30. desember 2013

Oppsummering desember

Påbyrja i november, fullført i desember:
John Færseth - KonspiraNorge - Dokumentar - Papirbok lånt av bror
Frode Eie Larsen - Jordtårer - Norsk krim - Papirbok lånt på biblioteket

Lest i desember:
Ildefonso Falcones - Barfotdronningen - Roman - Lydfil fått frå Lydbokforlaget
Hans-Olav Thyvold - Little Steven - fra New Jersey til Lillyhammer - Biografi - Kjøpt ebok
Arne Dahl - Dødsmesse - Svensk krim - Kjøpt pocketbok
Levi Henriksen - Bare mjuke pakker under treet - Noveller - Papirbok lånt på biblioteket
Knut Faldbakken - Turisten - Norsk krim - Papirbok lånt av mor
Jens Brekke - Dei seie so - Humor - Papirbok fått i julegåve
Jan Eggum og Bård Ose - Popminner - en reise i norsk pophistorie - Papirbok lånt av mor

Påbyrja i desember, fullførast i januar:
Stephen King, Roald Dahl, John Steinbeck, Ray Bradbury m.fl. - Stemmen i natten og andre grøsserhistorier - Krimnoveller - Lydbok lånt på biblioteket


Les også:
Leseåret 2013 frå A til Å
Oppsummering leseåret 2013. Tørre tal.

28. desember 2013

Oppsummering leseåret 2013. Tørre tal.

Desse tørre tala har vel noko avgrensa interesse. Eg har laga dette innlegget mest for min eigen del.

128 bøker er lest til no i 2013. Eg reknar med å få høve til å lesa ferdig dei to bøkene eg driv med før me seier Godt nytt år, så det endelege talet kjem altså til å bli 130. Eg har skrive bokomtalar om 62 av desse.

Sjanger
80 krim/thriller/spenning
6 dokumentar/biografiar
7 humor/satire
9 novellesamlingar
Resten er annan skjønnlitteratur og det eg kallar vanlege romanar.
Av desse igjen er det 2 1001-bøker.

0 klassikarar
0 fantasy
0 sci-fi
0 barne- og ungdomsbøker
0 lyrikk
(...så her er kanskje litt å utfordra seg sjølv på i tida som kjem?)

Nasjonalitet 
63 av bøkene er av norske forfattarar
23 er svenske
Resten er danske, britiske og amerikanske, -
-  i tillegg har eg lese bøker av ein japansk, ein iransk, ein palestinsk, ein spansk, ein australsk og ein cubansk forfattar.

Kjønn (forfattarar)
50 kvinnelege
87 mannlege
(nokre av bøkene har forfattarar av begge kjønn)

Forfattarar
79 ulike
Eg har lese 5 bøker av Agatha Christie
5 av Haruki Murakami (dersom ein reknar 1Q84 som tre bøker)
4 av Arne Dahl
3 av Helga Flatland
3 av Britt Karin Larsen
3 av Mo Hayder
3 av Gillian Flynn
3 av Birger Baug
Alle dei andre har eg då lese 1 og 2 bøker av. Novellesamlingar med fleire ulike forfattarar har eg ikkje teke med her.

Karakter - Terningkast 
  3  har fått terningkast 6
47 har fått terningkast 5
69 har fått terningkast 4
10 har fått terningkast 3
  1 bok fekk terningkast 2
og ei bok vart avbrutt, utan noko terningkast.

Format
53 lydbøker
3 ebøker
Resten - 74 - papirbøker, innbundne og paperback

Kjøpt/lånt/fått
37 kjøpt/fått og frå hylla mi
21 lånt av familie
59 lånt på bibliotek
13 lese-/lytte-eksemplar

Les også: Leseåret 2013 frå A til Å

27. desember 2013

Dei seie so...

Eg har nytta 2. juledag til å lesa Dei seie so... om sogningen, sunnfjordingen og nordfjordingen av Jens Brekke. Boka kom ut på Selja forlag i 2010, men var ei av årets julegåver her i huset. Brekke er lærar og kulturarbeidar frå Vik i Sogn. I denne boka skriv han om skilnadane på oss som bur i dei tre fogderia i Sogn og Fjordane - sogningar, sunnfjordingar og nordfjordingar. Det gjer han på ein sjølvironisk, morosam og underhaldande måte.

Sogn og Fjordane fylke har eksistert i 250 år i år; i 1763 vart Bergenhus Amt delt inn i ein søndre og nordre del, det som i dag er Hordaland og Sogn og Fjordane. Men i desse åra har det ofte vore hard fogderistrid (t.d. vegkrangel og sjukehusstrid) mellom sleivkjefta sogningar, 
trauste sunnfjordingar og 
disiplinerte nordfjordingar. Etter 250 år er faktisk ikkje samkjensla og integreringa fullført. Til det er me kanskje for ulike?

Brekke skildrar lynnet til oss tre (sogningar, sunnfjordingar og nordfjordingar) - på denne måten:
Sogningen, sunnfjordingen og nordfjordingen fekk i oppdrag å koma seg gjennom ei stengd dør så raskt som råd.
Sunnfjordingen venta litt før han tok i døra, konstaterte at ho faktisk var låst og gav opp.
Nordfjordingen kjende også først etter om døra var låst, før han fann ein streng og dirka opp låsen.
Sogningen tok springfart, spende den eine foten tvers gjennom døra og hinka rundt på den andre dei neste tre vekene.
Dei seie so.... er ei bok fylt med historiar og anekdotar, om sant og usant om oss som bur i fjordfylket; fjogningane. Kven er me, kva er typisk for oss og korleis oppfattar andre oss? Brekke har ei spesiell og fornøyeleg stemme, og eg har kosa meg og humra meg gjennom denne boka.

Boka inneheld også gode illustrasjonar av Arnstein Mygland. 

23. desember 2013

God jul!

Alf Prøysen sine skildringar av julestemning og juleforventningar er noko av det mest "julete" eg kan tenkja meg. Tenk berre på Musevisa, Julekveldsvise, Julepresangen og Romjulsdrøm - udødelege og kjente og kjære alle saman.

Med forteljinga Snekker Andersen og julenissen ønskjer eg alle blogglesarar ei koseleg og fredfull jul.



21. desember 2013

Bokomtale: Dødsmesse av Arne Dahl

Cappelen Damm 2009
Oversetjar: Einar Blomgren
Originaltittel: Dödsmässa
367 sider


Eg har hatt eit "prosjekt" gåande ei tid, nemleg å lesa alle dei ti bøkene i serien om A-gruppen av Arne Dahl. To av bøkene las eg for nokre år sidan, dei resterande åtte har eg "fordelt" utover i tid; i fjor, i år og til neste år. Eg ønskjer ikkje å lesa dei rett etter kvarandre. Bøkene må nemleg nytast, gode er dei.

Dersom ein skal freista å karakterisera Arne Dahl og bokserien om A-gruppen, kan ein sei følgjande: Sjöwall og Wahlöö møter Håkan Nesser. Med andre ord: Topp kriminallitteratur med samfunnskritikk, intelligens, språkleg eleganse, mørk humor og ironisk snert. Dødsmesse er nummer sju i serien og kan godt lesast som ein frittståande krimroman, men eg rår til å lesa bøkene i serien i kronologisk rekkefølge.

A-gruppen er ein spesialavdeling i det svenske politiet som etterforskar valdelege brotsverk med internasjonale tilsnitt. I dei fyrste bøkene er Jan-Olov Hultin leiar i gruppa medan Paul Hjelm er hovudperson, - men perspektivet skiftar mellom dei forskjellige medlemmene i gruppa. I starten av Dødsmesse er både Hultin og Hjelm ute av A-gruppen; fyrstnemnde er blitt pensjonist og Hjelm har fått ein ny stilling innan interngransking. Så skjer dramatiske ting som gjer at dei begge i all hast vert kalla inn att i spesialgruppa dei egentleg har slutta i.

Cilla Hjelm, ekskona til Paul Hjelm, har ei sentral rolle i handlinga i Dødsmesse. Ho vert ein av gislane når to ranarar inntek ein bank på Östermalm. Ranarane plasserer sprengstoff rundt i banklokalet og heile nabolaget vert evakuert - men gisseltakarane/ranarane oppfører seg merkeleg og amatørmessig. Dei legg ikkje eingong merke til at Cilla sender tekstmeldingar til eksmannen sin. Cilla ser for seg Norrmalmstorgdramaet i 1973 og lurer på kor lang tid det går før ho vert råka av stockholmsyndromet. Arne Dahl får lesaren til å leva seg inn i den nervepirrande gisselsituasjonen, som utviklar seg på ein besynderleg måte.

Parallellt får me andre historiar. Ei av dei er frå 2. verdskrig og vert presentert som dagboksnotat. Sjølve hovudhistoria går føre seg i 2003, på den tida oljekrigen i Irak braut ut. Dei andre hendingane har samanheng med akkurat dette: Nemleg at oljen er rota til alt vondt. Eit heilt kapittel i boka inneheld faktisk talen som president Bush heldt til nasjonen før invasjonen av Irak fann stad.

Andre hendingar er at Gunnar Nyberg vert som besatt av Khiosmassakren i 1822 og at Arto Söderstedt, eit anna medlem av A-gruppen, får tilslaget når eit gammal skrivebord vert auksjonert bort. Elles handlar det om gamle fossilar og gamle agentar frå CIA, MI6 og Stasi. Mellom anna.

Og så vert det referert til musikken. Bakom alt høyrer Paul Hjelm Mozart. Mozarts Rekviem; dødsmessa - verket som ikkje vart fullført av den døyande komponisten.

Dei ulike historiane og den oppdelte handlinga vert presentert i akkurat passe dosar og det heile flyt riktig fint. Samfunnskritikken er like skarp som i dei tidlegare bøkene i serien. Persongalleriet er som før fyllt av interessante personar. Språkleg sett er det variert, elegant og stilsikkert. Dei mange lause trådane vert nøsta opp på ein overbevisande måte. Dødsmesse er ei svært underhaldande og spennande bok med både aktuelle og historiske hendingar, gode og originale skildringar, meisterleg komponert og med ein veldig bra avslutning. Stort meir kan ein egentleg ikkje forlanga av ei bok.

Bok nummer åtte i bokserien om A-gruppen er Mørketall, og den har eg lest tidlegare, for 4-5 år sidan, - så eg hugsar ikkje heilt kva den handlar om - berre at eg tykte boka var veldig god. Det er muleg eg må skumma meg gjennom den før eg tek til på dei to siste; Etterskjelv og Himmeløyet.

Les også:
A-gruppen - svensk kvalitetskrim
Smakebit av Misterioso
Smakebit av Blind jakt
Smakebit av Skjulte dyp

18. desember 2013

Fin julebok

Det er berre nokre få dagar til jul; folk går rundt på kjøpesentra i "julepsykosen"; tomme blikk og (nesten) tomme lommebøker. Eg prøver alt eg kan å unngå juleforventningar, julekrav, julemas og julestress - eg har lyst til å finna roen og ettertanken, - som vel jula handlar mykje om.

No har eg i alle fall funne ei bok å roa meg ned med. Ei bok med forteljingar om det mislykka og ufullkomne, men også om tru og håp. Eg les i novellesamlinga Bare mjuke pakker under treet av Levi Henriksen. Boka vart lånt på biblioteket med tanke på julelesing, men eg har alt lest ein heil del. Dette er fine og koselege forteljingar til ettertanke. Perfekt lesestoff akkurat no.

Bare mjuke pakker under treet er ei fin samling noveller der jul og juleforventningar er tema. Det er jul i Skogli, Henriksen si fiktive bygd som me kjenner att frå fleire andre bøker av denne forfattaren. Denne boka kom ut i 2005 og vart då godt motteken både av lesarar og kritikarar.

Jula er ei vanskeleg tid for mange. Særleg for folk som er einsame; ein vert gjerne ekstra einsam sidan det er forventa at ein skal kosa seg så veldig med vener og famile i jula. Me får møta fleire personar som har det litt vanskeleg i denne boka. Henriksen skildrar dei alle med varme og innleving. Språket er enkelt, ujålete og muntleg. Historiane er kvardagslege, fine og litt såre.

Og litt sentimentalitet er fint, i alle fall når det snart er jul. Boka anbefalast!

16. desember 2013

Biografilesesirkel: Little Steven - fra New Jersey til Lilyhammer av Hans-Olav Thyvold

Kagge forlag 2013
170 sider
Kjøpt ebok


Dette er mitt bidrag til Ingalill - Moshonista - sin biosirkel, som i runde 4 har "Silverscreens/Dirty Stages" som tema. Eg valde meg til slutt (og tilfeldigvis) Hans-Olav Thyvold si nye bok om Steven Van Zandt.

Van Zandt - Little Steven - er ikkje fyrst og fremst kjend som skodespelar, - han er meir kjend som musikar, låtskrivar, artist, gitarist, produsent, politisk aktivist og radio-DJ. For det store og breie publikum (som det heiter) er han nok best kjend som venen til The Boss og medlem av The E Street band og - i seinare tid - i rolla som Silvio Dante i Sopranos. For mange nordmenn er han i løpet av det siste året også blitt ein kjær og kjend figur i Lilyhammer, som Frank Tagliano/Giovanni Henriksen.

Forfattar Hans-Olav Thyvold kom ut med bok om kompisen til Van Zandt i fjor; Bruce Springsteen - Den siste amerikaner. Årets bok, Little Steven - fra New Jersey til Lilyhammer, er ei portrettbok basert på intervju forfattaren har hatt med Van Zandt frå 1984 til i år, samt opplysningar frå andre kjelder.

Ein vert ikkje noko særleg mykje meir "kjend med" Steven Van Zandt etter å ha lese denne minibiografien (ein kan finna mykje meir stoff om mannen ved å gjera eit google-søk), men eg har funne enkelte småinteressante ting å hygga meg med i denne tynne boka. Thyvold skriv om venskapet og turnélivet med Springsteen, brotet med The E street band, om den heller mislykka solokarrieren, om den politiske oppvakninga og engasjementet på 80-talet, og om kor absurd han fann det då han debuterte som skodespelar i Sopranos i ein alder av 47. Faktisk vart Van Zandt tildelt rollen som Tony Soprano himself, men han enda altså opp med rolla som høgrehanda Silvio Dante.

Det er få avsløringar om den private biten av Van Zandt i boka, og berre litt om oppveksten i New Jersey på 50- og 60-talet. Og berre litt sex, drugs and rock'n'roll:
"Alt jeg hadde brydd meg om, var rock and roll, med sex på en annenplass et godt stykke bak. Jeg testet ut dop, men det ble en svært kortvarig affære for min del...Damer elsker kokain, men det gjør ikke peniser."
Thyvold vekslar mellom sitt eige og Van Zandt sitt perspektiv. Dette har vorte kritisert av ymse anmeldarar har eg sett, men sjølv tykkjer eg at det fungerer greitt. Det er ikkje komplisert å halde styr på kven som fortel. Forfattaren legg tydeleg vekt på "ein hyggeleg tone", og det er forsåvidt også blitt ei hyggeleg bok. Men det er ei bok for oss som er spesielt interesserte, for oss som har eit forhold til The River og Born in the USA, til anti-apartheid og Sun City, og til Sopranos og Lilyhammer.

Men sjølv for folk som i utgangspunktet er positive til ei bok om Little Steven, vert det for lite og for tynt. "Biografien" Little Steven - fra New Jersey til Lilyhammer er akkurat det; ein biografi i hermeteikn, - ein liksombiografi. Det vert lite for pengane, rett og slett.

Gutta boys. Bruce Springsteen og Steven Van Zandt på jobb.

15. desember 2013

Leseåret 2013 frå A til Å

Det er enno att eit par veker av 2013, men eg er så smått byrja å summera opp leseåret som snart er over.
----------------------

A for Alexander og Alexandra Ahndoril, aka Lars Kepler. Sandmannen er ei av tre bøker som har fått terningkast 6 frå meg i 2013.

B for Barbarottikvintetten, som Håkan Nesser har fullført med stil med De sørgende.

C for Utsikten fra Castle Rock. Tittel på novellesamling frå årets Nobelprisvinnar i litteratur, Alice Munro.

D for Fredric Drum. Krimhelt, kodeknekker og gourmetkokk - skapt av Gert Nygårdshaug. Årets Drumbok - den ellevte - har tittelen Pergamentet. Hovudpersonen i denne er onkel Skarphedin Olsen.

E for Jerker Eriksson & Håkan Sundquist. Svensk forfattarduo. Victoria Bergmans svakhet er ein trilogi om dei mørkaste avkrokane i menneskesinnet. Kun for hardbalne og røynde krimlesarar.

F for Finnskogen og Britt Karin Larsen sine fine bøker.

G for Gretchen Lowell, den vakre seriemordaren i Chelsea Cain sin thrillerserie. Døden to ganger er ei spennande, ekkel og skrekkeleg god bok.

H for Helga Flatland og hennar glimrande trilogi Reis hvis du kan. Bli hvis du må, Alle vil hjem. Ingen vil tilbake og Det finnes ingen helhet. Om sorg, tap og død. Om å høyra til. Utan sentimentalitet. Anbefalast på det varmaste.

I  for Inferno. Eg likar Dan Brown og Robert Langdon.

J for Japan. Eg oppdaga Murakami i 2013.

K for Kjerringer. Helene Uri si bok vart den einaste eg avbraut i 2013.

L for Lydbok. Gode stemmer og gode bøker kortar ned alt som er kjedeleg. Venting, reising og husarbeid går som ein leik med bok på øyret.

M for MHayder. Ei dame som er råare enn dei fleste. I 2013 har eg fått med meg både Kuren, Borte og Hanging Hill.

N for Viggo Norlander og Gunnar Nyberg. To av medlemmene i A-gruppen. Arne Dahl sin eminente serie om gruppa fortener fleire lesarar. Stil- og temamessig kan bøkene karakteriserast som "Sjöwall & Wahlöö møter Håkan Nesser". I år har eg lest Blind jakt, Europa blues, Skjulte dyp og Dødsmesse.

O for Hans Olav Lahlum, som kom med ny retrokrim - Kameleonmenneskene - i 2013.

P for Politi. Say no more.

Q for Avdeling Q. Jussi Adler-Olsen gav i år ut Marco-effekten, bok nummer fem i serien om Carl, Assad og Rose i avdeling Q.

R for Marit Reiersgård og Ingelin Røssland. Eg vart positivt overraska over Stolpesnø og Kirsebærsnø.

S for Roar Sørensen og Smertens Aveny. Ei av dei bøkene som gjorde mest inntrykk på meg dette året. Hardkokt krim med godt plott og sterke skildringar.

T for Thomas Lynley og Denne dødens kropp. Den tjukkaste boka eg las i 2013. Elizabeth George er tilbake på sporet.

U for ullpledd. Toppen på lukke: Godstol, bok og pledd.

V for Vigmostad og Bjørke. Norsk forlag, utgjevar av m.a. Det store århundret.

W for Jacob Weinreich og Anders Rønnow Klarlund. Dansk forfattarduo. Betre kjende som A.J. Kazinski og forfattarar av Den siste gode mann og Søvnen og døden.

X for X, krimbok av Helge Thime-Iversen. Lovande debut, terningkast 4.

Y for Mannen som elsket Yngve - og den har eg ikkje lest i år, men bokstaven Y var så vrien.. Tore Renberg gav ut Vi ses i morgen i 2013.

Z for Mengele Zoo. Endeleg har eg lese folkets favoritt.

Æ for John Færseth, forfattar av KonspiraNorge. Underhaldande og skremmande dokumentar om konspirasjonsteoriar.

Ø for Øystein Wiik. Operakrimforfattar, Casanovasyndromet er årets mest elleville krim.

Å for Åpne sår. Eg har lest - og likt - dei tre bøkene til Gillian Flynn i år.

------------------------------

.. Dette var eit lite utval av det eg las i 2013.
Eg er snart klar for eit nytt alfabet og eit nytt leseår i 2014.

10. desember 2013

Alice Munro - Utsikten fra Castle Rock

Gyldendal 2008
Oversetjar: Aase Gjerdrum
313 sider


Den kanadiske novelleforfattaren Alice Munro mottek i dag Nobelprisen i litteratur for 2013. I samband med tildelinga inviterte bokbloggar Bjørg i Mellom linjene til "samlesing" av forfattaren - og til å publisera eit blogginnlegg på denne dagen - for å hylla årets nobelprisvinnar. Klikk deg inn for å sjå kva andre bokbloggarar skriv!

Sidan eg aldri hadde lest noko av Munro før, vart denne utfordringa eit glimrande høve til å lesa ei av novellesamlingane hennar. Eg gjekk på biblioteket og lånte Utsikten fra Castle Rock (The View from Castle Rock). Boka vart utgjeven i 2006 og kom på norsk i 2008.

Alice Munro (f. Laidlaw i 1931) vaks opp på eit gardsbruk nær ein småby i Ontario i Canada og debuterte med den fyrste novellesamlinga si i 1968. Etter kvart er ho blitt kjent som den store novellekunstnaren. Munro skriv om små og kvardagslege hendingar og nære relasjonar mellom menneske. Ho skriv enkelt, nært og allmenngyldig.

Fyrste del av Utsikten fra Castle Rock er som ei slektshistorie i novelleformat. Munro fortel om forfedrane og -mødrene som utvandra frå Skottland til Amerika tidleg på 1800-talet. Lesaren får eit innblikk i liva deira før dei drog over havet, om overfarten, om korleis dei livberga seg dei fyrste åra i det nye landet og om det strengt religiøse samfunnet dei tilhøyrde. Om draumar og forventningar, - og skuffelsar og nederlag.

Andre del handlar om Alice Munro sitt eige liv - eller kanskje ikkje. Novellene har i alle fall sjølvbiografiske trekk. Det handlar om barndom, ungdom, forhold til foreldre og slektningar og etter kvart om forholdet til barndomsheimen etter at ho vart vaksen. Munro gir lesaren glimt av den store skilnaden det var mellom folk på den tida Munro vaks opp - økonomisk og materiellt sett. Karakterane hennar er gjenkjennelege - dei liknar på naboen og deg og meg og - ja, "folk flest".

Dei 12 novellene i boka er kronologiske og spenner frå 1700-talet og heilt fram til våre dagar. I vid forstand handlar historiane om samhandling mellom menneske, men heilt sentralt er også nærleiken til natur, jord og landskap. Kva som er "sanning" og kva som er fiksjon når det gjeld historiane hennar, er uvisst. Som forfattaren sjølv seier i forordet sitt: "- jeg utforsket et liv, mitt eget liv, men ikke strengt og dokumentarisk. Jeg plasserte meg selv i sentrum og skrev om dette selvet, så inngående jeg kunne. Men skikkelsene som omga dette selvet, fikk sine egne liv og sine egne farger og gjorde ting de ikke hadde gjort i det virkelige liv."

I Wikipedia står det om Alice Munro sitt forfattarskap: "Fortellingene hennes dreier seg om mellommenneskelige forhold sett i et hverdagslig perspektiv". Det er ganske godt sagt. Ein får same kjensla når ein les denne boka som den ein får når ein lyttar til eit eldre menneske som fortel om "gamle dagar"; ikkje så veldig spennande - men likevel interessant, lærerikt og til ettertanke. Munro skriv nostalgisk, men ikkje romantisk. Distansert, men likevel nært. Og nært utan at det vert ubehageleg intimt og utleverande.

Eg likte godt dei skiftande stemningane, det fine språket og den lågmælte stilen i denne novellesamlinga. Alice Munro sine noveller kjem eg til å lesa meir av.

5. desember 2013

Bokomtale: Jordtårer av Frode Eie Larsen

Liv forlag 2013
272 sider

Lånt på biblioteket

Jordtårer er den frittståande oppfølgjaren til kriminalromanane Hemmeligheten og Frostrøyk. Eg har ikkje lese desse to, men starta rett på bok nummer tre.

Tittelen er fin og spennande og det startar utruleg fengande:

"Han børstet vekk jord og småstein, tok med seg klumpen opp av hullet og satte seg på gresset for å se på den.
Det var ikke gull.
Hodeskallen gliste mot ham, med to tomme øyne. Mørk jord laget skitne streker på det hvite. Det var akkurat som om skallen gråt.
Jordtårer."


Ein unggut som grev opp gamle menneskeknoklar, ein prest som ber på gamle mørke familiehemmelegheiter, ein bonde som vert drept, ei gammal nabodame som ikkje fortel alt ho veit. Samt ein politimann som strevar med eks'en sin og ein nysgjerrig journalist med ein enno meir nysgjerrig kjæreste. Dette er nokre av personane og hendingane lesaren vert presentert for.

Her er ingen einsam krimhelt i hovudrolla. Eg-person og forteljar er journalisten Oskar Myhre, men også to andre personar er med på å løysa mysteria; kjæresten Jessica og kompisen og politimannen Eddi Stubb. Forfattaren skiftar stadig perspektiv mellom desse og andre aktørar i boka. Han legg ut mange lause trådar, skapar ei litt uhyggeleg og mørk stemning, byggjer opp spenning og alt legg til rette for ei slukebok for ein krimelskar.
Men midtvegs i boka "stoppar det opp" for denne lesaren. Dessverre.

Spoiler-advarsel!
Resten av denne omtalen inneheld ting som avslører sentrale deler av handlinga. 

Det kjem nemleg enno eit par lause trådar - som berre vagt og glimtvis har noko med dei andre sakene å gjera. I all kriminallitteratur finst eit par viktige moment: Til slutt skal alt henga saman - gjerne på ein finurleg måte, og alle trådane skal samlast slik at lesaren ser ei løysing og ei oppklaring. Saka med det kidnappa barnet og dei hjelpelause tenåringsforeldra er etter mi meining berre eit irriterande sidespor.

Løysinga og oppklaringa av det gamle mysteriet er forferdeleg og grusomt. Så skrekkeleg at det vert for mykje. Så redselsfullt at eg rett og slett ikkje trur på historia lenger. Forskrudd religiøsitet som motiv har vore brukt i mange kriminalromanar tidlegare, men her vert det dradd vel langt. Ei anna innvending mot innhaldet i boka er det praktiske, polititekniske og -taktiske. Sidan det er lagt opp til ei "realistisk" krimbok, virkar det litt rart at kun to politifolk etterforskar desse grove brotsverka.

Dei to sentrale personane i etterforskinga, Eddi og Oskar, er sympatiske og normale, - så normale at dei er utan personlegheit og sjarm - og dermed lette å gløyma. (Det er mykje lettare å lika og hugsa ein litt sprø og eksentrisk krimhelt!)

Når det gjeld skildringa av den tilbakeståande guten er forfattaren derimot veldig bra. Her syner Eie Larsen varme, innsikt og innleving.

Jordtårer er lettlest og fortlest. Eg har ingenting å innvenda når det gjeld språkflyt og komposisjon. På det feltet er forfattaren dyktig og har gjort eit grundig arbeid. Det er sjølve krimforteljinga og den uforløyste spenninga eg ikkje klarar å lika. Eg likar - som sagt i innleiinga - veldig godt fyrste del av boka, men tykkjer at andre og siste del ikkje står i stil. Eg får ikkje det som det vert lagt opp til, det eg hadde forventa. 

3. desember 2013

Ventar på vinter

...i Maine!

Beathe er no tilbake med spalten "Boken på vent". Treng du boktips og inspirasjon finn du heilt sikkert noko brukande om du klikkar deg inn der.

Mi ventebok denne tysdagen er Vinter i Maine av Gerard Donovan. Det er heilt uvisst kortid denne skal lesast, kan hende vert det ikkje før på nyåret. Eg har ikkje så altfor detaljerte leseplanar.

Forlaget presenterer boka på denne måten:
"Julius Winsome bor godt i skogen, i den gamle hytta, sammen med alle bøkene han arvet etter faren. Og Hobbes, hunden. Helt til den morgenen Julius finner Hobbes skutt i snøen. Hvordan retter man opp igjen tapet av en fullkommen kjærlighet? Vinter i Maine er en enestående roman om sorg, om språk, om ensomhet, om hevn.
Presis og ubehagelig som en thriller, vakker og medrivende som et dikt – like fremmed og likevel menneskelig som bindene med Shakespeare som Julius leser foran peisen om kveldene."


Vinter i Maine har fått mykje god kritikk - boka skal vera både brutal og vakker -  men ikkje alle er enige i rosen. Eg har sett litt på kva andre bokbloggarar meiner:

  • Bøker & bokhyller - ("Den andre" Berit) - vart "stillferdig begeistra" 
  • Jeg leser, derimot, seier "styr unna" og fann boka "meningsløst, opprivende og til å bli kvalm av" 
  • Tine tykte at språket redda boka, men at handlinga er "lite troverdig og helt vanvittig"
  • Tone likte boka og framhevar språket og meiner det "overskygger det brutale i romanen."

Det at ei bok spelar på så mange "strenger" og ulike kjensler hos lesaren, høyrest både fristande og spennande ut...!

1. desember 2013

Oppsummering november

Påbyrja i oktober, fullført i november:
Britt Karin Larsen - Som steinen skinner - Norsk roman - Papirbok lånt av mor
Asle Skredderberget - Smertehimmel - Norsk krim - Papirbok lånt på biblioteket

Lest i november:
Alice Munro - Utsikten fra Castle Rock - Novellesamling - Papirbok lånt på biblioteket
Gert Nygårdshaug - Pergamentet - Norsk krim - Kjøpt lydfil
Hegerberg, Andreassen, Lønning, Guttormsgaard - Black Debbath rockequiz - Humor - Papirbok lånt av son
Jan-Erik Fjell - Hevneren - Norsk krim - Papirbok lånt på biblioteket
Vidar Sundstøl - Besettelsen - Norsk krim - Lydfil fått frå Lydbokforlaget
Hans Olav Lahlum - De fem fyrstikkene - Norsk krim - Kjøpt pocketbok
Helga Flatland - Det finnes ingen helhet - Norsk roman - Lydbok lånt på biblioteket

I tillegg har eg lytta til: Hans Olav Lahlum - Noen betraktninger vedrørende det nært forestående mordet på min nabo Hassan - Norsk krimnovelle - Gratis lydbok på Ordflyt

Påbyrja i november, fullførast i desember:
John Færseth - KonspiraNorge - Dokumentar - Papirbok lånt av bror
Frode Eie Larsen - Jordtårer - Norsk krim - Papirbok lånt på biblioteket

Med unnatak av Alice Munro si novellesamling, er alle bøkene eg har lese/starta på denne månaden norske.

