11. mars 2016

3 x Island og 1 x Grønland

Det har blitt "ein del Island" på meg i det siste. Og sanneleg vart det "litt Grønland" også..

Frihet, likhet, Island av Mímir Kristjánsson
Forlaget Manifest 2015
230 sider, eBokBib

Eg humra ofte og mykje då eg las denne. Kristjánsson brukar ein humoristisk penn når han fortel om seriøse ting som si eiga 30-årskrise og den islandske finanskrisa. Boka er velskriven og sitatvenleg.

Denne norske forfattaren med det svært så islandsk-klingande namnet hadde aldri budd på Island, men som halvt islending og sidan han var arbeidsledig, vart det naturleg å ta eit lengre opphald på sagaøya. Han skriv om ver og vind, vulkanutbrot og askeskyer, finansakrobatikk og bankkrise, turistliv og reiseliv, avfolking og sentralisering, uteliv og mat, språk og litteratur. Han fortel om det som sameinar og det som er skilnaden på det islandske og det norske. Han skildrar også sine eigne tankar rundt dette med fridom, einsemd, røtter og familie.
Eg tykkjer at forfattaren er i overkant fokusert på sin eigen navle, men meiner også at det er godt gjort å få fletta inn dette saman med historieundervisning, reisetips og reiseskildringar. Terningkast 4.


DNA av Yrsa Sigurðardóttir
Kagge forlag 2016
472 sider, eBokBib

Eg har stor sans for Sigurðardóttir sin skrivestil, men mislikar sterkt dei overnaturlege elementa som ho ofte pleier å ta med. I akkurat denne boka har ikkje spøkelsar og vetter nokon påtrengande plass, heldigvis.
DNA er (likevel) ei skikkeleg creepy historie, full av driv og spenning. Handlinga og skildringane er tidvis grusomme og ubehagelege, men stadige scene- og perspektivskift gjer at ein held ut - og må lesa litt meir - og litt meir - og plutseleg har ein lest ut heile boka.
Det handlar om at to ulike kvinner vert tekne av dage på ein spesielt motbydeleg måte. Frå kvar sin kant prøver politiet, ein barnepsykolog og ein radioamatør å finna ut av det som har skjedd. Sentrale stikkord for handlinga elles er, som ein kan skjønna av omslagsbilete og tittel, gaffatape og DNA-spor.
Sigurðardottir har levert ein pageturner som tek enkelte uventa vendingar - men eg er overtydd om at boka hadde blitt enno betre med ei strammare redigering. Eg irriterar meg over mykje pjatt om banale ting.
Terningkast 4+.


Skuggasund av Arnaldur Indriðason
Cappelen Damm 2015
Speletid 9:01, biblioteklånt lydbok

Ein veit kva ein får når ein les krimbøkene til Indriðason: Langsam handling, stemningsfulle skildringar og møysommelege forklaringar. Så også i denne nye boka der ein får møta ein litt annan etterforskartype enn i Erlendur Sveinsson-serien.
To parallelle historiar vert fletta saman; eit drap på ein gammal mann i notid har forgreiningar og samband med ei drapssak og ei forsvinningssak frå krigens dagar. Boka er slett ikkje så verst, men er noko treg og litt slitsamt repeterande.
Lasse Lindtner si stemme passar godt til innhaldet i boka. Terningkast 4-.


Profetene i Evighetsfjorden av Kim Leine
Cappelen Damm 2012
Speletid 21:46, lydbok Storytel

For ei bok! Heile vegen, frå og med den dramatiske prologen, gjennom den omfattande forteljinga og til den uventa epilogen vart eg liksom "sugd inn" i denne formidable historiske romanen.

Dette er den andre boka eg les av Leine, og på nytt vart eg fullstendig bergtatt. Han har ein heilt særeigen måte å skriva på; intenst, frodig og ekte. Forfattaren vart tildelt Nordisk Råds Litteraturpris for denne boka i 2013. Høgst fortent, - det ser eg no, når eg omsider har fått lest boka.

Handlinga er lagt til Danmark og Grønland på slutten av 1700-talet. Hovudperson er den norskætta motvillige presten Morten Pedersen, som etter kvart tek etternamnet Falck. Gjennom teologistudenten sine auge får me oppleva eit Kongens København som er både opplyst og grotesk - og Morten sjølv observerer og deltek i synd - i fleire ulike former. Seinare går ferda til Grønland der målet er å frelsa "dei ville". Men det skal syna seg at det egentleg er dei danske koloniherrane som er syndige og som oppfører seg "usivilisert". Leine syner korleis dei bibelske lovene vert brotne, eitt for eitt. Og pastor Falck vert etter kvart sett i ein umuleg situasjon.
Det er skildringa frå kolonien på Grønland som gjev meg som lesar mest inntrykk. Ein får høyra om nauda, kulden, brutaliteten, epidemiane, stanken, skitten - og me får det ubehageleg nært. "Hvis det finnes en pris i å beskrive død og fordervelse, bør den gå til Leine" heiter det i bokmeldinga i Dagbladet, - og det er eit poeng: Boka er ikkje for sarte sjeler og dårlege magar. Men - set du pris på at ei bok inneheld levande skildringar og at ho gir deg "puls", får du ei særs god leseoppleving.

Forfattaren har utført eit omfattande researcharbeid og har budd på Grønland i 15 år. Det gjer at stader, karakterar og hendingar framstår som truverdige og autentiske. Boka er velkomponert, lærerik og er slett ikkje utan humor. Sarkastisk og mørk humor.
Anders Ribu er "som skapt" som opplesar av dei store forteljingane - og når det gjeld Profetene i Evighetsfjorden gjer han ein ny god jobb: Lydboka toppar leseopplevinga mi - og gjer at eg konkluderer med eit
Terningkast 6.

8 kommentarer:

  1. Så gøy at du har "gått deg vill" i de nordlige trakter. Jeg har lest alle disse fire bøkene, men trillet litt annerledes terning enn deg. Ettersom jeg husker, ble det 3 x 6 og 1 x 4 på den siste. Likte Grønnlandboken, men den ble litt langdrygen.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg er fascinert av Island og polare strøk og likar godt å lesa bøker, både skjønn- og sak-, frå desse områda.

      Slett
  2. Ganske enig med deg ang DNA her Berit. Litt langdrygt med alt det pratet til tider.. (men jeg liket bøkene men det grøsseraktige og okkulte bedre, jeg da.. nå er det jo som en hvilken som helst politikrim)

    SvarSlett
    Svar
    1. Vel - eg kan berre gjenta det eg sa inne hos deg: at me er enige om DNA, også om det me er uenige om..
      Eg er altfor mykje realist til at eg kan "godta" ei overnaturleg forklaring på ei krimgåte.

      Slett
    2. Jepp. Men det overnaturlige er jo som regel ikke forklaringen /løsningen (i de jeg har lest), men en del av historien som skaper spenning og grøss..

      Slett
    3. I boka 'Jeg vet hvem du er' spelar Yrsa (for) mykje på heimsøkte hus og spøkelsar. Der får ikkje ting si naturlege og rasjonelle forklaring. Spennande forteljing, men altså utan ei skikkeleg løysing. Då følte eg meg snytt.

      Slett
  3. Et samleinnlegg etter mitt hjerte. Både Yrsa og Mmir planlegger jeg med tiden å lese. Arnaldur har jeg lest alt av, bortsett fra den siste, (har falt av litt, den typiske indikasjonen er at jeg ikke umiddelbart kaster meg over svensken, men har all tid i verden til å vente på den norske utgaven -).

    Helt enig med det når det kommer til Leine og Falck.
    Formidabelbok, som jeg savnet dypt da den var slutt (btw - måtte høre slutten (epilogen) flere ganger før jeg forstod hvordan det var fatt.)

    SvarSlett
    Svar
    1. Leine skriv heilt fantastisk, og eg er ikkje ferdig med boka - reint mentalt - enno. Så eg skjønnar at ein kan kjenna på saknet etter avslutta lesing. Det betyr vel at ein har hatt ei uvanleg god leseoppleving.

      Slett