19. mars 2014

Lydbok-noveller

Lydbokforlaget har nyleg lansert eit nytt "novellekonsept" - Lydbok-singlar. Dette er noveller og korte tekstar som vert utgitt berre på lydfiler. For folk som ønskjer å prøva ut lydbokformatet, er dette tilbodet midt i blinken. Men også for alle andre kan det vera ønskjeleg å kjøpa enkeltnoveller/singlar. Prisen er kroner 39 pr. lydfil. Les meir om det nye konseptet her.

Eg takka ja til tilbodet eg fekk om å prøvelytta dei fyrste tre singlane/novellene:
 - Bjørnen gikk over fjellet av Alice Munro (speletid 1t 59 min)
 - Kysset av Merethe Lindstrøm (speletid 41 min)
 - The life and death of Janis Joplin av Ingvild H. Rishøi (speletid 48 min)

Kysset

er ei vemodig kvardagshistorie med vemodige kvardagstankar. Den kvinnelege forteljaren møter tilfeldigvis att ei kvinne frå fortida. Denne kvinna var syster til ein mann som forteljaren hadde eit forhold til i ungdomstida, og dei har ikkje møtt kvarandre sidan den gongen. Møtet set i gang nye tankar og kjensler hos forteljaren, og handlinga i forteljinga vekslar så mellom notid og fortid. 
Eg tykte novella var stemningsfull og fin, men med ein litt brå slutt. (Slike opne avslutningar er jo vanleg når det gjeld noveller; det vert lagt opp til at lesaren skal tenkja seg korleis det går vidare, på ein måte..)
Eg har ikkje lest noko av Merethe Lindstrøm tidlegare, men kan absolutt tenkja meg å lesa meir av forfattaren på eit seinare tidspunkt. Det er tydeleg at ho beherskar novellekunsten.
Novella er med i novellesamlinga Gjestene og er godt opplest av radiostemma Lisa Strindberg.

The life and death of Janis Joplin

er skriven av Ingvild H. Rishøi og er henta frå novellesamlinga hennar Historien om Fru Berg. Novella handlar om ei ordblind og skulelei jente som får tru på seg sjølv når ein rådgjevar seier at ho liknar på Janis Joplin. Også denne novella er kvardagsleg og "enkel". Språket er nærast muntleg, men godt. Teksten har god rytme og flyt, - historia er fin, sår og gripande - og gjorde verkeleg inntrykk på meg.
Opplesar Runa Eilertsen les med innleving og formidlar stemninga i historia på ein god måte.

Rosina i pølsa av desse tre novellene vart likevel

Bjørnen gikk over fjellet 

av nobelprisvinnar og novellemester Alice Munro - henta frå samlinga Uvennskap, vennskap, forelskelse, forlovelse, ekteskap. Dette er ei vakker og rørande kjærleikshistorie som handlar om det aldrande ekteparet Fiona og Grant og utfordringane dei begge står overfor når Fiona vert meir og meir gløymsk. Ho vert etter kvart plassert på ein sjukeheim for demente. Opphaldet på institusjonen vert annleis enn det Grant har tenkt.
Novella er ganske lang (speletid 2 timar) - og er like innhaldsrik som ein roman. Forteljinga er gripande utan å vera sentimental, - og kjensleladd utan utbroderingar og klisjéar. Munro skriv fantastisk godt, og opplesar Bodil Vidnes-Kopperud utfører jobben på ein upåklageleg måte. Lydboka anbefalast på det sterkaste.



Eg vil rosa Lydbokforlaget for at det gjer ein innsats for noveller. Små historiar egnar seg fint på lydbok. Det tek ikkje så lang tid tid å høyra ei novelle, men historia kan gjerne "bli hos" lesaren lenge etterpå - dersom ho er god nok. Forlaget skal gi ut tre nye singlar kvar månad framover. Neste månad er det påske, og då kjem det ut tre krimnoveller. Det passar denne lyttaren bra.

2 kommentarer:

  1. Bra konsept med lydnoveller. Vert ofte vanskeleg å halde tråden i lydbøker som kan vare i 12 - 13 timar. Merethe Lindstrøm si bok Dager i stillhetens historie vil eg anbefale på det sterkaste! Elles ventar eg i spenning på å få ei av bøkene til Alice Munro via leseringen. Ho har eg store forventningar til. Ha ei fortsatt fin leseveke :-)

    SvarSlett
  2. Det var et veldig fint utvalg noveller de hadde plukket ut som smakebiter på det nye konseptet sitt. Jeg likte alle veldig godt, bortsett fra at jeg mister litt pusten når novellene slutter uten at jeg skjønner slutten, som i Kysset.

    SvarSlett