25. januar 2022

Vinterlesing: Nordisk krim

I desse mørke vintermånadene høver det bra med krimlesing. Det slår meg ofte kor mangfaldig krimsjangeren er, med tanke på kvalitet, innhald og skrivestil. Nedanfor kjem nokre eksempel på dette mangfaldet. 

Fyrst: Norsk krim, og ein veteran innan sjangeren.

Djevelen i detaljene av Chris Tvedt
Gyldendal 2021
370 sider
Lånt ebok BookBites

OK advokatkrim, og eit gjensyn med både forsvarsadvokat Brenne og etterforskar Matre, dei to figurane denne forfattaren har skapt. Dette er såleis bok 9 i Mikael Brenne-serien og bok 4 i Edvard Matre-serien.

Sjølve plottet er passe finurleg med enkelte overraskande vendingar. Etter ein litt treg og omstendeleg fyrste halvdel av boka tek det meir av i andre del, med fleire dramatiske scener. Handlinga vert oppfatta som både aktuell og truverdig, men likevel er det noko tamt og tregt over det heile.  
Terningkast 4-.


Så nokre svenske innslag.

Polarsirkelen av Liza Marklund
Cappelen Damm 2021
319 sider
Lånt papirbok privat

Lovande fyrste bok i ny serie (eller trilogi) frå dama bak den kjende Annika Bengtzon-serien. Handlinga er lagt til Nord-Sverige, eit landskap me kjenner frå diverse andre krimseriar. Handlinga vekslar fint mellom fortid (1980) og notid (2019). Eit likfunn i notid vert knytt til ei forsvinningssak i fortid og dermed nye møte mellom folk som ikkje har sett kvarandre på lang tid. 

Boka byr på gjenkjennande tidsbilete og presise karakteristikkar. Ikkje alt er like truverdig eller sannsynleg, men eg tykkjer likevel at plottet heng saman. Marklund skriv godt, og det er tydeleg at ho med denne boka er på "heimebane". 
Terningkast 4+.


Siste spiker av Stefan Ahnhem
Aschehoug 2021
Speletid 12:30
Lånt lydbok BookBites

Eg fekk eit dårleg fyrsteinntrykk av Fabian Risk-serien, men endra raskt meining og fekk etter kvart verkeleg sans for denne serien. Her får ein grøss og gru, motbydelege drap, utspekulerte gjerningspersonar og spenning frå fyrste til siste side. 

Ahnhem held fram med å utsetja dei stakkars karakterane sine for utfordringar, påkjenningar, sorger og bekymringar. Av og til vert det så voldsomt at det nærmar seg det parodiske. Men - eg likar skrivestilen hans og likar at han "leikar seg"; med alle krumspringa sine utfordrar han både lesaren og sjangeren. Boka er ganske rå og brutal, men har også høg underhaldningsfaktor. Her blir ein nesten andpusten av spenning og skvett til av dei uventa vendingane. Og antagonisten - han er ein av dei mest ufordragelege eg nokon gong har støtt på.

Om du har høve til strekklesing vil eg anbefala lydboka. Ivar Nergaard les på sedvanleg stødig og engasjerande vis. 
Terningkast 5.


Singöspionen av Anders Gustafson og Johan Kant
Lind & co. 2021
Speletid 13:16
Lydbok Storytel

Så over til noko heilt anna; skjærgårdskrim - og ei middelmådig leseoppleving. Begge forfattarane er nye for meg, og eg vil påstå at boka deira er ei krimbok for nybyrjarar; enkel og lettlest som ho er. Her finst enkelte actionscener, men mest av alt er det klisjéar, trivialitetar og overforklaringar. Ofte er det meir turistreklame enn krim, slik som i Sandhamn-serien

Eg må likevel innrømma at eg til ein viss grad vart sjarmert av hovudpersonen Solbritt og måten ho opptrer på. Elles er det ikkje så mykje å skryta av, og ikkje vart boka avslutta skikkeleg heller. Det er lagt opp til at ein "må" halda fram med lesinga i neste bok, men eg giddar faktisk ikkje meir. Opplesaren av lydboka er heller ikkje spesielt bra. Terningkast 3-.


Til slutt ein islandsk veteran:

Den tause moren av 
Arnaldur Indriðason
Cappelen Damm 2021
Speletid 9:15
Lånt lydbok BookBites

Bok nummer 3 i Konrad-serien. Eg har ikkje lest dei to fyrste, men har tidlegare lest fleire bøker av denne forfattaren. Arnaldur er som alltid god på melankolsk stemning og karakteroppbygging. Når det gjeld tempo og engasjement kan det av og til bli litt langtekkeleg og uspennande. 
I denne boka handlar det om to gamle saker og ei ny sak - og steg for steg får me vita korleis desse sakene heng saman. Konrad er ein samansett person og ein sympatisk protagonist. Like grublande som Erlendur (frå Arnaldur sin mest kjente serie), men ikkje så depressiv.
Den tause moren er ei roleg, velskriven og trist bok til terningkast 4+.

15. januar 2022

Bokomtale: Etter åndemaneren av Kim Leine

Cappelen Damm 2021
844 sider
Lånt papirbok privat + lånt ebok BookBites

Eg byrja leseåret 2022 med ein skikkeleg murstein - og for ei leseoppleving! Avslutninga på Kim Leine sin grønlandstrilogi vart like storarta som forventa. 
Dei som kjenner meg og lesesmaken min veit at eg les mykje krim og trivst med det. Men dei bøkene som gir meg mest er svære historiske romanar fylt med interessante karakterar og dramatisk handling. Slik som denne boka.

Det er ein trilogi dette, men den er ukronologisk og bøkene heng berre lauseleg saman. Ein treng altså ikkje å lesa Profetene i Evighetsfjorden og Rød mann/sort mann før denne.
Etter åndemaneren er ikkje (fullt) så stinkande rå og brutal som dei to nemnde bøkene. Ho kan dermed framstå som litt "tam", men det er sanneleg rikeleg med ubehagelege scener også i denne boka. Ho har dessutan andre kvalitetar; levande skildringar, fargerike personar, truverdig handling og mørk humor.

Handlinga er lagt til Grønland og Danmark på 1880-talet. Danskar busette på Grønland såg nok framleis på seg sjølve som "siviliserte" og på grønlendarane som "ville hedningar" på den tida, men enkelte fekk etter kvart ei noko anna haldning til urbefolkninga. Mykje hadde endra seg sidan Egede starta misjoneringa si på 1720-talet. 
Slutten av det 19. hundreåret var óg tida for dei store polarekspedisjonane, og i denne boka får me lesa mykje om ein heilt spesiell ekspedisjon som fann stad på Grønland i 1883-85; Gustav Holm sin konebåt-ekspedisjon. Målet med forskingsreisa var å finna ut meir om natur, geografi, kultur og levemåte, på den til då uutforska austkysten av øya. Det vart ein vellukka ekspedisjon; faktisk kom fleire tilbake enn det reiste ut. Ekspedisjonen vart godt dokumentert for ettertida, både av ekspedisjonsleiaren sjølv og av "blandingen" Hanseeraq; han som leia grønlendarane (flest kvinner) som deltok. Denne dokumentasjonen er utgangspunkt for ein av handlingstrådane i Etter åndemaneren.

Dei mange "blandingane" rundt om på koloniane på Grønland var ei følgje av at mange barn vart fødde utanfor ekteskap (av grønlandsk mor og dansk far, aldri omvendt - og faktisk registrerte som "blanding" i folketeljingane) og desse folka vart gjerne sett ned på av begge partar. Ein av dei er altså Hanseeraq - ein verkeleg historisk person som er ein av forteljarstemmene i boka. Trass i at han (også) har eit dansk namn ser han på seg sjølv som rein grønlendar og nektar t.d. å snakka dansk sjølv om han faktisk kan språket.

Usikre farskap og uklare søskenforhold er eit gjennomgåande tema i boka. To andre forteljarstemmer tilhøyrer Jens - Hanseeraq sin nevø - og Sara - Hanseeraq si dotter. Begge desse er fiktive, og for begge sin del handlar det mykje om å finna sin eigen identitet og dei kampane dei må ta i samband med det. Jens dreg til København for å finna far sin. Saman med to andre har faren nemleg funne gull på Grønland, og det er muleg at gullet er oppbevart i København. Med sin  blandingsbakgrunn finn ikkje Jens seg til rette i Danmark. Ikkje finn han noko gull og ikkje finn han far sin heller. Han får heller ikkje ordentlege vener, men den einsame unge mannen vert dregen inn i det dekadente homsemiljøet rundt diktaren Herman Bang. Dette skal føra til både vanskelege forhold og dramatiske hendingar - og det skal gå lang tid før han får venda tilbake til Grønland. 

Forfattaren dreg også ein tråd framover nesten mot "vår eiga tid", i alle fall til året 1953 då Grønland fekk status som amt og dermed vart ein likeverdig del av den danske nasjonen. Åndemanaren Aappaluttoq, som me også "traff" i forrige bok er "med", men tek ikkje altfor mykje plass. Den mystiske gullbehaldninga er elles det som knyter handlingstrådane saman.

Det var kort oppsummert og noko overfladisk om litt av handlinga i den siste delen av Grønlandstrilogien. Etter åndemaneren er jo veldig omfattande med sine 844 sider, og lesinga tek si tid. Det er ei "bredt anlagt" forteljing om store kulturmotsetnader og voldsomme naturkrefter. Det handlar om galskap og ondskap, overgrep og incest, og om skam, skuld og anger. Likevel er boka ganske lettlest - og veldig interessant.
Boka kryp liksom under huda på deg, ho gjer deg opprørt og sjokkert, men er samstundes underhaldande og spennande. Det er ei bok som spelar på mange ulike kjensler - og sjølv måtte eg ta enkelte pausar undervegs. 

Kim Leine er norsk og busett i Danmark. Han skriv på dansk, overset/gjendiktar til norsk og utgir bøkene parallellt. På den måten skjønnar me at bøkene hans er uvanleg grundig gjennomarbeida. I tillegg må han ha hatt ein svær jobb med bakgrunnstoff og research. Grønlandstrilogien er på alle måtar eit stort verk og ein gedigen litterær prestasjon. 

Eg er ufatteleg "gjerrig" med 6'arane mine. I fjor ga eg kun èi bok dette terningkastet.
Men eg har gitt alle bøkene i denne trilogien terningkast 6.
Det seier sitt!
Anbefalast på det sterkaste!

Eg lånte og las papirboka i starten, men undervegs og tilfeldigvis vart eboka ledig i BookBites, så eg fekk fullført boka på iPad'en. Det var bra - ei papirbok i denne storleiken er veldig upraktisk.

2. januar 2022

Oppsummering desember 21

Påbyrja i november, fullført i desember:
Aslak Nore - Havets kirkegård - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Nils Johan Stoa - Kjødets lyst - Norsk historisk/dokumentar - Lyd Storytel

Lest i desember:
Jørgen Jæger - Dommen - Norsk krim - Lånt papirbok privat
Stefan Ahnhem - Siste spiker - Svensk krim - Lånt lydbok BookBites
C.J. Tudor - De andre - Britisk krim - Lånt papirbok biblioteket
David Baldacci - Hjem til jul - Amerikansk roman - Lyd Storytel
Liza Marklund - Polarsirkelen - Svensk krim - Lånt papirbok privat
Val McDermid - Mord til jul - Britisk, krimnoveller - Lånt lydbok BookBites
Bergsveinn Birgisson - Mannen fra middelalderen - Islandsk, dokumentar/biografi - Papirbok fått i julegåve
Anne B. Ragde og Unni Lindell - Juleglede - Julehefte/ div. tekstar - Lånt privat

Påbyrja i desember, fullførast i januar:
Kim Leine - Etter åndemaneren - Dansk/norsk historisk roman - Lånt papirbok privat


4 lyd, 5 papir, 1 ebok
6 lånt, 3 abonnement, 1 fått
5 krim, 1 krimnovellesamling, 1 juleroman, 1 julehefte, 1 dokumentar, 1 biografi/dokumentar
4 norske, 2 svenske, 2 britiske, 1 amerikansk, 1 islandsk
6 menn, 5 kvinner
"Nye" forfattarar: Stoa, (Birgisson)

Det vart 10 leste bøker i desember. Det er eg nøgd med, men eg var ikkje like heldig med tanke på "utbyttet" denne gongen. Det unormalt høge snittet i november (4,5) vart følgd av eit snitt på 3,9 i årets siste månad. Men for all del - dei tre terningkast 5-bøkene er veldig gode. 

Særleg positivt overraska vart eg av Mannen fra middelalderen. Boka er ein biografi om Tormod Torfæus og ein dokumentar om tidlegare tiders historiegransking og -samling. Eg fekk boka til jul og var i utgangspunktet litt skeptisk, sidan eg har "prøvd meg" på forfattaren tidlegare utan hell. ('Svar på brev frå Helga' som eg avbraut etter nokre titals sider) 

Dokumentaren Kjødets lyst (true crime frå gamle dagar) er også interessant lesing. 

Eg veit ikkje heilt kva eg skal sei om David Baldacci sin juleroman. Eg forventa meg noko action/thriller-aktig frå denne forfattaren, men det eg fekk var ei klissete historie, som juleromanar gjerne er. Eller kanskje boka er ein parodi på slike bøker, og som eg ikkje forsto?

Val McDermid beherskar (også) novelleformatet, og eg har stort sett kosa meg med Mord til jul. Nokre rare avslutningar på enkelte av novellene trekker likevel ned.

Så. Då var eg ferdig med 2021, også her på bloggen - og eg ser fram til eit nytt og bra leseår i 2022.