28. mars 2014

Bokomtale: Sønnen av Jo Nesbø

Aschehoug 2014
511 sider
Kjelde: Lånt privat

Det er alltid med store forventningar eg startar på ei ny Nesbø-bok. Sidan Sønnen ikkje handlar om Harry Hole, forventa eg meg ein underhaldningsroman av typen Hodejegerne. Men der tok eg feil.
Miljøet og settingen kunne vore henta frå ei av bøkene i serien om Harry Hole; det urbane, det mørke og det brutale i historia er gjenkjenneleg. Lesaren kan også lett kjenna att forteljarstilen; ei mengd bipersonar som med sine ulike perspektiv driv handlinga framover.

Sønnen er ein hardkokt actionthriller av godt gammalt Nesbø-merke og med høg sidevendarfaktor frå fyrste stund. Alt i opningsscenen møter me antihelten, hevnaren og sønnen. I tolv år har Sonny Lofthus vore innesperra i fengselet "Staten" - han har tilstått andre sine grove brotsverk - og fått heroin som betaling. Som ein annan Jesus sonar han straffa for andre. Sonny er konstant høg, har eit skjær av noko guddommeleg over seg og er skriftefar for dei andre fangane. Men så ein dag får han høyra eit skriftemål som gjer at han endrar fokus. Sonny rømmer frå "det rømmingsfrie" fengselet på ein spektakulær måte. Det er tid for hevn.

Faren til Sonny var politimannen Ab Lofthus, ein heilt spesielt dyktig etterforskar. Då sonen var 16 år, skaut faren seg sjølv og let etter seg eit brev der han skriv at han hadde vore muldvarp; han må ha drive eit dobbeltspel og ført både familie, jobb og samfunn bak lyset. Eller..? Var det sleipe og hjartelause bakmenn som sto bak det som hende med Lofthus senior?
Ei drapsbølge herjar i Oslo denne sommaren, og Simon Kefas - protagonisten og "vår mann" - står sentralt i etterforskinga av fleire av desse sakene. Simon er snart pensjonist og "tørrlagd" speleavhengig, og har fått eit nytt ankerfeste i livet gjennom den unge kona Else. Simon var ein nær ven og kollega av Ab Lofthus. Når det viser seg at Sonny har motiv for fleire av drapa, vert det viktig for Simon å få kontakt med sonen til den avdøde venen.

Sønnen inneheld mange og tydelege bibelske assosiasjonar. I tillegg til "faderen" og "sonen" finn ein bibelske personnamn som Simon, Ab(raham), Maria, Martha og Ponthius. Nesbø brukar mykje religiøs symbolikk og forteljinga handlar då også om frelse, forsoning og tilgjeving. Om synder, hat og hevn. Om håp, tru og nåde.

Historia fungerer og engasjerer. Dei høge forventningane eg hadde til boka vart stort sett innfridde, - dette er intelligent og samstundes lettlest krim. Sceneskifta skjer på akkurat dei rette stadene i handlinga, - slik at ein stakkars lesar vert sitjande oppe til langt på natt "for å sjå korleis det går". Eg klarde knapt å leggja Sønnen frå meg, men likevel vart enkelte hendingar forutsigbare. Eg vart ikkje så overraska - og andpusten! - som eg vart av dei meir intense Snømannen, Panserhjerte og Politi. Plottet er på mange måtar innvikla, men Den raude tråden er klar og tydeleg.

Forteljinga er truverdig, men ikkje realistisk, - og det har nok heller aldri vore noko mål for Nesbø. Det norske samfunnet; media, fengselsvesen, politi og styresmakter er framstilte på ein ganske så karikert måte, men at ting vert sett på spissen slik har ingenting å sei for innhaldet og leseopplevinga. Dei to hovudpersonane - Sonny og Simon - er, kvar på sin måte, spennande typar. Og sjølv om dei i høgste grad er oppdikta, er det nettopp desse to karakterane som tilfører boka det lesaren kan tru på, dei oppfattast som ekte. Dei fleste bipersonane er kun med for å gje lesaren eit meir nyansert bilete av hovudpersonane.

Boka er unorsk i stil og innhald. Ein merkar ganske tydeleg at boka er skriven for utanlandske krimlesarar og tilpassa den internasjonale bokmarknaden, - og kanskje Hollywood? Namn som Scorsese og DiCaprio vert faktisk nemnde i samband med utgjevinga av Sønnen. Det bør ikkje forundra nokon om det kjem eit filmmanus og ein kommande storfilm bygd på denne boka.

1 kommentar:

  1. Fin omtale - denne gler eg meg til. Det vert påskekrim :-)

    SvarSlett