215 sider
Ebok lånt på biblioteket
Ada Sofie Austegard er leiar i Stine Sofies stiftelse og mor til Stine Sofie Sørstrønen, ei av jentene som vart drept i Baneheia i Kristiansand i 2000. Stian Tobiassen er psykolog og har jobba mykje med pårørande og etterlatte i sorg. Saman har dei skrive boka Oppdrift som kom ut i mars i år. Boka handlar om korleis Austegard kjempa seg til å få eit godt liv igjen etter å ha opplevd det verste som kan skje ein forelder; å mista eit barn, på verst tenkelege måte.
Boka anbefalast varmt, ho er lettlest, knakande god - og viktig. Forfattarane karakteriserer ho som ein sjølvhjelpsbiografi. Altså både ein sjølvbiografi og ei sjølvhjelpsbok. Boka tek for seg tema som sorg og sakn, men også om pågangsmot og vekst. Forfattarane peikar på at det ikkje finst nokon "rett" måte å sørga på - det er like mange måtar å sørge på som det finst sørgande.
Men korleis er det muleg å få eit godt liv igjen etter ei slik traumatisk hending som "Baneheia-saken"? Austegard fortel i boka at ho hadde kloke og gode menneske rundt seg som støtta og hjelpte til med det praktiske, men òg at ho tidleg skjønte at ho måtte velja det gode livet - og kjempa for det.
Ada Sofie Austegard tok eit val: Ho ville ikkje vera eit offer - ho valde å finna ei ny meining med livet. Ho valde livet og valde å vera positiv. Boka inneheld eksempel på tanketeknikkar og konkrete øvingar for å snu det negative til det positive, - for å få det betre både med seg sjølv og andre, - for å få eit betre liv. Austegard forklarar det slik:"Det livet jeg har valgt å leve, handler ikke om å være sterk. Jeg lever mitt liv på min måte fordi alternativet for meg hadde vært så mye verre(...) Jeg lever livet mitt fordi jeg har så mye å leve for, og fordi jeg hver dag minner meg selv om alt det gode jeg har i livet."Ho fortel vidare at ho ikkje lenger sørgar over Stine - men at ho saknar henne - og at dette saknet kjem alltid til å vera der. Vidare er ho open om at livet er like bra - og på enkelte område faktisk betre - enn i tida før Stine vart drept. Ein set gjerne meir pris på "dei nære ting" etter ei slik hending.
Kort tid etter drapa i 2000 vart organisasjonen Stine Sofies Stiftelse oppretta av Austegard og ei venninne. Mora til drapsofferet ville ikkje vera eit offer. Ho ville kjempa for andre barn sine rettigheiter - og i dette arbeidet har ho funne styrke og ei meining i det meiningslause. Ved å hjelpa andre barn som vert utsette for vald eller seksuelle krenkingar kom ho vidare i livet.
Det er Austegard sine historiar, tankar og opplevingar som er dei sentrale i boka - dette er sterk lesnad; både opprørande, rørande og gripande. Medforfattar Stian Tobiassen har plassert tankane og reaksjonane hennar inn i ein teoretisk psykologisk samanheng, som er interessant å lesa om:
"Selv om Adas historie tidvis kan være ekstrem, bærer den likevel med seg noe alle kan lære av. Mestring, enten det dreier seg om de store eller små tingene i livet, handler om å finne kilden til det som gjør deg godt. Til det som gir deg påfyll og livsmot. Til det som skaper oppdrift."Eg ser på Oppdrift som ein klar kandidat for nominasjon til Bokbloggerprisen 2014. Austegard og Tobiassen har skrive ei bok som alle kan læra noko av. Me har alle opplevd - eller kjem til å oppleva - vanskelege ting som ulukker, sjukdom, samlivsbrot eller å mista nokon me er glade i. Men sjølv når alt ser som mørkast ut, finst det lyspunkt og håp.
Austegard er en sterk kvinne, jeg registrerer at hun ikke ser på seg selv som det, men når man evner å snu livet etter en slik grufull hendelse til noe positivt så finnes det en stor livsvilje og styrke iboende det mennesket, tror jeg. En interessant anmeldelse av en bok jeg ikke er helt sikker på om jeg selv har mot nok til å lese, med mindre jeg får det som en oppgave.
SvarSlettBoka er, sjølv om ein kjenner den tragiske bakgrunnen og trass i det alvorlege temaet, lett å lese. Eg ser verkeleg opp til denne dama. Ho er klok, sterk, dyktig - men samtidig veldig normal og allminneleg.
Slett