23. september 2023

Norsk krim 2023 del 3 - Bergenskrim

Forfattarane Gunnar Staalesen og Chris Tvedt har mykje til felles - og det er ein del som er ulikt. Det same kan seiast om krimheltane deira, privatetterforskaren Varg Veum og advokaten Mikael Brenne. 

Både Staalesen og Tvedt har komme ut med nye bøker i haust, og begge bøkene har fått gode omtalar og bokmeldingar. Det er ikkje ufortent.

Les intervju med forfattarane (BT +sak)


På ære og samvittighet av Chris Tvedt
Gyldendal 2023
351 sider
Lånt ebok BookBites

Bok 10 i serien om advokat Mikael Brenne - og ifølge forfatteren er dette siste bok i serien. Og for ein avslutning! Dette er verkeleg ei bra bok. Ho er mørk og nervepirrande med spenning på fleire plan. 

Den rufsete advokaten har hatt mange utfordringar gjennom serien, både privat og på jobb - og denne gongen får han verkeleg trøbbel. Fortida innhentar han, som det heiter - og grunnen er ei hending som fann stad i den aller fyrste boka i serien Rimelig tvil. No tyder alt på at Edvard Matre er i ferd med å finna ut av den gamle uoppklarte saka. (Kripos-etterforskar Matre er hovudperson i den andre krimserien til Tvedt)

"Advokatkrim" kan høyrast tørt ut, men det stemmer absolutt ikkje i dette tilfellet. Historia er godt oppbygd og har eit bra driv. Det er interessant å "bli med" på advokatkontoret og rettssalen, i avhøyrsrommet og på fengselsbesøk. "Advokat-thriller" er kanskje ingen sjanger, men uttrykket kan vera meir dekkande og meir forklarande når det gjeld kva boka handlar om.  Brenne sine oppdrag, dei private utfordringane hans og kjenslene han har rundt den gamle saka - uro, skuld, skam, anger, frykt, paranoia - alt dette er krevjande for hovudpersonen. 

Handlinga går stort sett føre seg i Bergen, med nokre små avstikkarar til Oslo - og ein dramatisk tur nordover på Strilelandet.

På ære og samvittighet er ein engasjerande kriminalroman med ein tankevekkjande avslutning. Plottet er uforutsigbart og på same tid stødig. Kanskje vel mange tilfeldigheiter når alt skal få si avklaring, men det er greit nok.
Terningkast 5.


Forfulgt av død av Gunnar Staalesen
Gyldendal 2023
305 sider
Lånt papirbok privat

Varg Veum-bok nummer 20! For meg som har følgd serien og hovudpersonen i fleire tiår, blir ei ny bok i serien som å møta att ein gammal ven. Ein ven eg har god kjemi med, som eg av og til blir irritert på og som eg til tider har vore bekymra for.

Me skal ta turen til Strilelandet også i denne boka. Handlinga er lagt til den fiktive bygda Solvik, kun med små svippturar innom by'n og kontoret på Strandkaien og bustaden i Telthussmauet. Det er midt på 00-talet og den som er "forfulgt av død" er Betty. Ryktet fortel at ho "et mannfolk til frukost" og det viser seg at ho har mista fleire personar i nære relasjonar under mystiske omstendigheiter. No er sonen hennar sakna. Trass i rykta leiger Veum seg eit rom hos Betty medan han snusar rundt, snakkar med folk, trakkar i salaten, løftar på steinar - og finn lik. Privatetterforskaren er på saka og jobbar som han pleier; parallelt med - og ofte i vegen for - politiet si gransking. 

Bygda Solvik har sine bygdedyr og er prega av to familiar som konkurrerer om lakserikdommane, og av at fjorden er så godt som daud på grunn av lakseoppdretta. Slik flettar Staalesen miljøsaker inn i handlinga slik han har gjort tidlegare (t.d om vindkraft i Vi skal arve vinden). 

Forteljarstemma til Varg Veum er som alltid ironisk og sarkastisk - men også underliggjande melankolsk. I boka finn ein vidare truverdige karakterar, gode dialogar og altså samfunnsaktuelle saker. Det er godt handtverk i tradisjonell Varg Veum-stil, om ein kan sei det slik. Eg likar òg at forfattaren trekker trådar til 1900-serien, det gjer det gjenkjennbart og nært for oss faste Staalesen-lesarar. Handlinga er ikkje fylt med bestialitetar sjølv om det foregår både drap og andre brotsverk. Spenninga er der likevel. På den andre sida kunne eg tenkt meg å bli meir overraska enn det eg vart. Eg kunne også tenkt meg meir driv og intensitet.
Ein vert gjerne noko kravstor når ein går i gang med ei ny bok i ein favorittserie av ein favorittforfattar. 
Terningkast 4+.

20. september 2023

Dikt og slikt: En natt forbi

Jan Eggum (f. 1951) er vel kjent for dei fleste og treng kanskje ingen nærare presentasjon. I fjor las eg sjølvbiografien hans Så langt har alt gått bra, og eg som har "kjent" Eggum i mange år, fann mykje av innhaldet der "nytt". Eg var til dømes ikkje klar over at han er så morosam som han faktisk er. Her kjem likevel eit eksempel på den mollstemte sida av Eggum.


En natt forbi

Min krok er kald med grå gardiner
Som stenger solen ute.
Min seng er smal og golvet griner.
Jeg prater med min pute.

En natt forbi, et ensomt monarki.
Sang fra sjelen, slipp meg ned.
Jeg trenger en å våkne med.

En drøm er dekt til to personer
Og samler støv på stolen.
Et tog av tause telefoner,
og angst for alkoholen.

En natt forbi, en frihetsparodi.
Tåketanker, gi meg fred.
Jeg trenger en å våkne med.

En natt forbi, en stilnet melodi.
Sang fra sjelen, slipp meg ned.
Jeg trenger en å sovne ved,
Så får jeg en å våkne med.



Eggum skreiv opprinneleg sangen i 1974 på engelsk ("Alone, awake") og omsette han seinare til norsk. Kom fyrst ut med Wenche Myhre på albumet Wenche i 1976 og med Eggum sjølv på albumet En natt forbi i 1979.

Her kan du høyra ein flott versjon av sangen - og ein Eggum som innleiar på ein fabelaktig sjølvironisk måte.

13. september 2023

Bokomtale: Sekten av Camilla Läckberg og Henrik Fexeus

Bonnier norsk forlag 2022
636 sider / speletid 20:27
Lånt papirbok privat + lyd Storytel

Oppfølgjaren til Mentalisten er ei bra bok med spennande handling, intrikate problemstillingar og interessante karakterar. Men ho ville vore endå betre om ho ikkje hadde vore så omfangsrik.

Eg har mange av dei same innvendingane no som i samband med forrige bok: Enkelte sidehistoriar er lite relevante og gjer at boka tidvis vert opplevd som langdryg og treg. Dessutan vert dette med Vincent - og spesielt Mina - sine tvangshandlingar og -tankar nok ein gong overforklart og utbrodert.

Når det er sagt: eg er blitt såpass kjent med - og interessert i - duoen Vincent og Mina og deira liv, forhold og utfordringar, at eg heilt sikkert kjem til å lesa neste (og siste) bok (som nyleg er utkommen på svensk).

Handlinga er ganske fæl. Det handlar om bortføringar og drap - på barn. Det er heldigvis ingen detaljerte skildringar av kva borna vert utsette for, men eg tykkjer det er på sin plass å advara sensitive lesarar om tematikken.

Som tittelen syner handlar det også om sekter og om korleis slike lukka grupper fungerer. Det er ikkje tvil om at forfattarane har vore inspirert av verkelege sekter og hendingar, men ver merksam på at det er dradd vel langt, - til det grufulle, ekstreme og sære. 

Ein liten gut vert bortført av ein ukjent person i ein barnehage i Stockholm. Mina og teamet hennar vert raskt involvert då det viser seg at det er mange likskapar med ei anna bortføring året før - som enda på ein tragisk måte. Etter kvart kjem puslespelet, kodeknekkinga og etterforskinga i gang. Hjernen bak brotsverka har nemleg lagt ut spor i form av kodar som består av såpass ulike ting som sjakk, lego, vatn og hestar(!) Så spesielt er det heile at Mina meiner at Vincent må involverast. Andre i gruppa er skeptiske, men med sine analytiske evner og nerdete kunnskapar er Vincent rett mann. Sidan han er så "tilbakeståande" i sosiale samanhengar er samarbeidet med Mina ein viktig faktor for å komma vidare i etterforskinga. Mina har på si side problem med fysisk nærleik, og som sagt innleiingsvis tek desse maniane hennar veldig stor plass i boka.

Samstundes pågår det ein kamp mot klokka. Det hastar veldig, for alt tyder på at fleire barn og familiar er i fare. Gjerningspersonen er noko heilt for seg sjølv - og hen er ikkje åleine. For å setja i gang eit så omfattande "verk" må vedkommande ha hatt hjelp. Men frå kven? Korleis? Og kva kan vera motivet?

I tillegg til dei to hovudpersonane vert lesaren kjent med dei andre i etterforskargruppa; Ruben, Peder, Christer, Julia og nykommaren Adam. Eg tykkjer det er interessant å lesa om kor ulike dei er, kor samstemte dei er, kva utfordringar dei har, om deira sterke og svake sider og korleis dynamikken i gruppa endrar seg undervegs i etterforskinga. 

Handlinga er gudskjelov ikkje særleg realistisk, men historia heng saman og dei fleste trådane vert nøsta opp i. Eg tippa faktisk rett gjerningsperson, ikkje ut frå hendingar og skildringar, men ut frå korleis handlinga i boka er bygd opp (eg kan ikkje forklara det på nokon annan møte utan å avsløra for mykje).
Oppklaringa er på ein måte overraskande, men løysinga er forståeleg og på sett og vis logisk, om enn ikkje heilt truverdig. 

Eg både las sjølv og lytta til boka. Om du har høve til det, vil eg anbefala å gjera det same. For å halda styr på namn og personar og for oversikten sin del er det ein fordel å lesa sjølv, og for framdrifta sin del er det greitt å høyra lydbok.

7. september 2023

Norsk krim 2023 del 2

Krimhausten har starta bra - og her kjem ein ny samleomtale. 

Krimsjangeren rommar mengder av stilartar og undersjangrar og dei tre bøkene nedanfor er ulike i stil, form og innhald. Ein kan likevel leggja merke til fellesnemnaren her; at dei er korte. Og kort er (som oftast) godt etter mi meining; (altfor) ofte er krimromanar (altfor) omfattande. 

Farvel, Farah Diba av Karin Fossum
Cappelen Damm 2023
315 sider
Lånt papirbok privat

Eg har alltid høge forventningar til ei ny bok frå ein av våre beste (krim)forfattarar, og denne gongen vart forventningane i høgste grad innfridde.
Den tredje boka i serien om Eddie Feber kan godt lesast åleine.

Åttebarnsfaren Feber er sympatisk, empatisk og klok - og vert i denne historia djupt engasjert i saka om ein sakna seksåring.
Lesaren veit frå fyrste stund at vesle Kandis er blitt bortført av ein eldre mann. Kva er motivet bak ei slik handling? Parallelt får me følgja Feber og kollega Margot si etterforsking. Klarar dei å finna Kandis før det er for seint? 

Medan ein les kjenner ein på ein undertone av ubehag og uro. Fossum formidlar tankane til offer, gjerningsperson, pårørande og etterforskarar på ein overbevisande måte. 
Farvel Farah Diba er ei bok som "var med meg" lenge etter fullført lesing - noko som er eit kvalitetsstempel.
Terningkast 5.

Nattens bok av Jørgen Brekke
Gyldendal 2023
294 sider
Lånt ebok BookBites

Dette er ein frittståande krimthriller, originalt komponert og med eit fiffig plott.
Kanskje litt for fiffig og originalt. Eg opplever boka som rotete sidan det er så mange hopp fram og tilbake i tid og rom. Sjølv om det kjem forholdvis tydeleg fram kven som har forteljarstemme og kortid det skjer, tykkjer eg at desse hoppa forstyrrar framdrifta. 

Språket er flytande og personskildringane tydelege, og boka byr
elles på både spenning og overraskande tvistar. Litt vel usannsynleg til tider, men det funkar. 
Terningkast 4.


Haiene av Øistein Borge
Cappelen Damm 2023
237 sider
Lånt ebok BookBites

Sjette bok om Bogart Bull, ein etterforskar-serie som er både underhaldande og velskriven. 

Handlinga i Haiene er lagt til Mallorca, der forfattaren er busett. Utgangspunktet er eit særdeles mystisk likfunn; ei ung kvinne som har vore sakna i fleire år. Kven har drept henne? Kvar har ho vore i den tida ho var sakna? Og kva med mannen som har sona ei lang fengselsstraff for å ha drepe henne - for lenge sidan?

Historia er godt samanskrudd, men så veldig spennande og engasjerande vart det aldri.
Terningkast 4-.

Les også: 
Norsk krim 2023 del 1 

3. september 2023

Oppsummering august 23

Påbyrja i juli, fullført i august:
Jens Henrik Jensen - Kullmannen - Dansk krim - Lånt lydbok BookBites
Espen Skjerven - Kleptokratiet - Norsk krim - Lånt ebok BookBites

Lest i august: 
Jan Ove Ekeberg - Vikingtiden på 200 sider - Dokumentar - Lyd Storytel
Tomm Kristiansen - Cape Town i regnbuens tid - Dokumentar - Lyd Storytel
Karin Fossum - Farvel Farah Diba - Norsk krim - Lånt papirbok privat
Åsne Seierstad - Afghanerne - Dokumentar - Lyd Storytel
Jørgen Brekke - Nattens bok - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
David Baldacci - Konspirasjonen - Amerikansk krim - Lyd Storytel
Lucinda Riley - Mordene på Fleat House - Britisk krim - Lyd Storytel
Øistein Borge - Haiene - Norsk krim - Lånt ebok BookBites

Påbyrja i august, fullførast i september:
Camilla Läckberg og Henrik Fexeus - Sekten - Svensk krim - Lyd Storytel + Lånt papirbok privat
Thomas Bagger - Mannen i tre deler - Dansk krim - Lånt papirbok privat

6 lyd, 1 papir, 3 ebøker
5 lånt, 5 abonnement
7 krim,  3 dokumentarar
7 norske, 1 dansk, 1 amerikansk
7 menn, 3 kvinner
Nye forfattarar: Skjerven, Riley

Månadens høgdepunkt: To svært gode dokumentarar (Seierstad og Kristiansen, om hhv Afghanistan og Sør-Afrika) og ein svært god krimthriller (Fossum). 

Månadens nedtur: Kullmannen. Nina Portland-serien held på langt nær same kvalitet som Oxen-serien av same forfattar. I tillegg Fleat House, men den hadde eg ærleg talt ikkje så høge forventningar til.

Elles kan ein legga merke til at det vert færre og færre papirbøker. Ebøkene er ikkje akkurat i ferd med å erstatta papirbøkene for meg, men hittil i år har eg lese like mange e- og papirbøker. Lydbok er likevel det formatet eg brukar aller mest.