Illustrasjon: http://norskebokbloggere.wordpress.com/ |
- Disse øyeblikk av Herbjørg Wassmo
- Fugletribunalet av Agnes Ravatn
- De usynlige av Roy Jacobsen
- Fugl av Lisa Aisato
- Urd av Ruth Lillegraven
- Odinsbarn av Siri Pettersen
Det vert lagt opp til samlesing i perioden februar - august. Eg er usikker på kor mykje eg skal delta i dette: Ikkje for å vera gledesdrepar, men dei bøkene som no er i "finaleheatet" er - for meg - ikkje så interessante. Men eg har planar om å lesa De usynlige, i alle fall - og kanskje Fugletribunalet, om den er tilgjengeleg på biblioteket når samlesinga av den skal føregå i mars. Disse øyeblikk? Nei, dessverre. Eg orkar ikkje, eg las "glassveranda-trilogien" (Tora-bøkene) for mange år sidan - og sjølv om dei (på ein måte) var gode, sette dei meg i skrekkeleg dårleg stemning, med alt det mørke og depressive.
Eg kjenner at eg er skuffa (og ein smule gretten) over at Det finnes ingen helhet og Vi ses i morgen ikkje nådde heilt opp. Alt tyder på at det er for få av mine medbokbloggarar som har lest desse to - elles hadde dei begge havna på kortlistene - det er eg overtydd om! Eg nominerte også Politi - som overraskande nok havna på langlista - men hadde ikkje tru på at den kom på kortlista, så at den boka no havna "utanfor pallen" er heilt greitt.
Bøkene i open klasse - ein diktsamling og to barnebøker - kjem eg neppe til å lesa (eg hadde håpa på Lippestad..) Men! - eg skal sjølvsagt følgja med og eg tykkjer altså at engasjementet og merksemda rundt Bokbloggerprisen 2013 er litt artig.
Eg er innstilt på å ha fokus på ny norsk litteratur dette året også, og er i ferd med å laga ein bloggpost meint som ei førebuing på prisen som skal delast ut neste år; for titlar utgitt dette året. Eg ønskjer å vera ute i god tid, og - som i fjor, ønskjer eg å ha ein oversikt over kva eg har lest og har lyst til å lesa.
Red. 15.09.14
Så var det avgjort. Utdelinga av bokbloggerprisen 2013 gjekk føre seg i samband med Bokbloggertreffet 2014 - og vinnarane vart Agnes Ravatn og Ruth Lillegraven.
Eg gratulerer vinnarane, dei er sikkert både greie og flinke, - men reagerer elles med eit skuldertrekk og konstaterer at eg er på kollisjonskurs med dei fleste andre bokbloggarar. For meg vart denne fyrste utdelinga av bokbloggerprisen eit stort antiklimaks.
Fugletribunalet har eg prøvd å lesa, men eg fann boka så irriterande og håplaus at eg gav opp etter å ha lest halve. Urd kjem eg aldri til å lesa. Eg likar dikt, men kun enkeltdikt og har aldri i mitt liv lest ei heil diktsamling.
P.S.
Eg stemde eg også - på den einaste kortlisteboka eg faktisk las; De usynlige
Jeg synes du skal ta sjangsen på å lese både Odinsbarn (hvorfor denne er utgitt som ungdomsbok kan man jo diskutere i det uendelige) og Fugl, og ikke dømme bøkene før du har lest dem. Jeg skal forsøke å få lest de bøkene jeg ikke har lest tidligere, så langt tiden strekker til.
SvarSlettFor det fyrste: Eg dømmer ikkje. Eg konstaterer berre at eg, med mine 50+, er svært langt frå målgruppa for barne- og ungdomsbøker. Mitt interessefelt når det gjeld litteratur er kanskje snevert, men eg rekk likevel ikkje å lesa alle dei bøkene eg ønskjer å lesa. Difor vel eg vekk bøker som eg i utgangspunktet trur ikkje passar meg. Eg les ikkje chick-litt heller, av same årsak.
SlettDernest: Eg er open for å endra meining undervegs. Dersom du og andre klarar å overtala meg, skal eg lesa dei to bøkene du nemner.
Så langt er eg skeptisk.
Da er det bare å sette igang med "Prosjekt omvendt Berit" ;)
SlettÅh, ja! Les "Odinsbarn" og "Fugl" - selv om du er på 50+ vil disse bøkene gi innsikt i både barn/ungdomverden og deler av voksenverden :)
Slett