24. mars 2017

Kort om: Dragsug av Yrsa Sigurdardóttir

Kagge 2017
437 sider
eBokBib

Ingenting er vel meir opprørande å lesa om enn barn som vert utsette for mobbing, svik, omsorgssvikt og overgrep. Difor tek denne boka tak i lesaren alt i prologen: Me får her møta vesle Vaka som står og frys utanfor skulen sin. Ho er ny, einsam og ventar på at faren skal komma å henta henne. I staden dukkar ei anna jente opp; ho bur i nærleiken og tilbyr, litt motvillig, at Vaka kan låna telefonen deira, slik at ho får gitt beskjed. Ein får inntrykk av at begge dei to småjentene er prega av frykt og uro...
Prologen vert avslutta med ei politimelding der Vaka vert meld sakna.

I Dragsug møter me att dei same hovudpersonane som i DNA; politimannen Huldar og barnepsykologen Freyja. Etter dei dramatiske hendingane i slutten av den forrige boka har dei begge blitt degraderte på arbeidsplassane sine. Huldar har mista leiarstillinga si og puslar mest med eldre kalde saker, fordi det ikkje skjer så mykje på kriminalfronten for tida. Det skal snart bli ei endring på det.

Huldar og Freyja samarbeider om ei gammal sak, men slit med å få tilgang til viktige dokument. Er det nokon som saboterer? Kven? Kvifor? Huldar gjer eit oppsiktsvekkjande funn av to avkappa hender. Kvar er resten av denne personen? Er vedkommande i live framleis? Ein pedofil drapsmann har nyleg blitt sett fri etter å ha sona ferdig fengselsstraffa si. Har han noko med sakene å gjera? Kvar er han? Parallellt får ein følgja eit søskenpar som har hatt ein ualminneleg krevjande oppvekst. Kva har dei opplevd? Har det samanheng med pågåande saker?

I likskap med forfattarkollega Arnaldur Indridason skriv Yrsa Sigrurdardottir stemningsfulle bøker. For begge forfattarane har det islandske landskapet og det dårlege veret ein viktig funksjon som stemningsskapar. Men medan Indridason spelar mest på melankolien, spelar Sigurdardottir på råskap og uhygge.

Dragsug er ein grei politikrim og du treng ikkje nødvendigvis lesa DNA før denne. Boka er mørk, spennande og er godt samanskrudd. Det er ikkje vanskeleg å følgja dei mange handlingstrådane - som alle har ein samanheng og/eller som vert knytta saman til slutt, på ymse vis. Eg skulle likevel ønska meg, som eg ofte gjer, ei oppstramming og grundigare bearbeiding av innhaldet. Det hadde gjort boka enno betre.
Huldar sitt privatliv og "eventyra" han har med Freyja og leiaren Erla er forsåvidt eit ekstra spenningsmoment, men eg tykkjer det tek for stor plass i handlinga.

20. mars 2017

Kort om: Den tikkende kvinnen av Peter Swanson

Cappelen Damm 2017
279 sider
Kjelde: Lånt papirbok privat

Dette er ein underhaldningsthriller av det finurlege slaget. Både den norske tittelen Den tikkende kvinnen og den originale The girl with a clock for heart er merkeleg og litt uforståeleg, men boka er grei tidtrøyte og ho kan absolutt anbefalast som påskekrimlesing. Boka er frittståande og inngår ikkje i ein serie.

Handlinga er lagt til Boston, USA. Den vanlege og velmeinande George Foss møter den vakre ungdomskjæresten sin på nytt etter tjue år. Ho er i knipe og ber George om hjelp, noko han seier ja til. Liana Decter er ei kvinne med ei mystisk fortid; ho har ein uklar identitet og ein kriminell bakgrunn. Snart er George fanga i eit nett av løgner, bedrag, vald og forfølgjingar.

For George er det uklart om Liana er eit offer eller om ho står bak ein særdeles utspekulert plan. Er George eller Liana eller begge offer for eit komplott? Vert George brukt av Liana? Dersom han er det - kven andre kan han stola på? Dersom ikkje - korleis skal han komma seg ut av den salaten han har trakka opp i? George har all grunn til å tvila på Liana sin versjon, men finn også ut at andre har motiv for å hevna seg på henne. I ei parallell historie frå ein annan tidsperiode vert sanninga om Liana/Audrey/Jane avslørt. Eller?

Den tikkende kvinnen er ei uvanleg historie fortalt på ein spesiell måte. Her vert vanvittige forfølgjings- og valdsscener avløyst av syrlege karakteristikkar, som igjen vert avløyst av gode miljøskildringar, vittige situasjonar og puslespel-etterforsking.
Eg fekk assosiasjonar til både Pulp Fiction og til Hodejegerne medan eg las. Boka har høg sidevendarfaktor og er svært spennande, men er også noko forutsigbar.
Og avslutninga heng litt i lause lufta, i dobbel forstand...

17. mars 2017

Favorittforfattarar: G

Som for bokstaven F - det er to norske mannlege forfattarar som er mine favorittar her òg. Eg har lest mykje - men på langt nær alt - av det som desse to røynde og allsidige forfattarane har gitt ut.

Gunnar Staalesen

Norsk forfattar f. 1947.

Mest kjent for Varg Veum-serien, men krimdebuterte med Rygg i rand, to i spann om politietterforskarane Dumbo og Maskefjes i 1975.

I år er det førti år sidan Varg Veum såg dagens lys - og han er framleis aktiv og "levande". Eg er veldig glad i denne rufsete og velmeinande privatdetektiven og har følgd han i alle år. Det er ikkje tal på kor mange saker han har løyst og kor mange prøvelsar han har gjennomgått. Handlinga går nesten heile tida føre seg i Bergen og omland. Ein kan sei at serien er skriven i Raymond Chandler-tradisjon, men den har også klare linjer til den sosialrealistiske stilen som Sjöwall og Wahlöö sto for.

Gunnar Staalesen er Amailie Skram-ekspert og har stått bak dramatiseringar bygde på bøkene hennar. Han har gitt ut noveller, sakprosa og bøker for barn og ungdom.
Nokre av dei beste bøkene eg nokon gong har lest er den såkalla Bergenstrilogien. Med 1900 Morgenrød, 1950 High Noon og 1999 Aftensang får ein mykje på ein gong: Eit fascinerande familiedrama, ei mystisk kriminalgåte - som får si løysing etter nøyaktig hundre år, av Varg Veum - og i tillegg; Bergenshistorie, Norgeshistorie, krigshistorie og kulturhistorie.


Gert Nygårdshaug

Norsk forfattar f. 1946.

Nygårdshaug har halde koken i mange år og er ein utruleg produktiv forfattar med ein heilt særeigen skrivestil.
Han er nok fyrst og fremst kjent for Mengele Zoo, den fyrste boka i Mino-trilogien som vart kåra til Folkets favoritt for nokre år sidan. Dernest må nemnast serien om Fredric Drum og Skarphedin Olsen, ein underhaldande, utradisjonell og ukronologisk krimserie.

Fantasirikdom, kunnskap og sprudlande forteljarglede. Dette er ord som kan beskriva bøker frå Gert Nygårdshaug sitt forfattarskap. Han er i stand til å skriva poetisk og vakkert, brutalt og rått, morosamt og finurleg, fantasifullt og realistisk.
Det er ofte eit sterkt politisk engasjement og eit djupt alvor knytt til forfattarskapet hans, sjølv om forteljingane gjerne er humoristiske og/eller surrealistiske.
I Nygårdshaug sine bøker finn ein ofte ein dose filosofi, vitenskap, mystikk, historie og mytologi - samt ein heil del mørk humor.

13. mars 2017

Samleinnlegg: Litt meir vinterlesing

Kalendaren seier mars og fyrste vårmånad, men temperatur og andre verforhold seier fortsatt vinter. Her kjem eit nytt samleinnlegg der eg kort omtalar nokre av bøkene eg har lest i det siste.


Gjensynet av Knut Faldbakken
Gyldendal 2016
399 sider, lånt ebok eBokBib

Gjensynet er bok nummer ni i krimserien med den stødige og sympatiske politimannen Jonfinn Valmann ved Hamar politikammer. Serien kan seiast å vera kvardagskrim eller småbykrim: Her dreiar det seg ikkje om actionscener og bestialitetar, men heller om vanleg etterforskararbeid og om mellommenneskelege forhold. Karakterane, på både den eine og andre sida, er vanlege menneske med normale liv.

Det gjensynet som tittelen på boka viser til, er ein reunion og tretti års-jubileum for gymnasklassen som Valmann høyrde til. Ved forrige jubileum, for ti år sidan, skjedde det noko tragisk og kanskje mystisk, og ikkje alt vart oppklart ved det høvet. Valmann går difor gjennom ei muligens mangelfull etterforsking frå den gongen. Det går mot eit gjensyn med personar frå fortida som har litt av kvart dei ynskjer å skjula. Klarar Valmann å finna ut kva som hende? Kan han avverga at nye tragediar utspelar seg?
Boka er velskriven, lettlest og logisk oppbygd. Ho er ikkje utan nerve og uhygge, men den heilt store spenninga manglar. Terningkast 4.


Når det mørkner av Jørn Lier Horst
Gyldendal 2016
219 sider, lånt papirbok privat

William Wisting er også ein av desse trauste og truverdige krimheltane. Handlinga i bok nummer elleve i serien er lagt til 1980-talet, dvs. at me går attende i tid og møter den unge, uerfarne og ambisiøse politimannen Wisting.

WW er nybakt tvillingpappa samstundes som han får ei ny krevjande arbeidsoppgåve; den fyrste etterforskingssaka hans har forbindelsar til dramatiske hendingar som fann stad på 1920-talet. Den heile og fulle oppklaringa skjer fyrst i notid.

Boka er velskriven, handlinga er truverdig og sakleg og sjølve plottet er skrudd godt saman. Likevel er det noko som manglar, tykkjer eg. Eg blir liksom ikkje skikkeleg engasjert og interessert i det som skjer, verken i notid eller fortid. Det positive er at boka er kort og lettlest, men det vart berre ei middelmådig leseoppleving for meg. Terningkast 3.


Undergang av C. J. Sansom
Forlaget Press 2012
687 sider, lånt papirbok privat

Dette derimot - er ei mektig leseoppleving! Nesten 700 tettskrivne sider, så det tek si tid - men ein får så mykje gjennom denne historiske kriminalromanen: Underhaldning, kunnskap, spenning og flotte levande skildringar av både menneske og miljø.

Den femte romanen om advokat Matthew Shardlake er, som dei føregåande, fengande og lærerik. Handlinga er lagt til 1540-talet, og Shardlake og assistent Barak er på ein måte Tudortidas Sherlock Holmes og Dr. Watson. Også denne gongen er oppdraget deira todelt: For det fyrste skal dei finna ut av ei sak for Katherine Parr, Henrik VIII si sjette (og siste) dronning. I tillegg har Shardlake ei personleg sak som han ynskjer å finna ut av. Oppdraga skal føra Shardlake til Portsmouth og eit særdeles nært møte med krigsskipet Mary Rose.

Det er langsamt, omstendeleg og detaljert - utan at det virkar overlessa og utan at eg, som egentleg er ein litt utålmodig lesar, mistar tråden og interessa. C.J. Sansom har imponert meg nok ein gong. Terningkast 5.


Fvonk av Erlend Loe
Cappelen Damm 2011
speletid 4:32, lydbok Storytel

Til slutt - over til noko heilt anna.
Fvonk er enno ei av desse absurde Loe-romanane om ein middelaldrande frustrert mann i ubalanse både med seg sjølv, med andre og med samfunnet.
Tidvis vittig, tidvis genialt, tidvis irriterande - med andre ord ei varierande leseoppleving. Heldigvis er ikkje boka så lang. Erlend Loe er fin å høyra på, trass i at han har ei monoton stemme. Terningkast 3.

10. mars 2017

Bokhyllelesing: Haren med øyne av rav

Forlaget Press 2011
334 sider
Kjøpt papirbok 

Etter kvart vart dette ei forholdsvis leseverdig bok - men ho gav ikkje meg så veldig mykje. Deler av boka er fengande, medan andre deler er kjedelege og trege. Det er muleg at eg er for lite engasjert i kunst og har for dårlege kunnskapar i kunsthistorie til å få fullt utbytte av denne forteljinga.

I Haren med øyne av rav fortel forfattaren Edmund de Waal historia om sine eigne forfedre; den ein gong så velståande og mektige jødiske familien Ephrussi. Utgangspunktet er ein arva samling med japanske miniatyrar, netsuker: små figurar laga av hardt tre eller elfenbein. Desse gjenstandane arva Edmund de Waal frå grandonkelen sin, og dei hadde vore eigd av familien i fleire generasjonar. Korleis kunne samlinga framleis vera intakt og bevart - med tanke på alle omveltningane familien hadde vore gjennom i løpet av alle desse åra? De Waal bestemmer seg for å følgja netsukane - og dermed familien - si ferd rundt om i verda.

Familien Ephrussi kom frå Odessa i Russland, men de Waal startar forteljinga si i Paris i 1871. Då flytta Charles Ephrussi, yngste son i familien, til Paris. Denne Charles busette seg i eit herskapeleg hus og levde eit nesten vulgært luksuriøst liv. Han kjøpte og investerte mykje i kunst, mellom anna denne samlinga med netsuker. Netsukesamlinga vart etter kvart gitt vekk i bryllaupsgåve til forfattaren sine oldeforeldre i Wien. Ein får følgja desse miniatyrfigurane gjennom ulike eigarar og arvingar, i tjukt og tunt, i krig og i fred, frå kontinent til kontinent, frå generasjon til generasjon. Forteljinga er litt for saktegåande og omstendeleg etter min smak. Fyrste del av boka handlar for ein stor del om kunst, kultur og arkitektur - noko som berre kjeda meg - og eg var sååå nær å avbryta heile greia.

I del to fortel De Waal om framvekst av nazisme, antisemittisme og jødeforfølgelsar. Vidare får ein følgja familien gjennom fyrste og andre verdenskrig, om depresjon og inflasjon, om motgang, fornedrelsar og tap. Ein kjem i denne delen mykje nærare personane det fortalt om, og dermed vert forteljinga meir levande og meir interessant. Det gir inntrykk å lesa om at familien mista bortimot alt dei eigde i løpet av andre verdenskrig. Også avslutninga av boka er fascinerande og sterk lesing. Dermed justerer eg også terningkastet mitt; frå den svake 3'aren eg i utgangspunktet hadde tenkt å gi - opp til ein 4'ar.

Boka er, i tillegg til dei kulturhistoriske skildringane, ei biografisk framstilling av eit familiedynasti, ei slags reiseskildring - og truleg også ein del oppdikta hendingar. Ein vert kjend med mange ulike personar og miljø og får mange detaljerte og fine tidsbilete. Dersom du er interessert i historie er dette ei brukbar bok. Dersom du er interessert i kunst og kunsthistorie i tillegg, får du ei enno større leseoppleving.

Eg har lest Haren med øyne av rav i samband med runde to i årets Bokhyllelesing. Eg kjøpte boka for eit par år sidan, men ho har berre blitt liggjande. Eg byrja på (det unormalt lange) forordet eit par gonger, men kom aldri skikkeleg i gang med lesinga. Denne gongen hoppa eg over forordet - for liksom å gå "rett på sak" - men det tek altså si tid før boka vert verkeleg interessant.

1. mars 2017

Bokomtale: Selfies av Jussi Adler-Olsen

Lydbokforlaget 2017
Speletid: 15:43
Opplesar: Helge Winther-Larsen
Lytteeksemplar

Sjuande bind i serien om den spesielle cold case-eininga Avdeling Q byr på fleire underhaldande og spennande historiar. Lesaren vert presentert for eit omfattande persongalleri og forholdsvis mange trådar: Nye saker og eldre saker som heng saman - eller ikkje heng saman - på meir eller mindre forklarleg vis. Dei ulike personane og hendingane forgreinar og forviklar seg inni kvarandre.

Utradisjonelle etterforskingsmetodar, på kanten av det som er tillatt og akseptert, er ei av kjennemerka i serien. Det same er dei bitande karakteristikkane av enkeltpersonar og samfunnstilhøve. Eg set vanlegvis pris på den friske og frekke stilen til Jussi Adler-Olsen.

Boka er omfangsrik og handlingsrik, men er litt langsam og har dårleg driv i enkelte parti. Eg meiner difor at boka kunne hatt godt av ei oppstramming. Enkelte av bihistoriane er dessutan uforståelege og unødvendige etter mitt syn. Men - dei ulike handlingstrådane vert også denne gongen samla saman til slutt, om ikkje heilt truverdig, så i alle fall på ein avklart måte. Eg tykkjer ikkje at Selfie er Adler-Olsen på sitt beste reint plott- og innhaldsmessig, men når det gjeld skråblikk på samfunnet, komposisjon og forteljarmåte er han like strålande som tidlegare. Strålande er også innsatsen til opplesar Helge Winther-Larsen.

I denne boka får Carl Mørck og medarbeidarane Assad og Gordon det særleg travelt sidan politiavdelinga deira står framfor store utfordringar, både fagleg og personleg. Det siste skuldast mest at Rose er fråverande i etterforskinga denne gongen - men det skal visa seg at ho - uforvarande og uplanlagt - hamnar midt oppe i det heile likevel.

Skildringa av samarbeidet, samspelet og dialogane mellom Carl og Assad er noko av det som eg likar best med denne serien. Gjennom desse bøkene har lesarane også fått møta fleire andre uforgløymelege karakterar. Eg tenkjer t.d. på Merete Lynggaard frå Kvinnen i buret, Nete Hermansen frå Journal 64 og Marco og Zola frå Marco-effekten. Forfattaren skildra desse personane på ein så levande måte at dei aldri blir gløymde. I denne boka får ein møta Anne-Line Svendsen - sakshandsamar og seriemordar - og henne kjem eg også til å hugsa ei stund, av ymse årsaker.

Det er viktig å ha klart for seg at Avdeling Q-serien ikkje er realistisk politikrim. Enkelte anmeldarar har hatt innvendingar når det gjeld personskildringane i denne boka. Det vert hevda at dei er for karikerte og urealistiske. Det er eit poeng, og eg er langt på veg enig i kritikken. Skildringane av dei tre idiotiske selfie-jentene som me får følgja gjennom denne boka er bitande og spydige. Boka inneheld også enkelte historiar som er særs usannsynlege og skildringar av menneskelege reaksjonar som er tydeleg oppkonstruerte. Men er det så nøye om forfattaren overdriver? Eg tykkjer ikkje det - men eg meiner det må vera ei grense her; ei grense mellom det frekke og det usmakelege - og Adler-Olsen er tidvis nær det sistnemnde i denne boka.

Jussi Adler-Olsen skriv for å underhalda lesarane sine, og det har han lukkast med - igjen. Eg tykkjer han er god på veksling mellom ironi og indignasjon, mellom humor og alvor, mellom varm medkjensle og knusande kritikk.

Eg likte godt den forrige boka i serien, De grenseløse, men eg skreiv då følgjande i omtalen min:
"Eg håpar Adler-Olsen konstruerer ei meir truverdig historie med meir truverdige karakterar neste gong - så eg gir terningkast 5 (men med ein minus i parentes)".
På den bakgrunn gir eg Selfie terningkast 4+. Plussteiknet vert gitt til Helge Winther-Larsen si engasjerte og levande opplesing av boka.

Andre bloggmeiningar: Bjørnebok, BokbloggeirBorn to be a reader

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Eg reagerte på ein del ting som gjeld oversetjinga av denne boka. Eit eksempel: I Danmark har dei tydelegvis ei ordning med "kontanthjælp", noko som tilsvarar økonomisk sosialhjelp eller AAP her i landet. I boka vert "kontanthjælp" oversett til "kontantstøtte", noko som er heilt misvisande. Dette er jo er noko heilt anna i det norske NAV-systemet.
Det finst fleire slike merkelege "dansknorske" ord og vendingar i boka. Slike ting irriterer meg.