11. april 2015

Etterskjelv og Himmeløyet: Avslutning av ein god krimserie

I fleire innlegg på bloggen min har eg prøvd å framsnakka Arne Dahl sin serie om A-gruppen. Eg er usikker i kva grad eg har lukkast i å skaffa serien fleire lesarar, men eg håpar at eg ved å stadig gjenta kor begeistra eg er, kan bidra litt til at enno fleire får augene opp for ein verkeleg god skandinavisk kriminalbokserie. Serien kan samanliknast med serien om Martin Beck (Sjöwall og Walhöö) og serien om Van Veeteren (Håkan Nesser) både når det gjeld talet på bøker (10 i kvar serie) og når det gjeld innhaldsmessige og språklege kvalitetar.
Dei ti bøkene i serien om A-gruppen kan lesast som frittståande krimromanar, men lesegleda vert større og utbyttet av lesinga betre om ein les bøkene i rett rekkefølge. I tillegg er det greitt å bli gradvis introdusert for alle hovudpersonane.

Her i landet vart bøkene utgjevne i bortimot tilfeldig rekkefølge (faktisk vart den fyrste boka gitt ut heilt sist) - men kronologien er altså vesentleg for leseopplevinga og er slik:
  1. Misterioso
  2. Ondt blod
  3. Blind jakt
  4. Europa blues
  5. Skjulte dyp
  6. En midtsommernattsdrøm
  7. Dødsmesse
  8. Mørketall 
  9. Etterskjelv
  10. Himmeløyet
Sjølv las eg Mørketall fyrst og deretter En midtsommernattsdrøm - for nokre år sidan. Eg likte dei så godt at eg bestemte meg for å gå "tilbake i tida" for å få med meg heile serien frå start til slutt. Det har eg no gjort - og har lest både bok nummer 6 og 8 på nytt i samanheng.
Handlingane i bøkene går stort sett føre seg i Stockholm, med enkelte avstikkarar rundt om i verda, i tidsrommet 1997 - 2007. Dersom eg skal plukka ut favorittbøker blant dei ti, held eg ein knapp på Europa blues, Dødsmesse og den siste, Himmeløyet.

Etterskjelv las eg i påska og Himmeløyet umiddelbart etterpå - og det kjennest vemodig å vera ferdig med ein så bra serie. Ei "trøyst" kan vera at Arne Dahl har skrive eit slags etterord, ei bok nummer 11 (på svensk heiter boka rett og slett Elva) som er ei avrunding av serien og ein endeleg avskjed med A-gruppen. Den boka er, etter det eg har funne ut, ikkje utgiven på norsk enno. Det er heller ikkje Arne Dahl sin nyaste krimserie; Opcop-serien. Eg skulle ynskja at Dahl sitt norske forlag Cappelen Damm snarast muleg sørger for oversetjing og utgjeving av dei nyaste bøkene til Arne Dahl!

Serien om A-gruppen er altså underhaldande og spennande bøker som anbefalast på det varmaste. Arne Dahl er flink med tempoveksling og har elles ein heilt unik balanse i historiane sine: Balansen mellom humor og alvor, - mellom det actionfylte og det tankefulle. Språket er alltid elegant, tidvis poetisk, tidvis rått og ofte humoristisk. Dahl er ein forfattar med stil som beherskar å skriva lyrisk og draumande, men han har også gode skildringar av det mellommenneskelege og kvardagslege. Dialogane er naturlege og karakteristikkane treffsikre.
Dahl byr på så mangt: gjennomtenkte og intrikate plott, samfunnskritikk, tidsaktuelle tema, fleire gode sidehistoriar, masse spenning - men fyrst og fremst: Interessante og truverdige hovudpersonar.
I motsetnad til mange andre krimseriar handlar denne serien ikkje om ein enkelt protagonist, men om heile etterforskargruppa. Forteljarstemma er allvitande og går inn og ut av handlingar og tankar medan perspektivet skiftar mellom alle dei ti personane som ein etter kvart lærer godt å kjenna - og blir glad i. Dei ulike personlegdomane, forholda mellom dei enkelte og miljøet rundt dei gjer bøkene ekstra leseverdige.

TV-filmen/miniserien bygd på boka Etterskjelv vart nyleg sendt på svensk TV, men er ikkje tilgjengeleg på nettTV for oss som ikkje bur i Sverige. Det er heller ikkje så nøye. For meg vert som regel filmversjonar av bøker eg har lest og likt heilt "feil". Personane ser gjerne heilt annleis ut enn dei eg har sett for meg medan eg les - og dybden i forteljinga vert ofte fråverande på skjermen.

Har du lyst til å lesa intelligent, velskriven og artig krim?
Les serien om A-gruppen av Arne Dahl - men start med Misterioso så går du ikkje glipp av utviklinga og framdrifta.

11 kommentarer:

  1. Hm, og hvorfor snakker ikke flere om Arne Dahl? Jeg skal jaggu sjekke disse bøkene ut. Takk for tips.:) Krimforfatter med stil og de kvalitetene du nevner er noe for meg.:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Nei, kvifor snakkar ikkje fleire om Arne Dahl, og kvifor har han ikkje slått an skikkeleg her i landet? Det skjønnar eg ikkje.

      Slett
    2. Jeg er helt enig - og jeg har i alle fall gjort et ærlig forsøk på å framsnakke den godeste Arne Dahl: http://evertpang.blogspot.no/search/label/Arne%20Dahl

      Slett
  2. For en flott omtale, sånn orden og opplysning er det godt å få av og til. Jeg vet at jeg har hatt Arne Dahl innom dørene, men har ikke festet meg ved ham. Kanskje det er noe med å få alt i rekkefølge som er greien. Skal se nærmere på Misterioso, og for alvor prøve å bli hekta :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Så bra, du som likar Nesser kjem heilt sikkert til å lika Arne Dahl.

      Slett
  3. Jeg sjekka lydbok-mulighetene, men der var det visst bare "Mørektall" som var tilgjengelig, ser det ut som. Så rart at de er gitt ut mer eller mindre tilfeldig når det er en serie? Det betyr vel bare at også forlagsfolk kan få rare idéer!

    SvarSlett
    Svar
    1. Veldig enig i det siste der. Eg kallar det inkompetanse. Det stemmer at det kun er Mørketall som finst i lydbok på norsk. Men: dei aller fleste finst som lyd på svensk.
      Anbefalar nettsida http://www.arnedahl.net/ for meir informasjon.

      Slett
  4. Du har tipset meg om mange gode bøker. Jeg forsøker meg på forfatteren, og har akkurat vært og bestilt den første i serien.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det var fint å høyra. Eg håpar du finn ut av det med Arne Dahl. Det trur eg at du vil, sidan du likar Håkan Nesser. I mangt og mykje (skrivestil, eleganse og tørr humor) liknar desse to forfattarane på kvarandre.

      Slett
  5. Fint å finne en norsk Arne Dahl-venn! Mulig jeg har godt nytt på gang... http://evertpang.blogspot.no/2016/07/endelig-arne-dahls-nye-serie-kommer-pa.html

    SvarSlett
    Svar
    1. Heisann, så hyggeleg! Du kjem med storarta nyhende - bra jobba!
      Håpar håpar Cappelen Damm gjer alvor av å utgi Utmarker på norsk.

      Slett