18. juni 2018

Bokomtale: Stormfugl av Conn Iggulden

Gyldendal 2015
467 sider, lånt ebok eBokBib

Dette er fyrste bok i ein serie (4 bøker) som omhandlar dei såkalla Rosekrigane; konfliktar og krigsstilstandar som fann stad i England på 1400-talet. Mange av karakterane er historiske og er "kjende" i den forstand at William Shakespeare brukte mange frå det same persongalleriet i nokre av sine historiske drama.

Forfattaren George R.R. Martin skal óg ha henta inspirasjon frå denne tidsepoken og denne borgarkrigen til fantasyserien Game of Thrones (som i sin tur vart til ein kjend TV-serie - og eg er vel den einaste som ikkje har sett den). Philippa Gregory har også skrive fleire romanar basert på hendingar og personar frå perioden (og eg har lest fleire av dei).

I den grad det er snakk om hovudpersonar i denne boka, må nemnast Margaret av Anjou som me fyrst møter som ungjente heime på slottet i Frankrike. Ho er niese av den franske kongen og vert bortgifta til den unge engelske kongen Henrik VI. Far hans, den sterke Henrik V, døydde tidleg og vart erstatta av sonen på ni månader og som altså måtte ha regentar til å styra for seg i lang tid.

Ekteskap og barnefødslar var i høgste grad politiske hendingar den gongen, og Margaret vart som så mange kongelege brudar ei brikke i spelet/maktkampen som gjekk føre seg. Iggulden framstiller Margaret som ei sterk og intelligent jente/kvinne. Ektemaken hennar, Henrik VI, vert framstilt som talentlaus, svakleg og psykisk sjuk, og altså fullstendig avhengig av hjelp og rådgjevarar med ymse motiv. Ein annan sentral person er William de la Pole, ein rettskaffen mann som må bøta med livet i samband med konfliktane. Sentralt finn me også ein fiktiv person; spionsjef Derry Brewer, dronninga sin rådgjevar og dessutan arkitekten bak forhandlingane framføre giftarmålet mellom den franske prinsessa og den engelske kongen.

I tillegg til dei kongelege og adelege fortel Iggulden om "vanlege folk" gjennom forteljinga om opprørsleiaren Jack Cade. Opprøret han sto i spissen for var høgst forståeleg og rettferdig, men svært så blodig. Det var mange av dei som deltok som mista hovudet, også i bokstaveleg forstand. Skildringane av dei mange brutale og blodige slaga er (ubehageleg) nærgåande og detaljerte. Det same gjeld dei middelalderske tortur- og avrettingsmetodane. Ein forstår at forfattaren har gjort grundig research.

I prologen får me vita at både adelshuset Lancaster og huset York nedstammar frå Edvard III og at det var mange som hadde kongeleg blod i årane. Namnet Rosekrigene kjem av at huset Lancaster hadde ei raud rose som symbol og York ei kvit rose. (Etter tre tiår med krig og strid foreina sigerherren kong Henrik VII dei to symbola til Tudorrosa - og huset Tudor vart etablert. Men det er ei anna historie..)

Stormfugl omhandlar bakgrunnen og den aller fyrste fasen av Rosekrigene. At maktkamp, arvestrid og intrigar utvikla seg til blodig borgarkrig hadde mange årsaker. Det handla om personleg fiendskap, maktbegjær og hevnlyst, men den viktigaste faktoren var vel at Hundreårskrigen hadde tappa England for ressursar, både menneskeleg, økonomisk og militært. Den svake kongen av huset Lancaster vart difor utfordra av sterke krefter innan huset York.

Som de skjønnar er eg svært interessert i britisk historie, så ja - likte eg boka ganske godt. I byrjinga var eg ikkje særleg nøgd; uklare trådar, forvirrande overgangar og mange karakterar, samt ein del irriterande dameromanaktige skildringar gjorde meg skeptisk, - men så "gjekk det seg til" etter kvart som spenninga steig og intrigane utvikla seg.
Det er heller ikkje til å unngå at ein samanliknar med andre forfattarar av historiske romanar. Conn Iggulden skriv betre enn Philippa Gregory, men er ikkje på same nivå som t.d. Hilary Mantel og C.J. Sansom. På mange måtar kan han samanliknast med Ken Follett og hans skrivestil.

Eg har ikkje lest noko av Conn Iggulden tidlegare, men eg kjem nok til å lesa meir. Han har skrive ein bokserie som omhandlar Julius Cæsar og ein serie om Djengis Khan i tillegg til denne serien.

12. juni 2018

Favorittforfattarar: S

To totalt ulike forfattarar - men eg set pris på begge.

Stieg Larsson

Svensk journalist og forfattar 1954 - 2004.

Stieg Larsson fekk aldri oppleva sin eigen suksess. Dessverre. Den fyrste boka i Millennium-triologien Menn som hater kvinner kom ikkje ut før i 2005, og då var forfattaren død. Seinare utkom Jenta som lekte med ilden og Luftslottet som sprengtes og med desse bøkene vart svensk (og nordisk) kriminallitteratur løfta til nye høgder. Millennium-trilogien har alt, rett og slett. For meg er desse tre bøkene soleklare terningkast 6.

Millennium-suksessen har ei trist bakside sidan arverett og arvestrid har vore så i fokus i tida etter at Larsson døydde. Konflikten mellom far og bror på den eine sida og sambuar på den andre sida har vore djup og bitter i mange år. Larsson skreiv aldri noko testamente og rettane til litteraturen hans vart tilkjent faren og broren. Sambuaren Eva Gabrielsson, som hevdar at ho hadde fleire av idéane til Larsson sine bøker - fekk ingenting.


Sigrid Undset

Norsk forfattar 1882 - 1949.

Denne dama er nobelprisvinnar i litteratur, er vel kjend og treng ingen grundig presentasjon. Enkelte er kanskje overraska over at eg som er krimelskar har Undset som favoritt - men denne forfattaren kan eg berre ikkje hoppa over med tanke på favorittforfattarar.

No er det lenge sidan eg las bøkene om Kristin Lavransdatter og Olav Audunssøn. Det har vel faktisk gått over 30 år (!) og det er kan hende på tide å lesa dei på nytt - med meir erfarne auge. Så sjølv om gjenlesing ikkje alltid er vellukka, har eg så smått byrja å planlegga eit "prosjekt" som gjeld gjenlesing av Sigrid Undset. Eg kjem til å prioritera Olav Audunssøn-bøkene - det var dei som engasjerte/berørte meg mest den gongen. (Bøkene finst som lydbøker - til pocketpris)

- - - - - - - - - - - - - - - - - -

Fleire forfattarar etter alfabetet

7. juni 2018

Bokhyllelesing: Hvem var Jason Bourne? av Robert Ludlum

Cappelen Damm 2009
576 sider
Kjøpt pocketbok + lydbok Storytel


Tema for bokhyllelesinga i mai var adaptasjon eller sagt på ein annan måte; "les boka bak filmen". Eg har lest Hvem var Jason Bourne? (The Bourne identity) - ei bok som kom ut fyrste gong i 1980 og som seinare vart TV-film i 1988 (med Richard Chamberlain i tittelrolla) og kinofilm i 2002 (med Matt Damon). Sistnemnde film vart ein suksess, så det har blitt ein heil filmserie ut av bokserien.

Robert Ludlum (1927 - 2001) skreiv tre bøker om Jason Bourne. Ein annan forfattar, Eric Van Lustbader, har halde fram med serien etter at Ludlum døydde, slik at det no finst åtte bøker i alt. Denne boka plukka eg tilfeldigvis med meg for lenge sidan, og ho har berre lege der, ulest. For å komma i gang brukte eg lydbok (Storytel), men så fann eg ikkje heilt ut av det med opplesaren heller - så eg har for det meste brukt papirboka.

Sjølv om eg tykte at Hvem var Jason Bourne var ein ganske underhaldande spenningsroman, kjem eg neppe til å lesa fleire av bøkene i serien. Eg vart ganske "mett" av heile fyren, av utfordringane hans og av at stadig nye kompliserte element vart lagt inn i forteljinga.

Ludlum handterer hendingar, bihistoriar og trådar på ein stødig måte, men eg tykkjer at personskildringane er ganske håplause og at kvinnesynet er utdatert. Sjølv om bøker egentleg ikkje går ut på dato, er det ganske merkbart at verdssamfunnet har endra seg sidan 1980. Det gjeld særleg teknologi og kommunikasjonsmåtar, men også menneskesyn og ideologiar. Tidsbileta er likevel interessante; dette var ei tid der ein kunne kalla ein mørkhuda person for neger og der ein stoppa ved telefonkioskar for å ringja til fasttelefonar. I dag er det snålt at det var slik.

Filmen frå 2002 har modernisert Jason Bourne sine omgjevnader. I filmen har Bourne erfaring som soldat i Afghanistan, i boka er han Vietnam-veteran. Filmen er annleis og er mykje enklare enn boka og er meir prega av tempo og action. Eg vil difor påstå at boka er betre enn filmen, men eg ser jo at filmen også har ein viss underhaldningsverdi. Dessutan skal ein sjølvsagt ta omsyn til at bok og film er to heilt ulike medium. Eg gir boka terningkast 4 minus og filmen terningkast 3 pluss.

Det hender at eg får spørsmål om eg har sett ein eller annan film. "Nei, men eg har lest boka", svarar eg ofte. Eg vil gjerne skapa mine eigne bilete og scener inne i mitt eige hovud heller enn å sjå dei på eit filmlerret.




Meir om filmen

Meir om boka 

5. juni 2018

Norsk krim 2018 del 1

Det gjekk nesten fem månader før eg las mi fyrste norske 2018-bok, men no er eg omsider i gang. Her kjem fyrste samleomtale.

Møt meg i paradis av Heine Bakkeid

Aschehoug 2018
460 sider, lånt papirbok biblioteket

Dette er ein oppfølgjar, men eg hoppa rett på bok nummer to om antihelten Thorkild Aske. At ein ikkje kjenner til heile bakgrunnshistoria til hovudpersonen har ikkje noko å bety for leseopplevinga.

Møt meg i paradis er spennande, velskriven og velkomponert. Korte kapittel og eit avgrensa persongalleri gjer ho i tillegg nokså lettlest. Og for ei samling med skakkøyrde individ og dysfunksjonelle familieforhold!
I tillegg til den pillemisbrukande Aske møter me fleire besyndarlege personar - og eg tykkjer nok at forfattaren dreg det vel langt. Det vert til tider nokså overdrive og karikert - og dermed lite truverdig. Samstundes er det desse overdrivingane som gjer boka så fascinerande som ho faktisk er.

Eg likar bøker der ein finn grotesk fantasi og svart humor og kan av den grunn konkludere med ei bra leseoppleving. Når eg likevel ikkje gir toppkarakter skuldast det mest at eg tidleg skjønte kven av dei involverte som sto bak fleire av ugjerningane. Eg likar helst å bli overraska når saker skal oppklarast. Det vart eg berre delvis i dette høvet. Terningkast 4+.

For meir om handlinga og andre meiningar; les gjerne omtalane til Tine, Anita og Bjørn.


Barføtt over isen av Ingebjørg Berg Holm

Vigmostad Bjørke 2018
248 sider, lånt ebok eBokBib

Dette er oppfølgjaren til Stjerner over mørke under som Ingebjørg Berg Holm fekk mykje merksemd og gode kritikkar for.

Me skal på nytt tilbake til Hurumlandet på 1870-talet og til lensmann Thomas Tinnvik sitt liv og arbeid. Denne gongen skal me bli meir kjend med lensmannen sitt indre liv. Tinnvik vert personleg involvert i ei ranssak som etter kvart vert til ei drapssak. Denne involveringa består av eit nært venskap med offeret og varme kjensler for ein av dei mistenkte - ein ung mann.

Forfattaren byggjer opp ei melankolsk og mørk stemning og ei underliggjande uhygge - ganske langsamt. I Barføtt over isen er det lagt meir vekt på stemningar, språklege verkemiddel og indre psykologisk drama enn det som er vanleg innan norsk krimlitteratur. Tidvis vert dette litt for svulstig og kunstig etter min smak.
Eg gir Barføtt over isen terningkast 4.

Åshild, Beathe og Tine har òg lest og likt denne boka.



Forsvinningen av Frode Granhus

Vigmostad Bjørke 2018
Speletid 8:43, lånt lydbok eBokBib

Frode Granhus døydde sist haust og Forsvinningen kom ut i mars i år, på det som ville ha vore forfattaren sin 53-årsdag. Det er veldig trist at livet og forfattarskapet enda så altfor tidleg, men eg er takksam for dei lesestundene Granhus gav meg.

Begrepet Lofotkrim kjem for alltid til å vera knytt til namnet Frode Granhus. Han lever vidare gjennom bøkene sine - og det må vera ei viss trøyst for dei etterlatte.

I Forsvinningen handlar det om to ulike saker; ei grotesk mishandlingssak i notid og ei mystisk forsvinningssak i fortid. Lensmann Rino Carlsen etterforskar notidssaka saman med assistenten sin, men spora fører ingen stad og dei famlar i blinde. Gamlelensmannen Berger Falch, som byrjar å dra på åra og er prega av sjukdom og einsemd, har aldri gløymt ei forsvinningssak frå 1972. For å ha noko meiningsfullt å fylla dagane med, startar han si eiga gransking av den gamle saka. Det skal visa seg at dei to sakene heng saman. Naturlegvis, slik er det jo i kriminalromanar.

Siste bok i Rino Carlsen-serien er lettlest og lettfordøyeleg. Karakterane er truverdige, dialogane er ekte og miljøskildringane er levande. Handlinga er noko forutsigbar og framstillinga delvis overforklarande, men det samla inntrykket mitt er at dette er ein stødig og gjennomarbeida krimroman. Avslutninga er sentimental, men akkurat i dette tilfellet kjennest det "riktig".

Eg anbefalar lydboka. Opplesar Nils Johnson gir med si røyst og sitt tonefall leseopplevinga eit ekstra løft. Terningkast 4.

Andre vurderingar av boka finn du i bloggane til Bjørn, Anita og Åshild.