19. juni 2015

Biolesesirkel: Thor Heyerdahl - Mannen og havet av Ragnar Kvam

Gyldendal 2005
456 sider


Dersom det finst ein person som fortener ein biografi i heile tre bind, må det vera Thor Heyerdahl. Verdens mest kjende nordmann gjennom tidene. Eventyrar, etnograf, arkeolog, antropolog, miljøforkjempar, forfattar - og vitenskapsmann.

Eg har lest fyrste bind av Ragnar Kvam jr. sin biografi; Mannen og havet i samband med Moshonistas biografilesesirkel. Temaet denne gongen er "vitenskap" - og sidan eg likte så godt både Den tredje mann (Om Hjalmar Johansen) og Straffen (Om Knud Bull) av same forfattar, fann eg ut at eg like godt kunne halda meg til same biograf.

Men eg sleit litt med Kvam og Heyerdahl, skuffande nok. Kanskje var innhaldet og hovudpersonen for kjent på førehand? Kanskje har forfattaren gått litt vel grundig og detaljert til verks? Kanskje var det meg?

Vel - sjølv om det altså gjekk litt tregt og seigt (eg er fire dagar "for sein"); dette er så absolutt ein bra biografi. Boka er velskriven, illustrert med bilete, teikningar og kart, oversiktleg komponert og med gode skildringar av folk, stader og hendingar. Og det er den berømte, dristige og dramatiske Kon Tiki-ekspedisjonen som både startar og avsluttar boka.

Heime i barndomsheimen min hadde me Thor Heyerdahl si bok om Påskeøya-ekspedisjonen; Aku-Aku, Påskeøyas hemmelighet. Då eg var ein jentunge bladde og las eg i den boka mange, mange gonger - så eg har på ein måte vore fascinert av Heyerdahl i lang tid. Desse kjempedigre gamle statuane på Påskeøya var mystiske og spennande. Eg er også så gammal at eg hugsar godt Ra-ferdene og Tigris-ekspedisjonen.

Å lesa om barndommen og oppveksten til Thor Heyerdahl var interessant. Han vart fødd i Larvik i 1914 der han vaks opp i ein (beste)borgerleg heim. Som barn var han overbeskytta, bortskjemt og engsteleg, - ein einsam og skuleflink lesehest. Han var ganske sikkert prega av motsetnadene og kulden mellom foreldra sine. Mora og faren levde i eit merkeleg og kjenslekaldt ekteskap og sto for heilt forskjellige livssyn. Faren Thor senior var religiøs og lærte sonen fadervår - medan mora Alison var ateist og lærte han Darwins evolusjonslære. Det vert fortalt at Thor junior alt som smågut laga fantasifulle teikningar av sydhavsøyar og bestemte seg for å bli "oppdagelsesreisende" når han vart stor.

Etter fullført artium starta Thor opp med zoologi-, biologi- og geografistudiar ved Universitetet i Oslo. Thor fann seg ikkje heilt til rette på universitetet. Han mislikte å bli sett i bås, - han tenkte meir heilskapleg og ønskte at dei ulike faga kunne samarbeida meir. Men - han møter her fleire personar som skal bli viktige for han, mellom dei Norges fyrste kvinnelege professor Kristine Bonnevie (som du lesa meir om hos Groskro's verden). Ho inspirerte unge Heyerdahl til den fyrste reisa/ekspedisjonen til Polynesia. Han møter også studenten Liv Coucheron Torp - og fyrste gong dei møter kvarandre spør Thor henne om ho vil bli med han til ein plass utanfor sivilisasjonen. Ho svarar ja med ein gong. Dei gifter seg julafta 1936 og dagen etter dreg dei ut på ei lang reise.

Ragnar Kvam jr. brukar mykje plass i boka til den fyrste sydhavsekspedisjonen - fordi dette var så viktig for det seinare livet og virket hans. Den fyrste ekspedisjonen gjekk til øya Fatuhiva i Stillehavet i perioden 1937-38. Dei to nygifte har som mål med reisa å leva heilt i pakt med naturen - men heilt slik skal det ikkje gå. Dei finn seg ikkje til rette i paradiset; det viser seg å vera vanskeleg å leva som naturmenneske. Dei er ikkje førebudde på møtet med troperegn, sjukdom og fiendtleg innstilte "innfødde" - og returnerer til gamlelandet etter eitt år.

Verandalesing

Det som slår meg når eg les om Thor Heyerdahl er kor sta han var, kor egoistisk han var, kor nysgjerrig han var og kor naiv han var. Kvam får godt fram både desse og andre eigenskapar i boka. Forfattaren stiller m.a. spørsmål om Heyerdahl sine fordommar. Han var på den eine sida open og forekommande til andre kulturar, men i personlege brev frå tida for Fatuhiva-opphaldet viser han fram ei nesten rasistisk side.

Under opphaldet på Fatuhiva oppdaga Heyerdahl mykje som kunne tyda på at dei polynesiske øyane var blitt befolka frå aust (altså frå Amerika) og ikkje frå vest (frå Asia). Han fann både kulturelle, biologiske, lingvistiske, etnologiske og metereologiske teikn på dette. Gjennom seinare ekspedisjonar freista Heyerdahl som kjent å finna prov på dette. Heyerdahl hadde mesteparten av vitenskapen mot seg i teoriane sine - men han gjekk sin eigen veg. I boka vert det fortalt om dei mange praktiske og økonomiske utfordringane Heyerdahl og støttespelarane hans måtte gjennom før KonTiki-ekspedisjonen faktisk vart noko av. Men ferda vart, som me alle veit, vellukka - og Thor Heyerdahl vart med det verdenskjend.

I biografien vert det også fortalt om Heyerdahl sin innsats under krigen, om familien og ekteskapet - men fyrst og fremst handlar det om mannen som "tenkte store tankar"; som la ut på nye tokt, nye reiser og nye utgravingar heile livet - med minimal støtte frå etablerte fag-/forskingsmiljø. Mykje tyder i dag på at han tok feil i ein del av teoriane sine - men han hadde også rett i ein del.

Om eg kjem til å lesa dei to siste binda i biografitrilogien? Kanskje. Seinare ein gong. Eg er ikkje såå interessert i Thor Heyerdahl heller - og eg veit jo "korleis det går". Som sagt innleiingsvis er dette nokså omstendeleg lesing, så eg trur eg satsar på å berre bla litt i dei to andre bøkene.
Terningkast? Eg blir ikkje heilt enig med meg sjølv denne gongen og vaklar mellom ein sterk trear og ein svak firar. Ei midt på treet-leseoppleving, med andre ord.

Har du lyst til å lesa om eit variert utval vitenskapar, vitenskapsmenn og -kvinner?
Klikk deg inn i biografisirkelen!

11 kommentarer:

  1. Interessant biografi! Thor Heyerdal var en fantastisk eventyrer, som jeg las om allerede som ung jente. Spennende mann, som måtte være både egoistisk og pågående for å nå fram. Trass i en del feilslåtte teorier vil vi huske han for de som slo igjennom!

    SvarSlett
    Svar
    1. Godt poeng. Heyerdahl hadde nok ikkje nådd så langt om han ikkje hadde vore så "omsynslaus" mot sine næraste.

      Slett
  2. Interessant, selv om mye er kjent fra før. Vi har jo vokst opp med Heyerdahl på en måte, men en biografi gir jo en mer samlende historie. Synd at den ikke ble en innertier, og synd at det da dalte litt i prioriteringsbunken min her også. Har mange uleste biografier i hylla, flere artister og skuespiller blant annet, så jeg håper vi får ne ny runde med det snart..
    Ellers tror jeg også som Åslaug og deg at han hadde ikke nådd så langt uten staheten og egoismen, det gjelder nok de fleste visjonære med så hårete mål.. Skulle de tatt for mye hensyn til andre hadde de ikke oppnådd slike resultater/eller nådd sine drømmers mål. Og verden hadde gått glipp av noen oppdagelser..

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg meiner fortsatt at Kvam er ein god biograf, men denne gongen lærte eg lite nytt.
      Neste runde med forfattarar blir det ingen Kvam-biografi. Det står mellom Dickens og GW Persson

      Slett
    2. JA, det er han sikkert..:) Kjekt å ha forfatterbioen klar. Jeg har Undset (Sigrun Slapgård sin), Dag Solstad, samt Doris Lessings selvbiografi nr en Under huden å velge i , i hylla, nå. Jeg har også Hanne Vibeke Holst sin biografi om faren sin, Knut den store i hylla. Hm, ikke så lett å velge denne gangen heller…

      Slett
  3. Alle gode ting er altså ikke 3 - når det kommer til biografer... kan det være en ny vitenskaplig tese?
    Jeg huske også mye av dette Heyerdahl styret - og var vel i rette alder til å bli både begeistret og hjernevasket, såpass at jeg bare etter å ha lest omtalen din, rister uforstående på hodet til påstander om feil. Heyerdahl tok vel ikke feil... Nå, idag, tenker jeg at det ligger en smule rasisme i alle oppdagerferder, man må lizm sette seg et stykke opp på pidestallen for å se seg selv som en, som den, som skal oppdage andre (steder), eller kanskje det er her naiviteten setter inn? Jeg har et problematisk forhold til reisende oppdagelser - og det er godt, i denne sammenheng, at verden har krympet litt, jmf, kabul og bokhandleren -).

    SvarSlett
    Svar
    1. Oppdagingar er så mangt. Ekspedisjonar som kartlegg og oppdagar ting som kan gi oss ny kunnskap om klima og miljø etc. ser eg på som udelt positivt.
      Men historisk sett - dersom ein tenkjer på dei europeiske oppdagingsreisande på 14-1500-talet – og påfølgjande kolonisering, undertrykking, utbytting, imperialisme, slaveri, folkemord .. Vel. Ei stor skam.

      Og kvifor "oppdaga" ikkje kinesarane Europa? Korleis hadde verda sett ut i dag om det hadde skjedd?

      Slett
  4. Hmmm, eg har denne boka heime, og har lyst til å lesa ho ... Men kanskje ein annan gong?
    Det var ein fin omtale, og eg vart nysgjerrig på dette forholdet mellom foreldra til Heyerdahl, og korleis det har prega han.
    Kanskje det er grunn nok til å lesa boka ved rette høve? Eg er nok i overkant oppteken av relasjonskomptanse ...
    Kvam har du i alle fått meg nysgjerrig på!
    Takk for eit godt bidrag til biografisirkelen!
    Ynskjer deg ein god sommar!

    SvarSlett
    Svar
    1. Fint at eg har fått deg litt nysgjerrig når det gjeld Heyerdahl og Kvam.
      Forholdet mellom foreldra vart svært dårleg etter at far til Thor (som også heitte Thor) vart tatt på fersken i ein noko intim situasjon med hushjelpa. Mora flytta etter dette ut frå ektesenga og inn på gutterommet til sonen. Svært spesielt!

      Ha ein fin lesesommar, Pia!

      Slett
  5. Ein kan sei mykje om Heyerdahl – nokon treng tydelegvis tre bind – men eg trur at ein treng ein solid dose galskap for å kunne leggja ut på noko så stort. Sta, egoistisk, nysgjerrig og naiv – det er ting eg trur ein må vera for å gjera "noko stort". Og det gjorde han jo!

    SvarSlett
    Svar
    1. Det trur eg du har rett i. Dersom alle hadde vore like fornuftige og omtenksame hadde det knapt vorte oppdaga noko som helst!

      Slett