4. juni 2025

Kort om: Svart is-kvartetten av Yrsa Sigurðardóttir

Eg har lese mange bøker av denne forfattaren, både seriar og frittståande bøker - og ho skriv alltid bra og har gode gjennomtenkte plott. Men enkelte av bøkene hennar, dei som inneheld overnaturlege element og spøkeri og uavklarte hendingar - dei har eg problem med. 

No har eg lese dei to fyrste bøkene i Yrsa sin nye serie Svart is-kvartetten. Det skal altså komma fire bøker i denne serien (dei er alt utkomne på Island), men ho må gjerne komma med fleire - for her er forfattaren på det eg meiner er "rett spor". For meg er det nemleg viktig med ein rasjonell (om ikkje alltid realistisk) forklaring på krimgåter. Fyrst då får eg ei god leseoppleving. 


Lukk, lukk og lås 
Bonnier norsk forlag 2024
414 sider
Lånt lydbok BookBites / Lånt papirbok privat

Eg byrja lesinga av denne fyrste boka som lydbok, men det gjekk ikkje. Heldigvis hadde eg tilgang også til papirutgåva. Nina Voxholtt er kan hende ein bra skodespelar, men ho er verkeleg ikkje nokon bra opplesar av lydbøker. 

Nok om det - for dette er ei bra bok! Eg var skeptisk på førehand, fordi boka har fått så veldig ulike og sprikande omtalar. 
For meg vart det ei rystande, grøssande og mørk leseoppleving, akkurat slik som eg likar det. Sigurðardóttir veit kva ho skal spela på for å få til den riktige uhyggen hos lesaren, og eg tykkjer det er dyktig gjort.
Bakteppe: dårleg vêr, barsk natur, aude landskap, skummelt hus, mystiske lydar og spesielle familieforhold. Historia er fæl: mor, to barn og ein au pair vert funne drepne. Faren i familien er borte. Det ser med andre ord ut som ei opplagt sak, ei familietragedie. Men rettsmedisinar og etterforskarar finn relativt tidleg ut at så "enkelt" er det ikkje. 

Det heile vert fortalt frå to synsvinklar over to tidslinjer: Politimannen Týr i notid og au pairen Sóldís i tida før drapa finn stad. Det er Sóldís si historie som er mest urovekkande og ubehageleg å lesa - i og med at me veit (alt frå starten) at ho kjem til å bli drept.
Men sjølv om lesaren "veit korleis det går" er det veldig, veldig nervepirrande. 


Vokt dine hender

Bonnier norsk forlag 2025
398 sider
Lånt papirbok privat

I den andre boka er handlinga lagt til Vestmannaeyjar. Vêret er (naturlegvis) også dårleg i denne forteljinga, noko som gjer lokalsamfunnet avsondra og handlinga i boka nokså klaustrofobisk. Når eg går inn på Google maps (noko eg ofte gjer når eg les) ser eg at naturskildringane stemmer bra med verkelegheita. Men i Street view er det dagslys og det ser ut som det er sommar, medan det i boka er vinter, mørkt, glatt, snø og vind. 

Også i denne boka er det ulike perspektiv og to ulike tidsplan. Denne måten å fortelja historia på er effektiv og aukar både spenningsnivået og framdrifta. Ein  berre lesa vidare.
Forteljarstemmene tilhøyrer rettsmedisinar Iðunn og medisinstudenten Traustir. I starten er Traustir glad og forventningsfull fordi han skal treffa igjen gamle studiekameratar. Dei skal riktig nok i ei gravferd fyrst, men etterpå er det planen at dei skal mimra, festa og ha det kjekt saman nokre dagar. Men det blir ikkje noko kjekt gjensyn. Tvert om utviklar det seg til eit grusomt mareritt.

Dette er ei superspennande bok som ga meg både gåsehud og puls. Det flatar bittelitt ut på slutten, - det er naturleg sidan det er ganske mange trådar som skal nøstast opp i.

Vokt dine hender kan lesast som frittståande bok, men eg set pris på å lesa i rett rekkefølge slik at eg blir meir kjent med etterforskarane sine personlege liv og erfaringar. I den fyrste boka får me vita ein heil del om Týr sin bakgrunn, i den andre er Iðunn mest sentral, - og eg reknar med at det er Karó som blir i fokus i neste bok. 

1. juni 2025

Oppsummering mai 25

Påbyrja i april, fullført i mai:
Oddrun Midtbø - Harastølen. Heimen for dei utstøytte - Norsk dokumentar - Kjøpt papirbok
Sara Strömberg - Skinn (Vera Bergström #3) - Svensk krim - 2024 - Lånt papirbok biblioteket

Lese i mai:
Yrsa Sigurðardóttir - Lukk, lukk og lås (Svart is-kvartetten #1) - Islandsk krim - Lånt lydbok BookBites/ lånt papirbok
Atle Nielsen - Syv armer (Ole Bull #3) - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Eva Stensrud - Skyggeadvokaten - Norsk krim - Lyd Storytel
Helen Fields - Perfekt forbrytelse (DI Callanach #5) - Skotsk krim - Lyd Storytel
Helen Fields - Perfekt mord (DI Callanach #6) - Skotsk krim - Lyd Storytel
Anne Britt Harsem - Din vilje skje - Norsk dokumentar/ personleg beretning - Lyd Storytel
Yrsa Sigurðardóttir - Vokt dine hender (Svart is-kvartetten #2) - Islandsk krim - Lånt papirbok privat

Påbyrja i mai, fullførast i juni:
Erik Fosnes Hansen - Salme ved reisens slutt - Norsk roman - Lyd Storytel


4 lyd, 4 papir, 1 ebok
4 lånt, 4 abonnement, 1 kjøpt
7 krim, 2 dokumentar
4 norske, 2 britiske, 2 islandske, 1 svensk
Nye forfattarar: Midtbø, Stensrud

Eg har ein lesesmak som gjer at eg som regel les fleire bøker av mannlege enn kvinneleg forfattarar, men i april las eg for ein gongs skuld fleire bøker av kvinner enn menn. Og no i mai er heile 8 av 9 bøker av kvinner. Mot normalt altså, men det er faktisk tilfeldig. 

Eg las to av bøkene til Helen Fields sin perfekt-krimserie i mai. Dette er ein skikkeleg bra serie som kort sagt består av onde og utspekulerte seriemordarar, dyktige og interessante etterforskarar og særs finurlege plott. Å lesa/lytta til ein (nesten heil) bokserie nesten på rappen har absolutt noko for seg. Den 7. og nyaste er utkommen på norsk, men enno ikkje tilgjengeleg på Storytel, - så då får eg heller venta på den. 

Skikkeleg bra er også dei to fyrste i Svart is-serien. Yrsa Sigurðardóttir er innmari god til å laga grøssande, mørke og stemningsfulle historiar. I går vart eg ferdig med bok to Vokt dine hender, - og den forteljinga ga meg faktisk gåsehud og høg puls! Lukk, lukk og lås er óg ei sterk leseoppleving. Etterpå måtte eg ta fatt i ei lysare og lettare krimbok, og då passa det fint med Atle Nielsen si lettleste Syv armer

Skyggeadvokaten har fått ein del merksemd og høgst ulike omtalar, så den var eg spent på. Eg tykte det var ei bra bok egentleg. Så bra at eg kunne gitt ein prikk til på terningen om enkelte unødvendige skildringar var blitt kutta ut. Meir om det i ein framtidig samleomtale.
Eg las også ut den tredje (og så langt beste) boka i Sara Strömberg sin serie om journalisten Vera Bergström. 

Anne-Britt Harsem har gitt ut fleire sakprosabøker som omhandlar traumatiske barndomsopplevingar og vanskelege oppvekstvilkår. I mai las eg Din vilje skje som handlar om oppvekst med karismatisk kristendom. Rystande, men dessverre ikkje overraskande at ei slik oppvekst har ført til rus, sjølvskading og psykiske vanskar. I juni har eg tenkt å lesa (lytta til) ei anna bok av same forfattar; Jakten på en serieovergriper. Ikkje noko lystig lesing sjølvsagt, men sidan eg har lese ganske mykje om saka tidlegare vil eg også ha med meg boka til Harsem.

Månadens høgdepunkt må bli Harastølen - heimen for dei utstøytte. Eg er skikkeleg imponert over kva Oddrun Midtbø har fått til. Boka er interessant, grundig, pedagogisk og sakleg. Og svært gripande. For meg personleg er innhaldet i boka veldig nært. Eg bur i området og kjenner/kjende fleire som heldt til på denne institusjonen, både tilsette og pasientar/brukarar. Likevel er mykje av innhaldet nytt for meg.
No står bygga på Harastølen til nedfalls, men det finst planar om hotelldrift der, ein gong i framtida. Om hotellet blir ein realitet trur eg ikkje før eg ser det.
I tillegg er det ei veldig flott bok - ei praktbok, ei Coffee table book - som forfattaren ga ut på eige forlag. Boka om Harastølen vart Årets indiebok i kategorien sakprosa for vaksne i 2023. 

No ved månadsskiftet har eg starta gjenlesing av Salme ved reisens slutt av Erik Fosnes Hansen. Eg las boka fyrste gong på slutten av 90-talet i samband med at filmen Titanic var aktuell. Då slukte eg nemleg mange bøker som handla om forliset. Den gongen vart eg ikkje særleg begeistra for boka, for eg forventa nok meir action, og eg hugsar at eg irriterte meg voldsomt over at forfattaren skriv riksmål. No veit eg meir kva boka handlar om, og eg har forståing for at språket speglar den tida det vert fortalt om. Så eg reknar med at å lytta til boka no blir ei anna oppleving enn fyrste gong. Forfattaren les boka sjølv, og han har ei stemme som er god å lytta til.