(Papirutgåve: Kagge)
Speletid: 8 t 23 min
Opplesar: Ingrid Vollan
Eg pleier å vera skeptisk, men nysgjerrig når det gjeld bøker innan kategorien "kjendis skriv krim". Det var utgangspunktet mitt når eg starta lyttinga av Mørke hjerter også. Ingrid Vollan si stemme er forresten svært lik Hanne Kristin Rohde si stemme, så det var nesten som å høyra forfattaren sjølv lesa lydboka.
Wilma Lind er hovudperson i boka og nyutnemnd leiar av Seksjon for volds- og seksualforbrytelser i Oslo politidistrikt. Altså den same stillinga som Rohde sjølv har permisjon frå. Boka er ikkje sjølvbiografisk på nokon måte, men forfattaren har erfaring frå og inngåande kjennskap til korleis politi- og etterforskingsarbeid føregår i det verkelege livet. Det er både positivt og negativt. Positivt fordi hendingane i boka då er "sannferdige" og realistiske. Negativt fordi det vert kjedeleg; rutinemessig etterforsking, møteaktivitetar, budsjettarbeid og byråkrati er reellt nok, men dette skal liksom vera krimlitteratur - og då krev lesaren litt meir. Meir spenning, meir tankeverksemd, meir action.
Wilma er ambisiøs og ønskjer verkeleg å gjera ein innsats for å oppklara alle dei grove valds- og overgrepssakene som avdelinga strevar med. Men i staden må ho bruka tida si på budsjettkutt, håplause sjefar og mannssjåvinistiske kollegaer. Rohde set fokus på at politiet sine avgrensa ressursar påvirkar deira evne til å løysa saker som handlar om trafficking, valdtekter og andre grove valdssaker. Kjempeviktig tema altså, men "innpakka" i ein kriminalroman fungerer det ikkje heilt, tykkjer eg.
Mørke hjerter vart ikkje noko bra leseoppleving for meg. Boka er uspennande, har dårleg framdrift og løysinga av sjølve krimgåta er lite truverdig. Karakterane er, med få unnatak, stereotype og eindimensjonale. Plottet er usamanhengande og usannsynleg. Den absolutt beste delen av boka er prologen. Den er lovande og velskriven og gjer at lesaren vert fanga inn i historia med ein gong, men altså - der stoppar det opp.
Takk til Lydbokforlaget for lytteeksemplar.

Oii! Jeg likte denne veldig godt, jeg, men har jo fått med meg at mange har vært litt lunkne! Ikke bestandig man skyter innertier når man velger bøker- bedre lykke neste gang ;o)
SvarSlettSlik er det. Alle kan ikkje lika alt.
SlettJeg har hatt veldig lyst til å lese denne etter at jeg hørte et intervju med forfatteren. Nå ble jeg litt mer i tvil ... men så ble jeg oppløftet av Berit igjen! Hehe, jeg får vel lese boka og gjøre opp min egen mening :-)
SvarSlettJeg er en av de som har bestemt meg for ikke å lese denne. Nå vet jeg at det var et godt valg.
SvarSlett