28. mars 2023

Kort om: Beist av Ane Riel

Aschehoug 2021
440 sider
Lånt papirbok privat

Dette er den tredje - og beste - boka eg har lest av denne forfattaren. 
(Dei andre bøkene er Slakteren i Liseleje og Harpiks)

Beist er ei bok som er vanskeleg å sjangerfesta. På omslaget står det "roman", og det stemmer nok - men elles har boka trekk både frå krim- og thriller-sjangeren, samt enkelte element ein kan kjenna att frå fabel- og eventyr-sjangeren. 

Miljøskildringane er skarpe og tydelege, trass i at historia finn stad i eit udefinert land i ei ikkje-konkret tid. Ut frå hendingar trur eg at det er snakk om ein stad i Sør-Europa, midt på 1900-talet. Men egentleg er det opp til kvar enkelt lesar å tolka kvar og når, om ein føler behov for å ha ein slik oversikt.

Forteljinga er ganske saktegåande, men godt oppbygd. Alt frå starten av kjenner ein på ei underliggjande uro og spenning. Fyrste halvdel av boka er noko omstendeleg, men etter kvart vert tempoet meir oppskrudd. 

Innleiingsvis møter me Leon, ein ung mann med eit barnsleg sinn i ein diger kropp. Han sit i skjul og ventar på kameraten Mirko og me forstår at det må ha skjedd noko fælt. Men kva? Detaljane får me ikkje vita før heilt på slutten.
Undervegs får me så fleire tilbakeblikk frå mange ulike synsvinklar. Gradvis får lesaren vita den dramatiske forhistoria, der voldsomme kjensler og overraskande hendingar har funne stad. Stikkord for handlinga er mellom anna synd, skam, svik, lengsel og lyst. 

Kva er ondskap og kva er godheit? Kva er skuld og kva er uskuld? Slike ting kan ein gjerne reflektera over.
Og kven eller kva er beistet det vert vist til i tittelen? Vel - beistet har mange ansikt, for å sei det slik - og det er kanskje opp til den enkelte lesar å gjera seg opp ei meining om det óg.

Eg vel å ikkje sei meir om sjølve handlinga i boka. Eg seier berre: Les!

Beist er ei stemningsfull, gripande, velskriven og original forteljing med eit levande persongalleri. Eg trur eg aldri kjem til å gløyma Leon og Mirko! Skildringa av venskapet dei imellom og utfordringane dei møter ga djupt inntrykk. Eg anbefalar boka på det varmaste. 

I etterordet gjer forfattaren greie for kva som har vore inspirasjon til denne boka. Den fyrste inspirasjonen handlar om at Riel las om ein gut som var fødd med ein spesiell genfeil, noko som gjorde han abnormt stor og sterk for alderen. Den andre handlar om John Steinbeck og romanen Om mus og menn.

Sjå og høyr Ane Riel fortelja om Beist:

2 kommentarer:

  1. Artig å se at du både leser og lytter om jakt :) Har Bernier klar selv, som påskelesning på Kindelen, gleder meg til den. Får hente Beist på biblioteket før palmehelgen, så da er påsken reddet - takk for supert lesetips Berit!

    SvarSlett
  2. Ja, tilfeldigvis vart det to jaktbøker samstidig. Men dei kan egentleg ikkje samanliknast, kvaliteten er svært ulik.
    Veldig kjekt å bidra med lesetips!

    SvarSlett