2. mars 2014

Smakebit på søndag: Oppdrag Mottro

Denne søndagens smakebit frå meg er frå ei bok eg las ut for nokre dagar sidan. Eg har lyst til å dela nokre linjer frå og tankar om denne fine boka av Linda Eide.

Spartacus forlag 2012
195 sider
Kjelde: Kjøpt sjølv

Linda Eide er journalist og forfattar, radiostemme og TV-person - og er herleg ujålete og morosam. Ho har gitt ut bøker før; med titlar som Då gamlemor baka seg i hel og Kvardagstraume i utval har ho skrive seg inn i hjarta til folk som har sans for satire i kåseriform.

For ti år sidan måtte Linda ta ein "naudtelefon" til mor si. Ho jobba då som journalist, deadline nærma seg og ho hadde ikkje peiling på kva ho skulle skriva om. Telefonsamtalen med mor vart til ein artikkel - og samstundes vart det starten på ein serie telefonsamtalar som resulterte i boka Oppdrag Mottro - med undertittel jakta på gamle dagar. Linda Eide vart forundra over at det mora fortalde frå hennar eigen barndom slett ikkje likna på den barndommen Linda sjølv hugsa:
"Den nye innsikta var såleis at Mottro hadde hatt eit liv før meg. Kall meg gjerne ureflektert og naiv, men dette var fyrste gongen at det verkeleg sokk inn i meg og nådde heilt fram: Mottro sitt liv starta faktisk ikkje med meg, tvert imot. Eg representerte slutten."
Linda Eide lagar i denne boka eit fint og originalt portrett av mor si, og lesaren forstår at forholdet dei har er varmt og humoristisk. Mottro er ein usentimental, klok og ærleg person. Ei heilt alminneleg kvinne som likevel er spesiell. Samtalane dei har inneheld skråblikk på samfunnet - slik det var og slik det er blitt. Oppdrag Mottro er ei lettlest og underhaldande bok, skriven på den underfundige måten som er så typisk for Linda Eide, - men er inga humorbok. Bak det sjarmerande og ironiske ligg det alvor og meining. Kvart kapittel inneheld ei telefonsamtale mellom mor og dotter, og samtalen kan t.d. starta på denne måten:
Tast tast tast (ringjer Mottro)
Mottro: Ja?
Meg: Hei, det er meg.
Mottro: Å, er det deg?
Meg: Ja. Du må fortelja om stress.
Mottro: Åh, eg veit ikkje om eg har tid til det.
Meg: Haha, godt forsøk. Sei meg, når høyrde du ordet stress fyrste gongen?
Mottro: Det veit eg ikkje, altså. Men eg høyrde det aldri då eg var unge, og ikkje då eg var ungdom. Mor og far brukte det i alle fall aldri så lenge dei levde. Eg trur det kom smygande. På 80-talet var det vel blitt heilt vanleg.
Meg: Så seint? Men hugsar du ikkje den songen til Odd Børre i Melodi Grand Prix, «Stress»?
Mottro: Nei. Eller vent, meiner du den der «må må må må»?
Meg: «skynde meg å gå gå gå gå gå gå»
Mottro: «Slik at jeg kan nå nå nå nå» Jo, jo, men eg visste ikkje at den heitte «Stress». Når kom den songen, sa du?
Meg: 1968.
Mottro: Ja ja. Men det kom vel stress til Oslo før det kom til Voss.
Bak i boka finn ein ei ordbok som inneheld oversetjingar av litt spesielle vossaord og -uttrykk. Sidan eg er sogning har eg ikkje noko bal med språket - vossamål og sognamål er ganske likt. Linda skriv elles same slag nynorsk som meg sjølv; nokså konservativt med me og a-endingar - som er heilt naturleg ut frå den dialekta me har.

Vil du testa ut fleire smakebitar så ta ein tur innom bloggen til Mari - Flukten fra virkeligheten.

15 kommentarer:

  1. Herlig smakebit :) Jeg digger Linda Eide, så denne må jeg nok lese :)

    SvarSlett
  2. Det där låter som en humoristisk bok och vilken insikt, att mamma haft ett liv :)

    SvarSlett
  3. Åh,denne må jeg bare få tak i snart! Tusen takk for smakebiten :-)

    SvarSlett
  4. Takk for smakebiten. Har ikke lest noe hun har skrevet, men så henne i norske attraksjoner. Veldig artig og sjarmerende. Ha en fin søndag!

    SvarSlett
  5. Høres ut som en søt og morsom bok, og Linda er jo en frisk pust! Visste faktisk ikke at hun har utgitt bøker, så henne må jeg ha i bakhodet!

    SvarSlett
  6. Den smakbiten gillade jag. Tack!

    SvarSlett
  7. Den boken har jeg virkelig lyst til å lese. Den stod å leselisten min men jeg hadde glemt den av, så nå er jeg glad du minnet meg på den :-)
    Ha en riktig så fin dag!

    SvarSlett
  8. Tack för smakbiten. Ha en trevlig söndag!

    SvarSlett
  9. Veldig artig smakebit :) Har ikke fulgt med på Linda Eide, men vet hun er på Litteraturhuset i Bergen av og til med sin egen "greie", kanskje jeg skal ta turen dit ved neste anledning?
    Ha en fin fin søndag!

    SvarSlett
  10. Tack för en lockande smakbit! :)

    SvarSlett
  11. Intressant hur företeelser som man tycker är helt normala inte hade ord förr (eller helt andra ord, vem vet) :)

    SvarSlett
  12. Fekk nettopp anbefalt denne boka av ein kollega - må nok lesast snart. Takk for smakebit :-)

    SvarSlett
  13. Herlig smakebit, Takk for tips. God kveld videre.:)

    SvarSlett
  14. Linda Eide er toppers. Blir glad bare jeg ser og hører henne. Denne kunne jeg godt tenke meg å lese. Takk for fint boktips.

    SvarSlett
  15. Fineste Linda Eide, og mottro sjøl er jammen fin hun også. Denne boken er fin å ta frem og bla litt i flere ganger etter første gjennomlesing. Lun og varm humor med masse rom for ettertanke og felles forståelse tross diverse utfordringer :)

    SvarSlett