18. februar 2015

Bokomtale: Svømmeren av Joakim Zander

Lydbokforlaget 2015
Speletid: 11:40
Opplesar: Torbjørn Harr
Lytteeksemplar fått frå forlaget


Eg har hatt mange gode lese- og lytteopplevingar i det siste - og nyleg høyrde eg på enno ei svært god bok; debutromanen til svenske Joakim Zander, Svømmeren.

Dette er ein intens thriller - fylt av action, overraskingar og spenning samstundes som historia inneheld så mykje meir: ei historie om kjærleik, skuld, sorg, smerte, svik og forsoning. Handlinga går føre seg i EU-hovudstaden Brüssel, i CIA-hovudkvarteret i Virginia, i ymse krigssoner i Midtausten og i den svenske skjærgården.

Historia byrjar i 1980 i Damaskus i Syria der ein liten familie vert øydelagd når ei bilbombe eksploderer og mora i familien døyr. 30 år seinare møter me libanesisk-svenske Mahmood, han er universitetstilsett og forskar på krigsforbrytelsar. Under ein konferanse i Brüssel blir han kontakta av ein tidlegare soldatkollega som har oppsiktsvekkjande og farlege opplysningar som omhandlar amerikanske soldatar og tortur i Irak og Afghanistan. Under det fyrste møtet mellom dei to vert kollegaen brutalt drept. Dermed vert uskuldige Mahmood sett i samband med mord og terror. Han er i trøbbel, for å sei det mildt, og er nokså desperat når han tek kontakt med den tidlegare kjæresten sin, Klara Walldén.

Denne Klara er den samlande karakteren i boka. Ho er tilsett som jurist hos ein svensk EU-politikar - og saman med Mahmood vert ho kasta inn i ei heseblesande flukt- og forfølgingshistorie. Nokon vil - for ein kvar pris - hindra at opplysningane dei sit på kjem fram i lyset. Dette er noko av det som er mest fengslande med ei slik historie; at vanlege og uskuldige folk hamnar i ein situasjon der dei plutseleg vert beskulda for ulike ting. Det einaste håpet deira er å rømma, samstundes som dei prøver å finna sanninga.

Parallellt får lesaren følgja ein namnlaus amerikansk agent - "Svømmeren"som er prega av ei stor sorg. Han mista for fleire år sidan den store kjærleiken sin i eit bombeattentat og overlot deretter den vesle dottera deira til ein uviss lagnad. For å gløyma sorga og det han heile tida har oppfatta som sitt store svik, har han opphalde seg i krigssoner og konfliktområde rundt omkring i verda.

Romanen har eit politisk, internasjonalt og aktuelt bakteppe. Ein får møta grådige lobbyistar og får eit innblikk i internasjonale intriger og politisk maktspel - og ikkje minst; møta amerikanske soldatar og CIA-agentar med ganske usympatiske trekk. Zander har sjølv bakgrunn som jurist og har arbeidd i EU-kommisjonen og for Europarådet, og vaks opp i Sverige, Syria og Israel. Han har dermed både fagleg tyngde og ein viss internasjonal erfaring - som syner att i boka.

Boka er ein velskriven spionthriller med mange interessante hovud- og bipersonar - og inneheld fleire overraskingar undervegs. Zander har nok jobba mykje med språket; det er tydeleg at teksten er grundig gjennomarbeida. Det ligg eit alvor og ei meining i romanen i tillegg til det som er underhaldande og spennande. Dersom eg skal samanlikna boka med andre tidlegare leseopplevingar, er nok Stieg Larsson sin Millennium-trilogi nærast, - men eg får også assossiasjonar til Robert Ludlum og John le Carré, samt kanskje litt Mankell, Nesbø og Adler-Olsen.

Zander skildrar både menneske og hendingar med innsikt og balanse. Miljøskildringane er detaljerte og truverdige, - og dei menneskelege reaksjonane som gjeld moral, skuld og samvit er truverdige og fortalt om på ein overbevisande måte. Eg likte Svømmeren svært godt, - så godt at eg vurderte å gi terningkast 6. Eg vel likevel å lata terningen landa på 5 - eg trur nemleg forfattaren har enno litt meir "å gå på". For meg vart eit par trådar uavklarte - men det er muleg at det er min eigen feil; kanskje eg ikkje har vore konsentrert nok gjennom heile boka.

Eg las ein stad at det er planlagt ytterlegare to bøker med Klara Walldén - så her er det berre å gleda seg til neste! Eg er også temmeleg sikker på at boka kjem til å bli film og/eller TV-serie i ganske nær framtid.

6 kommentarer:

  1. Flott omtale! Så kjekt at du likte denne, det gjorde jeg også. Nå sitter min mann fast i klisteret, og er ikke tilsnakkendes på noen dager. Her i Bergen regner vi vekk, håper du har det bra der du er :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Bra bok ja - og no må gubben din få fred :-)

      Her i indre fjordstrøk regnar det berre litt, og enno har me ganske mykje snø.

      Slett
  2. Tja... Når både du og Tine likte denne, er det vel inge grunn til at ikke jeg også skal la meg friste? God omtale!!

    SvarSlett
    Svar
    1. (Beklager seint svar - det er ikkje alltid eg føl skikkeleg med i kommentarfeltet)
      Lett å skriva omtale når det handlar om ei god bok!

      Slett
  3. Helt enig med deg! Hilsen Stine Aske, Larvik bibliotek :)

    SvarSlett