6. februar 2015

Stockholm Noir

Jens Lapidus er forfattar og advokat og er denne vinteren aktuell med VIP-rommet, fyrste bok i ein heilt ny serie. Den skal lesast seinare ein gong. Her og no skal det handla om Cash, Aldri fucke opp og Livet de Luxe; trilogien som vert kalla Stockholm Noir. Eg las dei to fyrste bøkene sommaren 2013, men har ikkje fått somla meg til å lesa den tredje og siste før no nyleg.

Les også: Trilogi på vent.

Det vert hevda at Lapidus er svenskane sitt svar på Jo Nesbø. Bøkene til Lapidus er prega av høgt tempo og kjappe dialogar og ei rå og brutal handling, så samanlikninga med Nesbø har absolutt noko for seg. Men Stockholm Noir er likevel ei heilt anna form for krim/action/thriller enn det me som les mykje innan denne sjangeren gjerne er vant til. Lapidus har ein heilt særeigen stil som er inspirert av amerikanske James Ellroy. Handlinga går føre seg i den tøffe underverda i Stockholm der mafiaverksemd og narkotika er sentralt - som oftast sett frå forbrytarane sitt perspektiv. I Stockholm Noir-bøkene er det ingen heltar.

Den fyrste boka i trilogien er Cash, som har undertittel "Hatet, Jakten, Kjøret". Her vert ein kjend med det spesielle miljøet og antiheltane Jorge og JW. Skurkane har hovudrollene i denne boka som tek utgangspunkt i den organiserte kriminaliteten. Stikkord er interne gjengoppgjer, dobbeltspel, vald og kvitvasking av pengar. Mykje pengar. Cash. Snabba cash, som er det svenske tittelen på boka. Ein får også møta ein tredje person som går att i alle tre bøkene; den omsynslause og mektige "Gudfaren" Radovan Kranjic.

I Aldri fucke opp held forfattaren fram med det skremmande og fascinerande tidsbiletet frå dagens Sverige, med gode skildringar av dei kriminelle sine tankar, meiningar og kjensler. Forfattaren skriv om skurkane som heile menneske, ikkje berre som onde vesen. Fleire unge innvandrarar søker bort frå det elendige livet i fattigslege forstader og hamnar "på kjøret" og på feil side av lova, - men det dei ynskjer er eit godt liv utan (penge)bekymringar. Boka er god, har raske sceneskift og høgt tempo. Det heile er truverdig, skremmande og spennande.

I den tredje boka Livet de Luxe skildrar Lapidus enno meir av det hardkokte og kriminelle storbylivet.

Ein får følgja tre ulike handlingstrådar; desse vert vevd saman, knytt opp - og tett samanknytta igjen. Jorge og JW er sentrale i handlinga. Jorge har starta eit ganske lovlydig liv som kafeinnehavar - men vert stadig frista av mulegheiter for raske pengar; han lengtar etter eit liv på solsida - eit Livet de Luxe. Så han planlegg ein jobb. Berre ein jobb, eitt einaste kupp: Eit verditransportran. Det einaste som uroar er at han ikkje kan gjennomføra dette åleine; han er avhengig av andre og må søkja partnerar, kompisar og kontaktar. Og dermed er det alltid ein risk å bli fucka opp.

JW sit i fengsel, men styrer likevel si eiga "kvitvaskingsbedrift" ved hjelp av eit utal transaksjonar, firma og stråmenn. Politimannen Hägerström, enno ein fascinerande karakter, jobbar undercover for å avsløra desse forretningane.

JW vert etter kvart sett fri - og er fellesnemnaren i denne boka. Han lever tett på Hägerstrøm og jobbar for Jorge - og vert elskaren til dottera til mafiabossen Radovan. Hägerström er så dyktig/manisk i jobben at han vert involvert på fleire ulike måtar - og ein kjenner stadig på spenninga om kva som kan skje om dobbeltlivet hans vert avslørt.

I tillegg får ein enkelte kursive glimt frå ein ukjend leigemordar. Kva - og kven - er målet hans? Kven er oppdragsgjevaren hans?

Stockholm Noir er urbane, kule og tøffe bøker. Språket er spesielt: Masse kolon: Korte setningar. Telegramstil. Dop, våpen, pengar. Sex, makt, vald. Kjappe dialogar. Sjargongar, gatespråk, mafiatilstandar. Action, driv og trøkk. Mange uforutsigbare hendingar og karakterar.
Og ei intens spenning - særleg fordi ein her ikkje kan forventa ein Happy ending.

Anbefalast!

3 kommentarer:

  1. Jeg har mange ganger stått og holdt, bladd i disse bøkene, men har enda ikke tatt dem emd meg hjem.. Det er noe som tiltaler, noe som ikke gjør det.. Tror det er tematikken som ikke gjør det, penger, dop, gangsters.. lite fokus på karakterer og psykologi? Vi får se, kanskje leser jeg en av dem en dag lell..

    SvarSlett
    Svar
    1. Bøkene byr på mykje action og heller lite psykologi, men enkelte av karakterane kjem ein likevel under huda på. Det er såpass omfattande bøker (alle tre er på over 500 sider) så ein vert godt kjende med hovudpersonane. I tillegg kan nemnast problematikken med innvandrarungdom i fattige forstadsområde, og kontrasten mellom desse til det overluksuriøse og overfladiske overklassemiljøet. Eg tykkjer slik "sosiologi" er interessant.

      Slett
    2. Ja, du har rett ang innvandrerungdom og overklassemijø-kontrasten. Hvis det er godt beskrevet, er det verdt å lese om.:)

      Slett