23. mars 2024

Kort om: Løvinnen av Sven Petter Næss

Aschehoug 2024
Speletid 6:45
Lånt lydbok BookBites

Hovudpersonen i denne krimserien har mykje til felles med andre meir eller mindre kjende krimheltar: Ein sympatisk, smart og sjølvstendig politietterforskar med sterk rettferdigheitssans. Og som vanleg i krimromanar er han ofte på kant med sine overordna. Men bakgrunnen til Harinder Singh er noko annleis enn det som er vanleg; som namnet tilseier kjem han frå ein indisk sikh-familie.

Tittelen på boka speglar namnetradisjonen i sikhismen. Alle mannlege sikhar heiter Singh (som betyr 'løve') og alle kvinnelege sikhar heiter Kaur (som betyr 'prinsesse' eller 'løvinne'). I boka møter me mange sterke kvinner - og ein kan gjerne kalla dei løvinner.

Løvinnen - den femte boka i serien - handlar det om ei svært vanskeleg sak, ei sak som etter kvart blir veldig personleg for Harinder.
Ein kjent advokat og naboen hans vert skotne ned og drepne på gata i Oslo. Dobbeldrapet rystar alle, særleg sidan det eine offeret er kjendis. Er dei blitt utsette for tilfeldig og blind vald? Er det eit hevndrap sidan advokaten akkurat har bidrege til å dømma to politifolk i ei lei sak? Eller noko heilt anna? Vitner manglar og spora er vage - men mordaren har gjort ein tabbe: Det vert funne ei tomhylse på staden. Undersøkingar viser at våpenet som er avfyrt tilhøyrer Amandeep Kaur - niesa til Harinder. 
Dermed vert Harinder naturleg nok teken av saka, men han klarar sjølvsagt ikkje å halda seg heilt vekke - og tyr til alt han har av kontaktar og verkemiddel for å finna niesa si. Amandeep har vore på rømmen i lang tid og var sist sett som leigesoldat i Afrika. Så dukkar eigedelane hennar opp hos foreldra hennar i Oslo. 

Det er skikkeleg politikrim dette, av den stødige og solide sorten. Boka har godt driv og er ganske spennande. Eg ser det som positivt at Næss held grepet om lesaren utan å ty til nærgåande skildringar av bestialitetar. Språket er godt og ujålete, og handlinga framstår som truverdig og realistisk. 

Løvinnen
passar veldig bra som påskekrim - og eg vil spesielt anbefala lydbokversjonen. Ivar Nergaard er ein av våre beste og mest rutinerte opplesarar - og no har eg lært at Kaur ikkje skal uttalast "kaur" - men "kor". Ein lærer sanneleg mykje (både nyttig og unyttig) når ein lyttar til krim!

Andre bloggmeiningar: Henning bokhylle

Andre aktuelle påskekrimtips: 
Redebyggeren
Sorgsankeren

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar