8. juli 2026

Dikt og slikt: Brasil - Norge

Det er fotball-VM. Noreg er i skrivande stund klare for kvartfinalen der dei skal møta England. I åttandedelsfinalen slo dei sjølvaste Brasil. Igjen. Slik dei gjorde den 23. juni 1998.
Den kvelden vart det ikkje tent mange jonsokbål. Folk flest sat og såg på TV. Såg på Flo og Rekdal, Myggen og Grodås. På det som i ettertid vart kalla "mirakelet i Marseille".
Søndag den 5. juli 2026 såg 2 millionar nordmenn på TV. På Haaland og Nyland, Ødegaard og Nusa. Eit nytt og faktisk endå større mirakel.

Lars Saabye Christensen skreiv eit dikt etter sigeren i 1998. 28 år seinare har han skrive oppfølgjaren.
Nedanfor kan du lesa begge dikta. 

Brasil - Norge

Hvis Norge er våt sement
er Brasil en syngende elv
hvis Norge er lårhøner
er Brasil flytende muskler

hvis Norge er en gjedde
på grunna i indre Østfold
er Brasil en vakende piraja
under den finmaskete himmelen over Rio
hvis Norge er granlegger i den dypeste snø
er Brasil palmekroner i silende sol

og så skjer det likevel:

den norske skogen reiser seg
og sprenger tregrensene
den stiger langs sine stammer
rister sine røtter løs
og legger et helt kontinent
i kram skygge
nå er det nordlys i Sør-Amerika
og det snør på Copacabana
i Stryn gror palmene inn i månen
og det regner kaffe resten av natta

og karnevalet går med pæler

- Frå diktsamlinga ”Pasninger” (1998)



Brasil - Norge II

Vi er bedre vant nå
Vi er i ferd med å bli bortskjemte
Farligere kan man ikke leve:
Optimistiske i gjerningsøyeblikket

Likevel, denne lykken er fullstendig:
Nylands vingespenn
Nusas tusenbein
Bergs krumme humleløp
Postmann Ødegaards hurtige kjærlighetsbrev
som tolkes på stående fot
av Haaland som smiler dobbelt når det plutselige mirakelet
som ligner en selvfølgelighet er et faktum: to null

For ikke å glemme laget som alt dette
er umulig uten, laget som gjør det mulig
aldri å tape for Brasil, heller ikke denne gangen

Derfor er det min plikt som gledesdreper
å helle kaldt vann i blodet på de kjepphøye:

Det skal straffe seg
Det skal komme uår
En dag skal vi også bite i gresset
og kjenne den gamle, bitre smaken av nederlag
mens de dyrekjøpte draktene falmer
i den siste solnedgangen langt bak mål

Da er det bare én ting til å si:
Snu gjerne verden på hodet, men gjør det med måte
Alle som ror må lære
å skåte

1. juli 2026

Oppsummering juni 26

Påbyrja i mai, fullført i juni:
Tina Frennstedt - Det siste bildet (Cold Case #4) - Svensk krim - Lånt lydbok Biblio
Christoffer Carlsson - Brenn meg en sol (Hallandsviten #2) - Svensk krim - Lånt ebok Biblio

Lese i juni:
Bjørn-Henning Ødegaard og Fredrik Sjaastad Næss - Verdens verste kvinner - Humor/biografiar/truecrime - Lyd Storytel
Belinda Bauer - Det umulige - Britisk roman/krim - Lyd Storytel
Caroline Darian - Jeg kaller deg ikke lenger pappa - Fransk dokumentar/biografi - Lyd Storytel
Cat Jarman - Kongenes knokler - Historisk dokumentar - Lyd Storytel
Agnes Matre - Fartsblind (Bengt Alvsaker #6) - Norsk krim - Lånt ebok Biblio
Susanna Alakoski - Barnebarnet (Bomullskvartetten #3) - Finsk-svensk roman - Lånt lydbok Biblio
Yrsa Sigurðardóttir - Så sort som en brann (Svart is-kvartetten #3) - Islandsk krim - Lånt papirbok privat
Tor-Håkon Gabriel Håvardsen - Post mortem - Norsk dokumentar - Lånt lydbok Biblio
Halvor Folgerø - Vestlandsvegar - Norsk dokumentar - Lyd Storytel

Påbyrja i juni, fullførast i juli:
David Baldacci - Lang vei mot dag (Atlee Pine #1) - Amerikansk krim - Lyd Storytel
Belinda Bauer - Exit - Britisk krim - Lånt ebok Biblio


8 lyd, 2 ebøker, 1 papir
6 lånt, 5 abonnement
5 krimromanar, 1 annan roman, 5 dokumentarar
5 norske, 2 svenske, 1 finsk-svensk, 1 islandsk, 1 britisk, 1 fransk
Nye forfattarar: Darian, Jarman

Juni vart ein særdeles bra lesemånad, om eg så må sei det sjølv. Takka vere lydbøker får eg lese mykje utan at eg treng å sitja i ro. Det passar meg bra, særleg på denne tida av året. Overraskande, og utan at det var planlagt, kan ein sjå at eg har lese fleire bøker av kvinnelege forfattarar (7) enn mannlege (4). Det er mot normalt, og kan hende blir det heilt annleis neste månad.

I dette oppsummeringsinnlegget vil eg nytta høve til å framsnakka lytting til biografiar, dokumentarar og anna sakprosa. Slike bøker egnar seg som regel fint i lydbokformatet. I juni har eg lytta til følgjande i denne sjangeren:

Verdens verste kvinner er ei bok som bygger på den underhaldande podcasten 'Verdens verste' (smakebit her). Ikkje så stor litteratur kanskje, men anbefalast om du har sans for true crime, bizzare crime og morbid humor. Ødegaard og Sjåstad Næss står også bak den minst like underhaldande podcasten 'Konspirasjonspodden'.

Jeg kaller deg ikke lenger pappa er skriven av dotter til den franske valdtektsmannen Dominique Pelicot. Ei rystande skildring om maktmisbruk og overgrep. Mora, Gisele Pelicot, var nyleg på Noregs-besøk for å snakka om si eiga bok

Kongenes knokler er skriven av den norske arkeologen og forfattaren Cat Jarman. Bra lesestoff om ein har interesse for historie, vikingtid og arkeologi. Ein del av innhaldet overlappar ei bok eg las i mai, Historiens glør.
(Funfact: Forfattaren gifta seg nyleg med den 9. jarlen av Spencer, bror til prinsesse Diana. Så no er ho tante til den framtidige kongen av England) 

Og når ein snakkar om knoklar: Det vert det også fortalt litt om i Post mortem. Forfattaren og begravelsesagenten Tor-Håkon Gabriel Håvardsen skildrar makabre detaljar i samband med likhenting og obduksjonar - og samstundes er det tydeleg at han viser respekt for dei døde og omsorg for dei etterlatte. Det er dyktig gjort. 
Håvardsen har blitt kalla "Dødens influencer" og har til dømes 30000 følgarar på Instagram. Så me er mange som set oppriktig pris på fagunnskapen og den lune humoren hans og at han er så open om alt som har med døden å gjera. Anbefalar også En seksti under av same forfattar.

Vestlandsvegar bør lesast av representantar for vegstyresmakter og politikarar med ansvar for vegbudsjett og vegsikringstiltak. Boka handlar om kjende og ukjende vegstrekningar, om smale og svingete vegar, om ingeniørkunst, kulturlandskap og vegbygging, om ulukker og nestenulukker. Forfattar Halvor Folgerø tek lesaren/lyttaren med til mellom anna Måbødalen, Tokagjelet, Bergsdalsvegen, Kjøsnesfjorden og Fatlaberget, samt Råaberget i mi eiga heimbygd - til ei hending som fann stad då eg var ein jentunge.

Når ein les om livet, ferdsla og dramatikken langs desse vegane er eg uendeleg takksam for at me no har så mange tunnelar på Vestlandet.
Å mista utsikt er betre enn å mista livet.
Tema i boka er stadig aktuelt: Seinast i går rasa ein diger stein ned på fv55, heldigvis (og tilfeldigvis) utan å treffa verken folk eller bilar. 

21. juni 2026

Norsk krim 2026

Eg omtalar som regel årets norske krimbøker i samleinnlegg. I desse korte omtalane/vurderingane prøver eg å formidla det som (for meg) er mest vesentleg. Så langt i år har eg lese desse tre:

Alt skal bli støv av Jørgen Brekke
Gyldendal 2026
300 sider
Lånt ebok BookBites

Den 9. boka i Singsaker-serien startar slik at lesaren skal bli engasjert alt frå byrjinga av forteljinga. Etter ein urovekkande prolog held det fram med eit møte med eit offer for ei kommande brutal valdshending. "Tilfeldigvis" går dette føre seg ikkje så langt frå der Odd Singsaker oppheld seg, og lesaren er dermed umiddelbart midt inne i handlinga. 

Alt tyder på at det er ei sak av typen "familietragedie", der far har drepe familien sin og deretter teke sitt eige liv. Singsaker - som no er blitt pensjonist - tvilar på at det er så enkelt, og gjer si eiga gransking. Han har dessutan førstehandskunnskap på korleis politiet ser på saka i og med at kona hans Felicia er ein av etterforskarane. 

Eg likar karakteren Odd Singsaker og har etter kvart blitt godt kjend med han. Han er sympatisk, empatisk og har ein sterk rettferdigheitssans. I denne forteljinga skal denne sansen føra til både bisarre og farlege situasjonar.

Alt skal bli støv er bra, men ikkje den beste boka i serien, - eg har konkludert med eit terningkast 4+.


Fartsblind av Agnes Matre
Gyldendal 2026
311 sider
Lånt ebok Biblio

Sjette avsnitt i Bengt Alvsaker-serien, og etter å ha lese alle dei tidlegare bøkene er eg vel kjent med både serie, hovudpersonar og skrivestil. 

Matre er dyktig når det gjeld plott, oppbygging, aktualitet og at alt skal vera så realistisk som muleg. Både teknisk og taktisk etterforsking vert skildra utførleg og detaljert. Greitt nok, men det går til ein viss grad ut over framdrift og spenning. 

I utgangspunktet er dette såkalla bygdekrim, men som handlinga i boka viser kan organisert kriminalitet spre seg til små stader. Vidare handlar det om manglande bemanning og manglande kommunikasjon mellom ulike instansar. Det kan føra til at sårbare og einsame ungdommar lett kan bli rekrutterte inn i kriminelle miljø. 

Fartsblind er ein lettlest kriminalroman med relevant og aktuell tematikk. Terningkast 4.

Rovfugl av Jarle Sten Olsen
Kagge 2026
327 sider
Lånt papirbok biblioteket

Ny serie og ny forfattar for meg dette, og i slike tilfelle er eg alltid skeptisk-spent. Men dette lovar bra. Plottet er godt samanskrudd og spørsmåla om kven, kvifor og korleis driv handlinga framover. 

Handlinga er lagt til Telemark, og hovudperson er etterforskar Kim Utler. Han er tilstades på ein politisk debatt der ein gjerningsperson fyrer av eit skot mot statsministeren. Men vedkommande "bommar" på det som truleg er målet, og ein politimann vert drepen. 

Ein annan handlingstråd består av dagboksnotatar skriven av ein person som befann seg i Kosovo i 1999. Korleis desse sakene heng saman er lenge uklart, men får ei logisk oppklaring etter kvart.

Rovfugl er ei bra bok, sjølv om denne Kim Utler irriterer meg. Han er for usikker og for tam etter min smak. 
Terningkast 4-.

16. juni 2026

Dikt og slikt: Svantes lykkelige dag av Benny Andersen

Livet, lykka og gleden er ikkje det verste ein har! Svantes lykkelige dag er eit dikt om kvardagslykke og dei nære ting, og for meg (som pleier å høyra på Reiseradioen om sommaren) ville sangen komme høgt om eg skulle ha laga ei liste over Tidenes sommarlåt.

Teksten vart skriven av forfattaren, poeten, komponisten og pianisten Benny Andersen (1929-2018). Den danske visesangaren Povl Dissing (1938-2022) si særeigne stemme og orda "om lidt er kaffen klar" har gjort sangen/diktet kjent og kjært. 


Svantes lykkelige dag


Se, hvilken morgenstund,
solen er rød og rund,
Nina er gået i bad,
og jeg spiser ostemad.
Livet er ikke det værste man har,
og om lidt er kaffen klar.

Blomsterne blomstrer op,
der går en edderkop,
fuglene flyver i flok,
når de er mange nok.
Lykken er ikke det værste man har,
og om lidt er kaffen klar.

Græsset er grønt og vådt,
og bierne de har det godt,
lungerne frådser i luft,
ah, hvilken snerleduft.
Glæden er ikke det værste man har,
og om lidt er kaffen klar.

Sang under brusebad,
hun må vist være glad,
himlen er temmelig blå,
det kan jeg godt forstå.
Lykken er ikke det værste man har,
og om lidt er kaffen klar

Nu kommer Nina ud,
nøgen og fugtig hud,
kysser mig kærligt og går
ind for at red’ sit hår.
Livet er ikke det værste man har,
og om lidt er kaffen klar.

Frå romanen/sangboka Svantes viser: En sanghistorie (1972)

11. juni 2026

Bokomtale: Det umulige av Belinda Bauer

Cappelen Damm 2025
Speletid 9:00
Lyd Storytel

Det umulige må vera ein av dei mest spesielle krimbøkene eg har lese. Egentleg er det ikkje krim heller, meir ein roman med enkelte krimelement. I denne boka finn ein svært lite av det som vanlegvis kjenneteiknar krimsjangeren. Så etter endt lesing har eg tenkt gjennom kva som gjorde at eg - trass i desse "manglane" - likte boka ganske godt. Nedanfor skal eg prøva å gjera greie for det. 

Innleiingsvis var eg litt forundra/forvirra og ein smule irritert på alle detaljane og det rolege tempoet. Men sidan eg veit at Belinda Bauer er ein dyktig forfattar som veit korleis ho skal bygga opp ei god historie - vart det til at eg heldt fram med lesinga. Etter kvart vart historia interessant og spennande - og i tillegg; både morosam og gripande.

Den ytre handlinga er ganske sær, men det viser seg at det byggjer på verkelege hendingar. Bauer har bygd forteljinga si rundt faunakriminalitet, nærare bestemt om illegal egghandel, samt om eggsamling og eit heilt spesielt egg. Ikkje visste eg at det fantest noko som heiter oologi (læra om fugleegg og hekkebiologi) eller at det finst nettverk for folk som driv med reirplyndring og innsamling av sjeldne egg! Men som alltid; eg googlar ofte når eg les, og i dette tilfellet vart det ein del googling undervegs - og mykje googling i etterkant. Så eg kan til dømes nemna at så seint som i mars i år vart ein mann her i landet dømt til fengselsstraff for fuglekriminalitet. Heilt utruleg, og dessutan forkasteleg så klart. Kunne han ikkje heller ha samla på frimerker? 

Men tilbake til Det umulige. Handlinga i boka går føre seg på to tidsplan, 1920-talet og 2020-talet. Dei to mest sentrale forteljarstemmene er eggsamlarjenta Celie i fortid og autisten Patrick i notid. Og det er framfor alt desse karakterane som fengar i denne historia. 

Me befinn oss i det engelske grevskapet Yorkshire, der uendelege mengder med sjøfugl hekkar i dei stupbratte klippene. Modige ungdommar let seg fira ned i tau for å samla sjeldne egg for å selja dei til samlarar. Ein av klatrarane er Celie, eit bleikt og forsømt barn, og så lita og tynn at ho klarar å få tak i eit uhyre sjeldent eksemplar av eit lomvi-egg. Familien til Celie er fattig, og sjølv om ho får skammeleg lite betalt for jobben, er desse pengane med på å endra liva deira. 

I notid - omlag 100 år etter - møter me Patrick og naboen og bestevenen hans, Snodige Nick. Begge dei to unge mennene bur saman med mødrene sine og brukar mesteparten av fritida si på dataspel. Så blir Nick og mora utsette for eit ganske brutalt ran. Det einaste som blir stole er ei fin øskje som inneheld eit gammalt egg. Dette hadde Nick lagt ut på Ebay ein kort periode, men han fjerna det då han fann ut at handel av fugleegg ikkje lenger er lovleg. Med eitt er Patrick og Nick i gang med ei høgst alternativ etterforsking, på jakt etter folk som ikkje skyr nokon midlar for å få tak i sjeldne samlarobjekt. Dette byr på visse utfordringar, då Patrick er "på spekteret" og ikkje fungerer så bra sosialt. Han bryr seg til dømes ikkje om å kommentera slikt som for han er heilt openbart: 
[Nick:] "Kompis! Du er et geni! Patrick trakk på skuldrene. Han svarte ikke på meningsløse påstander. " ‎ ‎ ‎ ‎ ‎ ‎ ‎ ‎
Forfattaren skildrar venskapet mellom Patrick og Nick på ein fin måte. Patrick er truverdig og blir ikkje gjort narr av, men dei pussige situasjonane som oppstår mjukar opp denne forteljinga. Også forholdet mellom Celie og den einaste som bryr seg om henne, "idioten" Robert, er skildra med hjertevarme.

Vekslinga mellom dei to tidsplana/forteljingane er oversiktleg og naturleg. Men oppbygginga og samankoblinga skjer på ein så langsam måte at det kan oppfattast som kjedeleg og tregt. 
Eg vil ikkje hevda at det er "feil" å kalla Det umulige for ein krim- eller spenningsroman, men det er ei uvanleg krimhistorie med eit originalt plott.

Eg kan anbefala lydboka, Jannike Kruse les med innleving, god diksjon og i eit passande tempo.

5. juni 2026

Omtale: Finnskog-trilogien av Åsta Holth

Gyldendal 2025
767 sider
Papirbok fått i gåve


Om eit par veker, den 21. juni, vert skogfinnane sin dag markert mange stader. Sidan 1999 har skogfinnar hatt status som nasjonal minoritet i Noreg og i 2022 fekk dei sitt eige flagg

Skogfinnane er etterkommarar av ei finskspråkleg folkegruppe som utvandra frå Finland og inn i Sverige på slutten av 1500-talet. Etter kvart trakk mange endå lenger vestover og frå midten av 1600-talet busette mange seg på austlandet, særleg i det skogsområdet som no vert kalla Finnskogen i Innlandet fylke. Dei tok med seg tradisjonane sine; både språk, kultur, byggeskikk og jordbruksteknikkar.

Språket deira døydde ut på midten av 1900-talet, men kulturen vert i dag teke vare på og halde levande gjennom fleire arrangement og ulike organisasjonar.
Forfattaren Åsta Holth (1904-1999) hadde eit sterkt personleg engasjement for skogfinnekulturen. I Finnskog-trilogien fortel ho om skogfinnane sin kultur og deira harde liv som nybyggarar og innvandrarar.

Den fyrste boka i trilogien er Kornet og freden som kom ut fyrste gong i 1955. Med denne boka fekk Holth sitt litterære gjennombrot. Seinare kom Steinen blømer (1963) og Kapellet (1967). Eg tykte det var greitt å lesa dei samla og rett etter kvarandre i dette eittbindsverket. Samstundes har eg teke meg god tid med lesinga og lese mykje anna innimellom. 

Handlinga i den fyrste boka startar på slutten av 1600-talet der me blir kjende med Pål Tyyskiäinen og kona hans, Kerttu Mullikka. Sidan føl me etterkommarane deira utover på 1700- og 1800-talet. Holth skildrar, detaljert og med innsikt, livet på Finnskogen. Det handlar om hardt arbeid og slit, om skiftande årstider, om frykt for uår og rovdyr. Det handlar vidare om utanforskap, diskriminering og fattigdom, men også om samhald og (glimt av) lykke. Ho skriv direkte og som oftast frå eit kvinneperspektiv. Det er sterkt å lesa om dei tøffe kåra som kvinnene på Finnskogen hadde; om tider med svolt og naud, om (altfor mange) graviditetar og barnefødslar, om fjøsstell, handarbeid og husarbeid og om ulike omsorgsoppgåver som måtte ivaretakast.

Menneska sitt forhold og nærleik til naturen står sentralt i bøkene:

Kjenner du våren i skogane i nord? Det er der det er vår. Enda han kjem ikkje med brask og bram, han smyg på tå som ein lørdagsfriar. Han kviskrer stilt og smeikande og kakker lint på ruta. Han ber berre om ein liten prat gjennom dørsprekken. Men han banker snart sterkare, noe snur på seg og puster søvntungt der inne. Og våren blir meir og meir høgmælt, han nynner, plystrer, syng - til slutt knasar han ruta, stormer inn og tek henne i fang. Henne - skogens vaknande jord. Han er strid og mjuk, han er overmodig og vill og glad, og samstundes græt han saman med henne tårer av lengt og letting. Jorda blir varm i fangtaket hans. Og livet bobler, i strupen på orrhanen som danser med raue bryn, i tiuren med det frodande og knepprande nebbet, i brestande knoppar og susande sava, i det englekvite mylder av kvitveis og i hestehovens overmodige solfarge. Bån skulle komma til om våren. Alle bån skulle bli fødde til stigande verme og veksande lys.
Eg vart positivt overraska over språket Åsta Holth brukar. Det er veldig spesielt; nynorsk og noko radikal bokmål samt enkelte dialektord og -uttrykk. Sannsynlegvis meinte forfattaren at nynorsk var nærast hennar eiga dialekt, og med dette særeigne språket skapte ho ein heilt spesiell skrivestil. Andre ting som imponerer er forfattaren si formidlingsevne og hennar kunnskap om natur, kultur, folketru og tradisjonar.

Persongalleriet er stort, noko som er naturleg når handlinga går over eit par hundre år og fleire generasjonar. Nokre av personane kjem me under huda på medan andre berre flagrar forbi. Åsta Holth skal ha basert personane sine på verkelege menneske i si eiga slekt.

Finnskog-trilogien er eit stort og interessant romanverk, skrive med engasjement og i eit særeige språk.

For nokre år sidan las eg Britt Karin Larsen sin serie frå Finnskogen, og eg likte dei bøkene veldig godt. Larsen og Holth tilhøyrer kvar sin generasjon, og bøkene deira kan kanskje ikkje samanliknast - men eg tykkjer at dei utfyller kvarandre. Der Larsen er poetisk og svevande, har Holth meir fokus på det konkrete og på detaljar i høve levemåte og buforhold. Men kjærleiken til Finnskogen - den har dei felles.
Ein annan ting dei har felles er at bøkene deira gir oss ei påminning om at landet vårt har vore fleirkulturelt i fleire hundre år. 

