18. februar 2018

Kort om: Med blodig forsett av Graeme Macrae Burnet

Press 2018
301 sider

Lånt ebok eBokBib

Romanen Med blodig forsett vart nominert til Man Booker-prisen i 2016. Undertittelen er "Dokumenter vedrørende tilfellet Roderick Macrae" og det er ei bok som tangerer mange ulike sjangrar. Det er ein historisk kriminalroman framstilt som ein dokumentar eller true crime. Boka er i tillegg ei oppvekstskildring, eit rettsdrama og inneheld dessutan visse psykologisk thriller-element.

Me befinn oss i Skottland og året er 1869. 17 år gamle Roderick "Roddy" Macrae er sikta for - og har tilstått - eit blodig trippeldrap. Guten tilhøyrer ein fattig leilendingsfamilie, men er lynande intelligent. Kva kan ha fått han til å begå ugjerninga? Den oppnemnde forsvararen satsar på å kunna bevisa at Roddy er sinnssjuk - og slik redda han frå galgen. Medan han sit varetektsfengsla skriv Roddy utførleg om sin eigen bakgrunn og gir si grunngjeving for at han har utført drapa. Denne "redegjørelsen" utgjer hovudinnhaldet i boka. Andre personar; vitner og sakkyndige, kjem også til orde - og me får eit innblikk i avhøyr, protokollar og rapportar - i tillegg til sjølve rettssaka.

Forteljinga er tragisk. Roddy er ein gut nesten utan vener og heilt utan framtidsutsikter trass i at han utvilsamt har talent. Familien Macrae består av Roddy, systera Jetta, to små tvillingar og ein dyster og strengt religiøs far. Mora har døydd i barselseng for omlag eit år sidan og dei er alle sterkt prega av sorg, sakn og strev. Urimelege krav frå godseigar og godsforvaltar, ein vrang nabo og ein brutal og maktglad lokal konstabel fører til ytterlegare vanskar for familen.

Roddy sitt partsinnlegg, som altså er det mest sentrale i forteljinga, er skrive i eit omstendeleg og snirklete språk. Dette truleg for å framheva tidsbiletet og det historiske. Det er forsåvidt greit, men ikkje heilt truverdig - og det gjer boka noko tunglest. Det gjer elles inntrykk å lesa om haldningane dåtidas "ekspertar" hadde til kriminelle og lovbrytarar. Ut frå dagens syn er det heilt grotesk.

Med blodig forsett er ein uvanleg krim med mange lag - ei bok som utfordrar både lesaren og sjangeren. Forteljinga er interessant, lærerik og gripande og lagt til eit fascinerande landskap. Stemninga er ganske dyster og det ligg ei underliggjande uvisse og spenning heile vegen: Snakkar Roddy sant? Er han ærleg med seg sjølv? Er han tilrekneleg? Kjem han til å bli dømd - og hengd?
Eg likte boka - egentleg, men føler ved avslutta lesing at enkelte handlingstrådar vart hengande i lause lufta. Dei manglande avklaringane trekker ned heilskapsinntrykket og er årsaken til at eg ikkje gir toppkarakter.

Andre bloggmeiningar:
Den har jeg lestTones bokmerkeBeathes bokhjerteEbokhylla miSå rart

16. februar 2018

Biolesesirkel: Bernt Rougthvedt om Abelone Kristensen

Tema for årets fyrste runde i Moshonistas biografisirkel er Uoppdragne piker. Eg valde meg Bernt Rougthvedt si bok om den legendariske Abelone Kristensen; Saken mot Abelone.

Abelone Konstance Kristensen (1858 - 1920) var "kjendis" i Kristiania for vel hundre år sidan. Ho eigde eit etablissement i Karl XIIs gate på Vaterland der kjøp og sal av både det eine og det andre gjekk føre seg. Vaterland var eit belasta og overbefolka slumområde på den tida og både gauking (produksjon og sal av brennevin), bondefangeri, prostitusjon og anna kriminalitet florerte. Då Abelone sin ektemann Lauritz vart drept av ein kunde i 1893 førte det til stor oppstandelse og mykje oppstyr - og det vart i ettertid av hendinga dikta opp ulike legender og myter rundt Madam Kristensen.

Bernt Roughtvedt har i arbeidet med denne boka gravd i gamle arkiv og dokument for å prøva å gjera greie for sanninga. Abelone skal ha vore ei staseleg kvinne og var sikkert ein karismatisk person og ein fascinerande skikkelse som gjorde inntrykk på folk (menn) som møtte henne.

Ein kan finna mykje saftig og pirrande stoff i samband med Abelone og hennar aktivitetar, - men det er klart; det er mykje tragisk óg. Medan ein les tenkjer ein på alle dei vanskelege sosiale problema som fanst i visse deler av hovudstaden. Det var stor klasseskilnad på den tida - noko som viser att i dei rettssakene som Abelone vart involvert i: Mannen som drap Lauritz Kristensen vart frikjend. Medan Abelone ei tid seinare vart dømd for "rufferi og horehushold" - og måtte sona for det.

Dessverre er boka Saken mot Abelone skuffande svak, etter mi meining. Oppramsingar av namn og saker og mykje sitat gjer innhaldet mindre interessant og engasjerande enn det kunne ha blitt. Det er også lite biografisk materiale. Det skuldast delvis at Abelone ynskte å halda bakgrunnen sin og privatlivet sitt skjult, noko som har ei logisk forklaring; mor hennar var prostituert og Abelone vart fødd på Tukthuset. Ho vaks opp i ein fosterfamilie og byrja sjølv med sal av sex i ung alder. Seinare etablerte ho både butikkar og serveringsstader samstundes som ho opererte som bordellmamma og "rufferske" (kvinneleg hallik). Mykje tyder på at ho prostituerte seg i fleire tiår. Det er sannsynleg at ho i løpet av denne tida må ha gjennomgått abortar, pådratt seg kjønnssjukdommar og opplevd valdsepisodar.

Eg tykkjer forfattaren har gjort for lite ut av det kjeldematerialet han har hatt til rådvelde. Han skal imidlertid ha ros for at han har ei balansert framstilling av Abelone. På den eine sida var ho ei kynisk forretningskvinne som utnytta andre vanskelegstilte kvinner. På den andre sida vart ho urettferdig og urettmessig behandla av omverda.

Lydboka vart tilgjengeleg på Storytel for kort tid sidan og har ei speletid på kun 5 og ein halv time. Opplesar Cathrin Gram les heilt greit, men litt seint.

12. februar 2018

Vinterlesing 2018

Eit nytt samleinnlegg - der alle forfattarane tilfeldigvis har førenamn på J: John, Jussi, Jonas og Jan. Ein brite, ein danske og to svenskar. Ingen av bøkene vart spesielt minneverdige leseopplevingar, men dei er heller ikkje dårlege.


Spionenes arv av John le Carré

Cappelen Damm 2017
Speletid 7:32, lånt lydbok biblioteket

Spionenes arv har elegant språk, gode miljøskildringar og vart for meg eit nostalgisk gjensyn med spionroman-sjangeren. Le Carré er blitt 86 år og eg er imponert over at han framleis held koken. Dette er eit framhald (eller rettare sagt ein opptakt til) den kjende spionromanen Spionen som kom inn fra kulden.

Det flotte seksar-terningkastet til Tom Egeland i VG gjorde at eg skrudde opp forventningane mine. Eg er enig i at det er ei bra bok og at det er eit artig/interessant gjensyn med George Smiley, men for meg vart det ingen innertiar. Eg forsto ikkje slutten heilt, og det frustrerer meg. Kanskje er det meininga at det skal enda på ein uforståeleg/uforklarleg måte, kanskje er det meg.
Terningkast 4, mest for nostalgien si skuld.


Hun takket gudene av Jussi Adler-Olsen

Aschehoug 2017
747 sider, papirbok fått i gåve

Den elles så dyktige bokanmeldar Elin Brend Bjørhei gav denne terningkast 2 i VG, og boka har også blitt slakta frå fleire andre hald. Eg skjønnar ikkje dei dårlege kritikkane, for sjølv tykte eg denne var både underhaldande og medrivande.

