12. november 2019

Kort om: Regnmakeren av Gert Nygårdshaug

Cappelen Damm 2019
233 sider
Lånt papirbok biblioteket

Gert Nygårdshaug har laga ei ny frittståande forteljing om urmakar Melkior Mussenden, kona hans Mathilde og dei andre innbyggarane i den idylliske namnlause landsbyen. Det er det same universet som vart skildra i Klokkemakeren og Nøkkelmakeren og tematikken er òg mykje av det same: Det enkle liv med enkle gleder. Tiden med stor T og liten t. Arroganse frå storsamfunn og byråkrati. Og bak det heile; eit fokus på bærekraft, naturressursar, miljø og klima.

Handlinga i boka er enkel og moralen høg. Ein finn sær humor, artige skildringar og karikerte karakterar. Om ein les Regnmakeren før eller etter dei to tidlegare bøkene er uvesentleg, for i denne bokserien spelar ikkje kronologi noko rolle. Nygårdshaug snur ofte opp/ned og bak/fram på tid og rom.

Urmakar Mussenden held seg oppdatert i det som skjer takka vere jamnlege turar til vertshuset Den Gyldne Aks der han møter dei andre medlemmene av Dueskytterforeningen. Her vert det som vanleg filosofert og fabulert medan medlemmene inntek rugbrødskiver med fleskepølse og genever.

Landsbyen er eit slags Kardemomme by-samfunn. Her er alle snille og hjelpsame med kvarandre, her finst lite moderne teknologi, her nyter ein god mat og gode samtalar. Her er det plass til og omtanke for ein stadig aukande mengde av tilflyttarar og innvandrarar. Og her regnar det. Kvar natt kjem ei forfriskande regnskur og kvar dag skin sola. Kornavlingane er rekordhøge og insekta har det bra. Overalt i landet elles er ein plaga med langvarig tørke, så det besynderlege meteorologiske fenomenet vert lagt merke til av Etaten, Staten og Hierarkiet. Dermed kjem Etaten på besøk, og han bestemmer seg for å bli verande i landsbyen. Kva kjem til å skje dersom Staten kjem? Vert Den Mektige Allierte involvert?

Boka er skiven i eit snirklete språk, noko som kler forteljinga. Dialogane er oppramsande og teiknsetjinga er alternativ, - og dette kan by på litt utfordringar for lesaren. I alle fall må ein ha god tid når ein les. Dei 233 sidene går ikkje unna i ein fei, for å sei det slik. Ein kan flira og humra av Nygårdshaug sine utlegningar, overdrivingar og skråblikk, men av og til set humringa seg fast i halsen. Det er sjølvsagt eit alvor bak den muntre forteljinga.

For å ha glede av Regnmakeren må du ha humoristisk sans og vera open for enkelte surrealistiske krumspring og urealistiske hendingar. Det er óg ein fordel å ha eit visst innblikk i Nygårdshaug sitt forfattarskap.
Eg koste meg med boka og tykte innhaldet var både fornøyeleg og til ettertanke. Alle gjentakingane og alt det overtydelege trekker likevel ned heilskapsinntrykket.

7. november 2019

Bokomtale: Djevelens øyne av Roar Sørensen

Asiaforlaget 2019
343 sider
Lånt ebok eBokBib

Handlinga i den femte boka i serien om Stingo er (som dei føregåande) lagt til Filippinene. Det eksotiske miljøet og det (for oss) framande samfunnet er ei interessant ramme for ein velskriven og underhaldande krimserie.

Stilmessig er bøkene ganske ulike. Sjølv har eg meir sans for dei mørke og dystre (Smertens aveny, Mørkets blod) enn den forrige; den fartsfylte og nesten muntre Paradisets hjerte, men dette er naturlegvis ein smakssak.

Djevelens øyne har høgt tempo og rikeleg med action. Plottet er forholdsvis enkelt og boka er difor rask å lesa. Stingo framstår som ein blanding av MacGyver og inspektør Clouseau - og litt Philip Marlowe. Sjangermessig har boka mest til felles med tradisjonell hardkokt krim der den tøffe detektiven med dei vittige replikkane ordnar opp i tøffe og farlege omgjevnader.

Samstundes tek Sørensen opp reelle problemstillingar i det filippinske samfunnet; forhold som kunne vore henta frå den verkelege verda. Ein får eit visst innblikk i levekåra der, og fleire eksempel på at fattigdommen kan få folk til å utføra dei mest uhyrlege handlingar. Forfattaren peikar på korleis moral og etikk forvitrar når kampen for tilværet er så tøff som her. Det er enkelt å vera moralsk når ein er rik, som ein av karakterane i boka seier.

Denne gongen er Stingo på ferie, men det blir lite avslapning, for å sei det slik. Ein tysk turist som held til i nabohytta hans vert arrestert, anklaga for valdtekt og mord på ei ung jente. Stingo kan gi tyskaren alibi, men "nokon" ynskjer ikkje at dette skal bli kjent. Litt seinare tek den fengsla turisten sitt eige liv - og mykje tyder på at han har fått "hjelp". Stingo får så i oppdrag av familien i Tyskland å finna ut av saka.

Det vert ei farefull, einsam og utfordrande sak for Stingo. Etter kvart vert situasjonen desperat, konfrontasjonane mange og valdsskildringane tilsvarande tøffe. Spenninga ligg ikkje i om Stingo klarar seg, men korleis - og om han tidsnok klarar å redda to barn frå pedofile overgriparar.

Tematikken i boka er verkeleg opprørande; kidnapping, overgrep og drap - på barn. Boka har ingen detaljerte skildringar av desse overgrepa altså; enkelte ting bør og skal overlatast til lesaren sin fantasi. Men ein kjenner jo til at på Det mørke nettet finst det, rundt omkring i heile verda, sjuke folk med perverse lyster. Folk som etterspør bilete og filmar der det vert vist valdtekter og drap på barn og anna liknande innhald.

Sidan tematikken er så vond, er det befriande for lesaren at det er lagt inn litt humor, galgenhumor og sarkasme innimellom - slik at ein får nokre pustepausar.

Denne lesaren er kresen og kravstor, og eg tykkjer som sagt innleiingsvis at eit par av dei føregåande bøkene er betre enn denne. Men for all del - Djevelens øyne anbefalast. Boka er sjølvstendig og avsluttande og kan godt lesast åleine sjølv om ho er del av ein serie.

Andre bloggmeiningar: Tine sin blogg

4. november 2019

Bokomtale: Offer 2117 av Jussi Adler-Olsen

Lydbokforlaget 2019
Speletid 16:40
Kjøpt lydfil

I bok 8 i serien om Avdeling Q er Jussi Adler-Olsen attende på sporet, etter dei (til Adler-Olsen å vera) noko svakare Den grenseløse og Selfies. Offer 2117 er like hjerteskjerande som Kvinnen i buret, like spennande som Flaskepost fra P, like engasjerande som Journal 64 og like mykje til ettertanke som Marco-effekten. Så har du ikkje lest boka enno, har du verkeleg ei - på alle måtar - stor leseoppleving framføre deg.

Offer 2117 er svært omfangsrik, inneheld fleire handlingstrådar og mange karakterar med ulike sterke skjebnar. Papirutgåva har 509 sider og lydboka varer i over 16 timar. Men eg kjeda meg ikkje eitt einaste sekund medan eg lytta til boka! Det skuldast fyrst og fremst at historia er svært fengslande, men også at opplesar Helge Winther-Larsen gjer ein så god jobb.

Utgangspunkt for handlinga i boka er svært aktuell - og veldig trist. Tittelen Offer 2117 viser til eit minnesmerke plassert på ei strand ved Barcelona i Spania; eit minnesmerke med ein digital teljar over alle båtflyktningar som har drukna i Middelhavet inneverande år. På minnesmerket står det "No es solo un numero" ("det er ikkje berre eit tal"), og det skal visa seg at offer nummer 2117 i denne forteljinga har betydd mykje for mange og slett ikkje berre er eit tal. Offeret er ei eldre kvinne som vert henta opp av havet på Kypros og ho har ikkje drukna, men er blitt drept av ein annan og heilt spesiell båtflyktning.

Ei sentral forteljarstemme i boka er den spanske journalisten Joan som byrjar å granska bakgrunnen for denne flyktningen sin tragiske død. Saka får stor merksemd og artiklane og bileta hans vert spreidde internasjonalt. Når vår gamle kjenning Assad ser dette heime i Danmark viser det seg at han ikkje berre kjende den omkomne, men også ein del av personane i bakgrunnen på bileta. På bileta kan ein sjå Assad sine aller næraste; familien som han grunna truslar og frykt ikkje har hatt kontakt med på årevis.

Omsider får me så Assad si historie. Gjennom dei sju foregåande bøkene har lesaren skjønt at det er noko uklart med identiteten og noko hemmeleg med opphavet hans - og kollegaene i Avdeling Q får etter kvart høyra sanninga. Og det er sanneleg ei dramatisk og traumatisk historie som vert rulla opp for Carl, Rose, Gordon og oss lesarar.

Ein person i Assad si fortid har no konkrete terrorplanar mot ein sentral by i Europa. Han er dessutan ute etter hevn mot Assad personleg og held familien hans som gislar. Etter kvart må Assad og Carl bistå internasjonal etterretning i freistnaden om å avverga terroråtaket. Samstundes er Rose og Gordon opptatt med ei anna alvorleg sak som handlar om Alexander. Han er ein sinnsforvirra ungdom som har planar om fyrst å drepa foreldra sine - og deretter så mange som muleg - med samuraisverd. Begge sakene heng lausleg saman med kvarandre.

Eg har lagt merke til at enkelte anmeldarar meiner at Jussi Adler-Olsen "smører tjukt på". Og ja, han gjer det - men det er eingong eit kjenneteikn på stilen og forteljarmåten hans. Eg likar den friske og frekke stilen.
Det er også blitt hevda at sidehistoria om Alexander ikkje passar inn i resten av innhaldet i boka. Der er eg tildels enig; motivet til "stakkars" Alexander er noko søkt og oppkonstruert. Truleg har det vore forfattaren si meining å setja fokus på ulike former for terror. Som me alle veit kan det gå riktig galt om desse galningane som sit åleine og spelar dataspel får leva ut fantasiane sine.

Kamelvitsane og den godmodige ertinga mellom Carl og Assad er ikkje like mykje til stades i Offer 2117 som i dei tidlegare bøkene. Naturleg nok; med såpass dramatisk og personleg involvering. Men samhaldet og venskapet mellom Avdeling Q-medlemene er sterkare og djupare enn nokon gong.

Offer 2117 er eit etterlengta gjensyn med den gjengen me er blitt så glad i - og er dessutan ei gjennomtenkt og nervepirrande historie med eit komplisert plott. Fokuset skiftar stadig mellom dei ulike hovudpersonane, noko som gjer at spenninga vert halden vedlike gjennom heile boka.

Min konklusjon når det gjeld Offer 2117 er at dette er ein særs underhaldande og spennande krimthriller.

Her fortel forfattaren om boka: