18. februar 2018

Kort om: Med blodig forsett av Graeme Macrae Burnet

Press 2018
301 sider

Lånt ebok eBokBib

Romanen Med blodig forsett vart nominert til Man Booker-prisen i 2016. Undertittelen er "Dokumenter vedrørende tilfellet Roderick Macrae" og det er ei bok som tangerer mange ulike sjangrar. Det er ein historisk kriminalroman framstilt som ein dokumentar eller true crime. Boka er i tillegg ei oppvekstskildring, eit rettsdrama og inneheld dessutan visse psykologisk thriller-element.

Me befinn oss i Skottland og året er 1869. 17 år gamle Roderick "Roddy" Macrae er sikta for - og har tilstått - eit blodig trippeldrap. Guten tilhøyrer ein fattig leilendingsfamilie, men er lynande intelligent. Kva kan ha fått han til å begå ugjerninga? Den oppnemnde forsvararen satsar på å kunna bevisa at Roddy er sinnssjuk - og slik redda han frå galgen. Medan han sit varetektsfengsla skriv Roddy utførleg om sin eigen bakgrunn og gir si grunngjeving for at han har utført drapa. Denne "redegjørelsen" utgjer hovudinnhaldet i boka. Andre personar; vitner og sakkyndige, kjem også til orde - og me får eit innblikk i avhøyr, protokollar og rapportar - i tillegg til sjølve rettssaka.

Forteljinga er tragisk. Roddy er ein gut nesten utan vener og heilt utan framtidsutsikter trass i at han utvilsamt har talent. Familien Macrae består av Roddy, systera Jetta, to små tvillingar og ein dyster og strengt religiøs far. Mora har døydd i barselseng for omlag eit år sidan og dei er alle sterkt prega av sorg, sakn og strev. Urimelege krav frå godseigar og godsforvaltar, ein vrang nabo og ein brutal og maktglad lokal konstabel fører til ytterlegare vanskar for familen.

Roddy sitt partsinnlegg, som altså er det mest sentrale i forteljinga, er skrive i eit omstendeleg og snirklete språk. Dette truleg for å framheva tidsbiletet og det historiske. Det er forsåvidt greit, men ikkje heilt truverdig - og det gjer boka noko tunglest. Det gjer elles inntrykk å lesa om haldningane dåtidas "ekspertar" hadde til kriminelle og lovbrytarar. Ut frå dagens syn er det heilt grotesk.

Med blodig forsett er ein uvanleg krim med mange lag - ei bok som utfordrar både lesaren og sjangeren. Forteljinga er interessant, lærerik og gripande og lagt til eit fascinerande landskap. Stemninga er ganske dyster og det ligg ei underliggjande uvisse og spenning heile vegen: Snakkar Roddy sant? Er han ærleg med seg sjølv? Er han tilrekneleg? Kjem han til å bli dømd - og hengd?
Eg likte boka - egentleg, men føler ved avslutta lesing at enkelte handlingstrådar vart hengande i lause lufta. Dei manglande avklaringane trekker ned heilskapsinntrykket og er årsaken til at eg ikkje gir toppkarakter.

Andre bloggmeiningar:
Den har jeg lestTones bokmerkeBeathes bokhjerteEbokhylla miSå rart

4 kommentarer:

  1. Ser ut som jeg likte denne bedre enn deg. Jeg simpelten elsket hvordan forfatteren kastet meg fram og tilbake mellom hva jeg skulle tro. Ikke helt a4 denne nei. Ser du lytter til Bernier-boka. Den likte jeg svært godt også. Nettopp ferdig med hans neste, En sang for druknede sjeler, den var også bra, men klarte nok ikke strekke seg like høyt som den du leser nå synes jeg. Spent å se hva du mener. Og takk for link.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har sans for bøker og forfattarar som går imot det som er "normalt" og "vedtatt", men det er ikkje alltid det er like vellykka. Burnet si bok er god, men eg føler altså at eg ikkje har fått svar på alt som har skjedd undervegs.

      Eg har faktisk slitt litt med Minier innleiingsvis, irriterer meg grønn over klisjèar og mannssjåvinistiske skildringar. Men eg både trur og håpar at det skal gå seg til etter kvart. Eg har berre høyrt omlag tre timar førebels og lydboka varer i heile 21.

      Slett
  2. Fan av denne. Likte hvordan sympatien min gikk der den kanskje ikke burde, og det at man aldri helt vet. Og leken med formatet, what is it? bio, krim, forfatter? Ser ut som om det blir Bernierpåske på mange av oss -)

    SvarSlett
    Svar
    1. Det at ein ikkje veit kva som er den fulle og heile sanninga og at forteljaren er "upåliteleg" gjer 'Med blodig forsett' til ei spesiell leseoppleving. Samstundes er eg fascinert av Burnet sin "leik" med ulike sjangrar.

      Slett