Det er berre nokre få dagar til jul; folk går rundt på kjøpesentra i "julepsykosen"; tomme blikk og (nesten) tomme lommebøker. Eg prøver alt eg kan å unngå juleforventningar, julekrav, julemas og julestress - eg har lyst til å finna roen og ettertanken, - som vel jula handlar mykje om.
No har eg i alle fall funne ei bok å roa meg ned med. Ei bok med forteljingar om det mislykka og ufullkomne, men også om tru og håp. Eg les i novellesamlinga Bare mjuke pakker under treet av Levi Henriksen. Boka vart lånt på biblioteket med tanke på julelesing, men eg har alt lest ein heil del. Dette er fine og koselege forteljingar til ettertanke. Perfekt lesestoff akkurat no.
Bare mjuke pakker under treet er ei fin samling noveller der jul og juleforventningar er tema. Det er jul i Skogli, Henriksen si fiktive bygd som me kjenner att frå fleire andre bøker av denne forfattaren. Denne boka kom ut i 2005 og vart då godt motteken både av lesarar og kritikarar.
Jula er ei vanskeleg tid for mange. Særleg for folk som er einsame; ein vert gjerne ekstra einsam sidan det er forventa at ein skal kosa seg så veldig med vener og famile i jula. Me får møta fleire personar som har det litt vanskeleg i denne boka. Henriksen skildrar dei alle med varme og innleving. Språket er enkelt, ujålete og muntleg. Historiane er kvardagslege, fine og litt såre.
Og litt sentimentalitet er fint, i alle fall når det snart er jul. Boka anbefalast!
"Julepsykosen" var en fin beskrivelse. Hadde tenkt å låne novellesamlingen da jeg var på biblioteket tidligere idag. Men den er utlånt til over jul. Har lest mye fint om den tidligere.
SvarSlettDet kjem vel ei jul til neste år også - så du får lånt og lest boka. Dette er ei bok som ikkje går ut på dato, men ho passar egentleg berre i desse tider av året.
SlettHaha, jeg likte også ordet "julepsykosen", det burde få plass i den norske ordboka :P Selv har jeg tre julebøker på gang akkurat nå, Coming home for christmas av Jenny Hale og Julenoveller utgitt av Juritzen i år. Pluss at A Christmas Carol av Charles Dickens ligger å venter på meg. Men denne boken høres bra ut, så det får kanskje bli den neste år?
SvarSlettJa kanskje det? Takk for tips om andre julebøker! Eg trur eg aldri har lest novella A Christmas Carol - men har, som dei fleste andre, sett fleire filmatiseringar av den.
SlettTror alle kjenner på den der julepsykosen din :) Jeg har samme ambisjonene som deg, komme meg i stemning med å være sosial, og lese, lytte og kjenne på roen. Er der nesten. Skal løpe Stoltzen i morgen med 20-40 løpegale, med nisseluer på hodet (for anledningen) For denne ene gangen i årets skyld med sekk, og i den har jeg nybakte kakemenn. Jada, de med løpetid spiser også kakemenn :)
SvarSlettÅ, det var ein fin og alternativ førjulsaktivitet :-)
SlettJa, roen og ettertanken er det julen handler om, ikke stress og mas om presanger presanger presanger..."Bare mjuke pakker under treet" virker som et godt middel mot dette - takk for tips :)
SvarSlettBare hyggeleg. Fin bok!
Slett