26. august 2023

Bokomtale: Mordene på Fleat House av Lucinda Riley

Cappelen Damm 2022
Speletid 13:39
Lydbok Storytel

Forfattaren Lucinda Riley - dronninga av underhaldningsromanar - har selt 13 millionar bøker på verdensbasis og ufattelege nær 2 millionar bøker her i landet. Det er den populære serien De syv søstre som står for mesteparten av desse høge salstala.
Forfattaren døydde i 2021 og den avsluttande åttande boka i serien vart skriven ferdig av sonen hennar, Harry Whittaker. 

I tillegg til den nesten ferdige sisteboka etterlot Riley seg eit fullført upublisert manus - ein kriminalroman. Boka skal ha blitt skriven i 2006 og har altså blitt liggjande i skrivebordskuffen (eller noko liknande) - og det hadde ikkje gjort noko om ho hadde blitt liggjande der, for å sei det slik. Men det er jo forståeleg at arvingar og forlag gjerne vil tena enno meir pengar på ein eksisterande suksess.

Underhaldningsromar og -seriar av typen feelgood passar ikkje for meg, så Mordene på Fleat House er den fyrste boka eg har lese av denne forfattaren. Den fyrste og truleg også den siste.
Eg vil tru at boka passar for folk som likar kosekrim/ "damekrim" og dei andre bøkene til Riley, men eg trur òg at for "normale" krimlesarar er dette for tregt, for langdrygt og for uinteressant. Det vart det i alle fall for meg.

Egentleg er eg stor fan av britisk krim og har lese mengder med slike bøker opp gjennom åra. Det er vidare tydeleg at det har nok også Riley sjølv gjort, for det er mykje her som har likskapar med - og element frå - klassisk britisk krim. Men her er det mange fleire element eg forbind med feelgood-sjangeren. Her er klisjèar, melodrama, snobberi og føleri. Her er alfor mange folk som oppfører seg merkeleg, gjer uforståelege val, handlar underleg og uttalar seg kunstig og løgnaktig. Hovudpersonen Jazz er forsåvidt sympatisk, men også ho er ganske "eindimensjonal".

Handlinga er lagt til ein engelsk privat internatskule i eit miljø som er gjenkjennbart frå ulike krimseriar. Ein elev ved skulen vert funnen død. Den tragiske hendinga har tilsynelatande ei naturleg forklaring, men ei nærare undersøking tyder på at dødsårsaka er noko anna. Dermed kjem vår heltinne, den unge (og vakre, sjølvsagt) etterforskaren Jazz Hunter, på bana. Ho har eit vanskeleg samlivsbrot bak seg og har vore ute av arbeidslivet ei tid. Etterforskinga rundt dødsfallet på Fleat House vert såleis ein slags ny start for henne. Så tek ein person sjølvmord i det same miljøet, kan det ha ein samanheng? (Vel - det er ein kriminalroman, sjølvsagt er det ein samanheng). I andre handlingstrådar får lesaren innblikk i andre hemmelegheiter, mystiske hendingar, uklare forbindelsar og merkelege forsvinningar. Og så skjer det eit nytt mord. Og alt heng saman med alt. Sjølvsagt.

Livet er for kort til å lesa middelmådig krim, og eg tykkjer det er vanskeleg å anbefala denne boka. Det vart aldri skikkeleg spennande og eg vart aldri skikkeleg engasjert. Eg hadde neppe fullført boka om eg hadde lese ho sjølv, men sidan eg valde lydbok vart boka likevel fullført og utlest, rettare sagt ferdighøyrt. Anne Ryg si behagelege stemme bidro til fullføringa.

Mordene på Fleat House er ikkje direkte dårleg, og eg skjønnar at plottet er brukbart og at forfattaren var ein bra forteljar. Men alt utanomsnakket kjedar og irriterer meg. Historia om hovudpersonen sin far og sjukdommen hans er t.d. for utbroderande og har lite med det øvrige innhaldet å gjera. Det same gjeld Jazz sitt problematiske forhold til eks'en. Ei strammare redigering ville gjort boka fleire hakk betre. 

VG sin anmeldar gir boka terningkast 5 og Dagbladet 4, noko som for meg er ganske uforståeleg. Dersom ho var skriven av ein ukjent debutant ville eg (kanskje) ikkje vore så streng og gitt eit svakt terningkast 4. Men når det handlar om ein verdenskjent og populær forfattar som har selt i bøtter og spann vert ein sjølvsagt meir kritisk. Etter mitt syn er dette ein høgst ordinær krim og konklusjonen min er ein blank 3'ar. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar