Lydbokforlaget 2017
Speletid 8:16
Lytteeksemplar
Seks historier er ein heller tradisjonell
whodonnit-krim - i ein moderne innpakning. Boka er lagt opp som ein podcast og er ganske sikkert inspirert av det populære "true crime"-showet
Serial.
15 år gamle Tom Jeffries forsvinn medan han deltek på ei utflukt saman med ei gruppe ungdommar i 1996. Fyrst året etter vert liket av guten funne i eit myrlendt og naturskjønt villmarksområde i Nord-England. Tjue år etter dette igjen prøver ein journalist å bruka podcasten sin for å grava i saka. Gjennom seks intervju med seks ulike personar prøver han å finna ut kva som verkeleg skjedde den gongen guten døydde.
Var det ei ulykke? Vart han drept? Tok han sitt eige liv?
Det handlar mykje om korleis dynamikken i ungdomsgruppa endrar seg når gruppa får eit nytt medlem. Den nye deltakaren - Tom Jeffries - viser seg å vera ein skikkeleg drittsekk. Det er truleg fleire som kan ha hatt motiv for å rydda han or vegen.
Måten historia er fortalt på er interessant og forfriskande original, men eg tykkjer sjølve krimgåta er kjedeleg. Det går uendeleg sakte sidan den same historia, med berre bittesmå variantar, vert fortalt fleire gonger. I tillegg gjentek hovudforteljaren og podcastjournalisten det meste mellom intervjua av dei seks. Det kan vera greit med oppklaringar undervegs, men her finst unødvendige overforklaringar og gjentakingar.
Forsvinningssaka/dødsfallet vert også knytta opp mot gamle segner og eventyr om spøkelsar, uhyre og monster. Desse innslaga skal sikkert gjera historia skummel og spennande, men for meg vart det motsatt; å blanda inn slike "overnaturlege" element i forteljinga er berre irriterande og dumt. Den desidert mest engasjerande delen var siste "episode" og det som der blir avslørt. Her kjem ei vending som snur mykje av det som inntil då var blitt fortalt fullstendig på hovudet. Eg likte dette grepet - men i og med at eg var kommen så langt i lyttinga vart det for
seint.

Ei bok som kjeda meg nesten heile tida fortener ingen toppkarakter. Avslutninga var likevel såpass stilig at det "reddar" eit terningkast 3.
For å avspegla at dette liksom er ein podkast, er det brukt fleire ulike opplesarar av lydboka. Slik får ein verkeleg fram mangfaldet av perspektiv og forteljarstemmer. Halvveges lydbok og halvveges radioteater på ein måte - og det fungerer ganske greit.
Eg registrerer at Ingvar Ambjørnsen i
Dagbladet gir
Seks historier terningkast 4. Artikkelen er bak betalingsmur så eg har ikkje lest grunngjevinga hans; men overskrifta lyder "Den kommende filmen blir nok bedre enn boka" - og det kan eg vera enig i. Med den rette regissøren, dei rette skodespelarane og dei rette effektane kan nok dette bli ein OK film.
Andre bloggmeiningar:
Artemisias verden,
Bentebing,
Elise-Cathrin,
My Criminal Mind,
Tine sin blogg - som alle likar boka betre enn meg..