27. oktober 2015

Haustlesing: Eit samleinnlegg

Hausten er favorittårstida mi. Eg likar at det vert stillare, kjølegare og mørkare. Om kveldane vert eg ofte berre sitjande i sofakroken med ein kaffikopp og ei god bok, men innimellom vert det turar ut i frisk luft og vakre haustfargar - og gjerne med ei bok på øyret. Verandalesingsesongen er over.
Eg les mykje forskjellig - ikkje berre krim; eg les både humor og alvor, gammalt og nytt, sakprosa og skjønnlitteratur, i ulike format. Variasjon er stikkordet.

No har det atter hopa seg opp med leste og "uomtalte" bøker. Difor er det på tide med eit skippertak; dvs. eit samleinnlegg med kjappe omtalar, - fordi eg likar å vera sånn cirka ajour.

Eg byrjar med ei ny bok som gjorde djupt inntrykk på meg:

Hvordan elske en far - og overleve
av Vetle Lid Larssen

Lydbokforlaget 2015
Speletid 5:09 (lytteeksemplar)

Ei erindringsbok og ein slags biografi, men både forlag og forfattar seier at dette er ein roman, - noko eg ikkje heilt kan forstå.

Vetle Lid Larssen byr på seg sjølv når han fortel om oppveksten sin og forholdet til faren. Som barn forguda Vetle far sin, men etter som tida gjekk vart forholdet deira vanskeleg og konfliktfylt. Det handlar på mange måtar om eit "klassisk" far/son-problem som vert enno meir utfordrande når dei involverte er kjendisar.
Lid Larssen sin svulstige og arrogante skrivestil kjem til uttrykk i enkelte glimt, men eg likte boka likevel. Ho er underhaldande, velskriven, varm, trist og morosam - og har eit fantastisk fint framsidebilete.
Forfattaren les sjølv lydboka - på ein overraskande god måte. Terningkast 5.

(Eg tykkjer det er vanskeleg å skriva om denne boka - fordi ho traff meg så sterkt. Grunnen er at eg også hadde ein far som mot slutten av livet endra personlegheit. Far min vart ikkje råka av alzheimer, som Lars Andreas Larsen vart, men frå å vera den sterke og trygge pappaen min, vart han, grunna alvorleg sjukdom, ein "gretten gammal gubbe" som det var vanskeleg å forholda seg til.)


Blindgang av Jørn Lier Horst 
Lydbokforlaget 2015
Speletid 8:50 (lånt lydbok, biblioteket)

Godt handtverk, men kjeeeedeleg. "Dette har eg lest før", tenkte eg fleire gonger medan eg las Blindgang. Lier Horst køyrer safe og fornyar seg ikkje. Han følgjer det same mønsteret i bok etter bok - og det er ikkje så rart, han har jo hatt stor suksess med det..
Blindgang er truverdig, traust og treg. Velskriven og velkomponert, men spenninga er omtrent fråverande. Eg saknar overraskingar og uventa vendingar! Eller er Lier Horst for flink?
Atter ein gong er det lydbokversjonen som bergar mi leseoppleving av ei William Wisting-bok. Ivar Nergaard er som alltid ein stødig og dyktig opplesar. Terningkast 3.


Fars krig av Bjørn Westlie 
Lydbokforlaget 2009
Speletid 6:04 
(lånt lydbok, biblioteket)

Nergaard er også opplesar av sakprosaboka Fars krig, ei bok forfattaren vart tildelt Brageprisen for.
Dette er forteljinga om nazisten og frontsoldaten Petter Westlie. I likskap med morfaren til Ida Jackson, melde Westlie seg som frontsoldat for tyskarane og var med på det store felttoget mot Sovjetunionen.
Forfattaren fortel om sitt ikkje-forhold til sin eigen far. Boka er veldig god, forteljarstilen er sakleg og nøktern, men det som vert fortalt er sterkt og brutalt - og djupt personleg. Terningkast 5.


Minnet om en skitten engel
av Henning Mankell

Lydbokforlaget 2011
Speletid  10:51 
(lånt lydbok, biblioteket)

Handlinga i boka byggjer på verkelege hendingar og verkelege personar. Hovudperson er den fattige svenske kvinna Hanna som i 1904 går ombord i eit skip som skal til Australia, i håp om ei betre framtid der. Ombord treff ho ein mann som ho gifter seg med - men ekteskapet skal bli kortvarig; etter berre to månader vert Hanna enke. Djupt fortvila forlatar ho skipet i det som den gongen heitte Portugisisk Øst-Afrika; dagens Mosambik. Via enno eit kortvarig ekteskap der blir Hanna ei rik kvinne og eigar av ein stor bordell.

Dette er ikkje Mankell på sitt beste, men det er ei fengslande forteljing frå eit fjernt landskap og ei heller fjern fortid. Lesaren får møta mange fascinerande karakterar og fleire interessante og gripande historiar. Bakteppet består av kolonialisme, raseskille og klasseskille, - og eit gryande opprør.
Det gjekk litt tid å bli vand til Jan Grønli si opplesarstemme. Han les seint og lågt - men etter kvart tykte eg at stemma vart "grei nok". Terningkast 4.


Tegnehanne av Hanne Sigbjørnsen 
Egmont 2015
176 sider 
(lånt papirbok, privat)

Over til noko heilt anna: Fantastiske Tegnehanne!
Eg har vore fan av bloggen og spalten hennar i Aftenposten lenge - og endeleg er boka her.

Eg ler berre eg tenkjer på tegningane til Hanne Sigbjørnsen. Ho har sjølvironi, skråblikk på det meste og ein naiv fin strek.
Dette er ei super gåvebok!



Jeg vil leve av Marte Wexelsen Goksøyr 
Oktober 2012
139 sider 
(lånt papirbok, privat)

Forfattaren har Downs syndrom, og boka handlar om kva ho har fått utretta og oppnådd hittil i livet - men også om utfordringar og hindringar.
Dette er jenta som fekk Jens Stoltenberg til å bli svett og uvel då ho intervjua han i samband med stortingsdebatt vedk. tidleg ultralyd og sorteringssamfunn. Den hendinga skapte debatt i ettertid.

Dette er ei lita, men viktig bok - til ettertanke. Det er eit faktum at dei fleste foster med kromosomfeil vert tatt bort.
Eg er så absolutt for fri abort og mot reservasjonsretten, men tykkjer likevel at det kan det vera nyttig med slike motforestillingar som Marte Wexelsen Goksøyr kjem med i denne boka.



Haimennesket av Hans Olav Lahlum 
Cappelen Damm 2015
286 sider 
(lånt ebok, eBokBib)

Bok nummer 7 i retrokrimserien om K2 og Patricia er litt annleis enn dei føregåande. I motsetnad til kollega Lier Horst er Lahlum i stand til å tenkja nytt. Handlinga er lagt til Sørlandet i 1972, og alt hender i løpet av eit par døgn.
Den trege fyrstebetjenten og den lynskarpe assistenten er omsider blitt eit par. Dei har fått invitasjon til eit avsidesliggjande hotell der det ein gong hende eit tragisk barnedrap.
Mystiske forsvinningar, mystisk sjølvmord, mystisk nabo, mystiske tvillingar, mystiske spørsmål, mystiske svar, mystisk fetter. Alle har noko å skjula.
Snirklete, høgtideleg og litt unaturleg språk - noko som kjenneteiknar bøkene til Lahlum. God, gammaldags og langsam krim i Agatha Christie-stil, men med ei meir thrilleraktig oppbygging. Terningkast 4.




Mere blod av Jo Nesbø
Aschehoug 2015
235 sider 
(lånt papirbok, privat)

Enno ein retrokrimroman, men i ein heilt annan stil. Her er det kjeltringen som har forteljarstemma - noko språket i boka ber preg av. Handlinga er lagt til Finnmarksvidda i 1977, ein mann er på rømmen frå narkogjeld og ein misnøgd oppdragsgivar.

Boka er enkel, lettlest og fortlest. Historia er godt fortalt, spenninga byggjer seg opp i eit akkurat passe tempo, utan at det går ut over verken negler eller nattesøvn. Ein smule forutsigbart er det likevel, og eg finn alle klisjeane og alt det sentimentale litt irriterande. Men ein forfattar av Nesbø sitt kaliber og kvalitet kan tillata seg å leika med krimsjangeren på denne måten.

Ein bør vera klar over at denne boka og den føregåande Blod på snø er spin-off-produkt av Harry Hole-serien. Desse to bøkene er liksom skrivne på 70-talet av ein fiktiv forfattar som skal komma til å spela ei viss rolle i kommande Harry Hole-bøker. Terningkast 4.



Svart som ravnen av Ann Cleeves 
Vigmostad & Bjørke 2008
314 sider 
(lånt papirbok, biblioteket)

Eg likar romanar og kriminalromanar med handling frå uvande og eksotiske stader. Då eg las bok nummer to i den såkalla Shetlandskvartetten ('Hvite netter') tidlegare i år, gav den meirsmak. Dette er den fyrste boka i serien.

Her er gode personskildringar og flotte natur- og miljøskildringar, samt glimt frå ny og gammal shetlandskultur.
Kriminalgåta er intrikat og noko oppkonstruert, men eg føler at personane det handlar om; både offer, pårørande, vitne og sjølve protagonisten er veldig ekte.

Språket er presist, skrivestilen lågmælt, løysinga er overraskande, men likevel logisk. Boka startar tregt, men tempo og driv aukar utover. Terningkast 4.



Malteserfalken av Dashiell Hammett 
Gyldendal 2007
286 sider 
(kjøpt pocketbok)

Ei verdensberømt bok, fleire gonger kåra til tidenes beste kriminalroman. Utgitt fyrste gong i 1930, på norsk i 1954. Inspirasjonskjelde for uendeleg mange andre krimbøker innan den undersjangeren som gjerne vert kalla for "hardkokt". Handlinga er lagt til San Francisco, protagonisten er ein kald, kynisk og smart privatdetektiv som heiter Sam Spade.
I filmversjonen er det som kjent Humphrey Bogart som har hovudrolla, men Hammet beskriv Spade heilt annleis enn slik han vert framstilt i filmen.
Omhandlar fleire drapssaker som heng saman med ein heilt spesiell sakna gjenstand - sjølve Malteserfalken. Her er skarpe og kjappe hjerner, vakre og farlege kvinner, samt hjelpelause politifolk og utspekulerte forbryterar.
Eg vart aldri totalt bergtatt av boka, men eg vart absolutt fenga av historia som vert fortalt og ikkje minst; måten forfattaren fortel ho på. Når ein tenkjer på kva boka har betydd for kriminallitteraturen i ettertid, må ein sei at dette er genialt og fantastisk skrive.
Terningkast 5.

6 kommentarer:

  1. Samleomtaler er veldig kjekt egentlig. Raskt å finne essensen om hva leseren mener om ei bok. Jeg likte også boka til Vetle Lid Larssen veldig godt, men har ikke rukket å skrive om den enda, eller har ikke vært i form. Siden Vetle er like gammel som meg , leste jeg også fellestrekk ved vår oppvekst, ting i tiden der.. Interessant bare det. Faren var spesiell, og jeg kjente også noe igjen derfra, noen sære trekk og at de begge var fra Nord-Norge. Min far lever enda da, så nok om det. Ellers har jeg vel bare lest Mere blod av disse her..

    SvarSlett
    Svar
    1. Valet sto mellom å laga samleomtale - eller ingen omtale. Og då er det greit å skrive litt, meiner eg.
      Eg tenkte ikkje over det med alder - men du har eit godt poeng; eg er også like gammal og (gjen)kjenner mykje av kulturen og "tidsånden" frå 60- og 70-talet.

      Slett
  2. Sitter og pusler på en samleomtale selv (sannsynligvis ikke publisert før til jul -)), den eneste fellesnevneren med din er the Larssens. Dessverre har jeg lest på lang nær like variert som deg - eller lest variert har jeg - men omtalene blir pur norsk. Har gitt opp fullstendig dokumentering for flere år siden. Shetlandsbøkene planlegger jeg å lese. Horst frister ikke. Mankell ble jeg vaksinert mot etter Daisysøstrene. Enig med Anita om essensen. Man får sagt akkurat like mye på få ord - må bare anstrenge seg litt mer -)

    SvarSlett
    Svar
    1. Det om essensen og å sei mykje på få ord - det var godt sagt - og passa godt. Det er akkurat det eg prøver å få til.
      (Vedk. Mankell: Har Daisy Sisters i ventehylla, - byrja for eit par år sidan på lydbokversjonen, men ga opp. Kanskje eg heller skal satsa på Wallander-repriselesing).

      Slett
  3. Tid er et knapphetsgode for de fleste av oss, og samleinnlegg er effektivt og gir lang bedre oversikt (og samvittighet!) enn lange utgreiinger det ikke blir noe av ;o)
    Enig i det du skriver om de jeg har lest, "Hvordan elske en far..", "Blindgang" om "Mere blod". Sistnevnte fant jeg vel kanskje mer morsom enn spennende, men det va greit det grå ;o)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg er som (nesten) alltid enig i alt du skriv ;-)

      Slett