16. februar 2018

Biolesesirkel: Bernt Rougthvedt om Abelone Kristensen

Tema for årets fyrste runde i Moshonistas biografisirkel er Uoppdragne piker. Eg valde meg Bernt Rougthvedt si bok om den legendariske Abelone Kristensen; Saken mot Abelone.

Abelone Konstance Kristensen (1858 - 1920) var "kjendis" i Kristiania for vel hundre år sidan. Ho eigde eit etablissement i Karl XIIs gate på Vaterland der kjøp og sal av både det eine og det andre gjekk føre seg. Vaterland var eit belasta og overbefolka slumområde på den tida og både gauking (produksjon og sal av brennevin), bondefangeri, prostitusjon og anna kriminalitet florerte. Då Abelone sin ektemann Lauritz vart drept av ein kunde i 1893 førte det til stor oppstandelse og mykje oppstyr - og det vart i ettertid av hendinga dikta opp ulike legender og myter rundt Madam Kristensen.

Bernt Roughtvedt har i arbeidet med denne boka gravd i gamle arkiv og dokument for å prøva å gjera greie for sanninga. Abelone skal ha vore ei staseleg kvinne og var sikkert ein karismatisk person og ein fascinerande skikkelse som gjorde inntrykk på folk (menn) som møtte henne.

Ein kan finna mykje saftig og pirrande stoff i samband med Abelone og hennar aktivitetar, - men det er klart; det er mykje tragisk óg. Medan ein les tenkjer ein på alle dei vanskelege sosiale problema som fanst i visse deler av hovudstaden. Det var stor klasseskilnad på den tida - noko som viser att i dei rettssakene som Abelone vart involvert i: Mannen som drap Lauritz Kristensen vart frikjend. Medan Abelone ei tid seinare vart dømd for "rufferi og horehushold" - og måtte sona for det.

Dessverre er boka Saken mot Abelone skuffande svak, etter mi meining. Oppramsingar av namn og saker og mykje sitat gjer innhaldet mindre interessant og engasjerande enn det kunne ha blitt. Det er også lite biografisk materiale. Det skuldast delvis at Abelone ynskte å halda bakgrunnen sin og privatlivet sitt skjult, noko som har ei logisk forklaring; mor hennar var prostituert og Abelone vart fødd på Tukthuset. Ho vaks opp i ein fosterfamilie og byrja sjølv med sal av sex i ung alder. Seinare etablerte ho både butikkar og serveringsstader samstundes som ho opererte som bordellmamma og "rufferske" (kvinneleg hallik). Mykje tyder på at ho prostituerte seg i fleire tiår. Det er sannsynleg at ho i løpet av denne tida må ha gjennomgått abortar, pådratt seg kjønnssjukdommar og opplevd valdsepisodar.

Eg tykkjer forfattaren har gjort for lite ut av det kjeldematerialet han har hatt til rådvelde. Han skal imidlertid ha ros for at han har ei balansert framstilling av Abelone. På den eine sida var ho ei kynisk forretningskvinne som utnytta andre vanskelegstilte kvinner. På den andre sida vart ho urettferdig og urettmessig behandla av omverda.

Lydboka vart tilgjengeleg på Storytel for kort tid sidan og har ei speletid på kun 5 og ein halv time. Opplesar Cathrin Gram les heilt greit, men litt seint.

6 kommentarer:

  1. Kjedelig når forfatteren ikker greier å gjøre materialet interessant, for det virker absolutt som det er nok å fabulere rundt når det gjelder denne dama og miljøet rundt henne.

    "Rufferi og Horehushold" var også snedige begreper.

    SvarSlett
    Svar
    1. For meg vart ikkje dette interessant nok, men eg kan heller ikkje "slakta" boka. Eg ga terningkast tre umiddelbart etter avslutta lytting, tenkte litt gjennom leseopplevinga og endra til terningkast to. Angra meg og endra igjen til ein svak 3'ar.

      Det er mange eksempel på snedige og snodige begrep i boka.

      Slett
  2. Helt enig i det Anita skriver over her, og når innleseren leser seint i tillegg - så er nok ikke Abelone den neste jeg kaster meg over på Storytel. Virker imidlertid som ei interessant dame dette da, så jeg forstår utgangspunktet ditt.

    SvarSlett
    Svar
    1. Abelone må ha vore litt av ei dame. Tenk at det enno går gjetord om henne, 100 år etter at ho døydde.

      Slett
  3. Høres ut som om en crossoverroman kunne vært løsningen. Abelone + en god dose fiksjon og gjetterier og sanne kilder. Noe ala Selma Lønnings Aarøs Anna Munch. Jeg lukter en bestselger for de som tar tak..
    Rufferske må være begrepet eng. ordet fluffer kommer av.. høres både vulgært og uskyldig ut på samme tid. Som Abelone?

    SvarSlett
    Svar
    1. Heilt enig. Ein roman "based on a true story" hadde vore tingen her. Har ikkje noko imot at folk/bøker er saklege, men det kan fort bli tørt og kjedeleg.

      Slett