29. september 2017

Samleinnlegg: Kriminell seinsommarlesing

Det er ikkje alle bøker som treff like godt sjølv om dei tilhøyrer ein sjanger som eg egentleg likar. Her er nokre leseopplevingar i kategorien "lettlest og lettgløymt krim". Dei tre fyrste er av årets krimbøker, deretter ei frå 2013 og til slutt eit fransk innslag.


På overflaten flyter vannliljene av Frode Eie Larsen
Liv forlag 2017
368 sider, eBokBib

Det mest positive med denne boka er tittelen, som jo er ganske fin. Ein finn også enkelte andre fine poetiske vendingar her, men eg tykkjer dette stort sett er noko påklistra.

Handlinga er lagt til Larvik og Vestfold, men det endelege oppgjeret finn stad i Roma, Italia. Før det skjer har lesaren fått eit gjensyn med Eddi, kollegaen hans Kari og jounalisten Oscar som me har møtt i tidlegare bøker. I denne aktuelle saka peikar spor og indisiar mot ein heilt spesiell mistenkt, men sanninga og oppklaringa skal visa seg å vera heilt annleis.

På overflaten.. vart ei leseoppleving under middels. Det heile er tamt og tregt - og når det endeleg byrjar å bli bittelitt spennande har ein forlengst skjønt korleis det heng saman. No er det ikkje slik at eg ha action og full gass heile vegen for å bli engasjert heller, men for meg er det ein heil del som skurrar i denne historia. Trass i at Eddi Stubb er sympatisk og i motsetnad til mange andre krimheltar; tilnærma normal.

Avslutninga på historia er eit antiklimaks, den språklege poesien er jålete og konklusjonen min vert difor terningkast 3-.


De fems tegn av Hans Olav Lahlum
Cappelen Damm 2017
383 sider, eBokBib

Går det an å kjenna sympati for ein seriemordar? Ja, ein kan nok det - når ein får kjennskap til bakgrunn og motiv for ugjerningane. Hovudpersonen i denne boka er ein gammal og einsam mann som bestemmer seg for å ta eit oppgjer med fortida. Det er ikkje vanskeleg å forstå kvifor han handlar som han gjer - og det er litt ubehageleg og uvanleg at ein som lesar håpar på at politiet ikkje skal komma tidsnok til å avverga eit mord.

Lahlum sin skrivestil er gjenkjenneleg frå bøkene om K2 og Patricia: Også her dukkar den historiske nerden Lahlum fram i forteljinga. Det kan fort bli litt oppramsande og overforklarande, snirklete og langsamt - og av og til; ufrivillig morosamt.
Så frykteleg spennande vert det heller aldri, men det er ei interessant forteljing om ein moral, fortiing, skuld, hevn og rettferd. Boka er absolutt svakast når det gjeld den danske etterforskaren Pernille Frederikke Andersen sitt liv og arbeid. Pernille er ein krimhelt fullstendig utan sjarm og sjel. Terningkast 4-.


Hjerteknuser av Geir Tangen
Lydbokforlaget 2017
Speletid 12:53, Lånt lydbok + eBokBib

Fjorårets debutbok Maestro var brukbar, så det var med forventningar om ei bra leseoppleving eg starta på denne. Forventningane vart delvis innfridde.

Hovudpersonane Viljar og Lotte viser handlekraft og analytiske evner sjølv om dei vert utsette for kompliserte utfordringar og personlege vanskar. Plottet er fiffig, komposisjonen er vellukka og perspektiva er interessante. Spenninga er jamnt stigande utover i boka, utan at det vert altfor heseblesande og masete.
Tematikken med rusproblematikk og høgreekstremisme er i høgste grad aktuell, og skildringane frå ungdomsfesten og nynazistmiljøet er til ein viss grad truverdige.

Korleis er så Geir Tangen som opplesar av si eiga bok? Ikkje så verst faktisk. Han har ei behageleg stemme, les i passe tempo og med tydeleg diksjon. Han brukar si eiga avslepne hardangerdialekt sjølv om han skriv på bokmål. Det er positivt. I dialogane brukar han gjerne andre dialektar, både austnorsk og nordnorsk - og det vert tidvis veeeldig tilgjort og kunstig.

Tangen har ein sprudlande forteljarstil - og boblar over enkelte gonger. I forsøket på å vera ekstra frisk og morosam tippar han ofte over til å bli pinleg vulgær. På minussida må også nemnast alle dei unødvendige trivielle detaljane, alle overforklaringane og alle metaforane. Hjerteknuser har kvalitetar, men når ikkje heilt opp. Etter ei samla vurdering gir eg boka terningkast 3+.


Hanegal av Lars Ove Sæther
Cappelen Damm 2013
378 sider, Kjøpt papirbok + Lydbok Storytel

Eg starta på boka som lydbok, men ga opp lyttinga etter kort tid ettersom opplesaren les altfor sakte og har så monoton stemme.
Som ein ser på omslaget er dette vinnar av ein skrivekonkurranse. Boka er slett ikkje dårleg og alt i opningsscenen forstår ein at dette kan bli skummelt. Men dessverre dett historia saman mot slutten.

Sæther skriv flytande og friskt og har konstruert ei fantasifull historie. Det handlar om ein ung KRIPOS-etterforskar som må bistå i etterforskinga av eit muleg dobbeltdrap på ein avsidesliggjande stad. Saka viser seg å ha vide forgreiningar: Nokre underlege spor fører etterforskinga til Haiti.

Boka byr på bisarre hendingar og situasjonar som avkappa hovud, avkappa hender og ein gal hane, men sidan det heile er så oppkonstruert og lite truverdig vert det aldri særleg engasjerande.
Likevel må eg sei at dette er ein lovande debut. Ein oppfølgjar hadde vore på sin plass snart. Terningkast 3. 



Den tredje jomfru av Fred Vargas
Aschehoug 2008
445 sider, Lånt papirbok biblioteket

Ikkje eingong ein eminent forfattar som Vargas kan lukkast like godt kvar einaste gong. Dette er nok den svakaste av dei tre bøkene eg hittil har lest av henne.

Vargas har ei særeigen stemme, Adamsberg er ein spesiell etterforskar, medarbeidarane hans er originale og sakene dei etterforskar er intrikate på uvanlege måtar. I tillegg er resten av persongalleriet uvanleg fargerikt.

Det er også i denne boka ei etterforsking som stadig tek nye vendingar og uventa retningar. Humoren er lun og vittig - og vanvittig. Hendingane er også ofte så vanvittige at det passerer ei grense for kva ein realistisk krimlesar kan finna akseptabelt. Men Vargas nøstar opp i det meste, og då må ein berre godta at handlinga - og løysinga - er utanfor normalen.
Terningkast 4.

26. september 2017

Kort om: Tre minutter av Anders Roslund og Börge Hellström

Cappelen Damm 2016
555 sider
Kjelde: Biblioteklånt papirbok

Tre minutter vart den aller siste boka den svenske forfattarduoen Roslund & Hellström skreiv. Börge Hellström døydde tidlegare i år, berre 59 år gammal. Det er ei trøyst at bøkene framleis lever.

Hellstöm var open om kreftsjukdommen sin, på same måte som han var open om kriminelle erfaringar, om rusmisbruk, om seksuelle overgrep i barndommen og om sjølvmordsforsøk. Han hadde med andre ord unik erfaring og personleg bakgrunn for enkelte historiar/hendingar som har blitt fortalt i bokserien.

Boka er nummer sju i rekka og eit verdig punktum for serien der den spesielle politietterforskaren Ewert Grens er gjennomgangsfigur. Kronologien er slik: 1. Udyret, 2. Boks 21, 3. Oppreisningen, 4. Jenta under byen, 5. Tre sekunder, 6. To soldater.

Tre minutter
 heng saman med og byggjer på hendingane som fann stad i Tre sekunder.

Handlinga føregår for det meste i Colombia og me møter igjen infiltratøren Piet Hoffmann. Han er på rømmen frå både polsk mafia og svensk politi og arbeider no som livvakt for ein colombiansk narkotikaforbrytar og er samstundes undercover for amerikanske styresmakter. Han er ikkje berre under press - nei, både han og familien befinn seg etter kvart i livsfare. For ikkje sjølv å bli avslørt, må han ta på seg vanskelege og umenneskelege oppgåver. Begeret er i ferd med å bli fullt når Hoffmann utarbeider ein ekstraordinær og spektakulær plan for å komma seg velberga ut av narkotikabanden sine klør. Dermed er det også duka for eit nytt møte med Ewert Grens - men denne gongen kjempar dei på same side.

Det heile er rått, sterkt og ekte. Roslund & Hellström skildrar tilværet i jungelen, i colombianske millionbyar og i Det hvite hus på ein eineståande og levande måte. Ein kjenner med heile seg at ein er til stades der det skjer. Når Piet Hoffmann skjønnar at det tek til å brenna under føtene på seg, kjenner eg faktisk, sjølv om eg sit heilt i ro og les, at pulsen stig. Eg held pusten og bit negler og håpar håpar håpar...

Forfattarane utfordrar også i denne boka lesaren når det gjeld moral/umoral og offer/gjerningsperson. Avslutninga på forteljinga er verkeleg til ettertanke i så måte.

Andre bloggmeiningar: Bjørnebok

Ta gjerne ein titt på denne boktraileren:



20. september 2017

Bokomtale: Dødsrytteren av Øystein Wiik

Lydbokforlaget 2017
Speletid 16:37
Opplesar: Øystein Wiik
Kjelde: Lytteeksemplar

Den produktive og allsidige Øystein Wiik har på nytt skrive ei spektakulær eventyrforteljing om Tom Hartmann. I dei fyrste bøkene i serien var Hartmann journalist i eit operamagasin, men etter fleire store saker der han har gått inn og "redda verda" har han fått ei etterretningsagent-rolle, med tilhøyrande vide fullmakter. Ein slags James Bond med andre ord - og enkelte hendingar i bøkene kan minna om filmane/bøkene om agent 007.

Vel - Hartmann og Wiik har sjarmert meg nok ein gong, men "heilt overbevist" er eg ikkje. Til det er boka for omfattande - og ho inneheld fleire handlingstrådar som er unødvendige og/eller uavklarte. Men Wiik les framfører boka på like hysterisk underhaldande vis som før.

Dødsrytteren er, som dei seks tidlegare bøkene i serien, ingen realistisk eller samfunnskritisk kriminalroman. Tom Hartmann-bøkene er rein underhaldning - og er nok heller ikkje meint å vera noko anna enn det. Hovudhandlinga går føre seg på Svalbard og det er tydeleg at forfattaren har gjort grundig førearbeid med tanke på skildringar av Svalbard-samfunnet. Wiik har elles teke utgangspunkt i fakta som at Nord-Korea er ei atommakt og eit lukka totalitært diktatur samt verkelege hendingar som at Nord-Korea har underteikna Svalbard-traktaten. Det er óg eit faktum at Svalbard er ei demilitarisert sone og at innbyggjarar og besøkande ofte er bevæpna sidan isbjørnfaren er så stor. Wiik touchar også innom klimakrisa; eitt av poenga i boka er manglande snø og kulde i dei polare områda.

Handlinga i Dødsrytteren er ekstra aktuell i og med at både Nord-Korea og USA raslar med sablane i desse dagar. Boka handlar mellom anna om at Svalbard vert okkupert av Nord-Korea. Alle innbyggjarane i Longyearbyen vert tekne til fange og all kommunikasjon med resten av verda vert broten. Det utviklar seg til eit storpolitisk drama; nasjonen Noreg er trua og verda står på randen av ein atomkrig. "Tilfeldigvis" og heldigvis er "vår mann" Hartmann tilstades der det skjer. Spenninga ligg egentleg ikkje i om Tom lukkast i arbeidet sitt, men korleis.

Forutan Hartmann, eks-kona hans Cathrine Price og deira overordna som me har møtt i tidlegare bøker, vert lesaren presentert for fleire spesielle karakterar i denne boka. Mellom dei er leigemordaren Sol, sonen hennar Konrad og barnevakten/utpressaren Kai. Me møter også nordkoreanarane Kang, Anson og Min-Ki som er i konflikt med kvarandre trass i familiære band. Alle desse personane har ei rolle i den dramatikken som utspelar seg nokre få dagar på Svalbard.

Øystein Wiik har sin eigen stil, han leikar seg med krimsjangeren, skriv forbløffande lett og ledig - og med tonnevis av snert og sjarm. Enkelte scener er hysteriske og kallar på humring og gapskratt - eller på kvalme og ubehag. Andre deler av boka er så spekka med teknologiske og tekniske detaljar at ein mistar litt fokus.

Dødsrytteren har kjappe sceneskift og perspektivskift, cliffhangers og korte kapittel, noko som gjer boka tempofylt og drivande. Wiik pøser på med krimverkemiddel og krydrar det heile med usannsynlege krumspring og blod og gørr.

Eg trur boka hadde hatt godt av ei oppstramming; dersom boka hadde vore eit par hundre sider kortare ville ho vore betre. Papirutgåva er på 568 sider og det er i lengste laget for ei slik bok. Nokre av handlingstrådane kunne med fordel ha vore utkutta. Eg anbefalar likevel Dødsrytteren dersom du er ute etter lesestoff i kategorien spenning og eventyr. Lydboka er godt lest av forfattaren sjølv.

Andre bloggmeiningar: Artemisias verden

Kronologi:
1. Dødelig applaus
2. Slakteren
3. Hvit panter
4. Casanovasyndromet
5. Rekviem
6. Skorpionen

13. september 2017

Bokomtale: Liebhaberne av Anne B. Ragde

Oktober 2017
317 sider
Lånt papirbok privat

Eg har stor sans for Anne B. Ragde. Ho er eit friskt og frodig pust, både som person og gjennom bøkene sine. Eg har særleg sans for krimnovelleforfattaren Ragde.
Dei fire tidlegare bøkene i Berlinerpoplene-serien har eg gitt terningkasta 5 - 4 - 3 og 3. Leseopplevingane mine og interessa har altså vore dalande, men det er absolutt noko med denne Neshov-familien som gjer at eg også tok fatt på bok nummer fem. Liebhaberne er eit nytt gjensyn med Torunn, Margido, Erlend, Krumme og Tormod - desse folka som ein etter kvart er blitt kjent med - og ein er difor litt nysgjerrig på "korleis det går med dei".

Liebhaberne er ein uskjøneleg tittel, så eg måtte søkja opp ordet. Ein liebhaber er visstnok ein person som likar å samla på og å kjøpa ting - og boka handlar mykje om hovudpersonane si interesse for ting. Det handlar t.d. om Torunn si oppussing og fornying av garden, Erlend sine overdådige planar for den ganle villaen, Margido sine innkjøp av luksuskister og Tormod sitt ynskje om å kjøpa ny flaggstang på Neshov.

Torunn har teke over garden Neshov etter den avdøde faren Tor samstundes som ho også har gått inn i gravferdsbyrået til onkelen Margido. Dette set Margido uendeleg pris på, og han er på langt nær så stiv og tilknappa som tidlegare. Erlend har det travelt med borna og medmødrene, med Krumme og med oppussingsprosjekt. Gamle Tormod, "bestefar" (men egentleg onkelen) til Torunn har flytta på gamleheim, og har omsider fått det godt. Etter all underkuing gjennom alle år er det ikkje så lett å vera sosial, men han prøver. Gjennom jamnlege besøk frå Torunn og Margido og med små samtalar med personalet vert han gradvis meir open. Ein får fleire glimt av Tormod sin bakgrunn - og det er vondt å lesa om korleis han vart handsama av sin eigen familie.

Sidan to av hovudpersonane arbeider i eit gravferdsbyrå, handlar det naturleg nok ein del om døden: Både den brå og uventa døden og den stille og forventa døden. Akkurat dette er fint og naturleg skildra i boka. Her handlar det også ein del om ting; om blomster og lys og nye ritualar i høve dødsfall og sorg.

Ragde har eit lett, sprudlande og skravlete språk. Ho vekslar ganske så elegant mellom Erlend og Krumme sitt småbarnsfar- og luksusliv, Torunn og Margido sine gravferdsoppgåver og Tormod sine gammalmannsproblem og tilbakeblikk. Men altså - for meg vert det for mykje skravling. Såpass mykje at eg må ta lange pausar for å orka å lesa vidare. For mange ord, for mykje mas og for mange ting. For mange handlerundar og for mange oppramsingar. For mykje matprat og for mange uinteressante detaljar.

Liebhaberne vart ei høgst varierande leseoppleving. Enkelte hendingar er skildra på ein veldig fin og varm måte, medan andre deler av boka er irriterande og unødvendige. Det låg lenge an til eit terningkast 3 denne gongen også - men avslutninga gjer at eg puttar på enno ein prikk.

Slutten gjev oss ei påminning om at sjølv om døden kan ramma brått og brutalt, livet gå vidare. Gjennom tårene kan ein skimta både håp og framtidstru.

Andre bloggmeiningar:
Den andre BeritReading RandiTine sin bloggPervolutoKleppanrova

8. september 2017

Favorittforfattarar: J

For bokstaven I hadde eg ikkje så mange forfattarar å velja i. For bokstaven J er det omvendt. Her er det så mange at eg har problem med å plukka ut berre to. Eg har valgt vekk mange gode forfattarnamn når eg enda opp med desse:

Foto: www.jkrowling.com/

Joanne (J.K.) Rowling

Britisk forfattar f. 1965

Mest kjent som skaparen av Harry Potter og alle dei andre figurane som held til på Galtvort. Ideen til forteljinga om guten som gjekk på trolldomskule skal ho ha fått på ein togtur i 1990 då ho var ei fattig åleinemor. Etter fleire refusjonar kom den fyrste boka Harry Potter og De vises sten ut i 1997 - og som me alle kjenner til; det vart starten på ein eventyrleg suksessrik bokserie. No er Rowling mangemillionær - i pund.

Sjølv om Harry Potter-bøkene tilhøyrer ein sjanger eg i utgangspunktet ikkje kan så mykje om, set eg stor pris på desse. Eg tykkjer dei byr på fantasifulle historiar, unike karakterar, masse spenning og underfundig humor. Det same kan seiast om krimserien som ho skriv under pseudonymet Robert Galbraith; bøkene om Cormoran Strike inneheld rikeleg med spenning, sjarm og fantasi.

Rowling har mange lesarar elles og; ho har t.d. over 12 millionar følgjarar på Twitter. Her kritiserer ho gjerne og ofte president Donald Trump.


Foto: www.aschehoug.no

Jo Nesbø

Norsk forfattar f. 1960

Denne allsidige karen er velkjend og treng heller ikkje nokon grundig presentasjon. Nesbø er utdanna økonom og er elles kjend som musikar, låtskrivar og vokalist i Di Derre - og er dessutan ei rockestjerne innan kriminallitteratur.

Slo gjennom som krimforfattar med Flaggermusmannen i 1997. Seinare har det blitt ti bøker til om den noko rufsete krimhelten Harry Hole. Den ellevte boka, Tørst, kom ut tidlegare i år - i heile 300.000 eksemplarar i vesle Noreg. Eg har hatt mange svært gode leseopplevingar med Nesbø sine bøker.

Kombinasjonen bestseljarforfattar og finansmann er blitt god butikk: Bøkene hans sel som hakka møkk og varmt kveitebrød og er oversette til utallige språk. Det er også etter kvart meir tydeleg at han skriv for eit internasjonalt publikum. Nesbø har også gjort stor suksess med barnebøkene om Doktor Proktor.


Som sagt innleiingsvis finst det svært mange gode forfattarnamn på bokstaven J. Tenk berre på krimforfattarane John Hart, Jussi Adler-Olsen, Jan Guillou, Jerker Eriksson, Jørgen Brekke og Jan Mehlum. Eller på Jon Michelet, Jens Bjørneboe og J.R.R. Tolkien. Og på lyrikarane Jakob Sande og Jan Erik Vold og "lyrikaren" Jon Hjørnevik. Andre kjende J'ar er Jørn Lier Horst, Jørgen Jæger, Jørgen Gunnerud, Jon Fosse, John Ajvide Lindquist, John Grisham og Jojo Moyes.

Kven er din favoritt-J?

5. september 2017

Sommarlesing: Sakprosa

Ein kjapp gjennomgang av nokre sakprosabøker eg har lest i det siste.


1945: Hat. Hevn. Håp av Alf R. Jakobsen
Lydbokforlaget 2016
Speletid 7:39, lytteeksemplar

Interessant, pedagogisk og spennande om tida rett etter krigen. Jacobsen skriv på ein lettfatteleg og konkret måte og evnar å dra dei lange linjene samstundes som han også fokuserer på enkeltindivid. Mykje er kjent frå før, men det kan vera greit å få det repetert og sett i samanheng.

Dette er fyrste bok i ein serie som skal handla om etterkrigstida: Eit ambisiøst prosjekt, men eg er ikkje i tvil om at dette vil bli bra og nyttig lesnad. Å lesa boka som lydbok går fint, men ein går då naturleg nok glipp av alle bileta og illustrasjonane som finst i papirutgåva. Terningkast 5.


Døden på Kola av Morten Jentoft
Lydbokforlaget 2008
Speletid 7:56, kjøpt lydfil

Denne boka handlar også om etterkrigstida. Me skal til Nordkalotten; nærare bestemt grensetraktene mellom Noreg, Finland og Sovjetunionen på 1950-talet. Det handlar om kald krig, spionasje, hemmelege tenester og livsfarlege operasjonar. Om finske agentar, som på oppdrag frå norsk, britisk og amerikansk etterretning, tok seg over grensa til Sovjet for å henta informasjon. Det vert også fortalt utførleg om konflikt og strid mellom etterretningstenesta og overvakingspolitiet. Her har forfattaren henta fram mykje informasjon som har vore lite kjent for folk flest.

I utgangspunktet spennande og interessant lesnad altså, men det vart ei heller dårleg leseoppleving. Boka er nemleg rotete, ukronologisk og tunglest og det vart eit slit å komma gjennom. Terningkast 3-.


En forbrytelse i familien av Sacha Betthyany
Forlaget Press 2017
291 sider, eBokBib

Dette er ein dokumentar med romanpreg og med ein personleg vri. Forfattaren har teke utgangspunkt i eiga familiehistorie og tilhøyrande familiehemmelegheiter. Det handlar m.a. om ei uhyrleg hending som fann stad i Ungarn like før andre verdenskrig tok slutt. Forfattaren si kjære grandtante var då personleg involvert i ein massakre på 180 jødiske fangar. Då han i vaksen alder vart kjent med dette bestemte han seg for å skriva historia om familien - noko som i sin tur sette han på sporet av andre skjulte hendingar og løgner.

At forfattaren, medan han er på oppdagingsreise i familiehistoria, føler at han sjølv vert forandra, er fullt forståeleg. Hans eigne reaksjonar og tankar tek forholdsvis stor plass i boka.

En forbrytelse i familien er elles eit puslespel av reiser, samtalar, fakta og gamle dagbøker. Slett ikkje uinteressant, men heller ikkje så altfor engasjerande. Terningkast 4.


Norske utposter av Fredrik Larsen Lund
Vega forlag 2017
389 sider, eBokBib

Undertittelen er "Nordmenn utenfor allfarvei" og det handlar om norske emigrantar som busette seg andre stader enn i USA. Forfattaren tek oss med på ei reise jorda rundt, til etterkommarar av nordmenn som utvandra til Brasil, New Zealand, Sør-Afrika og Canada. Han finn også spor etter norske busetnader på Galapagos, i Karibia og på Sør-Georgia.

Eg er interessert i geografi og historie og finn difor mykje lesbart i boka. Eg tykkjer likevel ikkje at forfattaren har klart å bearbeida det enorme materialet sitt på ein god måte. Det er for mange detaljar; for mange namn og for mange årstal og datoar. Dette gjer boka tregare enn det ho kunne/burde vore.

Eg likar godt å lesa om det historiske i denne boka, men tykkjer ikkje det er like interessant å lesa om forfattaren sine skildringar av sine eigne reiser. Konklusjonen blir eit terningkast 3.



Gleden med skjeden av Nina Brochmann og Ellen Støkken Dahl
Aschehoug 2017
308 sider, eBokBib

Til slutt; over til noko heilt anna - til dei nære ting. Det næraste av alt faktisk; underlivet vårt. Gleden med skjeden er ei informativ og lettlest bok med gode illustrasjonar av Tegne-Hanne. Tittelen er ein slags hyllest til ei anna populærvitenskapeleg suksessbok; Sjarmen med tarmen.

Her kan du lesa om alt du treng å vita om onani og orgasme, menstruasjon og prevensjon, kjønnssjukdommar og inkontinens. Boka er både sakleg og underhaldande og tilpassa unge lesarar.

Eg tilhøyrer ikkje målgruppa, men ser at dette er den boka eg skulle ha hatt då eg var ung. Då hadde eg spart meg sjølv for uro og frustrasjonar. Terningkast 4.