette er oppfølgjaren til Stjerner over mørke under som Ingebjørg Berg Holm fekk mykje merksemd og gode kritikkar for.

Me skal på nytt tilbake til Hurumlandet på 1870-talet og til lensmann Thomas Tinnvik sitt liv og arbeid. Denne gongen skal me bli meir kjend med lensmannen sitt indre liv. Tinnvik vert personleg involvert i ei ranssak som etter kvart vert til ei drapssak. Denne involveringa består av eit nært venskap med offeret og varme kjensler for ein av dei mistenkte - ein ung mann.

Forfattaren byggjer opp ei melankolsk og mørk stemning og ei underliggjande uhygge - ganske langsamt. I Barføtt over isen er det lagt meir vekt på stemningar, språklege verkemiddel og indre psykologisk drama enn det som er vanleg innan norsk krimlitteratur. Tidvis vert dette litt for svulstig og kunstig etter min smak.
Eg gir Barføtt over isen terningkast 4.

Åshild, Beathe og Tine har òg lest og likt denne boka.



Forsvinningen av Frode Granhus

Vigmostad Bjørke 2018
Speletid 8:43, lånt lydbok eBokBib

Frode Granhus døydde sist haust og Forsvinningen kom ut i mars i år, på det som ville ha vore forfattaren sin 53-årsdag. Det er veldig trist at livet og forfattarskapet enda så altfor tidleg, men eg er takksam for dei lesestundene Granhus gav meg.

Begrepet Lofotkrim kjem for alltid til å vera knytt til namnet Frode Granhus. Han lever vidare gjennom bøkene sine - og det må vera ei viss trøyst for dei etterlatte.

I Forsvinningen handlar det om to ulike saker; ei grotesk mishandlingssak i notid og ei mystisk forsvinningssak i fortid. Lensmann Rino Carlsen etterforskar notidssaka saman med assistenten sin, men spora fører ingen stad og dei famlar i blinde. Gamlelensmannen Berger Falch, som byrjar å dra på åra og er prega av sjukdom og einsemd, har aldri gløymt ei forsvinningssak frå 1972. For å ha noko meiningsfullt å fylla dagane med, startar han si eiga gransking av den gamle saka. Det skal visa seg at dei to sakene heng saman. Naturlegvis, slik er det jo i kriminalromanar.

Siste bok i Rino Carlsen-serien er lettlest og lettfordøyeleg. Karakterane er truverdige, dialogane er ekte og miljøskildringane er levande. Handlinga er noko forutsigbar og framstillinga delvis overforklarande, men det samla inntrykket mitt er at dette er ein stødig og gjennomarbeida krimroman. Avslutninga er sentimental, men akkurat i dette tilfellet kjennest det "riktig".

Eg anbefalar lydboka. Opplesar Nils Johnson gir med si røyst og sitt tonefall leseopplevinga eit ekstra løft. Terningkast 4.

Andre vurderingar av boka finn du i bloggane til Bjørn, Anita og Åshild.

31. mai 2018

Oppsummering mai 2018

Påbyrja i april, fullført i mai:
Michael Connelly - Den andre siden av loven - Amerikansk krim - Lånt papirbok biblioteket
Pierre Lemaitre - Brudekjolen - Fransk krim - Lånt lydbok biblioteket

Lest i mai:
Tove Alsterdal - Ingen vei tilbake - Svensk krim - Lånt papirbok privat
Alexander McCall Smith - Moral for vakre piker - Skotsk/botswansk krim - Storytel
Robert Ludlum - Hvem er Jason Bourne? - Amerikansk krim - Kjøpt papirbok (OTS) + lydbok Storytel
Lina Bengtsdotter - Annabelle - Svensk krim - Lånt papirbok biblioteket
Heine Bakkeid - Møt meg i paradis - Norsk krim - Lånt papirbok biblioteket

Påbyrja i mai, fullførast i juni:
Asbjørn Bakke - Erik Bye - Norsk biografi - Lånt ebok eBokBib
Frode Granhus - Forsvinningen - Norsk krim - Lånt lydbok eBokBib
Conn Iggulden - Stormfugl - Britisk historisk roman - Lånt ebok eBokBib


  • 4 papir, 2 lyd, 1 kombinert papir og lyd
  • 5 lånt, 1 kjøpt, 1 abonnement
  • Alle 7 innan sjangeren krim/spenning
  • 2 svenske, 2 amerikanske, 1 norsk, 1 fransk, 1 skotsk-botswansk
  • 2 kvinner, 5 menn 
  • "Nye" forfattarar: Alsterdal, Bengtsdotter, Bakkeid

(Eg er så utslått av maivarmen at eg ikkje orkar å skriva noko meir utfyllande om lesinga denne månaden..)
I juni har eg mykje spennande på vent; eg har planar om å lesa bøker av t.d. Fred Vargas, Peter May, Kim Leine, Jo Nesbø, Ken Follett og Conn Iggulden.

Min nye besteven; elsykkelen.
Biletet er teke ved Lustrafjorden 17. mai
Lesemål 
- etter 5 månader er tala slik:

40/100 bøker totalt
3/8 mursteinar (over 600 s.)
2/25 norske utgitt 2018
5/12 utgitt før 2000
4/10 biografiar
1/15 annan sakprosa
2/6 frå bokhylla
13/40 bokomtalar
14/30 "nye" forfattarar
6/20 Storytel

23. mai 2018

Samleinnlegg: Forsommarlesing

Bloggen har visst gått inn i dvale i det siste; sommaren er kommen, sola skin og andre aktivitetar fristar meir enn blogging og skriving av bokomtalar. Skippertaksamleomtale følgjer.

Den andre siden av loven av Michael Connelly
Gyldendal 2012
393 sider, lånt papirbok biblioteket

Connelly er ein svært populær og produktiv forfattar. Eg har googla meg fram til at han har skrive 20 bøker i Harry Bosch-serien og 6 i serien om Mickey Haller i tillegg til eit par frittståande bøker. I Den andre siden av loven (The Reversal) er det Haller som er hovudperson medan Harry Bosch har ei viktig birolle. Dei to er halvbrødre, og det hadde sikkert vore lurt å lesa bøkene kronologisk slik at ein hadde hatt eit meir grunnleggjande kjennskap til familieforhold og andre forhold.

Det som er spesielt med denne boka er at begge heltane til Connelly er med, og at forsvarsadvokat Haller for ein gong skuld jobbar for aktoratet. Det handlar om ei gammal drapssak som vert ført for retten på nytt. Haller trur oppdraget skal bli grei skuring - men det skjer naturlegvis ikkje. Den andre siden av loven er altså advokatkrim, noko som kanskje høyrest kjedeleg ut. Etter mi meining er det slett ikkje kjedeleg, men det er ganske langsamt - sjølv med hyppige perspektivskift og synsvinklar og overraskingar undervegs.

Det amerikanske rettssystemet er heilt annleis enn det norske, men det virkar likevel ikkje framandt. Eg tok meg sjølv i å nikka gjenkjennande til skildringa av rettslokalet, juryordninga, samt dommar og advokatane sine roller. Sidan handlinga foregår i Los Angeles fekk eg også fleire assosiasjonar til LA Law som gjekk på TV på 1980/90-talet.

Eg las eit par bøker av denne forfattaren for fleire år sidan, men dei kan ikkje ha gjort så veldig inntrykk sidan eg har gløymt kven av bøkene det var. Denne boka vart plukka ut ganske så tilfeldig i og med at det ikkje var så mange Connellybøker tilgjengelege på "mitt" bibliotek. Den mest kjende Mickey Haller-boka er Loven i en Lincoln. (I filmen The Lincoln Lawyer er det glattkjekkasen Matthew McConaughey som har hovudrolla, noko som eg tykkjer er "feil").

Michael Connelly er ein stødig og grundig forfattar og Den andre siden av loven er på mange måtar ei skikkeleg og ordentleg bok. Men så er det avslutninga då.. For meg vart siste del av boka eit antiklimaks som gjer at eg ikkje kan gå høgare enn til terningkast 4.


Annabelle av Lina Bengtsdotter
Gyldendal 2018
358 sider, lånt ebok eBokBib


Så over til svensk krim - og til ein lovande debutant. Her handlar det om ei sakna ungjente og om ein etterforskar med rusproblem som gjennom arbeidet med saka møter sitt eige vanskelege oppvekstmiljø og fortrengde barndomsminner. Lest det før? Javisst, men eg tykkjer likevel at dette er ei bra bok.

Gjennom ulike forteljarstemmer og forskjellige tidsplan vert det avslørt kva som har gått føre seg av mørke hemmelegheiter og traumatiske opplevingar. Hovudpersonen Charlie Hager er litt slitsam og ho tek nokre merkelege og uheldige val undervegs i etterforskinga.

Boka er spennande, drivande og fortlest. Tematikken er velkjend, men Bengtsdotter har ein spesiell stil. Eg ser fram til framtidige bøker frå denne forfattaren. Terningkast 4.


Ingen vei tilbake av Tove Alsterdal
Kagge 2016
474 sider, lånt papirbok privat


Dette var ein alle tiders krimthriller, og eg forstår ikkje heilt kvifor eg ikkje har lest noko av denne forfattaren tidlegare. Boka er omfangsrik og har eit rimeleg komplisert plott med ei handling som går føre seg på to ulike kontinent, men forfattaren har ei stødig hand over det heile.

Protagonisten har eit noko uvanleg yrke i krimlitteratur-samanheng. Helene Bergman er arkitekt og opplever at systera hennar tek livet av seg. Ho får opplysningar om at ho muligens har fått "hjelp" til å avslutta livet sitt og vert etter kvart involvert i ei omfattande sak. Saka har truleg forgreiningar til landet systrene opphavleg kom frå; Argentina.

Ingen vei tilbake er ein innhaldsrik kriminalroman med mange trådar og eit omfattande persongalleri. Boka er svært interessant og velskriven og anbefalast varmt. Terningkast 5.

14. mai 2018

Damenes detektivbyrå

Eg er "allergisk" mot kosekrim, femikrim, chicklitkrim eller kva ein no kallar "damevenlege" kriminalromanar. Alexander McCall Smith sin populære krimserie frå Botswana har eg fått anbefalt frå ulike hald i fleire år, men eg har vore skeptisk til bøkene  - nettopp fordi dei vert sagt å vera kosekrim.

No har eg lest (lytta) til dei tre fyrste bøkene - og det er ei glede å kunna meddela at dette verkeleg ER koselesing. Koseleg og triveleg altså, og ikkje klissete. Enkelt og lettlest, men lærerikt. Humoristisk, men også med snert. Eg har hatt eit vellukka møte med Damenes detektivbyrå; innehavar Mma Ramotswe, hennar forlovede J.L.B. Matekoni, sekretæren Mma Makutsi og alle dei andre som ein vert kjent med etter kvart. Dei fleste bøkene i serien er tilgjengelege på Storytel.

Ein må jo berre bli i godt humør av desse omslaga!
Her er dei tre fyrste i serien. 15 bøker er utgitt til no, 13 av dei finst på norsk.
 
 

Det er tydeleg at forfattaren Alexander McCall Smith (fødd i Zimbabwe, utdanna i Skottland og busett i Botswana i mange år, meir på Wiki) har brei kunnskap om og har stor kjærleik til landet Botswana. Lesaren får ein del afrikansk samfunnskunnskap på kjøpet når ein les om Damenes detektivbyrå. McCall Smith røskar litt opp i dei fordommane me gjerne har når det gjeld Afrika. Her får me eit heilt anna bilete enn det me vanlegvis får gjennom media; her er det ikkje fattigdom, utsulta barn og krig som er i fokus.

Mma Precious Ramotswe er ein fantastisk karakter som det er umuleg å ikkje bli glad i. Ho er den fyrste og einaste kvinnelege detektiven i Botswana. Ho er varm og frodig ("tradisjonell figur", meiner ho sjølv) og løyser små og store saker ved hjelp av intuisjon, resonnement og klokskap. Ho er stolt av den afrikanske kulturen og held fast på enkelte tradisjonelle verdiar, men ser óg at somme tradisjonar er forkastelege. Mma Ramotswe er på alle måtar ein tilhengar av moral, anstendigheit og rettferdigheit.

Bøkene er ikkje særleg spennande og inneheld lite action og dramatikk, men ein finn mykje underfundig humor og artige betraktningar. Mma Ramotswe tek på seg saker om utru ektemenn, stjålne bilar, falske legar, sjalu hushjelper og forsvunne barn. Somme saker er trivielle og ho løyser dei ved hjelp av litt tankeverksemd, andre er meir kompliserte og alvorlege.

Serien om Damenes detektivbyrå ligg stilmessig og innhaldsmessig laaangt unna den krimmen denne bloggaren vanlegvis les, men eg likar altså desse bøkene. Det er kjekt å lesa noko som er triveleg av og til. Når ein så kan læra noko i tillegg, gir det ekstra plusspoeng.

8. mai 2018

Kort om: Brudekjolen av Pierre Lemaitre

Lydbokforlaget 2018
Speletid 10:51

Opplesarar Elisabeth Vatn og Ola G. Furuset
Lånt lydbok biblioteket

Brudekjolen er ein underhaldande krimthriller. Boka handlar om å mista seg sjølv, om manipulering, om psykologi, psykiatri og psykopati. Gjennom to sentrale forteljarstemmer får ein to ulike perspektiv. Historia endrar totalt karakter midtvegs og ein får også nokre twists & turns mot slutten.

I fyrste del av boka er forteljaren Sophie; ei ung kvinne som ein gong hadde eit normalt liv, men som vaknar opp til (og frå) eit sant mareritt. Alt tyder på at ho er gal og at ho har teke livet av eit barn. Det einaste ho har i tankane i denne situasjonen er å flykta. Det er skikkeleg ubehageleg å lesa om forvirringa og reaksjonane hennar på veg bort frå det livet ho har hatt. Sophie handlar "fornuftig" sett frå hennar ståstad, men kvifor ber ho ikkje om hjelp? Kva har Sophie opplevd i si fortid som gjer at ho handlar som ho gjer? Er ho sinnsforvirra eller er det krefter utanfrå som spelar inn?

Lesaren får gradvis vita kva den forvirra kvinna har opplevd, men det er fyrst når forteljarstemme nummer to, den skremmande karakteren Fritz, kjem på bana - at ein skjønnar kor omfattande Sophie sine vanskar er, har vore og kan bli. Det er når ein får kjennskap til Fritz sine tankar og planar at boka blir skikkeleg nifs.

Eg ynskjer ikkje å sei noko meir om handlinga fordi eg då kan avsløra for mykje. La meg berre kort leggja til at boka har upålitelege forteljarstemmer og overraskande vendingar. Medan eg las fekk eg assosiasjonar til bøkene Før jeg sovnerFlink pike og Hennes største frykt.

Pierre Lemaitre har frodig fantasi og er ein dyktig forteljar. Brudekjolen utkom fyrste gong i 2009, men kom ikkje i norsk oversetjing før i år. Boka er ikkje så rå som Camille-trilogien, og er heller ikkje så elegant komponert som t.d. Alex. Men her kan ein finna ein heil del mørk humor, mange småhysteriske situasjonar og mykje "snadder" som ligg til rette for ei nervepirrande lesestund. Ein kan innvenda at handlinga er "hinsides all fornuft" og særs lite truverdig og at fyrste del er litt treg, men alt i alt likte eg boka ganske godt.

Andre bloggmeiningar: Heartart, Bjørnebok, Hverdagsnett

4. mai 2018

Bokomtale: Grensen av Erika Fatland

Undertittel:
En reise rundt Russland gjennom Nord-Korea, Kina, Mongolia, Kasakhstan, Aserbajdsjan, Georgia, Ukraina, Hviterussland, Litauen, Polen, Latvia, Estland, Finland og Norge samt Nordøstpassasjen.

Kagge 2017
623 sider
Lånt ebok eBokBib

Eg er mektig imponert. Grensen er verkeleg ein interessant, lærerik og grundig dokumentar. Erika Fatland har gjort omfattande research og vore på reisefot - langt utanfor allfarveg - i over to år. Ho har tilegna seg kunnskapar og erfaringar som ho formidlar på ein storarta måte gjennom denne boka.

Russland er som me alle veit eit digert land, omkransa av 14 nasjonar av høgst ulik storleik, befolkningstettleik, levestandard og politisk system. Fatland har besøkt alle desse landa og fått kontakt med ein del innbyggjarar som har fortalt sine historiar. Boka består av desse personlege møta med lokalbefolkninga, fakta om dei ulike landa og spesielt om korleis forholdet til Russland er og har vore. I tillegg får me vita korleis Fatland sjølv opplever korleis det er å reisa og å opphalda seg i desse områda.

Grensene har stadig vore i endring opp gjennom historia. Nokre land og område har gjennomgått stadige maktovertakingar, brutale maktovergrep og gjentekne konfliktar. Strategiske og militærpolitiske omsyn samt behov for tilgang på naturressursar har alltid vore viktig for makthavarane i Russland/Sovjetunionen. Grunna klimaendringane har eit nytt strategisk viktig område openbara seg dei siste åra; Nordaustpassasjen. Den "globale logistikken" er i ferd med å endra seg sidan ismengdene i området har minka drastisk dei siste åra.

Noreg er det einaste landet av dei 14 som aldri har vore i krig eller konflikt med Russland. Alle dei andre har sår eller arr som følgje av naboskapet med Russland, fortel Erika Fatland. I avslutningskapittelet er tida inne for refleksjon og ettertanke:
"Etter å ha brukt over to år på å reise langs Russlands grense - både i ordets mest konkrete betydning langs støvete landeveier og over åpent hav, og i overført betydning, langs grensens lange og kompliserte historie - sitter jeg igjen med flere spørsmål enn svar. Det er ikke egentlig uventet. Fremfor alt melder det seg en følelse av å ha vært vitne til både retningsløshet og opportunisme. Det russiske imperiet ble så stort nettopp fordi den til enhver tid sittende hersker grep alle muligheter som bød seg til å utvide grensen, koste hva det koste ville, og sjelden vek unna for brutalitet, skittent spill eller nok en krig. Slik ble folk etter folk underlagt Det russiske imperiet, frivillig, ufrivillig, fra de nomadiske stammefolkene i Sibir til de muslimske khanatene i Sentral-asia og de slaviske broderfolkene i vest. I grenseland, i randsonene, har friheten kommet og gått. Historien har vist at folkene som en gang har ligget under det russiske riket, er i stor fare for å havne under åket igjen."
Sjølv er eg ikkje så glad i å reisa, men eg likar reiseskildringar - og eg likar å læra nytt om historie, geografi og samfunnsforhold. Difor er denne boka midt i blinken for ein "sofareisar" som meg. Eg brukte Google Maps flittig medan eg las boka og søkte i tillegg mykje på nettet om hendingar, personar og andre forhold som Fatland fortel om. Alt dette "ekstraarbeidet" gjorde at lesinga tok si tid, men det er såå verdt det.

Grensen er nominert til Bokbloggerprisen 2017 og er den fyrste (og muligens einaste) boka frå kortlistene eg les. Den kjem uansett til å få mi stemme.

Andre bloggmeiningar: Artemisias verden, Bokstavelig talt, Hedvigs bokhjørneMin bok- og maleblogg

Nedanfor kan du sjå og høyra forfattaren i samtale med Cathrine Sandnes.


30. april 2018

Oppsummering april 2018

Påbyrja i mars, fullført i april:
David Lagercrantz - Mannen som jaget sin egen skygge - Svensk krim - Lånt lydbok biblioteket
Emelie Schepp - Skjult agenda - Svensk krim - Kjøpt pocket
Erika Fatland - Grensen - Norsk dokumentar - Lånt ebok eBokBib

Lest i april:
Alexander McCall Smith - Damenes detektivbyrå nr. 1 - Skotsk/botswansk krim - Storytel
Arne Dahl - Innland - Svensk krim - Kjøpt papirbok
Marit Lande - Munch - liv og kunst - Norsk biografi - Lånt ebok nb.no
Alexander McCall Smith - Sjiraffens tårer - Skotsk/botswansk krim - Storytel
Anna Ekberg - Den hemmelige kvinnen - Dansk krim - Lånt papirbok biblioteket
Mads Peder Nordbo - Jenta uten hud - Dansk krim - Lånt lydbok biblioteket
Anna Grue - Dypt å falle - Dansk krim - Storytel
Ingebjørg Berg Holm - Barføtt over isen - Norsk historisk krim - eBokBib

Påbyrja i april, fullførast i mai:
Michael Connelly - Den andre siden av loven - Amerikansk krim - Lånt papirbok biblioteket
Pierre Lemaitre - Brudekjolen - Fransk krim - Lånt lydbok biblioteket


  • 3 papir, 5 lyd, 3 ebøker
  • 6 lånt, 2 kjøpt, 3 abonnement
  • 9 krim/spenning, 1 biografi, 1 dokumentar
  • 3 svenske, 3 danske, 2 norske, 2 skotsk-botswanske
  • 5 kvinner, 7 menn ("Anna Ekberg" er to menn!)
  • "Nye" forfattarar: Fatland, McCall Smith, Lande, Nordbo, Grue

Heile 11 fullførte bøker i april, og det er bortimot eit år sidan eg har lest så mange i løpet av ein månad. No skal det seiast at eg fortsatt driv mest med lystlesing, 9 av bøkene er i kategorien krim/spenning. Sidetalet på dei leste bøkene har variert frå 70 (Munch) til 630 (Grensen).

Høgdepunkt i april vart fyrst og fremst lesinga av kriminalromanen Innland og dokumentarboka Grensen. Dernest er eg nøgd med at eg har lest fem nye forfattarar, at eg har brukt Storytel 3 gonger og at eg har lese bøker med handling frå Afrika. Mi fyrste norske 2018-bok var óg ei god leseoppleving.

Vår ved Lustrafjorden.
Dette biletet vart teke for akkurat eitt år sidan.
Håpar på mange slike dagar framover.


Slik er stoda når det gjeld lesemål for året.

33/100 bøker totalt
3/8 mursteinar (over 600 s.)
1/25 norske utgitt 2018
4/12 utgitt før 2000
4/10 biografiar
1/15 annan sakprosa
1/6 frå bokhylla
12/40 bokomtalar
11/30 "nye" forfattarar
4/20 Storytel




Til slutt vil eg gjerne visa fram noko som eg tykkjer er ganske stas - nemleg at sjølvaste Arne Dahl delte omtalen min av Innland på Facebook-sida si:

27. april 2018

Vårlesing: Dansk krim

Her kjem tre korte og kjappe omtalar. Dansk krim er ikkje berre Jussi Adler-Olsen og Avdeling Q. 

Jenta uten hud av Mads Peder Nordbo
Lydbokforlaget 2018
Speletid 9:37, biblioteklånt lydbok

Handlinga er lagt til Grønland - og dermed til eit originalt miljø og eit spennande utgangspunkt.
Ei uoppklart bestialsk drapssak frå 1973 vert sett i samanheng med eit gammalt, men nyoppdaga lik. Liket forsvinn på ein mystisk måte og deretter skjer enno eit drap. Mistankar og spor går i fleire ulike retningar, og journalisten Matthew Cave følgjer saka tett saman med grønlandske Tupaarnaq. Eg ser fram til fleire bøker med desse to sympatiske "etterforskarane" i hovudrolla.
Eg gir plusspoeng til Jenta uten hud for fine naturskildringar. Elles er boka barsk og blodig og tidvis ganske spennande, men kan virka noko usamanhengande. Terningkast 4.



Den hemmelige kvinnen av Anna Ekberg
Bazar 2017
398 sider, biblioteklånt papirbok


Anna Ekberg er ingen ny svensk däckardrottning. Nei, bak dette namnet står faktisk to menn; den danske forfattarduoen Anders Rønnov Klarlund og Jacob Weinreich. Dei to skriv også under eit anna pseudonym; A.J. Kazinski.

Den hemmelige kvinnen har ein påklistra dameromanstil som eg ikkje tykkjer så mykje om, men historia er ganske underhaldande. Mykje av handlinga dreiar seg om ei kvinne med hukommelsetap - og sjølv om temaet er fascinerande, er det eit noko utslitt tema innan spenningslitteratur. Men "Anna Ekberg" er flink og veit korleis "ho" skal byggja opp ei forteljing som dette. Korte kapittel, effektivt språk og skiftande synsvinklar gjer boka rask å lesa.
Den fyrste delen av boka er litt treg, men så kjem det ei uventa vending omlag midt i boka - og eg las faktisk dei siste 150 sidene i eitt strekk. Terningkast 4+.



Dypt å falle av Anna Grue
Cappelen Damm 2011
Speletid 11:43, Storytel

Dette er fyrste bok i ein serie der reklamemannen Dan Sommerdahl er hovudperson. Sommerdahl har "møtt veggen" og som terapi er han er ein slags etterforskingsassistent for politikompisen sin.
Drap på ei ung kvinne set etterforskarane på sporet av trafficking, svart arbeid og anna grums.
Starten på Dypt å falle er bra, men resten av boka nådde aldri inn til meg. Dei fleste karakterane er flate, miljøet er fjollete, handlinga er forutsigbar og forteljarmåten er overforklarande. Terningkast 3-.

17. april 2018

Bokomtale: Innland av Arne Dahl

Cappelen Damm 2018
413 sider
Kjøpt papirbok

Innland vart ei nervepirrande leseoppleving: Boka er medrivande, skummel, klaustrofobisk - og iskald. Handlinga tek til kort tid etter der den fyrste boka Utmarker slutta. På nytt er Sam Berger og Molly Blom ute i hardt ver, - også bokstaveleg talt. Me befinn oss i Nord-Sverige, i snøver og i bitande kulde. Skildringane av det aude og kalde landskapet passar svært så bra til stemninga i boka.

Etter dei dramatiske hendingane det vart fortalt om i forrige bok held (eks-)politimannen Sam og (eks-)Säpo-agenten Molly seg i skjul i Lappland. Berger synest å ha vore fråverande reint mentalt ei tid; han må ha hatt eit slags samanbrot - eller har han blitt dopa ned?

"Via via" og i ytterste hemmelegheit får Berger & Blom eit nytt oppdrag frå Sam Bergers tidlegare partner, Deer. Eit vitne skal ha foruroligande opplysningar om eit dobbeltdrap begått for åtte år sidan. Mykje tyder på at det skjedde eit justismord den gongen og at den verkeleg skuldige enno befinn seg ute i samfunnet - og at han framleis er aktiv..

Det handlar - mellom anna - om ein splitter pine gal seriemordar som let etter seg ein spesiell signatur - og det er noko som me krimelskarar har lest om mange gonger før. Men no er Arne Dahl meir sofistikert enn dei fleste andre krimforfattarar som skriv om same (utslitte og lite truverdige) tema. Innland er ein særdeles velskriven kriminalroman med eit innfløkt plott, jamn og stigande spenning og med mange overraskingar undervegs. Forteljarstemmene tilhøyrer vekselvis Sam, Molly, Deer og ei ukjend og alternativ forteljarstemme i kursiv. Kven kan ein stola på? Kva er fakta og kva er fantasi? Historia tek stadig nye vendingar og lesaren må stadig revurdera dei opplysningane som har komme fram tidlegare.

Tittelen spelar både på det fysiske innlandet, dvs. den svenske landsbygda og på det psykologiske "innlandet" til Sam Berger. Det er ein ekstra spenningsdimensjon at Sam ikkje kan stola heilt på sine eigne vurderingar, erindringar og kunnskapar. Han er dessutan usikker på Molly sine intensjonar. Samstundes må han samarbeida med henne om dei skal klara å stoppa den fryktelege drapspersonen som heile tida virkar å vera i forkant av etterforskinga.

