31. januar 2023

Oppsummering januar 23

Påbyrja i desember, fullført i januar:
Ingeborg Arvola - Kniven i ilden - Norsk roman - Lånt papirbok privat

Lest i januar:
Ørjan N. Karlsson - Det siste stykket hjem - Norsk krim - Lånt lydbok BookBites
M.J. Arlidge - I skogens mørke - Britisk krim - Lånt e-bok BookBites
Anders Moe - Knokkelstøv - Norsk krim - Lyd Storytel
Jens Henrik Jensen - Økseskipet - Dansk krim - Papirbok fått i julegåve
Thor Gotaas - Først i løypa. Historien om langrenn i Norge - Norsk idrettsdokumentar - Lyd Storytel

Påbyrja i januar, fullførast i februar:
Anders de la Motte - De bergtatte - Svensk krim - Lånt e-bok BookBites
Thor Gotaas - Mitt liv som middels langrennsløper - Dokumentar/biografi - Lyd Storytel

3 lyd, 2 papir, 1 ebok 
3 lånt, 2 abonnement, 1 fått
4 krim, 1 annan roman, 1 dokumentar
4 norske, 1 dansk, 1 britisk
5 menn, 1 kvinne
"Nye" forfattarar: Arvola, Moe

Det vart ikkje så mange bøker lest i januar, men eg har faktisk lest (og lytta) ganske mykje likevel. To av bøkene - Arlidge og Gotaas - er nemleg mursteinar (etter min definisjon: over 500 sider) og Jensen si bok er på omlag 450 sider. Også de la Motte si bok, som blir med meg over i februar, er på over 500 sider. 

Månadens høgdepunkt: Først i løypa. Det Thor Gotaas ikkje veit om norsk langrennshistorie er ikkje verd å vita. Boka er eit must for alle idrettsinteresserte generelt og langrennsinteresserte spesielt. Her er underhaldning, fakta, nostalgi, anekdotar og refleksjonar. Gotaas si bok er både eit oppslagsverk og ei levande forteljing, og det er grundig og omfattande utan å vera oppramsande. Forfattaren set samstundes idretten inn i eit større perspektiv. Boka er ikkje ny og har ikkje med dei aller ferskaste hendingane og namna innan langrenn; ho kom ut fyrste gong i 2003 og deretter i ei utvida/fornya utgåve i 2010. 

Eg likte godt I skogens mørke, bok nummer 8 i Helen Grace-serien. Boka er skummel og spennande, uforutsigbar og engasjerande. Dei 611 sidene går unna, om ikkje på eit blunk, så i alle fall mykje raskare enn ein skulle tru.
Knokkelstøv, Anders Moe sin debut-krim/thriller var overraskande bra. Heilt annleis enn det som er vanleg innan norsk krim; veldig mørk og med ein noko uklar slutt.

Månadens nedtur: Kniven i ilden - som eg alt har omtalt. Boka er ikkje direkte dårleg, men er etter mi meining oppskrytt og overhypa.

Bloggen har hatt ein oppsving denne månaden. Å byrja med dikt og slikt har ført til fleire innlegg og fleire besøk, samt hyggelege tilbakemeldingar. Det er muleg at eg kjem til å justera frekvens på desse innlegga etter kvart, men eg kjem til å halda fram med å leggja ut dikt og slikt til eg eventuelt blir lei.

25. januar 2023

Dikt og slikt: Hvor hadde vi det fra?

Kolbein Falkeid (1933 - 2021) var ein folkekjær og kritikarrost lyrikar. Han skreiv "bruksdikt" - lettfattelege tekstar om tema som opptek oss alle. Aller mest kjent er han nok for teksten til Tir n'a noir.

Falkeid var produktiv og ga ut mange diktsamlingar, og faktisk vart boka Samlede dikt på over 700 sider ein bestseljar då ho kom ut i 2016.

Diktet nedanfor er egentleg ein del av eit lengre dikt, Landet som ikke var. Men dette er det mest kjente strofa - og vert som oftast brukt "for seg sjølv". 

Hvor hadde vi det fra?

Men hvem sa at dagene våre
skulle være gratis?
At de skulle snurre rundt
på lykkehjulet i hjertet vårt
og hver kveld
stoppe på gevinst?
Hvem sa det?
Hvor hadde vi dét fra?

Hvem sa at livet vårt
skulle være lett å bygge ferdig?
At mursteinene var firkantede ballonger
som føk på plass av seg selv?
Hvem sa det?
Hvor hadde vi dét fra?

Der var piller for alt: nerver,
vedvarende hoste og anemi.
Men hvem sa at snarveiene
støtt var kjørbare? At fjellovergangene
aldri snødde til? Og at nettopp vi
skulle slippe å stå fast i tunnelen?
Ja, hvem sa det?
Hvor i all verden hadde vi dét fra?

                   - Frå samlinga Robinson (1981)

Om Kolbein Falkeid i SNL
Minneord (Boktips)
Minneord (NRK)

21. januar 2023

Kort om: Kniven i ilden av Ingeborg Arvola

Cappelen Damm 2022
439 sider
Lånt papirbok privat

Bragepris. Rosande ord. Strålande omtalar. Høge terningkast.
Med dette i bakhovudet starta eg på Kniven i ilden.

På den andre sida: Eg var, basert på tidlegare erfaringar, ein smule skeptisk - for det hender, ikkje så reint sjeldan, at bøker som får slik allmenn skamros ikkje fell i smak hos meg. Samstundes hadde eg forventningar om ei bra leseoppleving, med tanke på at dette er ein historisk roman frå eit heilt framandt miljø: Handlinga er lagt til Aust-Finnmark for 150 år sidan. 

Eg har brukt nokre dagar på å fordøya det eg las - og konklusjonen er at eg er ambivalent i høve boka og leseopplevinga. Eg tykkjer det historiske, politiske og kulturelle bakteppet er interessant og eg likar at forfattaren har lagt inn nokre dokumentariske "faktaboksar" undervegs. Men andre deler av boka sleit eg med å få tak på.

Forfattaren har teke utgangspunkt i ein verkeleg historisk person - Arvola si eiga tipp-tipp-oldemor, Brita Caisa Seipajærvi. Hovudpersonen vert skildra på ein overbevisande måte, sjølv om eg tidvis tykkjer at det er litt rart at det vert skrive i 1. person. 

I 1859 utvandra Brita Caisa med dei to "uekte" borna sine, Aleksi på 12 og Heikki på 3 - frå Finland til Noreg. I fyrste omgang hamnar dei i Neiden, men målet hennar er Bugøynes der bror hennar bur og der det er arbeid å få. Dernest er målet å finna ein mann. Ein mann med båt og kanskje ei ku; ein mann som kan trygga tilværet for henne og sønene.

"Nå reiser jeg og kommer aldri tilbake. Det er ikke som de andre gangene, reisene til sesongarbeid, årene med tjeneste på storgårder med behov for hjelp. Jeg reiser for godt, skal aldri mer vende tilbake til stua til mor og far med nedslått blikk. Den veien. Fremover. Jeg må starte på nytt. I et nytt land."

Brita Caisa arbeider hardt og lever eit enkelt og strevsamt liv. Dessutan er ho svært vakker - noko alle, både andre kvinner, men spesielt menn, legg merke til. Møtet med den gifte gardbrukaren og sesongfiskaren Mikko skal bli skjebnesvangert for dei begge. Skildringane av dei voldsomme kjenslene og det ustyrlege begjæret minner meg mest av alt om dameromanar eller serieromanar - så eg tykkjer all denne erotikken er lite truverdig og veldig påklistra. 

Og det er ikkje berre dette som er påklistra. Eg har òg "problem" med det overnaturlege; til dømes at Brita Caisa "ser" ting som ingen andre ser, at ho liksom har "varme hender" som kan helbreda både menneske og dyr. Slikt trur eg ikkje på, og eg finn slike element merkeleg malplassert i ein elles så realistisk og historisk korrekt forteljing.
I ein roman kan sjølvsagt forfattaren fritt utstyra karakterane sine med allslags egenskapar og evner - men altså - for meg skurrar det her. Det skurrar så mykje at eg landar på terningkast 3.

Ein annan ting eg "sleit med" medan eg las er alle dei ulike namna på folk og stader. Me finn både finske, kvenske, samiske og norske namn. Fleire namn blir gjerne brukt på same person og same stad, noko som skapar forvirring.
I etterordet gjer forfattaren greie for ulike namnetradisjonar og kvifor ho har brukt ulike namn slik som det er gjort i denne boka. Det var oppklarande, og eg tenkjer at det egentleg hadde vore nyttig å lesa etterordet før resten av boka.

Andre bloggmeiningar: Ågots bokblogg, Tine sin blogg

18. januar 2023

Dikt og slikt: Når himmelen faller ned

Anne Grete Preus (1957 - 2019) etterlot seg mange fine sangar og gode tekstar.
Dette er ein av dei finaste.

Når himmelen faller ned

Det snør himmelsk korrekturlakk
over feilstavet sommer
Og hør bylarmen forsvinner
Under dalende flommer
Vi har hørt at ingen snøfnugg er like
Og sånne under kan en tenke på en stund
Jeg lener hodet helt tilbake
Og får et iskyss på min munn
Og får et iskyss

Det snør stumme stjernesøstre
Fra usynlige munner
Og ør av angrepet fra myldrende lydløse sekunder
I dag inntas jorden av en himmelsk hær
Uten våpen tvinges hele byen i kne
Alt går litt langsommere her på jorden
Når hele himmelen faller ned
Når hele himmelen faller ned

Takk for den unyttige snø
Til bry og til besvær
Nå inntas jorden av en himmelsk hær
Uten våpen tvinges hele byen i kne
Alt går litt langsommere her på jorden
Når hele himmelen faller ned
Når hele himmelen faller ned
Hele himmelen
Når hele himmelen faller
Når hele himmelen faller ned

Alt går litt langsommere her på jorden
Når hele himmelen faller ned

                                              Frå albumet Mosaikk (1998)

14. januar 2023

Norsk krim 2022 del 5

Eg kan ikkje sleppa heilt tak i fjoråret: Her kjem eit nytt samleinnlegg med krimbøker utgitt i 2022.

Hund uten grav av Torkil Damhaug
Cappelen Damm 2022
459 sider
Lånt ebok BookBites

Eg har alltid store forventningar til Damhaug sine bøker, og vart ikkje skuffa denne gongen heller. Hund uten grav er ein velskriven og velkomponert thriller frå mannen som har fått Rivertonprisen to gonger. Kan han bli den fyrste som får prisen for tredje gong? Han er i alle fall i ein annan divisjon enn dei fleste andre norske krimforfattarar. 

Handlinga foregår rundt eit avgrensa tal personar. Den fyrste er TV-journalisten og talkshow-verten Gina Witt. I eit program inviterer ho ei ung kvinne som har anmeldt eit overgrep og den unge mannen som er blitt anklaga for det. Programmet vekkjer ei viss oppsikt og får alvorlege konsekvensar. 

Den neste er den mest sentrale personen i boka: Fred Rivers, tidlegare profilert advokat, no ferdigsona for drap på ei kvinne. Me har møtt han tidlegare, i boka Glasshjerte. Eks-kona til Rivers er syster til Gina Witt. Rivers si dotter Silje har ikkje kontakt med far sin, men er nær knytt til tante Gina. Og så vert det Silje som finn tanta si drept..

Rivers har opphalde seg i same omådet som drapet vart begått og er redd for å bli mistenkt og innblanda. Samstundes er han bekymra for at Silje kan vera i fare. Ytterlegare komplisert vert det av at han har eit hemmeleg forhold til politikvinna Nina Jebsen, sentral i etterforskinga av drapssaka.
Av andre karakterar i boka er det vesle Leon som gir mest inntrykk på meg som lesar. Leon har nemleg sett noko den dagen drapet vart begått. Damhaug klarar å formidla kva ein liten gut tenkjer og trur om hendingar som han er altfor ung og umoden til å forstå. 

Tittelen peikar på noko hemmeleg, ein bakanforliggande årsak til det som skjer. Men det viser seg at tittelen også har ein heilt konkret forklaring; nemleg ein hund i nabolaget som er sporlaust vekke. 
Hund uten grav er ei svært spennande bok. Litt treg start kanskje - sidan det er ein del som skal byggjast opp innleiingsvis - men etter kvart vert det heilt umuleg å leggja frå seg boka.
Terningkast 5.


Det siste stykket hjem av Ørjan N. Karlsson
Gyldendal 2022
Speletid 9:55
Lånt lydbok BookBites

Eg trudde Karlsson var ny forfattar for meg, men fann ut at eg faktisk har lese ei bok av han tidlegare; Kongens råd, i 2019. Men eg hugsar absolutt ingenting av innhaldet. 
Uansett; Det siste stykket hjem er fyrste bok i det eg reknar med/ håpar kan bli ein serie. Hovudperson Jacob Weber ga eit solid fyrsteinntrykk. 

Boka ga meg assosiasjonar til Frode Granhus sin populære Lofotkrimserie. Noko av det skuldast omgivelsane og naturskildringane, men det er òg andre ting: Stødig språk, gjennomarbeida plott og truverdige karakterar. Samt at forteljinga er bygd opp rundt uoppklarte saker i fortid og mystiske hendingar i notid.

Politietterforskar Jacob Weber ved Bodø politistasjon får ein ny kollega; Noora, som tidlegare har jobba ved Kripos i Oslo. Saman skal dei etterforska ei sak der ei ung dame er blitt vekke medan ho var på joggetur. Ei tid etter vert ei anna kvinne sakna under liknande omstendigheiter, denne gongen på Røst. Sakene er kompliserte og ytterlegare vanskeleg vert det sidan begge, kvar på sin måte, har private utfordringar. 
I ein parallell tråd møter me ein person som køyrer rundt i ein bubil. Det denne personen tenkjer - og gjer - er skikkeleg ubehageleg å lesa om. Ei anna forteljarstemme er bygdeoriginalen Peder. Me forstår at han - og mor hans - har ei rolle oppi det heile, men kva? 

Det siste stykket hjem er, trass i eit noko komplisert plott, ei lettlest og grei krimbok med aktuell tematikk. Litt treg start, men desto bra tempo mot slutten. Om noko skal innvendast er det tendensane til overforklaringar, samt at det blir vel mange tilfeldigheiter undervegs. Dei uventa tvistane på slutten er overraskande, men som krimlesar forventar ein også at det skal skje noko uventa.

Opplesar av lydboka Christoffer Staib gjer ein grei jobb; han har god diksjon og les med passe innleving.
Terningkast 4+.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - 

Fleire innlegg:
Norsk krim 2022 del 1
  - Lazarus av Kjell Ola Dahl, Rødt kort av Kurt Aust, Formørkelsen og dens lys av Jørgen Brekke
Norsk krim 2022 del 2
  - Metusalem-prosjektet av Tom Egeland, Ut av tiden av Jan Mehlum, Natteløperen av Karin Fossum
Norsk krim 2022 del 3
  - Blodmåne av Jo Nesbø, Fremmedlegeme av Unni Lindell, De nakne av Øistein Borge
Norsk krim 2022 del 4
  - Cassandra-saken av Jan-Erik Fjell, Søskenmysteriene av Hans Olav Lahlum

Eg har altså lest 13 av dei norske krim- og spenningsromanane som kom ut i fjor. Det er eit lite fåtal av alt som blir gitt ut.
Ingen av forfattarane er debutantar. Tvert imot, dette er "gamle travarar" som i mange tilfelle har gitt ut utallige bøker tidlegare. 

11. januar 2023

Dikt og slikt: Mor og far i snødrivene

Vekas dikt er skrive av ein av favorittforfattarane mine.
Då Edvard Hoem debuterte i 1969 var det med ei diktsamling, Som grønne musikantar. Men som dei fleste veit inneheld forfattarskapet hans fleire ulike sjangrar: Hoem er både romanforfattar, dramatikar, salmediktar, gjendiktar, oversetjar, biograf og altså lyrikar.


Diktet nedanfor treng ingen forklaring. Alle som har barn og alle som har vore barn forstår kva det handlar om. 

Mor og far i snødrivene

Når eg vaknar midt på natta
og tenker på kvar barna mine er,
ser eg, som i eit glimt
mor og far i snødrivene
på ein gardsveg i Romsdal
for lenge sidan.
Mor trakkar i snø til midt på leggen.
Vegen har blåse til,
og far går som alltid etter henne,
med hatten på skrå og hardt trykt ned,
så ikkje vind og fokk skal reise med han.

Eg minnest berre ansikta og snøen
som kom på tvers, 
og vinden
la snødriver over vegen. 
Dei fekk utført
sine ærend 
i Molde og kom heim, det vart jul.
Alt det der er borte.

Men etter mange år og midt på natta
vaknar eg og tenker på kvar barna mine er.
No er eg sjølv ein mann i frakk
ein mann i snødrivene, ein mann i skumring,
som berre så vidt blir lyst opp
ein vinterkveld i eit nytt tusenår.
Men om natta blir eg ei trollkjerring
som undrast på kvar barna mine er
og syng ein lågmælt voggesong
dei ikkje kan høyre.
For eg drog bort frå mor og far,
og dei stod att i snødrivene.
Mine barn er reist til sine vinternetter,
slik eg ein gong drog ut.

Eg skal ikkje ut i verda
for å finne meg eit solrikt paradis.
Eg lengtar ikkje etter barndomsåra
og ikkje til eit jordisk himmelrike.
Eg ønsker berre at det skal falle snø
slik at barna våre ser oss da,
dei kjære ser oss da,
som i eit glimt, medan vi går mot mørkret
i fokk og vind, i fokk og vind.

                                            Frå samlinga Ute, langt der ute (Oktober 2021)

Eg legg diktet inn som eit bidrag til Anita sin diktlesesirkel i kategorien "norske favoritter".

I fjor haust var Ine Hoem rundt omkring på turne saman med far sin. Då delte ho denne videoen på Facebooksida si:

4. januar 2023

Ny spalte: Dikt og slikt

Nytt år, nye mulegheiter:

Med dette startar eg opp ein ny kategori på denne bloggen. Overskrifta er "dikt og slikt" og tanken er at eg kvar onsdag vil presentera dikt (og andre tekstar) som eg tykkjer er fine/gode. 

For å sparka i gang spalta Dikt og slikt har eg plukka fram eit dikt som eg er glad i; Under bergfallet av Olav H. Hauge. Diktet kan sikkert tolkast i ulike retningar, men for meg er det veldig konkret - og eg veit at det betyr mykje for mange. Eg tykkjer det passar godt til årstida me er inne i og for landskapet eg bur i.

Under bergfallet

Du bur under bergfall.
Og du veit det.
Men du sår din åker
og trør trygt ditt tun
og lèt dine born leika
og legg deg
som inkje var.

Det hender,
når du stør deg til ljåen
ein sumarkveld,
at augo sviv som snarast
yver bergsida
der dei segjer
sprekken
skal vera,
og det hender
du vert liggjande vaken
og lyda etter
steinsprang
ei natt.

Og kjem raset,
kjem det ikkje uventa.
Men du tek til å rydja
den grøne boti
under berget
- um du då har livet.

   Frå samlinga Under bergfallet, 1951.

Eg er ikkje opptatt av å analysera dikt. Eg meiner at dikt og poesi ikkje skal tolkast og analyserast for mykje. Det er heilt individuelt og djupt personleg kva eit dikt betyr for den enkelte. 

Eg har mange dikt og sangtekstar "på lager"; tekstar som eg har funne, lese og teke vare på. Det er likt og ulikt: Nokre er fine, andre er rare, nokre er kjende, andre er ukjende. Planen er at det skal komma eit nytt dikt/tekst ein gong i veka på denne bloggen framover - og onsdag er ein like bra dag som alle andre dagar..

Det siste året har eg ikkje hatt tid til stort anna enn å leggja inn samleomtalar og månadsoppsummeringar her. Å laga til ei slik ny fast spalte er difor også eit forsøk på å halda bloggen "i live". Det tek trass alt ikkje så lang tid å finna fram eit dikt og skriva ein kort presentasjon.

Artemisias diktlesesirkel er eit veldig godt lågterskel-tiltak som kan vera til inspirasjon for folk som er glade i dikt. Eg har delteke nokre få gonger, med enkeltdikt. Kategori for diktsirkelen i september 22 var "Dikt fra etterkrigstiden - 1945 og frem til 1970" og diktet ovanfor kan passa inn der - sjølv om eg altså er veldig på etterskot.

Om Olav H. Hauge i SNL
Om Olav H. Hauge på Wikipedia

Apropos bergfall:
Biletet over fann eg på bt.no. Det er teke rett etter eit ras i heimbygda mi i mars i fjor.
Ein bygning fekk skade, men ingen personar vart skadde i denne hendinga.

1. januar 2023

Oppsummering desember 22

Påbyrja i november, fullført i desember:
Torkil Damhaug - Hund uten grav - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Tomm Kristiansen - Afrikanske fortellinger - Dokumentar/ Personleg beretning - Lyd Storytel

Lest i desember:
Vetle Lid Larssen - Lucias siste reise - Norsk roman - Lyd Storytel
Pascal Engman - Ildlandet - Svensk krim - Lånt papirbok biblioteket
Lars Kepler - Edderkoppen - Svensk krim - Lånt lydbok BookBites
Roy Jacobsen - De uverdige - Norsk roman - Lånt ebok BokBites

Påbyrja i desember, fullførast i januar:
Ingeborg Arvola - Kniven i ilden - Norsk roman - Lånt papirbok privat



3 lyd, 2 ebøker, 1 papir
4 lånt, 2 abonnement
3 krim, 2 andre romanar, 1 dokumentar
4 norske, 2 svenske
6 menn, 1 kvinner ("Lars Kepler" er ein mann og ei kvinne)
"Nye" forfattarar: Ingen

Det vart som forventa ekstremt travelt både her og der i desember, så det vart få leste bøker denne månaden.

Måndens høgdepunkt: 4 x terningkast 5 - noko som er bra og som seier sitt. Av desse må eg halda fram Afrikanske fortellinger av Tomm Kristiansen. Forfattaren gjekk dessverre bort for kort tid sidan - veldig trist, også for oss lesarar og lyttarar. Kristiansen hadde ei unik formidlingsevne. 

Månadens nedtur: Lucias siste reise, som eg faktisk las i på Luciadagen. Deler av boka er interessant, men det vart for mange detaljar og for mykje tørrprat. Eg tykkjer dessutan at det er rart at boka vert presentert som ein roman, det er egentleg meir ei samling ulike forteljingar.

Så. Då er det meste sagt om bokåret 2022. Eg ser fram til mange fine lesestunder i 2023!