6. september 2026

Gjenhøyr med Van Veeteren

Forfattaren Håkan Nesser er ein favoritt, og krimseriane hans om Van Veeteren og Barbarotti er blant mine favorittseriar. Eg las Van Veeteren-serien fyrste gong i ukronologisk rekkefølge i 2011 og har i ettertid tenkt at det var feil å ikkje lesa bøkene i serien kronologisk. No på seinsommaren las eg dei på nytt, i rett rekkefølge og i eitt strekk. 

Kronologien er slik:

  1. Det grovmaskede nettet (Det grovmaskige nätet 1993)
  2. Borkmanns punkt (1994)
  3. Tilbakekomsten (Återkomsten 1995)
  4. Kvinnen med fødselsmerket (Kvinne med födelsemärke 1996)
  5. Førstebetjenten og tausheten (Kommissarien och tystnaden 1997)
  6. Münsters sak (Münsters fall 1998)
  7. Carambole (1999)
  8. Ewa Morenos sak (Ewa Morenos fall 2000)
  9. Svalen, katten, rosen, døden (Svalan, katten, rosen, döden 2001)
  10. Tilfellet G (Fallet G 2003)
          I tillegg: De venstrehendtes forening (både Van Veeteren og Barbarotti)

Årstala i parentes er året bøkene kom ut fyrste gong, på svensk. Eg nytta lydbokformatet, nokre på norsk og nokre på svensk. Lydbøkene har komme ut i tilfeldig rekkefølge på norsk, noko eg tykkjer er kritikkverdig. Bok 1 og 3 kom ut i 2003 og bok 5 og 10 i 2004. Vidare kom den 9. boka i 2006, bok 2, 7 og 8 i 2007, følgd av bok 4 i 2008. Fyrst i 2021 kom bok 6 ut i lydbokutgåve. Ifølge denne gamle artikkelen på NRK kom visst også papirutgåvene ut i hulter til bulter-rekkefølge. 

«Han våknet og kunne ikke huske hva han het.[...] Som å fødes, tenkte han. Jeg er ingen. Bare en eneste stor smerte». (Det grovmaskede nettet)

Bøkene har jamt over eit langsamt tempo, men er fengande og lette å lesa, som oftast med finurlege plott og overraskande løysingar. Spenninga ligg mest på det psykologiske planet, og berre unntaksvis finn ein reine actionscener i desse bøkene. Her handlar det meir om kvifor enn om kven som er forbrytar. Nesser (og Van Veeteren) vektlegg motiv, psykologi, moral og forhold mellom menneske. Det er alltid mange sider og ulike nyansar som kjem fram i alle sakene.

«Den siste dagen i Waldemar Leverkuhns liv kunne knapt ha begynt bedre.» (Münsters sak

Det har altså gått 15 år og mange bøker (meir enn 1500) sidan sist eg las bøkene om Van Veeteren - og mykje - det meste faktisk - er gløymt. Det eg hugsar er stemninga, det gode språket, det diffuse landskapet rundt den fiktive byen Maardam, samt sjølve Van Veeteren sin personlegdom. I tillegg drog eg kjensel på krimgåtene i Tilbakekomsten, Carambole og Tilfellet G.

«På vei til jobben tirsdag den 3. juni kjøpte privatdetektiv Maarten Verlangen seks øl og seks nye støvsugerposer.» (Tilfellet G)

Van Veeteren er noko for seg sjølv; ein sær, humørsjuk, eigenrådig og genial etterforskar. Han er sjølve Hovudpersonen med stor H, men ved gjenlesinga har eg oppdaga at kollegaene hans, særleg Münster, Moreno og Reinhardt, har viktige roller. Samstundes er det interessant å lesa om dynamikken og omgangstonen i etterforskargruppa. 

«Man mister liksom evnen til å se hvis man ikke har en viss type mørke inni seg.[...] Det trengs et empatisk innblikk også i de jævligste psyker. Ikke glem det, Münster.» (Tilfellet G)

Etterforskarane har sine særtrekk og kvalitetar, men felles for dei alle er at sterke inntrykk, høgt arbeidspress og vanskelege kriminalsaker går hardt inn på dei. Det set sitt preg på liva deira, både på jobb og privat. 

«Barn skal ikke forsvinne. Og fremfor alt ikke dø. Så lenge Vårherre ikke kan ordne den detaljen, nekter jeg å tro på ham.» (Førstebetjenten og tausheten)

Van Veeteren får nok av ondskap og vald undervegs i serien. Han vert utbrent og sluttar som etterforskar i bok 6 og får deretter ei meir tilbaketrekt konsulentrolle, men framleis er han den mest sentrale karakteren. Han er liksom navet, også i dei siste bøkene, sjølv om han ikkje deltek like mykje. 

«Jo mer du bruker hjernen desto større risiko er det for at den sporer av.» (Svalen, katten, rosen, døden)

Handlinga i bokserien er lagt til 1990-talet, til ei tid der fasttelefonar og fax var vanleg og der etterforskarar og andre folk klarte seg utan smarttelefonar og hadde begrensa tilgang til internett. Bøkene har likevel ikkje gått ut på dato i særleg grad. 

«Mennesket er et dyr, med en meget skitten sjel og en helvetes evne til å renvaske den.» (Ewa Morenos sak)

Bøkene i Van Veeteren-serien er velskrivne, perspektivrike og underhaldande, fylt med interessante karakterar, spennande historiar og mykje livsvisdom. 

«De levende må ta seg av hverandre, tenkte han. Det verste er å dø uten å ha levd.» (Carambole)

Nesser er stilsikker og språkleg elegant. Dagens kriminalromanar er kjenneteikna av raske scene- og perspektivskift og korte kapittel. Nesser brukar meir tid, kapitla er heller lange og lesaren får dermed óg tid til refleksjon og ettertanke. Han kan vera skarp og direkte - men også ettertenksam og melankolsk. Som oftast har handlinga ulike tidsplan og fleire forteljarstemmer. Nesser er pratsam og pludrande når det er naturleg og kjølig og sarkastisk når det trengst. Han brukar eit filosofisk og lågmælt språk som han krydrar med humor og ironi. 

«Inkarnasjonen av dårlig smak, tenkte Van Veeteren. Jo mer penger de har å tilfredsstille den med, desto jævligere blir det.» (Borkmanns punkt)

Favorittbok av dei ti? Det er vanskeleg å velja, for alle har sine kvalitetar. Men eg har plukka ut to. Den fyrste er Carambole, fordi handlinga er så gripande. Dei ulike karakterane sine reaksjonar, - sorg, sinne, desperasjon, maktesløyse, fortviling, redsel - vert skildra på ein utruleg sterk måte. Boka handlar om at eit vanleg lovlydig menneske blir mordar fordi vedkommande ikkje finn nokon annan veg ut av ein særs vanskeleg situasjon. Dette får fatale konsekvensar for dei involverte, også for Van Veeteren personleg. 

«Jo flere mennesker som bor i en by, desto mer plass er det til å være ensom.» (Carambole)

Den andre boka eg vil nemna spesielt er boka med den poetiske tittelen Svalen, katten, rosen, døden; ein elegant seriemordarkrim. Den engelske tittelen er The Strangler's Honeymoon, og antydar litt om kva boka handlar om. 

«Vi har gjort det vi har kunnet. At vi ikke har kommet noen vei skyldes at dette er for irrasjonellt. Årsakene og motivene stammer fra den samme perversjonen som gir ham signal om å drepe. Roten finnes bare der i det jævla kvelerhodet.» (Svalen, katten, rosen, døden)

Denne boka er thrilleraktig, er lengre enn dei føregåande, har eit tettare og meir kompleks plott, eit meir omfattande persongalleri og inneheld mange litterære referansar. Me møter dessutan ei overraskande ny og mild side ved Van Veeteren; som bestefar. 

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Gjenlesing eller gjenlytting kan innebera ein viss risiko. Bøker som ein elska for mange år sidan kan gjerne oppfattast som platte, kjedelege eller enkle når ein les dei på nytt. Andre bøker kan gje ein like god eller betre leseoppleving ved gjenlesing. 

Når det gjeld denne bokserien har eg hatt stor glede av å lesa dei på nytt. Bøkene er knakande gode og skrivne av ein forfattar med ei heilt unik formidlingsevne og ein særeigen skrivestil. Kvar enkelt bok er avsluttande og kan lesast åleine, men eg rår heilt klart til at ein startar med fyrste bok.

Les meir: I 2013 laga eg ein kort presentasjon av Van Veeteren-serien. 

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

«Döden är alltid närvarande i kriminalromanerna, och när Döden är närvarande, ställer vi de viktiga frågorna om livet» 
(Håkan Nesser)