31. mai 2026

Oppsummering mai 26

Påbyrja i februar, fullført i mai:
Åsta Holth - Finnskogtrilogien - Norske romanar - Papirbok fått i julegåve

Påbyrja i april, fullført i mai:
Håkan Nesser - Det finmaskede nettet (Barbarotti #10) - Svensk krim - Lånt papirbok biblioteket
Tomm Kristiansen - På Parfymefloden og andre reiser - Norsk dokumentar/reiseskildring - Lyd Storytel

Lese i mai:
Harlan Coben - Funnet - Amerikansk krim - Lyd Storytel
Pascal Engman og Johannes Selåker - Skammens vei (Skumringstimen #2) - Svensk krim - Lånt papirbok biblioteket
Tomm Kristiansen - Fra Mandelas land - Norsk dokumentar/biografi - Lyd Storytel
Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen - 1968 - Norsk dokumentar - Lyd Storytel
Nicci French - Et rom av løgner - Britisk krimthriller - Lyd Storytel
Christoffer Carlsson - Jærtegn (Hallandsviten #1) - Svensk krim - Lånt ebok Biblio
Torbjørn Færøvik - Drømmen om Asia - Norsk dokumentar/reiseskildring - Lyd Storytel

Påbyrja i mai, fullførast i juni:
Tina Frennstedt - Det siste bildet (Cold Case #4) - Svensk krim - Lånt lydbok Biblio
Christoffer Carlsson - Brenn meg en sol (Hallandsviten #2) - Svensk krim - Lånt ebok Biblio

6 lyd, 3 papir, 1 ebok
3 lånt, 6 abonnement, 1 fått
5 krimromanar, 1 historisk roman/trilogi, 4 dokumentar
5 norske, 3 svenske, 1 britisk, 1 amerikansk
Nye forfattarar: Holth, Bratholm, Larsen

I mai vart eg omsider ferdig med Finnskogtrilogien som eg byrja på i februar. Eg har brukt lang tid, ikkje fordi boka er kjedeleg eller langsam, men fordi eg ville bruka tid på å "fordøya" innhaldet. Trilogien vart ei god leseoppleving og det kjem truleg ein omtale etter kvart. 

Det vart 4 sakprosa denne månaden, tre av dei av "eldre årgang". Både Parfymefloden og Fra Mandelas land av Tomm Kristiansen og Drømmen om Asia av Torbjørn Færøvik kom ut fyrste gong på 1990-talet. Men eg vil påstå at dei berre til ein viss grad er utgått på dato, - dei er alle framleis interessante, lærerike og underhaldande. 
Forfattar- og ekteparet Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen si bok om 1968, "året da kjærligheten blomstret og verden sto i brann" er óg ei interessant bok. Sjølv var eg eit barn i 1968 og følgeleg er eg for ung til å vera ein "ekte sekstiåtter", men eg hugsar ein del av dei hendingane det vert fortalt om, noko som truleg skuldast at det var i 1968 at foreldra mine kjøpte den fyrste TV'en vår. TV er eit sterkt medium, kanskje særleg for eit barn, og difor hugsar eg fleire svart-kvite glimt. Glimt frå både vinter- og sommar-OL, av kronprinsbryllaupet, samt nyhende som invasjonen av Tsjekkoslovakia og attentata på Robert Kennedy og Martin Luther King.

Krimbøkene eg las var av ulik stil og varierande kvalitet, med Det finmaskede nettet og Jærtegn som høgdepunkt, og med Funnet og Skammens vei hakk i hel. Eg har lese og likt fleire bøker av "Nicci French" (pseudonym for forfattar- og ekteparet Nicci Gerrard og Sean French) tidlegare, men Et rom av løgner innfridde ikkje heilt. Genialt plott, men leseopplevinga vart forringa av ein slitsam hovudperson og mykje utanomsnakk om trivialitetar.
Jærtegn er fyrste bok i serien Hallandssviten av Christoffer Carlsson. Kan kategoriserast både som bygdekrim, oppvekstroman og psykologisk thriller. Ei sterk og ganske intens leseoppleving. Eg las ut boka i går og er no i gang med ei anna bok i same serie, Brenn meg en sol

Elles har BookBites i løpet av mai gått over i historien og me har fått Biblio i staden. Appen er ny, men for oss brukarar er endringa knapt merkbar. Både brukarnamn, passord, utval og innhald er det same som før. Det vil óg sei at eg framleis ikkje er heilt nøgd med tenesta. Me som helst vil låna ebøker og lydbøker må finna oss i å venta mykje lenger enn papirboklånarar. Slik er det i alle fall på "mitt" bibliotek.

12. mai 2026

Bokomtale: Det finmaskede nettet av Håkan Nesser

Gyldendal 2026
348 sider
Lånt papirbok biblioteket

Så er forteljinga om Gunnar Barbarotti over. Det vart ti bøker, det same som Van Veeteren-serien, og det finst óg ei bok der begge er med, De venstrehendtes forening.
21 bøker tilsaman altså - og som forfattaren påpeikar i etterordet i Det finmaskede nettet: slår ein saman tal bokstavar i namna Barbarotti og Van Veeteren - får ein 21. (Eg nemner dette fordi kodar og tal er ein del av forklaringa på mysteriet som vert omhandla i denne siste boka.)

Den fyrste boka om Van Veeteren kom ut i 1993 og har tittelen Det grovmaskede nettet - og etter vel 30 år er ringen slutta med Barbarotti og Det finmaskede nettet. Fiffig. Og samstundes så interessant at eg rett og slett får lyst til å lesa alle 21 bøkene ein gong til, og då i rett kronologisk rekkefølge, - noko eg ikkje gjorde fyrste gong. 

Det er fleire grunnar til at eg er begeistra for Nesser sine bøker. Noko av det eg tykkjer er så bra er at han alltid har intrikate historiar, gjennomtenkte plott, fine skildringar, elegante overgangar, og eit godt og stødig språk. Dessutan trur eg at eg har same form for humor som Nesser. Eg humrar rett som det er av den tørre humoren. Over ironiske og artige karakteristikkar, skarpe observasjonar, pussige ordspel og merkelege tankerekker. Men framfor alt meiner eg at det er karakterane som gjer bøkene så leseverdige. Hovudpersonar og bipersonar er tydelege og vert skildra med forståing og hjertevarme. Dei framstår som oftast både sterke og svake, og med både gode og mindre gode eigenskapar.

Til vanleg er det krim av den raske, mørke og meir hardbarka typen eg likar best, men eg har altså likevel stor sans for Nesser sine meir litterære og saktegåande krimromanar. Barbarotti-serien (og dels Van Veeteren-serien) er ein type feelgood-krim. Sjølv om det er krim og det handlar om mord, vald, ondskap og galskap, gjer humoren og ironien at det vert mindre ubehageleg å lesa om. Det underfundige og kvardagsfilosofiske er dessutan blitt meir påfallande i dei siste bøkene. Så ja, feelgood som sagt, men ikkje av det overforklarande og fordummande slaget. Eg vil påstå at Nesser sine krimromanar passar både for ihuga krimlesarar og for folk som elles ikkje les noko særleg av denne sjangeren. 

Men tilbake til Det finmaskede nettet. Gunnar Barbarotti og sambuaren/kollegaen Eva Backman er i ferd med å avslutta arbeidslivet sitt. Som pensjonistar skal dei flytta til Gotland, der også Asunander, den tidlegare sjefen deira, har busett seg. Asunander er svært oppteken av ei uløyst kriminalsak og ynskjer hjelp frå dei nybakte pensjonistane. (Forfattaren bur forresten sjølv på øya, men for tida er han i fengsel

Saka har koblingar til Gotland, og Barbarotti og Backman granskar, søker, leitar og pratar seg gjennom saka. Det er litt snirklete, litt pludrete, litt langsamt, - men absolutt underhaldande. Eg trudde at eg såg samanhengar og at eg skjønte mysteriet ganske tidleg, men Nesser kjem sjølvsagt med ein uventa vri og ei overraskande løysing. 

Boka har fleire ulike perspektiv, tydelege forteljarstemmer, er lettlest og har bra driv. Skrivestilen er typisk Nesser; lett tilgjengeleg, men finurleg. Sjølv om det (mest sannsynleg) er siste bok i serien kan ho lesast åleine - og kanskje også som ein introduksjon til serien/forfattarskapet. 
Avslutninga er emosjonell utan å vera klissete sentimental.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - 

Eg elskar alle dei 21 bøkene om Van Veeteren og Barbarotti, men når det er sagt; eg elskar ikkje alle like mykje. Slik eg hugsar dei no er favorittane mine følgjande: Tilbakekomsten (Van Veeteren #3), Carambole (Van Veeteren #7), Svalen, katten, rosen, døden (Van Veeteren #9), Menneske uten hund (Barbarotti #1), En helt annen historie (Barbarotti #2) og De sørgende (Barbarotti #5). Eg las alle desse i "førbloggtid". Eller kanskje eg las dei medan eg hadde den andre bloggen (som no er sletta).

På denne bloggen finst desse Nesser-omtalane: 
Van Veeteren (serieomtale)
Og Piccadilly Circus ligger ikke i Kumla (frittståande)
Levende og døde i Winsford (frittståande)
Eugen Kallmanns øyne (frittståande)
Halvmorderen (frittståande)
Elleve dager i Berlin (frittståande)
Barins triangel (tre kortromanar)
Intrigo (noveller)
De venstrehendtes forening (Van Veeteren og Barbarotti)
Den sørgmodige bussjåføren fra Alster (Barbarotti #6)
Sjakk under vulkanen (Barbarotti #7)
Det kom et brev fra München (Barbarotti #8)
Ung manns ferd mot natt (Barbarotti #9)

Det er muleg at det blir gjenlesing av Van Veeteren for meg til sommaren, om ikkje andre bøker "kjem i vegen".

30. april 2026

Oppsummering april 26 og tertialstatistikk

Påbyrja i mars, fullført i april:
David Lagercrantz - Memoria (Rekke og Vargas #2) - Svensk krim - Lyd Storytel 
Martin Baldysz - Stille grender - Norsk krim (Ryer-serien #1) - Lånt ebok BookBites

Lese i april:
Malin Persson Giolito - Motiv - Svensk krimnovellesamling - Lyd Storytel
Elly Griffiths - En følelse av død (Ruth Galloway #4) - Britisk krim - Lyd Storytel
Jørgen Brekke - Alt skal bli støv (Odd Singsaker #9) - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Jarle Sten Olsen - Rovfugl (Kim Utler #1) - Norsk krim - Lånt papirbok biblioteket
Val McDermid - Bildene hvisker (Karen Pirie #6) - Britisk (skotsk) krim - Lyd Storytel
Val McDermid - Bak løgnen (Karen Pirie #7) - Britisk (skotsk) krim - Lyd Storytel
Eleanor Barraclough - Historiens glør - Britisk historisk dokumentar - Lånt ebok BookBites

Langlesing - skal fullførast i mai:
Åsta Holth - Finnskog-trilogien - Norsk - Roman(ar) - Papirbok fått i gåve

Påbyrja i april, fullførast i mai:
Håkan Nesser - Det finmaskede nettet (Barbarotti #10) - Svensk krim - Lånt papirbok biblioteket
Tomm Kristiansen - På Parfymefloden og andre reiser - Norsk dokumentar/reiseskildring - Lyd Storytel




5 lyd, 3 ebøker, 1 papir
4 lånt, 5 abonnement
7 krimromanar, 1 krimnoveller, 1 historisk dokumentar
3 norske, 2 svenske, 4 britiske
Nye forfattarar: Baldysz, Olsen, Barraclough

April vart ein OK+ lesemånad. Ikkje så variert akkurat, då eg for tida les nesten berre krim og spenning, kun ispedd litt sakprosa av og til. (Eller - når eg tenkjer meg om har det vel vore slik nokre år..) 

Historiens glør er ei overraskande interessant bok, der me får kunnskap om vikingtida sett med britiske auge. Barraclough har fokus på kva arkeologi og skriftlege kjelder kan fortelja om "vanlege folk", og er til dømes eit bra supplement til Hardråde av Tore Skeie. Forfattaren ser ut som ho er 14, men ho er velutdanna og har mellom anna doktorgrad i norrønt. Terningkastet - ein (sterk) 4'ar - er strengt, men eg følte så sterkt på at eg ville ha meir. Meir tekst, fleire forklaringar, fleire teoriar og særleg; fleire illustrasjonar og kart.

Av høgdepunkt i april må nemnast Stille grender og Malin Persson Giolito si glimrande novellesamling Motiv
Alt skal bli støv og Rovfugl skal eg komma tilbake til i ein framtidig samleomtale. 

Tertialstatistikk 

Etter 4 månader av 2026 kan eg visa til følgjande tal:
  • 32 bøker, fordelt slik på sjanger:
    - 23 krim- og spenningsromanar
    - 2 andre romanar
    - 2 novellesamlingar
    - 5 sakprosa
  • 15 lyd-, 13 ebøker, 4 papirbøker
  • 19 lånt, 13 Storytel-abonnement, 
  • 11 norske, 8 svenske, 6 britiske, 4 amerikanske, 1 dansk, 1 fransk, 1 australsk
  • Terningkast: 13 5'arar, 15 4'arar og 4 3'arar. 

10. april 2026

Kort om: Stille grender av Martin Baldysz

Samlaget 2025
475 sider
Lånt ebok BookBites

I påsken las eg Stille grender, ein historisk krim skriven på nynorsk. Eg visste lite om boka og ingenting om forfattaren frå før, men det vart ei overraskande bra leseoppleving. Historia er fengande og original og forfattaren kan skriva. Eg set dessutan pris på forfattarar som utfordrar og fornyar krimsjangeren, noko Baldysz har lukkast med. Samstundes finn ein mange element som ein elles kan finna i klassisk tradisjonell krim. 

Stille grender er fyrste bok i det som skal bli ein serie. Hovudpersonar er eit søskenpar frå Ålesund som i denne forteljinga skal etterforska eit særdeles brutalt drap som har funne stad i den avsidesliggande (fiktive) Mardalen. 

Året er 1902. Den unge og ambisiøse overkonstabelen Johan Ryer tek med seg systera Sonja som assistent til Mardalen. Dette fordi Johan meiner at ho er både klok, analytisk og uredd. Og visst er Sonja skarp og modig, men lesaren får tidleg vita at ho har eit rusproblem. Johan forventar at det skal gå greit å etterforska og oppklara drapet, men så enkelt blir det ikkje. Mardalen er eit lukka samfunn sterkt prega av konflikta mellom eigarane av dei to største gardane i grenda. Offeret er  dotter til den eine av desse storbøndene. Stemninga er spent og uhyggeleg og mange av dei lokale er uvillige til å snakka om kva dei har sett og/eller høyrt.

Tidsbileta og miljøskildringane er gode; ein kan sjå for seg landskapet og naturen. Ja, ein kan faktisk sei at naturen framstår som ein eigen karakter, med den mørke skogen, dei bratte fjellsidene og den store fjorden - som bind Mardalen saman med omgjevnadene. Personteikningane er tydelege, slik at ein lett kan skilja dei enkelte frå kvarandre. Om noko skal pirkast på, er det at enkelte av karakterane på dette viset vert noko karikerte. Ein kan òg hevda at Johan er i overkant naiv og at Sonja er altfor dristig.

Tempoet er ganske langsamt, men framdrifta er likevel til stades sidan det skjer så mykje dramatisk. Stemninga er elles mørk og klaustrofobisk og det kjem fram mange hemmelegheiter og mykje kjensler som ulmar under den elles rolege overflata. 

Stille grender er ein innhaldsrik, stemningsfull og interessant krimroman som verkeleg kan anbefalast. For mi eiga leseoppleving var det positivt at ikkje alt var så beint fram. Eg forsto ikkje kven som sto bak ugjerningane før det vart avslørt. 

Eg ser fram til neste bok i serien. Eg vil gjerne bli meir kjent med Johan og Sonja og er nysgjerrig på bakgrunnen og oppveksten deira. Og eg tenkjer: Sidan denne boka er lagt til 1902 er det kanskje nærliggjande å tru at den neste kan komma til å handla om bybrannen i Ålesund i 1904?

31. mars 2026

Oppsummering mars 26

Påbyrja i februar, fullført i mars:
Hans Rosenfeldt - Høstebarn (Hannah Wester #2) - Svensk krim - Lånt ebok BookBites 
Sara Strömberg - Sot (Vera Bergström #4) - Svensk krim - Lånt lydbok BookBites 

Påbyrja i februar, fullførast i april:
Åsta Holth - Finnskog-trilogien - Norsk - Roman(ar) - Papirbok fått i gåve

Lese i mars:
Arne Dahl - Underverkene (Nova-serien #2) - Svensk krim - Lånt ebok BookBites 
C.J. Tudor - En glipe av mørke - Britisk krim-/grøssar-novellesamling - Lyd Storytel
Christoffer Carlsson - Levende og døde (Hallandsviten #3) - Svensk krim - Lånt ebok BookBites 
Peter Swanson - Tre er en for mye - Amerikansk krim - Lyd Storytel
Viveca Sten - Offermakeren (Mordene i Åre #1) - Svensk krim - Lånt lydbok BookBites 
Bernard Minier - De utslettede (Luica Guerro #2) - Fransk krim - Lånt papirbok privat

Påbyrja i mars, fullførast i april:
David Lagercrantz - Memoria (Rekke og Vargas #2) - Svensk krim - Lyd Storytel 
Martin Baldysz - Stille grender - Norsk krim - Lånt ebok BookBites


4 lyd, 3 ebøker, 1 papir
6 lånt, 2 abonnement
8 krim, av dei 1 noveller
5 svenske, 1 amerikansk, 1 fransk, 1 britisk
Nye forfattarar: (Holth)

I tillegg til dei åtte bøkene på biletet over har eg lese fyrste del av Finnskog-trilogien, Kornet og freden; ei interessant og gripande forteljing. 
Det vil sei at eg har lese litt anna enn krim og spenning denne månaden.

Eg les ikkje mykje innan grøssar-/skrekksjangeren lenger (las for mykje Stephen King då eg var ung), men grøssarnoveller er OK. C.J. Tudor (best kjent for Krittmannen) er ein forfattar som er kreativ, skriv godt og som beherskar det korte formatet. 'En glipe av mørke' kan anbefalast om du likar slikt. 

Peter Swanson skriv underhaldande spenningsromanar med finurlege plott og overraskande vendingar. 'Tre er en for mye' er ein frittståande oppfølgjar til De som fortjener det.

Når det gjeld dei svenske krimromanane viser eg til samleomtalen om fire av dei. Den femte eg las i mars er den fyrste i serien 'Mordene i Åre' - og eg trur eg stoppar med 'Offermakeren'. Eg har liksom lese boka før, det vil sei at både karakterar, handling og oppbygging liknar altfor mykje på andre bøker. Viveca Sten sine bøker og seriar er for meg uforståeleg populære. Men så har eg ikkje lese meir enn ei bok av henne tidlegare, ei av bøkene i Sandhamn-serien som eg ga terningkast 2.

Siste dag i månaden las eg ut 'De utslettede'; ein fascinerande og spennande politikrim med innslag av både grøss, filosofi og samfunns- og mediakritikk. Same dag har eg starta på 'Stille grender', og knapt før eg sette i gang med å lesa har eg fått fleire overraskingar: Eg var ikkje klar over at forfattaren er norsk, at boka er skriven på nynorsk og heller ikkje at det er ein historisk kriminalroman - så dette skal bli spennande og interessant. 

Påskekrim betyr for meg krimbøker og ikkje krimseriar og -filmar. Eg har slukt alle Harry Hole-bøkene etter kvart som dei har komme ut, men har ingen planar om å sjå TV-serien. Heller ikkje 'Mord i Sogn' fristar, sjølv om denne er innspelt så og sei i nabolaget mitt. Eg har sett bilete av vedkommande som spelar Ole Vik i serien - og han har ikkje noko likskap med den Ole eg har sett føre meg. Så det som passar meg best er Jørgen Jæger sine bøker. 

Fortsatt god påske!

29. mars 2026

Vårlesing: Svensk kvalitetskrim

På leit etter påskekrimtips? Glad i svensk krim og nordic noir? Då kan eg anbefala bøkene nedanfor.


Høstebarn av Hans Rosenfeldt
Cappelen Damm 2026
380 sider
Lånt ebok BookBites

Dette er ei bok eg har venta på lenge, heilt sidan eg las Ulvesommer i 2021. Høstebarn er framhald av den boka og me møter mange av dei same karakterane. Hovudperson og protagonist er Hannah Wester, som i byrjinga av denne forteljinga er tilbake på jobb som politietterforskar etter å ha vore fråverande ei tid etter dei dramatiske og tragiske hendingane i fyrste bok. Handlinga er lagt til Haparanda, ein by inst i Bottenviken, på grensa mellom Sverige og Finland.

Lesaren får følgja fleire ulike personar i eigne kapittel, noko som bidreg til både tempo, framdrift og spenning. Ein vert umiddelbart dregen inn i handlinga, då dei fyrste me møter er to desperate høggravide kvinner som er på flukt frå - kva? kven? 

Trafficing, menneskehandel og mafiaverksemd er stikkord for handlinga. Det handlar om korleis enkeltmenneske vert grovt utnytta for at andre skal få oppfylt sine draumar. Det er pengane som rår, kynisk og brutalt, og enkelte gjer alt for å skjula sanninga. 

Eg håpar det ikkje går nye fem år før neste bok kjem! Høstebarn er ei sterk, mørk og velskriven forteljing som verkeleg kan anbefalast. Terningkast 5.


Underverkene av Arne Dahl
Cappelen Damm 2026
383 sider
Lånt ebok BookBites

Ein morgon vert det oppdaga at nokon har plassert ein skulptur på Skinnarviksberget i Stockholm. Skulpturen er ein kopi av Zevsstatuen, ein av dei sju underverka i antikken. Inni statuen vert det funne eit lik. Kort tid etter vert eit nytt underverk funne, som også har "noko ekstra". 

Kven er ofra? Kjem det til å dukka opp fleire kopi av antikke kunstverk? Korleis stoppa mordaren/kunstnaren? Det er ei komplisert sak for Eva Nyman og resten av Nova-gruppen. Spora fører både til kunst- og gatekunstmiljø og til narkotika- og internasjonal kriminalitet. 

Underverkene er framhald av I sirkelens sentrum som kom ut i fjor. Forventningane mine var sjølvsagt høge, og dei vart i stor grad innfridde. Plottet er originalt og ganske komplisert, "befolka" med mange interessante karakterar og er svært fascinerande lesing. Om ein aksepterer enkelte usannsynlege og lite truverdige hendingar, er boka ein sidevendar med herleg krypande uhygge. 

Som serien om A-gruppen handlar denne nye serien om eit politikollektiv, men eg føler at eg ikkje er blitt skikkeleg "kjent med" deltakarane enno. Likevel - dette er ei særdeles velskriven bok som fortener eit terningkast 5.


Levende og døde av Christoffer Carlsson
Gyldendal 2024
406 sider
Lånt ebok BookBites

Etter ein springande og litt forvirrande start vart dette ei svært bra leseoppleving. Levende og døde er nummer tre i serien som vert kalla Hallandsviten, og bok nummer fire (En liten dråpe blod) har nyleg komme ut på norsk. Bøkene er frittståande og serien ukronologisk, og eg ser fram til å lesa både den nye og dei to føregåande (Jærtegn, Brenn meg en sol), for dette er veldig bra!  

Handlinga går føre seg på to ulike tidsplan og er lagt til den vesle bygda Skavböke, ikkje så langt frå Halmstad. Både enkeltpersonar, familiar og lokalsamfunn er prega av ei tragisk hending som fann stad i 1999. Ungdommane som var involverte den gongen er blitt godt vaksne og etablerte, og alt blir rippa opp i på nytt når det skjer ei ny tragedie. Kva har skjedd? Kven veit? Kvifor enda politietterforskinga på ein uklar måte i 1999? Kvifor er det så mykje som vert halde skjult? 

Levende og døde er skriven på ein lågmælt og stemningsfull måte, men er slett ikkje utan dramatikk. Terningkast 5-.


Sot av Sara Strömberg
Kagge 2026
Speletid 13:00
Lånt lydbok BookBites

Avslutningsvis; endå ein bygdekrim, og denne gongen befinn me oss i området Åre - Storlien i Jämtland. Fjerde del i serien om journalisten Vera Bergström er velskriven og ganske så spennande. Vera sjølv er ei dame på 60+, og ho er både kul og interessant - men også irriterande til tider. 

Parallelt med Vera si gransking av ei pågåande kriminalsak, får me møta ein psykolog som har litt av kvart å stri med. Lesaren blir ikkje så veldig overraska når det etter kvart viser seg at sakene heng saman. Persongalleriet er oversiktleg og forteljarstemmene tydelege, så denne egnar seg fint som lydbok. Opplesar Ane Dahl Torp les litt seint, men med akkurat passe engasjement. 

Sot er litt for lang, men er ein lettlest og trevlig deckare som kan passa bra som påskelektyre. Hadde boka vore 50-100 sider kortare ville eg gitt ein prikk til på terningen.
Eg landar på terningkast 4+.

2. mars 2026

Oppsummering februar 26

Påbyrja i januar, fullført i februar:
Anders Roslund - 100 prosent (Ewert Grens #12) - Svensk krim - Lyd Storytel
Mona Ringvej - Et kongerike foran undergangen - Historisk/biografisk dokumentar - Lånt ebok BookBites 

Lese i februar:
Åsne Seierstad - Ufred - Dokumentar - Lånt ebok BookBites 
Harlan Coben - Jeg finner deg - Amerikansk krim - Lyd Storytel
Freida McFadden - Hushjelpen - Amerikansk krim - Lyd Storytel
Helen Fields - Perfekt hevn (DI Callanach #7) - Britisk krim - Lyd Storytel
Jørn Lier Horst - Den siste saken (William Wisting #19) - Norsk krim - Lånt ebok BookBites

Påbyrja i februar, fullførast i mars:
Åsta Holth - Finnskog-trilogien - Norsk - Roman(ar) - Papirbok fått i gåve
Hans Rosenfeldt - Høstebarn (Hannah Wester #2) - Svensk krim - Lånt ebok BookBites 
Sara Strömberg - Sot (Vera Bergström #4) - Svensk krim - Lånt lydbok BookBites 
4 lyd, 3 ebøker
3 lånt, 4 abonnement
5 krim, 1 historisk/biografisk, 1 dokumentar
3 norske, 2 amerikanske, 1 svensk, 1 britisk
Nye forfattarar: McFadden

Plutseleg mars, og gradestokken viser varmegrader! Det er vår!

Eg trudde eg hadde lese (og høyrt) mykje i februar, men her i oppsummeringen ser det ganske lite ut. Forklaringa er at mange av bøkene er omfattande og langvarige, samt at februarmånaden er så kort.

Månadens høgdepunkt i februar vart Ufred. Lærerikt og aktuelt om Russland og russarar, russisk kultur og russisk daglegliv. Litt vel detaljert og oppramsande tid tider, men likevel ei god bok.
Eg likte også godt den 12. boka i Evert Grens-serien og den 7. boka i Perfekt-serien. Den 19. boka i Wisting-serien er heller ikkje så verst.

Elles må Mona Ringvej si bok nemnast. Et kongerike foran undergangen med undertittel 'Erkebiskop Erik Valkendorf og det katolske Norge som forsvant' er, som andre bøker av same forfattar ('Vegen mot nord', 'Dronning Ingrids land') interessant og detaljrik. Sett i ettertid tenkjer eg at boka kanskje hadde fortent endå ein prikk på terningen. Om Erik Valkendorf visste eg berre ein ting frå før; at det var han som "anbefalte" den vakre Dyveke til kong Christian den 2. No veit eg ein heil del meir, både om Valkendorf sjølv og den tida han levde i. 

Hushjelpen er oppskrytt. Det var nummeret før eg avbraut lesinga, men så skjedde det eit skifte av forteljarstemme undervegs som gjorde at eg "heldt ut". Ein film basert på boka er forresten kinoaktuell no.
Eg tykkjer óg at Harlan Coben er ein noko oppskrytt forfattar, men Jeg finner deg er OK. Veldig amerikansk då, og minner ofte om eit filmmanus. Så ja, TV-serien er undervegs. 

18. februar 2026

Dikt og slikt: Dinosauren og månen

Gustav Lorentzen (1947-2010) var artist, låtskrivar, komikar, programleiar og forfattar. Kjent som Ludvigsen frå Knutsen & Ludvigsen og for sangar som Grevling i taket, Kanskje kommer kongen og Dum og deilig. Han var óg kjent som ein forkjempar for barnekultur og barns rettigheiter. 

Dinosauren og månen er frå albumet Juba juba (1983).


Dinosauren og månen

En dinosaurus går på jorden
en liten en på fire tonn.
Den strever med å følge moren
hvorfor må hun løpe sånn?

Den går i vannet og forsvinner
månen ser den før den dør.
Og kloden faller mens den spinner
tiden trekker for sitt slør.

To hundre millioner år,
bevare meg som tiden går.

Men månen er den samme
selv om raketter drar opp dit
og tar med litt tilbake hit.
Månen er den samme,
og noen kommer dit og andre ei.
Men ikke syns jeg at jeg har det travelt med å dra dit,
spør du meg.

Den dinosauren som vi kjenner,
blir forvandlet jevnt og trutt
i jordens dyp helt til den ender
opp som olje helt til slutt.

To hundre millioner år,
bevare meg som tiden går.

Men månen er den samme,
raketten setter dit sin kos
og brenner oljen til eksos.
Månen er den samme,
rakettens motor drives av vår venn.
Som takk for hjelpen kommer dinosaurusen
opp til himmelen.



Arkivfoto/ Bergens tidende

5. februar 2026

Norsk krim 2025 del 3

Ny samleomtale som gjeld krim som kom ut i fjor. Alle bøkene er av svært røynde forfattarar og alle del av seriar. Og alle er etter mi meining i kategorien god grei krim.

Les også: 
Norsk krim 2025 del 1
Norsk krim 2025 del 2

Inn i mørket av Jan Mehlum
Gyldendal 2025
334 sider
Lånt papirbok biblioteket 

Bok nummer 23(!) om advokat Svend Foyn i Tønsberg - og 81-åringen Mehlum leverer framleis, på ein imponerande måte.

Innleiingsvis finn Foyn ein død person, og som alltid blandar han seg inn i saka. Han oppdagar etter kvart manglande etterforsking frå politiet si side og bestemmer seg for å snusa rundt. I samband med det fartar han mellom Tønsberg og Oslo og det blir óg ein snartur til København. 

Inn i mørket er ein velskriven kriminalroman, kanskje ikkje heilt på høgde med dei beste bøkene i serien, men likevel veldig bra. Mehlum har ein stødig penn, er oppteken av aktuelle saker og krydrar det heile med mørk humor og slagferdige replikkar. Han set dessutan søkelys på aktuelle samfunnsutfordringar. I denne boka skriv han m.a. om æreskriminalitet og politivald, og han kjem med ein krass (og velfortent) kritikk av NNPF.
Terningkast 4+.

Narrespill av Jørgen Jæger
Bonnier norsk forlag 2025
379 sider
Lånt papirbok privat

Det er som regel triveleg å besøka Fjellberghavn og Ole Vik. Det er det også i den 15. boka i serien, sjølv om veret er dårleg og sjølv om det skjer dramatiske og tragiske ting.

Ole Vik-serien er blitt svært populær, og det er ikkje så rart. Bøkene er lettleste og hovudpersonane Ole Vik og Cecilie Hopen er svært sympatiske.
Eit anna positivt trekk er at forfattaren flettar inn aktuelle saker og tema i handlinga. Den eine tråden i Narrespill er om transnasjonal diskriminering og undertrykking, eit tema eg ikkje visste noko særleg om på førehand. 

På plussida: Raske sceneskift, skiftande perspektiv og bra spenningsoppbygging. På minussida: Gjentakingar og overforklaringar. Konklusjon: Terningkast 4.


Her kommer natten av Chris Tvedt og Elisabeth Gulbrandsen
Gyldendal 2025
364 sider
Lånt ebok BookBites

Omsider kom den fjerde boka i Edvard Matre-serien, - den forrige kom ut i 2014. Det vil sei; Matre har dukka opp i den andre serien til Tvedt (Mikael Brenne), og likeeins har Brenne ei birolle i Her kommer natten

Edvard Matre har forlate Kripos og flytta tilbake til heimbyen Bergen og jobb i politiet der. Saka som er mest sentral i denne boka er drapet på ein kontroversiell lagdommar. Kven kan ha hatt motiv for ugjerninga? Det viser seg at det kan vera mange.

Her kommer natten er, som tittelen indikerer, ei ganske mørk forteljing. Det er ei bra bok som fortener fleire lesarar og meir merksemd enn ho har fått.
Terningkast 4+.

Ulvestuen av Jan-Erik Fjell
Bonnier norsk forlag 2025
Speletid 8:38
Lånt lydbok BookBites

Den 11. boka i Anton Brekke-serien er også grei krim. Denne gongen har forfattaren nytta seg av eit anna forteljargrep enn tidlegare, og det funkar bra. Medan Brekke og Magnus Torp er på farten i notid, fortel Brekke om ei heilt spesiell uoppklart drapssak frå 2002. Det er denne saka som er hovudforteljinga i boka. 

Det er interessant å få bli kjent med ein talentfull ung Brekke, som den gongen ikkje var fullt så sær og kynisk - men som alt hadde sine utfordringar. 

Boka er ein type puslespelkrim. Forfattaren legg ut mengder av spor og villspor, og det vart aldri tydeleg for denne lesar kva som var løysinga og kven som var gjerningsperson.
Lydbok anbefalast. Helge Winther-Larsen si opplesarstemme passar til Anton Brekke si forteljarstemme.
Terningskast 4+.

2. februar 2026

Oppsummering januar 26

Påbyrja i desember, fullført i januar:
Tore Skeie - Hardråde - Historisk/biografisk dokumentar - Lånt ebok BookBites
Levi Henriksen - Lyset de døde ser - Norsk roman - Lånt papirbok privat

Lese i januar: 
Terry Hayes - Svermens år - Australsk-britisk spenningsroman - Lyd Storytel
Are Sende Osen - Vikingtiden fra aaaah! til ååååh! - Humor/historie - Lånt ebok BookBites
Chris Tvedt og Elisabeth Gulbrandsen - Her kommer natten (Edvard Matre #4) - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Jørgen Jæger - Narrespill (Ole Vik #15) - Norsk krim - Lånt papirbok privat
Garry Disher - Snapshot (Peninsula-serien #3) - Australsk krim - Lånt ebok BookBites
Jens Henrik Jensen - Interregnum (Oxen #7) - Dansk krim - Lånt lydbok BookBites

Påbyrja i januar, fullførast i februar:
Anders Roslund - 100 prosent (Ewert Grens #12) - Svensk krim - Lyd Storytel
Mona Ringvej - Et kongerike foran undergangen - Historisk/biografisk dokumentar - Lånt ebok BookBites


2 lyd, 4 ebøker, 2 papir
7 lånt, 1 abonnement
5 krim, 1 annan roman, 1 dokumentar/biografi, 1 dokumentar/humor
5 norske, 1 dansk, 1 australsk-britisk, 1 australsk
Nye forfattarar: -

Mot normalt vart det berre to fullførte lydbøker i januar. Det skuldast fyrst og fremst at Svermens år er så uendeleg lang (nesten 30 timar lytting). Boka har fått heller lunkne kritikkar, men eg likte så godt Jeg er pilegrim og såg difor fram til denne. Og fyrste del av Svermens år er veldig bra; ein spionthriller av det actionfylte slaget slik som forventa. Andre og tredje del er OK; litt omstendeleg, seigt og forvirrande, men med enkelte spenningstoppar. Når eg så kom til den fjerde og siste delen - då mista eg det. Eller, boka mista meg. Eg var klar over at det skulle skje ein sjangerendring undervegs, men at det skulle bli så til dei grader usannsynleg og idiotisk - det var uventa. Og skuffande. Oppsummert gir eg del 1 terningkast 5, del 2 og 3 terningkast 3 - og del 4 terningkast 1. Gjennomsnittet vart altså 3.
Eg anbefalar ikkje Svermens år vidare. 

Den andre lydboka derimot; Interregnum, kan anbefalast, men det er ein fordel om du "kjenner" Oxen frå før. Enkelte trådar i denne boka går attende til fyrste bok Hengte hunder.
Eit visst kjennskap til Anders Roslund, Ewert Grens og Piet Hoffmann er også ein fordel om du skal lesa 100 prosent. I skrivande stund er eg tre timar ute i boka - og frydar meg. 

Eg vil óg nytta høvet til å anbefala ein fengande politikrimserie frå Down under; Peninsula-serien. Australske Garry Disher skriv godt og i denne serien byr han på "ekte" karakterar og spenning på ulike plan. Eg ser fram til at neste bok kjem ut på norsk. 

24. januar 2026

Kort om: Lyset de døde ser av Levi Henriksen

Gyldendal 2025
297 sider
Lånt papirbok privat


Lyset de døde ser er ein oppfølgar til Snø vil falle over snø som har falt, Levi Henriksen sin debutroman frå 2004. Som i den fyrste boka (og dei fleste andre bøkene til Henriksen) er handlinga lagt til den fiktive bygda Skogli utanfor Kongsvinger. Hovudperson og forteljarstemma er også i denne boka Daniel Kaspersen, som når forteljinga tek til nyleg er blitt enkemann. Tida på året er óg den same i begge bøkene; det er desember og jul. Vinter, kulde og snø. 

Norske samtidsromanar er ein sjanger eg vanlegvis ikkje bryr meg om. Levi Henriksen sine bøker er eitt av få unntak. 

Boka handlar om familie, om kjærleik og om døden. Om å komma heim og om å vera einsam. Levi Henriksen skriv kjenslevart og usentimentalt om sorg, sakn, trøyst og håp.

Snø vil falle over snø som har falt møter Daniel sin store kjærleik, Mona. Livet har, etter alt det turbulente som fann stad i den boka, blitt stabilt. Men så blir Mona sjuk og døyr. Lyset de døde ser startar slik:

«Mona døde en tirsdag. På den andre sida av senga begynte Sebastian å gråte stille mens han holdt morens hånd mellom begge sine. Jakobine sto med ryggen til og ansiktet vendt ut mot parkeringsplassen, mot det store åpne, mot snøen som falt. Inne i seg hadde Daniel Kaspersen samme følelse som når du står i en heis og det i hele kroppen kjennes som om den går nedover, selv om pila viser det motsatte.»

Daniel og dei vaksne borna reagerer forskjellig på dødsfallet og taklar sorga på ulike måtar. Daniel, som fyrst er som lamma, reagerer med sinne på døden. Å snakka om kjensler er vanskeleg for han, så han blir egentleg ein handlingens mann. Han skal ordna opp, både i høve gamlelensmannen og den uoppklarte saka hans og i høve Jakobine og dei utfordringane ho står i.
Forfattaren tek her opp dei ulike sidene ved mannsrolla og farsrolla. På den eine sida er Daniel ein stillferdig familiemann, på den andre sida har han ei aggressiv framferd som kjem til uttrykk når han veit (eller føler) at folk som står han nær blir utsette for ting dei ikkje skulle blitt utsette for. 

Romanen skildrar korleis det er å mista nokon og om alle tankane som kjem når ein skal gå vidare i sitt eige liv etter eit slikt tap. Eg tykkjer Lyset de døde ser er ei god og stemningsfull bok og ein fin oppfølgjar. Ho inneheld mange sitatvenlege formuleringar og har dessutan visse element frå krimsjangeren, noko som driv handlinga framover. 

I alle bøkene til Levi Henriksen finn ein mange referansar frå musikken. I denne boka er ein sang med Marianne Faithful sentral: