27. april 2017

Kort om: Etter styrten av Michel Bussi

Lydbokforlaget 2017
Speletid 14:42
Opplesar Kim Haugen

Lånt på biblioteket

Denne likte eg! Etter styrten er ei eventyrleg, spennande og sjarmerande forteljing. Boka vart tildelt Gullkulen under Krimfestivalen i mars - og skulle dermed vera interessant for folk som likar å lesa krim.

Utgangspunktet er ein ufatteleg tragedie; ei flyulukke som skjedde i 1980 der 168 av 169 passasjerar omkom. Den einaste overlevande er ei tre månader gammal jente. "Tilfeldigvis" var det to små jentebabyar blant passasjerane - og to par besteforeldre hevdar at den overlevande er deira barnebarn. Den påfølgjande rettssaka skal avgjera kven av besteforeldrepara som skal få jenta - og det andre paret kjem såleis til å mista - alt. Klarar retten å fatta rett vedtak?

Ikkje alle slår seg til ro med avgjerda - og privatdetektiven Crédule Grand-Duc vert engasjert av den tapande parten. Han driv på med omfattande og detaljert etterforsking - i 18 år - men så er det stopp. Det meste av historia vert fortalt gjennom augene til Grand-Duc, men to bestemødre og to storesøsken spelar også sentrale roller. Det same gjer naturlegvis den overlevande jenta. Er ho Lyse-Rose eller Emilie? Dei to bestefedrene får av ulike årsaker ei meir perifer rolle. DNA-analyse vert tilgjengeleg i 1995 - og dermed skulle ein tru at alt som inntil då har vore uklart får eit definitivt svar og ei løysing. I "notid", dvs. i 1998 viser det seg at ho har vakse opp i trygge omgjevnader og at ho er blitt ei ung velfungerande kvinne. Spelar det då noko rolle kven ho er, biologisk sett? Svaret er ja. Det er livsviktig.

Etter styrten er ein godt fortalt spenningsroman. Det vert gjort greie for forhistoria gjennom privatdetektiven si sarkastiske forteljarstemme og parallellt og vekselvis får ein høyra om dei mange dramatiske hendingane som går føre seg i 1998. Det handlar om utspekulerte drap og begjær etter pengar og makt - men også om gode venskap og varm kjærleik.

Eg tykkjer nok at boka er litt for lang og at ho kunne hatt godt av ei viss oppstramming. Eg vart difor ikkje heilt enig med meg sjølv om eg skulle gi ein sterk 4'ar eller ein svak 5'ar, men eg har etter kvart landa på terningkast 5-.

Eg set pris på forteljargleda, sjarmen og hjertevarmen som ein kan finna i boka. Eg likar tidsbileta og musikk- og fotball-referansane. At historia er i overkant usannsynleg og urealistisk får ein berre ta med på kjøpet. Michel Bussi har skrive ein svært underhaldande og original roman.

Andre bloggmeiningar: Tips-bloggen, OP-5, Den kriminelle bokverden

25. april 2017

Bokomtale: Utmarker av Arne Dahl

Cappelen Damm 2017
363 sider
Kjelde: Kjøpt papirbok

Det er uhyre sjeldan eg kjøper ei bok til fullpris - det har vel ikkje hendt på mange år. Som oftast brukar eg biblioteket sine tenester eller ventar til pocketutgåva kjem. Sidan eg hadde bestemt meg for at Arne Dahl si nye bok skulle bli årets påskelesing for meg, hadde eg ikkje noko val; boka måtte kjøpast fordi biblioteket ikkje hadde boka inne. Eg angrar ikkje på kjøpet - slett ikkje. Dette er ei bok som er verdt pengane; ein særdeles velskriven og velkomponert krimthriller - den fyrste i ein heilt ny serie frå svenske Arne Dahl.

