16. januar 2019

Kort om: Jordmor på jorda - huset under blåhammaren av Edvard Hoem

Lydbokforlaget 2018
Speletid 9:11

Kjøpt lydfil

Dette er forteljinga om "jordmor-Stina", Edvard Hoem si tippoldemor; Martha Kristine Andersdatter Sør-Nesje (1793 - 1877). Ho praktiserte som jordmor i femti år og tok imot over tusen barn. Ho fekk sjølv ti barn og mellom dei; Knut Hansen Nesje - han som danna grunnlaget for hovudkarakteren i Slåttekar i himmelen.

Hoem har hatt stor suksess med dei biografiske/historiske romanane om forfedrane og -mødrene sine. Det er vel fortent. Forteljinga om Marta Kristine er fengande på fleire måtar. Ho må ha vore ei ualminneleg modig, intelligent og målbevisst kvinne - og forfattaren skildrar henne med varme og respekt.

Jordmor på jorda kom ut fyrste gong i 2008 i samband med at Den norske jordmorforening fylte 100 år. Denne boka, Jordmor på jorda - huset under blåhammaren kom ut i fjor og er ei utvida og omarbeida versjon av den fyrste boka. Eg har lest begge versjonane, og vart nesten like gripen av innhaldet denne gongen som sist.

I boka får ein innblikk i korleis vanlege menneske levde og tenkte. Om korleis dei sleit og streva og korleis dei tilpassa seg nye tider og ny kunnskap. Det er ein historisk roman der forfattaren tek utgangspunkt i sine eigne røter, men som alltid i Hoem sine bøker; det er noko velkjent her: Han formidlar det allmenne og det me har felles; mellommenneskelege forhold og kulturarven vår.
Boka har også ei dokumentarisk side og byr på interessante historiske faktaopplysningar. Dette vert fletta fint inn i forteljinga om den driftige og dyktige jordmora, saman med enkelte glimt av forteljaren/tippoldebarnet si stemme.

Jordmor på jorda - huset under blåhammaren kan sjåast på som ein slags opptakt eller "prolog" til dei populære Slåttekar i himmelen, Bror din på prærien, Land ingen har sett og Liv andre har levd. Og dessutan; Mors og fars historie og Heimlandet. Barndom. Dersom du har lest og likt nokre av dei nemnde bøkene bør du få med deg jordmorboka óg. Edvard Hoem har atter ein gong gitt oss ei lærerik og gripande leseoppleving. 

11. januar 2019

Diktsamling i bokhandlardrama - Akkurat no i Mexico

Tema for Anita sin dikt-lesesirkel i januar er Humor og glede. Det treng me no i mørke januar, seier Anita, og det er eg absolutt enig i. Poesi treng ikkje vera høgtideleg og vanskeleg. Dei dikta eg har plukka ut har ikkje eingong snev av seriøsitet og alvor i seg.

Frå diktsamlinga Den vanskelege andreboka av Jon Hjørnevik:

Diktsamling i bokhandlardrama


Inne i ein bokhandel,
ligg eg – ei bok i frykt,
eg er ei samling dikt
som ikkje har det trygt.

Eg føler meg så utrygg
mellom bøker, tonn på tonn,
fra ekle «Ord om lykke»
til svære leksikon.

Eg er ei bok i redsle,
gøymt inne i ein krok,
bak ein diger dunge
med Kjærstads nye bok.

Eg ropar til ein kunde,
«Kom og redd meg no!»
Folk kjem bort og blar ei stund,
og vel ut Erlend Loe.

Men alt går vel til slutt,
ein kunde gjer meg stolt,
han legg meg inntil Ari Behn,
og oppå Anne Holt.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - 

Jon Hjørnevik (f. 1970) er vossing, tekstforfattar, diktar, skribent og komikar. Han har forfatta fleire lettbeinte og politisk ukorrekte diktsamlingar, eit tulleleksikon og ei fotballhårbok. Ikkje alt Hjørnevik skriv er hylande morosamt, men humrefaktoren er som regel til stades - slik som i diktet nedanfor:

Sluttprogram


Eg kom til ein vårfest,
men sa tidleg ha det.
Brått stakk eg og ei dame
rett inn på badet.

Eg var i spritrus,
ho vårkåt og fin.
Eg tok ho for meg
oppå ei vaskemaskin.

Det var ikkje tid til
å kle av seg fint,
eg var i ho,
før me fekk klint.

Men så starta maskina,
eg var borti ein knapp,
trommelen spann,
maskina var kjapp.

Men brått sat jenta,
skuffa i hugen,
for me kom for tidleg,
eg og sentrifugen.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

"Sluttprogram" fann eg på Jon Hjørnevik si Facebook-side.

Arne Hjeltnes (f. 1963) er ein annan kar frå Voss som skriv humoristiske dikt. Hjeltnes er mest kjent som TV-mann, men han er også næringslivsmann, Høgremann og forfattarmann. Han har m.a. utgitt boka Ein mann å halda i - som ifølge forlaget inneheld "tekstar til ettertanke, til latter, til store høve og til jobbseminar utan meining. Her er sjølvironi, enkle gleder og djupe sanningar." Her er eit eksempel på Hjeltnes sine diktarevner:


Akkurat no i Mexico


Akkurat no, når eg skriv desse orda,
skjer det mykje rart på jorda.

Nokon søv og nokon vakar,
nokon jobbar hardt som bakar.

Fire karar fiskar ål,
ei lita jente kokar kål.

Tenk på alt som her og no
til dømes skjer i Mexico.

Kanskje nett i denne stund,
ligg det ein med smil om munn

på sjukehus og kviler litt,
mens han får vaska stellet sitt.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

5. januar 2019

Bokomtale: Lazarus av Lars Kepler

Cappelen Damm 2018
511 sider
Lånt papirbok privat

Lazarus er den sjuande boka om Joona Linna og er som dei fleste andre i serien; grusomt bra komponert, vanvittig spennande og uhyggeleg velskriven. Alt frå fyrste stund føler ein på ubehaget og skrekken, og denne kjensla kjenner ein på gjennom heile boka. Det er så spennande at ein nesten ikkje orkar å lesa vidare - fordi ein må ha pustepause - men så må ein naturlegvis gjera det. Både pusta og lesa vidare altså.

Forfattarane bak pseudonymet Lars Kepler er dyktige - og dristige. Eg siterer meg sjølv i omtalen av Stalker: "Forfattarane er farleg nær å gå over the top undervegs. Eg ser at det er ein viss fare for at framtidige bøker i serien kan bli ein parodi på seg sjølv. Det kjem til å bli utfordrande for forfattarane; det vert liksom forventa at dei må overgå seg sjølv og sjokkera lesaren i kvar einaste bok." Så når tippar det over til å bli ein parodi? Kor langt kan dei gå i detaljerte skildringar av bestialitetar? Kor mykje kan dei utsetja hovudpersonane Joona Linna og Saga Bauer for - av umenneskelege påkjenningar og ekstreme situasjonar?
Kvar går grensa?

Vel - eg "kjøper" historia i denne boka óg, eg gjer det. Trass i fråveret av realisme, trass i ein antagonist som har stått opp frå dei døde, trass i enkelte logiske bristar og usannsynlege hendingar.

Noko referat av Lazarus er vanskeleg å gi utan å røpa sentrale deler av handlinga, men ein kan i alle fall sei at stemninga er enno mørkare enn tidlegare bøker i serien. Det som fascinerer meg mest med boka er det psykologiske maktspelet som foregår mellom hovudpersonane; Joona Linna på den eine sida og "ein gammal kjenning" på den andre sida. Dei er avhengige av kvarandre, men har høgst ulike motiv. Gjerningspersonen har ekstreme eigenskapar og er særs manipulerande, noko som gjer at han heile tida er i forkant av etterforskinga.

Lars Kepler er som sagt dyktige når det gjeld å konstruera plott og byggja opp spenning. Forfattarparet nyttar ein effektiv forteljarteknikk som gjer det heile levande for lesaren. Her er korte kapittel, skiftande synsvinklar, raske sceneskift og hurtig tempo. Når det gjeld språket er bruk av presens det mest spesielle. Det undrar meg at ikkje fleire krimforfattar nyttar seg av notidsform. Det gjer jo handlinga mykje nærare og meir intens.

Det er absolutt ein fordel at ein har lest dei føregåande bøkene i serien før ein les denne, i alle fall Ildvitnet og Sandmannen sidan enkelte trådar går tilbake til dei bøkene. Gjennom overraskingar og ekstreme hendingar sørgar Kepler-paret for at spenninga og interessa vert halden ved like i kvar einaste bok.
Eg er svært spent på bok nummer åtte.

2. januar 2019

Leseplanar og lesemål 2019

Godt nytt år til blogglesarar, bokormar og lesehestar! Eg markerer nytt år og blanke ark med nokre små endringar av utsjånaden på bloggen. Eg har funne ein annan mal og i tillegg nytta høvet til å endra bloggtittel til BOKSNAKK OG LESETIPS, men adressa er den same som før: https://bokbloggberit.blogspot.com. Biletet i header'en har eg teke sjølv og viser Lustrafjorden; frå Skjolden med utsikt mot Molden.

Eg hadde nokre heilt konkrete og talfesta lesemål for leseåret 2018. Tanken var at desse lesemåla skulle hjelpa meg sidan eg er ein ganske ustrukturert og impulsiv lesar. Ved årsskiftet viser det seg at kun eitt av dei ti punkta eg hadde sett opp vart nådd. Likevel er eg rimeleg nøgd med resultatet:

Lesemål 2018

  1. 94/100 bøker totalt
  2. 6/8 mursteinar (over 600 s.)
  3. 21/25 norske utgitt 2018
  4. 6/12 bøker utgitt før 2000
  5. 10/10 biografiar 
  6. 6/15 annan sakprosa
  7. 2/6 OTS, bokhyllelesing
  8. 31/40 bokomtalar 
  9. 25/30 "nye" forfattarar 
  10. 14/20 bøker frå Storytel
For 2019 vert lesemåla færre og tala lågare, men eg ynskjer å vera like konkret: Tal er greitt å forhalda seg til. Med følgjande delmål for 2019 har eg noko å strekka meg etter utan å vera altfor ambisiøs:

Lesemål 2019

  1. 100 bøker totalt
  2. 10 mursteinar
  3. 10 biografiar
  4. 10 annan sakprosa
  5. 30 bokomtalar
  6. 30 nye forfattarar
Norske utgjevingar av året kuttar eg ut. Eg kjem uansett til å lesa "nok" nye norske. Eg har hatt med dette delmålet dei siste åra for å begrensa meg. Bokhyllelesing er meir eller mindre uaktuelt for meg sidan eg har så få uleste bøker i hyllene mine. Eg tok ikkje imot eit einaste leseeksemplar i fjor, så eg har ikkje noko press på meg når det gjeld slike ting. Eg set heller ikkje opp noko lesemål når det gjeld "gamle" bøker, dvs. frå før år 2000. Storytel-abonnementet mitt kjem eg truleg til å sei opp i nær framtid, dersom det då ikkje skulle dukka opp noko heilt spesielt. Eg satsar heller på bibliotek-tenesta eBokBib som er gratis og som stadig vert utvida.

Eg ynskjer å halda fram med å finna underhaldande, spennande, gode og lærerike forteljingar. Det overordna målet for leseåret 2019 er å kosa meg med bøker og lesing.