31. januar 2014

Oppsummering januar

Påbyrja i desember, fullført i januar:
Stephen King, Roald Dahl, John Steinbeck, Ray Bradbury m.fl. - Stemmen i natten og andre grøsserhistorier - Krimnoveller - Lydbok lånt på biblioteket

Lest i januar:
Samuel Bjørk - Det henger en engel alene i skogen - Norsk krim - Papirbok fått i julegåve
Gunnar Tjomlid - Placebodefekten - Norsk dokumentar/populærvitenskap - Papirbok lånt av bror
Ingvar Ambjørnsen - Natten drømmer om dagen - Norsk roman - Lydbok lånt på biblioteket
Arne Garvang - En helt tilfeldig forbrytelse - Norsk krim - Papirbok lånt på biblioteket
Ketil Bjørnstad, Tom Egeland, Helga Flatland m.fl. - Julefortellinger - Noveller - Papirbok lånt av mor
Monika Yndestad - Jentene fra balletten - Norsk krim - Kjøpt papirbok
Jørgen Jæger - Stemmen - Norsk krim - Gratis e-bok
Kari Nygaard - Reisen til Bella Coola - Norsk roman - Lydbok lånt på biblioteket - avbraut
Tana French - Skogen - Irsk spenning - Lydbok lånt på biblioteket
Nikolaj Frobenius - Mørke grener - Norsk thriller - Papirbok lånt på biblioteket
Gerard Donovan - Vinter i Maine - Amerikansk roman - Kjøpt pocket
Gert Nygårdshaug - Prost Gotvins geometri - Norsk roman - Kjøpt lydfil

Påbyrja i januar, fullførast i februar:
Jerker Eriksson og Håkan Sundquist - Pythias anvisninger - Svensk krim - Kjøpt pocket
Cecilie Enger - Mors gaver - Norsk roman - Lydfil fått frå Lydbokforlaget

Skjermdump frå bokelskere.no
Mange fine leseopplevingar i januar, som vart ein månad prega av at eg var pjusk, - difor vart eg stort sett sitjande i ro i godstolen med ei bok; eg har knapt vore utanfor døra - utanom på jobb. Det vert heilt sikkert ikkje så mykje lesing i februar, for då skal vinter-OL og TV-titting prioriterast eit par veker.

Ha ein fin lese- og OL-månad alle! :-)

29. januar 2014

Førebuingar til Bokbloggerprisen 2014

Med tanke på kommande nominering til Bokbloggerprisen ønskjer eg å ha oversikt over kva eg har lest og kva eg har lyst til å lesa av norske titlar utgitt i 2014. Dette innlegget kjem til å bli oppdatert etter kvart og ved endringar, samt leggjast i ein eigen fane. Når eg har lest og omtalt ei bok, kjem eg til å laga lenker til dei her på denne sida.

Oversikten nedanfor er laga av meg og tilpassa meg og min lesesmak; det vil sei at her skal det vera mest fokus på krim når det gjeld romanar, og på dokumentar/fakta når det gjeld open klasse.

Red. 8. 1.2015: Så langt kom eg før fristen gjekk ut. Oppdateringa av dette innlegget vert avslutta i dag og fana skal fjernast når eg har fått laga ein tilsvarande oversikt for bøker 2015. 

Har lest:

Romanar/krim
Open klasse

Les no:




På leseplanen:
(Desse bøkene hadde eg tenkt å lesa, men kom ikkje så langt)

Romanar/krim

  • Fjell, Jan Erik: Rovdyret (Juritzen)
  • Henriksen, Levi: Harpesang (Gyldendal) - lest i april 2015
  • Holt, Anne og Holt, Even: Sudden death (Vigmostad & Bjørke)
  • Junker, Merete: Venuspassasjen (Gyldendal) - lest i mai 2015
  • Kristensen, Monica: Ekspedisjonen (Press) - lest i februar 2015
  • Kristensen, Tom: Dødspakten (Aschehoug) - lest i februar 2015
  • Larsen, Britt Karin: Slik treet faller (Cappelen Damm) - lest i juni 2015
Open klasse
  • Fugelli, Aksel: Per - glimt av min far (Cappelen Damm)
  • Grytten, Frode: Vente på fuglen (Kagge) - lest i mai 2015
  • Jørgensen, Ola Jostein: Ingen drømmer om Oslo (Aschehoug)
  • Nord, Bjørn Asle: Gi meg heller livet (Skald)
  • Nygård, Harald og Gievær, Anders: Øyenvitne (Vega)

27. januar 2014

Bokbloggerprisen 2013 - kortlistene

Føremålet med Bokbloggerprisen er å setja søkelys på og å fremja norsk litteratur - og det tykkjer eg er både bra og viktig. Mange bokbloggarar har vore spente på kortlistene som vart publiserte i dag.

Illustrasjon: http://norskebokbloggere.wordpress.com/
ÅRETS ROMAN:
  • Disse øyeblikk av Herbjørg Wassmo
  • Fugletribunalet av Agnes Ravatn 
  • De usynlige av Roy Jacobsen 
OPEN KLASSE:
  • Fugl av Lisa Aisato
  • Urd av Ruth Lillegraven
  • Odinsbarn av Siri Pettersen

Det vert lagt opp til samlesing i perioden februar - august. Eg er usikker på kor mykje eg skal delta i dette: Ikkje for å vera gledesdrepar, men dei bøkene som no er i "finaleheatet" er - for meg - ikkje så interessante. Men eg har planar om å lesa De usynlige, i alle fall - og kanskje Fugletribunalet, om den er tilgjengeleg på biblioteket når samlesinga av den skal føregå i mars. Disse øyeblikk? Nei, dessverre. Eg orkar ikkje, eg las "glassveranda-trilogien" (Tora-bøkene) for mange år sidan - og sjølv om dei (på ein måte) var gode, sette dei meg i skrekkeleg dårleg stemning, med alt det mørke og depressive.

Eg kjenner at eg er skuffa (og ein smule gretten) over at Det finnes ingen helhet og Vi ses i morgen ikkje nådde heilt opp. Alt tyder på at det er for få av mine medbokbloggarar som har lest desse to - elles hadde dei begge havna på kortlistene - det er eg overtydd om! Eg nominerte også Politi - som overraskande nok havna på langlista - men hadde ikkje tru på at den kom på kortlista, så at den boka no havna "utanfor pallen" er heilt greitt.

Bøkene i open klasse - ein diktsamling og to barnebøker - kjem eg neppe til å lesa (eg hadde håpa på Lippestad..) Men! - eg skal sjølvsagt følgja med og eg tykkjer altså at engasjementet og merksemda rundt Bokbloggerprisen 2013 er litt artig.

Eg er innstilt på å ha fokus på ny norsk litteratur dette året også, og er i ferd med å laga ein bloggpost meint som ei førebuing på prisen som skal delast ut neste år; for titlar utgitt dette året. Eg ønskjer å vera ute i god tid, og - som i fjor, ønskjer eg å ha ein oversikt over kva eg har lest og har lyst til å lesa.

Red. 15.09.14
Så var det avgjort. Utdelinga av bokbloggerprisen 2013 gjekk føre seg i samband med Bokbloggertreffet 2014 - og vinnarane vart Agnes Ravatn og Ruth Lillegraven.
Eg gratulerer vinnarane, dei er sikkert både greie og flinke, - men reagerer elles med eit skuldertrekk og konstaterer at eg er på kollisjonskurs med dei fleste andre bokbloggarar. For meg vart denne fyrste utdelinga av bokbloggerprisen eit stort antiklimaks.
Fugletribunalet har eg prøvd å lesa, men eg fann boka så irriterande og håplaus at eg gav opp etter å ha lest halve. Urd kjem eg aldri til å lesa. Eg likar dikt, men kun enkeltdikt og har aldri i mitt liv lest ei heil diktsamling.


P.S.
Eg stemde eg også - på den einaste kortlisteboka eg faktisk las; 
De usynlige

26. januar 2014

Bokomtale: Stemmen av Jørgen Jæger

Juritzen forlag 2012
511 sider
Gratis ebok (Norli)

Bok nummer seks om lensmann Ole Vik i Fjellberghavn startar forrykande og høgdramatisk. Ei biljakt fører til at lensmannen vert hardt skada og forsvinn inn i koma - og der blir han verande gjennom stort sett heile boka. Kollegaen hans, Cecilie Hopen, vert kidnappa ved det same høvet og funnen att medvitslaus i Drammen; i lasterommet på ein bil saman med to lik - dei to mennene som bortførte henne.
Hovudrolla i Stemmen vert dermed overlate til Cecilie, og ho spelar også ei vesentleg rolle når det gjeld oppklaringa av mysteriet.

Eg har lest alle bøkene i Ole Vik-serien og ser på dei meir som kosekrim enn som politikrim. Dramatikken og spenningen er der til ein viss grad, - samstundes handlar det mykje om kvardagane og privatlivet til dei enkelte karakterane - for mykje etter min smak. Personskildringane er ganske vage og flate - og dei stereotype personane finn ein også i Stemmen. Me møter att den valdelege og tvers gjennom usympatiske politimannen Kristian Kvamme og får bli kjend med den overhyggelege og overkjekke etterforskaren ved Drammen politikammer, Bernhard Ro og sjefen hans, den dobbeltarbeidande og trippelbekymra Marte Mellingen.

Det er skurken - drapsmannen - som vert kalla Stemmen - fordi Cecilie faktisk har høyrt den karakteristiske stemma hans. Etter kvart vert det også klart at vedkommande haltar og at han har ein spesiell oppdragsgjevar. Drammen vert med eitt ein uhyggeleg by og det vert skikkeleg skummelt for hovudvitnet Cecilie som gradvis hugsar meir av kidnappinga og drapa.

Eg har brukt lang tid på boka. Ho er med andre ord ikkje spennande nok. Dei øvrige hendingane i boka står ikkje i stil med den actionfylte opninga.

Eg likar at Jæger har flytta mesteparten av handlinga til ein verkeleg by - Drammen - frå dei oppdikta plassane Fjellberghavn og Borg - det gir det heile eit meir autentisk preg. Eg tykkjer bøkene i serien vert stadig betre, men er fortsatt ikkje superimponert. Her er for mange klisjear, for mange uvesentlege detaljar og ting som eg har lest før, på ein måte, - men språket er effektivt og har bra flyt.


Konklusjon: Stemmen er grei. Lettlest, uproblematisk og grei krim. Karakter 4 minus.

23. januar 2014

Bokomtale: Mørke grener av Nikolaj Frobenius

Gyldendal 2013
275 sider

Lånt på biblioteket

Mørke grener er ein mørk og fascinerande roman. Boka handlar om forfattaren Jo Uddermann, som har kone og barn og er tilsynelatande vellukka. Han har nettopp gitt ut ein sjølvbiografisk roman, som handlar om eit barndomsvenskap. Jo var mykje saman med den gåtefulle og onde Georg då dei var barn. I vaksen alder har Jo høyrt at Georg er død, men det skal syna seg at dette ikkje er tilfelle.

Jo riv i boka si opp i gamle sår - og dette får bortimot katastrofale konsekvensar. Mystiske ting tek til å skje; Jo vert skremd, sømnlaus og paranoid - han er ikkje lenger sikker på verken seg sjølv eller sine eigne sansar og veit ikkje kven han kan stola på. Han har dessutan dårleg samvit for utruskap og tek til å bli redd for familien og barnet sitt.

Forfattaren skildrar godt korleis frustrasjonen, ubehaget og panikken tek tak i Jo, - og som lesar føler ein, etter kvart som ein les, at stemningen vert eklare og skumlare. Boka er veldig spennande; ein må lesa vidare for å sjå korleis det heile endar. Eit stykke ut i boka vert ein dessutan litt usikker på kven som er ond og gal. Er det Jo eller er det Georg? Kva er verkeleg og kva er fantasi? Kva er notid og kva er fortid? Det vert lagt opp til eit dramatisk klimaks, - og det får me - men eg sat faktisk og forventa meg enno meir dramatikk.

Trass i den litt ekle og mørke stemningen i boka, er ho veldig lettlest - og akkurat passe lang.

Mørke grener er nominert til Ungdommens kritikerpris 2013/14 og P2-lytternes Romanpris 2013. Dette er den fyrste boka eg har lest av Nikolaj Frobenius - men det vert ikkje den siste.

Andre bloggmeiningar: Bok-Karete, I bokhylla, Karis bokprat, Artemisias Verden, Tine's blogg.

21. januar 2014

Bok på vent: Prost Gotvins geometri

Då var det på tide å laga eit lite innslag til bokemnet Boken på vent hos Beathes bokhylle. Dagens bidrag frå meg er den neste lydboka eg skal lytta til; ei bok som kom ut i 1998 - Prost Gotvins geometri av Gert Nygårdshaug.

Nygårdshaug er ein forfattar som leikar seg med ord, setningar og sjangrar. Bøkene hans er som oftast utfordrande, både når det gjeld fantasi og intellekt. Eg er spesielt glad i krimforfattaren Nygårdshaug og i dei sære heltane hans Fredric Drum og Skarphedin Olsen - men har absolutt sans for mange andre av bøkene hans òg, t.d. Mengele Zoo og Chimera, der han - i tillegg til mykje anna - tek opp klima- og miljøproblematikk.

Dette er den kort-korte omtalen frå forlaget når det gjeld Prost Gotvins geometri:.
Når Gotvin Soleng, en ung prost i en liten bygd i landet Norge reiser til Santiago de Compostela i Spania for å se nærmere på noen katolske mirakler, da kan alt skje. Og det gjør det.
Eg forventar ei fantasifull og sjarmerande forteljing, kanskje ispedd litt samfunnskritikk og gjerne nokre ord til ettertanke. Lydbokversjonen har eg kjøpt og lasta ned via Ordflyt. Opplesar er Anders Ribu.

19. januar 2014

Krim og kutt, kultur og ukultur

Norsk Kulturråd kjøper kvart år mengder av nye utgjevingar frå norske forlag, som vert fordelte vidare til biblioteka rundt om i landet. Den såkalla innkjøpsordninga er ei av bærebjelkane innan den norske litteraturpolitikken. Føremålet har vore å styrka mangfaldet og å støtta opp om "forlaga sine evner til å utvikla nye forfattarskap og å utgi smalare litteratur", som det heiter. 

I statsbudsjettet for 2014 er bevillingane til språk, litteratur og bibliotekføremål i Norsk Kulturfond kutta med 10 millionar kroner - og ein samla bransje er enige om at kuttet kjem til å råka denne offentlege innkjøpsordninga og at det dermed kjem til å bety færre tilgjengelege bøker på biblioteka. Sidan eg er ein ivrig bibliotekbrukar, tykkjer eg dette er veldig trist. Bokbudsjetta er så låge frå før at dei fleste biblioteka er heilt avhengige av desse gratis bøkene som dei får gjennom innkjøpsordninga. Totalt vert det kjøpt inn omlag 600 titlar kvart år av ny norsk skjønnlitteratur for vaksne og for barn og unge.

Statssekretær Knut Olav Åmås (H) i Kulturdepartementet har verkeleg "drete på draget". Han sa nemleg i eit intervju med Klassekampen at det i denne samanhengen kan vera fornuftig å fjerna krim frå innkjøpsordninga - fordi dette er så populært. Han ba om bråk - og det har han sjølvsagt fått. Krimforfattarane rasar og i ein kronikk i Aftenposten får han også indignert motbør frå ein annan kjend forfattar, Erik Fosnes Hansen.

Det som irriterar meg mest i saka er den underliggjande haldninga her: At krim er folkeleg og difor ukultur og mindre betydningsfullt. Eg får lyst til å sei som Liv Signe til Åmås: Du veit ikkje kva du snakkar om! Det går jo berre ikkje an å setja sjangrar opp mot kvarandre på den måten som han gjer. Som mangeårig krimlesar veit eg at det finst god og dårleg krim, akkurat som det finst god og dårleg annan skjønnlitteratur. Ja, det finst heilt sikkert middelmådige barne- og ungdomsbøker og elendig lyrikk som vert kjøpt inn av kulturrådet også. At ei bok er populær tyder då ikkje på at ho er mindreverdig?!

Ved at biblioteket tilbyr krim og underhaldningslitteratur, bidreg dette til å trekka folk/brukarar dit. Kanskje går folk dit for å låna og lesa Nesbø og Fossum (eller Samartin og Riley, for å ta eit par andre populære underhaldningsforfattarar) - men i tillegg finn dei annan attraktiv litteratur. Horisonten til den enkelte lånar/brukar/lesar kan utvidast, leseinteressen kan aukast, - men då må biblioteka tilby desse "gulrøttene". Dersom biblioteka ikkje tilbyr attraktiv og ny litteratur, giddar ikkje folk å oppsøka biblioteka - og tenesta vert dårleg og kan verta vekke. Det er ikkje forfattarane som i fyrste rekke vert råka av kutt i innkjøpsordninga - det er bibliotekbrukarane som no kan komma til å få eit dårlegare tilbod av dei mest popolære utlånsbøkene. Innkjøpsordninga er viktig - for den gjer fleire typar bøker og sjangrar tilgjengelege for lesarar. Biblioteka kan ikkje kun tilby smal "elitelitteratur"; då vert brukarane misnøgde. Mykje tyder på at det er dei små biblioteka som vert hardast råka - det er ekstra betenkeleg.

Det er heller ikkje all krim som sel godt. Verken dei nemnde Nesbø og Fossum (eller Egeland, Horst eller Staalesen) har bruk for økonomisk støtte sidan bøkene dei utgir "sel seg sjølv" - men det finst mange gode krimbøker som sel dårleg. Og kvar går "grensa" mellom ein kriminalroman og ein annan roman - talet på drap? Graden av vald? Kven skal i tilfelle avgjera denne skilnaden? Kva med krimforfattarar som har utfordra sjangeren dei siste åra, som Sundstøl og Damhaug?

Den politiske leiinga i kulturdepartementet sender ut dårlege signal når den føresler å fjerna støtteordningar som gjeld denne folkelege kulturen, som jo underhaldningslitteratur faktisk er. Kulturbyrakratiet vil ha meir kvalitet for pengane. Då er eit breidt utval av bøker i hyllene på biblioteka vesentleg.

Kriminallitteratur vert ofte sett på som dårleg eller lettvint litteratur. Å lesa krimbøker vert av somme sett på som noko ukulturellt. Men faktum er at det finst mange gode grunnar til å lesa krim: For det fyrste er krimlesinga ei avkobling frå trivialitetane i kvardagen og dermed ei avspenning for stress. For det andre vert samfunnsproblem og moralske spørsmål ofte sett på dagsorden i krimbøkene. Vidare får ein kunnskap om sosiale tilhøve, historie og geografi. Og - ein får hjernetrim ved å prøva å løysa innvikla intrigar. Dessutan får me i mange av bøkene bli kjende med hovudpersonar og heltar som me ser fram til å møta - igjen og igjen.
For ein krimelskar vert livet rikare når han/ho får setja seg ned i godstolen med ei krimbok.

17. januar 2014

Bokomtale: Natten drømmer om dagen av Ingvar Ambjørnsen

Cappellen Damm 2012
Opplesar: Ivar Nergaard
Speletid: 7 t 53 min


Ingvar Ambjørnsen er god når det gjeld skildring av folk som er litt annleis - outsider'ane i samfunnet får gjerne ei stemme gjennom denne forfattaren.

Forteljarstemma i denne romanen frå 2012 er Sune. Han er ein vandrar - han har valgt å forlata familien og sivilisasjonen og lever i skogen og på fjellet. Han legg seg gjerne til for natta under berr himmel, eller han bryt seg inn i andre folk sine hytter, der han søv i sengene deira, et av maten deira, og dersom han finn eit kleplagg eller eit skopar som passar, forsyner han seg gjerne av dette også. Sune er på flukt frå noko som lesaren ikkje heilt får greie på kva er. Han må liksom vera åleine om han skal føla at han lever.

Men ingen kan leva absolutt heilt åleine, heller ikkje Sune. Så han har eit nettverk av kjenningar og hjelparar; andre folk som ikkje har tilpassa seg det normale samfunnet, og enkelte idealistar som ser det som ei livsoppgåve å hjelpa desse som av ulike grunnar held seg skjulte.

Boka inneheld svært fine naturskildringar og skildringar av det skiftande veret me gjerne har her i landet. Ein kveld, under eit forrykande uver, får Sune selskap. Ut av den norske granskogen, i det mektige og buldrande tordenveret, kjem ei ung kvinne. Ho er redd og skadd etter ei dramatisk hending, og treng desperat hjelp - frå Sune.

Dette er ei forteljing stemd i moll. Eg oppfattar det heile som heller absurd - det er vanskeleg å skjønna seg på folk som vel å leva så alternativt som Sune. Natten drømmer om dagen er ingen thriller, men forfattaren brukar mange verkemiddel som ein kan kjenna att frå spenningsromanar. Det er også ein spesiell og uføreseieleg roman, med stemningsfulle skildringar av både menneske og natur. Ambjørnsen skriv godt; i enkelte deler av boka er stemningen lågmælt, sår og poetisk, medan andre er prega av det råe, mørke og brutale. Eg likte boka og anbefalar ho gjerne.

Lydboka er glimrande opplest - som alltid - av Ivar Nergaard.

14. januar 2014

Det vart inga reise

til Bella Coola for meg - denne gong.

Eg vel å avbryta Kari Nygaard si bok Reisen til Bella Coola. Eg har lånt lydboka på biblioteket, men historia fenga meg ikkje i det heile tatt. Eg får ikkje tak i verken hovudpersonane, tankane deira og handlingane deira. Temaet, utvandringa til Amerika på 1800-talet er interessant i seg sjølv, men ikkje i denne "settingen" - det virkar som om dette vert for klissete for meg. Eg har lytta i vel to timar, og har spola ein del framover for å sjekka, men dessverre. Kanskje er det formatet, kanskje er det opplesaren, kanskje er det boka, kanskje er det meg.
Eg veit ikkje.

Men eg veit at eg har mange andre bøker som ventar - og kanskje det er andre lånarar som ventar på akkurat denne lydboka. Eg skal levera ho tilbake med det fyrste.

Det finst andre bokbloggarar som har fullført boka; t.d. Beathe, Bokelskerinnen og den andre Berit.

12. januar 2014

Ein smakebit frå Skogen

Eg har sans for mørk og psykologisk spenningslitteratur og trur difor at Tana French er ein forfattar som passar for meg og min lesesmak. Eg har lenge tenkt at eg skulle prøva meg på ei bok av henne, og for ei tid tilbake fann eg spenningsromanen Skogen (utgitt 2007) som lydbok på biblioteket. Boka vert karakterisert som ein uhyggeleg psykologisk thriller og har no fått plass i mp3-spelaren min. I morgon (seinare i dag) har eg tenkt meg ut på tur med Ms. French på øyret.

Lydboka varer i meir enn 17 timar (papirutgåva har 504 sider), men eg har ingenting imot at ei bok er lang eller tjukk dersom framdrifta er god og språket godt. Starten er i alle fall bra, og det er min yndlingsopplesar Ivar Nergaard som les:



Er du ute etter lesetips og/eller smakebitar frå bøker som andre bokbloggarar les?

Då bør du ta turen innom Flukten fra virkeligheten!

11. januar 2014

Samleinnlegg: Norske krimdebutantar

Eg har vore utslått av influensa og sjukmeld ei veke. Men aldri så gale at det ikkje er godt for noko; eg har fått lest ein heil del innimellom hostinga, harkinga, sovinga og sløvinga.
Her er mine tankar om tre norske krimbøker som eg nett har "slukt". Alle forfattarane er debutantar innan krimsjangeren - og etter mi meining er dei alle meir enn "lovande".

Det henger en engel alene i skogen av Samuel Bjørk
Vigmostad & Bjørke 2013
533 sider

Dette er ein svært velskriven kriminalroman. Forfattaren Samuel Bjørk, som er eit pseudonym, spelar på akkurat dei rette strengene slik at lesaren vert fanga inn i historia frå fyrste stund; faktisk frå før du opnar boka. Sjå berre på det stilige/grøssande framsidebiletet og den besynderlege tittelen.

Somme anmeldarar har sagt at boka er spekulativ. Det vil eg ikkje sei meg enig i, - men eg meiner boka er særdeles utspekulert. Med det meiner eg at ein sit att, når ein har lest ut boka, med ei kjensle av at dette har eg lest før. Me kjenner att oppbygginga og komposisjonen, og dei leiande karakterane i boka som virkar merkeleg gjenkjennelege. I tillegg kjenner ein att kjensla av den uuthaldelege spenningen og ikkje minst; lettelsen over at dette "berre er ei bok". Og det er ikkje noko gale i eller feil med at ein kjenner att enkelte ting frå tidlegare. For truleg har forfattaren, kven no han/ho/dei er, henta inspirasjon frå andre gode og vellukka krimbøker. Og det funkar.

Her har me den einsame, sta og dyktige hovudetterforskaren og den sære, psykisk ustabile og dyktige kompanjongen, samt datanerden henta inn frå gata. Me får møta ei sær og skummel religiøs sekt med ein karismatisk og skrudd leiar og ein hjernevaska unggut. Og ikkje minst møter me eit søskenpar utsette for omsorgssvikt som gjer ei sjokkerande oppdaging i skogen.

Forfattaren legg opp til ei nifs og uhyggeleg stemning, noko han lukkast ganske bra med. Hurtige sceneskift, mange forteljarstemmer og cliffhangers gjer at boka har driv og spenning.
Terningkast 5.

En helt tilfeldig forbrytelse av Arne Garvang
Gyldendal 2013
383 sider


Arne Garvang, sjølvaste Pelle Parafin, krimdebuterte med denne boka i fjor. En helt tilfeldig forbrytelse er ei nokså urealistisk og usannsynleg historie, men det er ei underhaldande bok som eg likte godt.

To jenter på 8 og 13 vert tilfeldigvis kidnappa når redar-pappa'en deira forlet dei ei lita stund åleine i Jaguaren. To yrkeskriminelle må plutseleg endra planane når dei oppdagar at bilen dei stal inneheld to barn. Det enkle biltjuveriet veks til ei kidnapping som ikkje på nokon måte var planlagt på førehand. Jaguaren og dei to jentene vert gøymde inne i ein stor trailer. Dramaet er i gang. Perspektivet skifter vekselvis mellom dei to kidnappa jentene, foreldra og dei to tjuvane/kidnapparane/smuglarane. Og politiet, kvar er dei? Jo, dei er tilstades, men er ganske så hjelpelause i denne boka.

Boka har ein del språklege blemmer og logiske bristar - som er lette å oversjå. Det viktigaste er her sjølve historia; jakta på jentene og kidnapparane. Avslutninga er intens og nokså heseblesande. Terningkast 4.

Jentene fra balletten av Monika N. Yndestad
Vigmostad & Bjørke 2012
315 sider


Ei kjempespennande og skremmande realistisk bok - som eg las ut på ein dag. Det handlar om flinke tenåringsjenter som endrar åtferd, om fråverande og hjelpelause foreldre - og om ein lensmannsbetjent frå Helvete.

Eg blir opprørt når eg les bøker med denne tematikken. Om maktpersonar som begår overgrep. Om korleis enkeltpersonar og familiar går til grunne på grunn av slike hendingar. Forfattaren går tett på både offer og gjerningsperson - ubehageleg og rystande, men gripande og forståeleg.

Omgrepet jentene fra balletten vart brukt innan barnevernet i Bergen på 80-talet og viser til dei ressurssterke jentene som plutseleg dukka opp i rusmiljøet i byen - ofte på grunn av overgrep.

Forfattaren smører vel tjukt på, for å halda dramaet vedlike og spenninga stigande. Det er greitt nok i dette tilfellet, tykkjer eg. Boka er lettlest og inneheld ei tankevekkjande og sterk historie.
Terningkast 5.

9. januar 2014

Bokbloggerprisen 2013 - mine nominerte

Eg har lest i alt 26 bøker som kunne vera aktuelle for nominasjon til Bokbloggerprisen 2013, 21 i klassen for skjønnlitteratur - 19 av desse innan krimsjangeren - og 5 i såkalla open klasse.

Etter å ha diskutert litt att og fram med meg sjølv, kom eg fram til dei bøkene som skulle nominerast. Eg hadde i utgangspunktet 7 klare favorittar innan skjønnlitteratur, men så har eg no - heilt på tampen - lest ei knakande god krimbok (Det henger en engel alene i skogen) som eg sterkt vurderte å nominera - men då måtte ei av dei andre bøkene veljast vekk, og nettopp det vart (for) vanskeleg. Eg valde til slutt å halda på "mine sju", sidan eg berre så vidt vart ferdig med den nemnde boka før fristen gjekk ut.

Eg har nominert berre 3 stk. i open klasse. Dei andre eg har lest held ikkje mål i denne samanhengen.