Innland er - i større grad enn Utmarker - ein psykologisk thriller, men begge kan i tillegg kategoriserast som politikrim. Eg gav fantastiske Utmarker eit (sjeldan) terningkast seks då eg las den i fjor. Innland er også ei knallbra bok; velformulert, intenst spennande og uhyggeleg stemningsfull. Innhaldet og handlinga er imidlertid noko oppkonstruert, så eg går ned eit lite hakk denne gongen.

 Men - alt no gledar eg meg til neste bok om Sam Berger og Molly Blom; det er framleis ein del lause trådar i historia som må nøstast opp og avklarast.

Andre bloggmeiningar: Bjørnebok, Boktimmy




15. april 2018

Biografisirkel: Edvard Munch - liv og kunst

Biografisirkelen går sin gang - og sidan eg har delteke kvar einaste gong dei siste åra føler eg meg nærast forplikta til å delta - uansett kategori. Biografilesing er ofte nyttig og lærerikt og fleire gonger i løpet av biosirkeldeltakinga er augene mine blitt opna for nye tema, personar og forfattarar.
Men denne gongen var det like før eg skulka unna - for Anita har nemleg valgt ein kategori som eg ikkje er så veeeldig interessert i: Biletkunstnarar.

Eg tykkjer som oftast at såkalla kunst er rart og/eller stygt og giddar t.d. aldri å gå på kunstutstillingar. Men eg har har såklart høyrt om Edvard Munch (og sett både Skrik og Vampyr og Madonna) og (flaks for meg) fann eg ei 70 siders illustrert bok om Munch skriven av ein museums-pedagog. Marit Lande har skrive fleire kunstbøker for barn og ein skulle då tru at dette er på eit passande nivå for ein heller skeptisk-negativ biolesar. Boka/guiden/kortbiografien Munch - Liv og kunst kom ut på (det no oppløyste) Aventura forlag i 1995 og eg las eboka på nb.no.

Edvard Munch (1863 - 1944) sitt liv og kunst er blitt grundig skildra i mange bøker, t.d. i Atle Næss sin kritikarroste 600 siders biografi og Karl Ove Knausgård si bejubla bok Så mye lengsel på så liten flate.

Sidan Munch vart ein så stor, kjent og viktig kunstnar, finst det mengder av kjeldemateriale - og eg var nysgjerrig på korleis alt dette kunne samanfattast på berre 70 sider. Lande byrjar med barndom og oppvekst: Edvard Munch var mykje sjuk då han var barn. Faren var strengt religiøs, mora og systera døydde unge. Desse barndomsminna skapte eit sterkt behov for å uttrykka seg gjennom bilete, fortel Lande. Ein finn visstnok mange eksempel på korleis han brukte sjukdom, sorg og liding i arbeida sine.

Som alle veit fekk Munch stor suksess med kunsten sin og han hadde ein lang karriere. Men var han lykkeleg? Neppe. Han hadde eit grunnleggjande pessimistisk livssyn og etter kvart vart livet hans prega av alkoholproblem, angst, paranoia, uro, mykje jobb, hektisk reiseverksemd og kjærleikssorg. Han vart aldri ferdig med det turbulente forholdet til Mathilde (Tulla) Larsen - det forholdet enda med at han skaut seg sjølv i handa.

Avslutningsvis vert det fortalt at Edvard Munch døydde fredeleg på Ekely i 1944 og at han testamenterte alle arbeida sine til Oslo kommune.

Eg tykkjer Marit Lande har fått tak i essensen i livet og kunsten til Edvard Munch og at ho får formidla det på ein grei måte. Boka inneheld (heldigvis) lite kunstteori, men det vert stadig vist til korleis kunstnaren sine sinnsstemningar spelte inn på arbeida hans; om korleis teknikk og motiv speglar kunstnaren sitt sjeleliv.

Munch - liv og kunst er kort, grei og gjennomillustrert - men eg vart ikkje særleg engasjert og fekk heller ikkje noko lyst til å lesa meir om Munch.

11. april 2018

Favorittforfattarar: R

For bokstaven R vil eg gjerne slå eit slag for biografiar og biografar. Dei eg har plukka ut her er begge svært dyktige når det gjeld å fortelja interessante historiar om meir eller mindre interessante menneske. Den fyrste har vore ein stor favoritt sidan tidleg ungdomstid, den andre vart eg merksam på for tre år sidan i samband med biografiutfordringa på Moshonista sin blogg.


Richard Herrmann

Norsk forfattar og journalist 1919 - 2010.

Richard Herrmann var NRK sin London-korrespondent i årevis. Då leverte han mengder av interessante, lærerike og underhaldande innslag til radiolyttarane. Fleire av desse radioforteljingane/kåseria danna grunnlag for bøker, mellom dei Mine gleders by og Da ballen ble rund, der han tek for seg England, britar og britisk kultur.

Han var også ein dyktig formidlar av britisk historie, noko han særleg synte gjennom dei tre bøkene om dronningane Elizabeth I, Maria Stuart og Victoria og deira samtid.
Har du meir sans for det kriminelle og morbide enn for det politiske og konstitusjonelle, kan eg anbefala Herrmann sine historiar om berømte britiske mordsaker. Desse true crime-historiane er samla i lydbøkene Brudene i badekaret, Død mann fra skyene, Seks skudd ved stengetid og Med kniv om natten.


Ragnar Kvam jr.

Norsk forfattar og journalist f. 1942.

Far til denne forfattaren (som også var forfattar) hadde same namn, og dermed har "junior" blitt hengande ved Ragnar Kvam. Det var då eg las biografien om Hjalmar Johansen, Den tredje mann, at eg oppdaga kor dyktig Kvam er til å formidla stemningar og skildringar av både menneske, hendingar og miljø. Boka gav meirsmak og i løpet av eit par biosirkelrundar las eg så om Knud Bull og om Dei fire store Amundsen, Nansen, Scott og Shackleton.

Ragnar Kvam har også skrive eit omfattande biografiverk om verdens mest berømte nordmann, Thor Heyerdal. Eg har lest den fyrste, og sjølv om eg altså likar Kvam sin skrivestil, føler eg at eg no veit nok om Thor Heyerdahl - så det er uvisst om eg kjem til å lesa dei to gjenståande bøkene.

Det må óg nemnast at Ragnar Kvam har utgitt fleire bøker om sine eigne opplevingar i samband med reiser og jordomseglingar.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

På R finst det ein heil del forfattarar innan mange ulike sjangrar. Eg kan t.d. nemna Roald Dahl, Ruth Rendell, Robert Ludlum, Roy Jacobsen, Rolf Jacobsen, Roar Sørensen og Rune Timberlid.

8. april 2018

Smakebit på søndag? Ja så menn

Det er søndag - noko som betyr at det er høve til å dela smakebitar frå bøkene ein les på bloggen Betraktninger. Mitt bidrag denne søndagen er frå Ja så menn av Frank McCourt (Originaltittel 'Tis). Boka er eit framhald av erindringsromanen Engelen på det sjuende trinn (Angela's ashes) som eg las i januar og som gjorde sterkt inntrykk på meg.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Aschehoug 1999
469 sider
Lånt ebok Nasjonalbiblioteket

Ja så menn tek til der den fyrste boka sluttar; med at Frank forlet Irland og vender tilbake til byen der han vart fødd; New York. Han er blitt 17 år og har streva og spara for å få råd til reisa - og er klar for livet i "mulighetenes land".
Det skal visa seg at det nye tilværet vert utfordrande for Frank, med sin katolske og irske bakgrunn og oppvekst. Han strevar med dårleg råd, elendige buforhold og med dei sosiale kodane. Jobbmulegheiter finst, men han får ikkje akkurat draumejobben:
"New York var mine drømmers by, men nå som jeg er her, er drømmene vekk, og det er ikke sånn som jeg hadde tenkt i det hele tatt. Jeg hadde aldri trodd at jeg skulle gå rundt i en hotellvestibyle og feie opp etter folk og vaske klosettskålene på toalettene".
Det vert fortalt om ulike jobbar, om militærteneste, om studiar, kompisar, naboar og kjærestar. Gradvis tilpassar Frank seg til det me kallar vaksenlivet og han finn sin plass i det amerikanske samfunnet. Størsteparten av livet sitt arbeidde Frank McCourt som lærar.

Det som vel gjorde sterkast inntrykk i den fyrste boka, var faren sin alkoholisme og at han gong etter gong svikta familien sin. Eg reagerer difor med undring på at også Frank viser teikn til alkoholmisbruk. Burde han ikkje ha lært? Begge foreldra og alle brødrene kom over til USA etter kvart og Frank får også sin eigen familie. Det fyrste ekteskapet var turbulent, men resulterte i alle fall i ei stor glede; dottera Maggie. Det var nok ufatteleg vondt for han å forlata henne:
"Morgenene med Maggie var like gylne eller rosenrøde eller grønne som morgenene med far i Limerick. Til han gikk sin vei, hadde jeg ham for meg sjøl. Til alt raknet, hadde jeg Maggie..."
"...Ekteskapet smuldret bort. Irske katolikker oppvokst i en slum har ingenting til felles med pene piker fra New England, som hadde små gardiner i soveværelsesvinduet, som hadde hvite hansker helt opp til albuene og gikk på skoleball med pene gutter..."
"... (Maggie) må ha skjønt at familien gikk i oppløsning, at faren hennes snart ville bli borte for alltid, slik faren hans var blitt borte for alltid..."
Ja så menn er ei fin og lærerik erindringsbok. Det vert fortalt om lengsel, vanskar og sorger. Om kontrastar, utvikling og urettferdigheit. Om daglegliv, yrkesliv og familieliv. McCourt brukar ein heilt spesiell livleg og levande forteljarmåte; ein skrivestil som er konkret og heilt utan jåleri. Eg har eit inntrykk av at han er like oppriktig og ærleg i denne boka som i Engelen på det sjuende trinn, men denne er nok ikkje like hjerteskjerande.

6. april 2018

Samleinnlegg: Påskelesing

Ein kjapp gjennomgang/samleomtale av bøker eg las før, i og etter påsken. Det er vel inga bombe at det handlar om ulike former for krim og spenning. Eg byrjar med klassisk britisk krim - noko som etter mi meining er perfekt som påskelesing:


Tre blinde mus og andre historier av Agatha Christie

Aschehoug 2011
187 sider, lånt ebok eBokBib

Musefellen - The Mousetrap - er det teaterstykket som har gått lengst samanhengande på teater. Teaterstykket hadde premiere i 1952 og vert framleis spelt. Stykket byggjer på tittelnovella i denne boka - Tre blinde mus. Novella er underhaldande, har eit fiffig plott og ei overraskande avslutning.

Elles møter me sjølvsagt kjende og kjære figurar som Miss Marple og Hercule Poirot i denne novellesamlinga. Agatha var ein mester i å finna på utspekulerte plott og det får me fleire eksempel på. Dette er puslespelkrim med ikkje altfor mange puslespelbitar, men ein blir gjerne overraska når den aller siste biten vert lagt likevel. Det kan eg lika. Eg likar skildringane av støvete overklasse og landsbyidyll - der misunning, uhygge og ondskap kan skimtast bak fasaden. Og eg likar den tørre humoren.
Eg gir terningkast 4+ til samlinga der Tre blinde mus er høgdepunktet.


Jenta med snø i håret av Ninni Schulman

Cappelen Damm 2013
355 sider, kjøpt pocket


Over til svensk krim og ei bok som har "overvintra" fleire sesongar på hytta - og som omsider vart lest no i påsken. Grei debutroman med eit oversiktleg plott - men det er litt tamt.

Forfattaren er tydeleg inspirert av Camilla Läckberg og Liza Marklund sine krimbøker, og lukkast - eit stykke på veg. Eg meiner: Nysgjerrig journalist med uryddig privatliv som driv si eiga gransking parallellt med politiet si etterforsking er jo noko som me har lest hundre gonger før..
Men bakgrunnshistoria og sjølve tematikken - menneskehandel og prostitusjon + drap - er som alltid opprørande.

Boka er svært fortlest og egentleg ikkje så aller verst tidtrøyte, men er etter min smak og mi meining "for enkel".
Terningkast 3-.


Mannen som jaget sin egen skygge av
David Lagerkrantz

Lydbokforlaget 2017
Speletid 12:53, lånt lydbok biblioteket


Enno ein svensk journalistkrim - men av ein heilt annan kvalitet og kaliber enn den over. Dette er framhaldet av Stieg Larsson sin fantastiske Millenniums-trilogi - og litt mot min vilje (for eg kjenner jo til striden om arven etter Larsson) - vart eg fenga og underholdt av denne boka.

Ein får eit gjensyn med fleire av karakterane frå serien - og Lagercrantz utviklar personane samstundes som han egentleg er tru mot det universet som Stieg Larsson skapte. Det er godt gjort, tykkjer eg. Lagercrantz har rett nok "redusert" Lisbeth Salander til ein bifigur - og han har heller ikkje det same engasjementet som Stieg Larsson hadde for henne.

Sjølv om David Lagercrantz si bok ikkje kan måla seg med Larsson sin trilogi, er ho absolutt leseverdig. I Mannen som jaget sin egen skygge handlar det m.a. om arv og miljø og tvillingforskning, ei sidehistorie som er ganske interessant. Elles er boka drivande og godt samanskrudd, men ho kan oppfattast som litt rotete - i alle fall om ein les ho som lydbok. Anders Ribu gjer forøvrig ein god jobb som opplesar. Terningkast 4+.


Skjult agenda av Emelie Schepp

Gyldendal 2017
377 sider, kjøpt pocket


Tredje del i serien om statsadvokaten Jana Berzelius er også ein svenskekrim etter mitt hjerte. Sjølv om hendingane er tydeleg oppkonstruerte og personane ofte er eindimensjonale (særleg "dei slemme"), så er det ei forteljing med snert og originalitet.

Eg har stor sans for hovudpersonen; den effektive og hardtarbeidande advokaten, elegant i klesvegen, med høge hælar, feiande fram innan pågåande og komplekse saker - men med spesielle eigenskapar og ein heilt spesiell bakgrunn som ho held skjult for omverda. Lesarane får nye drypp frå barne- og ungdomstida hennar bit for bit, bok for bok. Det er ein snedig måte å halda interessa vedlike på.

Emelie Schepp sine bøker anbefalast. Dei er svært spennande og fengande, - men ofte med blodige og brutale innslag. Den fjerde boka i serien (Pappas gutt) kjem ut på norsk i juli. Det vert litt fråtrekk her på grunn av at (ein del av) løysinga er litt for opplagt.
Skjult agenda får terningkast 4.



Opprinnelse av Dan Brown

Bazar 2017
492 sider, lånt papirbok privat


Dette er ein spenningsroman der historie, religion, kunst, kultur, vitenskap og teknologi vert fletta inn på ein "naturleg" måte. Men ein har liksom lest det før. Brown benyttar seg av velkjende og velbrukte triks som han har vore meir heldig med i tidlegare bøker. Det handlar (sjølvsagt) om at nerden Robert Langdon jagar og blir jaga, og (sjølvsagt) har han selskap med ei ung vakker kvinne. Undervegs skal kodar knekkast og ymse hindringar forserast.

Handlinga er hovudsakleg lagt til Spania og ein får besøka både Guggenheim-museet i Bilbao, La Sagrada Familia i Barcelona og mange andre høgkulturelle bygningar og stader.

Eg forventar det storslagne og det nyskapande av ein forfattar som Dan Brown, men dessverre - Opprinnelse er tidvis kjedeleg og lever ikkje opp til forventningane mine. Terningkast 3.



Hennes største frykt av Peter Swanson

Cappelen Damm 2018
318 sider, lånt papirbok biblioteket


Til slutt den boka som overraskande nok vart høgdepunktet i påskelesinga mi. Hennes største frykt er ein psykologisk thriller; bittelitt treg i starten, men vert snart spennande og uhyggeleg - og heilt umuleg å leggja frå seg.

Det handlar om at to personar - ei kvinne busett i London og tremenningen hennar som bur i Boston - har behov for å endra omgivelsar og miljø og som difor bestemmer seg for å bytta bustad for ei tid. Etter kvart får ein vita at dei begge "har ei fortid" - og at "enkelte" er ute etter hevn og oppgjer. Hovudpersonen Kate er både irriterande, interessant og fullstendig uforutsigbar.

Peter Swanson har konstruert ei fantastisk creepy historie. Alt er ikkje like truverdig, men historia er gjennomført og tek tak i lesaren.
Dersom du har eit snev av paranoia, hus- eller mørkeredsel; styr unna denne boka. For alle andre: Løp og les! Terningkast 5. 

2. april 2018

Oppsummering mars 2018

Påbyrja i februar, fullført i mars:
Bernard Minier - Hvis helvete var av is - Fransk krim - Kjøpt lydfil
Malin Persson Giolito - Størst av alt - Svensk krim - Lånt papirbok privat

Lest i mars:
Dan Brown - Opprinnelse - Amerikansk spenning - Lånt papirbok privat
Håkan Nesser - Eugen Kallmanns øyne - Svensk krim - Kjøpt lydfil
Frank McCourt - Ja så menn - Irsk-amerikansk erindringsroman - Lånt ebok nb.no
Agatha Christie - Tre blinde mus og andre historier - Krimnoveller - Lånt ebok eBokBib
Peter Swanson - Hennes største frykt - Amerikansk thriller - Lånt papirbok biblioteket
Ninni Schulman - Jenta med snø i håret - Svensk krim - Kjøpt pocket

Påbyrja i mars, fullførast i april:
David Lagercrantz - Mannen som jaget sin egen skygge - Svensk krim - Lånt lydbok biblioteket
Emelie Schepp - Skjult agenda - Svensk krim - Kjøpt pocket
Erika Fatland - Grensen - Norsk dokumentar - Lånt ebok eBokBib




Mars har vore ein ualminneleg travel månad, både på jobb og i fritid - så eg kan nesten ikkje fatta at eg har klart å lesa såpass mange bøker. Men no er det slik at eg brukar bøker og lesing som rekreasjon og avkobling - og når det er ekstra travelt er det naturlegvis viktig å kobla av når ein kan. Dessutan har det vore litt påskefri. Ingen av marsbøkene mine er av norske forfattarar. Det er "mot normalt" for denne lesar.
  • 4 papir, 2 lyd, 2 ebøker
  • 5 lånt, 3 kjøpt
  • 7 krim/spenning, 1 biografisk roman
  • 3 svenske, 2 amerikanske, 1 irsk-amerikansk, 1 britisk, 1 fransk
  • 3 kvinner, 5 menn
  • Glimt frå draumepåsken 2018
  • "Nye" forfattarar: Minier, Giolito, Schulman



Lesemål - etter fyrste kvartal: 

22/100 bøker totalt
2/8 mursteinar (over 600 s.)
0/25 norske utgitt 2018
3/12 utgitt før 2000
3/10 biografiar
0/15 annan sakprosa
1/6 frå bokhylla
9/40 bokomtalar
6/30 "nye" forfattarar
1/20 Storytel

Eg ligg dårleg an på fleire av delmåla mine, så eg skal prøva å vera meir "bevisst" med omsyn til lesemåla mine framover.

15. mars 2018

Bokomtale: Eugen Kallmanns øyne av Håkan Nesser

Lydbokforlaget 2018
Speletid: 14:59
Opplesar: Jan Erik Madsen
Kjøpt lydfil

Det er alltid med glede og store forventningar eg byrjar på ei Håkan Nesser-bok; denne forfattaren er nemleg ein av mine favorittar. Eg forventar fyrst og fremst å bli underholdt og å bli overraska; eg forventar melankolsk stemning, elegant språkføring, underfundig humor, interessante karakterar og uventa vendingar. Eg forventar ikkje action og sitrande spenning. Håkan Nesser sine kriminalromanar er som oftast saktegåande og spenninga ligg gjerne på eit meir underliggjande plan.

Håkan Nesser leverer denne gongen også: Eugen Kallmanns øyne vart ei god leseoppleving for meg. Forteljinga er gjennomarbeida, velformulert og original på typisk "nessersk" vis. Boka er frittståande og inngår ikkje i nokon serie.

Mannen det vert vist til i tittelen - Eugen Kallmann - er på sett og vis ein slags hovudperson i boka sjølv om han er fråverande. Kallmann er nemleg død. Han døydde under uklare omstendigheiter nokre månader før handlinga tek til. Året er 1995, og me befinn oss i K - småbyen i Norrland som me kjenner att frå tidlegare Nesser-romanar.

