10. september 2018

Norsk krim 2018 del 3

Norsk krim byr på mykje forskjellig når det gjeld stil og tema. Her kjem tre eksempel på det.

Rød desember av Fritz de Bourg

Vigmostad Bjørke 2018
314 sider

Ein kriminalroman med nostalgisk skjær. Handlinga er lagt til Drammen i 1957, og for oss som har eit forhold til denne byen betyr det "litt ekstra".

Hovudperson og forteljarstemme er som i Dødens elv; journalisten Nickolay Wolff. Saman med av-og-på-kjæresten som jobbar i politiet prøver han å nøsta opp i ei komplisert sak. Det som i utgangspunktet såg ut som ei trafikkulykke viser seg å ha forgreiningar til ei mystisk og lukka religiøs sekt og til dei hemmelege tenestene.

De Bourg skriv flytande og med snert og sjarm. Med Den kalde krigen som bakteppe har deBourg skrive ei underhaldande og fantasifull historie.
Terningkast 4.


Codex av Tom Egeland

Capitana 2018
478 sider


Underhaldande og fantasifull er óg den åttande boka i Bjørn Beltø-serien. Eg likar denne serien, men ser at Egeland byr på lite nytt denne gongen. Han nyttar den same oppskrifta som tidlegare;  oppsiktsvekkjande arkeologiske funn, underlege og kompliserte kodar, hemmelege organisasjonar og mystiske konspirasjonar. Samt vakre kvinner og ein skarp, men naiv hovudperson. Denne gongen er Bjørn Beltø observatør ved ei utgraving der det vert funne både levningar av ein gammal pave, ein tekstsamling og - ei tornekrone! Umiddelbart etter funnet er dramatikken i gang.

Codex har tydelege scene- og perspektivskift, korte kapittel og mykje "luft". Det gjer boka drivande og meir fortlest enn ein skulle tru med tanke på sidetalet. Likevel - denne boka manglar noko av den nerven som var så tydeleg i dei fyrste bøkene i serien. Tematikken er på ein måte "oppbrukt" - og det vart aldri skikkeleg spennande. Terningkast 4.



Macbeth av Jo Nesbø

Aschehoug 2018
572 sider


Litt rart å omtala denne boka under "norsk krim", for dette er sanneleg internasjonalt - og det handlar om verdenslitteratur. Bakgrunnen er vel kjend for dei fleste: Eit britisk forlag ga ei gruppe bestseljarforfattarar i oppdrag å skriva nye versjonar av William Shakespeare sine verk. Jo Nesbø si bok baserer seg på skodespelet Macbeth.
Sjølv har eg aldri lest noko som helst av Shakespeare og hadde null bakgrunnskunnskap. Av den grunn valde eg å lesa Nesbø sin versjon som ein "vanleg" thriller.

Stemninga er mørk, dyster og dystopisk. Handlinga er lagt til eit slags 1970-tal, men noko må ha skjedd med verda: Samfunnet er gjenkjennbart, men er nedslitt og vanstyrt og prega av korrupsjon, forureining, arbeidsløyse og kriminalitet. Eit lite håp vert tent når den tidlegare korrupte politimesteren døyr, men den påfølgjande maktkampen vert hard og blodig.

Nesbøs hovudperson Macbeth har sine positive sider, men er ingen sympatisk og riddarleg person. Det skjer det same med han som med andre som får/tilegnar seg makt; dei vert usympatiske og grådige - på meir makt. Macbeth rusar seg og går over fleirfoldige lik for å nå målet sitt - og det endar ikkje spesielt godt. Språket i boka er, om ikkje middelaldersk, så i alle fall litt kunstig gammaldags. Store deler av handlinga er då også kunstig, rar og oppkonstruert. Stadnamn og personnamn er engelsk-klingande; truleg med tanke på eit internasjonalt publikum.

Sjølv om Jo Nesbø er ein stor favoritt og trass i at Macbeth er ei velskriven og spennande bok; dette vart ingen innertiar for meg. Dersom eg hadde sett meg litt inn i Shakespeare si dikting og/eller lese litt om verket Macbeth på førehand, vil eg tru at eg kunne gått høgre enn Terningkast 4.

Les også:
Norsk krim 2018 del 1
Norsk krim 2018 del 2

4 kommentarer:

  1. Det er alltid spennende å lese omtaler av Macbeth og Codex. Den første fordi jeg likte den godt og den andre fordi jeg ikke likte den så godt. Selv har jeg lest alle gjendiktningene fra Shakespeare og kan Macbeth godt fra diverse andre arenaer, så jeg var forberedt til fingerspissene. Syntes allikevel Nesbøs versjon ble for ordrik og for blodig etter min smak. så full score fikk den ikke.

    SvarSlett
    Svar
    1. Interessant, særleg sidan du hadde bakgrunnskunnskapane i orden. Vurdert ut frå forventningar og ei samla leseoppleving ga eg Codex og Macbeth same terningkast, sjølv om dei jo er veldig ulike.

      Slett
  2. Hei, jeg er også stor fan av Jo Nesbø og gledet meg til å lese denne. Men jeg klarte foreløpig å lese kun første kapitel, jeg syntes det var svært skuffende, så den boken har jeg satt i bokhylla hvor den bare skuler på meg hver dag :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Flirer av at boka skuler på deg, men eg ser poenget og skjønnar kva du meiner :)
      Eg vart ikkje direkte skuffa, for eg var førebudd på at dette var ei heilt anna side av Nesbø enn den me kjenner frå før. Den dystre stemninga i boka var ubehageleg, noko som vel betyr at skildringane var gode og at Nesbø har gjort ei vellukka gjendikting?
      I alle fall - me får "trøsta" oss med at neste bok i Harry Hole-serien kjem til neste år.

      Slett