Dei nominerte er.
(Alfabetisk rekkefølge, samt ei kort grunngjeving)

Skjønnlitteratur - Årets norske roman inkl. krim
  • Brekke, Jørgen: Menneskets natur (Gyldendal)
    Ein annleis komponert og utfordrande kriminalroman; ukronologisk og med ulike forteljarstemmer.
  • Flatland, Helga: Det finnes ingen helhet (Aschehoug)
    Om sorg og forsoning. Avslutninga av trilogien er god og held like høg kvalitet som forventa.
  • Nesbø, Jo: Politi (Aschehoug)
    Har fått (meir enn) nok PR tidlegare, men eg er Harry Hole-fan og boka er god!
  • Nygårdshaug, Gert: Pergamentet (Cappelen Damm)
    Kodekrim på høgt nivå og eit gledeleg gjensyn med Fredric Drum.
  • Renberg, Tore: Vi ses i morgen (Oktober)
    Eit sjarmerande og heidundrande møte med heil-, halv- og u-kriminelle stavangerfolk.
  • Sørensen, Roar: Smertens aveny (Commentum)
    Forfattaren er betre kjend som nettdebattant og -kverulant, men har altså skrive ein kriminalroman som er mykje, mykje meir enn ei krimbok. Sterkt, samfunnskritisk og med eit godt språk.
  • Wiik, Øystein: Casanovasyndromet (Aschehoug)
    Ellevill og fantastisk underhaldande operakrim.

Open klasse - sakprosa, lyrikk, barne- og ungdomslitteratur m.m.
  • Færseth, John - KonspiraNorge (Humanist forlag)
    Underhaldande, klokt og skremmande om ymse konspirasjonsteoriar og framveksten av desse.
  • Kalvø, Are: Ny grunnlov (Samlaget)
    Basert på TV-serien "Riksforsamlinga". Ironisk, friskt og med bra humrefaktor.
  • Tjomlid, Gunnar: Placebodefekten (Humanist)
    Morosamt og opplysande om kvifor tullemedisin virkar som den virkar - eller ikkje virkar.

Eg er veldig spent på kva bøker som kjem på lang- og kortlistene. Ein kan jo håpa på ein del krimbøker som eg enno ikkje har lest ;-) - men eg veit at mange av mine medbokbloggarar er heller skeptiske/negative til denne sjangeren. På same måte som eg er skeptisk/negativ til fantasylitteratur og slikt. Uansett - prosessen fram til at dei endelege prisvinnarane vert klare, kjem til å bli spennande og interessant å følgja med på, og eg skal muligens bruka litt tid til å lesa bøker som ligg utanfor komfortsona mi.

Les også:
Førebuingar til Bokbloggerprisen 2013

8. januar 2014

Bokomtale: Turisten av Knut Faldbakken

Gyldendal 2013
359 sider


Jonfinn Valmann oppheld seg stort sett i Spania i den åttande boka i serien om denne sindige politiførstebetjenten på Hamar. Ein treng ikkje å ha lest dei føregåande sju bøkene; boka fungerer fint som ein enkeltståande kriminalroman. Sjølv har eg lest dei fleste bøkene i serien, i tilfeldig rekkefølge.

Kronologi:
1. Turneren
2. Grensen
3. Nattefrost
4. Tyvene
5. Senskade
6. Totem
7. Natthagen
8. Turisten

Knut Faldbakken
har eit langt og omfangsrikt forfattarskap bak seg, og vart tildelt Brages hederspris i 2012. Eg likar Faldbakken mykje betre som krimforfattar enn som annan romanforfattar. I si tid las eg t.d. Insektsommer og Bryllupsreisen, - begge var omdiskuterte den gong dei kom ut - og eg vart verken imponert eller sjokkert. Men serien om Jonfinn Valmann likar eg!

Valmann er ein hovudperson som kanskje er litt vanskeleg å skjønna seg på; han er egentleg roleg og klok, men nyttar intuisjon og uortodokse etterforskingsmetodar når han finn det for godt. Handlinga i Turisten er meir personleg for Valmann sjølv enn i tidlegare bøker i serien.

Jonfinn Valmann vert kontakta av UD som informerer han om at mor hans, som han ikkje har sett sidan ho reiste frå han og faren for mange år sidan, er hardt skada etter ei bilulukke i Spania. Valmann reiser nedover til Marbella - og møter att ei kvinne som han ikkje kjenner lenger - men som altså er mor hans. Ting tyder på at bilulukka ikkje var ei ulukke likevel. Politimannen og etterforkaren i Jonfinn Valmann vil gjerne vita meir om omstenda rundt det som har hendt, men verken mora, det lokale politiet eller legane er villige til å informera. Så kven kan Valmann stola på; kven har korrekt informasjon? Kva med mora, er ho berre eit offer - eller er ho innblanda i noko kriminellt?

Eg oppfatta fyrste halvdel av Turisten som litt kjedeleg og langtekkeleg, men tykte at spenninga og sidevendarfaktoren steig betrakteleg i andre halvdel; her vert det mykje meir action. Valmann framstår som uvanleg nølande og tvilande i starten av boka, - men etter kvart vert han meir handlekraftig og målretta - slik som me kjenner han frå tidlegare. Det dukkar også opp fleire fargerike karakterar, og spesielt vert eit møte med ei vakker og mystisk nattklubbvertinne avgjerande; ho har kjennskap til skjulte og mistenkelege personar og aktivitetar.

Knut Faldbakken har skrive ei ny bra krimbok om Jonfinn Valmann. Boka byr på god underhaldning og stigande spenning.

Boka har eg lånt frå mamma sine rikhaldige bokhyller.

5. januar 2014

Placeboeffekt og placebodefekt

Mari med bloggen Flukten fra virkeligheten er tilbake med smakebitane sine denne fyrste søndagen i 2014. Eg har ikkje delteke i denne spalten på lenge, så i dag fann eg ut at eg ville gi eit bidrag med ein smakebit frå ei av bøkene eg les på akkurat no. Boka har eg lånt av min skeptiske bror.

Eg har i lang tid følgd med på bloggen til Gunnar Tjomlid, Saksynt. Tjomlid har ein skarp og humoristisk penn og har tilegna seg imponerande mykje kunnskap, m.a. rundt alternativ medisin og behandling.

I boka Placebodefekten med undertittelen "Hvorfor alternativ behandling virker som den virker" set Tjomlid fokus på tullemedisin og alternativ behandling og kvifor placebo "virkar". Boka er interessant, lettlest og morosam samstundes som ho er full av informasjon, detaljar og fakta frå mange hald.

Healing, urteekstrakter og lysterapi. Homeopati og akupunktur. Årelating og krystallterapi. Dette er variantar av alternative "behandlingar" ein pasient kan velja i. Frå vitenskapleg hald får desse metodane motstand og til dels hard kritikk. Trass i dette får me stadig høyra om menneske som har blitt kurert frå plager og sjukdommar. Her er det placeboeffekten som gjer seg gjeldande.
Tru kan flytta fjell, og ut frå forventningar om betring/helbreding kan pasienten oppleva at tilstanden betrar seg.

Innleiingskapittelet i Placebodefekten handlar om Alternativmessa:
Alternativmessen har alt. Alt utenom dokumentert effektive behandlingsmetoder og en kritisk tilnærming til virkeligheten. Men det er lett å forstå at disse enkle løsningene appellerer til oss. Vi søker noe som den etablerte medisinen ikke kan tilby. Vi trenger å tro at det finnes noe mer mellom himmel og jord enn bare alt det fantastiske vi allerede ser og opplever, og som de fleste av oss bare evner å sanse en brøkdel av. Men det er likevel ikke nok. Vi trenger mer, og alternativbransjen kan gi oss det.
Eg meiner at Placebodefekten er ei viktig og nyttig bok. På internett finst utruleg mykje desinformasjon, konspirasjonsteoriar og usannsynlege alternative behandlingsformer. Alternativmiljøet må møtast med saklege og dokumenterte (mot)argument til påstandar som "Det virker for meg!" Akkurat det kan denne boka hjelpa til med.

4. januar 2014

Bokomtale: Barfotdronningen av Ildefonso Falcones

Lydbokforlaget 2013
Originaltittel: Las reina descalzo
 
Oversetjarar: Kari og Kjell Risvik
Opplesar: Anders Ribu
Speletid: 26 t 49 min


Den einaste fullførte lydboka i desember vart Barfotdronningen, ein ny historisk roman frå den spanske forfattaren Ildefonso Falcones. Historia som vert fortald er fargerik, gripande og interessant, men eg føler at boka hadde vore enno betre om ho ikkje hadde vore så lang.
Forfattaren har lagt opp til eit episk og storslagent verk, men etter mi meining lukkast han berre delvis. Det skuldast alt det andre Falcones "stappar inn" i forteljinga; alle digresjonane, alle uvesentlege detaljar og unødvendige skildringar.

Eg hadde store forventningar til boka; i fjor vår las eg Havets katedral - ein svært lesverdig mursteinsroman med handling frå Barcelona på 1300-talet - og som eg likte. I Barfotdronningen er me i Sør-Spania midt på 1700-talet og det handlar om dei spanske sigøynarane, gitano-befolkningen, om livet og kulturen deira og om all urett som denne folkegruppa vart utsett for.

Den svarte slavejenta Caridad frå Cuba vert fri når herren hennar døyr under overfarten til Spania. Caridad vart røva frå sin eigen familie i Afrika då ho var barn og har bakgrunn frå tobakkplantasjane på Cuba, så å bli "sett fri" i eit nytt land og eit framandt miljø vert vanskeleg. Ho vert på ny ein slave; tatt til fange og utsett for brutalitet og overgrep. Den som reddar henne er den gamle galeislaven og gitanoen Melchor, han føler umiddelbart ei sterk samkjensle og forståing for situasjonen hennar. Caridad får dermed ein ny opphaldsstad saman med gitanofamilien hans. Det vert etter kvart også knytt sterke og nære band mellom Caridad og Milagros, Melchor sitt barnebarn.

Desse tre - Caridad, Milagros og Melchor - er hovudpersonane i romanen, og me føl dei og gitanomiljøet gjennom ei skiftande og uroleg tid. Livet som gitano er ikkje lett, men gjennom sangen, dansen og musikken freistar dei å leva ut draumar og kjensler. Hos gitanofamilane er ære eit sterkt begrep - og dermed grunnlaget for konfliktar; blodhevn og æresdrap. For ei kvinne finst det strenge reglar for kva ho kan gjera - og ikkje kan; kvinnene tilhøyrer mennene. Å handla i strid med gitanolovene og familiens overhovud straffar seg. Men det er dei herskande og styrande; politiet, hæren og kyrkja, som gjer det spesielt vanskeleg å vera ein gitano. Det er rystande og opprørande å lesa om all undertrykkinga og alle overgrepa som fann stad. (Samstundes må ein senda ein tanke til dagens handsaming og undertrykking av sigøynarane/romfolket - i vårt eige "opplyste" og demokratiske samfunn!)

Barfotdronningen skildrar korleis medlemer av gitanofolket, trass naud og svolt, tragediar, arrestasjonar og brutale styresmakter, likevel er i stand til å verkeleg leva - og overleva. Det er mykje lidenskap, smerte og kjærleik - nesten for mykje. Boka skildrar også - på ein god måte - at fridom kan vera vanskeleg å forholda seg til. Når ein har vore fange heile eller deler av livet, er det vanskeleg å elska. Korleis setja nok pris på fridomen, kjærleiken og livet?

Eg likte boka på ein måte, men ho er altså altfor lang. Eg tykkjer at forteljinga har dårleg framdrift og at enkelte deler er kjedelege. Karakterane framstår heller ikkje som ekte og kjenslene dei har for kvarandre virkar rare og kunstige. Språkleg sett er boka klisjèaktig og inneheld for mange språkblomstrar og uvesentlege hendingar. Det som "bergar" boka og som fører til at eg gir ho terningkast 4, er alle dei interessante historiske hendingane og dei gripande historiane om enkeltmenneska.

Anders Ribu gjer ein formidabel jobb som opplesar av lydbokversjonen av Barfotdronningen. Han les med innleving og brukar heile sitt stemmeregister og med skiftande tempo og stemmeleie. Lydboka gjorde dette til ei fin leseoppleving, trass i at eg fann innhaldet og språket irriterande til tider.

Meiningane er svært delte blant bokbloggarar når det gjeld denne boka - og det er interessant at folk har så ulike oppfatningar. Tine elska boka, medan Solgunn rett og slett tykte ho var dårleg. Sjølv plasserer eg meg vel midt mellom desse to meiningane.

Takk til Lydbokforlaget for lytteeksemplar!

2. januar 2014

Grøssande start

...på det nye året! Og det er akkurat slik eg likar det.

Eg har høyrt ferdig den fyrste lydboka i år; novellesamlinga Stemmen i natten og andre grøsserhistorier. Samlinga vart fyrste gong utgitt i 2006 og eg har lånt ho på biblioteket. Boka varer berre i vel 2 timar, men eg tykkjer det er greitt å ta ein pause mellom kvar novelle - så boka vart påbyrja i fjor og ferdiglest i år.

Grøssarsamlinga inneheld desse novellene:
  • Plenklipp av Stephen King
  • Feberfantasier av Ray Bradbury
  • Vertinnen av Roald Dahl
  • Eksamensdagen av Henry Slesar
  • Stemmen i natten av William Hope Hodgson
  • Tyggegummimysteriet av John Steinbeck
  • Elias og draugen av Jonas Lie
Henry Slesar og William Hope Hodgson er nye forfattarar for meg, og historiane deira var såpass bra at eg skal ta å sjekka ut om det finst meir brukbart lesestoff frå desse to. Novella 'Vertinnen' av Roald Dahl har eg lest før, samt sett filmatisert. Ei bisarr, stilig og typisk "Dahlsk" forteljing. Det var også artig med det gamle norske innslaget; 'Elias og draugen' av Jonas Lie.

Novellene er godt opplest av Ivar Nergaard.

1. januar 2014

Blanke ark. Oppsummering og planar framover

Om året som gjekk
2013 var eit veldig bra leseår for meg, både når det gjeld kvantitet og kvalitet. Eg er - om eg så skal sei det sjølv - ganske flink til å finna fram til bøker som passar - til meg. Eg vert også inspirert av og finn gode boktips frå mine medbokbloggarar. Tusen takk for det!

Om leseplanar
Eg er ein lystlesar, fyrst og fremst - og har tenkt å halda fram med akkurat det; å lesa bøker eg har lyst til å lesa. Ein kombinasjon av planlagd lesing og tilfeldigheiter er nok det som passar meg og mitt lesemønster best. Eg las 130 bøker i 2013, men ser ingen grunn til å slå den rekorden. Lesinga har nemleg stundom gått ut over andre kjekke ting som eg gjerne vil bruka fritida mi til.
Det bør gå greitt med to bøker i veka så eg satsar på 100 bøker i 2014. Eg skal som tidlegare ha fokus på lydbøker og ny nordisk krim, men skal elles prøva å lesa variert litteratur. Meir konkret enn dette har ikkje lyst til å vera. Vegen vert til medan ein går.

Om boklån og bokkjøp
Eg har tenkt å halda fram med å bruka dei to biblioteka som eg jamnleg er innom. 59 av bøkene eg las i fjor var bibliotekbøker. Bokkjøpa skal haldast på eit minimum i det nye året. Eg kjøper sjeldan bøker til fullpris, eg ventar som regel til pocketutgåvene kjem ut.

Om leseeksemplar
Eg mottok fleire bøker i fjor som aldri kjem til å bli lest av meg (- dameromanar les eg ikkje). Det er slikt som skjer når forlag sender bøker uoppfordra til bokbloggarar. Det er sløsing, tykkjer eg, - så eg har sendt tilbakemelding til vedkommande forlag om at eg ikkje ønskjer fleire leseeksemplar frå dei. Eg vil vera ein bokbloggar utan (sjølvpålagt) krav om å lesa og blogga om bøker - berre fordi dei er gratis.


Om bloggeplanar
Samstundes som eg er ein lystlesar, er eg også ein lystbloggar. Dersom eg skulle bli lei, kjem eg til å ta meg ein pause. Ein veit liksom aldri heilt sikkert om eller når bloggtørken melder seg.

Om bloggstatistikk
Det mest leste innlegget her på bloggen i fjor var bokomtalen vedk. Hånden av Henning Mankell, følgd av ein ventebok-bloggpost om Jan Guillou sitt bokprosjekt om Det store århundret og eit innlegg om førebuingar til bokbloggerprisen.

Om bokomtalar
Eg likar godt å skriva bokomtalar, men kjem ikkje til å skriva om alle bøkene eg les dette året heller. Eg ønskjer å vera grundig og brukar forholdsvis mykje tid på å skriva skikkelege og gjennomtenkte bokomtalar. Dersom eg skulle skriva om alle bøkene eg les, kjem det til å gå ut over lesinga. Det vil eg ikkje at det skal gjera.

Om terningkast
Eg kjem ikkje til å slutta med terningkast, trass i eit visst press om akkurat dette. Fleire medbokbloggarar har slutta med terningkasta fordi desse "seier så lite om kvaliteten på boka". Javisst; berre eit terningkast seier lite og ingenting. Eg ser likevel på dei som ein konklusjon på ein bokomtale, ein prikk over i'en, om du vil. I løpet av dei par siste månadene har eg likevel "flytta terningen nedover" i bokomtalane mine, slik at ikkje terningen skal vera så dominerande i blogginnlegga mine.

***********************

Eg ønskjer alle eit godt nytt leseår i 2014!