30. mai 2016

Kort om: Sthlm delete av Jens Lapidus

Cappelen Damm 2016
462 sider
Kjelde: Lånt papirbok, biblioteket


Eit nytt møte med eks-kriminelle Teddy og advokaten Emelie som me vart kjende med i VIP-rommet.
Det fyrste møtet mitt med Jens Lapidus var Stockholm Noir-trilogien som eg vart svært fascinert av. Bøkene hans har heilt klart ei forankring i tradisjonell nordisk kriminallitteratur, men han har ein heilt eigen stil. Lapidus fornyar sjangeren med språk, snert, sjarm og spenning.

Tittelen på boka kan synast merkeleg, men "Sthlm" er ei kortform av Stockholm og "delete" betyr som kjent slette. Ein sentral karakter i denne boka har nemleg - av omsyn til seg sjølv og familien - blitt sletta, dvs. at han er "død"; alle spor etter vedkommande er fjerna frå offentlege dokument og alle andre stader.

Miljø- og personskildringane i boka er detaljerte og skarpe. Det er lett å sjå for seg dei hardbarka yrkeskriminelle og dei hardtarbeidande advokatane, og ein kjem under huda på folk anten dei held til i fengselscellene, i ungdomsgjengane, i finansmiljøet eller hos Medelsvensson.

Teddy Maksumic er eks-gangsteren som drøymer om eit normalt og meiningsfullt liv. I samband med det tek han frilansoppdrag for advokatfirmaet Leijon i Stockholm. At han har sona 8 år i fengsel gjer at han har ein ballast og ein kjennskap til kriminelle miljø som kan vera nyttig for firmaet. I Leijon jobbar også Emelie, ein ung og ambisiøs jurist som i denne forteljinga får ekstraordinære utfordringar. Frå kvar sin kant viklar Teddy og Emelie seg inn i ei komplisert drapssak som har forgreiningar til organisert kriminalitet. Det handlar om jugoslavisk mafia, svensk finanselite, småkriminelle ungdommar og korrupte politifolk. Andre stikkord er kidnapping, utpressing, misbruk, svindel og bedrageri.

Språket til Lapidus har ein heilt eigen rytme. Tidvis stakkato, tidvis flytande - alt etter kven som har forteljarstemme - og heile tida i eit drivande tempo.
Sthlm delete er ei actionfylt, underhaldande og interessant bok. Plottet er innvikla, men svært godt samanskrudd og gjennomført. Alle trådane vert nøsta opp i og får si fulle forklaring - men så får lesaren ei ny overrasking heilt på slutten. Med den cliffhangeren er det opplagt at det kjem til å komma ei tredje bok i serien.

Anbefalast - men les VIP-rommet fyrst!

24. mai 2016

Bokomtale: Svenske gummistøvler av Henning Mankell

Lydbokforlaget 2016 
Speletid: 12:46
Opplesar: Ola Otnes
Kjelde: Lytteeksemplar


Det er ikkje naudsynt å lesa Italienske sko før ein les denne boka, men det er nok ein fordel. Då kjenner ein alt til den pensjonerte legen Fredrik Welin som har isolert seg på ei øy i den svenske skjærgården, historia om tabben han ein gong gjorde då han var kirurg, om ungdomskjæresten Harriet som han sveik og om dottera Louise som Fredrik ikkje visste om før ho var vaksen.

I Henning Mankells aller siste roman vert ein kjend med forhistoria i korte tilbakeblikk.
Svenske gummistøvler er ei langsam forteljing om livet og døden og om å bli gammal. Boka er til tider melankolsk og stemningsfull, men eg tykkjer det også er ein del tomprat og tåkeprat. Folk som kjenner forfattaren frå tidlegare merkar glimt av kriminalforfattaren Mankell - men også av kreftpasienten Mankell.

Fredrik Welin er blitt over 70 år og har altså busett seg på ei lita øy i huset han arva frå besteforeldra sine. Ei natt brenn huset ned til grunnen. Sjølv kjem han frå den dramatiske hendinga fysisk uskadd, men han mistar alt han eig. Også dei italienske skoa har gått tapt; det einaste han klarar å berga er to venstrestøvlar. Ei campingvogn, som dottera Louise lot stå igjen då ho og Harriet budde der ei tid, vert den provisoriske heimen hans. Eit båthus, ein båt og ei brygge finst også på staden, så tilværet til Fredrik er ikkje totalt øydelagt. Men som ein kan forstå: Fredrik befinn seg i ein krisesituasjon - og dette forverrar seg når han forstår at han vert mistenkt for å stå bak brannstiftinga og eit muleg forsøk på forsikringssvindel.

Fredrik tenkjer mykje tilbake på tida som var, han reflekterer over livet slik det vart og slik det kunne ha blitt. Samstundes prøver han å finna tilbake til kvardagen på øya, men er uroleg på grunn av at det truleg befinn seg ein pyroman ein eller annan plass i lokalsamfunnet. Den aldrande mannen får også andre ting å tenkja på når han får varme kjensler til ein kvinneleg journalist frå lokalavisa. Han får også besøk av dottera som han har eit litt komplisert forhold til. Etter kvart dreiar historia seg nesten like mykje om desse to kvinnene, dottera Louise og journalisten Lisa Modin, som forteljaren sjølv.

Spesielt ein scene mot slutten av boka var så fin, tykte eg: Som eit symbol på at Fredrik har forsona seg med fortida, grev han ned spenna frå den italienske skoen som ein grunnstein til det nye huset på øya. Han har ikkje bruk for slike sko lenger i og med at han omsider får tak i skikkelege svenske gummistøvlar.

Henning Mankell er for meg ein av dei aller største, så eg finn mange gullkorn i denne boka. Ein kjenner varmen og sjarmen trass i at sjukdom, aldring og død er sentrale tema. Tonen og stilen er vemodig og underfundig.
Eg tykkjer boka er veldig langsam; eg får konsentrasjonsvanskar når handlinga er såpass saktegåande. Det gjeld spesielt i avsnittet frå Paris som godt kunne ha vore kutta ned nokre titals sider. Trass i desse innvendingane har eg hatt ei fin leseoppleving og kan anbefala Svenske gummistøvler. Karakteren og konklusjonen blir for meg eit svakt terningkast 5.

Ola Otnes har ei stemme som kler forteljarstemma i boka. Han les av og til på ein litt nølande måte, men eg er likevel nøgd med innsatsen til opplesaren av lydboka.

20. mai 2016

Samleinnlegg: vårlesing 2016

Den syvende demonen av Øistein Borge
Font 2016
317 sider, eBokBib


Handlinga er lagt til Rivieraen i miljøet til dei vakre og rike. Når ein velståande eldre norsk mann vert funnen drept og mishandla i det staselege huset sitt, vert Bogart Bull, "vår mann", sendt avgarde for å bistå det lokale politiet. Drapet vert etter kvart sett i samanheng med hendingar som fann stad under 2. verdenskrig. Det har også ei viss tilknytning til ei spesiell kunstnargruppe på 1910-talet. Og det skal komma til å bli utført fleire drap..

Bull er ein sympatisk type som eg godt kan tenkja meg å lesa meir om i framtidige bøker.
Boka er ikkje så aller verst, men ho ber tydeleg preg av at forfattaren har vore overambisiøs og av at han vil sei så veldig mykje. For mykje. For springande handling, for mange personar, for like namn, for ulike perspektiv. Perspektivskifta og tidsskifta er dessutan uklare, noko som gjer at boka vert opplevd som rotete. Terningkast 4-.


Everest av Odd Harald Hauge
Kagge 2016
310 sider, eBokBib

Ein skulle tru at ein Mount Everest-ekspedisjon var eit perfekt utgangspunkt for ein thriller. Bakteppet er svimlande høgder, ekstreme vertilhøve og mistenkelege ekspedisjonsmedlemer. Og det blir spennande - til slutt. Men fyrst må ein gjennom eit par hundre sider med preik og pjatt.

Skildringane av ver, utstyr, natur, rasfare, ventetid, høgdesjuke og klatring er gode og - sikkert - realistiske. Personskildringane derimot er vage, lite truverdige og eindimensjonale. Eg trur ikkje, verken på hovudpersonen eller dei andre deltakarane av ekspedisjonen. Eg finn det lite sannsynleg at medlemer av ein ekspedisjon til verdas høgaste fjell viser så lite samarbeidsvilje og -evne som det desse har.

Siste fjerdedel av boka er til å få sug i magen og å bli andpusten av; den er superspennande og hevar leseopplevinga til eit terningkast 4.



Når noen bare forsvinner av Harlan Coben
Cappelen Damm 2007
Lydbok Storytel, speletid 12:03


Coben leverer - som alltid. Dette vart til slutt ei svært bra leseoppleving, men undervegs var eg ein smule forvirra og frustrert. Plottet er komplekst, trådane mange og i fyrste del av boka er handlinga nokså treg. Det er også mange namn og karakterar å halda styr på.
Som vanleg i Coben sine bøker er handlinga lagt til eit middelklasse/ forstadsmiljø. Hovudpersonen, Grace Lawson, ei ganske så vanleg kvinne, finn - ikkje heilt tilfeldig - eit omlag tjue år gammalt foto av fem personar. Fire av dei er ukjente for henne, men den femte er Jack, ektemannen hennar. Jack reagerer sterkt på biletet, men seier ingenting - og i løpet av den påfølgjande natta forsvinn han. Har han reist av eigen fri vilje? Kven er dei andre personane på biletet? Kva er det Jack har halde skjult for henne i alle år? Til meir informasjon Grace klarar å grava fram, til fleire spørsmål stiller ho seg.
Duc Mai-The er ein flink opplesar, men lydkvaliteten i Storytel er ikkje heilt på topp her. Terningkast 4+.



Hvem drepte Birgitte Tengs? av Bjørn Olav Jahr
Gyldendal 2015
398 sider, eBokBib


Sidan eg er så interessert i oppdikta kriminalforteljingar har eg også ei viss interesse av verkeleg krim; såkalla True Crime. Men eg kjenner at slike bøker/saker grip tak i meg på ein heilt annan måte. For dette er ei verkeleg gåte, med eit verkeleg drapsoffer, ein verkeleg gjerningsperson og verkelege pårørande. Samt ei verkeleg, men hårreisande dårleg og skandaløs etterforsking - dersom ein skal tru forfattaren av denne boka. Jahr viser korleis sentrale polititenestemenn og etterforskarar gjorde grove tabbar og feilvurderingar.
Eg får så vondt av Birgitte sine foreldre, av fetteren, av fetteren sin familie - ja, av heile dette lokalsamfunnet, som enno - 21 år etter drapet - er prega av det som hende.

Boka er oversiktleg og velskriven, grundig og sakleg, med mange tilhøyrande fotnotar. Lesinga gjorde meg opprørt, engasjert og sliten, så eg måtte ha rikeleg med pausar og god tid for å klara å fullføra. Det er spesielt politiet sine manipuleringar og den meiningslause tilståinga til fetteren som set meg ut. Eg tykkjer boka er ubehageleg detaljert og til tider noko grafsande i høve privatliva til sentrale personar. Men forfattaren handsamar stort sett dei involverte i saka med respekt. Eit samandrag av boka kan lesast her.
Jahr peikar ut ein sannsynleg gjerningsperson i boka si. Det er grunn til å tru at det framleis finst tekniske spor som kan granskast og analyserast vidare og at sentrale vitner i saka kan avhøyrast på nytt. Dessutan er teknologien annleis og analysemetodane betre i dag enn i 1995-96-97. Eg håpar denne boka kan bidra til at "Birgitte-saken" får ei oppklaring. Terningkast 4+.

11. mai 2016

Bokomtale: Vi ses der oppe av Pierre Lemaitre

Aschehoug 2015
575 sider
Kjelde: Papirbok lånt på biblioteket

Forfattaren vart tildelt Frankrikes største og gjevaste litteraturpris, Goncourt-prisen, for denne boka. Det må vera fortent; det er sjeldan eg les bøker som gjer så inntrykk og som så til dei grader spelar på heile kjensleregisteret til lesaren. Forteljinga inneheld både humor og alvor og kallar såleis på både latter og gråt i tillegg til ubehag, medkjensle, beundring, fortviling, humring og spenning. Boka er fascinerande, fornøyeleg, gripande og uforgløymeleg, men: i lengste laget.

Handlinga er lagt til 1918 - 1920; nærare bestemt dei siste dagane av fyrste verdenskrig og den påfølgjande etterkrigstida. I opningsscenen befinn me oss i skyttargravene saman med slitne, redde og apatiske soldatar. Gjennom augene til Albert Maillart møter me dei to andre sentrale karakterane i boka; soldatkameraten Edouard Péricourt og deira overordna Henri d'Aulnay-Pradelle. Sistnemnde er gjennomført usympatisk for å sei det mildt - og han taklar ikkje på nokon måte at krigen ser ut til å gå mot ein ende. Pradelle har eit vakkert ytre og eit adeleg namn, men han viser seg å vera ein drittsekk; ondskapsfull, arrogant, egoistisk og - etter kvart - fiende nummer ein for dei andre to.

Det siste avgjerande slaget desse tre mennene deltek i viser seg å bli svært spesielt og avgjerande for framtida deira. Albert og Edouard blir vitner til ei utilgjeveleg handling, noko som i sin tur fører til at Albert vert levande begravd og Edouard får sprengt vekk halve ansiktet. Livstruande og hardt skada bergar dei livet til kvarandre - og eit sterkt grunnlag for eit livslangt og spesielt venskap vert lagt.
Skildringa av dette slaget, opplevingane deira medan dei befinn seg der i livsfare på slagmarka, samt opplevingane i ettertid - er heilt utruleg. Ein føler, kjenner, ser, høyrer og luktar korleis det er. Ein forstår - med heile seg - kor vanvittig og grotesk denne krigen (og alle andre krigar) var. Den svarte humoren understrekar det grusomme og absurde. Forteljarstemma er allvitande i denne delen av boka, den svevar liksom over slagmarka, feltsjukehuset og massegravene.

I andre del er handlinga lagt til Paris. Me er komne fram til 1919 og krigen er over. Frankrike er ruinert, har mista ein generasjon unge menn og sviktar dei overlevande. Landet er prega av tapa, av mistru og uvisse, av korrupsjon og umoral. Med bitande karakteristikkar, rystande skildringar og mørk humor viser forfattaren kor hjelpelause og udyktige dei leiande og styrande i samfunnet er. Krigsveteranane vert gøymde og gløymde medan soldatane som døydde i krigen oppnår heltestatus. Enkelte tener gode pengar på bygging og planlegging av krigsminnesmerke - men i praksis vert dei som mista livet på slagmarka handsama på lite respektfullt vis.
Medan Pradelle lever herrens glade dagar, har Albert og Edouard mista "alt". Edouard har vendt den priviligerte familien sin ryggen, har store smerter og er blitt ein tung rusmisbrukar. Albert brukar alle sine krefter og midlar for å hjelpa den skamferte kameraten sin. Dei haltar seg gjennom kvardagar prega av depresjon og desperasjon, men galgenhumoren og ståpåviljen er også til stades.
Etter ei tid får dei ein idè: Kanskje er det muleg å få eit betre tilvære likevel? Ynskje om hevn og håp om rettferd skal etter kvart gi dei to ei ny meining med livet. Men medan Edouard vert nærast euforisk av planlegginga og førebuingane av "hevnprosjektet" deira, vert Albert sjuk av bekymring og dårleg samvit.

Vi ses der oppe er ei bok utanom det vanlege - og ho byggjer delvis på verkelege hendingar. Fyrste del av boka er, som sagt over, knakande god. I midtpartiet fall spenningskurven noko, og med det; interessa og intensiteten for min del - men siste halvdel vart utruleg gripande, spennande og underhaldande.
Samstundes er boka absolutt er til ettertanke. Det handlar om kor blodig, meiningslaust og grusomt krig og krigshandlingar er. Om kor vanskeleg freden kan vera. Om å aldri gi opp, same kor svart og håplaus situasjonen ser ut til å vera. Om eit ekstraordinært venskap. Og om at kjærleiken må takast vare på.

4. mai 2016

Meir norsk på norsk

Det blir utgitt mange norske romanar i løpet av eit år, men eg tykkjer at det er langt mellom perlene. Når det gjeld krimromanar er det annleis; mykje av det som kjem ut i den sjangeren er brukbart etter mi meining.
Men altså - fleire negative leseopplevingar når det gjeld "vanlege" romanar har gjort at eg no kvir meg for å prøva "nye" forfattarar. Forteljingar med tydeleg oppkonstruerte problemstillingar og lite truverdige karakterar klarar eg ikkje å bli engasjert i. Skakkøyrde individ og dysfunksjonelle familiar, tragiske fortider, sorg og føleri - dette er trasig lesestoff som set meg i dårleg stemning. (Ja, eg veit eg er fordomsfull..)

Eg les ein del publikumsfavorittar og meiner (som så mange andre) at Roy Jacobsen skriv godt og at Helga Flatland sin trilogi er fantastisk. Eg er på etterskot når det gjeld 2015-romanane, men nyleg las eg i alle fall Hvitt hav og Vingebelastning, - fjorårets kritikarroste bøker frå desse to forfattarane. Eit nytt bekjentskap har eg også fått med meg; Maja Lunde og Bienes historie.

Både Vingebelastning og Bienes historie er på kortlista til Bokbloggerprisen 2015. Eg vart skuffa over den fyrste og gledeleg overraska over den andre.


Vingebelastning av Helga Flatland
Aschehoug 2015
267 sider, lånt ebok eBokBib


Som forventa vart fallhøgda stor. Eg likte (som sagt) Bli hvis du kan-trilogien til Flatland - så eg veit at dama kan skriva innsiktsfullt og godt - men denne fall slett ikkje i smak hos meg.

Det verste eg veit er sutring - og når ei heil bok handlar om den patetiske sutringa og sytinga til denne Andreas - vel, då blir det for mykje. Eg vart irritert på denne tiltakslause personen som ikkje giddar å ta tak i sitt eige liv. Eg skjønnar veldig godt at kjæresten hans får problem med å halda ut med han. Og eg føler berre forakt for fagpersonane som gir Andreas ein så "lettvint" diagnose.

At forfattaren set fokus på overdiagnostisering, overbehandling og overmedisinering er bra, men eg finn egentleg ikkje noko anna djupare meining med boka. Eg tykkjer historia manglar både plott og avslutning. Konklusjonen blir eit terningkast 3.


Bienes historie av Maja Lunde
Lydbokforlaget 2015
Speletid 11:37, lånt på biblioteket


Denne var eg - klok av skade kan ein sei - skeptisk til, men det synte seg at denne passa for ein lesar som meg. Bienes historie består av tre fascinerande forteljingar; ei frå notida, ei frå fortida og ei frå framtida. Opplesarane Håkon Ramstad, Anne Ryg og Stein Grønli gir liv til dei tre forteljarstemmene på ein svært bra måte.
Stikkord for handlinga er miljøvern, bærekraftig utvikling og biedød. Boka har eit globalt perspektiv og er til ettertanke for oss alle. Terningkast 5.


Hvitt hav av Roy Jacobsen
Cappelen Damm 2015
Speletid 6:06, lånt på biblioteket


Eit framhald av De usynlige frå 2013. Denne gongen får me følgja Ingrid frå Barrøy og hennar opplevingar i 1944-45. Historia er så ramsalt, så nordnorsk, så gripande og så full av sterke lagnader og historiar - at det nesten vert parodisk. Men eg tykkjer at Jacobsen held seg (akkurat) innanfor grensa.

Hvitt hav er ganske interessant og lærerik, men ikkje så engasjerande som den fyrste boka. Opplesar Nils Johnson les lydboka med passeleg innleving, tydeleg diksjon og nordnorsk tonefall. Bra! Terningkast 4.