29. desember 2015

Årskavalkade: Leseåret 2015 frå A til Å

Det er tid for årskavalkadar, også på bokbloggfronten. Eg kosar meg når eg les andre bokbloggarar sine oppsummeringar av årets leseopplevingar. Ikkje minst er det underhaldande å sjå kor ulik leseinteressa og lesesmaken er! Eitt og anna boktips kan ein også plukka opp.
Utpå nyåret kjem eg nok til å laga eit meir sakleg oppsummeringsinnlegg når det gjeld bøker og lesing i 2015, - og kanskje nokre ord om leseplanar for 2016. Men her og no - i årets siste bloggpost - kjem ein uhøgtideleg gjennomgang av høgdepunkt frå leseåret 2015 - på alfabetisk vis.

----------------------

A for IndriðasonArnaldur, - islandsk krimforfattar f. 1961. Eg las 'Hjemstavn' og 'Reykjaviknetter' i år, - to stemningsfulle kriminalromanar, typisk Arnaldur.

B for BjørneboeJens, - norsk forfattar (1920 - 76) og Bestialitetens historie, hovudverket til denne forfattaren. Eg fekk med meg avslutninga av trilogien, 'Stillheten', i 2015.

C for LundekvamClaus, - tidlegare fotballspelar f. 1973. Sjølvbiografien hans 'En kamp til' er ei brutalt ærleg og sjølvutleverande bok.

for Dahl, Arne, - psoudonym for Jan Arnald, svensk forfattar, kritikar og litteraturvitar f. 1963. Dette året har eg lest dei to siste i serien om A-gruppen: 'Etterskjelv'og 'Himmeløyet', samt epilogen 'Elva'.

E for HoemEdvard, - norsk forfattar f. 1949. 2015 har vore eit stort Hoem-år for meg. Har høyrt forfattaren sjølv lesa både 'Jordmor på jorda', 'Heimlandet. Barndom', 'Mors og fars historie', 'Slåttekar i himmelen' og den nyaste 'Bror din på prærien' dette året. Finfine bøker og store lytteopplevingar! Sistnemnde vart for meg den i særklasse beste norske boka utgitt i år.

F for Follett, Ken, - britisk forfattar f. 1949. Ein av mine gamle favorittar som eg har gjenoppdaga i 2015. Eg las mursteinane 'Stormenes tid - Katedralen' og 'Sverdet og korset' i 2015 og 'I all evighet' blir med meg over i 2016. Mørk middelalder, mystikk, dramatikk og erotikk.

G for Gutten til Gustav, - tittel på Leif GW Persson sin svært gode og djupt personlege sjølvbiografi.

H for hunden Hulda. - Sankt Bernhardstispa til advokat Svend Foyn er ein viktig bikarakter i bokserien til Jan Mehlum. Eg las tre av Mehlum sine kriminalromanar i 2015; 'Straffen', 'Din eneste venn' og 'Et hardt slag'.

I  for Instagram, - sosialt nettverk og fotodelingsteneste. Sigmund Falch har laga verdens fyrste Instagrambok; 'Falcheblikk'.

J for Johannes, - årets verste og mest seigliva antagonist. Eirik Husby Sæthers 'Lobotomisten' og 'Heksedoktoren' er velskrivne og blodige.

K for Kroken og Kolden, forfattarpar frå Lom som skriv om "stuttreiste mord". 'Død manns kiste' er tittelen på årets bok frå duoen.

L for Lydbok, innlest litterært verk. Gode stemmer og gode bøker gjer venting, reising og husarbeid meiningsfullt.

M for Mankell, Henning, - svensk forfattar (1948 - 2015). For fyrste gong vart det skrive ein nekrolog på denne bokbloggen.

N for Nansen, Fritjof, - norsk polfarar og oppdagar (1861 - 1930). Nansen er ein av dei som Ragnar Kvam fortel om i 'De fire store'.

O for for DahlKjell Ola, - norsk forfattar f. 1958. Eg las romanane 'Lindeman & Sachs' og 'Lindemans Tivoli' samt kriminalromanen 'Kureren' i 2015. Sistnemnde vart årets Bragepris-vinnar i open klasse, som i år var krim.

P for Lemaitre, Pierre, - fransk forfattar f. 1956. Slo gjennom med spenningsromanen 'Alex' i år.

Q for Avdeling Q. Jussi Adler-Olsen gav i år ut 'Den grenseløse', bok nummer seks i serien om Carl, Assad og Rose i avdeling Q.

R for Randen, Rolf, - lensmann, hovudperson og gjennomgangsfigur i Rune Timberlid sine krimbøker. Årets Randen-bok Satans mor har handling frå Luster.

S for Salander, Lisbeth, - ein av hovudpersonane i Stieg Larssons Millenniumstrilogi, som i år var gjenskapt av David Lagercrantz i 'Det som ikke dreper oss'.

T for Terningkast, - vert gjerne definert som eit uttrykk for konklusjon av kritikk. Denne bloggen kjem til å halda fram med Terningkast i 2016.

U for Den ubehagelige sannheten, - tittel på debutboka til William Landay. Kan anbefala både denne og boka han slo gjennom med; 'Til Jacobs forsvar'. Krim for vidarekomne.

V for VIP-rommet, tittel på bok av Jens Lapidus. Eg har fått med meg både avslutninga av 'Stockholm noir'-trilogien og starten av den nye serien med denne.

W for Wiik, Øystein, - norsk operasangar, skodespelar, Stjernekamp-deltakar og krimforfattar f. 1956. Avsnitt nummer fem i serien om Tom Hartmann har tittelen 'Rekviem'. Stor underhaldning!

X for Goksøyr, Marte Wexelsen, - norsk samfunnsdebattant, skodespelar og forfattar f. 1982. Boka hennar 'Jeg vil leve' er interessant.

Y for SteniusYrsa, - finlandssvensk forfattar, journalist og biograf f. 1945. Eg las 'Tills vingen brister', ein biografi om Jussi Bjørling, i år. Bra bok.

Z for ZanderJoakim, -  svensk krimforfattar f. 1975. 'Svømmeren' er ei spennande ny bok frå denne forfattaren.

Æ er den 27. bokstaven i alfabetet.

Ø for Øen, Morten, - norsk forfattar og fotograf f. 1969. Ein person med same namn er hovudperson i ei av dei særaste bøkene eg har lest i år: 'Tellemarck'.

Å for Helvete åpent, - tittel på årets bok frå Gard Sveen. Ei ganske leseverdig bok, men med ein (for meg) dårleg avslutning.

------------------------------

.. Dette var eit lite utval av det eg las i 2015. Resten finn du her.

Ynskjer alle eit godt nytt leseår i 2016!

22. desember 2015

Julehelsing


De mørkeste dage


Så nådde vi bunnen, igjen går det oppad,
igjen går det fremad mot lys og mot sol. 
I tåkegrå dager og regntunge netter 
skred mørket imot sin ytterste pol.

Og har vi enn knugende trengsler tilbake, 
isnen fra stormenes rungende røst,
Frysende dager da alt er et øde,
så føler vi dog som en lidende trøst:

At dagene lenges, at rommet får farge,
at alt som nu sover i skogenes skjød
kun venter på timen da fritt det skal spire
og blusse med livets og skjønnhetens glød.

Vi føler at alt som nu knuger og gnager
vårt hjerte og gjør det forherdet og trist
skal svinne når solkulens flammende lyshav
får bukt med en vinters dødskolde brist.


                    - Ukjent                                                



Sola har snudd! 
Eg ynskjer alle blogglesarar, 
lesehestar og bokormar ei riktig god jul.

19. desember 2015

Biografilesesirkel: Maria Stuart og hennes verden av Richard Herrmann

Årets siste biosirkelrunde har tema Damer med hatt. Eg hadde i denne samanhengen planar om å lesa Patti Smith sin sjølvbiografi Just kids, men fekk ikkje tak i boka på biblioteket til rett tid, så den lesinga er utsett til eit seinare høve.

Vel. Eg måtte snu meg rundt og finna ei anna hattedame - og enda med repriselesing av boka Maria Stuart og hennes verden av Richard Herrmann. I fjor, då kongelege var tema i biosirkelen, (gjen)las eg Herrmann si bok om dronning Elizabeth I, noko som var svært vellukka. Så medan eg no "burde" ha vore travelt opptatt med rundvask, sølvpuss, stryking, innkjøp, baking og dilling - har eg i staden lege på sofaen og lest om Maria Stuart. Boka er omfattande, så det har teke si tid. Eg kunne ha skumma gjennom enkelte sider og avsnitt sidan eg har lest boka før, for mange år sidan - men eg fall ikkje for den freistinga, heller ikkje då fristen for lesesirkelrunden gjekk ut. Dette er nemleg svært underhaldande og interessant lesing.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Cappelen Damm 1988
499 sider
Kjelde: bokhylla.no

På omslaget kan ein sjå at Maria Stuart har på seg noko som liknar på ein hatt; det er i alle fall eit hovudplagg. Mest sannsynleg var dette høgste mote i royale kretsar den gongen på 1500-talet.

"Mi" dame med hatt er altså Maria Stuart (1542 - 87), dronning Maria I av Skottland, på engelsk ofte kalla Mary, Queen of Scots, som vart dronning seks dagar gammal og som enda sitt liv på skafottet 45 år seinare. Då hadde ho vore dronning Elizabeth I sin fange gjennom storparten av sitt vaksne liv.
På eit tidspunkt - då ho var 16-17 år gammal - var ho dronning i to land; Skottland og Frankrike - og ho kravde også ei tredje krone; den engelske. Det skulle bli fatalt. Ho tapte all makt, alle tre kronene - og sitt eige hovud. Alt dette handla naturlegvis om makt, politikk og religion.

På denne tida hende det ikkje sjeldan at små ungar vart konge eller dronning. Dei kongelege borna, i alle fall dei med arverett, vart brikker i eit storpolitisk spel. Dei vart difor gjerne gifta bort alt i spebarns- eller småbarnsalder. For å skapa alliansar vart det arrangert fornuftsekteskap på tvers av landegrenser - av slike maktpolitiske årsaker. Ein skal også hugsa på at dette var ei tid med sterk religionstrid, reformasjon og motreformasjon. Dronning Elizabeth var, som sin far Henrik VIII, protestant - skotske Maria var katolikk.

Far til Maria var kong James V av Skottland, mora heitte Marie de Guise; ho var franskfødd og adeleg. Richard Herrmann fortel at faren døydde av "melankoli" - han var truleg djupt deprimert etter enno eit nederlag for engelskmennene - og i tillegg fekk han altså "berre" ei dotter - så han sovna inn før Maria var ei veke gammal. Mora vart regent på vegne av den særs unge dronninga - og ho sørga for at dottera vaks opp i Frankrike; i det franske hoffet, saman med den franske tronfølgaren. Desse to borna - den skotske barnedronninga og den franske kronprinsen (dauphinen) - vart gifte med kvarandre - og vart fransk kongepar då dei var tenåringar. Men den stakkars ynkelege kongen (Frans II) døydde ikkje lenge etter giftarmålet. Maria vart enkedronning før ho fylte 18 og deretter forvist i eksil av svigermora. Ho drog tilbake til Skottland - fann seg eit par nye ektefeller og fekk eit barn - og starta, saman med sine støttespelarar, kampen mot den engelske slektningen sin; dronning Elizabeth I.

Maria Stuart hadde nemleg Tudor-blod i årene og såg på seg sjølv som rettmessig arving til den engelske trona. Den katolske kyrkja meinte at Elizabeth var eit resultat av eit utanomekteskapeleg forhold - og at Maria hadde større rett. Slike tankar og meiningar vart det bråk av, for å sei det mildt. Mektige krefter ville Maria til livs og dei to dronningane var fiendar til siste slutt. Dei skreiv likevel overhøflege brev til kvarandre - visstnok på fransk, der dei kalla kvarandre "kjære syster" - men dei møtte aldri kvarandre, ansikt til ansikt. Sjølve maktkampen var det dronning Elizabeth som "vann" i og med at Maria vart sikta for forræderi, sat i fangenskap i nitten år - og til slutt dømt til døden.

Valgspråket til Maria Stuart var "In the End is my Beginning" - og dette stemte utruleg bra for hennar del. For det var etter at Maria var død at Stuart'ane fekk makta i England. Hennar einaste barn, frå hennar andre av tre ekteskap, vart kong James I av England (i tillegg til kong James VI av Skottland) etter at dronning Elizabeth I døydde ugift og barnlaus i 1603. Dette vart starten på den vel hundre år lange Stuart-perioden - ei tid då det engelske samfunnet utvikla seg veldig både kulturelt, industrielt og politisk - men òg ei uroleg tid med blodig borgarkrig.

Richard Herrmann fortel om alt dette - og mykje, mykje meir. Han skildrar Maria Stuart, hennar liv, hennar slekt og tida dei levde i på ein kunnskapsrik, levande og elegant måte.
Ein skulle ønska at det fantest fleire slike formidlarar av tidlegare tiders hendingar; då hadde historiefaget vorte ein favoritt hos mange fleire. Herrmann gjer historia tilgjengeleg for "folk flest". Her er finurlege forklaringar, pussige anekdotar og detaljerte skildringar - og i tillegg har forfattaren overblikk og viser lesaren dei store historiske linjene.

Har du ikkje lest Richard Herrmann sine historiske biografiar? Då har du gått glipp av mykje kunnskap og underhaldning!

15. desember 2015

Forfattar-ordsky 2015

Slik kan ein førebels oppsummering av bokåret 2015 sjå ut. Ikkje alle forfattarane eg har lest dette året er med her, men dei aller fleste. Dei med størst skrift er dei eg har lest mest og likt best. Sånn cirka.


Det som slår meg - med ei viss undring - er at det her er ei nokså stor overvekt av lett aldrande mannlege forfattarar. Desse har det felles at dei er gode forteljarar - og som lesar er eg stadig på jakt etter dei gode forteljingane og dei beste leseopplevingane - men eg plukkar ikkje ut bøker av mannlege forfattarar i 50-60 årsalderen. Ikkje bevisst, i alle fall.
Kvifor er det desse halvgamle mennene som gir meg dei beste leseopplevingane? Det er eg usikker på.
Finst det andre som har liknande forfattarerfaringar?
Eller aller helst; heilt andre erfaringar?

10. desember 2015

Samleinnlegg: Haustlesing del 2

Seinhausten har gått over til tidlegvinter og adventstid - og her kjem ein samleomtale med nokre av bøkene eg har lest i oktober, november og eit stykke ut i desember.

Kalak av Kim Leine
Cappelen Damm 2010
308 sider, papirbok lånt privat

Ei rystande og sterk sjølvbiografisk bok som anbefalast på det varmaste! (..og som egentleg fortener ein grundigare og betre omtale enn dette..)
Eg er som regel skeptisk til prisvinnande forfattarar og bøker, - eg har erfart gong på gong at dei skuffar meg. Kim Leine vart tildelt Nordisk Råds litteraturpris for Profetene i Evighetsfjorden - og då eg skulle prøva meg på forfattaren vart det då naturleg å velja ei anna bok; nemleg debutboka Kalak.
Og for ei fantastisk bok! Eg vart fillerista reint mentalt av kor open og utleverande ho er. Dessutan vart eg skikkeleg imponert over kor elegant og lett Leine skriv. Skildringane av den grønlandske naturen og det grønlandske samfunnet er storarta og lærerik, men det som gir aller størst inntrykk er skildringane av farens omfattande seksuelle misbruk av sonen - og forfattarens eige rusmisbruk og samanbrot. Boka får eit sterkt ternningkast 5.


Jernblod av Liza Marklund 
Vigmostad & Bjørke 2015
372 sider, papirbok lånt privat

Liza Marklund var eit friskt pust innan kriminallitteraturen då ho slo gjennom med Sprengeren i 1998. Ho kombinerte ei spennande kriminalgåte med mediekritikk, kvinnesak og daglegliv på ein måte som ingen andre hadde gjort før. I dag finst det rikeleg med etterlikningar av denne type journalistkrim - men altså; Marklund var den fyrste.

Med denne ellevte og siste boka om Annika Bengtzon får ein tilbakeblikk frå fleire av dei tidlegare bøkene. Det handlar om tidlegare og noverande relasjonar, utfordringar både privat og profesjonellt, uavklarte og uoppklarte brotsverk, om hevn og forsoning.
Du bør ha ein viss kjennskap til serien frå tidlegare (bøkene eller filmane) for å ha glede av Jernblod. Eg tykkjer Marklund med denne boka får avslutta bokserien på ein god og verdig måte. Terningkast 4.


Helvete åpent av Gard Sveen
Vigmostad & Bjørke 2015
492 sider, lånt ebok (eBokBib)


I utgangspunktet var dette ei bok etter min smak; innfløkt plott, sterke historiar, interessante karakterar og mykje psykologi og psykiatri. Ein psykologisk thriller med nerve, parallellhistoriar og handlingar og historiar litt utanom det vanlege. Komposisjon, språk og skildringar er heilt topp.
Men så var det avslutninga då..

Etter mi meining fortener dei omstendelege og sterke historiane ei skikkeleg oppklaring - noko som ein ikkje får her. Tvert imot; forfattaren vel å laga ein open slutt, der lesaren sjølv kan tenkja seg til korleis det går.
Eller kanskje det er meg det er noko gale med - at eg ikkje skjønnar heilt kva forfattaren vil? Eg er usikker.
Terningen hadde landa på 6 dersom avslutninga hadde vore meir skjøneleg. No vart det i staden "berre" terningkast 4.



Eclipse i mai av Gert Nygårdshaug
Juritzen 2015
282 sider, kjøpt ebok frå http://www.gertnyg.com/


To parallellhistoriar, to skjebnar, to menn - som møtest på ein dramatisk måte til slutt.
Ein veit kva ein får når ein les Nygårdshaug sine bøker; ei interessant forteljing, filosofiske og vitenskapelege betraktningar, underfundige tankar, gastronomiske måltider og originale karakterar med sære namn. Likevel les eg kvar einaste bok med undring og - av og til - forundring.
Det samfunnskritiske, som elles pregar Nygårdshaug sitt forfattarskap, ligg ikkje "oppe i dagen" i denne boka.
Her er forfattaren mykje meir melankolsk enn i tidlegare bøker eg har lest. Sjølv om dette er ein underhaldningsroman er det eit djupt alvor som ligg bak. Eclipse i mai er ei lettlest og passe lang bok som inneheld ei sterk og vakker forteljing som gjorde inntrykk på meg.
Terningkast 5.



Offline av Anne Holt
Vigmostad & Bjørke 2015
398 sider, lånt papirbok privat

Eit etterlengta gjensyn med Hanne Wilhelmsen og den tidlegare makkeren hennar, Billy T. Dei to eks-politietterforskarane får litt av kvart å bryna seg på i denne skremmande aktuelle boka som m.a. handlar om terrorisme, ekstremisme, framandfrykt, hat og hevn. Ifølge Anne Holt (og Hanne W) er det dei som ikkje er på nett som er farlegast - dei som er offline kan nemleg ikkje sporast..
Offline startar med ein elegant introduksjon - frå fugleperspektiv - til fleire situasjonar og enkeltpersonar - og med frampeik til dei ulike parallelle historiane som det vert fortalt om seinare. Snedig forteljargrep! Romanen er elles skriven med både innsikt og innleving - og avslutninga fortel oss lesarar at det nok kjem fleire bøker i serien. Bra! Terningkast 4+.




Tilfellet Blumenfeld av Espen Holm
Kagge 2015
367 sider, lånt ebok (eBokBib)

I oktober 1943 vart eit jødisk ektepar rana og deretter drepne av norske grenselosar. Saka vart feia under teppet, men vart til slutt oppklart. Då saka kom opp for retten i 1947 vart gjerningspersonane frikjende, trass i at dei tilsto ugjerningane. Dei fekk kun ein mindre dom for underslag av pengar og verdigjenstandar.
Dette er ei sann historie som du kan lesa meir om her - og det dannar også bakteppet for Tilfellet Blumenfeld.
Tematikken liknar på det som Kjell Ola Dahl fortel om i Kureren og Gard Sveen i Den siste pilegrimen, men Espen Holm har ein litt annan vinkling. Holm problematiserer meir dette med "gode" og "dårlege" nordmenn under og etter krigen. I tillegg vert den skammelege handsaminga av krigsseglarane og tyskerjentene nemnd. Eg likte boka ganske godt; ho er rystande, lærerik og velskriven - men litt treg. Merkelappen "thriller" er noko misvisande. Terningkast 4.



Englefjær av Frode Eie Larsen
Liv forlag 2015
362 sider, lånt ebok (eBokBib)

Den tredje boka eg har lest av denne forfattaren, og den absolutt beste. Dette er mysteriekrim av den klassiske typen der forfattaren legg ut spor og villspor heile vegen.
Etterforskar Eddi Stubb får fleire utfordringar: Det handlar om to mulege "barmhjertigheitsdrap" - ofra er ei gammal dame og eit lite barn - samt ei sak om ei kidnappa jente.
Trådane er mange og perspektivet skifter fort og ofte - for ofte etter min smak; eg fekk fleire gonger kjensla av å bli avbroten i mi eiga tankerekke. Tidvis fører skiftingane til at ein mister litt av tråden og det kan oppfattast som forvirrande å følgja med på kven og kva det gjeld.
Englefjær er likevel lettlest og spennande nok, men eg forsto ganske tidleg kven som var "skurken" her, og det trekker ned. Terningkast 4-.



Blåmandag av Nicci French
Cappelen Damm 2012
365 sider, lånt papirbok privat

Ei knallbok frå eit nytt bekjentskap. Bak namnet Nicci French skjuler det seg eit britisk forfattarpar; Nicci Gerrard og Sean French, som har ein ganske stor produksjon av spenningsbøker bak seg. Dette er fyrste bok i ein serie.
Protagonisten er ein kvinneleg psykoanalytikar som får eit blikk inn i eit merkeleg og mørkt sinn og som med dette opplever eit uhyre vanskeleg dilemma. Samstundes får ein følgja ei pågåande etterforsking som kanskje heng saman med eit såkalla cold case.
Blåmandag er ein psykologisk thriller som handlar om to tragiske hendingar; to forsvunne barn med 22 års mellomrom.
Raske sceneskift og perspektivskift gjer boka til ein pageturner.

Blåmandag er skummelt spennande og har ei overraskande avslutning. Terningkast 5-. ( minusteiknet pga. mange korrekturfeil)


- - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

For fyrste gong har eg lest noko frå bokhylla.no. Det er nesten som å lesa ei ebok, men berre nesten. Bøkene er skanna inn og skrifta er då meir utydeleg enn i ein vanleg eboklesar. Det går likevel heilt greitt å lesa på eit nettbrett. I dette digitale biblioteket er alle bøker utgitt i Noreg eldre enn 15 år, fritt tilgjengelege. Tenesta er gratis for alle med norske IP-adresser og du må vera på internett medan du les. Bokhylla.no er eit brukbart alternativ til dei fysiske biblioteka.
Samleinnlegget vert avslutta med ein "gammal kjenning", Ragnar Kvam jr., og ei bok lest på denne måten.


En sjøreise til Sibir av Ragnar Kvam jr.
Gyldendal 1996
255 sider, bokhylla.no

Før Ragnar Kvam byrja å skriva om andre (Hjalmar Johansen, Knud Bull, De fire store og Thor Heyerdahl) skreiv han tre bøker om sine eigne jordomseglingar. Dette er den tredje og siste.
Store deler av boka har "gått ut på dato", og å lesa om ulike utfordringar ein kan støyta borti når ein fer slik og seglar i årevis har begrensa interesse for dei fleste av oss. Eg vel å tru at det russiske byråkratiet er noko annleis i dag enn for tjue år sidan.
Men Ragnar Kvam er som ein kan sjå ein blid kar, og eg tykte det var fint å bli litt meir "kjend" med han. Han er reflektert og uhyre kunnskapsrik og er ein flink formidlar av denne kunnskapen. I tillegg byr han på seg sjølv.
Terningkast 3.

8. desember 2015

Topp ti: Nye forfattarar i 2015

Denne veka har The Broke and the Bookish følgjande Top Ten Tuesday-tema:

"Top Ten New-To-Me Favorite Authors I Read For The First Time In 2015".

Eg er usikker på om nokon av "mine nye" kan karakteriserast som favoritt forfattarar (til det har eg lest for lite av dei), men eg kan i alle fall slå fast at mange av årets bøker av tidlegare ukjende forfattarar har gitt meirsmak. I framtida skal eg sjå etter fleire bøker av desse (for meg) nye og spennande forfattarane:
  1. William Landay
  2. Kim Leine
  3. Nicci French
  4. Joakim Zander
  5. Pierre Lemaitre
  6. Emelie Schepp
  7. Sascha Arango
  8. Paula Hawkins
  9. Ann Cleeves
  10. Sophie Hannah
Med unnatak av Kim Leine, som er dansk/norsk, er her ingen norske namn. Det er kan hende betenkeleg, for eg har lest mykje nytt og norsk! - men eg har vore oppriktig og sett opp dei som har imponert meg mest dette året og som eg trur har potensiale til å bli framtidige favorittar. 

3. desember 2015

Bokomtale: Banesår av Thomas Enger

Lydbokforlaget 2015
Speletid 8:56
Opplesar Christoffer Staib
Kjelde: Lytteeksemplar


Thomas Enger har endeleg fullført serien om journalisten Henning Juul. Då eg las den fyrste boka Skinndød for nokre år sidan vart eg begeistra og imponert; debutromanen baud på, trass i enkelte logiske bristar og mange klisjéar, ei skikkeleg spennande historie som gav meirsmak og forventningar om framtidige gode leseopplevingar.
Dessverre vart ikkje desse forventningane innfridde. Bok nummer to Fantomsmerte var brukbar, men eg likte ikkje så godt verken Blodtåke eller Våpenskjold. Likevel; når ein fyrst har starta på ein serie, må ein sjå korleis det heile vert rulla opp og avslutta. Difor måtte eg lesa Banesår også, men før eg starta lyttinga av denne lydboka var forventningane mine skrudd ned - mange hakk.

Den raude tråden og hovudplottet i serien er Henning Juul si private tragedie: Jakta på kven som sto bak og kva som egentleg hende då huset til familien vart påtent, sonen mista livet og Henning sjølv vart hardt skada. Denne hendinga fann stad før Skinndød. Etter kvart er det blitt fleire bihistoriar, utallige trådar og innfløkte intrigar - og forfattaren sitt forsøk på forklaringar og å løysa opp litt i flokene i starten av denne boka er ikkje spesielt vellukka.

Boka er ujamn når det gjeld tempo og spenningsnivå. Enkelte kapitlar har brukbart driv, men så fell tempoet att der forfattaren kjem med uvesentlege detaljar og hendingar. Prologen er uhyre dramatisk, med eit blikk inn i framtida og avslutninga av det heile: Henning er i livsfare. Igjen. For han har faktisk vore utsett for utallige drapsforsøk gjennom fire bøker før - så då vert det uspennande - og eg gir litt blaffen, for eg vil jo berre bli ferdig med historia. Undervegs kjenner eg at eg er litt spent på korleis det går til slutt. Men berre litt.

Karakteren Henning Juul er, om ikkje ein truverdig karakter, så i alle fall ein samansett person. Resten av persongalleriet deriomot; dei kunne like godt vore pappfigurar, så eindimensjonale er dei. Stereotype karakterar og personar som "manglar" karaktertrekk er ekstremt kjedelege å lesa om.

Det beste eg kan sei om Banesår er at Christoffer Staib gjer ein god jobb som opplesar av lydboka. Han har ei behageleg stemme og les med akkurat passe engasjement.
Terningen landar på tre - og den tre'aren er svak. Eg føler at eg har kasta vekk tid på ein bokserie som ikkje held mål. Idéen til bøkene var sikkert god, men det virkar som om prosjektet vart for ambisiøst og at plottet vart altfor innvikla og uhandterleg undervegs.

Andre bloggmeiningar:
Tine
Ritaleser
- som begge er betydeleg meir nøgd med boka/bøkene enn meg. Sjølv kan eg ikkje anbefala denne serien, men altså; meiningane er delte.

30. november 2015

Oppsummering november

Påbyrja i oktober, fullført i november:
Liza Marklund - Jernblod - Svensk krim - Lånt papirbok privat
Vidar Sundstøl - Djevelens giftering - Norsk krim - Lånt ebok eBokBib
Øystein Wiik - Rekviem - Norsk krim - Lytteeksemplar

Lest i november:
Gard Sveen - Helvete åpent - Norsk krim - eBokBib
Kim Leine - Kalak - Dansk-norsk roman - Lånt papirbok privat
Sindre Kartvedt - Dumdum Boys - en vill en - Biografi - eBokBib
Gert Nygårdshaug - Eclipse i mai - Norsk roman - Kjøpt ebok, http://www.gertnyg.com/ebok/
Anne Holt - Offline - Norsk krim - Lånt papirbok privat
Jon Magnus - Sommerfuglene i Armero - Reiseskildring/dokumentarisk - eBokBib
Edvard Hoem - Bror din på prærien - Norsk roman - Lytteeksemplar
Ragnar Kvam jr - En sjøreise til Sibir - Reiseskildring/erindring/dokumentar - Lest via bokhylla.no
Elena Ferrante - Mi briljante venninne - Italiensk roman - Leseeksemplar frå Samlaget (Avbraut)
Espen Holm - Tilfellet Blumenfeld - Norsk krim - eBokBib
Thomas Enger - Banesår - Norsk krim - Lytteeksemplar

Påbyrja i november, fullførast i desember:
Nicci French - Blåmandag - Britisk krim - Lånt papirbok privat
Frode Eie Larsen - Englefjær - Norsk krim - eBokbib
Britt Karin Larsen - De som ser etter tegn (Tatertrilogien 1) - Lånt papirbok privat og lydbok Storytel



Månaden byrja med ein planlagd liten ferie - som vart avløyst av enno fleire ikkje-planlagde fridagar: Ein akutt betent blindtarm måtte fjernast så eg måtte halda meg heilt i ro nokre dagar - og det vart meir lesing enn forventa. Aldri så gale at det ikkje er godt for noko.
På eBokBib hopa det seg opp med stadig nye tilgjengelege og interessante bøker - og i november har eg nok sett i rekord i antall leste ebøker på ein månad; nemleg 7 (og berre 3 lydbøker og 3 papirbøker, som må vera "bunn-rekord"). Eg har også, no i slutten av november, nådd lesemålet om 130 leste bøker i år. Truleg kjem eg til å havna på omlag same tal som i 2014 (142) når leseåret 2015 er omme.


Her er ingen sprenglesing av norske bøker utgitt i 2015, men eg les jo, som ein kan sjå - jamnt og trutt - og 10 av 13 leste bøker i november er nye og norske. Forholdet mitt til BBP 2015 er likevel svært avslappa - for eg les berre dei bøkene eg sjølv har lyst til å lesa. Pr. i dag har eg lest 24 i roman-/krimklassen og 5 i open klasse.

Månadens høgdepunkt: Mange! Fyrst og fremst Bror din på prærien, dernest Kalak og Sommerfuglene i Armero.

Månadens nedtur: Verken Sundstøl, Enger eller Kvam innfridde denne gongen, men den største skuffelsen var likevel Mi briljante venninne. At dette skal vera eit mesterverk og ei glitrande god bok, - nei, det kan eg ikkje skjønna. Eg valde å avbryta halvveges, for eg forsto tidleg at dette ikkje var noka bok for meg. Dette var langt frå briljant, men heller kjedeleg. For meg vart det mest irriterande detaljar, forvirrande persongalleri, gjentekne skildringar og manglande driv. Eg giddar ikkje å lesa fire bøker før eg får svar på kvar det er blitt av Lila liksom.
Ikkje vart eg så himla begeistra for språket heller; det er då vel høgst ordinært. Det same gjeld omsetjinga til nynorsk. Heilt greitt, ikkje noko meir.
Eg tilstår glatt at eg var negativ i utgangspunktet: Forlaget sende ut denne boka til "alle", meg inkludert. Eg mislikar sterkt å ikkje bli spurt på førehand - så boka vart sett bakerst og nederst i ventehylla. Men så synte det seg då; at boka vart ein kjempesuksess - og dermed vart eg nysgjerrig på kva i alle dagar dette dreia seg om. For å komma i gang med lesinga lånte eg lydbokversjonen i tillegg - utan at det hjalp. Lydboka er forlengst levert attende på biblioteket og mitt usedvanleg pent brukte leseeksemplar av Mi briljante venninne - den gjekk til papirgjenvinning.

25. november 2015

Bokomtale: Bror din på prærien av Edvard Hoem

Lydbokforlaget 2015
Speletid: 11:56

Opplesar: Edvard Hoem
Kjelde: Lytteeksemplar

Etter fjorårets utgjeving av Slåttekar i himmelen sa forfattaren i eit intervju at det kunne bli eit bind 2, for han hadde rikeleg med stoff. No er oppfølgjaren komen - og eg har på nytt hatt ei leseoppleving av dei sjeldne, takka vere Edvard Hoem, forteljinga hans og stemma hans. Det vert ofte ekstra nært og meir ekte når forfattaren les sjølv.

For la meg like godt slå det fast med ein gong: Dette er Den Beste norske boka utgitt i år.
Men det er faktisk vanskeleg å skriva om ei bok som ein likar så godt. Eg meiner; utan å bli barnsleg overbegeistra og utan å bli beskulda for å vera kjøpt og betalt..

Ein veit nesten ikkje kva ein skal ta tak i, for alt er så nydeleg: Språket, stilen, forteljinga, karakterane, stemningen, skildringane. Som tittelen viser handlar det mest om livet i Amerika i denne boka, men lesaren får på ny møta den flittige slåttekaren Knut Nesje, som tek til å bli "gammal" etter den tidas målestokk. Både Knut og kona Serianna er utslitne av hardt arbeid og sørgmodige grunna lengting og sakn. Dette saknet, som Hoem skildrar så vart og fint, skuldast fyrst og fremst at alle borna deira buset seg så langt vekke. Ingen av dei ser noka framtid i det vesle jordstykket foreldra bygslar.

Den mest sentrale personen i boka er Eilert; sonen som emigrerer til USA i 1893, seksten og eit halvt år gammal. Eilert er ein intelligent, høgreist og alvorleg ung mann, prega av det nøysame og gudfryktige livet i barndomsheimen. Samstundes er han klar for det nye landet og open for dei nye tidene. Han er fast bestemt på ikkje å binda seg for tidleg, verken til jord eller livsledsagar. Han vil bruka tid, læra språket, skaffa seg arbeid og leggja seg opp pengar før han slår seg ned for godt. Eilert skal komma til å streva lenge, både fysisk og mentalt, før han til slutt slår seg til ro på Alberta-prærien i Canada. Og Eilert og foreldra skal aldri få sjå kvarandre igjen. Det er hjarteskjerande, men slik var det jo faktisk: Dei aller fleste som reiste til Amerika den gongen kom aldri tilbake til gamlelandet.

Boka er til ettertanke for nokon kvar og ein kan sei at ho er aktuell i forhold til dagens flyktningkrise-debatt. Det er OK å bli minna om at det ikkje er så frykteleg lenge sidan Noreg var eit fattig jordbruksland, der mange menneske ikkje hadde anna val enn å utvandra - for på den måten å skapa seg eit liv og ei framtid for seg og sine.

Slåttekar i himmelen og Bror din på prærien byggjer på livet til Edvard Hoem sin eigen oldefar og familien hans. Men det finst lite skriftleg materiale; kun ein del datoar og årstal for ymse hendingar, samt nokre få brev som Knut Nesje skreiv til sonen sin på prærien. Det meste er difor fiksjon og boka er ein roman. Likevel - dette er ekte saker - og stor forteljarkunst. Det er tydeleg at boka er skriven med stor respekt for og kjærleik til forfedrane og -mødrene.

Språket er både lågmælt og litt høgtidssamt på ein gong, utan at vert stivt og unaturleg av den grunn. Skildringane er presise og nøkterne, og dei utbroderingane som finst virkar å vera heilt riktige i den samanhengen dei vert brukte.Teksten rører ved heile kjensleregisteret til lesaren, utan at det kan oppfattast som sentimentalt eller klissete.

Eg har merka meg nokre - om ikkje lause trådar, så i alle fall nokre uavslutta historiar undervegs i lesinga: Korleis gjekk det med Eilert og etterkommarane hans? Kva med tanta til Eilert, den fascinerande Gjertine? Og kva skjedde med Bastian Georg, Eilert sin bror som stakk av til København?
Kan det tyda på at Edvard Hoem har meir på lur - slik at me får enno ei bok? Eg håpar det.

Andre bloggmeiningar:
Sukkerrør
Kleppanrova

22. november 2015

Bokomtale: DumDum Boys - en vill en av Sindre Kartvedt

Omslaget vert "pryda" av
ein vill Prepple Houmb
Aschehoug 2015
330 sider
Kjelde: Lånt ebok (eBokBib)

DumDum Boys har halde koken i årevis med hundretusenvis av selde album og låtar som
Splitter pine. En vill en. Slave. Metallic hvit. Englefjes.
Tyven tyven. Stjernesludd. Tynn tråd. Enhjørning.

Legendariske tekstlinjer, røffe riff og fengande refreng..
Og no er boka her..

Ei rockegruppe heilt utanom det vanlege fortener vel ein biografi utanom det vanlege. DumDum Boys har for mange av oss vore ei av dei leiande rockegruppene her i landet.

Eg hugsar godt korleis eg "fall" for denne gruppa; at eg tykte alt liksom stemte; musikken, tekstane og ikkje minst: energien. Det var ekte. Dei var skikkelege rockestjerner - men samstundes så folkelege og truverdige. Dei synte ekte speleglede og ga faen. Ein kunne verkeleg tru på det dei framførte - og her ligg nok forklaringa på at dei vart så enormt populære.

I boka til Sindre Kartvedt får me høyra heile historia. Det virkar i alle fall slik, for her kjem alle til orde: Alle dei involverte; bandmedlemer, familiemedlemer, crew, vener og støttespelarar, alle kjem dei med sine versjonar av det som hende, - frå då det heile starta med punkebandet Wannskrækk på slutten av 1970-talet, via debutalbumet «Blodig alvor (Nanananana)» i 1988, via fleire Spelemannsprisar, årelange pausar, comeback og fram til våre dagars suksess. Om medgang og motgang, galskap og glede, usemje og uro, venskap og samhald, turnering og kvardagsliv, tullprat og latter, frustrasjon og irritasjon. Her får me vita "alt".
Medlemene i DDB har aldri delteke på "hjemme hos"-reportasjar og sjeldan gitt intervju om andre ting enn musikken sin. Dei har vore litt mystiske - noko som sikkert har vore meininga. Men til forfattar (og kompis) Kartvedt har dei snakka. Og snakka og snakka.
Ein føler seg som ein del av gjengen; at ein er litt på innsida av miljøet og gruppa når ein les denne boka. Ikkje alt er like interessant. Spesielt fyrste tredjedel av boka var litt slitsam. Det handlar mest om festing, øving, speling, festing, øving, speling, festing, øving, speling. Og mykje hard jobbing. Interessant forsåvidt, men litt masete å lesa om.

Om eg skal trekka fram hendingar det vert fortalt om som gjorde ekstra inntrykk, må eg nemna det unike samhaldet/kjemien/forholdet mellom Prepple og Kjartan, at rusbruk og - misbruk lenge vart sett på som eit ikkje-eksisterande problem og om tragedien som førte til låta Tyven tyven. Det var også artig å lesa om alt strevet dei hadde i samband med innspelinga av Splitter pine, - låta som "opna dørene" for dei - og om forholdet DDB har hatt til Knutsen & Ludvigsen.

Boka er framfor alt ein hyllest til noverande og tidlegare medlemar av DumDum Boys, - og det er fortent, no som dei alle er blitt middelaldrande og "DumDum Old Boys". Biografien er på den eine sida fengande og fengslande - men på den andre sida vel omstendeleg, slik forteljargrepet er. Eg trur kanskje at boka hadde vore meir leseverdig om forfattaren hadde hatt litt strammare "regi" på intervjuobjekta sine, - men det er muleg at boka då hadde mista mykje av sjarmen.
Boka bidreg til å halda liv i "DumDum-legenden" og er sjølvsagt eit must for alle DumDum-fans.



Jeg lever i en drøm,
en vill en,
som spiser solnedganger som drops.
(Kjartan Kristiansen)

15. november 2015

Smakebit på søndag: Sommerfuglene i Armero

På bloggen Flukten fra virkeligheten finn du kvar veke smakebit-utfordringa Smakebit på søndag - der norske og svenske bokbloggarar møter kvarandre gjennom smakebitane dei gir frå bøkene dei les. Eg har ikkje delteke i utfordringa på månadsvis, mest fordi eg sjeldan brukar helgane til blogging - men i dag har eg halde meg i ro - og kan presentere ein verkeleg godbit; Sommerfuglene i Armero av Jon Magnus. Dette er eit eksempel på at ei sakprosabok kan gi ei vel så gripande og engasjerande leseoppleving som ei skjønnlitterær bok.

Forrige søndag høyrde eg Jon Magnus på radioen då han var gjest i NRK-programmet Brønsj. Magnus er forfattar og tidlegare mangeårig utanriksjournalist i VG. Han har reist i sine eigne "jobbfotspor" og resultatet av desse reisene er blitt til boka Sommerfuglene i Armero. I radio-programmet fortalde han m.a. den grusomme og vakre historia bak tittelen på boka.
Den handlar om den tragiske naturkatastrofen som fann stad i Colombia for temmeleg nøyaktig 30 år sidan, den 13. november 1985. Vulkanen Nevado del Ruiz fekk då eit utbrot som førte til eit leirskred som begravde byen Armero. 23.000 menneske omkom i katastrofen, mellom dei 13 år gamle Omaira Sanchez - jenta på omslagsbiletet av denne boka.
Høyr forfattaren fortelja om kva som skjedde i Armero og med Omaira.
Eg hadde ikkje høyrt om boka før eg høyrde dette radioprogrammet, men forfattaren la eg merke til fleire gonger då han var journalist - og biletet av den døyande Omaira gløymer eg aldri. Gleda var difor stor då eg oppdaga at boka var tilgjengeleg på eBokBib tidlegare denne veka.

Jon Magnus er ein erfaren, dyktig og kunnskapsrik mann som i denne boka deler mange dramatiske og interessante historiar med oss lesarar. Me får lesa om møte med berømte menneske og kvardagsmenneske, om tragediar, om historiar som til slutt fekk ein ende og om historiar som ikkje kunne avsluttast. Innimellom serverer han pussige anekdotar.
Som korrespondent reiste Jon Magnus verda rundt, - han var "reisande" i krigar, borgarkrigar og naturkatastrofar i mange år. Skjedde det noko dramatisk ein plass på kloden, kasta han seg på fyrste fly, oppsøkte folk og stader - og formidla det han opplevde for VG-lesarane. (Hadde han fortsatt vore yrkesaktiv hadde han no i dag opphalde seg i Paris, heilt sikkert..)

Over til smakebiten. I 1985 skjedde det enno ein ufatteleg naturkatastrofe; eit gedigent jordskjelv råka den gedigne byen Mexico City. Jon Magnus var på dette tidspunktet VG sin korrespondent i USA, og som den nyheitsjegeren han var, for han avgarde til den jordskjelvramma byen.
Han spring gjennom knuste gater fordi eit kraftig etterskjelv nettopp har funne stad - og han høyrer med eitt ei svak stemme:
"Hun hadde vakre hender og velstelte, røde negler, husker jeg. Men der, i lyset fra min lille lommelykt, var det vanskelig å se hva som var neglelakk og hva som var blod. Hun het Ana; etternavnet sitt klarte hun aldri å si før hun døde.
Hvor mange ganger har jeg ikke tenkt på henne i alle disse årene? Tenkt på hvem hun var, om hun var redd, om noen lette etter henne, om hun følte smerte. Eller om det lå flere der inne i ruinene. Barna hennes, kanskje?
Eller om jeg i det hele tatt var til noen hjelp der jeg satt mellom sammenraste bygninger midt på natten og snakket så rolig jeg kunne til en kvinne jeg ikke kjente, og som jeg ikke engang kunne se. For bare hånden og litt av armen stakk ut fra den knuste betongen.
....
Jeg vet egentlig ikke hvor lenge jeg satt der hos Ana. Det kan ha vært et kvarter, en time. Men det var hundrevis, kanskje tusenvis, av andre Ana'er under betongen i Mexico City den natten."
Er det ikkje vakkert? Og grusomt?


Jon Magnus hatt eit yrkesliv utanom det vanlege. Ved hjelp av nysgjerrigheit, gode kontaktar og breie kunnskapar vart han også ein særeigen journalist. Eg er glad for at han har delt nokre av historiane med oss lesarar i Sommerfuglene i Armero

13. november 2015

Kort om: Rekviem av Øystein Wiik

Lydbokforlaget 2015
Speletid 12:25
Opplesar: Øystein Wiik
Kjelde: Lytteeksemplar

Jepp, Øystein Wiik har gjort det igjen. Han har atter produsert ein kriminalroman full av spenning, bestialitetar og snert. Ein underhaldningsroman som ikkje har noko anna mål enn akkurat dette; å underhalda lesaren. Wiik er etter kvart blitt ein stilsikker og original kriminalforfattar som hentar inspirasjon frå uvande (krim)miljø. I bok nummer fem i Tom Hartmann-serien står stadig musikken sentralt, men no er fokuset flytta frå operaverda til Black Metal-miljøet.

Det tidlegare ekteparet Tom Hartmann og Cathrine Price er fortvila: Dottera Cecilie er sporlaust vekke og vert meldt sakna. Ho vart sist sett på ein konsert med det populære svartmetal-bandet WWW.
WWW-vokalist Wotan Wagner vaknar opp etter den same konserten med ein død person liggjande ved sidan av seg. Han har fullstendig blackout og ber manageren sin ta seg av saka. Det gjer han - men både tilfeldigheiter og andre ting gjer at både Wotan og medhjelparen rotar seg opp i ekstreme situasjonar.
Det syner seg at det er ein person frå fortida som søkjer hevn - både over Black Metal-artisten Wotan Wagner - og politietterforskaren Cathrine Price.

Øystein Wiik sine kriminalromanar er prega av forteljarglede, dramaturgi og spenningsoppbygging. Wiik har etter kvart funne si eiga "nisje" i krimlitteraturen; her er underhaldning og fantasi viktigast. Realisme og truverdigheit er det lagt mindre vekt på. Karakterane er lett karikerte, brotsverka spektakulære og handlingstrådane enkle å følgja.

Prikken over i'en er forfattaren si eiga opplesing av lydboka. Men - midtveges i lyttinga av denne boka trudde eg ei stund at Wiik var blitt erstatta av ein annan person. Plutseleg var stemma blitt så annleis. Truleg har Wiik fått eit halsonde av noko slag - eller kanskje synginga av uvande sjangrar i Stjernekamp førte til at stemma hans vart noko ukjenneleg - kva veit eg?
Etter kvart vart stemma og framføringa til Øystein Wiik gjenkjenneleg igjen - så eg anbefalar så sterkt eg kan at du lyttar til Rekviem og dei føregåande bøkene i serien!

8. november 2015

Kort om: Djevelens giftering av Vidar Sundstøl

Juritzen 2015
308 sider
Lånt ebok (eBokBib)

Tidlegare har eg lest både Minnesota-trilogien og Besettelsen - og eg hadde difor store forventningar til denne nye krimboka til Vidar Sundstøl. Dessverre vart ikkje desse forventningane innfridde. Eg vart skuffa over Djevelens giftering.

Boka har fått ei viss merksemd som "verdens fyrste stavkyrkjekrim", og det høyrest sprekt og friskt ut - men handlinga er lite original. Det kjennest som om ein har lest boka før.
Handlinga er lagt til forfattaren sine heimtrakter i Telemark. Sentralt er Eidsborg stavkyrkje, ein gammal helgenfigur og eit eldgammalt hemmeleg rituale.
Det handlar også om to ulike forsvinningar; ei jente som forsvann eit år før handlinga i boka startar og ein mann som forsvann 30 år før.

Hovudpersonen er Max Fjellanger, utvandra frå Noreg og busett i USA i fleire år der han har jobba som privatetterforskar. Han er forholdsvis fersk enkemann når han kjem heim til gamlelandet for å delta i gravferda til ein tidlegare ven og kollega. Han får greie på at det kan vera enkelte uklare omstendigheiter rundt dødsfallet til denne venen og bestemmer seg for å grava i saka. Saman med den venlege og ivrige bibliotekaren Tirill grev han då også fram mykje grums. Gjennom etterforskinga kjem dei på sporet av gamle og nyare mystiske hendingar, - og etter kvart blir det både skremmande og farleg. Saka/sakene vert enno meir kompliserte av at den lokale lensmannen truleg har sine svin på skogen - og av at Max (klisjéaktig nok) innleier eit forhold til ein av dei involverte. (Ein har lest det før, som sagt..)

Boka har brukbart driv og inneheld fine skildringar av natur og stemningar, men for meg vart det for heile for enkelt, det vart for lite spenning og for få overraskingar. Dessutan er eg ikkje spesielt interessert i spøkelsar, myter, segner, tru og overtru.

Djevelens giftering får karakteren 4 for stil og 2 for innhald.

2. november 2015

Bokomtale: Den ubehagelige sannheten av William Landay

Cappelen Damm 2015
429 sider

Kjelde: Lånt ebok (eBokBib)

Etter suksessen med Til Jacobs forsvar har også debutromanen til William Landay, Mission Flats, blitt utgitt på norsk - med (den uspennande) tittelen Den ubehagelige sannheten.

I likskap med den Til Jacobs forsvar har denne boka ei overraskande avslutning og ei heilt spesiell forteljarstemme; ei stemme som vender seg til lesaren på ein direkte måte.
Ein kan godt sei at dette er krim for vidarekomne; litt langsamt og med eit komplekst plott og eit mangfaldig persongalleri.
Det handlar om moral og umoral, sanning, kvite løgner og andre løgner; om at alle saker har fleire sider. Sanninga er ikkje alltid rett og løgnene er ikkje alltid feil. Her er det ikkje snakk om "dei gode" på den eine sida og "dei onde" på den andre sida. Det viser seg at absolutt alle har ting dei vil halda skjult for andre og for omverda. Og forresten - er det ikkje slik at det - av og til - er betre og meir moralsk at sanninga ikkje vert kjend?

I ein liten småby utanfor Boston har 24 år gamle Ben Truman "arva" politisjeftittelen frå far sin. Egentleg hadde Ben forlatt heimstaden for å studere historie, men då mora viste tegn på demenssjukdom flytta han tilbake. Faren takla ikkje kvardagen og utfordringane med ein uberegneleg ektefelle.
I småbyen er det lite kriminalitet, og kvardagane og gjeremåla på den lokale politistasjonen er greie å forhalda seg til for den unge politisjefen. Men så ein dag finn Ben liket av ein framståande statsadvokat i ei hytte i området. Funnet - som viser seg å vera eit drap - har samanheng med det harde kriminelle miljøet i storbyen Boston.

Saka fører Ben til dei tøffe gatene og gjengmiljøa i storbyen - og til samarbeid med  advokatar og politifolk, også av ein meir tvilsam type. Politiet har ein hovudmistenkt, men Ben får kjennskap til ei hemmeleg historie om hevn frå tjue år tilbake - og tviler på at vedkommande er skuldig. Saka er mykje meir komplisert enn det ser ut som - og Ben får merka at han har mektige og farlege motstandarar.
Lesaren følgjer Ben si jakt på sanninga, ute i dei utrygge gatene, blant meir eller mindre skuldige kriminelle - og blant meir eller mindre korrupte politifolk. Ben blir prega; kven kan han stola på? Korleis ta vare på eigen integritet? Og - kan lesaren stola på Ben?

Den ubehagelige sannheten er ein god og utradisjonell kriminalroman.
Forfattaren er utdanna jurist, har jobba som statsadvokat og har difor ei litt anna vinkling på kriminalsaker enn det som er vanleg innan krimlitteraturen. Eg vil tru at dersom du likar bøkene til t.d. John Grisham, Harlan Coban og John Hart, vil nok også Landay sine bøker falla i smak.
Boka er skriven i eit velformulert og ledig språk, har gode dialogar og stødige og presise miljøskildringar. Til debutbok å vera er dette imponerande.

31. oktober 2015

Oppsummering oktober

Påbyrja i september, fullførast i oktober:
David Lagercrantz - Det som ikke dreper oss - Svensk krim - Lånt lydbok, biblioteket
Ann Cleves - Svart som ravnen - Britisk krim - Lånt papirbok, biblioteket
Morten Øen - Tellemarck - Norsk roman - Lånt ebok, eBokBib

Lest i oktober:
Jan Mehlum - Et hardt slag - Norsk krim - Lytteeksemplar
Ragnar Kvam jr. - De fire store - Historisk/biografisk/dokumentar - Lånt papirbok, biblioteketb
Hanne Sigbjørnsen - Tegnehanne - Tegneserie/humor - Lånt papirbok, privat
Bergsveinn Bergisson - Svar på brev frå Helga - Islandsk roman - 2013 - Lånt ebok (avbraut)
Hans Olav Lahlum - Haimennesket - Norsk krim - Lånt ebok, eBokBib
Vetle Lid Larssen - Hvordan elske en far - og overleve - Personleg beretning/biografi - Lytteeksemplar
Claus Lundekvam og Thomas Karlsen - En kamp til - Biografi - Lånt papirbok, biblioteket
Jo Nesbø - Mere blod - Norsk krim - Lånt papirbok. privat
William Landay - Den ubehagelige sannheten - Amerikansk krim - Lånt ebok, eBokBib
Henning Mankell - Minnet om en skitten engel - Svensk roman - Lånt lydbok, biblioteket

Påbyrja i oktober, fullførast i november:
Liza Marklund - Jernblod - Svensk krim - Lånt papirbok, privat
Vidar Sundstøl - Djevelens giftering - Norsk krim - Lånt ebok, eBokBib
Øystein Wiik - Rekviem - Norsk krim - Lytteeksemplar



Omsider er leselysta tilbake for fullt - og det er eg glad for. Oktober vart ein strålande lesemånad med fleire gode leseopplevingar. Og som ein kan sjå: Eg brukar ikkje mykje pengar på bøker. Alt eg las i oktober var lånt eller fått.
Eg likar når bøker viser seg å vera overraskande bra - og av oktoberbøkene mine må både Det som ikke dreper oss, Hvordan elske en far og Lundekvam sin sjølvbiografi framhevast som slike positive overraskingar. Eg likte også godt Ragnar Kvam si historisk/biografiske De fire store og Henning Mankells Minnet om en skitten engel, men sidan eg har lest såpass mykje av desse forfattarane tidlegare vart eg ikkje like overraska. Og etter å ha lest Til Jacobs forsvar tidlegare i år hadde eg også store forventningar til Den ubehagelige sannheten - som vart innfridde. Omtale kjem.
Nemnast spesielt må også artige Tegnehanne - og den ubehagelege og spesielle Tellemarck.

Svar på brev frå Helga vart nominert til Nordisk Råds litteraturpris i 2012, men eg likte ikkje denne i det heile tatt. Så for å spara meg sjølv for (ytterlegare) irritasjon og ergrelse, valde eg å avbryta etter halvgått løp. For det fyrste fordi boka kjeda meg og for det andre fordi eg fann erotikken og kjærleikshistoria uekte og påklistra. For det tredje fordi boka har eit heilt håplaust språk: Oversetjinga er gjort til eit forelda arkaisk nynorsk, som sikkert skal streka under det islandske - men eg trur at eit moderne nynorsk - eller bokmål, for den del - har like mykje (lite) til felles med det islandske språket som den gammaldagse nynorsken som her er brukt. Styr unna brevet til Helga, er mi tilråding.

27. oktober 2015

Haustlesing: Eit samleinnlegg

Hausten er favorittårstida mi. Eg likar at det vert stillare, kjølegare og mørkare. Om kveldane vert eg ofte berre sitjande i sofakroken med ein kaffikopp og ei god bok, men innimellom vert det turar ut i frisk luft og vakre haustfargar - og gjerne med ei bok på øyret. Verandalesingsesongen er over.
Eg les mykje forskjellig - ikkje berre krim; eg les både humor og alvor, gammalt og nytt, sakprosa og skjønnlitteratur, i ulike format. Variasjon er stikkordet.

No har det atter hopa seg opp med leste og "uomtalte" bøker. Difor er det på tide med eit skippertak; dvs. eit samleinnlegg med kjappe omtalar, - fordi eg likar å vera sånn cirka ajour.

Eg byrjar med ei ny bok som gjorde djupt inntrykk på meg:

Hvordan elske en far - og overleve
av Vetle Lid Larssen

Lydbokforlaget 2015
Speletid 5:09 (lytteeksemplar)

Ei erindringsbok og ein slags biografi, men både forlag og forfattar seier at dette er ein roman, - noko eg ikkje heilt kan forstå.

Vetle Lid Larssen byr på seg sjølv når han fortel om oppveksten sin og forholdet til faren. Som barn forguda Vetle far sin, men etter som tida gjekk vart forholdet deira vanskeleg og konfliktfylt. Det handlar på mange måtar om eit "klassisk" far/son-problem som vert enno meir utfordrande når dei involverte er kjendisar.
Lid Larssen sin svulstige og arrogante skrivestil kjem til uttrykk i enkelte glimt, men eg likte boka likevel. Ho er underhaldande, velskriven, varm, trist og morosam - og har eit fantastisk fint framsidebilete.
Forfattaren les sjølv lydboka - på ein overraskande god måte. Terningkast 5.

(Eg tykkjer det er vanskeleg å skriva om denne boka - fordi ho traff meg så sterkt. Grunnen er at eg også hadde ein far som mot slutten av livet endra personlegheit. Far min vart ikkje råka av alzheimer, som Lars Andreas Larsen vart, men frå å vera den sterke og trygge pappaen min, vart han, grunna alvorleg sjukdom, ein "gretten gammal gubbe" som det var vanskeleg å forholda seg til.)


Blindgang av Jørn Lier Horst 
Lydbokforlaget 2015
Speletid 8:50 (lånt lydbok, biblioteket)

Godt handtverk, men kjeeeedeleg. "Dette har eg lest før", tenkte eg fleire gonger medan eg las Blindgang. Lier Horst køyrer safe og fornyar seg ikkje. Han følgjer det same mønsteret i bok etter bok - og det er ikkje så rart, han har jo hatt stor suksess med det..
Blindgang er truverdig, traust og treg. Velskriven og velkomponert, men spenninga er omtrent fråverande. Eg saknar overraskingar og uventa vendingar! Eller er Lier Horst for flink?
Atter ein gong er det lydbokversjonen som bergar mi leseoppleving av ei William Wisting-bok. Ivar Nergaard er som alltid ein stødig og dyktig opplesar. Terningkast 3.


Fars krig av Bjørn Westlie 
Lydbokforlaget 2009
Speletid 6:04 
(lånt lydbok, biblioteket)

Nergaard er også opplesar av sakprosaboka Fars krig, ei bok forfattaren vart tildelt Brageprisen for.
Dette er forteljinga om nazisten og frontsoldaten Petter Westlie. I likskap med morfaren til Ida Jackson, melde Westlie seg som frontsoldat for tyskarane og var med på det store felttoget mot Sovjetunionen.
Forfattaren fortel om sitt ikkje-forhold til sin eigen far. Boka er veldig god, forteljarstilen er sakleg og nøktern, men det som vert fortalt er sterkt og brutalt - og djupt personleg. Terningkast 5.


Minnet om en skitten engel
av Henning Mankell

Lydbokforlaget 2011
Speletid  10:51 
(lånt lydbok, biblioteket)

Handlinga i boka byggjer på verkelege hendingar og verkelege personar. Hovudperson er den fattige svenske kvinna Hanna som i 1904 går ombord i eit skip som skal til Australia, i håp om ei betre framtid der. Ombord treff ho ein mann som ho gifter seg med - men ekteskapet skal bli kortvarig; etter berre to månader vert Hanna enke. Djupt fortvila forlatar ho skipet i det som den gongen heitte Portugisisk Øst-Afrika; dagens Mosambik. Via enno eit kortvarig ekteskap der blir Hanna ei rik kvinne og eigar av ein stor bordell.

Dette er ikkje Mankell på sitt beste, men det er ei fengslande forteljing frå eit fjernt landskap og ei heller fjern fortid. Lesaren får møta mange fascinerande karakterar og fleire interessante og gripande historiar. Bakteppet består av kolonialisme, raseskille og klasseskille, - og eit gryande opprør.
Det gjekk litt tid å bli vand til Jan Grønli si opplesarstemme. Han les seint og lågt - men etter kvart tykte eg at stemma vart "grei nok". Terningkast 4.


Tegnehanne av Hanne Sigbjørnsen 
Egmont 2015
176 sider 
(lånt papirbok, privat)

Over til noko heilt anna: Fantastiske Tegnehanne!
Eg har vore fan av bloggen og spalten hennar i Aftenposten lenge - og endeleg er boka her.

Eg ler berre eg tenkjer på tegningane til Hanne Sigbjørnsen. Ho har sjølvironi, skråblikk på det meste og ein naiv fin strek.
Dette er ei super gåvebok!



Jeg vil leve av Marte Wexelsen Goksøyr 
Oktober 2012
139 sider 
(lånt papirbok, privat)

Forfattaren har Downs syndrom, og boka handlar om kva ho har fått utretta og oppnådd hittil i livet - men også om utfordringar og hindringar.
Dette er jenta som fekk Jens Stoltenberg til å bli svett og uvel då ho intervjua han i samband med stortingsdebatt vedk. tidleg ultralyd og sorteringssamfunn. Den hendinga skapte debatt i ettertid.

Dette er ei lita, men viktig bok - til ettertanke. Det er eit faktum at dei fleste foster med kromosomfeil vert tatt bort.
Eg er så absolutt for fri abort og mot reservasjonsretten, men tykkjer likevel at det kan det vera nyttig med slike motforestillingar som Marte Wexelsen Goksøyr kjem med i denne boka.



Haimennesket av Hans Olav Lahlum 
Cappelen Damm 2015
286 sider 
(lånt ebok, eBokBib)

Bok nummer 7 i retrokrimserien om K2 og Patricia er litt annleis enn dei føregåande. I motsetnad til kollega Lier Horst er Lahlum i stand til å tenkja nytt. Handlinga er lagt til Sørlandet i 1972, og alt hender i løpet av eit par døgn.
Den trege fyrstebetjenten og den lynskarpe assistenten er omsider blitt eit par. Dei har fått invitasjon til eit avsidesliggjande hotell der det ein gong hende eit tragisk barnedrap.
Mystiske forsvinningar, mystisk sjølvmord, mystisk nabo, mystiske tvillingar, mystiske spørsmål, mystiske svar, mystisk fetter. Alle har noko å skjula.
Snirklete, høgtideleg og litt unaturleg språk - noko som kjenneteiknar bøkene til Lahlum. God, gammaldags og langsam krim i Agatha Christie-stil, men med ei meir thrilleraktig oppbygging. Terningkast 4.




Mere blod av Jo Nesbø
Aschehoug 2015
235 sider 
(lånt papirbok, privat)

Enno ein retrokrimroman, men i ein heilt annan stil. Her er det kjeltringen som har forteljarstemma - noko språket i boka ber preg av. Handlinga er lagt til Finnmarksvidda i 1977, ein mann er på rømmen frå narkogjeld og ein misnøgd oppdragsgivar.

Boka er enkel, lettlest og fortlest. Historia er godt fortalt, spenninga byggjer seg opp i eit akkurat passe tempo, utan at det går ut over verken negler eller nattesøvn. Ein smule forutsigbart er det likevel, og eg finn alle klisjeane og alt det sentimentale litt irriterande. Men ein forfattar av Nesbø sitt kaliber og kvalitet kan tillata seg å leika med krimsjangeren på denne måten.

Ein bør vera klar over at denne boka og den føregåande Blod på snø er spin-off-produkt av Harry Hole-serien. Desse to bøkene er liksom skrivne på 70-talet av ein fiktiv forfattar som skal komma til å spela ei viss rolle i kommande Harry Hole-bøker. Terningkast 4.



Svart som ravnen av Ann Cleeves 
Vigmostad & Bjørke 2008
314 sider 
(lånt papirbok, biblioteket)

Eg likar romanar og kriminalromanar med handling frå uvande og eksotiske stader. Då eg las bok nummer to i den såkalla Shetlandskvartetten ('Hvite netter') tidlegare i år, gav den meirsmak. Dette er den fyrste boka i serien.

Her er gode personskildringar og flotte natur- og miljøskildringar, samt glimt frå ny og gammal shetlandskultur.
Kriminalgåta er intrikat og noko oppkonstruert, men eg føler at personane det handlar om; både offer, pårørande, vitne og sjølve protagonisten er veldig ekte.

Språket er presist, skrivestilen lågmælt, løysinga er overraskande, men likevel logisk. Boka startar tregt, men tempo og driv aukar utover. Terningkast 4.



Malteserfalken av Dashiell Hammett 
Gyldendal 2007
286 sider 
(kjøpt pocketbok)

Ei verdensberømt bok, fleire gonger kåra til tidenes beste kriminalroman. Utgitt fyrste gong i 1930, på norsk i 1954. Inspirasjonskjelde for uendeleg mange andre krimbøker innan den undersjangeren som gjerne vert kalla for "hardkokt". Handlinga er lagt til San Francisco, protagonisten er ein kald, kynisk og smart privatdetektiv som heiter Sam Spade.
I filmversjonen er det som kjent Humphrey Bogart som har hovudrolla, men Hammet beskriv Spade heilt annleis enn slik han vert framstilt i filmen.
Omhandlar fleire drapssaker som heng saman med ein heilt spesiell sakna gjenstand - sjølve Malteserfalken. Her er skarpe og kjappe hjerner, vakre og farlege kvinner, samt hjelpelause politifolk og utspekulerte forbryterar.
Eg vart aldri totalt bergtatt av boka, men eg vart absolutt fenga av historia som vert fortalt og ikkje minst; måten forfattaren fortel ho på. Når ein tenkjer på kva boka har betydd for kriminallitteraturen i ettertid, må ein sei at dette er genialt og fantastisk skrive.
Terningkast 5.