23. mars 2025

Vinter- og vårlesing

Det har hopa seg opp med "uomtalte bøker". Igjen. 
Nytt samleinnlegg følgjer. Alle del av serie og alle i krimsjangeren, men ulike i stil, omfang og innhald.

Eg startar med ein ny og knallbra dansk krim..

Kaoskoden av Thomas Bagger
Vigmostad Bjørke 2025
511 sider
Lånt ebok BookBites

Den fjerde boka i Task Force 14-serien er heilt i min smak. I hovudrollene finn me to fascinerande og komplekse personar, spesialagentane David Flugt og Lucas Stage. I tillegg møter me fleire andre interessante karakterar, det er masse action, stadig ny informasjon og skremmande aktuell tematikk. 
Boka er omfangsrik, men likevel forholdsvis rask å lesa - fordi det heile tida kjem inn nye og overraskande moment. Stikkord for handlinga er konspirasjonsteoriar, kunstig intelligens, cyberkriminalitet, politisk ekstremisme og (frykt for) terrorisme.
Historia blir fortalt vekselvis frå David og Lucas sitt perspektiv, dei jobbar med kvar si sak som viser seg å henga saman. Lesaren veit, heilt frå fyrste bok, at sjølv om dei to på eit vis er kollegaer, er dei også bitre motstandarar. Lucas ber med seg eit mørke som kan gjera han farleg.
Det er framleis ein heil del lause trådar i denne serien, og epilogen hintar om kva som kan bli tema i neste bok.
Kaoskoden er ein intens, velkomponert sidevendar av ein spenningsroman.
Terningkast 5+.

..og held fram med eit like ferskt fransk innslag.


Et øye i natten av Bernard Minier
Aschehoug 2025
430 sider
Lånt papirbok privat

I del 8 i serien om Martin Servaz leikar forfattaren seg med skrekkfilmsjangeren. Det er tydeleg at han har stor kunnskap om - og interesse i - denne filmsjangeren. Det har ikkje denne lesar, men eg hadde likevel glede av boka. 
Kulissane er skumle, stemninga mørk, vêret dårleg, drapa groteske og etterforskinga er både tradisjonell og alternativ.
Persongalleriet er stort, men likevel oversiktleg. Ein del fargerike og sære folk, både blant etterforskarar, gjerningspersonar og bipersonar.
Boka har fleire overraskingar undervegs, mellom dei ein sørgeleg twist omlag halvveges - som slo meg litt ut. Derifrå og ut er det fantastisk spennande. Særleg truverdig og realistisk er det ikkje, men det vart ei fascinerande leseoppleving.
Hovudhistoria blir greit oppklart, og avslutningsvis kjem ein cliffhanger av det slaget som gjer at ein nesten ikkje klarar å venta på neste bok.
Eg gir eit lite fråtrekk for alle skrekkfilmreferansane - som eg ikkje forsto.
Terningkast 5-. 

Så over til ein velskriven finsk krim.


Djevelpakten av Max Seeck
Aschehoug 2023
Speletid 12:29
Kjøpt lydfil (Mammutsal)

Del tre i Jessica Niemi-serien, der Jessica sjølv har ei heller tilbaketrekt rolle. Tittelen gjorde at eg forventa at djeveldyrking og satanisme kunne vera ein del av handlinga, men der tok eg (heldigvis) feil. Det er meir jordnært enn som så. 
Her handlar det om hevn; eit vanleg motiv i krimromansamanheng, men her er det ytterst raffinert og utspekulert. Etterforskarane får verkeleg noko å bryna seg på. 
Boka har god framdrift og høgt tempo, eit oversiktleg persongalleri og fleire overraskingar.
Terningkast 5.

Nestemann er australsk.

Dragemannen av Garry Disher
Aschehoug 2021
Speletid 7:57
Kjøpt lydfil (Mammutsal)

Svært lovande start på Peninsula-serien. Omgivelsane er eksotiske: det er jul, midtsommar og steikande heitt på halvøya utanfor Melbourne, Australia. Elles er det ein heller tradisjonell krim slik me kjenner det, med høg grad av realisme i høve etterforskingsarbeid.
Eg likte umiddelbart hovudkarakteren Hal Challis, elles sleit eg litt med å halda styr på dei mange ulike karakterane. Det er ofte eit problem når ein les lydbok. 
Konklusjon: Ein fin introduksjon til ein ny serie som eg gjerne følgjer opp i framtida. 
Terningkast 4.

På tide å snu nasen i retning norden - og til ein svenske som er sådär.


Grevgatan av Maria Fallström
Lind & Co 2023
Speletid 7:39
Lånt lydbok BookBites

Ei bok av den typen som Anita kallar "knekkebrødkrim". Det vil sei ei bok av den lettfordøyelege og lettgløymde typen - og som av og til er det rette lesestoffet om ein skal slappa av. 
Dette er fyrste del i serien "Enhet for grova brott". Veldig bra opplesar av lydboka, elles ga ikkje boka noko særleg inntrykk. Ein får liksom kjensla av at ein har lese det før. 
Terningkast 3.


Til slutt - heim igjen til gamlelandet og tre norske innslag


Plutselig var det ingen drømmer igjen av Lars Helle
Liv forlag 2024
364 sider
Lånt ebok BookBites

Del 4 i Kurt Stille-serien. Eg har lese berre ei av dei foregåande, men det er ikkje vanskeleg å komma inn i forteljinga. 
Protagonisten er ein krimforfattar som vert oppfordra til å sjå nærare på ei uoppklart kald sak. Det set sjølvsagt i gang uro, bekymringar og spekulasjonar for familie og andre som var involverte den gongen.
Dette er ei bok i kategorien bygdekrim, der hemmelegheiter og ondskap ulmar under overflata. Boka er godt oppbygd med eit gjennomarbeida plott, i ei fortid- og ei notidsforteljing, der biletet blir gradvis klårane for lesaren. Løysinga er truverdig, og ikkje altfor usannsynleg. 
Terningkast 4+.



Fritt vilt av Agnes Lovise Matre
Gyldendal 2024
358 sider
Lånt ebok BookBites

Meir bygdekrim, denne gongen med handling frå Hardanger. I den fjerde boka i Bengt Alvsaker-serien tek forfattaren føre seg fleire aktuelle tema. Sjølve krimgåta handlar om ei drukningsulukke som kanskje ikkje er ei ulukke og ei ung jente som er sakna. Etterforsking og leiteaksjon blir ytterlegare komplisert av at vêret er ekstremt dårleg. Vidare handlar det om ungdommar som lever liv foreldra ikkje har kontroll over. Dei er gjerne tøffe utanpå, men egentleg veldig sårbare og dermed lette å manipulera.
Fritt vilt er ei grei krimbok der det blir sett fokus på alvorlege problemstillingar. Så veldig spennande blir det vel kanskje ikkje, men Matre har ein god penn, karakterane framstår som ekte og handlinga er truverdig.
Terningkast 4+.


Tørt land av Jørn Lier Horst
Bonnier norsk forlag 2024
Speletid 7:40
Lånt lydbok BookBites

Styrken til Lier Horst er at det alltid er truverdig og realistisk når det gjeld teknisk og taktisk etterforsking. Så også i den nyleg Riverton-nominerte Tørt land, som er nummer 18 i serien om William Wisting. 
Eg har ikkje lese alle bøkene i serien. Interessa for Wisting forsvann gradvis etter den 7.-8. boka, for eg tykte forfattaren etter kvart berre gjentok seg sjølv. Det var liksom så forutsigbart, traust og uengasjerande. 
Men eg må innrømma at Tørt land er ei bra bok. Her klarar faktisk WW (eller Lier Horst då) å overraska meg.
Terningkast 4.

13. mars 2025

Dikt og slikt: Det er langt mellom venner

Kolbein Falkeid (1933 - 2021) fekk sagt mykje med få ord i dette diktet; eit enkelt dikt med enkle språklege bilete.


Det er langt mellom venner


Det er langt mellom venner.
Mellom venner står mange bekjentskaper
og mye snakk.

Venner ligger som små lysende stuer
langt borte i fjellmørket.
Du kan ikke ta feil av dem.

                                         
   Frå samlinga Opp- og utbrudd (1978)

5. mars 2025

Kort om: Ung manns ferd mot natt av Håkan Nesser

Gyldendal 2025
315 sider
Lånt ebok BookBites

Bok nummer åtte i Barbarotti-serien er her! For oss som er fans av forfattar Nesser og førstebetjent Barbarotti er det ei gledeleg hending - og dessutan perfekt timing med tanke på påskekrimsesongen. 

Ung manns ferd mot natt er ikkje den beste boka i denne serien, men Håkan Nesser skriv alltid godt. Det er enkelte kjenneteikn som går att i spenningsromanane hans; sakte tempo, mange samtalar, underfundig humor, filosofiske betraktningar og presise miljøskildringar. Samt kompliserte kriminalgåter, ofte med fleire overraskingar undervegs. 

Mellom det sympatiske sambuar- og etterforskarparet Gunnar Barbarotti og Eva Backman er det ei koseleg og avslappa stemning, - ei stemning i skarp kontrast til dei grove valdshandlingane dei etterforskar. 

Me befinn oss i den fiktive byen Kymlinge, der ein gymlærar er blitt funnen skoten og drepen i heimen. Avhøyr av bekjente og kollegaer avslører at den drepne ikkje var særleg godt likt, men kven kan ha hatt motiv for å ta livet av han? Etterforskinga står meir eller mindre i stampe - og det skjer eit nytt mord. Same våpen, også denne gongen utan spor og utan noko klårt motiv, og dei to ofra har tilsynelatande ingen felles referansar.

Men lesaren veit. Ganske tidleg vert det avslørt kven som står bak ugjerningane, utan at det egentleg går ut over engasjement og spenning. Sjølv om tittelen på boka seier ganske presist kva det handlar om. Gjerningspersonen sine tankar og handlingar vert skildra på ein glimrande måte. Her får ein innsikt i korleis ein smart og empatisk tenåring er blitt øydelagt av omsorgssvikt, mobbing og utanforskap. 

Ein  ikkje lesa bøkene i serien kronologisk. Ung manns ferd mot natt står seg fint åleine. 

Eg fekk visse assosiasjonar til 'Kim Novak badet aldri i Genesaretsjøen' medan eg las denne boka. Det skuldast fyrst og fremst at forfattaren skildrar så bra korleis tenåringsgutar tenkjer og handlar, og dernest det faktum at hovudpersonen i den boka har same fornamn som gjerningspersonen i denne boka.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - 

Håkan Nesser har hatt stor suksess etter at han debuterte som forfattar i 1988. Han har skrive 48 bøker selde i omlag 20 mill. eks over heile verda. Eg har gjort ei oppteljing og funne ut at eg har lese 36 av bøkene hans. Han er, og kjem alltid til å bli, ein favoritt hos meg - uansett. 
Det er likevel både overraskande og trist at Nesser i desse dagar er i nyhendebiletet fordi han er dømd til fengselsstraff grunna grov skattekriminalitet. Har han handla bevisst? Hatt dårlege økonomiske rådgjevarar? Sjølv hevdar han si uskuld, men dommen på 18 månader er no stadfesta. 

I samband med det tenkjer eg at Nesser bør bruka tida framover til lesa seg opp om svenske skattereglar og til å gjera research til ei framtidig Barbarotti-bok.

2. mars 2025

Oppsummering februar 25

Påbyrja i januar, fullført i februar:
Tore Renberg - Lorden - Norsk roman - Lånt papirbok privat

Lese i februar:
Håvard Haftor Arntzen - Åsted. På innsiden av Kripos - Norsk dokumentar - Lyd Storytel
Erik Fosnes Hansen - Tyskland på 200 sider - Norsk dokumentar - Lyd Storytel
Ketil Raknes - Hvit makt. USAs rasistiske historie - Norsk dokumentar - Lånt ebok BookBites
Atle Nielsen - Hallo! - Norsk dokumentar/humor - Lyd Storytel
Helen Fields - Perfekt død (DI Callanach #3) - Skotsk krim - Lyd Storytel
Håkan Nesser - Ung manns ferd mot natt (Gunnar Barbarotti #9) - Svensk krim - Lånt ebok BookBites
Garry Disher - Dragemannen (Peninsula #1) - Australsk krim - Kjøpt lydfil

Påbyrja i februar, fullførast i mars:
Bernard Minier - Et øye i natten (Martin Servaz #8) - Fransk krim - Lånt papirbok privat
Maria Fallström - Grevgatan (Grova brott #1) - Svensk krim - Lånt lydbok BookBites


5 lyd, 2 ebøker, 1 papir
3 lånt, 4 abonnement, 1 kjøpt
3 krim, 1 annan roman, 4 sakprosa
5 norske, 1 svensk, 1 britisk (skotsk), 1 australsk
Nye forfattarar: Arntzen, Raknes, Disher

Det vart like mange fullførte bøker i februar som i januar, trass i at denne månaden var kortare. Det må eg sei meg nøgd med. 

Eg pleier å lika Tore Renberg sine bøker veldig godt, men med Lorden vart det nedtur. Det vart aldri nokon "kjemi", det vart for mykje galskap, og slutten var rett og slett dårleg. Eg fullførte boka, og kan lika både skildringar og skrivestil, men eg fekk ikkje historia til å henga saman og konklusjonen min vart ein 3'ar.

Også Atle Nielsen si humoristiske bok om telefonen si historie, Hallo!, får terningkast 3. Det er ei heilt grei bok der me som har levd ei stund finn mange gjenkjennelege og nostalgiske element, men det blir liksom litt tynt.

Dei tre andre sakprosabøkene er veldig bra. Eg vil spesielt trekka fram Hvit makt - USAs rasistiske historie. Elles var Åsted - på innsiden av Kripos interessant lesing, sidan eg les mykje krim. Forfattaren er kriminalteknikar og åstedsgranskar og har jobba med fleire store kriminalsaker her i landet.

Eg har lese dei fleste bøkene i 200 sider-serien, og Erik Fosnes Hansen sitt bidrag Tyskland på 200 sider er blant dei beste. Litt oppramsande til tider (det blir gjerne slik når store mengder fakta skal inn på få sider), men samstundes velskrive, underhaldande og lærerikt. Fosnes Hansen har dessutan ei svært behageleg opplesarstemme. 

Når det gjeld dei tre fullførte krimromanane, må eg visa til ein eventuell framtidig samleomtale. 

20. februar 2025

Kort om: Hvit makt av Ketil Raknes

Kagge 2024
206 sider
Lånt ebok BookBites

Undertittel: USAs rasistiske historie

For mange av oss er det heilt ubegripeleg at amerikanarane kunne velja ein uberekneleg, løgnaktig, narsissistisk, mannssjåvinistisk og rasistisk president i 2016 - og på nytt i 2024. Denne boka bidreg til å gjera dette ubegripelege litt klårare.

Innleiingsvis fortel forfattaren om kor optimistisk han var med tanke på det amerikanske samfunnet då Barack Obama vart vald som president i 2008. Då såg det ut til at USA var på veg til å bli eit velfungerande fleirkulturelt demokrati. 
Han tok feil.
I etterpåklokskapens lys seier han: "Det jeg ikke forsto, er hvor dypt rasismen i det amerikanske samfunnet stikker, og hvordan det amerikanske samfunnet er uforståelig uten at man kjenner denne rasismens historie". 

Raknes meiner at USA si historie følgjer eit fast mønster. Kvar gong afroamerikanarane har fått ein rett eller oppnådd noko, har det komme voldsomme tilbakeslag og motreaksjonar. Det skjedde til dømes etter borgarkrigen då slaveriet formelt sett vart avskaffa, men der undertrykkinga og rasismen heldt fram, både i nord og i sør, i andre former.

USA har aldri teke noko oppgjer med den rasistiske historia si. Forfattaren hevdar at amerikanarane har brukt strategiar som kvitvasking, bagatellisering, fortrenging og rein historieforfalsking når det gjeld desse vanskelege sidene av si eiga historie. For det er ei grusom historie; om slaveri, massakrar, lynsjingar og apartheid. Om undertrykking og diskriminering så systematisk og gjennomført at det ikkje er til å tru. 

Boka er bygd rundt fire personar som brukte store delar av livet sitt til å kjempa for borgarrettar og mot rasisme: slaven og forfattaren Frederick Douglass, sosiologen og aktivisten W.E.B. Du Bois (som eg aldri hadde høyrt om før), fredsprisvinnaren Martin Luther King og den tidlegare presidenten Barack Obama. (På omslaget er også bilete av to kvinner som kjempa den same saka; Ida Wells og Rosa Parks, men desse blir berre nemnde såvidt i boka)

Den raude tråden elles i boka er den amerikanske sjølvstendefråsegna frå 4.juli 1776 der det heiter: «Vi mener at dette er selvklare sannheter: at alle mennesker er født like, og at de har fått visse umistelige rettigheter av sin skaper».
Teksten til fråsegna vart hovudsakleg skriven av Thomas Jefferson, ein av USA sine landsfedrar, men sjølv slaveeigar - og følgjeleg rasist. Afroamerikanarane vart ikkje kvitt slavelenkene før i 1865, og det skulle gå endå eit hundreår før dei fekk stemmerett

Hvit makt er ei lærerik, lettlest og veldig bra bok. Forfattaren har fått med seg mykje på dei vel 200 sidene. For å forstå dagens politiske situasjon er det nyttig med kunnskap og fakta om historia.
Me er mange som er bekymra for demokratiet i USA. Og i desse dagar kan ein legga til: bekymra for framtida for oss alle

Andre bloggmeiningar: Beathes bibliotek

- - - - - - - - - - - - - - - - - - 

The land of the free?


Sangen Land of the free med The Killers er inspirert av saker som Sandy Hook-massakrenEric Garner-drapet, muren mot Mexico, samt det faktum at USA er ein nasjon bygd på immigrasjon. I 2020 ga bandet ut ein ny akustisk versjon av låta og la til oppdatert tekst basert på drapet på George Floyd. Det er ein fin protestsang - stillferdig og samstundes samfunnskritisk.

8. februar 2025

Bokomtale: Tjenerinnens beretning av Margaret Atwood

Lydbokforlaget 2018
Speletid 10:01
Lånt lydbok BookBites

Salet av dystopiske bøker auka i USA etter presidentvalet i november. Mellom anna klatra 'The Handmaid's Tale', 'Tjenerinnens beretning' på norsk, meir enn 400 plassar på bestseljarlista, kan ein lesa på bok365.no

At ein 40 år gammal dystopi får ny aktualitet i samband med valet er eit sterkt signal - og er i høgste grad forståeleg. Sjølv starta eg på boka rett etter (gjen)innsettinga av president Trump no i januar. Plutseleg vart eg veldig bevisst på at dette er ein klassikar (1001-bok) eg absolutt burde ha lese.

Boka kom altså ut fyrste gong i 1985, på norsk i 1987, og har sidan komme ut i millionvis av eksemplarar i utallige opplag på mange ulike språk. Historia har dessutan blitt til både film, opera og TV-serie. 

Tjenerinnens beretning skildrar eit kristenfundamentalistisk USA; ein totalitær stat som heiter Gilead. Hovudpersonen er kvinna Offred og alt blir fortalt frå hennar perspektiv. I starten var lesinga nokså forvirrande, for eg kjende ikkje "universet" og forsto ikkje kva som var "notid" og kva som var tilbakeblikk. Etter kvart blir det klårare.

Samfunnet har gått gjennom ei omfattande endring, det gjeld både samfunnsøkonomi, kommunikasjon og infrastruktur, og i tillegg har forureining og miljøkatastrofar ført til infertilitet og befolkningssvikt. Det styrande leiarskapet - eit patriarkalsk diktatur med eit brutalt og valdeleg maktapparat - kontrollerer absolutt alt. Dei fleste kvinnene har ingen rettigheiter lenger; dei får ikkje jobba, har ikkje pengar, får ikkje lesa bøker, får ikkje snakka saman eller ha annan kontakt med andre. Folk er elles sorterte etter strengt oppsette kategoriar i eit ekstremt hierarkisk system.

Offred er innan kategorien "tjenerinne". Det vil sei at sidan ho er i fertil alder og "fødedyktig" er ho gjort til eit slags avlsdyr og ei potensiell fødemaskin som tilhøyrer eliten/førarane og konene deira. Dersom ho ikkje er lydig vil ho bli hengt eller sendt til "koloniane" for å døy ein langsam død. Ho har heller ikkje fått behalda sitt verkelege namn. Offred kjem av "of Fred" - ho er Fred ("føraren") sin eigedom. Ho har vore (er) gift og har ei dotter, men om dei to framleis er i live er uvisst. Håpet om at dei finst der ute ein plass gjer at Offred trass alt held ut. Held ut fornedring og undertrykking. Held ut absurde påbod og merkelege forbod. Held ut regelmessige rituelle valdtekter.

Tjenerinnens beretning er ei god bok med ei skremmande handling. Alt foregår i ei dystopisk verd, men nokre tema er ikkje så fjernt frå det me kan sjå i den verkelege verda i dag. Til dømes vart den landsomfattande retten til sjølvbestemt abort fjerna i fjor då høgsterett i USA skrota Roe vs. Wade-dommen. Eit anna døme er Taliban sin kvinnefiendtlege og undertrykkande politikk i dagens Afghanistan.

Margaret Atwood har sjølv kalla romanen "spekulativ fiksjon" og har i fleire høve streka under at alt i boka er slikt som verkeleg har hendt ein eller annan gong i menneska si historie. Ho skal elles ha henta inspirasjon frå mellom anna den islamistiske revolusjonen i Iran i 1979 og framveksten av kristenkonservative krefter i USA på 1970- og 80-tallet då ho skreiv boka. Dessverre er fortejinga om eit fiktivt diktatorisk USA aktuelt - også i dag. Handlinga er på ein måte realistisk, sjølv om ein egentleg ikkje kjenner att samfunnet.

Tjenerinnens beretning er ein roman som vekkjer sterke kjensler. Det er ei interessant og gjennomtenkt bok, skriven med galgenhumor og med snert - og ho har ein viktig bodskap. Det er ubehageleg å lesa om alt det grusomme som skjer, men ein kan også ana eit glimt av håp.

Eg "las" boka som lydbok. I ettertid ser eg at eg kanskje burde hatt papir- eller ebok tilgjengeleg óg, fordi eg då ville ha skjønt meir av spranga att og fram i tid. Lydboka er forøvrig glimrande opplest av Bodil Vidnes-Kopperud.

3. februar 2025

Oppsummering januar 25

Påbyrja i desember, fullførast i januar:
Jan Guillou - Arven etter Arn (Arn Magnusson #4) - Svensk historisk roman - Lyd Storytel
Stein Ringen - Fortellingen om Skandinavia - Norsk historisk dokumentar - Papir, fått i julegåve

Lese i januar:
Susanna Alakoski - Londonjenta (Bomullskvartetten #2) - Finsk roman - Lånt lydbok BookBites
Lars Helle - Plutselig var det ingen drømmer igjen (Kurt Stille #4) - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Helen Fields - Perfekte spor (DI Callanach #1) - Skotsk krim - Lyd Storytel
Agnes Lovise Matre - Fritt vilt (Bengt Alvsaker #4) - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Helen Fields - Perfekt offer (DI Callanach #2) - Skotsk krim - Lyd Storytel
Margaret Atwood - Tjenerinnens beretning - Kanadisk roman - Lyd Storytel

Påbyrja i januar, fullførast i februar:
Tore Renberg - Lorden - Norsk roman - Lånt papirbok privat


5 lyd, 2 ebøker, 1 papir
3 lånt, 4 abonnement, 1 fått
4 krim, 1 historisk roman, 2 andre romanar, 1 sakprosa
3 norske, 1 svensk, 1 finsk, 2 britiske (skotske), 1 kanadisk
Nye forfattarar: Ringen, Fields, Atwood

Fyrste månad i leseåret 2025 starta litt tregt, men tok seg veldig opp etter kvart. 

Eg fullførte Arn-serien, ein serie som kan anbefalast alle historieinteresserte. Parallelt las eg 'Fortellingen om Skandinavia', noko som var interessant, for ein del av handlinga i romanserien og dokumentaren overlappar kvarandre. Forfattar Stein Ringen dreg dei lange og store linjene i den felles-skandinaviske historia. Interessant som sagt, men etter kvart noko oppramsande. 

Denne månaden fann eg òg ein ny lesbar forfattar og krimserie på Storytel: Helen Fields og serien hennar om den skotsk-franske politietterforskaren Luc Callanach. Veldig grei etterforskarkrim som kan minna litt om bøkene til ein annan skotsk forfattar; Val MacDermid. Fields har gitt ut mange bøker i serien, så eg kjem truleg til å tilbringa ein del tid "saman med" DI Callanach og kollegaene hans framover. 

To av fjorårets norske krim (Helle, Matre) vart det også tid til. Heilt greie begge to. Det same er del to i Susanna Alakoski sin serie Bomullskvartetten.

