5. mai 2021

Vårlesing del 2: Norsk og svensk krim

Fyrst i denne samleomtalen: Eit par norske krimdebutantar. Når det gjeld krimdebutar prøver eg vanlegvis å vera open for det meste; positivt nysgjerrig - men også ein smule skeptisk - "klok av skade" kan ein vel sei.
Eg måtte bita skepsisen i meg denne gongen, for begge to viste seg å vera innan kategorien "grei og lettlest krim". Stilmessig er dei veldig ulike. Den fyrste er mørk og barsk, den andre er meir lettbeint og underhaldande.

Fem dager i mai av Ole Asbjørn Ness 
Vigmostad Bjørke 2021
335 sider
Lånt ebok BookBites

Ei bok som har fått svært blanda mottaking, så denne var eg spent på. Typisk nok hamna eg midt mellom dei som har slakta boka og dei som har lovprist ho. Eg kan godt anbefala denne boka, og særleg til unge kvinnelege bloggarar som eksponerer seg sjølv og legg ut "alt" om livet sitt. Det kan vera farleg! 

Fem dager i mai er ein dramatisk, engasjerande og provoserande spenningsroman. Korte setningar, stadige perspektivskift og ulike forteljarstemmer driv handlinga framover, så boka er både lettlest og fortlest. 

Dei to mennene i hovudrollene - protagonisten og antagonisten - er ubehageleg like. Begge har eit skeivt blikk på samfunnet og eit forstokka syn på kvinner. I begge tilfella kan det forklarast med vanskeleg oppvekst og dårlege erfaringar tidleg i livet. Korleis kan det forklarast at dei kvar på sin måte er mislykka og utanfor? 

Eg fekk ei merkeleg kjensle av å ha lest boka før. Truleg er det tema 'ung jente kidnappa' som gjer det, sidan det er eit tema som er ganske vanleg i krimromansamanheng. Eit anna tema i boka er ulike former for ekstremisme og fundamentalisme. 
Slik som historia utvikla seg var det ikkje vanskeleg å forstå kven som var gjerningsperson. Det trekker litt ned heilskapsinntrykket, for helst vil eg jo bli overraska. Likevel meiner eg at boka fortener eit terningkast 4+.

Ett blod av Atle Nielsen
Goliat 2020
Speletid 8:31
Lånt lydbok BookBites

Nielsen - eit velkjent ansikt og stemme frå TV2 - har gitt ut nokre bøker tidlegare innan quiz og sport. No har han altså debutert som krimforfattar - og han har kalla helten sin for Ole Bull.

Ett blod er underhaldande, befolka med artige (men nokså stereotype) karakterar og med eit forholdsvis truverdig plott. Forfattaren brukar sine eigne erfaringar som TV-journalist og sportsanker, - han har jamvel skrive seg sjølv inn i handlinga. Fotballinteressa og den humoristiske sansen er på ein måte basisen i forteljinga. Handlinga er lagt til Bergen, London - og faktisk; til Leikanger i Sogn.

Boka er til tider noko overforklarande og gjentakande, men eg tykte dette alt i alt var eit friskt pust. Eg les gjerne meir om journalisten Ole Bull i framtida.
Atle Nielsen les lydboka sjølv. At han då tidvis les så nølande og sakte er overraskande. Truleg skuldast det at han ikkje er så vant til lydbokopplesing. Terningkast 4.

Prosessen av Malin Persson Giolito
Cappelen Damm 2019
Speletid 1:54
Lydbok Storytel

Veldig tynn/kort bok, meir som ei lang novelle. Men storleiken har ikkje noko å sei for intensiteten og alvoret: Dette er ein forfattar som får sagt mykje på få sider.

Bok nummer tre i serien om advokaten Sophia Weber handlar om jakta på ein gjerningsmann etter at det har skjedd eit grusomt terrorangrep. Å bli mistenkt i ei slik sak kan få fatale konsekvensar, også om den mistenkte viser seg å vera heilt uskuldig.

Prosessen er ei forteljing til ettertanke. Enkel og lettlest, men med djupne og meining. Det er truleg fleire referansar til Prosessen av Kafka i denne boka, men den har eg aldri lest - så eventuelle poeng og referansar derifrå gjekk meg hus forbi.
Opplesar er Hedda Sandvig som gjer ein grei jobb. Terningkast 4+.

Be aldri om nåde av Martin Österdahl
Cappelen Damm 2019
Speletid 12:03
Lydbok Storytel

Ambisiøs og langsam forteljing som går over fleire generasjonar og tiår. Omfattande og innfløkt plott og heller komplisert med tanke på lydbokformatet. Men boka er såpass interessant at eg heldt så nokonlunde styr på trådane. 

Stikkord for handlinga er russisk mafia, svensk teleteknologi og vanskelege kjærleiksforhold. Handlinga går føre seg i Russland/Sovjet og i Sverige, på 1990-talet og med tilbakeblikk på 1940-talet.

Opplesar Bendik Østbye Johannessen er flink, men les veldig sakte. Då er det praktisk å ha mulegheit til å justera lesehastigheit. Terningkast 4-.

Ofrenes offer av Bo Svernström
Cappelen Damm 2019
Speletid 10:51
Lydbok Storytel

Dette er ei bok som ikkje egnar seg for sensitive lesarar; spesielt fyrste del inneheld mange skildringar av tortur og drap utført på ulike bestialske måtar.
Heile 5 personar er blitt utsett for ein ualminneleg sadistisk mordar. Vekselvis får lesaren følgja politiet si etterforsking og journalistane sitt arbeid. Fellesnemnar for ofra i saka er at dei har ei kriminell fortid og truleg mange fiendar. Er løysinga å finna her? Er det eit offer for ofra som er ute etter hevn? Kan det vera fleire gjerningspersonar? Kva er grunnen til at pressa er så godt informert?

Så kjem det ei stor overrasking; ein plottvending av det uventa slaget - og som gjer at boka etter mi meining hevar seg over det som kan kallast vanleg krim. I andre del er det gjerningspersonen som er forteljarstemme, og me får vita meir om kva som kan vera motiv for dei grusomme drapa. Plutseleg veit lesaren kven som er den skuldige - og ein er ikkje kommen lenger enn halvveges i boka. Ein skulle tru at spenninga dermed vart øydelagt - men det skjer ikkje. I staden endrar boka karakter, frå krimroman til thriller. Mot slutten kjem det enno ein twist, men den er eg meir førebudd på. 

Ivar Nergaard les boka med sedvanleg engasjement, passe tempo og tydeleg diksjon. Dette er noko som hevar leseopplevinga.

Det er muleg at forfattaren kunne spart seg (og lesaren) for dei aller verste og utbroderte skildringane, men denne boka er verkeleg så velskriven og velkomponert at eg landar på terningkast 5-.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar