1. januar 2014

Blanke ark. Oppsummering og planar framover

Om året som gjekk
2013 var eit veldig bra leseår for meg, både når det gjeld kvantitet og kvalitet. Eg er - om eg så skal sei det sjølv - ganske flink til å finna fram til bøker som passar - til meg. Eg vert også inspirert av og finn gode boktips frå mine medbokbloggarar. Tusen takk for det!

Om leseplanar
Eg er ein lystlesar, fyrst og fremst - og har tenkt å halda fram med akkurat det; å lesa bøker eg har lyst til å lesa. Ein kombinasjon av planlagd lesing og tilfeldigheiter er nok det som passar meg og mitt lesemønster best. Eg las 130 bøker i 2013, men ser ingen grunn til å slå den rekorden. Lesinga har nemleg stundom gått ut over andre kjekke ting som eg gjerne vil bruka fritida mi til.
Det bør gå greitt med to bøker i veka så eg satsar på 100 bøker i 2014. Eg skal som tidlegare ha fokus på lydbøker og ny nordisk krim, men skal elles prøva å lesa variert litteratur. Meir konkret enn dette har ikkje lyst til å vera. Vegen vert til medan ein går.

Om boklån og bokkjøp
Eg har tenkt å halda fram med å bruka dei to biblioteka som eg jamnleg er innom. 59 av bøkene eg las i fjor var bibliotekbøker. Bokkjøpa skal haldast på eit minimum i det nye året. Eg kjøper sjeldan bøker til fullpris, eg ventar som regel til pocketutgåvene kjem ut.

Om leseeksemplar
Eg mottok fleire bøker i fjor som aldri kjem til å bli lest av meg (- dameromanar les eg ikkje). Det er slikt som skjer når forlag sender bøker uoppfordra til bokbloggarar. Det er sløsing, tykkjer eg, - så eg har sendt tilbakemelding til vedkommande forlag om at eg ikkje ønskjer fleire leseeksemplar frå dei. Eg vil vera ein bokbloggar utan (sjølvpålagt) krav om å lesa og blogga om bøker - berre fordi dei er gratis.


Om bloggeplanar
Samstundes som eg er ein lystlesar, er eg også ein lystbloggar. Dersom eg skulle bli lei, kjem eg til å ta meg ein pause. Ein veit liksom aldri heilt sikkert om eller når bloggtørken melder seg.

Om bloggstatistikk
Det mest leste innlegget her på bloggen i fjor var bokomtalen vedk. Hånden av Henning Mankell, følgd av ein ventebok-bloggpost om Jan Guillou sitt bokprosjekt om Det store århundret og eit innlegg om førebuingar til bokbloggerprisen.

Om bokomtalar
Eg likar godt å skriva bokomtalar, men kjem ikkje til å skriva om alle bøkene eg les dette året heller. Eg ønskjer å vera grundig og brukar forholdsvis mykje tid på å skriva skikkelege og gjennomtenkte bokomtalar. Dersom eg skulle skriva om alle bøkene eg les, kjem det til å gå ut over lesinga. Det vil eg ikkje at det skal gjera.

Om terningkast
Eg kjem ikkje til å slutta med terningkast, trass i eit visst press om akkurat dette. Fleire medbokbloggarar har slutta med terningkasta fordi desse "seier så lite om kvaliteten på boka". Javisst; berre eit terningkast seier lite og ingenting. Eg ser likevel på dei som ein konklusjon på ein bokomtale, ein prikk over i'en, om du vil. I løpet av dei par siste månadene har eg likevel "flytta terningen nedover" i bokomtalane mine, slik at ikkje terningen skal vera så dominerande i blogginnlegga mine.

***********************

Eg ønskjer alle eit godt nytt leseår i 2014!

12 kommentarer:

  1. Godt leseår til deg også! Ser fram til å følge deg i 2014 :-) Nå er det dags å oppsummere på bloggen min også og kikke fremover på planer for året. De blir annerledes enn for fjoråret - det blir gøy!

    SvarSlett
    Svar
    1. Eit fint utgangspunkt; "Det blir gøy!" Ha eit fint leseår du også.

      Slett
  2. Så fin oppsummering :) Jeg låner selv mange bøker på biblioteket og kjøper sjelden til full pris - det passer ikke inn i et studentbudsjett ;) Ønsker deg et godt leseår 2014 :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk det same. Bibliotektenestene er eit tilbod som fleire burde nytta seg av, meiner eg.

      Slett
  3. Godt nytt år Berit! Det ser ut som du har en veldig fornuftig tilnærming til det som har med lesing og blogging å gjøre. Jeg tar dine tanker til meg. Jeg holder også på terningkastet, men gjør som deg "skjuler" det litt mer. Det hoper seg til tider litt opp hos meg med bøker som kommer dalende uten at jeg har bedt om det. Disse er ofte "damebøker" av ukjente, utenlandske forfattere, og egentlig ikke så interessante. Jeg prioriterer ikke disse, men tar dem innimellom. Har lest noen av dem i vinter og to av dem imponerte kraftig. Den jeg leste på i forgårs og i går, plasserte jeg trygt tilbake i hyllen ca. halvveis, uten dårlig samvittighet for at jeg ikke leser ferdig eller nevner den på bloggen.
    Jeg synes det er fornuftig å ikke alltid skulle legge på med flere og flere bøker. Jeg prøver å trappe ned, og kommer heller ikke til å skrive om alle bøkene. Jeg gleder meg til å følge deg videre :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Godt nytt leseår til deg også, Tine.
      Eg er ein smule fordomsfull når det gjeld damebøker, eg innrømmer det. Men ein sjelden gong finn ein, som du seier, perler i den sjangeren også.

      Slett
  4. Godt nytt år til deg. Fin oppsummering og en god plan.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk det same. Eg såg i oppsummeringsinnlegget ditt at du har hatt mange av dei same tankane rundt bokblogging som eg har hatt.

      Slett
  5. Godt nyttår, Berit :)

    Jeg synes ikke du skal føle det som press å slutte med terningkast. Jeg sluttet fordi det var riktig for meg, men det betyr ikke at andre skal føle de må gjøre det samme. Alle må gjøre det de selv føler er riktig for seg og sin blogg. Det er hele poenget med å blogge, at man selv setter kriteriene for sin blogg. Jeg er helt enig med deg i at et terningkast kan være prikken over i' en og være en grei konklusjon.

    Ser frem til å lese bloggen din i 2014 :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk og godt nyttår til deg, Elin :)
      Eg er veldig enig i at ein sjølv bestemmer kva som skal skrivast på eigen blogg, og personleg føler eg ikkje så sterkt presset om å slutta med terningkast, - men eg registrerer jo at enkelte har sterke meiningar om akkurat dette.

      Slett
  6. Fin oppsummering Berit. Ser frem til å følge deg videre. Viktig å ha et lystbetont forhold til både lesing og blogging. Godt nytt år.:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det og godt nytt leseår til deg også :-)

      Slett