30. mai 2014

God bok, dårleg leseoppleving

- og omvendt. Eit kort lite innlegg om lydbøker og om kor viktig det er med dyktige og riktige opplesarar.

For nokre år sidan "las" eg Francis Meyers lidenskap av Henrik Langeland som lydbok. Det vart ikkje så vellukka. Eg likte ikkje boka; ho passa ikkje for meg, ho var altfor langtekkeleg og omstendeleg og eg vart irritert over den patetiske hovudpersonen. Hadde eg lest boka på "normal" måte, hadde eg nok berre avslutta etter nokre få titals sider. Men - det var min favorittopplesar Ivar Nergaard som las - og det på ein så fortreffeleg og underhaldande måte at eg faktisk fullførte dei nær 16 timane med lytting. Då eg skulle oppsummera leseopplevinga for meg sjølv etterpå, gav eg boka terningkast 1 og opplesaren terningkast 6. Leseopplevinga vart såleis middels - "sånn passe" - terningkast 3. Opplesaren heva altså ei etter mi meining dårleg bok opp fleire hakk.

Nyleg har eg opplevd det motsette; ei god bok som vart bortimot øydelagd av ein uengasjert og elendig opplesar. Eg har lytta til Den uskyldige av Harlan Coben - ei av forfattaren sine frittståande krimromanar.

Eg har ikkje problem med å anbefala boka - men les ho - for alle del - i papir- eller ebok-format, og ikkje som lydbok. Det virkar som om opplesaren i dette tilfellet er dårleg førebudd, han les enkelte deler monotont og sakte, for så å lesa altfor kunstig og påtatt engasjert i andre deler av boka. Vedkommande er ein røynd og dyktig skodespelar - men her skin det gjennom at han ikkje er så begeistra for boka og/eller lesesituasjonen. Tykkjer eg.

Alt i alt vart Den uskyldige (i likskap med Francis Meyers lidenskap) ei middels leseoppleving. Egentleg likte eg boka: Komposisjonen og spenningsoppbygginga var upåklageleg, men ho har etter mitt syn ein del uoversiktlege handlingstrådar - og altså; opplesaren øydela lesegleda og leseopplevinga mi.

Har du hatt liknande lydbok-opplevingar, anten positivt eller negativt - eller begge deler?

28. mai 2014

Bokomtale: Oppdrift av Ada Sofie Austegard og Stian Tobiassen

Aschehoug forlag 2014
215 sider

Ebok lånt på biblioteket

Ada Sofie Austegard er leiar i Stine Sofies stiftelse og mor til Stine Sofie Sørstrønen, ei av jentene som vart drept i Baneheia i Kristiansand i 2000. Stian Tobiassen er psykolog og har jobba mykje med pårørande og etterlatte i sorg. Saman har dei skrive boka Oppdrift som kom ut i mars i år. Boka handlar om korleis Austegard kjempa seg til å få eit godt liv igjen etter å ha opplevd det verste som kan skje ein forelder; å mista eit barn, på verst tenkelege måte.

Boka anbefalast varmt, ho er lettlest, knakande god - og viktig. Forfattarane karakteriserer ho som ein sjølvhjelpsbiografi. Altså både ein sjølvbiografi og ei sjølvhjelpsbok. Boka tek for seg tema som sorg og sakn, men også om pågangsmot og vekst. Forfattarane peikar på at det ikkje finst nokon "rett" måte å sørga på - det er like mange måtar å sørge på som det finst sørgande.

Men korleis er det muleg å få eit godt liv igjen etter ei slik traumatisk hending som "Baneheia-saken"? Austegard fortel i boka at ho hadde kloke og gode menneske rundt seg som støtta og hjelpte til med det praktiske, men òg at ho tidleg skjønte at ho måtte velja det gode livet - og kjempa for det. 
Ada Sofie Austegard tok eit val: Ho ville ikkje vera eit offer - ho valde å finna ei ny meining med livet. Ho valde livet og valde å vera positiv. Boka inneheld eksempel på tanketeknikkar og konkrete øvingar for å snu det negative til det positive, - for å få det betre både med seg sjølv og andre, - for å få eit betre liv. Austegard forklarar det slik:
"Det livet jeg har valgt å leve, handler ikke om å være sterk. Jeg lever mitt liv på min måte fordi alternativet for meg hadde vært så mye verre(...) Jeg lever livet mitt fordi jeg har så mye å leve for, og fordi jeg hver dag minner meg selv om alt det gode jeg har i livet."
Ho fortel vidare at ho ikkje lenger sørgar over Stine - men at ho saknar henne - og at dette saknet kjem alltid til å vera der. Vidare er ho open om at livet er like bra - og på enkelte område faktisk betre - enn i tida før Stine vart drept. Ein set gjerne meir pris på "dei nære ting" etter ei slik hending.

Kort tid etter drapa i 2000 vart organisasjonen Stine Sofies Stiftelse oppretta av Austegard og ei venninne. Mora til drapsofferet ville ikkje vera eit offer. Ho ville kjempa for andre barn sine rettigheiter - og i dette arbeidet har ho funne styrke og ei meining i det meiningslause. Ved å hjelpa andre barn som vert utsette for vald eller seksuelle krenkingar kom ho vidare i livet.

Oppdrift handlar det også om pårørande/etterlatte sitt møte med politi- og påtalemyndigheiter, rettsvesen og media. Stiftinga sitt arbeid for å ivareta offer og pårørande i overgrepssaker og andre kriminalsaker er kjempeviktig. I boka fortel Austegard om maktesløyse, manglande forståing, manglande informasjon og manglande innsynsrett under rettssaka mot dei to gjerningspersonane. Kritikken ho kjem med i boka er ikkje krass, men ho peikar på ein del uverdige forhold og uforståelege haldningar. Men mykje har endra seg når det gjeld pårørande og etterlatte si stilling i slike saker i løpet av dei siste åra, - m.a. takka vere Ada Sofie Austegard og hennar medarbeidarar i Stine Sofies Stiftelse.

Det er Austegard sine historiar, tankar og opplevingar som er dei sentrale i boka - dette er sterk lesnad; både opprørande, rørande og gripande. Medforfattar Stian Tobiassen har plassert tankane og reaksjonane hennar inn i ein teoretisk psykologisk samanheng, som er interessant å lesa om:
"Selv om Adas historie tidvis kan være ekstrem, bærer den likevel med seg noe alle kan lære av. Mestring, enten det dreier seg om de store eller små tingene i livet, handler om å finne kilden til det som gjør deg godt. Til det som gir deg påfyll og livsmot. Til det som skaper oppdrift."
Eg ser på Oppdrift som ein klar kandidat for nominasjon til Bokbloggerprisen 2014. Austegard og Tobiassen har skrive ei bok som alle kan læra noko av. Me har alle opplevd - eller kjem til å oppleva - vanskelege ting som ulukker, sjukdom, samlivsbrot eller å mista nokon me er glade i. Men sjølv når alt ser som mørkast ut, finst det lyspunkt og håp. 

23. mai 2014

Bloggsky - ordsky

Dagens blogg-ordsky ser slik ut.

wordle.net


Denne bloggen er litt Harry for tida. 

God helg!

21. mai 2014

Tidenes beste kriminalroman?

Karis bokprat skal laga liste over Tidenes ti beste kriminalromanar og i samband med dette inviterer Kari til deltaking. Ho oppfordrar oss som eg glade i krim til å senda inn ei rangert liste på ei eiga avstemmingsside. Dersom du også vil delta, kan du gå til avstemminga her.

Eg starta tidleg å lesa krim, og har heilt sikkert lest hundrevis, kanskje tusenvis? av krimbøker. Det er denne sjangeren eg alltid har hygga meg med; eg avreagerer med grøss og gru og slappar av når eg les om mord og drap. Dei aller fleste krimbøkene eg har lest er likevel slike som eg vil karakterisera som "greie" og som etter kort tid har havna i gløymeboka. Men - somme av dei sit som spikra fast i sjela og hjernen. Om ein ikkje akkurat hugsar detaljane i innhaldet og plottet, hugsar ein gjerne stemninga og den gode grøssande kjensla som boka gav.

Mange av dei gamle og klassiske kriminalromanane har eg ikkje har fått lest enno (so many books, so little time), men nedanfor ser du mine ti utvalde - av dei eg har lest fram til no. Det var utruleg vanskeleg å plukka ut berre ti bøker - og enno meir utfordrande å rangera dei. Ut frå prinsippet om at "dei gamle er eldst - og best" har eg plukka ut desse bøkene. Årstalet i parantes viser til då boka vart utgitt fyrste gong.


  1. Agatha Christie - Mord på Orientekspressen (1934)
Dame Agatha er sjølvskriven på topp. Stor litterær produksjon, finurlege plott, eleganse, tørr humor, filmatiske miljøskildringar. Pusle- og kosekrim. Plotta i "Ti små negerbarn", "Doktoren mister en pasient" og "Mord på Orientekspressen" er så geniale at dei aldri går ut på dato.

  2. Sjöwall og Wahlöö - Udyret fra Säffle (1971)
Mange nye skandinaviske politikrim-forfattarar (og andre seriekrimforfattarar) er tydeleg inspirerte av forfattarparet som på 60- og 70-talet skreiv serien på ti bøker om Martin Beck og kollegaene hans . "Udyret fra Säffle" er den 7. boka i serien. Rått, tøft, actionfylt og på den tida boka vart skriven: nyskapande. Ifølge Wikipedia vart boka utgitt på nytt i 2006 i ny oversetjing og med tittelen Mannen på taket.

  3. Sven Elvestad (Stein Riverton) - Jernvognen (1909)
Ein over 100 år gammal klassikar, uhyggeleg og utspekulert. Språket kan oppfattast som noko unaturleg og gammaldags for oss i dag, men er heilt fantastisk.

  4. John Dixon Carr - Sort messe (1937)
Ei bok å få gåsehud av. Eit elegant lukka rom-mysterium med handling frå mellomkrigstida og med glimt tilbake til det svartaste 1600-talet. Giftmord, gjengangarar, satandyrking og ein uforgløymeleg avslutning. Eg får frysningar nedover ryggen med tanken på radioteaterversjonen av boka.

  5. Gunnar Staalesen - Falne engler (1989)
Varg Veum er den krimhelten eg "kjenner best". Eg har følgt han sidan 70-talet, gjennom 18 bøker, i tjukt og tynt, gjennom oppturar og (særleg) nedturar, profesjonellt og personleg, og er rett og slett veldig glad i denne lurvete privatdetektiven. Eg likar veldig godt stilen, ironien og "stemma" til Staalesen og at han held seg til den hardkokte amerikanske kriminallitteratur-tradisjonen.

  6. André Bjerke (Bernhard Borge) - De dødes tjern (1942)
Stemningsfull psykologisk thriller med spøkelsesvri.

  7. Henning Mankell - Den hvite løvinnen (1994)
Wallander #3

  8. Håkan Nesser - Menneske uten hund (2006)
Barbarotti #1

  9. Stieg Larsson - Menn som hater kvinner (2005)
Milleniumstrilogien #1

  10. Jo Nesbø - Snømannen (2007)
Harry Hole #7
- - - - - - - - - - - - - -

Mange av favorittane mine fekk ikkje plass på lista. Eg burde kanskje tatt med klassikaren Hunden fra Baskerville, men valde å prioritera dei norske klassikarane De dødes tjern og Jernvognen. Av nyare norsk krimlitteratur vurderte eg å ta med Honningkrukken av Gert Nygårdshaug, Evas øye av Karin Fossum, Drømmenes land av Vidar Sundstøl, Se meg Medusa av Torkil Damhaug og Slangebæreren av Unni Lindell.

Lista over gjenspeglar at eg er svært begeistra for svensk krim. Eg valde berre ei bok av Nesser og ei av Mankell, men begge to har mange fleire som fortener plass på ei toppliste. Det same gjeld fleire av bøkene til Jan Guillou, Arne Dahl, Lars Kepler og Åsa Larsson. Hadde det vore plass til 10-20 bøker til på lista, skulle Jenta under byen (Roslund & Hellström), Mannen som ikke var morder (Hjorth & Rosenfeldt) og Kråkejenta (Eriksson & Sundquist) blitt med.

Andre eg ikkje fann plass til på mi liste var bøker frå mine "gamle" favorittforfattarar som P.D. James, Val McDermid, Elizabeth George, Dan Brown, Stephen King, Alistair MacLean og John Le Carré. Det same gjeld nyare favorittforfattarar som Jussi Adler-Olsen, Chelsea Cain, Mo Hayder og John Hart.

Kva er dine Topp 10 krimbøker?

16. mai 2014

Bokomtale: Sannheten om Harry Quebert-saken av Joël Dicker

Lydbokforlaget 2014
Speletid: 21 t 40 min
Opplesar: Helge Winther-Larsen
Kjelde: Kjøpt sjølv

Den unge forfattaren Joël Dicker (f. 1985) fekk uventa stor suksess i fleire land med denne romanen. Boka kom ut på norsk (Pax forlag) tidlegare i år, og på deira nettsider kan du lesa dei fyrste 35 sidene (av totalt 619 - dette er ei tjukkas-bok og på alle måtar ei stor forteljing).

Boka er god, svært spesiell - men litt for omstendeleg og repeterande etter min smak. Likevel - Dicker skriv på ein drivande og "lesevenleg" måte og han byr på mange overraskingar undervegs. Det er ei krimforteljing - men er også ein metaroman som inneheld mykje om skriving og skriveprosessar - og har spark til den kyniske forlagsbransjen.

Handlinga er lagt til ein amerikansk småby. Sentralt i forteljinga er to forfattarar; den unge Marcus Goldman, som er eg-person og forteljarstemme - og den tidlegare læraren og mentoren hans; den aldrande Harry Quebert. Rockestjerne-forfattar Marcus får skrivesperre og store vanskar med å innfri sine eigne og andre sine forventningar om å følgja opp suksessen med debutboka si. Difor tek han kontakt att med den gamle mentoren sin for å komma vidare med skrivinga. Men opphaldet hos Harry utviklar seg til noko heilt anna.

33 år tidlegare hadde Harry Quebert eit forhold til ei 15 år gammal jente, Nola. Ho forsvann under mystiske omstendigheiter i 1975. Ei kvinne som var eit viktig vitne til forsvinninga vart funnen drept. Tilbake i notid - i 2008 - vert levningane til Nola funne i hagen til Harry. Saman med liket ligg originalmanuset av "Det ondes opprinnelse" - boka som førte til at Harry vart rik og berømt. Marcus kan ikkje tru at venen hans har gjort noko gale, og han bestemmer seg for å etterforska saka på eiga hand - for å reinvaska Harry og dessutan for skriva ei bok om det heile. Men nokon prøver å skremme Marcus frå å grava for mykje i fortida. Fleire personar ønskjer, av ulike årsaker, å halda ting gøymt og gløymt. Marcus Goldman - og dermed lesaren - oppdagar fleire mulege løysingar på mysteriet om den forsvunne Nola. Jakta på sanninga er forvirrande og omfattande. Kan ein stola på Harry når han fortel historia si til Marcus? Og kva med Goldman - han er jo forfattar - er det han skriv i boka sant? Kva er sanning, kva er "verkeleg" og kva er fantasi?

Sannheten om Harry Quebert-saken er ein labyrint av ein roman. Det dukkar stadig opp nye tankerekker og teoriar og me får presentert skiftande motiv. Boka er vanskeleg å leggja frå seg fordi det stadig er nye vriar og vendingar. Perspektivet skiftar mellom fleire personar, spesielt mellom dei to forfattarane Marcus og Harry, i fortid og notid. Gradvis og undervegs får lesaren fleire opplysningar om hendingar frå sommaren 1975, då Harry var ein ung suksessfull forfattar med skrivesperre; frå den tida då Nola og Harry hadde hemmelege stemnemøte og planla ei framtid saman. Me får kjennskap til andre personar som såg på dette forholdet som stygt, galt og feil. Det syner seg også at Nola, trass sin unge alder, hadde fleire ting som ho skjulte for omgjevnadene sine.