Sidan Arne Dahl er ein av favorittforfattarane mine hadde eg naturlegvis høge forventningar til Utmarker - og eg er veldig glad for at forventningane vart innfridde. Innan denne sjangeren er det få - om nokon - som kan skriva like stemningsfullt. Dahl er meir raffinert og har eit mykje betre språk enn dei fleste andre kriminalforfattarane eg kjenner til. 

Medan serien om A-gruppen har heile etterforskargruppa i fokus, er hovudrolla i denne boka ein enkelt politietterforskar - og etter kvart ein etterforskarduo. Desse to - Sam Berger og Molly Blom - dannar eit interessant og umake par; ein dynamisk og slagkraftig duo med ekstremt analytiske og nærast telepatiske evner. Medan eg las fekk eg assosiasjonar til Millennium-trilogien og Salander/Blomkvist: forholdet deira inneheld både skepsis, fiendskap, lojalitet og erotisk tiltrekningskraft.

Utmarker har ei heller mørk stemning og er samstundes ei historie med eit voldsomt driv. Det skuldast fyrst og fremst måten forfattaren har komponert det heile på. Dahl er ein forfattar med ein velutvikla sans for timing; han porsjonerer ut akkurat passe med informasjon på akkurat rette tidspunkt i forteljinga. Plottet er finurleg, originalt og vel gjennomtenkt. Dialogane er naturlege og karakteristikkane treffsikre. Handlinga føregår for det meste i notid, med nokre få og effektive tilbakeblikk. Det er elles vanskeleg å gje eit handlingsreferat av boka fordi ho inneheld så mange vendingar og har så mange lag. Men kort og generelt sagt handlar det om (noko som kan sjå ut som) seriemord, om overvakingssamfunnet, om hemmelegheiter, om konspirasjonar, om spor og villspor og om alternativ og parallell etterforsking.

Arne Dahl sørger for at spenninga vert halden vedlike gjennom heile boka - og når boka er ferdig utlest har Berger og Blom - og lesaren - gått gjennom mange overraskingar, påkjenningar og opplevingar. Skildringar av miljø, kjensler og karakterar er nemleg utført på ein så meisterleg måte at ein vert reint utmatta - fordi ein har "deltatt" i etterforskinga og "levd saman med" karakterane i boka.

Cliffhangeren på slutten er av det uuthaldelege slaget - og forhåpentlegvis varar det ikkje så lenge før bok nummer to - Inland - kjem ut i norsk språkdrakt.

Utmarker anbefalast på det varmaste.

Andre bloggmeiningar: Bjørnebok, Bokbloggeir, OP-5.
Ta gjerne turen innom bloggen til den eg trur er Norges største Arne Dahl-fan; Evert Pangs funderinger

20. april 2017

Bokhyllelesing: Trollsteinen og Pilegrimsferd

Så - omsider - er eg klar med eit nytt bidrag i samband med bokhyllelesing 2017. Tredje runde har tema "Les et verk som enten er skrevet eller lagt til perioden mellom 1350-1700" og fjerde runde "Les ei skandinavisk bok utgitt mellom 1945 og 1990". Dei to fyrste bøkene i Beretningen om Bent Jonsson passar fint inn her. Handlinga i bøkene er lagt til 1500-talet og dei kom ut fyrste gong i hhv 1970 og 1971.

Eg las dei fem bøkene i serien for mange år sidan - og har lenge hatt planar om å lesa dei på nytt, fordi eg tykte dei var så fantastisk fine den gongen. No er eg i gang - og eg kan "avsløra" at det atter vart gode leseopplevingar for meg. Det tok ikkje lang tid før eg vart sugd inn i handlinga - og det var spesielt interessant å finna ut kor lite/mykje ein hugsa frå forrige gong. For ordens skuld: Eg har ikkje bøkene i mi eiga bokhylle, men har lånt samleutgåva (dei tre fyrste bøkene) av ein nær familiemedlem.

Handlinga i pentalogien er frå Bøverdalen og er lagt til tida etter reformasjonen. Noreg låg under dansk herredøme og krone den gongen og det var urolege tider. Mange av personane i bøkene er historiske, men sjølve hovudpersonen, Bent Jonsson Smiugjelsøygarden, er fiktiv. Titlane på bøkene er Trollsteinen, Pilgrimsferd, Blåbreen, Staupet og Skjærsild. Som i Sigrid-trilogien er det ein del "indre dramatikk" i desse bøkene; religiøse grubleriar og filosofiske tankerekker - som innimellom kjedar meg litt. For meg er det meir interessant å lesa om den ytre dramatikken; om historiske hendingar og om korleis menneska tilpassa seg dei skiftande tidene, både praktisk, politisk, kulturelt, medmenneskeleg og mellommenneskeleg. 1500-talet var ei tid med sterke sosiale, religiøse og kulturelle motsetningar.

Det som vert fortalt om i Trollsteinen og Pilegrimsferd skjedde i ei fjern fortid, men likevel opplever eg at ein kjem nær både folk og miljø når ein les. Vera Henriksen fortel om kvardagsliv og høgtider, giftarmål og gravferder, skikk og bruk og tradisjonar - på ein levande måte. Ho skildrar moral og umoral og gjer greie for endring av lover og normer. Måten folk oppfører seg på og måten dei forheld seg til kvarandre på er ikkje så mykje annleis i dag. Menneska på 1500-talet hadde lengslar, forventningar og kjensler som notidsmenneske kan kjenna seg att i.

Visdalen er ein sidedal til Bøverdalen. Denne dalen midt i Jotunheimen har eit rikt kulturlandsskap og ein kan her finna mange spor etter menneskeleg aktivitet frå svundne tider; det gjeld t.d. ferdsel, jakt, seterdrift og utvinning av jern og kleberstein. Her finn ein også Smiugjelsøygarden, farsgarden til Bent Jonsson.

Trollsteinen
Me møter Bent Jonsson for fyrste gong sommaren 1562 når han er på veg heim til Lom etter eit lengre studieopphald i Danmark. På morssida slektar Jon på dansk adel og på farssida er han av bondeætt frå Bøverdalen. Han har studert teologi ved universitetet i København, men har ikkje blitt prestevigsla - han har ambisjonar om å bli universitetslærar. Me får ikkje greie på så mykje av barndoms- og ungdomstida til Bent i denne fyrste boka, men det synest klart at overgangen frå eit overklasseliv i Danmark til det enkle livet i dalen er stor. Føremålet med heimturen er å overbringa mora arven hennar i og med at morfaren nyss har gått bort, samt å vitja slektningane sine. Opphaldet skal komma til å bli utfordrande og vanskeleg - på fleire plan - og varar lenger enn planlagt.

Bent Johnson er eit symbol for den brytningstida det vert fortalt om. Han opplever at folk har vanskeleg for å tilpassa seg den nye lutherske læra. Sjølv er han også ein tvilar, for han ser at det er uheldige sider ved at folk vert tvinga til å slutta med det religiøse livet dei var vant til. Han slit også med dei motstridande forventningane som slektningane hans på begge sider har til han.

Dramatiske hendingar i familien fører til at Bent blir verande i dalen over vinteren. Naturen lagar også dramatikk: Kyrkja på Galde vert tatt av flaumen og garden Glømsdal vert råka av steinras. Som alltid vert menneska små når naturkreftene set inn. Bent møter skepsis i bygda, men fleire og fleire set pris på å ha ein slik velutdanna, velhalden og veltalande person mellom seg.

Henriksen skildrar det vanskelege forholdet Bent har til mora Magdalene, saknet etter faren som døydde då Bent var unggut, den varme velkomsten han får av farbroren Tore og motstanden han opplever at Sylfest; ein annan farbror, syner. Han får eit sjokkerande gjensyn med Live, tvillingsystera - som har "mista vettet" - eller er det mørke makter som herjar med henne? Med gamlepresten herr Gudbrand, som i skjul held seg til den katolske trua, har han ein god samtalepartner, medan han har problem med å forhalda seg til den nye "rettruande" presten. Han etablerer eit godt venskap med Lasse Glømsdal, og møter kjærleiken i Lasse si syster, Anne. Anne Glømsdal vert framstilt som stolt og sterk og på mange måtar ein likeverdig partner til Bent - men tradisjonelt og etter lova hadde kvinnene på denne tida begrensa med rettigheiter.

Bent er oppriktig glad i Anne og kan tenkja seg å gifta seg med henne, men den store store kjærleiken er det vel ikkje. Å gifta seg av kjærleik var det dessutan få som gjorde; ekteskap var som regel ei praktisk, politisk og familiær sak. Så Bent slit - med sine eigne og familien sine forventningar om ei heilt anna framtid. Skal han ta over ein liten gard som har vore vanstyrt i fleire år - eller skal han reisa attende til Danmark og ta imot det adelsbrevet som han truleg kan få? Han tenkjer mykje på kva som er rett og galt; om synd, bot, skam, skuld og tilgjeving. Men Bent får eit stadig nærare og inderlegare forhold til Anne - og det går slik som det gjerne går; Anne blir gravid. Bent og Lasse inngår dermed ein avtale der Bent forpliktar seg til å gifta seg med Anne etter at han har avklart si eiga stilling og framtid med dei danske slektningane sine. Bent gir seg sjølv ein frist på tre år - og boka vert avslutta med at han reiser attende til Danmark.

Det var mykje eg hugsa att frå boka etter meir enn 30 år - overraskande mykje faktisk. Det som eg hugsa best og som gjorde mest inntrykk på meg då eg las boka fyrste gong var skildringa av det nesten-incestuøse forholdet mellom Bent og Live. Og det slår meg no også; at Vera Henriksen var ein modig forfattar som kunne skriva om slike vanskelege og tabubelagte tema. Det eg hadde gløymt var kva lagnad Live fekk til slutt - og eg tenkjer no at det måtte vel berre enda slik som det gjorde..


Pilegrimsferd
Handlinga i denne boka tek til omlag der Trollsteinen sluttar; med at Bent kjem tilbake til Danmark og "det andre livet" sitt. Hjå morfamilien får Bent omsorg, men også ansvar og plikter - og god tid til å områ seg. Det er eit priviligert liv, men det er slett ikkje utan bekymringar. Bent sine lukkelege stunder vert ofte avløyst av tungsinn og grubling. Medan det knapt vert nemnt at far til Bent var teologiutdanna i den fyrste boka, vert det her greia vel ut om dette. Gjennom gamle brev som faren skreiv til morbroren Bent Bille får Bent Jonsson vita korleis og kvifor faren tvilte og sleit i forhold til tru og teologi. Faren sine tankar, haldningar og handlingar skal komma til å prega Bent i lang tid - og fører m.a. til at han reiser og oppheld seg i Paris for ei tid.

Lesaren får eit meir nyansert bilete av hovudpersonen i bok nummer to. Bent er utruleg søkjande og undrande - og ofte fylt av indre motsetningar og uro. Når han trur at han har fått svar på det som opptek han - då dukkar det opp andre spørsmål og utfordringar. Perspektivet er også vidare; ut mot Europa og dei straumane som finst der. Det ulmar - bokstaveleg talt - i fleire land i samband med religionskrigar, forfølging og straff, reformasjon og motreformasjon. På den andre sida er humanistiske tankar og ynskje om fridom for enkeltmenneske idear som er i ferd med å spre seg.

Etter ei langvarig og mangfaldig reise - på mange plan - gjer Bent som far hans gjorde før han; han vender tilbake til Lom - til Smiugjelsøygarden og til Anne og barnet deira. Det skjer ikkje utan ein djup indre kamp.

Pilegrimsferd er på mange måtar tyngre å lesa enn den fyrste boka, men ho er vel så interessant. Ein kan i denne boka tydeleg leggja merke til korleis Vera Henriksen har arbeidd med språket. Det er ei anna språkføring og det vert nytta andre formuleringar når det handlar om det danske overklasse- og akadermikarmiljøet; meir snirklete og "fordanska". Når handlinga går føre seg i fjellbygdene i Noreg er det meir kvardagsleg, konkret og direkte - noko som også er heilt naturleg.

Med tanke på at eg hugsa att mykje av handlinga i Trollsteinen, er det underleg å merka at eg hadde fullstendig gløymt kva Pilegrimsferd handla om. Det er berre nokre få hendingar eg hugsar frå då eg las boka fyrste gong. Eg skjønnar ikkje heilt kvifor det er slik. Kanskje det skuldast at eg den gongen var for ung til å forstå dei mange påkjenningane Bent gjekk gjennom? Det skal uansett bli interessant å finna ut kva som er gjenkjennbart i dei neste tre bøkene. Eg kjem til å ta fatt på Blåbreen umiddelbart etter at eg har skrive ferdig dette blogginnlegget, men deretter trur eg kanskje at eg treng ein pause frå middelalderliv og middelaldertankar før eg tek til på dei to siste bøkene; Staupet og Skjærsild.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Har du ikkje lest noko av Vera Henriksen? Vel - då har du mange svært gode leseopplevingar til gode! Grunnen til at eg har skrive eit såpass utfyllande handlingssamandrag er å få fleire til å lesa bøkene hennar. Eg håpar at enkelte kan bli frista til å ta fatt på historia om Bent Jonsson.
Her får du lenker til bibliografi (Wikipedia) og dei digitaliserte bøkene hennar (Nasjonalbiblioteket)

16. april 2017

Biolesesirkel: Et kvart liv av Hans Olav Lahlum

Cappelen Damm 2013
Kjelde: Lydfil og ebok Storytel


I 2009 gav forfattaren Hans Olav Lahlum ut ein gigantisk biografi om den legendariske Arbeiderpartisekretæren Haakon Lie. Lie var sentral i arbeidarrørsla i fleire tiår, han vart 103 år gammal og boka om han vart på over 800 sider.

Boka om Håvard Vederhus er på 143 sider. Vederhus var nemleg på feil stad til feil tid; han var ein av dei 77 som mista livet i terrroråtaka den 22. juli 2011: Eit stort politisk talent som berre vart 21 år gammal - skoten og drepen av Anders Behring Breivik ved pumpehuset på Utøya.

Det er noko uendeleg trist med ein biografi om eit så altfor kort liv, - noko tittelen "Et kvart liv" også syner. Lahlum skreiv boka vinteren 2012-13 etter førespurnad frå familien til Håvard Vederhus. Boka er tilegna alle som mista livet på Utøya og er samstundes ein hyllest til Vederhus sitt engasjement for eit demokratisk og inkluderande samfunn. Boka er delt i fire: Den fyrste delen handlar om barndomstida, del to om ungdomstid og politisk og personleg forming, den tredje delen er om 22. juli og den fjerde og siste om den vanskelege vegen vidare for folk som sto han nær.

Lahlum fortel at Håvard Vederhus vaks opp som det midterste barnet i søskenflokken på tre - og at han på mange måtar også var midtpunktet i familien. Frå tidleg alder kravde han - og fekk - mykje merksemd. Han var uroleg og eigenrådig og hadde eit uvanleg høgt aktivitetsnivå. Han vaks opp og vart ein energisk og målbevisst ungdom og ein sentral skikkelse i mange ulike miljø. I motsetnad til mange andre AUF'arar vart ikkje Håvard Vederhus "fødd inn i Arbeiderpartiet." Men fordi han hadde eit grunnleggjande sosialdemokratisk syn på samfunnet melde han seg tidleg inn i AUF. Han var ikkje utprega skuleflink, men arbeidde målretta og fekk eit godt vitnemål frå Oslo Katedralskole.

Store deler av boka er i ein oppramsande stil og er nok helst for spesielt interesserte, dvs. menneske som står familien og partiet nært. Det som gir størst inntrykk er å lesa om avslutninga av Håvard sitt liv i den forferdelege massakren 22. juli. Eg har lest mykje om saka før, men nok ein gong får eg frysningar på ryggen og ei sterk kjensle av sorg og maktesløyse. "Vi gjemmer oss og lever" vart den siste Facebook-oppdateringa Håvard skreiv då han saman med mange andre prøvde å gøyma seg for massemordaren. Nokre minuttar seinare var AUF-leiaren i Oslo død.

Håvard Vederhus var utan tvil ein karismatisk, kunnskapsrik og engasjert ungdomspolitikar - og han ville heilt sikkert nådd langt. Han vert også skildra som ein omsorgsfull person og ein trufast ven. Det synte han heilt til det siste. Størst er saknet og sorga hos far, mor, storebror og veslesyster.
"Det å miste et barn er alltid en tragedie. For mange foreldre vil nok likevel nettopp alderen rundt 20 være den aller verste alderen å miste et barn i. Man har da fulgt et barn hele veien opp gjennom oppveksten, for så å miste det på spranget ut i voksen alder - før barnet får egen famile og før det rekker å realisere sine mål i livet."
Ei fullsett Grefsen kirke følgde Håvard Vederhus til den siste kvilestaden 4. august 2011. Dåverande kunnskapsminister Kristin Halvorsen heldt minnetale og mellom dei frammøtte elles var noverande statsminister Erna Solberg.

Et kvart liv er mitt bidrag til aprilutgåva av Moshonistas biografilesesirkel.

4. april 2017

Påskekrim 2017 - 20 gode tips

Kva kan vera betre enn å setja seg i solveggen eller ved peisen med ei skikkeleg spennande bok? Påsken er blitt den absolutte høgtida for krimbøker her i landet - og her er mine tips til deg som likar å lesa om mystikk, spenning, mord, etterforsking og oppklaring av brotsverk: Til saman 20 ulike bøker som alle er innan krim-, spennings- og/eller thriller-sjangeren. Mine subjektive terningkastvurderingar finn du i parentesane nedanfor.

Bøker er ikkje ferskvare - heller ikkje krimbøker. Dersom du har meir sans for klassisk krim, kan du sjekka ut påskekrimtipsa mine frå 2013. Desse tipsa kan eg fortsatt gå god for. Du kan også finna nokre brukbare tips i innlegget frå 2015. Her og no skal det imidlertid handla mest om krimbøker utgitt i løpet av 2016/2017. Nokre av dei er komne i pocket, noko som gjer dei meir praktiske med tanke på påskesekken.

For omlag eit år sidan gav Torkil Damhaug ut En femte årstid; ein knakande god kriminalroman som forfattaren nyleg og vel fortent vart tildelt Rivertonprisen for. Eg las boka i påsken i fjor og kan verkeleg anbefala den (terningkast 5+). Boka er ein psykologisk thriller og er frittståande.

Av nyare frittståande thriller-/ spenningsromanar som kan høva som påskelektyre vil eg halda fram desse:

  • John Hart: Syndenes forlatelse (terningkast 5)
    Dramatisk, mørk og uhyre velskriven amerikansk krimthriller. 
  • Ane Riel: Harpiks (4+)
    Melankolsk og original thriller frå dansk debutant.
  • Peter Swanson: Den tikkende kvinnen (4) og De som fortjener det (5-)
    Fengande, lettleste og fortleste spenningsromanar. 
  • Håkan Nesser: Elleve dager i Berlin (4)
    Egentleg ingen krim, men ei langsam, alternativ og småpussig feelgood/mystikk-bok.

Mykje - det meste - av det som vert gitt ut innan krimsjangeren er likevel seriekrim.

Ein treng slett ikkje byrja med den fyrste boka i ein romanserie - sjølv har eg erfart fleire gonger at det fungerer fint å starta eit stykke ut i ein serie. Dersom boka fell i smak kan ein så ta til på tidlegare bøker. Men det er også klart at ein går glipp av enkelte utviklingstrekk og samanhengar dersom ein ikkje les kronologisk. Ofte er det slik at handlinga i ei bok får konsekvensar for dei påfølgjande bøkene. Av seriekrim utgitt det siste året kan eg anbefala følgjande:

  • Robert Galbraith: Ondskapens kall (5-)
    Bok tre i J.K. Rowlings sjarmerande Cormoran Strike-serie. Når gjøken galer og Silkeormen bør lesast før denne.
  • Pierre Lemaitre: Camille (5+)
    Her er det faktisk ein føresetnad at ein har lest Irene og Alex fyrst. Fantastisk trilogi frå denne franske forfattaren.
  • Yrsa Sigurdardottir: Dragsug (4)
    Islandsk sidevendarkrim, bok nummer to om Huldar og Freyja. DNA er den fyrste.

Svenskane er suverene når det gjeld seriekrim:
  • Lars Kepler: Kaninjegeren (5)
    Uhyggeleg, brutal og intenst spennande. Del 6 i Joona Linna-serien - men kan lesast som sjølvstendig bok.
  • Joakim Zander: Broren (5)
    Kjempespennande og frittståande framhald av Svømmeren.

Nokre fleire norske krimtips:
  • Gunnar Staalesen: Storesøster (5-)
    Bok nummer tjue om Varg Veum kan lesast for seg. Fin blanding av humor og alvor, stødig kvalitetskrim.
  • Jan-Erik Fjell: Lykkejegeren (5-)
    Ei tempofylt og original historie, den femte i Anton Brekke-serien - men kan lesast åleine.
  • Gert Nygårdshaug: Budbringeren (4+)
    Fantasifull og underfundig med spesielle karakterar. Drum-serien er ukronologisk.
  • Anne Holt: I støv og aske (4+)
    Har fått litt lite merksemd, men er ei god bok. Dette er nummer ti i serien om Hanne Wilhelmsen, men ho står seg godt som sjølvstendig bok.
  • Unni Lindell: Jeg vet hvor du bor (5)
    Den fyrste boka i ein ny serie - som også er eit framhald av Cato Isaksen-serien. Grøssande god; Lindell leverer alltid.
  • Hans Olav Lahlum: Sporvekslingsmordet (4+)
    Interessant 1970 tals-krim. Den 7. boka i serien om K2 og Patricia kan også lesast for seg sjølv.
  • Jo Nesbø: Tørst (5)
    Nesten unødvendig å nevna denne, for Nesbø kjem uansett til å bli påskens mest leste dette året. Harry Hole-bok nr. 11 kom ut i strategisk tid i så måte.



Sjølv har eg tenkt å lesa diverse halvgamle og halvnye krimbøker som har overvintra på hytta i påsken. I tillegg har eg skaffa meg Utmarker av Arne Dahl - og deretter kjem det an på kva som vert tilgjengeleg i eBokBib.


Med dette ynskjer eg alle blogglesarar ein kriminelt god påske!

2. april 2017

Bokomtale: Tørst av Jo Nesbø

Aschehoug 2017
526 sider

Papirbok lånt privat

Overgang til sommartid og ny Harry Hole-roman - samstundes. Då er det ikkje så rart at ein vert enno trøyttare i trynet enn vanleg. Tørst har nemleg i seg mange av dei ingrediensane som kan føra til søvnmangel: Godt over 500 sider med gufne mord, neglebitande spenning, puslespeletterforsking, cliffhangers og stor underhaldning som gjer det vanskeleg å leggja frå seg boka.

Eg er som folk flest - og folk flest likar Jo Nesbø. Eg har vore Di Derre-fan i 25 år og Harry Hole-fan i 20 år. Då Flaggermusmannen kom ut i 1997 var eg kjempeskeptisk; eg kunne ikkje heilt tru at denne popstjerna var i stand til å skriva leseverdig krim. Vel - det viste seg jo at han var det - og resten er historie, som det heiter - ei gedigen norsk kriminalsuksesshistorie.
Forfattaren og Harry Hole-serien er kjempepopulær over heile verda og Tørst - den ellevte boka - kjem ut i formidable 300.000 eksemplarar i vesle Noreg. Jo Nesbø har funne ein suksessformel som virkar og difor har han heller ikkje fornya seg nevneverdig. Han gir fansen det dei forventar - og det er godt nok.

Det har gått nesten fire år sidan Politi kom ut, og sjølv om eg likte den boka frykteleg godt, hadde eg gløymt mykje av handlinga. Difor tok det meg litt tid å få på plass den naudsynte oversikten over persongalleriet, Harry sin private situasjon og enkelte hendingar frå tidlegare bøker. Ein kan godt lesa Tørst utan å ha lest dei føregåande ti bøkene i serien, men då går ein sjølvsagt glipp av ein del utviklingstrekk og gjennomgåande handlingstrådar.

Eg hugsar - med skrekk og gru - skildringa av «Leopolds eple» frå Panserhjerte. I Tørst presenterer Nesbø enno eit utspekulert og sadistisk drapsvåpen: Eit jerngebiss som vert teke i bruk av ein særdeles og bokstaveleg talt blodtørstig seriemordar. Det handlar om ein vampyrist; ein person som av tvangsmessige årsaker drikk blod. Ofra sine finn han gjennom datingappen Tinder. Saka er så spesiell at politiet ikkje ser anna råd enn å be om den legendariske eks-etterforskaren Harry Hole sine tenester. Det utviklar seg etter kvart til å bli ein komplisert katt-og-mus-leik på liv og død. Undervegs og avslutningsvis byr boka på spenning, overraskingar og tvistar. Ein forventar det uventa i ein Harry Hole-krim - og det får ein også her.

Tittelen Tørst viser nok både til seriedrapsmannen sin blodtørst og til den tørsten Harry Hole sjølv føler som alkoholikar. Han kjenner også på tørsten eller begjæret etter å avsløra denne vanvittige drapsmannen. I løpet av etterforskinga gjer Harry Hole ein feilvurdering som får fatale konsekvensar. Samstundes har han bekymringar på heimebane, - og då sprekk den tidlegare rusmisbrukaren. Hole framstår i det heile meir som eit "ekte" menneske i denne boka enn som den supermannen han tidvis har vore i tidlegare bøker.

Elles finn ein det meste av det ein kan forlanga av ein god kriminalroman i Tørst. Her er action, kompleksitet, melankoli, råskap og mørk humor. Her er sleipe politifolk, mystiske psykologar, skumle legar, maktsjuke leiarar og ufordragelege journalistar. Her er kvardagslege trivialitetar, djupe tankar, artige musikkpreferansar, møysommeleg politietterforsking og pur ondskap. Sceneskifta er raske og synsvinklane mange - og overgangane er somme gonger glidande og elegante, andre gonger brå og uventa.
Nesbø er ein forfattar som brukar tid på språk og dialogar. Han leikar med ord, setningar og formuleringar. Språket er naturleg sjølv om det innimellom er jålete; han har ein heilt eigen stil - ein skrivestil som mange andre krimforfattarar prøver å etterlikna.

Dei blodige og grufulle skildringane gir sjølvsagt eit visst inntrykk, men er gjennomgåande såpass usannsynlege og urealistiske at det aldri blir skikkeleg skummelt. Det skal visstnok finnast såkalla vampyristar (Renfields syndrom) i verkelegheita, men eg vil tru at slike folk er ein marginal trussel for dei aller aller fleste av oss.
Tørst avsluttar med ein cliffhanger som gjer at trufaste Harry Hole-fans kan gru-gleda seg til neste bok.

Andre bloggmeiningar: Bjørnebok, Tine sin blogg, Pervoluto, Groskro, Kleppanrova