Skjermdump: bokelskere.no

29. november 2013

Bokomtale: Det finnes ingen helhet av Helga Flatland

Lydbokforlaget 2013
Opplesarar: Ingrid Vollan, Nina Woxholtt, Bernhard Ramstad og Jan Martin Johnsen
Speletid: 7:29

Når leseåret 2013 om nokre få veker skal oppsummerast, kjem Helga Flatland sine bøker Bli hvis du kan. Reis hvis du måAlle vil hjem. Ingen vil tilbake og Det finnes ingen helhet til å stå fram som nokre av årets beste leseopplevingar.

Det finnes ingen helhet kan lesast som ein enkeltståande roman, men ein bør absolutt få med seg dei føregåande bøkene også. Miljøet og hovudpersonane er dei same, men forteljarstemmene er nye og perspektivet har såleis endra seg.

Kristian, Tarjei og Trygve vart drept av ei bilbombe i Afghanistan i 2007. Fleire familiar og eit heilt lokalsamfunn vert råka. "Tida leger alle sår" og "livet må gå vidare", heiter det - men det er ikkje så enkelt. I Det finnes ingen helhet er me komne til tidsrommet 2009 - 2012, med enkelte tilbakeblikk.

Ingenting er sikrare enn døden - og få ting er så vanskeleg å snakka om og tenkja på som nettopp død og sorg, men Helga Flatland klarar å formidla dette vanskelege på ein lettfatteleg måte. I denne trilogien handlar om "tredobbel" død og sorg: Tre personar som vart brått rivne vekk så altfor tidleg. Sorga, tapet og sjokket vert utruleg vanskeleg å takla for dei som sit att - og for den som overlevde. Den eine forteljaren i denne boka er Bjørn - fjerdemann på laget, som vart sjuk og ikkje vart med kompisane sine i bilen som vart råka av bilbomba. Han er egentleg ikkje glad for at han fortsatt er i live, - han er misunneleg på dei døde kameratane som har fått heltestatus. Bjørn slit - åleine, fordi han skammar seg og ikkje orkar å snakka med nokon - med sorg, einsemd og skuldkjensle.

Det finnes ingen helhet handlar altså mykje om sorg og sakn - men utan at det blir sentimentalt og klissete, utan moralske peikefingrar, og utan at det vert uuthaldeleg trist. I denne avsluttande boka har det gått ei tid sidan katastrofen, - og sjølv om kjensla av sorg og tap framleis er tilstades, er ein del av det vonde i ferd med å bli dempa. Fleire av personane er i ferd med å forsona seg med det som har hendt - dei tek tak i livet sitt igjen. Ein anar ein viss optimisme når det gjeld framtida. Gradvis og sakte går ting litt lettare.
Karin og Hallvard, Tarjei sine foreldre, vart fullstendig lamma og knuste av sorg etter ulukka. Det er høgst forståeleg: Å mista eit barn må vera det verste nokon kan oppleva. Fem år etter hendinga har dei begge, kvar på sin måte, resignert og gitt opp, - men fungerer for så vidt i samfunnet igjen.
For legen Ragnhild er det annleis. Ho har gjennom arbeidet sitt vore ei støtte og ei hjelp for dei andre, for heile bygda. I tillegg har ho vore Karin si venninne og fortrulege. Når Karin er i ferd med å komma over den svartaste sorga og den djupaste depresjonen vert situasjonen snudd på hovudet: No er det Ragnhild som slit - når Karin og dei andre ikkje treng henne lenger.
Eit anna sentralt tema i boka er dette med å høyra til - om kor viktig det er for alle å ha eit fundament - å høyra til ein familie og i eit lokalsamfunn.

Trilogien har eit politisk bakteppe, men bøkene er ikkje direkte politiske. Noreg sitt engasjement i Afghanistan er omdiskutert - men Flatland tek ikkje standpunkt i saka. Forfattaren held fram at dei tre som omkom i tenesta ikkje reiste til Afghanistan av idealistiske grunnar. Kristian reiste på grunn av eventyrlyst, Tarjei fordi han ikkje orka forventningane frå far sin og Trygve fordi han var skamfull og forvirra over kjærleiken til Sigurd.

Som i dei føregåande bøkene er det fleire ulike forteljarstemmer - og lydbokversjonen har forskjellige opplesarar til desse. Det fungerer veldig bra.

Eg er så glad for at eg fann ut at eg skulle lesa desse bøkene, og anbefalar dei på det sterkaste. Dei kan lesast av absolutt alle, - uavhengig av alder, lesesmak eller interesser. Eg trur alle kan finna dei svært lesverdige, gripande og allmenngyldige. Eg er imponert over forfattaren Helga Flatland; ho har ein innsikt i menneskesinnet som er fenomenal - og denne innsikten vert formidla på ein god måte, med enkle og effektive verkemiddel og med eit enkelt og elegant språk - på både bokmål og nynorsk.

26. november 2013

Bokomtale: Besettelsen av Vidar Sundstøl

Lydbokforlaget 2013
Opplesar: Per Frisch

Speletid: 12:44

Vidar Sundstøl har forflytta seg frå norsk-amerikansk villmarkskrim (Minnesota-trilogien) til egyptisk og romersk arkeologimystikk. Eg hadde store forventningar til Besettelsen fordi eg likte så godt den nemnde Minnesota-trilogien, særleg Drømmenes land, som fekk Rivertonprisen i 2008.

Denne boka bergtok meg ikkje i same grad, men eg fekk - til slutt - ei god leseoppleving denne gongen også. Eg skriv til slutt fordi det gjekk ei tid før historia vart tilstrekkeleg engasjerande. Starten vart nemleg for treg og omstendeleg, noko som gjorde at eg ofte mista konsentrasjonen. Faktisk måtte eg - irriterande nok - lytta til mange av avsnitta fleire gonger for å få med meg innhaldet.

Clive Ohre er hovudperson i denne fyrste boka i ein planlagd serie. Ohre er journalist i eit arkeologisk tidsskrift; ein jobb som gjer at han er på reisefot heile tida. Difor har han ingen stader der han føler seg heime - han er rotlaus og rastlaus. Når han er på reportasjereise i Alexandria - han skal skriva om eit søk etter Aleksander den store sitt gravkammer - vert han innblanda i farlege saker. Han vert nedslegen og rana - ukjende personar er ute etter ein romersk mynt som Clive ein gong fekk av far sin. Faren, som var arkeolog, vart sporlaust vekke i Pompeii i 1985 - og ingen har nokon gong funne ut kva som skjedde den gongen. Dei to mysteria - faren si forsvinning og jakta på Aleksander den store si grav - ser ut til å henga saman på ein mystisk og innfløkt måte. Sentralt i handlinga er konflikta mellom dei som vil oppdaga og avsløra hemmelege og verdifulle skattar frå fortida, og dei som ønskjer at historia skal få ligga i fred.

Besettelsen inneheld spenning og action iblanda mystikk, mord, dramatikk, historie og arkeologi og er interessant og underhaldande lesing. Litt romantikk er det også plass til, samt mange klaustrofobiske skildringar frå underjordiske gravkammer og katakomber. Me vitjar både Alexandria, Napoli og Island, - i notid og i 1985.

Boka vert marknadsført som ein thriller, men eg tykkjer boka har for dårleg tempo til å bli kalla akkurat det. Eg vil heller sei at boka er ein langsam spenningsroman. Sundstøl blandar nemleg inn så mykje fakta, definisjonar og forklaringar inn i handlinga at forteljinga mistar mykje driv og tempo (..men det er for så vidt greitt at ein slepp å bruka tid på google-søk..) Mykje av tematikken er den same som i Tom Egeland sine bøker om Bjørn Beltø, men Sundstøl har likevel ein heilt annan stil; ein mørkare stil. Ohre har heller ikkje same sans for ironi som Beltø, for å sei det slik.

Lydbokversjonen av boka fungerte berre delvis; eg hadde - som nemnd i innleiinga - vanskar med å halda fokus i byrjinga. Mot slutten og i action-scenene er det såpass mykje spenning at det ikkje er vanskeleg å halda konsentrasjonen oppe. Opplesar Per Frisch les litt for sakte og uengasjert etter min smak.

Eg gir boka terningkast fire: ein tre'ar for fyrste del av boka, terningkast fem for del to.

Takk til Lydbokforlaget for lytteeksemplaret.

24. november 2013

På tur med Lahlum

Kvar søndag inviterer Mari med bloggen Flukten fra virkeligheten oss til å komma med ein smakebit frå ei bok me les i. For min del har dette vore ei helg med uvanleg lite lesing. Eg har vore på bytur (Bergen), vore sosial og hatt fokus på heilt andre ting enn bøker. Men - eg har hatt ei bok på lur i veska, (får jo nesten angst om eg ikkje har noko å lesa på eller lytta til!) og har lest heile usle 22 sider av De fem fyrstikkene av Hans Olav Lahlum.

Lahlum sine retrokrim-bøker har eg sett stor pris på. Ikkje fordi dei er så utruleg gode og spennande, men fordi han har ei særeigen stemme og representerer noko anna enn det som er vanleg og populært innan krimsjangeren. Variasjon er bra og viktig.

De fem fyrstikkene består ifølge baksideteksten av ei lang novelle; 'Pistolen på plenen' og to korte romanar; 'De fire vinglassene' og tittelhistoria 'De fem fyrstikkene'. Handlinga i alle forteljingane er lagt til året 1971.

Smakebiten frå boka vert frå starten av den fyrste historia. Førstebetjent Kolbjørn "K2" Kristiansen får ein telefon:
"Mitt navn er Henrik Benjaminsen, og jeg er butler hos enkefru Camilla Werenberg i Holmenkollen. Jeg beklager sterkt å måtte meddele at enkefruen nettopp er blitt myrdet."
... Enkefruen lå død der hun var funnet på sitt rom i tredje etasje. Og den eneste andre tilstedeværende var en av den avdødes nevøer, som nå var i ferd med å våkne etter å ha besvimt...
Så då spørs det: Var det butleren eller nevøen eller nokon andre som myrda enkefrua??

20. november 2013

Bokomtale: Hevneren av Jan-Erik Fjell

Juritzen forlag 2013
418 sider
Lånt på biblioteket


Den unge forfattaren Jan-Erik Fjell er denne hausten ute med den tredje boka si om den flåkjefta, brautande og spelegale politimannen Anton Brekke. Fjell mottok Bokhandlerprisen for krimdebuten Tysteren og følgde opp med Skyggerom ifjor. Bøkene er enkeltståande, men det er greitt å lesa dei i rekkefølgje, då det er ei utvikling og litt tilbakeblikk i dei. Fjell har gode plott og driv i handlinga i bøkene sine, og han nyttar eit lettlest språk. Det er slett ikkje rart han har skaffa seg mange lesarar.

Som tittelen og framsidebiletet viser; i boka Hevneren handlar det om hevn og hevnlyst. Boka har 88 korte kapittel, der me føl tre ulike parallelle historiar som etter kvart vert fletta ganske så elegant inn i kvarandre. Det er ein heil del som skjer i dei ulike tidsperiodane, men det er likevel lett å halda tråden.

- USA, 1961: 17 år gamle Danny Larsen vert dømd til livstid i fengsel for væpna ran og drapsforsøk på ein politimann. Han skal sona straffa på fangeøya Alcatraz.
- USA, 1994: Ein gjeng norske ungdommar vitjar San Francisco i samband med ein Metallica-konsert. To av dei, eit ungt par, vitjar det no nedlagde fengselet på øya. Her vert dei kjende med amerikanaren William Smith - ein tidlegare Alcatraz-fange, som fortel Danny si historie.
- Noreg i notid: Anton Brekke er "degradert" frå Kripos - men vert teken inn att i varmen når det syner seg at ein seriemordar er på ferde.

Forfattaren presenterer plottet sitt og dei ulike historiane på ein god måte. Spenninga stig betrakteleg etter kvart som ulike deler av hendingane vert avdekka. Boka er absolutt best i skildringane som gjeld Danny og kva som skjedde den gongen på Alcatraz. Denne historia er fengande og fengslande. Notids-historia med oppklaring og opprulling av seriemorda vart svært spennande mot slutten - men er ikkje like fengande heile vegen. Det eg likar minst med boka er personskildringane, særleg sjølve hovudpersonen, samt det irriterande og lite truverdige forholdet mellom Anton Brekke og kollega Magnus Torp. Brekke er ikkje den einaste i krimlitteraturen som er bråkjekk og ufordrageleg, - tenk berre på Harry Hole, - men han er jo så utruleg sjarmerande og sårbar i tillegg. Harry har personlegheit og dybde. Brekke er for enkel og har - for å sei det pent - begrensa sjarm.

Elles vart eg litt snurt over at eg ikkje vart overraska når forfattaren avslørte gjerningspersonen..

Språkleg sett er Fjell vorten betre enn i dei to føregåande bøkene, men historiane i Hevneren tek ikkje momentant "tak i" lesaren, slik som tilfellet er i Skyggerom, tykkjer eg. Hevneren er ei godt komponert og småspennande bok - og Jan-Erik Fjell er på veg til å hevda seg mellom dei beste kriminalforfattarane her i landet.

Sjå andre blogginnlegg om hevneren: Tine's blogg, Artemisias Verden, Min bok- og maleblogg, Ritaleser.

17. november 2013

KonspiraNorge - ei viktig bok

Det har vore dårleg med oppdatering på bloggen den siste veka. Det skuldast verken lesevegring eller bloggtørke frå mi side; eg har berre ikkje hatt inspirasjon til å skriva. Eg les like mykje som vanleg - og har no fire bøker som eg les parallellt. Eg har lagt merke til at enkelte bokbloggarar i det siste har gått lei og teke seg kortare eller lengre bloggepausar. Når lesing og blogging vert eit ork og ei plikt - dersom ein legg for mykje press på seg sjølv - er det heilt rett å ta ein time-out. Bokblogging og lesing bør vera lystbetont. Eg tykkjer fortsatt at bokblogging er ein morosam aktivitet, nesten like kjekt som å lesa - men er bevisst på å ikkje setja meg urealistiske eller for høge mål når det gjeld lesing og blogging.

Så til poenget. Det er søndag og Flukten fra virkeligheten serverer smakebitar frå ulike bøker som akkurat no vert lest der ute i bokbloggverda. Ei av bøkene eg held på med er KonspiraNorge av John Færseth - ei underhaldande og samstundes skremmande bok - om konspirasjonsteoriar.
Israel stod bak Anders Behring Breivik! Amerikanerne sprengte selv World Trade Center! Politikere og EU-byråkrater ønsker å snikislamisere Europa! Jens Stoltenberg er i virkeligheten jøde!
Konspirasjonsteoretikarane har sine eigne forklaringar på ulike hendingar og fenomen innan historie, samfunn og politikk. Dei ser ikkje på verda på same måte som dei fleste av oss - dei trur at i den "verkelege" verda sit mektige aktørar - små lukka grupper (Illuminati, Biederberg-gruppa, frimurarar, jødar..) - og trekk i trådar og meir eller mindre styrar heile samfunnsutviklinga i heile verda.

Forfattaren viser korleis slik tankegang kan leggja grunnlag for å spre både antisemittisme og muslimhat. Konspriasjonsteoriane gir enkle svar på kompliserte spørsmål - noko som i sin tur kan føra til både politikarforakt og manglande tiltru til demokratiske spelereglar.

Konspirasjonsteorimiljøet må møtast med fakta. Difor er Færseth si bok KonspiraNorge ei svært viktig bok.
Eg anbefalar Rose-Marie sin grundige omtale og gjennomgang av boka.

10. november 2013

Bokomtale: Pergamentet av Gert Nygårdshaug

Cappellen Damm 2013
Speletid: 11:33
Opplesar: Helge Winther-Larsen
Lydfil kjøpt frå Ordflyt

Det som best kjenneteiknar bøkene til Gert Nygårdshaug er den sprudlande forteljargleda og den frodige fantasien. Pergamentet er ingen realistisk og tradisjonell politikrim; her får lesaren både underhaldning, spenning og kunnskap i tillegg til ei god krimhistorie.

I serien om hobbydetektiven og gourmetkokken Fredric Drum, har me fleire gonger møtt onkelen til Drum, den eksentriske Kripos-etterforskaren Skarphedin Olsen. (Ja, i eit par av bøkene har vel både forfattar og lesar blitt i tvil om dei verkeleg er to ulike personar, - men det er ei anna sak). Reint kronologisk sett går handlingane i Pergamentet føre seg mellom Alle orkaners mor og Rødsonen, bok nummer 9 og 10 i Drum-serien.

I Pergamentet er det onkelen som har hovudrolla og Fredric Drum som er bifigur. Forfattaren sin humor og fantasi kjem til uttrykk på mange måtar, også gjennom namna på personane. Ta berre namnet Skarphedin (som vel er namnet på eit idrettslag og elles berre kjent frå Njåls saga), og dei sære namna på kollegaene til den nemnde Skarphedin; Tom-Arne Stormyrstuggu, Rolf Rickert, Alvara Puertocruz, Katja Blochausen og Kurt Krutthammer! Kvar tek han det frå?!

Sært er også namnet på det eine offeret me møter i boka; Linus Lindehage. Det er påske i Oslo og Kripos-etterforskar Skarphedin Olsen er invitert til påskemiddag hos sin gamle ven "sersjant" Aronsen. Når han forlet venen og måltidet, høyrer han eit kvinneskrik. Olsen sjekkar kva som har skjedd - og finn ektemannen til kvinna med skriket  - professor og kryptolog Linus Lindehage, død - myrda. Den einaste som er tilstades utanom den drepte er kona Linnea - som naturleg nok vert hovudmistenkt. Men så enkelt er det sjølvsagt ikkje; dette er eit mysterium i eit lukka rom. Skarphedin Olsen vert grunna påskeferien beordra til å leia etterforskinga.

Pergamentet som tittelen på boka viser til er eit mystisk manuskript frå middelalderen; det såkalla Voynich-manuskriptet (som verkeleg finst; det vert i dag oppbevart på biblioteket ved universitetet i Yale.) Ingen har nokon gong klart å tyda dette eldgamle dokumentet - men professor Lindehage skal denne påskehelga leggja fram eit oppsiktsvekkjande funn i eit foredrag i London. Men samstundes som Lindehage skulle ha entra talarstolen i det ærverdige Londons Royal Society vert han altså - heilt uforklarleg - funnen drept i Oslo. I London vert to andre menn med tilknytning til Voynich-manuskriptet funne myrda; ein verdenskjend konspirasjonsforfattar (som liknar mistenkeleg på Dan Brown) og ein tysk kollega av Lindehage. Makabre og mystiske dyrekadaver vert også funne plasserte ved alle dei døde. Kva i alle dagar kan dette bety?

Handlingane pendlar i både tid og rom. Me er som sagt både i London og i Oslo, og innimellom ein tur til eit kloster ved Gardasjøen på 1400-talet. Mot slutten vert fokuset flytta til ein heilt annan verdensdel, til Yucatan-halvøya i Mexico. Skarphedin Olsen står fram som ganske balansert og klar i denne boka, men han har eit litt spesielt og underleg forhold til si eiga fortid.

Gert Nygårdshaug liknar ikkje på nokon andre krimforfattarar - han har sin eigen stil. Når det gjeld tematikken har han mykje til felles med Tom Egeland, A.J. Katzinski og Dan Brown. Alle desse forfattarane blandar mytologiske, historiske, religiøse, vitenskaplege og intellektuelle element inn i kriminalromanane sine. Nygårdshaug nyttar i tillegg tørr humor og vittige hovudpersonar, noko som gjer bøkene hans svært leseverdige.

Lydbokversjonen av Pergamentet krev at lesaren/lyttaren er konsentrert heile tida. Helge Winther-Larsen les litt sakte og nølande - han tek liksom "fart" når han skal uttala vanskelege ord og setningar - men den litt rustne stemma hans passar fint til ei forteljing om Skarphedin Olsen.

Andre bloggarar om boka:
(Den andre) Berit
Artemisias verden
Skrivehula

*****************


Eg har no presentert bloggen min på Bloggurat.
http://bloggurat.net/minblogg/registrere/dd069c7aab5fcc30b1c198b0d15b531555b26296

6. november 2013

Bokomtale: Smertehimmel av Asle Skredderberget

Gyldendal 2013
310 sider

Lånt på biblioteket

Mitt fyrste møte med økokrim-etterforskaren Milo Cavalli vart berre delvis vellukka. Smertehimmel er bok nummer to, og det var nok ein tabbe av meg at eg ikkje las Asle Skredderberget si fyrste bok, Metallmyk, fyrst. For nokre av handlingstrådane i denne boka heng tydeleg saman med ting som har hendt tidlegare. Og som altså var ukjende for meg.

Finans- og næringslivsmiljøet og legemiddelindustrien dannar bakteppe for handlinga i romanen. Skredderberget er utdanna siviløkonom, har bakgrunn som næringslivsjournalist og har vore kommunikasjonssjef i ei større industriverksemd. Han har altså kunnskap og nok fagleg tyngde til å skriva ei bok med ein slik tematikk.

Eg opplevde den fyrste delen av boka som svak og uspennande. Sjølve handlinga var i starten lite engasjerande og hovudpersonen Milo og humoren hans vart eg heller ikkje heilt fortruleg med. Men boka kjem seg betrakteleg mot slutten. Til krimhelt å vera er norsk-italienske Milo ein oppegåande og relativt normal person. Han er irriterande velluka; verken alkoholikar, spelegal eller psykisk ustabil. Det mest spesielle med han er at han er frykteleg rik og at han er truande katolikk og går til skriftemål. Innslaga frå skriftestolen er originalt og gir eit interessant avbrekk i boka.

Ein norsk kvinneleg forskar i eit internasjonalt legemiddelfirma vert funnen drept på eit hotell i Roma. Sjølv om Milo jobbar som etterforskar i økokrim, vert han, sidan han har italienske røter, sett på saka og sendt til Italia. Spor fører Milo til New York og legemiddelselskapet sitt hovudkontor. Andre spor fører politiet til eit kriminellt gjengmiljø på Kolbotn.

Temaet og handlinga i boka er aktuelt, realistisk og truverdig, og set fokus på moral og umoral innan legemiddelindustrien og finansverda. Boka handlar i fyrste rekke om økonomisk kriminalitet, om begjær etter makt og pengar og kva dette kan føra til. Historia om forliset i 1977 og sideplottet som handlar om Milo sitt eige liv og familie var mindre interessant, etter mi meining.

Smertehimmel er ei lettlest og tradisjonelt oppbygd krimbok, utan den heilt store intensiteten eller spenningen, - men siste halvdel av boka var ei bra leseoppleving fordi forfattaren avsluttar boka på ein elegant måte. Og som nemnd i innleiinga; truleg hadde eg fått ei meir positiv leseoppleving dersom eg hadde halde meg til kronologien.

Eg likar godt titlane på bøkene til Skredderberget. Metallmyk. Smertehimmel. 
To motstridande samansette ord som ein berre leggja merke til.

3. november 2013

Smakebitar frå Instagram

For ein gong skuld er eg heime ein søndag føremiddag. Dei som føl meg på Instagram veit at eg pleier å vera på hytta i helgane. Der er det nemleg så mange flotte fotomotiv, som eg gjerne deler på sosiale media.

Denne helga vart det berre ein snartur for å klargjera og førebu oss til vinteren. 


Dagens bidrag til smakebit på søndag vert også delt via Instagram. Eg les Som steinen skinner av Britt Karin Larsen; bok nummer tre i den fine serien frå Finnskogen på 1800-talet.

2. november 2013

Bokomtale: Vi ses i morgen av Tore Renberg

Lydbokforlaget 2013
Opplesar: Tore Renberg
Speletid: 19:39

Tore Renberg har blitt ein populær og kritikarrost forfattarar, særleg gjennom Jarle Klepp-bøkene Mannen som elsket Yngve og Kompani Orheim. Og eg tenkte for meg sjølv; ei heil Renberg-bok utan Jarle?! då eg fekk høyra om denne nye boka. Men så kom eg på at den godaste Jarle egentleg var på god veg til å finna seg sjølv i Dette er mine gamle dager. Ei ny bok om ein velfungerande og optimistisk Jarle Klepp hadde blitt kjedeleg. Kanskje det er slike tankar Tore Renberg har hatt òg. For her handlar det om eit heilt nytt univers; "underverda" og "vrangsida" av verdens rikaste by, Stavanger.

Forfattaren let lesaren bli godt kjend med omlag ti personar i tre ulike miljø. Alle har si forteljarstemme og me får følgja dei nokre få avgjerande og tildels dramatiske septemberdagar. Renberg er ein menneskekjennar som har god innsikt i livet og tankane til både dei som er litt "skrudde" - og dei som er litt meir "vanlege". I denne boka fortel han dei enkelte karakterane si historie, og det er opp til oss som lesarar å vurdera moralen/umoralen deira. For det er som sagt skuggesida og dei noko mørke trekka ved menneska det handlar om i Vi ses i morgen.

Pål er den fyrste me møter, og han er faktisk eit gjensyn for oss som har lest kortromanen Videogutten. I den boka var handlinga lagt til åttitalet og Pål var ein søkande 14-åring. No er han ein stakkarsleg par-og-førti-åring, sakshandsamar i kommunen, speleavhengig, blakk og desperat. Så desperat at han kastar alle vinduskonvoluttar uopna og søker "hjelp" av yrkeskriminelle. Han er åleinefar til to tenåringsjenter, Malene og Tiril.
Malene er den snille og flinke turnjenta som har tatt på seg omsorgsrolla i familien. Tiril er den yngste, ho er ei opprørsk og svartkledd emojente som lyttar til Evanescense og har Amy Lee som førebilete.
Ei venninne av dei to er Sandra, som kjem frå ein vellukka og kristen heim, men sjølv har ho eit hemmeleg, intenst og intimt forhold til den farlege og vakre Daniel William. 
I alle desse ungdommane er det mykje hormonar og sterke kjensler.

Jan Inge, eller Jani (jepp, sjølvaste Videogutten) er sjefen i Hillevåg-gjengen og ser på seg sjølv som ein bedriftsleiar av David Toska-typen, berre litt meir filosofisk - og ikkje fullt så grådig. Han er sterkt overvektig og er som systera Cecilie prega av at han vart forlatt som 13-åring. "Fridomen" han fekk den gongen vart brukt til horror-filmar, tjuveri, heleri og anna småkriminalitet.
Rudi er ein svær fyr med ADHD, han bablar i eitt sett, og er både ein håplaus romantikar og ein brutal kjeltring. Her har Renberg skapt ein heilt spesiell karakter som er irriterande og fascinerande på same tid. Han diggar heavy metal; Mötley Crüe, Metallica og W.A.S.P. Men han likar også Coldplay og Viva la vida, noko han ikkje innrømmer for nokon. Han er veldig veldig skeptisk til nymotens påfunn som internett. Cecilie, eller Chessie, har vore kjærasten hans i 27 år. Stakkars Cecilie er med i gjengen av gammal vane, og fordi ho er avhengig av Rudi og broren Jan Inge. Ho og broren var utsett for grov omsorgssvikt då dei var heilt unge, - mora var alkoholisert og døydde og faren reiste rett og slett frå dei, den gongen på åttitalet. Cecilie er kjenslemessig ustabil, er lite pen og elskar Van Halen og Aerosmith. Ho vert framstilt som lett tilbakeståande - eller kanskje ho er psykisk skadd etter gjentekne overgrep i ung alder.
Den fjerde personen i denne gjengen er den harde og kalde Tong, som akkurat har sona ferdig fengselsstraffa si - og som Cecilie har innleia eit forhold til medan han har sete inne.

Dette var kort om ein del av personane og forteljarstemmene i boka - og på same tid eit slags handlingssamandrag. For det er dei enkelte si historie som held oppe og som er handlinga i boka. Historiane til dei enkelte flettar seg inn i kvarandre, personane nærmar seg kvarandre på ulike vis og dei ulike hendingane skifter stadig perspektiv. Renberg skildrar karakterane sine mest ut frå måten dei snakkar på, men let òg lesaren ta del i tankane deira. Og det viser seg at både fjortisane og førtisane er heilt annleis inni enn utanpå. Ungdommane er tøffe i trynet, men usikre, einsame og redde inni seg. Det same er dei vaksne. Boka har ei stemning av noko håplaust, noko vemodig og hjelpelaust, - men det finst rikeleg med humor også. Barsk og mørk humor.

Mange anmeldarar har sagt at tempoet i denne boka er høgt. Slik oppfattar ikkje eg det, men det har truleg samanheng med at eg lyttar til Renberg si heller rolege stemme. Men handlingane er heftige, personane er energiske - her er både banning, sverging, puling og slåssing. Vi ses i morgen har eit røft og tøft språk - særleg gjeld dette dialogane. Her er det ikkje snakk om å snakka rundt grauten. Alle bannorda og tabuorda kan oppfattast som provoserande, men eg trur faktisk at ein slik måte å snakka på er heilt vanleg i dei miljøa det her handlar om. Boka er skriven på bokmål, men Renberg les på si eiga stavangerdialekt, - og eg føler at det gjer boka meir ekte, meir realistisk og meir intim.

Som musikkinteressert likar eg godt dei mange musikkreferansane i boka. Forfattaren nemner utallige låtar og artistar eg sjølv likar og har høyrt mykje på. Eg har brukt lang tid på lydbok-lyttinga fordi det gjekk ei tid før eg vart engasjert i historia. Det er mange folk og mange detaljar og opplevingar å halda styr på. Etter kvart som eg vart meir kjend med stoffet og personane, vart lyttinga meir intensiv. Spenninga stig også etter kvart; for kva i alle dagar kjem til å skje på slutten? Lukkast Pål i å få tak i pengar? Vert "bransjeklassikaren" til Rudi og Jani vellukka? Kva skjer med Cecilie? Og Daniel William - klarar han å komma seg ut av flokene? Korleis går det med Tiril og framføringa hennar?
Korleis skal forfattaren klara å landa ei så omfattande og absurd forteljing?
Vel - han landar som forventa; på ein absurd, tragikomisk og naiv måte. På ein litt uavklart og typisk renbergsk måte.

Tore Renberg er ein dyktig forfattar som skapar nye interessante historiar og sjarmerande karakterar i kvar einaste bok. Det vert spennande å sjå kva han kjem med neste gong.

Eg gir Vi ses i morgen terningkast fem, som betyr at eg likte boka veldig godt, men:
Trass i ei drivande handling, tykkjer eg at ho er for lang. Det vert tidvis så mykje tøys og tull . Eg tykkjer boka inneheld for lange monologar og mange unødvendige detaljar. Papirboka er på 600 sider og lydbokversjonen på nesten 20 timar.
Det vert for mange ord, rett og slett.

Takk til Lydbokforlaget for gratis lydfil.