Månadens høgdepunkt vart Tjenerinnens beretning av Margaret Atwood. Her var eg "heldig" med timinga: Omlag samstundes med at Donald Trump vart innsett som president starta eg å lesa denne boka som er i ein sjanger eg sjeldan les: dystopisk roman. Men eg forstår no kvifor boka er blitt så berømt og at ho blir rekna som ein moderne klassikar.
Eg har lese mykje om boka tidlegare, så eg visste på ein måte kva eg gjekk til. Likevel vart eg forvirra i starten, for eg skjønte ikkje kva som var "notid" og kva som var tilbakeblikk, men det vart klarare og gjekk seg til. Etter kvart vart eg regelrett "sugd inn" i boka - og med tanke på alt det rare som kjem frå Det kvite hus om dagen - vart leseopplevinga ekstra sterk og skremmande.
Omtale kjem. 

24. januar 2025

Serieomtale: Arn Magnusson av Jan Guillou

Serien om Arn består av trilogien Veien til Jerusalem, Tempelridderen og Riket ved veiens ende, samt den frittståande oppfølgjaren Arven etter Arn. Bøkene kom ut fyrste gong i tida 1998 - 2001.

Handlinga er lagt til korsfarartida, dvs. tidleg middelalder. Det er ei svær forteljing på omlag 1800 sider tilsaman. Forfattaren har bygd på - og henta inspirasjon frå - legender, arkeologiske funn og verkelege historiske hendingar og personar. Tematikken er tidlaus: Det handlar om ære og skam, tru og vantru, kjærleik og hat, intrigar og alliansar. Mellom anna.

Eg las bøkene for mange år sidan og har lenge hatt ynskje om lesa dei på nytt - og no har eg gjort det. Eg vart kanskje ikkje like betatt denne gongen, men meiner framleis at denne serien er ei stor og god leseoppleving. Denne gongen gjekk eg for lydbokformatet. 

Ekstra inspirasjon til gjenlesing av serien fekk eg i fjor haust då eg las fleire sakprosabøker om middelalderen.

Hovudpersonen er altså Arn Magnusson (fødd omlag år 1150) som er ein fiktiv karakter. Samfunnet var veldig uroleg, omskifteleg og brutalt på den tida det her er snakk om - og dermed er det ein veldig kontrast når Arn framstår som snill, diplomatisk, kunnskapsrik, handlingskraftig, framsynt og tolerant. Altså egentleg altfor god til å vera truverdig, litt supermann, litt glattpolert og til tider litt "Carl Hamiltonsk" om du vil. Men eg har valt å sjå vekk frå slike (i denne samanheng bagatellmessige) innvendingar. 


Veien til Jerusalem
Som lite barn vart Arn sendt til kloster. Bakgrunnen var ein ulykke der vesle Arn heldt på å døy og foreldra i desperasjon og takksemd lova å gi han til Gud dersom han fekk leva. I klosteret får Arn opplæring i filosofi, skrivekunst, legekunst og latin. Av munken Guilbert, som har vore tempelriddar i Det heilage landet, får han dessutan læra våpenkunst på høgt nivå.
Arn vender tilbake til farsgården når han er 17, og oppdagar då at verda - og han sjølv - er blitt heilt annleis. Gjennom barndomsvenen Knut Eriksson blir Arn involvert i rivaliseringa og stridigheitene mellom dei ulike ættene som kjempa om makta i (det som etter kvart vart) Sverige.
Omlag på same tid møter Arn den store kjærleiken; Cecilia Algotsdotter. Det blir planlagt bryllaup trass i at familiane er skeptiske til forholdet. Men så skjer noko som gjer at dei blir skilde frå kvarandre i 20 lange år.

Tempelridderen
I denne boka får me følgja Arn som tempelriddar og borgherre i Gaza og Cecilia som nonne på Gudhem kloster. Begge skal oppleva mangt og gå gjennom mange prøvelsar.
Det mest fascinerande i boka er det som handlar om det historiske Gaza - og her kan ein trekka linjene til dagens situasjon i området. Måten Guillou framstiller dei kristne korsfararane og muslimane (sarasenarane) på er veldig interessant. Vidare skildrar forfattaren fleire møte mellom to kloke leiarar som har respekt for kvarandre; tempelriddaren Arn Magnusson og den muslimske hærføraren Saladin.
Mot slutten av boka er både Arn og Cecilia ferdige med soningstida si, men problema er likevel ikkje over.

Riket ved veiens ende
Arn kjem tilbake til heimlandet, prega av alt det dramatiske han har opplevd, og med mykje rikdom og kunnskap om m.a. handel.
Omsider vert Arn og Cecilia foreinte og startar på livet saman, men det blir ikkje heilt som forventa. Noko er personleg og noko skuldast krefter utanfrå; begge står nær personar som kjempar om kongsmakt. Storpolitikken og kampar om makt og kongekrone fører til blodige slag med fatale konsekvensar for samfunn og enkeltpersonar.

Arven etter Arn
Arn er forlengst død når handlinga tek til i denne frittståande oppfølgjaren, så her er det etterkommarane det handlar om. Det er dessutan ei forteljing om korleis Sverige vart til eit samla land.
Hovudperson er Birger Magnusson, Arn sitt barnebarn, - og me får følgja han frå han er ein ung gut og til han blir ein eldre mann. Ein kan kjenna att mange av Arn sine eigenskapar i Birger, men Birger framstår som barskare og meir omsynslaus. 
Birger Magnusson var ein verkeleg historisk person (levde 1210 - 1266) og er i ettertid mest kjent som Birger Jarl, riksforstandar, formyndarregent og grunnleggar av Stockholm. Han vart aldri konge, men var ei tid den egentlege regenten i landet. To av sønene hans vart kongar og ei dotter vart dronning av Noreg. 
Historiske fakta kombinert med fantasifull dikting fungerer fint. Arven etter Arn er (som dei andre bøkene i serien) ei lærerik og underhaldande bok, krydra med episodar og skildringar som gir liv til personane og driv i handlinga. 

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - 

Bøkene er filmatisert (to filmar og ein TV-serie) - og det er også laga ein dokumentar om Arns rike der forfattaren sjølv er guide. I tillegg kan eg anbefala den glimrande dokumentarserien Historia om Sverige som ligg på NRK nett-TV.

11. januar 2025

Fjorårets beste krimbøker

Egentleg var eg ferdig med oppsummering av leseåret 2024, men så dukka det opp ein interessant artikkelserie på nettstaden krimlitteratur.com. Bidragsytarane der har plukka ut krimfavorittane sine for året som gjekk - og dermed vart eg inspirert til å gjera (noko av) det same. 

I 2024 las eg 31 krimbøker som vart utgitt i 2024; 15 norske og 16 omsette. 10 av dei 31 ga eg terningkast 5. Ikkje så verst egentleg, for eg er ganske kresen..
Når eg summerer opp viser det seg at mine 10 beste frå 2024 består av tre norske og sju omsette krimromanar. 

Norske


Heine Bakkeid: Sorgsankeren
 
Den femte boka i Thorkild Aske-serien er ei veldig bra bok og vart av den grunn ein av årets norske høgdepunkt for meg. Stemninga er mørk og dyster, hovudpersonen er hardkokt og desperat og gjerningspersonen er særdeles ond og utspekulert. 'Sorgsankeren' er velskriven, godt plotta og har eit veldig driv.

Terje Bjøranger: Den ingen ser
 
Denne boka er det mange som har nemnt som ein av dei beste i 2024 - og det er eg enig i. Bok nummer 5 i serien om Charlie Robertsen er ein viktig og engasjerande roman som tek opp alvorlege tema. Historia er sterk og fascinerande og gir eit truverdig bilete av aktuelle samfunnsproblem. 

Unni Lindell: Dukken i tauet 
Tredje bok i serien om Lydia "Snø" Winther er velskriven, velplotta og velkomponert. Forfattaren har behalde det kjende krimuniverset frå tidlegare bøker/seriar og tek samstundes opp nyare tematikk som kunstig intelligens, gaming og gentesting.

Utanlandske
Dei omsette er fire svenske, to danske og (overraskande!) ei australsk.

Arne Dahl: I sirkelens sentrum 
Fyrste bok i ny serie frå sjølvaste Arne Dahl er ein knallbra kriminalroman; ei godt oppbygd historie med dramatiske hendingar og vendingar. Boka har eit spennande og aktuelt tema og eit intrikat plott. Forfattaren kan krimhandverket og brukar verktøya effektivt.

Håkan Nesser: Det kom et brev fra München 
Nummer åtte i serien om Barbarotti er ein "snill" og underhaldande feelgood-krim der innhald, plott, skrivestil og språk er på eit høgt nivå. Omgivelsane og deler av tematikken minner om klassisk britisk puslespelkrim.

Lars Kepler: Søvngjengeren 
Bok ti i Joona Linna-serien er handlingsrik, perspektivrik og svært spennande, - og som alltid frå dette forfattarparet; mørkt, skummelt og blodig. Så veldig realistisk er det ikkje, men Søvngjengeren er ein bladvendar som gir deg puls!

Lina Bengtsdotter: Flammene 
Svensk bygdekrim, ikkje del av serie. Stikkord for handlinga er vonde hemmelegheiter, vanskelege oppvekstmiljø og dysfunksjonelle familiar. 'Flammene' er ei gripande historie med stemning og truverdige karakterar.
Den 10. og siste boka i Avdeling Q-serien er både underhaldande og spennande. Persongalleriet er mangfaldig og det vert fleire gjensyn med karakterar frå tidlegare bøker. Alt i alt ei verdig avslutning av ein knallbra serie - og det er fornuftig av forfattaren å gi seg på topp.

Jens Henrik Jensen: Pilegrim
Eg har ikkje blogga om den sjette boka om Oxen (men eg laga ein gong ein serieomtale av dei fire fyrste bøkene). 'Pilegrim' er ikkje så rå og brutal som 'Gladiator', men er ei spennande historie med god spenningsoppbygging. Hovudpersonane er interessante og framstår som "fleirdimensjonale". Det er spesielt interessant å følgja Oxen sine tankar og handlingar sidan han har bakgrunn som jegersoldat med PTSD-problematikk. Kan lesast som frittståande bok, men då går ein glipp av samanhengar og utviklingstrekk.

Emma Viskic: Den skyldige
Heilt til slutt; det mest nyskapande og eksotiske innslaget av mine topp ti frå 2024. Eg har ikkje blogga om 'Den skyldige' heller, men her vart eg både imponert og fascinert. Omgivelsane er originale, historia er engasjerande og boka er elles kjenneteikna av intensitet og høgt tempo. Protagonisten har eit handicap som gjer at han ser på verda på ein alternativ måte; etterforskaren Caleb Zelic er nemleg døv. Perspektivet er dermed heilt annleis enn det som er vanleg i krimlitteratur-samanheng. 
Neste bok har norsk tittel 'Ildfall' og kjem i mars.



Eg kunne i tillegg ha lagt til Karolines krig (som eg ga ein femmar) i denne lista, for eg ser at bokbloggar Tine har den boka med i sine utvalde omsette bøker. Men denne boka blir (av forlaget) kategorisert som roman og ikkje krimroman.


3. januar 2025

Årsoppsummering og statistikk for leseåret 2024

Godt nytt år!

Her kjem tal og statistikk for leseåret som har gått. Sidan eg som regel les etter lystprinsippet og etter det som tilfeldigvis dukkar opp, er det alltid interessant å sjå på kva som faktisk blir lese i løpet av eit år.

Hovudpunkta frå årsstatistikken for 2024 er følgjande:
  - Fordeling på sjanger syner (som alltid) svært stor overvekt av krim- og spenningsromanar.
  - Talet på bøker pr. år ligg stabilt på rundt 100. I 2024 vart det ein liten nedgang til 96.
  - Langt over halvparten av bøkene er lydbøker og det blir stadig færre bøker i papirformat.
  - Snittkarakteren er noko høgare enn i 2023.
  - Eg kjøpte kun ei bok (lydfil) i 2024. Dei andre bøkene er anten lånebøker eller abonnementbøker (Storytel).
  - Flest norske forfattarar, følgd av svenske.
  - Framleis veldig skeiv kjønnsfordeling, men litt betre enn året før.

Tala er slik: (Fjorårets tal i parentes)

Til saman
96 bøker (103)
- av dei over 500 sider: 8 (13)

Sjanger
63 krim-, thriller- og spenningsromanar (68)
12 andre romanar (7)
19 sakprosa (24)
     - av dei 8 biografiar (7)
3 novellesamlingar (4)

Format
16 papirbøker (24)
26 ebøker (25)
55 lydbøker (54)

Alder
Utgitt før 2011: 15 (5)
43 av bøkene var utgitt i åra 2011 - 2023
37 i 2024 (34)
     - av dei 20 norske (20)

Kjelder
50 lånt - privat, bibliotek og BookBites (63)
42 Storytel-abonnement (39)
Kjøpt sjølv 1 (0)
Fått i gåve 3 (1)
Lese-/lytteeksemplar: 0 (0)

Terningkast
Terningkast 6: 2 bøker (3)
Terningkast 5: 39 bøker (30)
Terningkast 4: 44 (55)
Terningkast 3: 9 (13)
Terningkast 2: 2 (2)
Terningkast 1: 0 (0)

Forfattarar
13 "nye" forfattarar (22)
   Kjønn:
   70 bøker skrivne av menn (79)
   26 av kvinner (27)
   Nasjonalitet:
   42 bøker skrivne av norske forfattarar (57)
   33 av svenske forfattarar (20)
   8 britiske (11)
   6 danske (7)
   2 amerikanske (3)
   1 islandsk (3)
   1 fransk (0)
   1 australsk (1)

I 2024 las eg flest bøker av
Arne Dahl (12 bøker!), Øystein Morten (4), Jan Guillou (3) og Mikael Ressem (3). For alle dei øvrige vart det to og ein av kvar.

Årets beste leseoppleving
Nedanfor ser du eit utval av dei beste leseopplevingane mine (skjermbilde frå bokelskere.no) - og det er lett å sjå kven som er "årets forfattar" - som er Arne Dahl. Gjenlesing av Dahl sin bokserie om A-gruppen vart årets beste leseoppleving for meg.

Dahl ga også ut fyrste bok i ein heilt ny serie i 2024 (I sirkelens sentrum), og eg har stor tru på denne nye serien. Elles er det mange "gamle kjenningar" som har innfridd forventningane mine og har gitt meg fine/spennande/underhaldande lesestunder, til dømes Håkan Nesser, Kim Leine, Jens Henrik Jensen, Jan Guillou og Hjorth og Rosenfeldt - for å nemna nokre få. Av sakprosaforfattarar må nemnast Torbjørn Færøvik, Tore Skeie, Mona Ringvej og Øystein Morten.







Det er ikkje noko mål i seg sjølv å lesa mest mogleg, for når det gjeld bøker bør kvalitet telja meir enn kvantitet. Men kvalitet er i denne samanhengen subjektivt; det betyr at den enkelte boka må engasjera og bevega den enkelte lesar.
I kva grad ein vert engasjert, involvert og bevega veit ein ikkje på førehand. Difor kjenner eg på forventning og spenning når eg byrjar på ei ny bok - og eg kjenner på den same forventninga framfor eit nytt bokår.