30. januar 2024

Vinterlesing: Svensk og dansk seriekrim

Korleis skal ei krimbok avsluttast? 
Med happy ending? Med ein open slutt der lesaren kan tenkja vidare på korleis det går? Med ein pirrande cliffhanger? Med ei grundig oppsummering der alle involverte og mistenkte er samla i biblioteket? Eller - er det slik at alle forteljingar MÅ vera grundig forklart og avslutta?

Slike tankar får eg av og til - og eg har ikkje noko fasitsvar. Me som les krim er like ulike som andre folk og smaken er som kjent som baken. Eg likar ikkje overforklaringar - men eg likar heller ikkje at avslutninga kjem altfor brått på. For meg er det vesentleg at det ikkje heng att (for mange) lause trådar og at oppklaringa/avslutninga ikkje er altfor lang og detaljert. Ei dårleg avslutning kan faktisk gjera ei elles god bok - dårleg. 
Nedanfor finn du eksempel på bøker med både gode og mindre gode avslutningar.

Denne samleomtalen startar med eit dansk innslag.

Den nittende øya av Thomas Bagger

Vigmostad Bjørke 2023
Speletid 11:19
Lånt lydbok BookBites

Her snakkar me krim etter min smak: Det er mørkt, skummelt, blodig og uforutsigbart. I del to i serien om spesialagentane Lucas Stage og David Flugt i Task Force 14, er det Lucas som er fokus. Han deler forteljarstemme med kriminalteknikaren Sidsel Jensen. 

Handlinga er lagt til Færøyane der det har skjedd eit uhyggeleg massedrap. Fire prestar er funne drepne inne i sakristiet i ei kyrkje i ei lita bygd. Lucas vert sendt avgarde saman med Sidsel for å bistå det lokale politiet. Saka ser ut som eit rituelt kollektivt sjølvmord, men enkelte ting tyder på at det ikkje er slik. Likevel er det er ingen teikn eller spor om at nokon utanfrå har utført drapa. Og kvifor er det slike ubegripelege mengder med blod?

Sidan Sidsel vaks opp på Færøyane skulle ein tru at ho hadde betre grunnlag for å kommunisera med lokalbefolkninga. Slik er det ikkje, og etter kvart får me vita kvifor ho har bytta namn og kvifor ho ikkje lenger har kontakt med familien sin.
Parallelt med drapssaka får me Lucas si historie. Om ein tøff barndom på institusjon i Polen og at han vart adoptert til ein dansk familie som 12-åring. Det er ikkje tilfeldig at Lucas er blitt så eksentrisk som han har blitt.

Avslutninga av Den nittende øya er sjokkerande; her skjer ein brutal plottvist og ei omdreiing av historia som eg absolutt ikkje såg komma. Eg veit at andre har reagert negativt på dette, men sjølv set eg pris på slikt overraskingar. 

Opplesar Trond Heien si låge og intense stemme passar utruleg godt til stemninga i boka. 
Terningkast 5.


Så over til svenskane.


Skylden man bærer av Michael Hjorth og Hans Rosenfeldt 

Aschehoug 2023
Speletid 10:46
Lånt lydbok BookBites

Dette er ein av mine favorittseriar: Velskrive, gode plott, god oppbygging, overraskingar, spenning og særdeles interessante karakterar. I den 8. og mest truleg siste boka i serien om Sebastian Bergman samlast trådar frå dei tidlegare bøkene. Bokserien lesast kronologisk.

Kriminalpsykolog Sebastian viser seg frå ei meir sympatisk side enn han har gjort tidlegare. Tidlegare har han "trakka på" folk og deira kjensler og haldningar, både privat og profesjonellt. No vil han gjerne framstå som respektabel og seriøs, men motivet for dette er mest for å halda ein god relasjon til dotter Vanja og barnebarnet. Nok ein gong vert han involvert i ei drapssak, sjølv om han egentleg ikkje er ønska av medarbeidarane i Riksmord. Men den aktuelle gjerningspersonen har lagt igjen spor som bortimot "ropar" etter Sebastian. Det vert etter kvart klart at det truleg er ein copycat som er på ferde; mordaren kopierar tidlegare saker som Sebastian har vore involvert i. 

I ein annan handlingstråd møter me Cathy Cunningham. Far hennar Tom var ein gong Sebastian sin pasient og ven. No er han død, og ein av dei siste ønska han hadde var at Cathy og Sebastian skulle møtast. Kvifor det? Det viser seg at nesten alt Tom har fortalt til Sebastian er løgn. Kva kan vera motivet for det?

Boka er elles svært handlingsrik og interessant og eg likte ho veldig godt. Eg hadde faktisk "sikta meg inn" på ein 6'ar, men så er det avslutninga då.. Er det ein cliffhanger til ei eventuell framtidig bok? Eller er det meininga at det skal vera ein så open slutt? Dersom det kjem eit framhald av serien er det faktisk ei glimrande avslutning, elles er det ikkje det. Meiner eg.

Lydboka er (som alltid) veldig bra opplest av Ivar Nergaard. 
Terningkast 5.


Mirage av Camilla Läckberg og Henrik Fexeus

Bonnier norsk forlag 2023
Speletid 11:19
Lånt lydbok BookBites

Den tredje og ganske heilt sikkert siste boka om Mina Dabiri og Vincent Walder. 

Stemninga i etterforskarsgruppa har endra seg etter hendingane som fann stad i forrige bok. Handlinga er lagt til desember og jul, men det blir lagt ein dempar på julestemninga når det vert funne fleire samlingar med menneskebein i ein tunnel. Avdelingsleiar Mina tek igjen kontakt med mentalisten Vincent sidan dei ikkje kjem nokon veg i etterforskinga.

I ein annan tråd møter me justisministeren som vert trua på livet. Han er "tilfeldigvis" Mina sin eks-mann. Kven er det som er ute etter han - og familien hans? Vincent har også motteke truslar, og han slit dessutan både med familien og med karrieren som mentalist. Som i Sebastian Bergman-serien vert ein kjend med ei heil etterforskargruppe, der alle har sine private utfordringar i tillegg til sjølve jobben. I dei to fyrste bøkene tok privatlivet - spesielt Mina og Vincent sine tvangshandlingar - for stor plass, i denne boka er det ikkje så utbrodert.

Forfattarane "gir seg på topp" i og med at dette er den beste boka i serien. Mirage er underhaldande, svært spennande og har mange uventa bihistoriar og vendingar.
Men.
Eg er ikkje nøgd med avslutninga. Den blir rett og slett for søkt og eg føler meg litt "snytt" med ei slik sær forklaring.

Opplesar Anne Ryg les tydeleg, men seint. Eg set pris på at det er høve til å justera hastigheiten i appen.
Terningkast 4+.

Stormberget av Liza Marklund

Cappelen Damm 2024
268 sider
Lånt ebok BookBites

Den tredje og siste i Polarsirkel-serien, dei andre er Polarsirkelen og Kallmyren. Det er ein krimserie dette, men denne avsluttande boka er like mykje ei familiekrønike og/eller familedrama. 

Sjølve krimgåta startar med eit likfunn i ei myr. DNA-analyse viser at vedkommande er ein nær slektning av Wiking Stormberg. 

Wiking er ein svært sympatisk protagonist. Han har - og har hatt - sine utfordringar, og det kan ein trygt sei at forfedrene og -mødrene hans òg har hatt.
I notid er Karin, mor til Wiking, død. I samband med opprydding etter henne kjem mange hemmelegheiter til overflata. Wiking oppdagar at det er mykje han ikkje veit om sitt eige opphav. 

I tilbakeblikk får ein historia om Karin og familien. Dessutan får me historia om Stenträsk og omegn, om alle naturinngrepa som dei store vasskraftutbyggingane på 1950- og 60-talet førte med seg. Om små samfunn som vart sett under vatn, om nye samfunn som vart til i samband med arbeidet, om at dei same samfunna deretter vart fråflytta. Og om oppvekst i eit slikt omskifteleg miljø. 

Stormberget er både velskriven, interessant og spennande - men også her reagerer eg på avslutninga. Kvifor så oppramsande og brått? Fann forfattaren plutseleg ut at boka var lang nok?
Terningkast 4.

28. januar 2024

Dikt og slikt: Det motsette

"Dikt og slikt" held fram i 2024, men med ein annan frekvens enn i fjor. Denne månadens dikt er Det motsette av Helge Torvund. 

Torvund (f. 1951) er ein folkekjær og "lett tilgjengeleg" lyrikar. For oss i "det breie publikum" er han nok mest kjent som Twitterpoeten

Det motsette


Eg prøvde å tenkja på
kva som er det motsette
av bomber

og enda opp
med å tenkja på korn.

Korn som veks så stille
og som kan vaia
så vakkert i vinden

og som kan
gi oss brød.


- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - 

Torvund debuterte med 'Hendene i byen' i 1977 og har seinare gitt ut over tjue diktsamlingar. Diktet ovanfor er henta frå fjorårets diktsamling Opnar døra i språket og går ut

Helge Torvund sine skrivetips  (Nynorsk kultursentrum)

23. januar 2024

Bokomtale: Lysets rustning av Ken Follett

Cappelen Damm 2023
637 sider
Lånt ebok BookBites

Ny bok med handling frå Kingsbridge! 
Eg er veldig svak for Ken Follett sine historiske mursteinsromanar. Trass i stereotype karakterar og trass i kleine erotiske skildringar.
For å sei det enkelt er dei gode veldig gode (og kloke) og dei onde veldig onde (og dumme) i Follett sine bøker. Likevel blir personane på ein merkeleg måte "ekte" og "levande" for meg som lesar, etter kvart. Det skuldast truleg at me får følgja dei over lang tid og at dei vert plassert inn i viktige historiske hendingar.

For altså, Follett får fortalt mykje. Om dåtidas samfunn, om samfunnsutvikling, om korleis folk levde, kva dei jobba med, kva dei var opptekne av. 
I Lysets rustning er handlinga lagt til tida for den industrielle revolusjon - og det folk flest var opptekne av på denne tida var nye teknologiske oppfinningar. Som "Spinning Jenny"

Ny teknologi har "alltid" ført til utfordringar. På den eine sida økonomisk framgang for arbeidsgjevar og enklare løysingar for arbeidstakar - men på den andre sida; skepsis og motstand. Då dei fyrste spinnemaskinene erstatta tungt manuelt arbeid, var det på mange måtar framtidsretta og ein framgang med tanke på at arbeidet vart lettare og meir effektivt. Men mange var naturleg nok skeptiske til maskiner som skulle erstatta arbeidskraft; folk trengde arbeid for å kunna forsørga seg og sine. Sjølv om fabrikkarbeid var både slitsamt og tungt, fekk dei jo betalt (litt) for jobben dei gjorde. 

Handlinga går føre seg i åra 1772 til 1814 - og det er ei rivande utvikling desse tiåra, både lokalt for innbyggarane i den fiktive byen Kingsbridge, nasjonalt i England - og resten av verda. Historia vert fortalt gjennom ulike karakterar, og på den måten får ein god innsikt i dei sosiale, økonomiske og politiske endringane som fann stad i perioden. Eit anna bakteppe for handlinga i boka er den franske revolusjonen, revolusjonskrigane og napoleonskrigane.

Det handlar elles om klassekamp, kvinnekamp, arbeidarkamp - kampen for fridom, rett og slett. Dei ulike karakterane må tåla og overvinna mykje. Nokre kjempar med ord, andre med nevar. Nokre blir straffa hardt, andre snik seg unna. For enkelte er tilværet prega av fattigdom og svolt, for andre av kjærleik og begjær, for atter andre av (det som i dag heiter) innovasjon og nyskaping.

Dei mest sentrale personane i boka er enka Sal Clitheroe og sonen hennar, Kit. Når me møter dei i starten av boka har Sal mista mannen sin på tragisk vis og seksåringen Kit vert sett til å jobba på det lokale godset. Sal vert etter kvart ein viktig talsperson for arbeidarane sine rettar og Kit vert ein dyktig maskinist. Av personar elles må nemnast den gode vevaren Spade, den snille tekstilhandlaren Amos, den kloke bispedottera Elsie, den onde og harde arbeidsgjevaren Hornbeam og den slemme godseigarsonen Will Riddick. I tillegg møter me eit utal personar og bipersonar. Dei mange menneskeskjebnane flettar seg inn i kvarandre på ulike måtar. 

Eg er imponert over detaljkunnskapen Follett viser, både om spinnemaskiner og om militære strategiar. I boka vert m.a. slaget ved Waterloo skildra ganske inngåande. Litt for detaljert for oss som ikkje har militære erfaringar kanskje, men ganske interessant. Eg var til dømes ikkje klar over at slaget var så langvarig, så jamnt og så blodig.

Eg streva litt med å komma i gang med boka, men er usikker på om det er boka sin "feil" eller om det var meg som ikkje klarte å "kobla meg på" skikkeleg. Konklusjonen etter at eg vart ferdig med boka er i alle fall at Lysets rustning er ein velskriven og underhaldande historisk roman. Boka når rett nok ikkje opp til Stormenes tid og I all evighet, men eg kan likevel anbefala ho. 

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - 

Er du i tvil om du vil gi deg i kast med ei såpass omfattande forteljing (637 sider), kan du kanskje bli frista av desse to videoane: 

Ken Follett om nokre av karakterane i boka:


Forfattaren om bakgrunnen for handlinga: 

  


Dette er bøkene i Kingsbridge-serien: 
  1. Stormenes tid - utgitt 1989, handling frå 1100-talet
  2. I all evighet - utgitt 2007, handling frå 1300-talet
  3. Den evige ilden - utgitt 2017, handling frå 1500-talet
  4. Aftentid og morgengry - utgitt 2020, handling frå 900-talet
  5. Lysets rustning - utgitt 2023, handling frå 17-1800-talet

11. januar 2024

Kort om: Glassmannen av Anders de la Motte

Kagge 2023
631 sider/ speletid 18:02
Lånt papirbok biblioteket og lånt lydbok BookBites

Andre bok i serien om Leo Asker er minst like spennande som den fyrste, De bergtatte. Av dei tre seriane (og åtte bøkene) til de la Motte som eg har lese, er det denne som har fenga meg mest. 

Leo Asker (eg. Leonore, det er ei dame) er leiar for Avdelingen for fortapte sjeler - ei avdeling for cold case-saker. Avdelinga har enkelte likskapar med Avdeling Q som mange kjenner frå Jussi Adler-Olsen sin serie. Handlinga tek til kort tid etter saka med De bergtatte, så eg anbefalar å lesa den boka før Glassmannen.

Som ein kan sjå av sidetal og speletid er det ei omfattande bok, og for meg var det ein fordel å ha tilgang til både papir- og lydbok. Eg er ofte kritisk til bøker som er så lange, men eg er nøgd med denne. Boka er verken langsam, langtekkeleg eller omstendeleg. Ho er derimot grundig, handlingsrik og perspektivrik. 

Uhyggestemninga er på plass alt frå prologen når me møter to urbex'arar som opplever noko skremmande medan dei er i ferd med å utforska ei forlatt gruve. Kva dette har med hovudhandlinga å gjera får me greie på etter kvart. 

Martin Hill, Leo sin barndomsven, er sjukmeld etter skadane han fekk i samband med forrige sak. Han oppheld seg på eit gods der han skal gjera research og skriva bok om ein eksentrisk gründer, familien hans og firmaet hans. Ganske snart vert det tydeleg at nokon mislikar at Martin oppheld seg på eigedommen. Kva er det som skal haldast skjult? 

Leo Asker blir kontakta av faren "Prepper-Per" som ho ikkje har hatt kontakt med på fleire år. Årsaka til den manglande kontakten fekk me vita i forrige bok. Men no befinn Per seg i ein vanskeleg situasjon og treng hjelp; han er mistenkt for drap fordi det er funne eit lik på eigedommen hans. For å unngå kaos og støy frå den ubereknelege Per, set Leo i gang med eigne undersøkingar.

Handlingstrådane vert knytte saman på ein snedig måte, og det viser seg - ikkje overraskande - at liket som vart funne på Per Asker sin eigedom har ein samanheng med Martin Hill sitt opphald og arbeid på godset. Den offisielle etterforskinga, leia av Leo sin (ufordragelege og inkompetente) sjef (og ekskjæreste), kjem ingen veg - og er i verste fall i ferd med å øydelegga alt.

Ei anna forteljarstemme tilhøyrer Glassmannen. Kven er han? Kva har han opplevd? Kvar held han til? Me får kjennskap til Glassmannen sine tankar og opplevingar, og etter ei tid vert også identiteten hans avslørt. Det heile er ganske så uhyggeleg. 

Forfattaren er ein dyktig forteljar og flink til å bygga opp spenning. Trass i omfanget er det lite utanomsnakk. Korte kapittel, kjappe sceneskift, cliffhangers, interessante og litt sære karakterar og visse skrekkelement, - alt dette er med på å gjera boka til ei drivande og underhaldande leseoppleving. 

Eg ser fram til neste bok i denne serien.

Andre bloggmeiningar: 
Henning bokhylle
Heartart
Lillasjel

2. januar 2024

Statistikk: Leseåret 2023

Godt nytt år!

Her kjem (fjor)årets statistikk, til glede for alle enkelte boknerdar.

Hovudpunkta frå årsstatistikken for 2023 er følgjande:
  - Fordeling på sjanger syner svært stor overvekt av krim- og spenningsromanar.
  - Talet på bøker pr. år ligg stabilt på 100+.
  - Omlag halvparten av alle bøkene er lydbøker og den andre halvparten er jamt fordelt på ebok og papir.
  - Eg kjøpte ikkje ei einaste bok eller lydfil i 2023. Alle bøkene (med eitt unntak, ei julegåve i 2022) er anten lånebøker eller abonnementbøker (Storytel).
  - Over halvparten er norske forfattarar.
  - Talet på bøker til terningkast 6 har auka med mangfoldige prosent samanlikna med fjoråret. Frå 1 til 3.
  - Framleis veldig skeiv kjønnsfordeling, men ikkje så gale som i fjor.

Tala er slik: (Fjorårets tal i parentes)

Til saman
103 bøker (109)
- av dei over 500 sider: 13 (14)

Sjanger
68 krim-, thriller- og spenningsromanar (61)
7 andre romanar (13)
24 sakprosa (33)
     - av dei 7 biografiar (10)
4 novellesamlingar (2)

Format
24 papirbøker (23)
25 ebøker (23)
54 lydbøker (63)

Alder
64 av bøkene var utgitt i åra 2011 - 2022
34 i 2023 (36)
     - av dei 20 norske (13)
Utgitt før 2011: 5 (7)

Kjelder
63 lånt - privat, bibliotek og BookBites (61)
39 Storytel-abonnement (41)
Kjøpt sjølv 0 (7)
Fått i gåve 1 (0)
Lese-/lytteeksemplar: 0 (0)

Terningkast
Terningkast 6: 3 bøker (1)
Terningkast 5: 30 bøker (28)
Terningkast 4: 55 (64)
Terningkast 3: 13 (16)
Terningkast 2: 2 (0)
Terningkast 1: 0 (0)

Forfattarar
22 "nye" forfattarar (27)
   Kjønn:
   79 bøker skrivne av menn (86)
   27 av kvinner (25)
   Nasjonalitet
   57 bøker skrivne av norske forfattarar (64)
   20 av svenske forfattarar (19)
   11 britiske (9)
   3 amerikanske (8)
   7 danske (5)
   3 islandske (1)
   1 finsk (2)
   1 fransk (1)

I 2023 las eg flest bøker av
Kurt Aust (5 bøker), Tomm Kristiansen (3) og Thor Gotaas (3). For alle dei øvrige vart det ei og to av kvar.

Eg fullførte alle påbyrja bøker, med unntak av ei julefeelgoodbok. I tillegg er ei bok (Skjebnedøgn) utsett på ubestemt tid.

Då tenkjer eg at leseåret 2023 er ferdig oppsummert. Nedanfor ser du eit utval av dei beste leseopplevingane mine.