28. februar 2023

Oppsummering februar 23

Påbyrja i januar, fullført i februar:
Anders de la Motte - De bergtatte - Svensk krim - Lånt papirbok privat
Thor Gotaas - Mitt liv som middels langrennsløper - Dokumentar/biografi - Lyd Storytel

Lest i februar:
Anders Roslund - Tre år - Svensk krim - Lånt ebok BookBites
Jan Thomas og Kjartan Brügger Bjånesøy - Jeg har levd - Norsk biografi - Lyd Storytel
Tomm Kristiansen - Myrraveien - Norsk dokumentar - Lyd Storytel
Gøril Grov Sørdal - Nomino - Norsk fakta/dokumentar - Lånt papirbok privat
Camilla Läckberg og Henrik Fexeus - Mentalisten - Svensk krim - Lånt papirbok privat
Hans Mellen - Belle Gunness. Massemordersken fra Selbu - Norsk - Truecrime/biografi - Lyd Storytel

Påbyrja i februar, fullførast i mars:
Joakim Zander - Vennen - Svensk krim - Lånt ebok BookBites
Odd Harald Hauge - Polare tragedier - Norsk dokumentar - Lyd Storytel 

4 lyd, 3 papir, 1 ebok 
4 lånt, 4 abonnement
3 krim,  3 dokumentarar, 2 biografiar
5 norske, 3 svenske
6 menn, 2 kvinner
"Nye" forfattarar: Thomas, Bjånesøy, Sørdal, Fexeus, Mellen


Plutseleg var den korte februarmånaden over, og sjølv eg med mine dårlege matematikkferdigheiter kan sjå at det vart gjennomsnittleg 2 bøker pr. veke, - noko som er innafor.
Eg er òg nøgd med bloggeaktiviteten i februar: 4 dikt-innlegg og 3 bokomtalar. 

Månadens høgdepunkt: Tre år. Særs bra krim som omhandlar eit vanskeleg og alvorleg tema på ein god måte. Eg er dessutan veldig glad i hovudpersonen Ewert Grens.
De bergtatte er òg ein fascinerande og velskriven kriminalroman. Den beste hittil frå de la Motte, vil eg påstå.

Seint men godt har eg oppdaga Tomm Kristiansen sine bøker. For ei formidlingsevne den mannen hadde! Langs myrraveien byr på interessante møte med ulike folk og kulturar frå ein forfattar med kunnskap, mot og integritet.

Dei to biografiane ga meg ikkje så mykje. Sjølv om Jan Thomas byr på seg sjølv, vart det aldri interessant nok. Det vart (merkeleg nok) ikkje forteljinga om Belle Gunnes heller. Oppramsande og repeterande og ein uengasjert opplesar gjorde at eg ramla ned på ein 3'ar.

Dersom du såg TV-serien Nomino som gjekk på NRK i 2015/16, vil du nikka gjenkjennande til boka med same tittel. Gøril Grov Sørdal har sjarm i tonnevis og får noko så nerdete som språk og stadnamn til å bli skikkeleg underhaldande. Tommel opp for sognamål i riks-TV! Lenke til programmet på nett-TV.

27. februar 2023

Bokomtale: Mentalisten av Camilla Läckberg og Henrik Fexeus

Strawberry Publishing 2021
591 sider
Lånt papirbok privat

Dette er ei bok eg lenge har utsett å lesa. Det skuldast to ting: For det fyrste fordi eg var lei av Läckberg sin Fjällbacka-serie og for det andre fordi denne boka er så omfangsrik. Tjukke bøker er gjerne tyngre å komma i gang med. 

Begrepet/"faget" mentalist var heilt ukjent for meg då eg byrja på boka, og eg er framleis ikkje heilt sikker på kva det går ut på. Om ein prøver å googla ordet får ein egentleg berre treff på ein  TV-serie - og denne boka. Men basert på mentalisten (Vincent) i Mentalisten (denne boka) er ein mentalist ein slags illusjonist, tryllekunstnar, hypnotisør, tankelesar og kodeknekkar. Fexeus er visstnok sjølv mentalist i tillegg til å vera forfattar og mediekjendis.

Eg vart egentleg positivt overraska over Mentalisten. Det er ein velskriven thriller med eit interessant plott og med uventa vendingar. Hovudpersonane er óg interessante, kvar på sin måte. 

Nokon toppkarakter kan eg likevel ikkje gi. Mitt fyrste ankepunkt er nettopp at boka vert opplevd som veldig lang. Heilt frå starten av ligg det ei underliggjande og dirrande spenning, men historia vert likevel langdryg og treg undervegs. Enkelte av sidehistoriane er lite relevante og burde rett og slett vore kutta ut. 

I utgangspunktet er det interessant at både politietterforskaren Mina og mentalisten Vincent slit med tvangshandlingar og tvangstankar, og dei vert såleis eit heilt unikt makkerpar. Men desse spesielle utfordringane vert understreka og utpensla så til dei grader at det etter kvart vert slitsamt å lesa om. Vincent sine problem med kona og ekskona er sikkert meint å krydra forteljinga, men eg oppfattar at det forsinkar og forstyrrar. Her merkar eg den same irritasjonen som eg ofte har kjent på i Fjällbackaserien.

Men tilbake til plottet og sjølve krimgåta. Det er nemleg svært originalt og ganske så bestialsk. Ei kvinne vert funnen død i ein kasse gjennombora av sverd. Er det eit tryllenummer som har gått galt eller er det eit ekstremt brutalt mord? Politietterforskaren Mina Dabiri får eit tips om å ta kontakt med kjendis-mentalisten Vincent Walder. Dermed vert etterforskargruppa forsterka med eit medlem med heilt spesielle interesser og eigenskapar. Ikkje alle i gruppa er like begeistra for det Vincent bidreg med. 
Etter kvart finn politiet ut at kassedrapet har ein viss samanheng med eit anna dødsfall. Og så skjer eit nytt drap, om muleg endå meir bestialsk utført enn det fyrste. Det er altså snakk om ein seriemordar av det mest utspekulerte slaget. Undervegs har politiet, med særleg hjelp frå Vincent, funne ut at mordaren legg etter seg kodar og beskjedar. Kvifor det? Korleis skal dei klara å forhindra eit fjerde drap?

Skildinga av politiet sitt arbeid er bra. Ein forstår frustrasjonen når det er få spor å gå etter og når det viser seg at etterforskinga har ført dei ut på viddene. 

Persongalleriet er stort og krev at lesaren er observant nok. Sjølv måtte eg bla litt att og fram for å bli påminna om kva og kven det handla om. Enkelte karakterar er nokså stereotype, nesten karikerte, medan andre er meir truverdige og framstår som "ekte". Naturleg nok er det hovudpersonane Mina og Vincent ein vert mest kjent med, og etter kvart får me vita at dei tvangsmessige utfordringane og sosiale vanskane deira skuldast vanskelege oppvekstforhold. 

Eg sat ytterst på stolen og heldt pusten medan eg las om det avgjerande oppgjeret. Sjølv om seriemordaren sin identitet då forlengst er avslørt, vart avslutninga både spennande, dramatisk og svært klaustrofobisk. På dei siste sidene kjem forklaringar og avklaringar på det meste. Dei gjenståande lause trådane i boka kjem truleg til å bli gjenopptekne i neste bok.

Mentalisten er fyrste bok i ein planlagt trilogi om Mina og Vincent. Den andre, Sekten, har fått meir lunken mottaking enn Mentalisten. Det gjer meg ein smule skeptisk, spesielt sidan den boka er enno tjukkare enn denne fyrste. Men tenkjer at Sekten skal lesast ved høve.

22. februar 2023

Dikt og slikt: Stue med sofa søker en leser

Gro Dahle (f. 1962) har gitt ut over 50 bøker, - både romanar, noveller, barnebøker og dikt. 

Dikta hennar har gjerne ein undrande og "barnsleg" stil som handlar om dei nære ting. Dei får oss til å sjå ting/situasjonar/verda på ein annan måte.


Stue med sofa søker en leser

Dette er ikke et dikt
det er en sofa.
Du kan godt sette deg ned
hvis du vil
og rette ut beina.
Og hvis du vil,
kan du hvile øynene dine litt
og tenke på denne sofaen,
hva slags farge den har, for eksempel,
hva slags stoff,
om den er hard eller myk.
For dette er en sofa
hvor du kan godt bli sittende en stund,
hvis du vil det.
De fleste små dikt har en slik sofa stående,
i tilfelle noen skulle ønske å sette seg ned litt,
og ikke gå videre til kjelleren med en gang.
Kjellere kan alltid vente,
det er ingen hast,
for de har ingen steder å gå.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - 

Gro Dahle og diktene: En guide til den folkekjære outsider-poeten (Artikkel Boktips.no)
Presentasjon av Gro Dahle (Forfattarside Cappelen Damm)

18. februar 2023

Bokomtale: Tre år av Anders Roslund

Cappelen Damm 2022
428 sider
Lånt ebok BookBites

Bok nummer 10 i Ewert Grens-serien er skremmande bra; sterk, spennande og rystande. Tematikken er den same som i den fyrste boka i serien Udyret (utgitt 2005): Pedofili. Systematiske seksuelle overgrep på små barn.

Tre år - med undertittel "god natt" - er ei bok som skapar bilete inne i hjernen på lesaren. Bilete som ein helst ikkje vil sjå.
Men det skjer. Kvar dag. Året rundt. I Sverige, i Noreg og alle andre stader. At barn vert utsette for grove overgrep. At vaksne pedofile deler bilete og opptak av overgrep med kvarandre. At slike bilete er ein velorganisert milliardindustri. At etterforskarar jobbar som heltar for å oppklara slike saker.

Den svenske forfattaren Anders Roslund var den eine halvdelen av forfattarduoen Roslund & Hellström. Dei skreiv saman sju bøker i denne serien og etter at Hellström døydde i 2017 har Roslund halde fram med bokserien åleine. 

I dei siste 4-5 bøkene i serien har kriminalinspektøren Ewert Grens hatt ei heller tilbaketrekt rolle medan infiltratøren Piet Hoffmann har spelt hovudrolla. I denne boka er det litt annleis. 

Grens sit ved grava til si avdøde kone når han kjem i kontakt med ei kvinne ved ei anna grav. Ho fortel at det er ei tom kiste i grava. Den vesle jenta hennar forsvann for nokre år sidan og er seinare blitt erklært død. Grens minnest sitt eige vesle barn som aldri fekk veksa opp - og vert sterkt gripen av kvinna si historie. Når han oppdagar at ei anna lita jente forsvann på nøyaktig same dag i same by, vert Ewert som besatt. Han skal - vil - og - finna ut kva som har hendt. Kvar er det blitt av vesle Alva og vesle Linnea? 

Ewert - med sine sosiale manglar og sin maniske natur - legg alt anna til side. Han bryt reglar, kryssar grenser, kranglar med sjefar og kolleger og vert suspendert frå jobb. Den pålagde lange "ferien" vert sjølvsagt brukt til heilt andre ting enn å slappa av. Han nektar å gi opp, brukar alle sine kontaktar - og finn til slutt eit viktig spor som fører han til Danmark. Når det viser seg at saka har forgreiningar til fleire stader på kloden treng han ytterlegare hjelp. Han treng Piet Hoffmann. 

