30. april 2014

Oppsummering april

Påbyrja i mars, fullført i april:
Anders Roslund og Börge Hellström - To soldater - Svensk krim - Kjøpt pocketbok
Hanne Kristin Rohde - Mørke hjerter - Norsk krim - Lydfil fått frå Lydbokforlaget

Påbyrja i mars og avbrutt, fullførast ved eit seinare høve:
Jón Kalman Stefánsson - Himmelrike og helvete - Islandsk roman - Kjøpt ebok

Lest i april:
John Grisham - Pelikanrapporten - Amerikansk spenningsroman - Lydbok lånt på biblioteket
Arve Uglum og Øystein Vangsnes - Grautmål - Dokumentar/fakta - Kjøpt papirbok
John Grisham - Megleren - Amerikansk spenning - Lydbok lånt på biblioteket
Jens Bjørneboe - Frihetens øyeblikk (Bestialitetens historie del 1) - Kjøpt lydfil
Monika N. Yndestad - Gapestokk - Norsk krim - Papirbok lånt på biblioteket
Anja og Gro Hammerseng-Edin - Anja + Gro = Mio - Biografi/dokumentar - Ebok lånt på biblioteket
Sigmund Falch - Levande varde i Lom - Humor - Ebok lånt på biblioteket
Camilla Grebe og Åsa Treff - Før du døde - Svensk krim - Papirbok lånt av arbeidskollega
Tom Stalsberg og Fredrik Wandrup - Krimquiz - Quiz/fakta/underhaldning - Ebok lånt på biblioteket
Nevil Shute - En by som Alice - Roman - Lydbok lånt på biblioteket
Rikard Spets - Allahs tårer - Norsk spenningsroman - Papirbok lånt på biblioteket

Påbyrja i april, fullførast i mai:
Jan Guillou - Mellom rødt og svart - Svensk roman - Ebok lånt på biblioteket
Div. forfattarar - Påskekrim 2014 - Norske krimnoveller - Kjøpt pocket
Harlan Coben - På grunn av et løfte - Amerikansk krim - Lydbok lånt på biblioteket

Skjermdump: Bokelskere.no

Eg har hatt ein periode med travle dagar og kveldar og har difor ikkje prioritert blogging i det siste. I april skreiv eg berre tre omtalar, men som oversikten over syner har eg fått lest ein heil del, - så eg seier meg nøgd med "innsatsen" denne månaden likevel. Eg avbraut lesinga av Himmelrike og helvete, - ikkje fordi boka var dårleg, men fordi ho ikkje passa meg akkurat no. Den vert sett på vent til seinare.

Høgdepunkt i april: To soldater og Frihetens øyeblikk.

25. april 2014

Omslagsonsdag på ein fredag

Tema for Bokpotatens omslagsutfordring denne veka er ryggar. Altså omslagsfoto av folk som står/går/sit med ryggen til. Det er i løpet av dei siste åra blitt utgitt utruleg mange bøker med slike omslag. Motar og trender skifter, og det gjeld tydelegvis også bokomslag. Særleg innan dei oversatte (romantiske) romanane finst det mange eksempel på omslag som syner ein eller fleire personar (les: damer) bakfrå - gjerne i duse fargar og med vakker bakgrunn. Bøker med slike omslag stimulerer tydelegvis leselysta, merkeleg nok. Sjølv reagerer eg heller negativt fordi desse bøkene ser så irriterande like ut.

Bokpotaten viser fleire eksempel på slike fine og romantiske omslag i innlegget sitt, men ho etterlyser mennene; "Var är alla karlar?" så Monika har plukka ut kun "mannlege omslagsryggar".

Når eg sjekkar blant bøker eg har (og har hatt) i mine hyller, finn eg også overraskande mange ryggomslag, - faktisk såpass mange at eg kun kan syna fram eit lite utval av dei. Nedanfor ser du nokre omslag som har det til felles at det er ryggar og barn med i motivet. Dei er i ulike sjangrar, men alle bøkene har eg lest og likt.

Det aller penaste av desse omslaga er utan tvil Morgen i Jenin, - men! det er overromantisk, misvisande og står ikkje i stil med innhaldet i boka. Omslaget på Vidunderbarn derimot, er veldig fint og passar perfekt til oppvekstforteljinga til Roy Jacobsen.

24. april 2014

Bokomtale: Gapestokk av Monika Yndestad

Vigmostad & Bjørke 2014
398 sider

Lånt på biblioteket

Monika Yndestad debuterte med den gode krimromanen Jentene fra balletten i 2012. Eg hadde difor store forventningar til denne andre boka om BA-journalisten Alice Bratt. For meg vart det ein nedtur; Gapestokk er bra, men på langt nær så fengande og intens som den fyrste.

Historia tek utgangspunkt i ei bussulukke som Alice var med i då ho var ung. Ein alkoholpåverka traktorførar køyrde rett inn i bussen ho og klassen hennar sat i - og begge dei to næraste venninnene til Alice omkom. Som vaksen journalist skriv Alice ei sak i BA om akkurat denne ulukka. Saka får stor merksemd, ho er med i ein Trygg Trafikk-kampanje og får den høgthengande presseprisen Gullparaplyen.

Alt ser fint og fantastisk ut - men berre nokre timar etter prisutdelinga raknar alt: Alice vert funnen rusa i ein bil som har køyrt av vegen. Ho vaknar opp på glattcelle, - ho skjønnar ikkje noko og hugsar ingenting. Alle - dei fleste kollegaene, politiet, naboane og til og med kjæresten Jone - vender ho ryggen. Alice befinn seg i eit redselsfullt mareritt, - i gapestokken - og rømmer frå det heile. Lesaren veit frå fyrste stund av at Alice er uskuldig, at det er ein ond person som på ein eller annan måte har fått i ho eit rusmiddel. Og gjerningspersonen stoppar ikkje med dette: Snart skjer noko grufullt med ei anna gammal klasseveninne av Alice..

Forfattaren har jobba i 14 år som krimreporter i BA og kjenner såleis godt miljøet ho skildrar. I boka er det då også to av journalistane der som startar å grava i drapssaka og i Alice si sak.

Gapestokk er ei velskriven og grei krimbok; godt komponert og med stigande spenningskurve, - men etter mi meining manglar ho nerven som prega den fyrste boka. Løysinga er noko søkt, tykkjer eg - men forfattaren klarar å nøsta i hop dei aller fleste lause trådane til slutt.

21. april 2014

Lest og ulest påsken 2014

For meg pleier det vanlegvis å vera fjell-, ski- og hyttepåske. Kvikklunsj-, snø- og turpåske. Av ulike årsaker vart det ikkje slik i år. Heile påsken har eg vore heime, og det har vore ganske så greit det også. Eg har pusla i hus og hage, slappa av på verandaen og starta opp sykkelsesongen. Berre innimellom har eg lengta til snøen og hytta - og til stabelen med uleste krimbøker som har overvintra der.

Men akkurat bøker har eg rikeleg med tilgang til heime òg. Eg har lest to krimbøker i påsken; Gapestokk av Monika Yndestad og Før du døde av søstrene Camilla Grebe og Åsa Träff. Eg vart ikkje kjempebegeistra for nokon av dei, men begge var greie nok: Lettleste og lettgløymde. Omtale kjem seinare, i alle fall når det gjeld den fyrstnemnde boka.
I skrivande stund er eg halvveges i Allahs tårer av Rikard Spets. Dette er ikkje krim, men ein macho actionthriller som verkeleg osar av testosteron - og eg likar det! På nattbordet ligg novellesamlinga Påskekrim 2014. Den har eg ikkje lest ferdig.

Som språk- og dialektinteressert har eg kosa meg med Grautmål av Arve Uglum og Øystein Vangsnes. Boka er ei hyllest til - og ei forklaring på - mange dialektord frå Sogn og Fjordane. Underhaldande og opplysande. Det same kan seiast om boka Krimquiz av Fredrik Wandrup og Tom Stalsberg. I påsken passar det jo godt med quiz'ar i ulike variantar.

Men eg har lest litt "seriøst" stoff også. Ei bok som verkeleg gjorde inntrykk på meg var Frihetens øyeblikk. Dette er den fyrste boka i Jens Bjørneboe sitt hovudverk, Bestialitetens historie. Dette er bøker som må lesast på ein heilt annan måte enn når ein sluker ei krimbok. Eg valde, som eg ofte gjer, lydbokversjonen av Frihetens øyeblikk, og den er fabelaktig opplest av Nils Ole Oftebro. Anbefalast! Omtale kjem nok, men ikkje før eg har fått lest alle tre bøkene.

No i kveld, på den aller siste påskedagen, har eg avslutta lyttinga til En by som Alice av Nevil Shute. Dette er ei langsam og omstendeleg, men ganske fin bok. Ho er ein klassikar som vel bør lesast av ein bokelskar, men eg tykkjer ho ber preg av at ho vart skriven på 50-talet. Boka byggjer på verkelege hendingar og er såleis interessant og gripande, men mange av haldningane er håplaust gammaldagse og gammalmodige.

Her er nokre glimt frå sykkelturen eg var på i går, påskedag. Ein fantastisk og strålande dag med (unormalt) flott vêr! Bileta syner Luster frå si beste side og eg tok dei med mobiltelefonen min.

 Sola speglar seg i Lustrafjorden.

 Fjellet Molden er lett gjenkjenneleg.

 I midten, heilt innerst i fjorden, ligg Skjolden.

Nes kyrkje til venstre her.

16. april 2014

Endeleg

får også me som bur i Sogn og Fjordane låna ebøker på biblioteket. Utvalet er førebels noko begrensa, men me er i gangEbok-lanseringa vart markert forrige veke på eit arrangement på Sogndal bibliotek.

Skjermdump: sognavis.no
Fylkesbiblioteksjefen seier til Sogn Avis at det er flott at alle får lik tilgang til heile e-boksamlinga uansett kvar ein bur i fylket og kor stor heimkommunen er. Det er eg veldig enig med ho i.


Dei to fyrste bøkene eg lånte "på ebok-måten" vart 
Gro + Anja = Mio av Anja og Gro Hammerseng-Edin 
og Mellom rødt og svart av Jan Guillou.

15. april 2014

Biografilesesirkel: Anja + Gro = Mio

Cappellen Damm 2014
173 sider
Lånt e-bok

Moshonista sin biolesesirkel har idrettsutøvarar som tema denne gongen. I utgangspunktet passar det fint for ein sportsidiot som meg, og via eBokBib-appen lånte eg Anja + Gro = Mio - Kunsten å få barn. Boka er lettlest og fortlest - og overraskande bra.

Anja og Gro Hammerseng-Edin er to flotte, respekterte og profilerte idrettsutøvarar, og er vel omtrent dei einaste "offentleg homofile" i idretts-Noreg. Via TV-skjermen har ein kunna få med seg at dei er reflekterte og har kloke tankar, men eg vart som sagt overraska over kor gode dei var til å skriva; til å formulera tankane og opplevingane sine.

Anja Hammerseng-Edin er handballspelar for Larvik håndballklubb, - tidlegare har ho spelt for m.a. Gjerpen og Storhamar. Ho har spelt 59 kampar og scora 143 mål for landslaget, men har no ein pause i landslagsspel. Ved sidan av handballen driv ho prosjektet Fearless.
Gro Hammerseng-Edin spelar også for Larvik HK. Ho har hatt ein lang og suksessrik karriere i mange ulike klubbar i Noreg og Danmark. I fleire år var ho sentral på landslaget (167 kampar, 631 mål), ho var landslagskaptein og kåra til Verdens beste håndballspelar. Då Harald Bredeli i 2005 kunngjorde at Gro var "den flotteste lesba på Toten" vart ho nærast "kasta ut av skapet".

Boka handlar lite om handballkarrierane til forfattarane. Anja og Gro vart eit par i 2010 og foreldre til vesle Mio i 2012. Som tittelen syner, handlar denne boka mest om akkurat dette; om å bli foreldre - om å bli mor og medmor. Då dei bestemte seg for å prøva å få barn, sakna dei informasjon om dei ulike muligheitene og utfordringane som par av same kjønn støyter på i ein slik prosess. I forordet - som dei har skrive i lag - forklarar forfattarane nærare om kvifor dei valde å gi ut bok:
"Med denne boka kan vi kanskje bidra til at andre som er interessert i temaet, kan få vite mer om det å få barn med en av samme kjønn – informasjon krydret med tanker og synspunkter fra vårt ståsted.
Historier om helsepersonell som ber Anja om å sette seg i pappastolen på første ultralyd, tanker rundt lærere, foreldre og politikere, som kanskje kan påvirke systemet slik at medmødre som Anja i framtiden slipper å signere under «far» på sykehuspapirene."
Forfattarane byr på seg sjølve og er opne og personlege i det dei fortel. Dei har skrive kvart sitt kapittel, enkelte tema skriv begge om, frå kvar sin synsvinkel. Dei fortel korleis ein familie vart til; om to jenter som fekk barn saman. Dei måtte jo gjera det litt annleis enn på den tradisjonelle måten, og det er akkurat dette dei fortel om i boka. Om byråkratiske utfordringar og fordommar. Om vanskelege tankar og om praktiske tips til andre i same situasjon.
Eg frykta at  Anja + Gro = Mio skulle verta "klissete" og prega av babykos og småbarnsforeldreliv slik me kjenner det frå dei rosa mammabloggane. Men nei, denne boka er fyrst og fremst ei forteljing om fellesskap og kjærleik. Ei fin bok som alle kan ha nytte av å lesa.

10. april 2014

Repost: Klassiske påskekrimtips

Ikkje fordi eg er doven, men fordi eg har det litt travelt for tida. Dette er ein repost frå den gamle bloggen. Fjorårets påskekrim-bloggpost er like aktuell i år.

- - - - - - - - - -

For meg er påskekrim klassisk krim av whodunnit-typen, gjerne i Agatha Christie-stil. Det vil seie puslekrim; ei mordgåte, ein intellektuell leik der forfattaren utfordrar lesaren til å avsløra mordaren/forbrytaren før forfattaren sin hovudperson finn ut av løysinga. Elles i året les eg helst nyare, meir hardbarka og actionfylte krimbøker, men puslekrim passar betre framfor peiselden på hytta, tykkjer eg.
Med "klassisk krim" meiner eg nærare bestemt dei klassiske detektivforteljingane av britisk tradisjon. (I motsetnad til den amerikanske tradisjonen, som er forteljingane om "den hardkokte privatdetektiven", f.eks. Raymond Chandler - som skapte Philip Marlowe, - eller Gunnar Staalesen sin Varg Veum, for å ta eit nyare og nærare eksempel).
Agatha Christie er i ein klasse for seg, så produktiv som ho var. Ti små negerbarnMord på Orientekspressen og Doktoren mister en pasient er geniale og har overraskande og utfordrande plott. Både Hercule Poirot og Miss Marple har sine tilhengarar, - sjølv er eg veldig svak for den belgiske herremannen. Dorothy Sayers og hennar figur Lord Peter Wimsey er eit anna klassisk krimlitterært alternativ. Sir Arthur Conan Doyle, opphavet til Sherlock Holmes, bør alle krimelskarar kjenna til. Klassikaren Hunden fra Baskerville er fin, om du likar litt grøssande påskestemning. 
John Dickson Carr (Carter Dickson) og Ellery Queen var amerikanske krimforfattarar, men begge heldt seg innan den britiske krimtradisjonen. Har du ikkje lese Sort messe av John Dickson Carr tidlegare, kan du bruka påsken til å lesa denne framifrå krimklassikaren. 
Av nyare dato, og innan ein sjanger som kan kallast "klassisk politikrim", finn ein Colin Dexter sine romanar om Inspektør Morse og P. D. James sine bøker med Adam Dalgliesh i hovudrolla. Begge er velkjende gjennom dei mange TV-seriane. Bøkene er sjølvsagt betre enn filmatiseringane. Vil spesielt anbefala Intriger og begjær og Det svarte fyret. Her vert òg lesaren utfordra til å finna løysing på mysteria, - men som oftast vert ein overraska på slutten. I same gate er amerikanske Elizabeth Georgebøkene hennar om Lynley og Havers er erkebritiske og klassiske i stil og innhald.
Norske klassiske krimromanar som kan høva å ta med i påskesekken, er De dødes tjern av Bernhard Borge (Andre Bjerke) og Jernvognen av Stein Riverton (Sven Elvestad). Eg trur ein kan lesa De dødes tjern kvar påske, - og verta like skremd kvar gong! 
Hans Olav Lahlum sine "retrokrimbøker" er òg puslekrim av den klassiske typen. Lahlum har Christie og Conan Doyle som inspirasjonskjelder og føredøme.
Det er interessant og nyttig å lesa om at etterforsking og oppklaring av brotsverk før i tida skjedde utan hjelp av epost, internett og mobiltelefonar!

7. april 2014

55 spørsmål om lesing

Denne utfordringa/enquêten fann eg hos Aina på bloggen hennar Ukjent terreng som igjen hadde funne den hos Lottens bokblogg. Aina har teke jobben med å omsetja alle dei 55 spørsmåla til norsk. Variantar og utdrag av den same utfordringa har eg vore borti fleire gonger tidlegare, men aldri så omfattande som her. Nokre av spørsmåla er morosame, andre utfordrande og atter andre er lite relevante for mi lesing.

1. Favorittbok i barndommen?

Eg har alltid vore ein bokslukar - og grunnlaget vart nok lagt då mor mi las høgt frå barnebokverket Mitt skattkammer då eg var lita. Pippi Langstrømpe var den fyrste boka eg las sjølv. Onkel Toms hytte, Heidi av Johanna Spyri og Ina-bøkene las eg frå perm til perm fleire gonger. Det same gjorde eg med dei mange bøkene om StompaBobseybarna, Hardy-guttene og Frøken Detektiv.

2. Kva les du akkurat no?

Papirboka To soldater av det svenske forfattarparet Roslund og Hellström, papirboka Grautmål av Arve Uglum og Øystein Vangsnes, lydboka Megleren av John Grisham og eboka Himmelrike og Helvete av islendingen Jón Kalman Stefánsson.

3. Kva bøker har du reservert på biblioteket?

Pr. i dag: Ingen.

4. Dårleg bokvane?

At eg av og til les for mange bøker på ein gong. Det hender det skapar rot i hovudet mitt og at eg blandar saman hendingar og personar.

5. Kva bøker har du lånt på biblioteket akkurat no?

En by som Alice av Nevil Shute, Midtens rike av Torbjørn Færøvik, Megleren av John Grisham, Allahs tårer av Rikard Spets og Gapestokk av Monika Yndestad.

6. Har du lesebrett?

Nei. Les ebøker på mobilen.

7. Likar du best å lese ei bok om gongen eller lese du fleire samtidig?

Alltid minst to bøker. 1-2-3 papir + 1 lydbok + 1 ebok

8. Har lesevanene dine endra seg etter at du starte å blogge om bøker?

Ja, definitivt. Eg les meir variert og les i det heile mykje meir enn tidlegare.

9. Kva er den dårlegaste boka du har lese så langt i år?

Mørke hjerter. Sorry, Hanne Kristin Rohde.

10. Kva er den beste boka du har lese så langt i år?

Pythias anvisninger. Glimrande avslutning på ein glimrande trilogi.

11. Kor ofte les du bøker utanfor "komfortsona"?

Ikkje særleg ofte. Eg er ein lystlesar.

12. Kva er di "komfortsone"?

Skjønnlitteratur; romanar og noveller innan krim- og spennings-sjangeren, historiske romanar, biografiar, dokumentarar.

13. Kan du lese på bussen?

Ja!

14. Kvar likar du best å lese?

Heime i godstolen er best, men kan lesa (evt. lytta) overalt.

15. Kva tykjer du om å låne ut eigen bøker - har du reglar?

Det er fint! Ingen reglar. Eg stolar på folk.

16. Brettar du eseløyrer i bøkene dine?

Nei. Men eg har ingen fancy bokmerke. Brukar postit-lappar.

17. Skriv du i margen i bøkene dine?

Nei.

18. I fagbøker (studie)?

Ja.

19. Kva språk føretrekk du å lese?

Norsk.

20. Kva får deg til å elske ei bok?

Spennande plott, godt språk, god rytme, god leseflyt, gode setningar, nyskapande skildringar, uventa vriar, truverdige karakterar, humor og varme.

21. Kva inspirerer deg til å anbefale ei bok?

Det kjem an på mottakaren.

22. Favorittsjanger?

Krim og spenning.

23. Sjanger du sjeldan les - men gjerne vil lese oftare?

Biografiar og dokumentarar.

24. Favorittbiografi?

Der er eg blank gitt. Ingen spesiell favoritt innan denne sjangeren.

25. Har du nokon gong lese ei såkalla "sjølvhjelpsbok"?

Nei.

26. Favorittkokebok?

Den rutete kokeboken er den einaste kokeboka eg har. Den kjøpte eg sjølv for over 30 år sidan, og det er mannen i huset som brukar ho mest.

27. Kva er den mest inspirerande boka du har lese i år?

Pass. Eg les mest om mord og bestialitetar, så inspirert..? Nei nei.

28. Favorittsnacks?

Sjokolade.

29. Nemn eit eksempel der forhåndsomtalen øydela leseopplevinga di?

To eksempel: Før jeg brenner ned av Gaute Heivoll og Jeg forbanner tidens elv av Per Pettersson. Utruleg oppskrytte. Eg las og las og venta og leita på det som skulle vera så bra i desse bøkene. Eg fann det ikkje, - men så er eg då heller ingen litteraturvitar.

30. Kor ofte er du einig med kritikarane om bøker?

Av og til. Men som regel likar eg ikkje bøker som får terningkast seks av "proffe" anmeldarar. Jfr. førre spørsmål.

31. Kva tykjer du om å gje god/dårleg omtale?

Begge deler er OK. Eg er alltid ærleg i mine omtalar og skriv rett frå hjartet (eller levra, som det heiter). Det hadde vore moro å verkeleg slakta ei bok ein gong! Men eg orkar ikkje å lesa ferdig dårlege bøker...

32. Om du kunne lese på eit framand språk - kva ville du velje?

Spansk? Eller kanskje fransk? Men eg er dårleg i språk, dessverre. Skulle ønska eg var betre i engelsk også.

33. Kva er den mest skremmande/hatfulle boka du har lese?

Ondskapens hjerte av Chelsea Cain. Fekk bakoversveis, hjertebank og gåsehud. Knallsterk, rystande, fascinerande. Boka er ei av mine favorittar!

34. Mest skremmande/hatfulle bok som du ikkje har klart å lese?

American Psyko har eg ikkje våga meg på enno.

35. Favorittlyrikar?

Kolbein Falkeid, Olav H. Hauge, Inger Hagerup, Rolf Jacobsen.
Og Jon Hjørnevåg :-)

36. Kor mange bøker brukar du å låne på biblioteket samtidig?

2-3-4-5. Det varierer.

37. Kor ofte leverer du tilbake uleste bøker?

Ikkje så ofte.

38. Kven er din favoritt romankarakter?

Lisbeth Salander. Harry Hole. Van Veeteren. Jarle Klepp. Miss Marple. Bjørn Beltø. Fredrik Drum. Varg Veum.

39. Kven er din favorittskurk frå krimsjangeren?

Gretchen Lowell. Hannibal Lecter.

40. Kva type bøker tek du helst med på ferie?

Enkle og greie krimbøker, novellesamlingar, lydbøker.

41. Kor lange er den lengste perioden du ikkje har lese bøker?

Då far min døydde for fem-seks år sidan hadde eg ein bokpause på eit par månader. Las aviser og tidsskrifter i staden ein periode. Alt til si tid.

42. Nemn ei bok du ikkje kunne/ville avslutte?

Pass.

43. Kva distraherer deg mest når du les?

Uventa lydar. "Kvardagslydar" og TV-støy er greitt.

44. Beste filmatisering av bok?

Mannen som elsket Yngve. Kanonene på Navarone. Millennium-trilogien. Harry Potter-filmane.

45. Dårlegaste filmatisering av bok?

Varg Veum-filmane. Heilt feil Varg!

46. Høgste sum du har brukt på ein handel av bøker?

Brukar ikkje mykje pengar på bøker. Å låna på biblioteket er gratis.

47. Kor ofte skummar du gjennom ei bok før du les den skikkeleg?

Aldri.

48. Kva får deg til å slutte å lese ei bok halvvegs?

Om ei bok ikkje fengar meg, avsluttar eg lesinga rett og slett.

49. Korleis har du organisert bøkene i bokhyllene dine?

Temmeleg uorganisert og tilfeldig.

50. Beheld du bøkene dine når du har lese dei eller gjev du dei vekk?

Eg beheld dei, - men kunne godt ha tenkt meg å gitt dei vekk, faktisk!

51. Er det bøker / sjangrar du unngår?

Chick-lit, sci-fi.

52. Nemn ei bok som gjorde deg sint?

Morgen i Jenin av Susan Abulhawa gjorde meg i alle fall opprørt, og kanskje litt sint.

53. Nemn ei bok du ikkje trudde du ville like men som overraska deg?

Dødslekene av Suzanne Collins.

54. Nemn ei bok du trudde du ville like men som skuffa deg?

Flink pike av Gillian Flynn. Likte så godt Mørke rom, og forventa ei flott leseoppleving etter å ha lest mange gode omtalar av Flink pike. Men boka var ikkje god.

55. Kva kosar du deg med utan å tenkje på kva du "burde lese"?

Eg les det eg har lyst til, ikkje det eg "bør" lesa.

3. april 2014

Bokomtale: Mørke hjerter av Hanne Kristin Rohde

Lydbokforlaget 2014
(Papirutgåve: Kagge)
Speletid: 8 t 23 min
Opplesar: Ingrid Vollan


Eg pleier å vera skeptisk, men nysgjerrig når det gjeld bøker innan kategorien "kjendis skriv krim". Det var utgangspunktet mitt når eg starta lyttinga av Mørke hjerter også. Ingrid Vollan si stemme er forresten svært lik Hanne Kristin Rohde si stemme, så det var nesten som å høyra forfattaren sjølv lesa lydboka.

Wilma Lind er hovudperson i boka og nyutnemnd leiar av Seksjon for volds- og seksualforbrytelser i Oslo politidistrikt. Altså den same stillinga som Rohde sjølv har permisjon frå. Boka er ikkje sjølvbiografisk på nokon måte, men forfattaren har erfaring frå og inngåande kjennskap til korleis politi- og etterforskingsarbeid føregår i det verkelege livet. Det er både positivt og negativt. Positivt fordi hendingane i boka då er "sannferdige" og realistiske. Negativt fordi det vert kjedeleg; rutinemessig etterforsking, møteaktivitetar, budsjettarbeid og byråkrati er reellt nok, men dette skal liksom vera krimlitteratur - og då krev lesaren litt meir. Meir spenning, meir tankeverksemd, meir action.

Wilma er ambisiøs og ønskjer verkeleg å gjera ein innsats for å oppklara alle dei grove valds- og overgrepssakene som avdelinga strevar med. Men i staden må ho bruka tida si på budsjettkutt, håplause sjefar og mannssjåvinistiske kollegaer. Rohde set fokus på at politiet sine avgrensa ressursar påvirkar deira evne til å løysa saker som handlar om trafficking, valdtekter og andre grove valdssaker. Kjempeviktig tema altså, men "innpakka" i ein kriminalroman fungerer det ikkje heilt, tykkjer eg.

Mørke hjerter vart ikkje noko bra leseoppleving for meg. Boka er uspennande, har dårleg framdrift og løysinga av sjølve krimgåta er lite truverdig. Karakterane er, med få unnatak, stereotype og eindimensjonale. Plottet er usamanhengande og usannsynleg. Den absolutt beste delen av boka er prologen. Den er lovande og velskriven og gjer at lesaren vert fanga inn i historia med ein gong, men altså - der stoppar det opp.

Takk til Lydbokforlaget for lytteeksemplar.

1. april 2014

Grisham på vent

Boken på vent er fast tysdagstema hos Beathes bokhylle, og der deltek eg gjerne dersom det passar. Mi ventebok i dag er Megleren av John Grisham, og på "vaskeseddelen" kan ein lesa følgjande om denne boka:
"Den avtroppende presidenten benåder overraskende børsmegleren Joel Backman, som forvekslet den amerikanske drømmen med grådighet, og dermed måtte tilbringe seks år bak lås og slå. Det er ingen vet er at presidenten handler under sterkt press fra CIA, som mener at Backman i sine glansdager skaffet seg innblikk i hemmeligheter som kan avsløre verdens mest avanserte satelittovervåkningssystem..."
Boka eg lyttar til akkurat no er Pelikanrapporten av same forfattar - og eg merkar at det er lenge sidan eg har lest (høyrt) ein skikkeleg actionthriller av internasjonalt format. For dette ga verkeleg meirsmak - så eg har alt skaffa meg Megleren på biblioteket, også som lydbok. Ivar Nergaard er opplesar av begge bøkene.

John Grisham (f. 1955) hadde advokat- og politikarerfaring då han brakdebuterte med Tid for hevn (A time to kill) i 1988. Sidan då har han han selt bøker som hakka møk og hatt mange plasseringar på internasjonale bestseljarlister.

Pelikanrapporten (The Pelican Brief) vart filma i 1994 med dei vakre
menneska Julia Roberts og Denzel Washington i hovudrollene.