Dette er ei bok som omhandlar skikkeleg store tema som; kjærleik og venskap, einsemd, sorg og lengsel, løgn og bedrag - og liv og død. Skildringa av den sære (men typisk amerikanske?) småbyen er god, men fleire av innbyggjarane der framstår meir som latterlege karikaturar og parodiar enn "ekte menneske". Skildringa av Den Store Kjærleiken mellom den 15 år gamle jenta og den 34 år gamle forfattaren er heller ikkje særleg truverdig, tykkjer eg - men medan eg las valde eg å sjå bort frå at dette forholdet egentleg irriterte meg (og opprørte meg).

Boka er som sagt skriven på ein spesiell og spennande måte, ho innheld store kjensler og mange forteljingar og digresjonar, samt historia om korleis to bøker vart til. Eg likte både det sentimentale og det ironiske i boka, og har sans for at nye forfattarar, som Dicker, prøver å skapa noko heilt nytt og annleis. Forfattaren viser stor forteljarglede - og dette har gjort boka veldig omfattande. Historia kunne godt ha vore "slanka" med eit par hundre sider utan at underhaldningsverdien hadde tapt seg.

Lydbokversjonen er fin, men passar best for erfarne lydboklyttarar - boka har eit innhald og ein komposisjon som krev konsentrasjon og merksemd heile vegen. Helge Winther-Larsen har ei ypparleg opplesarstemme; han er dessutan passe teatralsk for denne type bok.

13. mai 2014

Plutseleg

har det gått ei veke utan eit einaste blogginnlegg. Brått kom eg inn i ein periode utan særleg skrivelyst, - fordi eg prioriterer å vera mest muleg ute i frisk luft når eg har fri - no på denne finaste tida av året. Men eg les bøker altså, like mykje og ofte som vanleg. Verandalesing-sesongen er i gang! Akkurat no les eg i fire ganske omfattande bøker parallellt: Ei lydbok, ei nattbordbok, ei ebok og ei hyttebok.

Lydboka for tida er Sannheten om Harry Quebert-saken av Joël Dicker - her er eg godt over halvveges i lyttinga, men har fortsatt att vel ni timar; denne tek si tid - ho varer i over 21 timar. Omtale kjem, eg er alt byrja å formulera eit innlegg inne i hovudet mitt.

På nattbordet ligg Et helt halvt år av Jojo Moyes; ei bok eg var småskeptisk til - eg trudde ikkje dette var min type litteratur, men eg likar ho ganske godt så langt. Boka er på nesten 500 sider, men er veldig lettlest.

Via ebokbib har eg lånt Karsten Alnæs sin murstein 1814: Miraklenes år. Eg er både samfunnsengasjert og historieinteressert, - men må tilstå at eg har store hol i kunnskapen min. I samband med 200 års-jubileet følte eg at eg hadde behov for litt "historieundervisning", og difor er det flott at det finst slike kunnskapsrike menneske som Alnæs - som formidlar innfløkt historisk bakgrunnsstoff og store politiske hendingar på ein lettfatteleg måte.

På hytta har eg hatt Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet - Johan Harstad sin roman frå 2005 liggjande leeenge. Dette er også ein murstein (640 sider) og var den aller fyrste eg presenterte som ventebok i "Boken på vent" hos Beathe. Det skjedde i november 2012 - og alt då hadde eg hatt boka i hylla ei tid. Men altså - no har eg byrja på boka - endeleg! I helga har eg lest den fyrste delen, og eg veit eg alt no at eg kjem til å storkosa meg med denne spesielle romanen. Eg likar det kvardagslege, underfundige og tragikomiske i historia - og ikkje minst - at boka kan/bør lesast sakte.

Om du har lyst til å sjå kva bøker andre bokormar og lesehestar har på vent, ta ein titt innom Beathes bokhylle!

Hytta vår 11.05.2014.
Vinteren er i ferd med å sleppa taket.

6. mai 2014

Coben og Molitar på vent

Mitt fyrste møte med Harlan Coben og krimhelten hans, Myron Bolitar, vart vellukka: Eg skal definitivt lesa meir av denne forfattaren - og om denne hovudpersonen. Eg har lytta til På grunn av et løfte - ei godt komponert, underhaldande og spennande bok med eit heller innvikla plott; akkurat slik som eg likar det. Eg vil ikkje ha det "for enkelt". Lydboka er godt lest av Chrisoffer Staib - med engasjement og innleving.

Dermed fekk eg også ein heil haug fleire bøker på vent, for dette er bok nummer åtte i serien om Myron Bolitar. Eg kjem sikkert ikkje til å lesa alle, men no veit eg at dette er ein bra serie. Om det skulle dukka opp ei Coben-bok, kan eg "slå til".

Kronologien i serien er slik:
    1. Livstegn (Deal breaker)
    2. Harde slag (Drop shot)
    3. En siste sjanse (Fade away)
    4. Feil side av veien (Black spin)
    5. En venn av familien (One false move)
    6. Siste detalj (The Final detail)
    7. Den siste du møter (Darkest fear)
    8. På grunn av et løfte (Promise me)
    9. Dypt savnet (Long lost)
    10. Ringer i vann (Live Wire)

    Eg hadde ikkje store vanskar med å starta lesinga langt ute i serien; både hovud- og bipersonar som har vore med i tidlegare bøker vert presenterte på ein forståeleg måte. Myron Bolitar er ein Mann med stor M: kul, tøff, rappkjefta, hardtslåande og handlekraftig. Men han er også sympatisk og velmeinande - og eg fall pladask for han, det må eg berre tilstå. Myron er "typisk amerikansk"; tidlegare basketballspelar, sidan advokat og deretter PR-agent i New York. Kollegaene hans i byrået er utruleg fargerike - og Coben skildrar dei godt og med snert. Ikkje alt er like truverdig, men det er stilsikkert, underhaldande og engasjerande.

    Ein ting slo meg då eg las På grunn av et løfte. Denne boka kom ut i 2006; før Facebook og smarttelefonar vart allemannseige. Så no, berre nokre få år seinare, virkar mykje av det som skjer i boka gammaldags og tungvint. Framveksten og utviklinga av sosiale media har ført til ein annan kvardag for oss alle.

    Harlan Coben er ein av dei verkeleg store amerikanske thrillerforfattarane. I tillegg til Myron Bolitar-serien har han skrive fleire enkeltståande romanar, samt starta på ein ungdomsbokserie der nevøen til Bolitar er hovudperson.

    Ute etter leseinspirasjon og boktips?
    Klikk deg inn i Beathes bokhylle og sjå fleire ventebøker der!

    5. mai 2014

    Heilbom

    Eg har slite meg gjennom ei halv tynn bok - og orkar ikkje å lesa ho ferdig. Agnes Ravatn har fått kjempegode kritikkar og fleire femmarar og seksarar av anmeldarar for romanen Fugletribunalet. Boka er også på kortlista til Bokbloggerprisen 2013. Det kan eg rett og slett ikkje forstå. Eg fann boka (OK, halve boka) uuthaldeleg kjedeleg og full av pinleg føleri og uinteressante og lite truverdige karakterar.

    Eg-personen Allis er ei ung kvinne som har rømt frå noko (eller nokon?) i fortida si og byrjar som hushjelp/gartnar for ein einsleg mann; Sigurd. Han har ei kone som er på reise og har eit arbeidsrom som alltid er låst. Allis framstår som forvirra og irriterande underdanig medan Sigurd er usympatisk, sær og oppfører seg på ein merkeleg måte. Det vert lagt opp til ei mystisk og kanskje erotisk stemning - men denne stemninga er utan nerve og det heile vert heller litt komisk og dumt. For Allis forelskar seg i mannen, - det er litt uklart for meg om kjenslene vert gjengjeldt - eg har som sagt ikkje lest heile boka. Dei to hovudpersonane kommuniserer ikkje på normal måte - og forholdet dei har, som mann/kvinne og arbeidsgjevar/ arbeidstakar er uavklart og komplisert.
    Eg får ikkje handlinga i boka til å henga i hop og tykkjer det heile er utan truverdigheit.

    Så der avbryt eg heile greia. Eg føler det som om eg har lest historia før og bryr meg ikkje om å vita korleis det går. Eg er ikkje nysgjerrig på kva Allis har flykta frå og er ikkje spent på kvar Sigurd sin kone egentleg er. Det besynderlege forholdet mellom dei to hovudpersonane klarar eg heller ikkje å bli engasjert i.

    Fugletribunalet har vore midt i blinken for mange andre lesarar og bokbloggarar, men det vart heilbom for meg, dessverre. Det mest positive eg kan sei om boka er at ho er skriven på nynorsk og i eit lettlest og lettfatteleg språk. Boka er tynn, men ikkje tynn nok.

    Eg gir ikkje terningkast sidan eg ikkje har fullført boka.

    4. mai 2014

    Eitt lys på kaka

    "Berit sin bokblogg" har i desse dagar eksistert i eitt år på denne bloggportalen. Ikkje så mykje å feira egentleg, men det er einslags milepæl og ein anledning til å sjå på kva ein har gjort i bokblogg-samanheng. Eg hadde tenkt å feira 1-årsdagen med ein ny utsjånad på bloggen - men det er utsett på ubestemt tid. Bloggdesign er noko eg ikkje beherskar så godt, - og eg har litt angst for å rota/sletta ting som eg trass alt er nøgd med.

    Statistikken syner at folk er innom jamnleg, og det er eg kjempeglad for. Eg har ikkje som mål å komma på noko blogg-toppliste - dersom eg skulle hatt det, burde eg funne meg eit anna tema å blogga om; interiør, motar, mat... Men nei - det får andre ta seg av - eg får halda meg til det som er min lidenskap; altså bøkene mine og lesinga mi.

    Eg har posta 179 innlegg i løpet av dette året, 67 av desse innlegga er bokomtalar. Det har blitt litt mindre blogging og noko færre bokomtalar i det siste, men eg skal halda fram med å skriva omtalar med (u)jamne mellomrom. Eg prioriterer å lesa framfor å skriva, difor kjem eg ikkje til å omtala absolutt alle bøkene eg les - det har eg ikkje kapasitet til.

    I mai 2013 hadde bloggen knappe 2000 sidevisningar, i april i år var talet godt over 5000. Gledeleg nok er det bokomtalane mine som er mest besøkt. Det er stas, for det er nettopp desse innlegga eg likar best å skriva og legg mest arbeid i. Krim og lydbøker er etter kvart liksom blitt "spesialiteten min" her på bloggen, så det er ganske overraskande at det er ein historisk biografi som toppar besøksstatistikken.

    Nedanfor er lenker til dei innlegga/omtalane som har hatt flest besøk hittil.
    1. Livet med Elizabeth av Richard Herrmann (Historisk biografi, bloggedato 15. februar 2014)
    2. Smertens Aveny av Roar Sørensen (Norsk krimthriller, bloggedato 28. august 2013)
    3. Hånden av Henning Mankell (Svensk krim - Wallanderserien, bloggedato 26. august 2013)
    4. Brobyggerne (og Dandy) av Jan Guillou (Svensk historisk romanserie, 13. oktober 2013)
    5. Bli hvis du kan. Reis hvis du må av Helga Flatland (Norsk roman, 7. juni 2013)
    6. Mengele Zoo av Gert Nygårdshaug (Norsk roman, 12. juli 2013)
    7. Oppdrag Mottro av Linda Eide ("Kulturhistorisk feelgood", 2. mars 2014)
    8. En norsk spion av Aslak Nore (Norsk actionkrim, 14. juni 2013)
    9. Politi av Jo Nesbø (Harry Hole #10, 11. juni 2013)
    10. Sønnen av Jo Nesbø (Norsk spenningsroman, 28. mars 2014)