Men eg er sjølvsagt enig i at boka er altfor omfattande. Eg har spurt meg sjølv om boka kanskje kunne blitt dobbelt så god om ho hadde vore halvparten så lang..?

Mesteparten av handlinga er lagt til Nederland, men har avstikkarar til mange andre område på kloden - spesielt Indonesia. Stikkord elles for boka: Utallige synsvinklar, to interessante hovudpersonar, underfundig humor, skarpe karakteristikkar av både folk og miljø, tidvis rotete, tidvis langtekkeleg, men gjennomgåande veldig spennande.
Konkluderer også her med terningkast 4.


Helikopterranet av Jonas Bonnier

Lydbokforlaget 2017
Speletid 11:24, lånt lydbok biblioteket

Etter ein veeeldig treg start tek det seg gradvis opp - og mot slutten er det brukbart engasjerande. Forfattaren brukar litt for god tid og litt for mange detaljar for å informera om situasjonen og dei ulike karakterane i byrjinga av romanen. Det er ikkje nødvendig å gå såå grundig til verks når ei historie skal byggast opp, meiner eg.

Boka byggjer på faktiske hendingar og har dokumentariske trekk, men er også ein slags thriller. I samband med skildringa av sjølve ranet det ein del action.
VG's Hovdenakk gav terningkast 5 - også det er uforståeleg for meg; eg landar på terningkast 3.



1968 av Jan Guillou

Vigmostad Bjørke 2017
462 sider, lånt ebok eBokBib

I det legendariske året 1968 heitte det framleis Sovjetunionen, Tsjekkoslovakia og Vest-Tyskland. Året i stikkordsform: Kald krig, Prahavåren, Vietnamkrig, drapa på Martin Luther King og Robert Kennedy, demonstrasjonar, ungdomsopprør og radikalisering. Hovudperson er den same som i Ekte amerikanske jeans; Eric Letang - og han vart som alle andre prega av desse hendingane. Han møter enkelte store utfordringar som nyutdanna jurist sidan han har venstreradikale sympatiar - og overklassebakgrunn.

Lauritzen-familien er blitt stor og har greina seg ut - men framleis lever ein av "dei opprinnelege" brødrene. 1968 byr på gode tidsbilete og er både interessant og lærerik, - men med tanke på kor dramatisk året var, er boka overraskande tam. I sjuende avsnitt av Det store århundret går Jan Guillou litt på tomgang: Det blir meir ei oppramsing enn ei forteljing. Terningkast 3+.

8. februar 2018

Bokhyllelesing: Afrodites basseng av Gert Nygårdshaug

Tema for fyrste runde i bokhyllelesing 2018 er gul bok. Eg fann dermed fram den aller gulaste boka eg eig; Afrodites basseng. Boka skulle egentleg ha blitt lest i samband med ein tidlegare runde, men av ulike årsaker vart det ikkje noko av den gongen.

Afrodites basseng er tredje og siste del av Mino-trilogien. Den startar med den velkjende Mengeles Zoo og held fram med Himmelblomsttreet. Eg likte begge svært godt og er i det heile ein stor tilhengar av Gert Nygårdshaug sitt forfattarskap. Afrodites basseng vart utgitt fyrste gong på Cappelen forlag i 2003.

- - - - - - - - - -

Juritzen 2014
488 sider

Kjøpt papirbok 

Medan store deler av handlinga i Mengele Zoo og Himmelblomsttreet foregår i Sør-Amerika, er handlinga i Afrodites basseng innleiingsvis lagt til velkjende nygårdshaugske trakter; til områda i Nord-Østerdalen som me m.a. kjenner att frå Prost Gotvins geometri. Men - me befinn oss samstundes i ein ørken ein eller annan plass i Nord-Afrika saman med den unge kvinna Ooni som flyktar frå noko grusomt til... kva?

Hovudperson er forstmannen og biobotanikaren Jonar Snefang. Saman med sonen Erlan har Jonar trekt seg tilbake frå eit uroleg samfunn og dei lever fredeleg og stille på ei seter, kun med sporadiske besøk av piloten Mino og budeia Hildra. Far og son har eit rørande nært forhold. Sonen tilbring dagane med å fiska og bada og faren driv med vitenskapelege eksperiment. Så ein dag skjer det noko ubegripeleg og urovekkande: Skogen og trea er i ferd med å veksa ukontrollert og spre seg i eit unaturleg høgt tempo. Mykje tyder på at ein katastrofe av ufattelege dimensjonar er i ferd med å utvikla seg.

Boka handlar elles om ei gammal kiste med eit merkeleg innhald, Gotvin Soleng sine teoriar, eit avansert puslespel, den franske forfatteren og krigsflygaren Antoine de Saint-Exupéry, eit kloster ved Gardasjøen og Ooni sine opplevingar og påkjenningar i ørkenlandskapet - for å nemna noko.

Stort meir skal ikkje røpast om sjølve handlinga. For enkelte kan det eg har nemnt over virka forlokkande og interessant, men eg har full forståing for dei som tykkjer at dette virkar sært og forvirrande. Det som er sikkert er at Gert Nygårdhaug er ein heilt spesiell forfattar som skriv heilt spesielle historiar. Her vert mytologi, vitenskap og filosofi sett i samanheng med faren for eit fullstendig økologisk, teknologisk og samfunnsmessig samanbrot på jorda. Så truverdig og realistisk er det ikkje; dette er meir ei form for avansert eventyr og moderne fabel.

Nygårdshaug sine bøker er ofte ei utfordring for lesaren og lesaren sin fantasi. Afrodites basseng er ei finurleg, fantasifull og til tider grotesk forteljing skriven på sedvanleg elegant, originalt og pludrande Nygårdshaug-vis. Det er sparsamt med punktum; setningane er likevel lesbare sidan det finst både komma, kolon, semikolon og spørsmålsteikn innimellom - slik at lesaren får nokre korte pustepausar. Innimellom dukkar det dessutan opp ein forfattar i forteljinga; heilt plutseleg og gjerne midt i ein setning.

Vanlegvis er ikkje eg noko glad i å lesa om telepatiske evner og overnaturelege fenomen. Eg tykkjer heller ikkje noko om fantasy, dystopiar eller postapokalyptiske bøker. Ein kan sei at Afrodites basseng touchar innom alt dette og at det då er overraskande at eg likar boka. Det som gjer at eg finn handlinga i boka "akseptabel" er måten Nygårdshaug skriv på: At han viser hjertevarme og omtanke for karakterane sine. At han syner humor, kunnskap og forteljarglede. At han går sin eigen veg og gir blaffen i kva andre gjer og meiner.
Økologi og klima- og miljøvern er hjertesaker for forfattaren - og denne boka er som dei to andre Mino-bøkene og Chimera eit bidrag til dette.

3. februar 2018

Bokomtale: Mørkets blod av Roar Sørensen

Asiaforlaget 2017
312 sider
Kjøpt ebok

Eg les forholdsvis mykje ny krim og ser på meg sjølv som rimeleg oppdatert når det gjeld norsk krimlitteratur, men Roar Sørensen sin nye kriminalroman hadde gått "under radaren" for meg. Boka kom ut i november i fjor og fyrst no nyleg vart eg merksam på Mørkets blod.

Boka stadfestar det inntrykket eg fekk då eg las Magellans kors og Smertens Aveny: Roar Sørensen skriv betre enn dei fleste andre norske krimforfattarar. Han har jobba mykje som oversetjar og har t.d. omsett bøker av forfattarar som Robert Ludlum, Clive Cussler og David Baldacci. Her har han nok plukka med seg ein del inspirasjon og tips som han har brukt i sine eigne bøker.

Mørkets blod er tredje bok der antihelten Stein Inge Olsen - Stingo - er hovudperson og forteljarstemme. Som dei føregåande bøkene er denne gjennomarbeida, gjennomtenkt, velkomponert og velskriven. Handlinga er som tidlegare lagt til Filippinene, der Stingo (og forfattaren) er busett - og alt frå fyrste side skjønnar ein at dette kjem til å bli ei drivande og spesiell leseoppleving.

Omslaget er som ein kan sjå; mørkt - og det same er handlinga og stemninga i denne boka; bekmørk. I den grad det er nytta humor er den også mørk; ravnsvart. Ramma rundt forteljinga er realistisk, truverdig og forferdeleg. Det er jul, men det er lite som minner om julestemning, bjelleklang og julegleder i dei fattige bydelane i Manila. Nei, her er det snakk om fattigdom, vald, rusmisbruk og elendige butilhøve.

Roar Sørensen skildrar den filippinske hovudstaden på denne måten:
"Manila slynget seg rundt ham som en virvel av glitrende morild. En uformelig masse av stål, glass, betong og asfalt som hadde bredt seg milevis i alle retninger, med millioner av nerver, årer og celler som alle forsøkte å holde den sammen, uten å lykkes. Flere steder hadde byen vokst så fort og ukontrollert at det hadde resultert i store svulster. Der årene var tette av avfall. Der nervene hadde sendt sine siste signaler. Der cellene for lengst hadde gitt opp håpet om å vokse sammen til noe friskere og sterkere."
Romanen handlar om at Joshua, sonen til Stingo, er sakna - og truleg kidnappa. Jakta på sonen og på kidnapparane fører Stingo til slumstrøka i Manila og her støyter han på mange skakkøyrde og spesielle karakterar: Ein gammal blind banjospelar, ein unggut med amputerte armar, ein annan unggut med rabies, ein einbeint mekanikar - for å nemna nokre få. Tilfeldigvis vert Stingo nesten-vitne til eit drap på ein heilt spesiell person - noko som fører til at han vert mistenkt for å stå bak dette drapet. Kven kan Stingo venda seg til med tanke på den situasjonen han no har hamna i? Ikkje politi og andre myndigheiter; desse er slett ikkje til å stola på. Men "nokon" veit - både om Joshua si forsvinning og om drapet, men er det nokon som kjenner til heile samanhengen og heile sanninga? Til fleire opplysningar Stingo (og lesaren) får, til meir forvirrande ser biletet ut til å verta. Stingo står framfor store utfordringar, på mange ulike plan, og det store spørsmålet er heile tida: Klarar han å finna sonen sin - i tide? Kor langt er Stingo villig til å gå? Kor djupt ned i elendigheiten er det muleg å nå?

Dette er i korte trekk sjølve kriminalgåta i Mørkets blod, men det er ei bok som handlar om ganske mykje anna. Fyrst og fremst er det dei levande miljøskildringane som gjer dette til meir enn ein vanleg kriminalroman. Til tider er det skremmande, rystande, ubehageleg og ekkelt, men samstundes; lærerikt og - på ein litt bisarr måte; fascinerande. Det handlar om det Stingo opplever og ser, om tankane, smertene og frustrasjonane hans - og om den grotesk svære byen med dei ufattleg mange triste skjebnane ein kan finna der. Eg tenkjer spesielt på barna - på alle dei små og heimlause som søv og lever på tilfeldige stader og som risikerer å bli utsette for vald, misbruk, overgrep - og det som verre er. Det er litt spesielt at det gjennom heile boka vert vist til mengdene av boss, avfall, søppel, rusk, rask, skrot, søle, gjørme, skitt og lort. Samt alle laushundane, rottene, kakerlakkane, termittane og anna kryp. På den måten får ein eit innblikk i kor kaotisk, farefull og skitten tilværet i slummen er.

Mørkets blod fortel ei dramatisk og gripande historie. Mykje av handlinga er tildels symbolsk og viser til ulike bibelske historiar og personar. Etter mitt syn er det bibelske og symbolske noko påklistra og merkeleg, men eg aksepterer det og er nøgd sidan lesaren får ei tilfredsstillande løysing og forklaring på det heile til slutt. Det eg set mest pris på med boka er det mangfaldige og originale persongalleriet, det eksotiske miljøet og at handlinga er så fullstendig uforutsigbar.

Mørkets blod er brutal og dyster, intenst spennande og uhyre velskriven. Anbefalast til alle som vil lesa ei krimforteljing utanom det vanlege.

Andre bloggmeiningar: Boktimmy