Fleire ulike personar har forteljarstemmene i boka, - nokre av dei har ei viss tilknytning til ungdomsskulelæraren Eugen Kallmann: kollegaen Igor, rådgjevaren Ludmilla, skuleeleven Andrea, samt Leon Berger, mannen som overtok jobben og kontoret til Kallmann. Alle desse fire er, kvar på sin måte, opptatt av Kallmann sitt (gåtefulle) liv og (mystiske) død. Han må ha vore ein person med mange sider og kvalitetar og det vert framheva at han var ein svært populær lærar som brukte uortodokse undervisningsmetodar. Men elles - kven var Kallmann - egentleg? Kvifor skifta han namn? Kvifor skjulte han bakgrunnen sin? Er dagboknotatane hans røyndom eller fantasi? Døydde han i ei ulykke eller vart han drept? Kven har i såfall motiv for å ta populære Kallmann av dage?

"Amatøretterforskarane" finn, kvar for seg og gruppevis, gradvis fram til Kallmann sine hemmelegheiter - men dei opplever på same tid at enkelte hendingar vert meir uklare. Samstundes skjer det urovekkande ting på skulen i K. Det handlar om rasisme og nynazisme, demonstrasjonar og motdemonstrasjonar, frykt og uro. Og uroa eskalerer.

Historia vert fortalt på ein langsam og snirklete måte. Det kjem stadig små detaljar som gjer det enkelt å sjå for seg kva som skjer, både i "notid" og fortid. Ein vert godt kjend med personane og familiane deira og for enkelte vert livet snudd på hovudet.

Eugen Kallmanns øyne er ingen tradisjonell kriminalroman. Ein bør kanskje heller kalla boka ein roman - som rett nok inneheld eit par mord eller tre. Nesser er ein god forteljar, og på ein særeigen måte får han fram sider ved samfunnet og enkeltmenneske som er til ettertanke for oss alle. Det handlar om store og grunnleggjande forhold og det handlar om personlege forhold som er viktig for at livet skal verta meiningsfullt. Lesaren får kjennskap til det som skjer frå fleire ulike synsvinklar. På den måten vert det skapt eit fullstendig bilete av det som hender og har hendt. Men det viser seg at sakene er uhyre kompliserte og at det skal gå lang tid før det heile får ei oppklaring.

Språkleg sett er boka stemningsfull, melankolsk, elegant og vittig. Håkan Nesser har eit gjennomført og eige språkleg uttrykk som kjem godt fram i denne boka. Ein finn humor og ironi, men også djupt alvor. Boka er lang til å vera av Nesser og er ein smule omstendeleg - eller kanskje grundig er eit meir dekkande ord. Lesaren får i alle fall utfyllande og logiske svar på det som må ha dukka opp av spørsmål og uklarheiter i løpet av lesinga. Om noko skal pirkast på er det at forteljarstemmene er litt for like. Det kan oppfattast som merkeleg at fleire såpass ulike personar skal uttrykka seg på nesten same måte. Men dette er altså småpirk som ikkje forringar leseopplevinga.

Lydboka vert lest av Jan Erik Madsen; ei ny stemme for meg. Han viste seg å vera både dyktig og behageleg å høyra på. Han les litt sakte, men det er etter mitt syn heilt riktig når det gjeld denne boka. Dette er ei bok som ein ikkje bør rasa gjennom.

Andre bloggmeiningar: Leffes labLottens bokbloggJohannas deckarhörna

Eg avsluttar denne omtalen med å sitera anmeldaren i Aftonbladet som skreiv dette: "Eugen Kallmans ögon är ett slags credo om att människan sannerligen är ett mysterium, ett statement om att vi alla på ett sätt lever i en häpnadsväckande gåta. Det är vackert, inte alls okomplicerat. Det är däremot välformulerat, njutbart. Att läsa Nesser är som att ro på ett mycket stilla vatten och djupt under ytan ana en annan värld, närvarande och fjärran på en och samma gång."

11. mars 2018

Kort om: Hvis helvete var av is av Bernard Minier

Lydbokforlaget 2017
Speletid 21:05
Opplesar Yngve Berven

Kjøpt lydfil

Denne våren er Bernard Minier aktuell med En sang for druknede sjeler, og eg fann då ut at det var på tide å lesa fjorårets Hvis helvete var av is. Eg har lagt merke til at boka har fått gode kritikkar og hadde difor ganske høge forventningar til denne. Dei vart berre delvis innfridde.

Boka startar med ein pangopning, men vert etter kvart svært langsam og omstendeleg - og dessutan ein smule forvirrande og irriterande. Det var også vanskeleg å ta til seg den stemninga som forfattaren har lagt opp til. La meg her leggja til at eg ikkje hadde erfaring med Minier og forfattaren sin skrivestil frå før.

Handlinga er lagt til ein avsidesliggjande stad i dei franske Pyrineene og forfattaren gjentek i det uendelege kor dystert, kaldt og uhyggeleg dette landskapet er. Historia startar med at det vert funne ein hovudlaus daud hest, plassert og dandert på ein særs oppsiktsvekkjande måte. Eigar av hesten er ein velståande forretningsmann og politiet spekulerer i om drapet på hesten er ein personleg hevnaksjon. Men så finn dei DNA'et til ein seriemordar på åstaden. Problemet er at denne personen sit innesperra i ein høgsikkerheits psykiatrisk institusjon - og det heile er fullstendig uforklarleg og mystisk. Inn kjem så "vår mann" kriminalførstebetjent Martin Servaz for å bistå det lokale politiet og gendarmeriet. Snart skjer det eit nytt spektakulært drap - denne gongen på eit menneske - og det synest openbart at det har samanheng med hestedrapet. Alt har dessutan ei viss tilknyting til nokre tragiske hendingar som fann stad i området for fleire år tilbake.

Mange ting skjer på ein gong, og det er slett ikkje enkelt å halda oversikt over hendingar, stader, motiv, personar og synsvinklar. For som sagt; det er ufatteleg omstendeleg - lydboka varer i 21 timar og papirutgåva er på heile 632 sider. Eg tykkjer boka er "overbefolka" og inneheld stadig nye unødvendige vinklingar. Det eg reagerer mest på er alle dei flate personskildringane og dei svulstige og gjentekne miljøskildringane. Men det er rart med det; etter kvart som ein les (lyttar) og historia "går seg til", legg ein ikkje så godt merke til det som irriterer lenger.

Hvis helvete var av is er slett ikkje uinteressant og uspennande og sett i ettertid vart det ei relativt brukbar leseoppleving. Det er muleg at eg hadde likt boka betre om eg hadde lest ho sjølv, dvs. i papir- eller ebokformat. Yngve Berven les lydboka greit og tydeleg, men eg vart fyrst og fremst letta då eg endeleg var ferdig. Eg fekk aldri god nok "kjemi" med boka og kjem neppe til å lesa oppfølgjaren.

Andre bokbloggarar har ei meir positiv oppfatning av denne boka:
Tine sin blogg, ebokhylla mi, Heartart, Artemisias verden, Bjørnebok