Halvveges inn i boka kjem altså Hoffmann på bana, men då blir han i høgste grad involvert. Dette trass i at Grens har lova at han aldri skal etterspørja Hoffmann sine infiltrasjonstenester igjen. I det forrige dramatiske oppdraget mista familien Hoffmann huset sitt - og nesten livet. Og for familiefaren Hoffmann er det enormt vanskeleg å infiltrera ein pedofiliring. Mykje vanskelegare enn å gå undercover i meir actionfylte oppdrag og situasjonar. Han føler seg ekkel i rolla som pedofil og er engsteleg for om han spelar rolla "godt nok". Konsekvensane dersom han vert avslørt er alvorlege, for han sjølv og for borna. Klarar han å skjerpa seg?

Handlinga i boka veks til ei svær historie; etter kvart vert det ein internasjonal thriller fylt med spenning, dramatikk og ubehag. Ein veit at akkurat denne historia er fiktiv og at ofra i boka er oppdikta - men som sagt innleiingsvis; slike ting skjer. I Tre år er det ikkje nokon sprø seriemordar som pønskar ut spektakulære drap, noko som etter kvart er blitt så vanleg i krimromanar. Nei, her er det som blir fortalt om langt meir truverdig og realistisk. Dessverre. 

Det er ingenting spekulativt i boka: Roslund skriv om temaet på ein ryddig og respektfull måte. Valds- og overgrepsskildringane er nøkterne og "saklege" - men like fullt grusomme, fordi det er så kjenslevart og sterkt. Her overlet forfattaren det meste til lesaren sin fantasi - og ein får desse ubehagelege bileta på netthinna. Ved å setja fokus på tema pedofoli utfordrar (og provoserer?) forfattaren lesarane sine. Eg meiner at det vitnar om innsikt, mot og engasjement når Roslund skriv om det som er så mørkt og så vondt. 

Roslund gir også eit visst innblikk i korleis overgriparane tenkjer og syner kor avstumpa dei er, reint kjenslemessig. Korleis i alle dagar klarar dei å leva med seg sjølve?

Personskildringane i boka er veldig gode. Hovudkarakterane framstår som ekte menneske. Ein blir oppriktig glad i både Grens og Hoffmann og føler at ein kjenner dei ut og inn. Som lesar føler eg med frustrasjonen og desperasjonen deira når dei skal finna opplysningar og spor. Fleire av bikarakterane er óg glimrande portrettert - sjølv om dei ikkje "deltek" like mykje. Det gjeld til dømes Zofia, Piet Hoffmann si kone og den danske etterforskaren Birte som Ewert samarbeider så godt med. Det gjeld også datanerden Billy som bidreg med det han kan.
Forfattaren brukar litt humor innimellom slik at stemninga av og til blir litt lettare i ei elles mørk historie. Eg måtte dra på smilebandet fleire gonger av Ewert sine synspunkt og tankesprang og av dialogane mellom Ewert og Billy. 

Handlinga i Tre år er frykteleg - men Roslund skriv også frykteleg bra. Historia er intenst spennande og medan ein les føler ein den nervepirrande kampen mot klokka. 
Roslund skriv med ein intensitet og eit samfunnsengasjement som kunne vore ein "arv" etter forfattarparet Sjöwall & Wahlöö. Ja, han kan faktisk samanliknast med med sjølvaste Stieg Larsson. Anders Roslund er med andre ord blant dei aller beste.

Då eg var ferdig med boka ga eg umiddelbart terningkast 5. Det pleier eg å gi til kriminalromanar som er ekstra gode. Men eg har tenkt mykje på innhaldet i boka i ettertid, samt lest andre omtalar og bokmeldingar. No - medan eg er i ferd med å skriva ein forholdsvis lang omtale sjølv - ser eg at eg faktisk må justera opp terningkastet mitt. 

Ei bok som er så velskriven og velkomponert, som omhandlar eit så viktig og alvorleg tema og som fører til så mykje ettertanke - den fortener toppkarakter. 


- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Her får du ein oversikt og rekkefølge på bøkene i serien. Dei ikkje lesast kronologisk, men som alltid i bokseriar er det ein fordel. Då forstår ein meir av samanhengar og utvikling. Ein kan eventuelt starta på bok 5.
(Det er svært mange år (minst 15) sidan eg las dei fire fyrste bøkene. Eg likte dei den gongen, men ein blir jo meir kresen og kritisk med åra)

I dei fire fyrste bøkene er Ewert Grens hovudperson. Frå og med bok nummer fem kjem det inn ein annan sentral og likeverdig karakter, Piet Hoffmann.

Originaltitlar i parentes. Lenker til mine omtalar der dei finst.

1 Udyret (Odjuret)
2 Boks 21 (Box 21)
3 Oppreisningen (Edward Finnigans upprättelse)
4 Jenta under byen (Flickan under gatan)

5 Tre sekunder (Tre sekunder)
6 To soldater (Två soldater)
7 Tre minutter (Tre minuter)
8 Tre timer (Tre timmar)
9 Tre dager (Jamåhonleva)
10 Tre år (Sovsågott)

Ytterlegare to bøker er utgitt på svensk. Eg håpar og trur at det ikkje går så veldig lang tid før dei kjem ut på norsk.
11 (Litapåmig)
12 (100 procent)

15. februar 2023

Dikt og slikt: Boken

Ordkunstnaren Andrè Bjerke (1918 - 1985) må sjølvsagt vera med i Dikt og slikt.
Og diktet nedanfor høyrer naturleg heime i ein bokblogg.


Boken

Den riktige bok er en havegrind
til et land du får skjenket som gave.
For enhver står den åpen!
Enhver kan gå inn
og bli gjest i en eventyrhave.

De skjønneste planter,
hvis blomster er ord,
står stille og gror her i haven.
Her er det bokstavenes trollmenn bor,
og svinger med ord-tryllestaven.

En bok er en rikdom,
en bok er en venn,
og kan vel ditt vennskap fortjene,
for han som har lært seg å lese i den,
blir aldri på jorden alene.


frå Hverdagsmirakel (2001), ei samling etterlatne dikt.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - 

Artikkel om forfattaren på nb.no 
Andrè Bjerkes ABC

Bjerke som krimforfattar: Bernhard Borge - De dødes tjern

10. februar 2023

Kort om: De bergtatte av Anders de la Motte

Kagge 2022
515 sider
Lånt papirbok privat

Her snakkar me sidevendar! Endeleg har de la Motte funne sin stil!
Eg har lest Årstidskvartetten og MemoRandom-bøkene av de la Motte tidlegare, men ingen av dei bøkene har treft meg skikkeleg. Det gjorde denne. Eg er enig i Jørn Lier Horst sin blurb på omslaget: "En utrolig fengslende spenningsroman".

De bergtatte er fyrste bok i ein ny serie og ho er både velskriven, velkomponert, underhaldande, spennande og uforutsigbar. Hovudperson er politikvinna Leonore "Leo" Asker - eit trevlig bekantskap som eg ser fram til å følgja vidare i kommande bøker. Den mørke og uvanlege bakgrunnen hennar gjer ho til ein interessant karakter.

Handlinga er lagt til Malmø og andre stader i Skåne - og det handlar om seriemord, miniatyrfigurar, modelltog og urban exploration. Mellom anna. 

Den norske tittelen De bergtatte er ganske fiffig - og kan hinta til ulike ting. På svensk har boka tittelen Bortbytaren som også fortel ein del om handlinga. Bortbytaren er i den norske utgåva oversett med "ombytteren". Dette er ein person som byter ut folk og hendingar med små plastfigurar. Pussig? Javisst, og dessutan veldig skummelt.

Leo Asker og teamet hennar jobbar med ei muleg kidnappingssak. Ho forventar egentleg på eit snarleg jobbavansement, men i staden vert ho omplassert til ei stilling i ei avdeling for "uløste saker og fortapte sjeler", som held til i kjellaren på politihuset. Det er eks'en hennar og advokatmora hennar som står bak omplasseringa. Asker bit tennene saman og etterforskar vidare på alternativt vis. "Tilfeldigvis" finn ho nye spor i saka i kjellaren/avdelinga ho no held til i. 

Det er mykje som tyder på at de la Motte har funne inspirasjon til denne boka i Jussi Adler-Olsen sin serie om Avdeling Q. Eg tenkjer at det er heilt OK, for den serien er jo knall. Folka som held til i kjellaren i De bergtatte er minst like spesielle som Carl, Rose, Assad og Gordon i Adler-Olsen sin serie.

Opningsscenen i boka er dramatisk - og hintar om det klaustrofobiske som skal skje vidare. Det er fleire ulike forteljarstemmer, hovudsakleg Leo Asker, den kidnappa Smilla Holst og den anonyme ombyttaren. I tillegg får ein jamnlege tilbakeblikk frå barne- og ungdomstida til Asker og kameraten Martin Hill. Alle perspektiva og dei ulike stemmene vert framstilt på ein ryddig og oversiktleg måte - og er dessutan logisk i høve handling og framdrift.

De bergtatte er ei veldig bra bok som eg anbefalar. Det er ein politikrim, ein thriller - og ei eventyrforteljing. For sjølv om handlinga tek utgangspunkt i noko som kunne ha skjedd, er ikkje alt særleg sannsynleg eller realistisk. Ikkje alle handlingstrådar vert nøsta opp i heller, så cliffhangeren på slutten er forventa - men også veldig interessant med tanke på neste bok.

Andre bloggmeiningar:
Artemisias verden, Hildes bokblogg, Hverdagsnett, Tine sin blogg

8. februar 2023

Dikt og slikt: Viss bøkene blir utan elefantar

Høgtlesing av forteljingar, eventyr, rim og reglar for barn er viktig. Det er med på å stimulera fantasi og språk og dannar gjerne grunnlag for leseglede seinare i (og gjennom) livet.

Forfattaren Einar Økland (f. 1940) seier det på denne måten:

Viss bøkene blir utan elefantar

Då blir det trist å lese.
I ei skikkeleg bok er det alltid
minst ein elefant.
Sjølv om ingen oppdagar den.

Om elefanten ikkje viser seg
utanpå boka eller i første kapitlet
er ikkje så farleg.
Du forstår nok det er fordi
han unngår sånne stader.
Han likar å vere i fred
med tankane sine.
Derfor held han seg også
unna dei siste ti - femten sidene.
Det plar ofte vere så mykje bråk der
ei bok held på og skal slutte

Men djupt inne
i boka,
dit elefantjegerane ikkje finn vegen
dit berre ein
og annan
sniklesar kjem,
der

kjem han stundom til syne
når du står lenge
heilt roleg.

Og ser du ingenting
kjenner du likevel på deg
at inne i tjukna
like roleg som du
står elefanten
og følgjer deg med dei små augo sine
Ser ikkje du elefanten
ser elefanten deg.

I dei bøkene
der elefantlesarane reikar.

                           Frå samlinga "Mellom himmel og jord; vers vrette og vrange" (1986) 

1. februar 2023

Dikt og slikt: Tyven tyven

Teksten til sangen Tyven tyven med DumDum Boys vart skriven av Kjartan Kristiansen, gitaristen i bandet.
Historia bak er tragisk; sangen handlar om vokalist Prepple si sorg etter at han mista barnet sitt i 1993. 

Tyven tyven

spør ingen ikke noen
suser i stål i ljåen
spjærer åpen himmel
ingen er trygg på engen

skjærer høsten uten blund
uten hvile: blind & stum
snart der så her som lyn
røver øyenstenen din

tyven tyven

finnes ei den bot som bøter
sønderslitte hjerter
ei pardon sparer ingen
hugger ned alle som en

tyven tyven

alle er vi like
for ljåen
hadde han sjel var den en skjæres
røver de som skinner mest

tyven tyven

tyven tyven
røvet øyenstenen
smyger i skyggen
bare vi er igjen

tyven tyven
tok det han fant
alt har vi gjemt
blir aldri glemt


DumDumBoys om Tyven tyven

Omtale av biografien DumDum Boys - En vill en